Danserettleiingar
Songdans

Her finst det omtale av ein del dansar som er vanleg i bruk i norske leikarringar. Eg har teke utgangspunkt i dansar som er brukt i Symra i seinare år. Rettleiingane er relativt stutte. Sume plassar er det også laga såkalla kortversjonar i stikkordsform til hjelp for minne. Dersom dansane er omtala i rettleiingsbøker, er det også vist til desse. Eller til omtale andre stader på Internett.

Tilbake til danseoversynet

Briskehauga
Dette slåttestevet har tekst og tone i tradisjon frå Valdres. Tekst og tone er etter eit program i barnetimen i NRK med Anna Fuglesteg frå Austre Slidre. Tonen liknar mykje på ein gamaldansmelodi som er mykje nytta. Høyr på songen her (mp3). Teksten er slik:
 
Briskehauga, briskehauga, dansa lett etter far sin.
Briskehauga, briskehauga, dansa lett etter far sin.
Klukke ni'e - gjekk til ti'e - kom ho Sigrid te' støle'
Klukke ni'e - ho gjekk til ti'e - kom ho Sigrid te' støle'.

Briskehauga, briskehauga, dansa lett ette' ure'.
Briskehauga, briskehauga, dansa lett ette' ure'.
Klukke ni'e - gjekk til ti'e - kom ho atte' tå ture'.
Klukke ni'e - ho gjekk til ti'e - kom ho atte' tå ture

  
Dansemåte (Vebjørn Bakken 1984)

Det blir ein frisk masurkatakt. Kvilesteg dei to første linene. I tredje line er det brigde. Vi slepper framand og dansar to "trø-svikt-svikt-steg" (polkamasurkasteg) langs ringen medan vi vender inn mot ringen. "Klukke ni'e -gjekk til ti'e" song vi no. Så tar vi saman med eigen med begge hendene og går med vanlege gåsteg ein gong rundt på ringen. Så går vi utan stogg over til kvilesteg att i siste lina. Dansen må dansast friskt'.
tilbake til toppen av dokumentet

Nordmannen (Mellom bakkar og berg ...)
Songen er av Ivar Aasen. Vi brukar den folketonen som kanskje Ivar Aasen laga sjølv (den same som til Dei vil alltid klaga og kyta). Vi nyttar dei "vanlege" 5 versa. (Den andre tonen, som kanskje er meir brukt, er laga av Ludvig M. Lindemann.) Høyr på songen her (mp3).
  

1) Mellom bakkar og berg utmed havet
Heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus uppå deim.
 

4) Fram på vetteren stundom han tenkte,
gjev eg var i eit varmare land.
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.
 

2) Han såg ut på dei steinute strender
det var ingen som der hadde bygt.
Lat oss rydja og byggja oss grender
og så eiga me rudningen trygt.
 

5) Og når liene grønkar som hagar,
når det laver av blomar på strå.
Og når netter er ljose som dagar
kan ein ingen stad venare sjå.
 

3) Han såg ut på det bårute havet,
det var ruskut å leggja utpå.
Men der leikade fisk ned i kavet
og den leiken den ville han sjå

 
 
Dansemåte (Vebjørn Bakken, 1996)
Kvart vers har fire liner. Vi dansar kvilesteg dei tre første linene. På siste lina slepper vi framand, og dansar parvis rundt på ringen med to låste bytomfotsteg. Guten dansar bakover og jenta framover. Frisk dans!
tilbake til toppen av dokumentet

 
Her er det land som hugar meg best
Songen er av Ivar Aasen. Tonen er ein folketone og den same som vert brukt til "Hurra for deg som fyller ditt år". Høyr på songen her (mp3).
 
Her er det land som hugar meg best, og hit hev eg lengta lenge.
Her er det mest som hugen var fest, og gjekk i sitt gamle gjenge.
Vide hev eg flutt og fare i kring
aldri såg eg slike hyggjelege ting.
Ja, mykje hev eg sett og meir hev eg frett,
men her hev eg sett det beste.
  
Her kan eg kjenne bygder og bol og berg på så ymse rader;
fjøre og fjell og himmel og sol er kjendar' enn andre stader.
Sårt hev eg sakna heimen ei tid,
difor er han no så kjær og så blid.
Lat koma kva som kan; eg møter som ein mann,
og aldri fer eg ut or landet.

 
Dansemåte (Vebjørn Bakken, 1996)
Vi dansar i ein slags springartakt/masurkatakt. Den første lina dansar vi "grunnstega" i springdans frå nordre Sunnmøre parvis langs ringen (vi held saman om lag som i attersteg, jenta innanfor guten). Begge byrjar med yste foten (V for gut og H for jente). På ordet lenge dansar vi "svikt, svikt", og gjer oss klar til å snu, og skifter hand i handtaket. Det blir på V for guten og H for jenta. I andre lina i songen dansar vi sameleis tilbake, og no blir det "svikt, svikt" på gjenge. Her skiftar vi også hand slik at vi får vanleg "atterstegtak". På tredje lina i songen dansar vi no sidelengs mot venstre med to polkamasurkasteg "trø, svikt, svikt-steg". Så tar vi saman med begge hendene og går rundt parvis ein gong på staden i fjerde line. Så dansar vi kvilesteg dei to siste linene. Det må vere friskt tempo.
tilbake til toppen av dokumentet

Bringebærslåtten - "Bringebær e' gøtt san"
Då Symra vart på dansetur til Praha og Tyskland sumaren 1995, var Liv Fridtun frå Stryn og Liv Merete Kroken frå Hornindal med som speljenter saman med den faste spelemannen vår Knut Trøen. I det musikkprogrammet som spelemennene brukte på festivalen i Neu Brandenburg var denne slåtten med. Dei kunne han heimanfrå. Midt i slåtten song dei teksten slik jentene hadde lært han heime i Nordfjord. Denne slåtten/songen vart svært godt omtykt blant dansarane i Symra, og vi har sunge han einkvan gongen på kaffikveldar i Symra seinare. Slik også på avslutningskvelden 10. juni 1998. Då fann Vebjørn Bakken på at vi skulle danse songdans til denne, og det gjekk fint. Seinare har vi brukt dansen i blant. Slåtten er laga av spelemannen Richard Hilde, og teksten av trioen Hilde Bjørkum, Elin Grytting og Arne M. Sølvberg på 1980-talet. Høyr på songen her (mp3).
 
Bringebærslåtten
Bringebær e' gøtt, san.
Surt og søtt og rødt, san.
Kom ska' vi danse ein bærplukkarslått!
Plukke, plukke bær, san.
Lage god dessær, san.
Skrap' ut or skåla med sleikjepott.
Tralla la la la la la, tralla la la la la, tralla la la la la la la la.
Tralla la la la la la, tralla la la la la, tralla la la la la la la la.
     
Dansemåte (Vebjørn Bakken, 1998)
Vi dansar kvilesteg fram til der vi byrjar med "Tralla la...". Så dansar vi "Islands-schottis" ein gong på nest siste lina, og ein gong til på siste lina. Dansen må dansast friskt. Heile dansen kan gjerne dansast 2-3 gonger i samanheng.
tilbake til toppen av dokumentet

Blåveispiken (Jeg går og rusler på Ringerike)
Dette er ein ny dans som vi tok i bruk 1. øvingskvelden i Symra år 2000. Høyr på songen her (mp3).
 
Blåveispiken
(Arne Påske Åsen)
 

1) Jeg går og rusler på Ringerike,
på stille stier jeg sjelden går.
Da kommer mot meg en liten pike
- en lubben unge på fem, seks år.

4) Så god en gave har ingen gitt meg
som denne dunbløte barnehånd -
hun får no'n penger så hun kan kjøpe
til sine lokker et silkebånd.

2) Hun bærer blåveis i sine hender,
den første hilsen fra jordens muld
- hun møter meg som en venn hun kjenner
og står og smiler så tillitsfull.

5) Hun løper fra meg med takk i blikke',
hun danser lykkelig på vårens vei. 
Hun løper fra meg - og aner ikke
at det var hun som var god mot meg!

3) Hun spør meg barnlig om jeg vil ha dem
for hun har plukket dem nettopp nå,
så hvis jeg vil , kan jeg bare ta dem
si'r hennes øyne, de store blå.

Dansemåte (Vebjørn Bakken, jan 2000)
I dei fire første versa dansar vi kvilesteg på vanleg måte dei tre første linene (opptakt på første stavinga). I den fjerde lina dansar vi kvilesteget rett inn i ringen (og tilbake) på to fulle kvilesteg, medan vi held saman. På siste verset dansar vi attersteg dei tre første linene med meir liv enn i resten av dansen. På siste lina samlar vi føtene,  senker hendene og hovudet (at det var hun som var), slepper så framand og løfter hovudet og snur litt mot eigen (god mot meg). Det siste syng vi saktare, og ser på eigen i det vi sluttar.
Dersom ringen er liten, blir det trongt å danse innover mot midten av ringen. Då høver det betre å danse attover (rygge) på same måten som vi dansar innover.

tilbake til toppen av dokumentet

Menuett i mai
Dette er ein ny dans som vi tok i bruk første øvingskvelden i Symra år 2000. Då hadde vi øvt eig god del på den finske menuetten "Menuett frå Oravais". Høyr på songen her (mp3).

Menuett i mai
(Vidar Sandbeck)

1) Vil du bli med i menuetten
i de grogrønne mainetten'
når det våres, når det våres
utmed gangsti og vegg.
Vil du leke og gle' deg
tar du kjæresten med deg
uti skogen når det lever
milla bjørker og hegg.

4) Det er morro å vara frøken,
det er artig å høre gjøken
når det våres, når det våres
over enger og drag.
Men gu'bære så ille
om du itte fær stille,
der du tripper over tunet 
når det lysner tå dag.

2) Du kan høre e fløyte trille,
du kan ane ho Tirilille,
der ho danser, der ho danser,
sine sirlige trinn
over gråbleke stener,
under løvrike grener.
Og det kvisker og det nynner
og det risler og rinn.

5) Og det synger i menuetten
i de grogrønne mainetten' -
ingen spådom, ingen spådom
kan formørke ditt sinn.
Det er fast under sola,
det er gamalt på jorda:
Je vil leve, je vil finna
en å kalle for min.

3) Det er ongdom og det er drømmer,
det er lengsel i alle gjømmer,
sjå det gjynger, sjå det gjynger 
i en fin menuett.
Det er sammar i vente,
det er lykke å hente.
Det er livet som forærer
deg en blomebukett.

Dansemåte (Vebjørn Bakken, januar 2000)
Dei fire første linene dansar vi eit slags menuettsteg, frå den finske dansen Menuett frå Oravais, utan at vi held saman. Dei fire siste linene dansar vi attersteg med vanleg samdanstak. Vi går direkte over på neste vers. 
Dei fire første linene blir slik: "Vil du" er opptakt (syng "Vil du" som eit taktslag), som vi trør på høgre foten. Så startar dansen med venstre svikt på skrå inn i ringen ("bli med i"), så høgre svikt litt attover att ("menuett-"), så venstre trø og høgre trø med snuing ut av ringen ("-en  i den"), så venstre svikt ut av ringen ("grogrønne"), så høgre svikt litt attover att og snu inn mot sentrum av ringen ("mainett-"),  så trø på venstre litt inn mot sentrum og trø høgre ("-en når det"). Så kjem same sekvens ein gong til: Venstre svikt på skrå inn i ringen ("vår-es"), så høgre svikt litt attover att ("når det vår-"), så venstre trø og høgre trø med snuing ut av ringen ("es ut med"), så venstre svikt ut av ringen ("gangsti"), så høgre svikt litt attover att og snu inn mot sentrum av ringen ("og vegg"),  trø så på venstre (medan du pustar), og trø på høgre på "Vil du". Desse to gåstega blir avslutninga på menuettsteget, og samtidig blir dei to stega starten på attersteget:  No tar vi saman til vanleg samdanstak og trør resten av attersteget (venstre svikt - høgre svikt) på "leke og gle' ". Så attersteg resten av verset.

Når vi er ferdig med eit vers, har vi dansa fire sviktar av attersteget. Dei to siste sviktane av attersteget blir då slik: Trø på venstre fot medan du pustar mellom versa, og så trør du ned på høgre på "opptakta" ("Du kan") på neste vers . Så byrjar ein neste verset på venstre fot ("høre"). Ein slepper taket i det ein byrjar på nytt vers.
tilbake til toppen av dokumentet


Jentelokken
Dette er ein ny dans som vi tok i bruk første øvingskvelden i Symra år 2000. Høyr på songen her (mp3).

Jentelokken
(Geir Lystrup)

1) Lideli galen, lidelig god, kom til meg skal du få drikke av min sko.
Lideli galen, lidelig god, kom til meg skal du få danse.
Danse opp og danse ned i raude lyngen under himla høge tre.
Danse vill og danse varm. Å kjære gje meg ein mazurka. 

2) Lideli galen, lideli god, kom til meg skal du få drikke av min sko.
Lideli galen, lideli god, kom til meg skal du få ta meg.
Ta meg opp og ta meg ned ned i raude lyngen under himla høge tre.
Ta meg vill og ta meg  varm. Å kjære gje meg ein mazurka. 

Dansemåte 1 (Vebjørn Bakken, januar 2000)
På første line dansar vi 4 masurkasteg mot venstre (utan bytomfot, som i "Er du skreddar"). Vanleg atterstegtak. På neste line dansar vi sameleis mot høgre. Så tar vi saman til vanleg masurka-samtak og dansar eit polkamasurkasteg inn i ringen - mot sola ("Danse opp og"),  og så eit polkamasurkasteg tilbake - med sola ("danse ned i"), og vidare rundt med vanleg masurkarundsnu til verset er slutt (med sola). Ikkje stopp før verset er slutt. Så tar vi saman att og byrjar rett på neste vers.
Dersom ein synest det blir for "travelt" å danse vanleg mazurkarundsnu, kan ein halde fram med polkamasurkasteg lengre, eventuelt heile verset til ende.

Dansemåte 2 (Marianne Dahl og Anders Sakshaug, november 2001)
Vi står vendt inn i ringen med vanleg atterstegtak"og dansar eit "slengsteg" til venstre og eit slengsteg til høgre som gutesteget i starten på springpols: trø ned til venstre på venstre foten og sleng høgre over, og så høgre i golvet og sleng venstre over. Deretter to dobbelsviktsteg til venstre. Då er første lina slutt. Så dansar vi det same ein gong til på andre lina i verset. Så tar vi saman til kvilesteg og dansar til vi kjem til "kjære gjev..". På "kjære" set vi begge føtene i golvet (ein appell) og spring saman ein gong rundt på små springsteg, guten bakover og jenta framover.

tilbake til toppen av dokumentet

Fager kveldsol smiler
Dette er ein ny dans som vi tok i bruk  i Symra i år 2000. Høyr på songen her (mp3).

Fager kveldssol smiler
(omsett frå tysk)

1) Fager kveldsol smiler
over heimen ned
Jord og himmel kviler
stilt i heilag fred
  
2) Berre bekken brusar
frå det bratte fjell.
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld
  
3) Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro.
Inga klokke bera
honom kvilebod
4) Så mitt hjarta blundar
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i guds faderarm.

Dansemåte (Vebjørn Bakken,  2000)
Dei tre første linene dansar vi attersteg. På fjerde lina slepper vi framand, held høgre i høgre hand  med eigen (tak som i attersteg) og dansar rundt med eigen (framover) ein gong på to låste bytomfotsteg.

tilbake til toppen av dokumentet

Danse min munk
 
F
rå kassetten ”Hei så dansa jenta mi”. Valdreskvelven 1995.
Tradisjonssong etter Andris Eivindson Vang (1795-1877), Valdres.
Høyr på songen her (mp3).

1.   Danse min munk, danse min munk,
danse min nydeli’ herre.
E’ ska’ gjeva de’ ei høns.
Munken svara ganske spønsk:
E’ dansa inkje so gjedne.

5.   Danse min munk, danse min munk,
danse min nydeli’ herre.
E’ ska’ gjeva de’ ei kyr.
Munken svara: Ho ligg ni’ ei myr.
E’ dansa inkje so gjedne.

 2.   Danse min munk, danse min munk,
danse min nydeli’ herre.
E’ ska’ gjeva de’ ei gås.
Munken svara: Det e’ berre fjås.
E’ dansa inkje so gjedne.
6.   Danse min munk, danse min munk,
danse min nydeli’ herre.
E’ ska’ gjeva de’ ein hest.
Nei, han e’ halte, han tena de’ best.
E’ dansa inkje so gjedne.
 
 3.   Danse min munk, danse min munk,
danse min nydeli’ herre.
E’ ska’ gjeva de’ ei geit.
Munken svara: Ho e’ inkje feit.
E’ dansa inkje so gjedne.
7.   Danse min munk, danse min munk,
danse min nydeli’ herre.
E’ ska’ gjeva de’ ein gard.
Munken takka: No va’ du kar!
No skal e’ danse so gjedne!
4.   Danse min munk, danse min munk,
danse min nydeli’ herre.
E’ ska’ gjeva de’ ein sau.
Munken svara: Han ligge’ snart dau.
E’ dansa inkje so gjedne.

Dansemåte (Vebjørn Bakken, oktober 2000) :
Vi startar med brigdet og dansar så attersteg. På dei to første linene dansar vi bytomfotsteg rundt med eigen, først to steg med sola (snur så raskt og byter tak) og så to bytomfotsteg tilbake mot sola. Begge startar med venstre foten, høgre i høgre. Olbogetak. Korte steg, men god svikt i bytomfotstega. Så dansar vi attersteg resten av dansen. Heile dansen i frisk hallingtakt. Ingen pause mellom versa – rett på neste.

tilbake til toppen av dokumentet

Symrasongen - Kjære Symra-vener mange

Tone: Her er godt å danse - ein færøytone (etter minnet).  Tekst: Vebjørn Bakken, ca 1985. Høyr på songen her (mp3).

Kjære Symra vener mange samla her i kveld,
alle ver' velkomne hit til mat og dans og spell
 - her e' godt å danse!
Vi  skal ha det moro saman trivast her i lag,
vi skal dansen trø på golv til det blir ljose dag
 - her e' godt å danse -  heile natta lang,
dagsens tunge tankar skal me jage bort med sang
 - her e' godt å danse!

Dansemåte: Stordans

tilbake til toppen av dokumentet

 Stev - songdans til vanleg 4-lina nystev
Her kan ein bruke ulike nystevtonar. Som døme har eg teke med to stev frå Setesdal. Brigdet er laga med utgangspunkt i gangar frå Setesdal (eller Telemark).

Kjærleiksstev frå Setesdal Høyr på songen her (mp3).
Eg tenkjer på deg fyss soli dalar,
eg kviskrar namne' ditt me' du talar.
Eg tenkjer på deg fyss soli renn;
og ditt namn på lippa mi jamleg heng.
Skrytestev  Høyr på songen her (mp3).
Ja, ve' du lye' ska' eg fortelje
kor mange belar eg ha' ein kvelde.
Eg ve' kje ljuge men tale sant,
det va' firogtjuge og så ein fant.

Elsk (frå Haugtussa av Arne Garborg, består av nokre laust samansette nystev. Her er eit av dei finaste)
Høyr på songen her (mp3).

Å gjev du batt meg med bast og bende,
å gjev du batt meg så bandi brende.
Å gjev du drog meg så fast til deg,
at heile verdi kom burt for meg.

Dansemåte (Vebjørn Bakken, oktober 2001):
Dei tre første linene dansar vi tre fulle attersteg (opptakt på første stavinga). På fjerde lina slepper vi framand, tar det lette taket med eigen og trør slik: gå, gå, bytomfot, bytomfot (bytomfotsteg frå gangar). Guten trør stega på staden medan han snur motsols rundt sin eigen akse, og jenta dansar rundt guten motsols i ein liten ring.  Guten har såleis fronten  mot jenta heile tida i brigdet. 

Det er fint å bruke lokale stev, gjerne slike som ein lagar sjølv. Har vi ein stor ring, kan det gå bra om jentene og gutane stevjast, dvs jentene og gutane syng kvar sitt vers.

Her er eit par slike vers som Vebjørn har laga (vi øver i Storsalen i BLS-huset):
Høyr på songen her (mp3).

Guten syng:
Den første gongen eg jenta ansa,
det var i Storsalen der ho dansa.
Ho var så ven og ho var så fjong,
frå første stund og frå første gong.
Jenta syng:
Det var i Storsalen at det hende,
ein liten smil han i mot meg sende.
Han kom i mot meg og baud med opp,
eg skalv og bivra i sjel og kropp.
tilbake til toppen av dokumentet

Kråkevisa  med tone frå Valdres
Vi har prøvt å danse Kråkevisa som stordans med ein tone frå Valdres. I valdrestradisjonen er versa noko annleis enn i den "normale" utgåva, men vi har her teke med dei vers som står i Klara Semb: Norske Folkedansar. Songdansar. skrivemåten er nesten normalisert nynorsk. Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte
(Vebjørn Bakken, oktober 2001): Stordans

Første verset blir då slik med "omkvede":
Mannen han gjekk seg åt veaskog.
- sula mi su li lu li leia
Då sat der ei kråke i lunden og gol.
 -  sula mi su li lu li leia.

1) Mannen han gjekk seg åt veaskog
Då sat der ei kråke i lunden og gol.
2) Mannen han tenkte med sjølve seg:
Ska tru om den kråka vil drepa meg?
3) Å mannen han snudde om hesten sin,
so køyrde han heimatt til garden igjen.
4) Å høyr du min mann kva eg spøre deg:
Kor vart det av veden du køyrde til meg?
5) Eg køyrde no ingen ved til deg,
for kråka ho svor ho sku drepa meg.
6) Å no har eg alder høyrt større skam!
Har du høyrt at ei kråke kan drepa ein mann?
7) Men kråka kom etter på taket og gol,
og mannen han opp gjennom ljoren for.
8) Å mannen han spente sin boge for kne,
so skaut han den kråka så ho datt ned.
9) So spende han føre dei folane ti;
men kråka ho sprengde alle dei.
10) So spende han føre dei folane tolv,
då køyrde han kråka på låvegolv.
11) So flådde han kråka og lema ho sund,
ho vog inpå sekstan og tjuge pund.
12) Av skinnet so gjorde han tolv par sko,
det beste paret det gav han til mor.
13) Å kjøtet det salta 'an i tønner og fat,
og tunga den hadd 'an til julemat.
14) Av tarmane gjorde han tolv par reip,
og klørne dei hadde han til møkkagreip.
15) Å nebben den brukt 'an til kyrkjebåt,
så folk kunne sigla på te og frå.
16) Å mun'n den brukt  'an til mala korn,
og øyro dei gjord 'an til tutarhorn.
17) Av augo så gjorde han stoveglas,
og nakken den sett  'an på kyrkja til stas.
18) Å den som kje kråka kan nytta så,
han er ikkje verd ei kråke å få.
tilbake til toppen av dokumentet

En liten vise (Om kvelden når det mørkner)
Visa er skreven av Arnulf Øverland til ein folkemelodi frå Hornindal, oppskreven av Catharinus Elling, Norske Folkeviser hefte IX, nr 3.
Høyr på songen her (mp3).

En liten vise
Om kvelden når det mørkner, og alle går til ro,
da stenger jeg for stall og for låve.
Og spurvene, de netter seg i hver sitt lille bo,
da går vel også du til din kove.
Men siden vet jeg ikke å få tiden til å gå,
for i de lange netter, da lenges jeg så,
da har jeg ikke sinn til å sove.

Nu står du foran speilet og kjemmer ditt hår,
så sort og alvorlig er ditt øie.
Da banker vel ditt hjerte, men hvorfor det slår,
der vet du ennu ikke så nøie;
for ennu har vel ingen fått komme dig nær.
Men over stolen henger dine fattige klær,
ditt skjørt og dine strømper og din trøie.

Det mørkner over veien, og høsten stunder til,
og tåken, den tetner over enge.
På stiene i skogen har mangen en gått vill,
og stjernene de stiger så strenge.
Men kan du ikke komme iaften, lille venn,
så send et bud og si mig, når kommer du igjen?
Jeg har ikke sett dig på så lenge!

Dansemåte
(Vebjørn Bakken, april 2002):
Dei fire første linene dansar vi fem fulle kvilesteg (eller attersteg) og to trinn på neste (opptakt på første stavinga). På femte lina slepper vi framand, held taket med eigen, og trør 2 (små) låste bytomfotsteg rett inn mot sentrum av ringen, snur så brått rundt mot venstre (slepper eigen), tar saman med framand med same taket, og dansar 2 låste bytomfotsteg rett utover frå sentrum av ringen igjen. Så vender vi mot eigen (jenta medsols og guten motsols), tar saman med begge hendene og dansar to låste bytomfotsteg nesten på staden (det første litt mot venstre og det andre litt mot høgre), medan vi ser på kvarandre. Så byrjar vi på neste vers utan stans. Ikkje for sakte tempo, sjølv om vi må halde på den rolege stemninga i visa.

tilbake til toppen av dokumentet

Unge møy ved snellen sat
Visa er visstnok ei svensk skillingsvise. Teksten og tonen er slik Vebjørn Bakken hugsa han etter ste-oldemor si Else Hagen, slik ho song visa på slutten av 1940-talet. Else Hagen var dotter til spelemannen Knut D. Stafset som skreiv opp mange slåttar og religøse folketonar frå heimbygdene sine i Skodje og Vatne tidleg på 1900-talet. Melodien er svært lik den som blir nytta til den svenske stildansen Minjong, som vi også har dansa mykje i Symra.

Unge møy ved snellen sat
Unge møy ved snellen sat
sorgfull både dag og nat..
Og vinden suste, bekken sprang,
og gjøken gol og trosten sang.
Spinn, spinn, spinn dotter'n min,
i morgen så kommer frier'n din.
Og dotter'n spant
så tårene rant,
men aldri så kom den frier'n fram.

Dansemåte (Vebjørn Bakken, april 2002):
På dei fire første linene dansar vi to heile attersteg og 4 sviktar av neste (ikkje opptakt). På dei to siste sviktane trør vi V-H, slik at vi er klar med venstre fot til brigdet. Alle slepper taket. Brigdet er basert på bytomfotsteg og gåsteg frå gangar. Guten startar med eit bytomfotsteg der han startar med venstre fot i kryss over høgre, og så 2 gåsteg på staden (H-V). På gåstega snur han seg litt slik at han framleis får fronten inn i ringen. Jenta dansar dei same stega som guten, men ho trør først inn i ringen og snur så mot venstre, slik at ho får front mot guten. Så byter gut og jente plass på eit bytomfotsteg (venstrekøyring) og to gåsteg. Vi snur medsols slik at vi igjen har fronten mot kvarandre. Så dansar vi eit lite bytomforsteg mot kvarandre og eit lite bytomfotsteg frå kvarandre (rygger). Så tar vi saman høgre i høgre (tommeltak) og dansar rundt kvarandre medsols på staden på 4 gåsteg, slik at vi kjem inn på ringen att, klar til å starte dansen på nytt.

tilbake til toppen av dokumentet

Å leva det er å elska
Songen er skriven av norskdomsmannen Anders Vassbotn frå Volda. Han skreiv songen truleg i 1893. Songen har vore ein av dei mest brukte i den frilynde ungdomsrørsla. Det finst to vanlege tonar - vi brukar den som er skriven av Per Steenberg (den som går opp på andre ordet - leva). Høyr på songen her (mp3).

Å leva det er å elska
Å leva det er å elska
det beste di sjel fekk nå,
å leva det er i arbeid
mot rikare mål å trå.

Å leva det er i livet
å finna det største verd,
å leva det er å vinna
til sanning i all si ferd.

Å leva det er å leggja 
all urett og lygn i grav,
å leva det er som havet 
å spegla ein himmel av.

Dansemåte (Vebjørn Bakken, juni 2002):
Først dansar vi  fulle 4 attersteg. Til det brukar vi dei 3 første linene og første ordet i siste lina (opptakt på Å). Som brigde dansar vi eit låst bytomfotsteg rett inn i ringen (små steg - trø, trø trø svikt), og eit like eins steg tilbake att. Når vi dansar inn, senkar vi armane heilt ned, og lar dei vere nede medan vi ryggar ut att. På siste verset er brigdet annleis. Etter dei fire atterstega slepper ein taket. Jentene tar saman nede og går to rolege gåsteg bakover og set ledig fot inntil. I det jentene set foten inntil (medan vi syng "av") løfter dei hendene heilt opp og bøyer litt bakover. Etter at songen er ferdig, tar dei så hendene roleg ned medan dei held saman. Samtidig går gutane eit steg inn i ringen (på venstre), snur rundt mot venstre og trør neste steg på høgre og set ledig fot inntil (slik at gutane vender utover mot jentene) og tar samtidig saman  med hendene nede og fører hendene på same måten som jentene. 

tilbake til toppen av dokumentet

No livnar det i lundar
Dette er ein ny dans som vi dansa  i Oslo Songdanslag hausten 2002. Høyr på songen her (mp3).

No livnar det i lundar
Elias Blix (1836-1902)

1)No livnar det i lundar,
no lauvast det i lid,
den heile skapning stundar
no fram mot sumars tid.
  
2) Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord
og attter som eit under
nytt liv av daude gror.
  
3) Du vår med ljose dagar,
med lengting liv og song!
Du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong.

Dansemåte (Vebjørn Bakken,  2002)
Dei tre første linene dansar vi kvilesteg (eller attersteg). På fjerde lina slepper vi framand, held høgre hand i høgre med eigen (tak som i attersteg) og dansar rundt (framover) ein gong på to låste bytomfotsteg.

tilbake til toppen av dokumentet

Møte
Dette er ein ny dans som vi dansa  første gongen i Symra  hausten 2002. Teksten er frå Arne Garborgs "Haugtussa". Tonen er laga av Benjamin Kehlert. Han var musikalsk leiar for den oppsetninga som Leikarringen i BUL laga til NU-stemnet i Asker i 2000, og han laga tonen til den framsyninga. Høyr på songen her (mp3).

Møte
Arne Garborg

1) Ho sit ein sundag lengtande i lid;
det strøymer på med desse søte tankar;
og hjarta fullt og tungt i barmen bankar,
og draumen vaknar, bivrande og blid.
Då gjeng det som ei hildring over nuten;
ho raudnar heit; - der kjem den vene guten.
  
2) Bort vil ho gøyme seg i ørska brå,
men stoggar trylt og augo mot han vender;
dei tek einannan i dei varme hender
og stend so der og veit seg inkje råd.
Då bryt ho ut i desse undringsord:
"men snille deg då ... at du er så stor!"
  
3) Han smiler raud og stekkjer led og legg;
"det er vel så, når guten kar må vera,
han lærer au som vaksin kar seg bera."
-  "Og tenk, eg trur du hev fengji skjegg!"
- "Det var der fyrr," han svarar stø og sann:
- "men kanskje det hev vaksi litegrand."
4)  Og som det lid til svale kveldings stund,
alt meir og meir i lengt dei saman søkjer;
og brått um hals den unge arm seg krøkjer,
og øre skjelv dei saman munn mot munn.
Alt svimrar bort. Og der i kvelden varm
i heite sæle søv ho i hans arm.

Dansemåte (Marianne Dahl og Anders Saxhaug,  2002)
Dei fire første linene dansar vi attersteg. Når brigdet byrjar tar vi saman med begge hendene (venstre i venstre og høgre i høgre) medan vi framleis vender inn mot sentrum av ringen. På femte lina fører guten no jenta (lette gåsteg) framfor seg og over på si venstre side og vender halvt mot guten (på veg over snur jenta eit bel ryggen mot guten), og dei senker der armane noko. Dei har godt samspel. På siste lina "kastar jenta av" (dvs dei slepper taka, jenta snur seg mot venstre ut av ringen, går bak guten sin, og kjem inn att på vanleg plass). I heile brigdet trør guten stega på staden. 
tibake til toppen av dokumentet

Den fyrste songen
Ein ny dans som vi dansa første gongen i Oslo Songdanslag i mars 2004 - i Sivleåret - då det var 100 år sidan Per Sivle døydde. Per Sivle (1857-1904) skreiv songen då han var 17 år gamal. Det var det første diktet han hadde på trykk - i 1877. Mor hans døydde då han var drygt 2 år gamal. Melodien er skriven av Lars Sørås d.e. (1862-1925) frå Fana. Brigdet skal vere roleg, voggande, som til ein voggesong.

Den fyrste songen
(litt modernisert rettskriving)
Per Sivle

1) Den fyrste song eg høyra fekk
var mor sin song ved vogga,
dei mjuke ord frå hjarta gjekk,
og kunne gråten stogga.
 
3) Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila,
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila.
2) Dei sulla meg så underleg,
så stilt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg,
opp frå vår vesle stova.
4)  Og når eg sliten trøytnar av,
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav,
den song som all ting heilar.

Dansemåte (Vebjørn Bakken,  2004)
Dei tre første linene dansar vi 6 heile attersteg (opptakt på "Den"). På siste lina er det brigde. Vi tar saman parvis med begge hendene og dansar to kvilesteg rundt kvarandre ein heil gong på staden.
tibake til toppen av dokumentet

Kongsdøtre
Ein ny dans som første gong vart brukt i Oslo Songdanslag og i Symra hausten 2005.
Denne folkevisa vart oppskreven av L.M.Lindeman i Solør i 1864 etter Olea Pedersdatter Jølstad. Det er ei av dei 23 oppskriftene herifrå som har vore lite påakta. Sinikka Langeland syng visa på plata ”Strengen var av røde guld” som kom ut i 1996. Ho syng nokså annleis enn i oppskrifta. (I oppskrifta står det til dømes  i etterslengen: "fra Engeland ere vi kommen") Teksten her ligg nokså nær slik Sinikka Langeland syng. (Ho syng litt fleire vers og med ein annan tonevariant på nokre vers). Høyr på songen her (mp3).
(Det står krøll under dei vokalane der vi nyttar sløyfe. Vi går opp på den stavinga som er utheva i starten av dei første verselinene.)
 
 

1) Der kom to piger i Kongens Gaard.
- To Roser og ædelige Blommer.
Dronningen ute for dem monne staa.
- Frå Guldbergom ere vi kommen.
 

2) Vil du no leie to Piger i Aar?
- To Roser og ædelige Blommer.
Ja je vil leie to Piger i Aar.
- Frå Guldbergom ere vi kommen.
 
3) Itte kan vi brygge og itte kan vi bake.
- To Roser og ædelige Blommer.
Så får vi heller den raude Guld lage.
- Frå Guldbergom ere vi kommen.
 
4) Den eldste hun renne den Væven saa lang.
- To Roser og ædelige Blommer.
Den yngste hun vov den Væven saa trang.
- Frå Guldbergom ere vi kommen. 
 
5) Hva skal I have i vævarlønn?
- To Roser og ædelige Blommer.
Tolv marks penger kan lite forslå.
- Frå Guldbergom ere vi kommen. 
 
6) Den eldste skal min eldste sønn få.
- To Roser og ædelige Blommer.
Den yngste skal til min yngste sønn gå.
- Frå Guldbergom ere vi kommen.
 
7) Er det slik kømmi i dette Land
- To Roser og ædelige Blommer.
at vi skal ha vor Broder tel Mand?
- Frå Guldbergom ere vi kommen. 
 
8) Hvor har I vøri i atten Aar?
- To Roser og ædelige Blommer.
Vi har vøre i Guldbergom blaa.
- Frå Guldbergom ere vi kommen.
 
9) Hvor lenge skal I være i Guldbergom blaa?
- To Roser og ædelige Blommer.
Tel dess Gud Fader giver os Bø (Bod).
- Frå Guldbergom ere vi kommen.
 

Dansemåte (Inger Frøydis og Vebjørn Bakken,  2005)
Dei tre første linene dansar vi  attersteg. På fjerde lina slepper vi framand, guten rettar fram høgre handa si og jenta tar hand med si høgre (slik som i Finnskogspols), og så går vi langs ringen (medsols) på to låste bytomfotsteg. La ikkje dansen/songen bli for treg, og bruk god svikt, også i brigdet. Brigdet skal illustrere dei to jentene som kjem vandrande frå Guldbergom

tilbake til toppen av dokumentet

Kom tilbake att
Ein ny dans som første gong vart brukt i Symra våren 2007.
Dette er ei popvise med eit kort vers på engelsk. Har omsett til norsk og lagt til eit vers til.

1) Kom tilbake att - tilbake att,
og bli her ei stund.
Kom tilbake att - tilbake att,
og bli her ei stund.
 

2) Eg vil møte deg - vil møte deg,
og vise deg min lund.
Eg vil møte deg - vil møte deg,
og vise deg min lund.
 

Dansemåte (Vebjørn Bakken,  2007)
Vi syng nokså sakte så det trengst eit "forsiktig" brigde. I det første verset dansar vi attersteg (opptakt på "Kom til.."). Det blir 4 attersteg og to taktar av neste. Når vi byrjar på neste vers (med opptakt på "Eg vil", startar vi på nytt på eit kvilesteg og dansar kvilesteg heile brigdet. Vi tar tommelgrep med høgre i høgre og dansar rundt medsols med framand i litt stor ring på første halvdelen av andre verset. Så tar vi venstre i venstre med eigen (tommeltaket) og dansar rundt motsols og svingar inn på plass til slutt. Så dansar vi frå starten ein gong til og då startar vi igjen på eit nytt attersteg.

tilbake til toppen av dokumentet

Åremålsdagen
Ein ny dans som første gong vart brukt i Oslo Songdanslag og i Symra hausten 2006.
Denne visa er opprinneleg svensk, mellom andre nytta av gruppa Tiakel. Gruppa Trispann syng visa på på sin første CD med tekst på dialekt frå Telemark. I versjonen her er teksten litt normalisert. Høyr på songen her (mp3).
 

1) Det budde ein bonde i Åmotsdal
som runda eit halvt hundre år.
Og gjestene kom dit i hundredetal
om vegen var kronglut å gå.
Og det var dekt opp med mat for ei trevekers helg,
- der var alt som ein  festlyd vil ha.
Og i skjenken stod flasker til lesking av svelg,
ja, det var skammeleg kor mykje der va’.
-  Å fadderullan dei å fadderi og faddera.
Skåle og knivane dra!
For det sku ve’  turing og glede og song,
og  vere  glad når det er åremålsdag!
 

2) Og feiringa byrja og bonden slo i
dei framøtte gjestenes glas,
med rom og genever og rein åddevi,
for så går det til på kalas.
Og dei åt og dei drakk og dei lo så dei  skok,
det var jubel og glede og song.
Om litt byrja slagsmål og så drog dei krok,
så festen kom skikk’leg i gang.


 

3) Det lynte i kniven dei skråla og skreik
om kven som var sterkast og best.
Og attafor døra stod kvendi så bleik
som alltid når karar he’ fest.
Og for bonden sjølv var der ennå ei von,
han blei vrolten og styven og vrong.
Til han kom i vegen for Knivdragar-Jon,
- ha takk kjære far for du song.
 
4) Og bondens kjerring ho tende som krut,
ho skjende, men berre ei stund.
Til gubbane tok ho og bar henne ut
og så kasta dei kjerringa i brunn’.
Og så gjekk dei tilbake og heldt fram med å sloss,
så at lamper og alt gjekk i knas.
Og eldtunger slikka og flammar slo opp,
ja det var eit rektig kalas!
 
5) Så grydde no dagen og sola steig opp
så gullande gullgul og grann.
Og lyste så venleg på haugar og topp
og stova som loga og brann.
Og ved brønnens kant heldt seg kjerringa fast,
og ho vermdes av sola så mildt.
Til ho slepte taket og fall med eit plask,
og så blei det kurande stilt.
  
 

Dansemåte (Vebjørn Bakken,  2006)
Dei fire første linene dansar vi  kvilesteg - det blir 4 kvilesteg og to sviktar av neste. Så går vi over til reinlendersteg i resten av verset (brigdet). Vi tar høgre arms albogetak med eigen og dansar kjede langs ringen med albogetak. Etter 4 reinlendersteg, snur vi rundt og dansar sameleis tilbake. Medrekna eigen snur vi med den fjerde. På omkvedet "(Å fadde)rullan" tar alle saman  med færøytaket og dansar eit lite reinlendersteg rett inn mot sentrum av ringen. På det neste reinlendersteget slepper alle taka og vi snur (mot venstre) halvt rundt idet vi klappar.  Så tar vi saman  med færøytaket att og dansar rett ut av ringen på to reinlendersteg. Så slepper vi igjen taket og tar høgre hands albogetak med framand og dansar rundt på to reinlendersteg. Så tar vi venstre hands albogetak med eigen og dansar rundt og inn på plass på dei to siste reinlenderstega. Så tar vi saman til neste vers utan stopp. Den vanlege teksten i siste verset kan vi synge litt dempa.  Før omkvedet står vi heilt i ro i 3 taktslag utan at vi syng (vi tel 2, 3, 4 inni oss),  (men så slår vi til kraftig på omkvedet!).Vi dansar friskt og med humør, særleg den siste delen.

tilbake til toppen av dokumentet

Kjærringa va' på seter'n i fjol
Ein ny dans som første gong vart brukt i Symra våren 2008.
Dette er eit ståttestev i polsform frå Østerdalen, her i form etter Eli Storbekken.

Kjæringa va' på seter'n i fjol,
ingen ville henne ense.
Kom der en mann og bød henne ann,
kjærringa opp og danse.
Føre va' ho både låghalt og blind,
sea for ho både skigard og grind,
det va' ei grusk kjærring,
det va ei grusk kjærring.

Dansemåte (Vebjørn Bakken,  2008)
Dei 6 første linene dansar vi kvilesteg eller attersteg. På dei to siste linene dansar vi pols på medsols ring. Vi slepper taket med framand, og byrjar danse pols langs ringen. Guten byter straks hand slik at han får jenta i si venstre. Jenta kjem fort opp på venstre sida av guten og under arma til guten og framfor guten og over på hans høgre side (slik det er vanleg i pols). Så byrjar vi direkte på verset ein gong til. Andre gongen vi dansar gjennom kan vi godt gjere det slik: På dei 4 første linene dansar vi pols framover slik vi gjorde på slutten av første verset. Heilt til slutt i fjerde line (på siste polssteget) dansar jenta seg over på andre sida av guten og får ryggen i danseretninga (slik som når vi skal byrje på vrangsnuen i pols). Resten av verset dansar vi så vrangsnu langs ringen i danseretninga.

Visa kan godt kombinerast med at vi dansar pols til musikk etter versa.  Vi kan snu oss ut av ringen og danse polsen den vanlege vegen (motsols stor ring), eller at spelemannen spelar til medan vi dansar.

Regnbågåbrua
Ein ny dans som første gong vart brukt i Symra hausten 2008.
Dette er ein av dei finaste visene til Vidar Sandbeck. Men ho har ikkje vore så godt kjent. Ho er med på den nye plata "Gull i frå grønne skoger" som kom i 2007.
I teksten under har vi understreka dei stavingane der det er punktering.

1) Og gutten han skar i en neverkvit stamme
ei pil og to hjerter med bokstaver i.
Og gutten var blåøygd og sola var framme
og jinta var lugom, å, lykkelig tid.
 

2) Og jinta ho vifte en hårlokk tur panna
og sa: - Er det sant, vil du vara meg tru?
Og gutten han svara: - jeg tar deg i handa
og føljer deg over ei regnbågåbru.
 

3) Og måltrosten jodle og tordivil’n danse
og grashoppa neide og blåklokka lo.
Så artig er verda for den som får sanse
at livet og lykka er laga for to.

 

4) Men åra vart borte som røken frå grua
og ryggen vart bøyd uti vær og i vind.
Og langt inni blåna stod regnbågåbrua
som ho skulle følje med kjæresten sin.
(som ho skulle følje med kjæresten sin.)
 

Dansemåte (Vebjørn Bakken,  2008)
Vi dansar attersteg dei tre første linene i versa (opptakt på og). Vi trør to attersteg på kvar line, så det blir 6 attersteg. Brigdet, som vi dansar til siste lina, er slik: Vi slepper framand, og dansar to kvilesteg langs ringen. Når vi er halvegs i siste lina (etter "lugom"), gjer vi ein kort pust, så passar det fint med rytmen i dansen.(Brigdet skal symbolisere at guten tar jenta i handa og følgjer henne over ei regnbogebru, sjå 2. verset.) På siste verset dansar vi brigdet litt annleis. Vi syng siste lina ein gong til, og dansar då først eit kvilesteg ("som ho skulle følje"), så senkar vi gradvis tempoet i songen, tar "atterstegtak" med eigen og vender oss halvt og ser på han/henne idet songen tonar ut.Det er viktig at vi har punkteringane der dei skal vere (punkteringa på slutten av første line fell saman med at vi pustar).
tilbake til toppen av dokumentet

Alder om eg ville
Ein ny dans som første gong vart brukt i Symra hausten 2008. Tekst og melodi er slik som Inger Frøydis bakken lærte av Martin Sæle på Valdres Folkemuseum sumaren 1970.

Alder om eg ville, jenta mi så ille,
at ho skulle få seg ein liten ein for tidle’.
Jammen får ho vente, så lenge ho e’ jente,
sia skal ho få det med avdrag og rente.
Tra-la-di, du-la-di, du-la-di du-di-då,
Tra-la-di, du-la-di, du-la-di du-di-då.
Jammen får ho vente, så lenge ho e’ jente,
sia skal ho få det med avdrag og rente.

Dansemåte (Vebjørn og Inger Frøydis Bakken)
 Vi dansar kvilesteg dei fire første linene – fire kvilesteg og to taktar av neste. Resten av verset dansar vi brigdet –  heile tida reinlendersteg utan hopp. Vi slepper først taket med framand og dansar rundt ein gong på staden medsols med eigen på to reinlendersteg (startar på venstre, høgre i høgre med det lette taket). Så tar vi saman det lette taket med framand (venstre i venstre) og dansar rundt med framand ein gong på to reinlendersteg. På dei neste to reinlenderstega dansar guten og jenta ulikt: Vi slepper taket med framand og guten dansar ein gong rundt motsols på staden, og byrjar med å klappe i hendene (på ”Jammen”). Jenta trør dei to reinlenderstega på staden, halvt vendt mot eigen gut, og vender litt på seg først mot venstre og så mot høgre. Så tar vi saman til ring med det tunge taket og alle dansar eit reinlendersteg bakover frå sentrum av ringen (rygger), og så eit reinlendersteg fram att. Vi startar det siste reinlendersteget med appell på høgre. Så dansar vi gjerne verset ein gong til utan stopp.
tilbake til toppen av dokumentet

Kjerringa ho vart ballefeittlaus
Denne visa tok vi i bruk i Symra i 2009. Tekst og melodi er oppskriven etter Ragnar Standal på Sunnmøre. Visa er med på CD'en "Vestavind" innspela av Ålesund Spelemannslag.

Kjerringa ho vart ballefeittlaus,
lakka ho sej' på skogjen.
Fekk ho no sjå kvar geitene var,
so smikka ho ei i bogjen.
Kjerringa va' long
og geita ho sprong,
"Å meine du ej ska’ 'kje nå dej?
Når ej dej no,
so e' du no mi.
For no e' det rette pølsetid”.
 Ordforklaringar:  lakke = skride/gå.   smikke = slå.

Dansemåte (Vebjørn Bakken)
Vi dansar i ein slags springartakt/masurkatakt. På dei første to linene dansar vi 4 polkamasurkasteg parvis langs ringen (vi held saman om lag som i attersteg, jenta innanfor guten). Begge byrjar med yste foten (V for gut og H for jente). På ordet skogjen dansar vi "svikt, svikt", og gjer oss klar til å snu, og skifter hand i handtaket. Dobbeltsvikten blir på V for guten og H for jenta. På tredje + fjerde lina i songen dansar vi sameleis tilbake. For guten blir det også no"svikt, svikt" på bogjen, medan jenta dansar V + H for å kome på rett fot. Her skiftar vi også hand slik at vi får vanleg "atterstegtak", og begge snur inn på ringen med front mot sentrum. På tredje lina i songen dansar vi no sidelengs mot venstre to polkamasurkasteg "trø, svikt, svikt-steg" (venstre, høgre-svikt). Så tar vi saman med begge hendene og dansar rundt parvis ein gong på staden på 2 polkamasurkasteg (tilnærma 6 springsteg). Så tar alle saman og dansar kvilesteg resten av verset.
Så dansar vi verset ein gong til utan stopp mellom versa.

tilbake til toppen av dokumentet

Vårvise
Denne visa tok vi i bruk i Symra i 2009. Teksten er av Einar Skjæråsen og melodien er av H.C.Lumbye

1) De’r linnvær i skogen,
det pipler tå gren,
det varmer om hjarte
og tiner kring sten.
Kom inn-åt me’ jente,
no er du så pen. 

2) Der følgjer e vise
med vær og med vind:
Kom inn-åt me’ jente
med blømkjakan din.
Det smalar i isen,
det smelter og rinn. 

3) Det blonker i vatten
og blinker i tårn.
En blåveis har vakne,
i barflekken står’n.
Kom inn-åt me’ jente,
for no er det vår’n. 

Dansemåte (Vebjørn Bakken):
Vi tar saman parvis med det lette taket og dansar  3 bytomfotsteg frå polkamasurka langs ringen (guten byrjar på venstre, og jenta på høgre i det ho snur seg inn i ringen med ryggen mot sentrum). Dei snur seg litt mot kvarandre og frå kvarndre på kvart steg. På fjerde takta trør guten høgre-venstre-svikt (jenta venstre-høgre-svikt) i det dei snur seg mot kvarandre og byter hand. Så dansar dei 3 bytomsteg frå polkamasurka tilbake igjen. På fjerde takta skifter dei igjen hand og snur inn på ringen med front mot sentrum. Guten trør då venstre-høgre-svikt medan jenta trør høgre-venstre-høgre for å kome på rett fot. Så dansar vi to polka-masurkasteg sidelengs mot venstre, tar saman begge i begge og dansar 2 polkamasurka steg rundt kvarandre på staden (tilnærma 6 gåsteg). Det siste dansar vi ein gong til medan vi syng oppatt dei to siste linene.

Dansen kan også  godt brukast som ein liten turdans utan å synge til.

Terje Vigen  (Stordans, tekst Henrik Ibsen, melodi Vebjørn Bakken)

1. Der bodde en underlig gråsprengt en
på den ytterste, nøgne ø; -
Han gjorde visst intet menneske mén
hverken på land eller sjø,
dog stundom gnistret hans øyne stygt,-
helst mot urolig vær,-
og da mente folk at han var forrykt,
og da var det få som uten frykt
kom Terje Vigen nær.

2. Siden jeg så ham en enkelt gang,
han lå ved bryggen med fisk;
hans hår var hvitt, men han lo og sang
og var som en ungdom frisk.
Til pikene hadde han skjemtsomme ord,
han spøkte med byens børn,
han svinget sydvesten og sprang om bord;
så heiste han fokken, og hjem han fór
i solskinn, den gamle ørn.

3. Nu skal jeg fortelle hva jeg har hørt
om Terje fra først til sist,
og skulle det stundom falle litt tørt,
så er det dog sant og visst;
jeg har det just ei fra hans egen munn,
men vel fra hans nærmeste kreds, -
fra dem som stod hos han i siste stund
og lukket hans øyne i fredens blund,
da han døde høyt opp’i de treds.

4. Han var i sin ungdom en vill krabat,
kom tidlig fra far og mor,
og hadde alt døyet mangen dravat
som yngste jungmann om bord.
Siden han rømte i Amsterdam,
men lengtes nok hjem til slutt,
og kom med ”Foreningen”, kaptein Pram;
men hjemme var ingen som kjente ham,
der reiste som liten gutt.

5. Nu var han vokset seg smukk og stor,
og var dertil en velkledd knekt.
Men døde var både far og mor,
og saktens hans hele slekt.
Han sturet en dag, ja kan hende to, -
men så ristet han sorgen av.
Han fant ei, med landjorden under seg, ro;
nei, da var det bedre å bygge og bo
på det store, bølgende hav!

6. Et år deretter var Terje gift, -
det kom nok på i en hast.
Folk mente han angret på den bedrift,
som bandt på et sett ham fast.
Så levet han under sitt eget tag
en vinter i sus og dus –
skjønt rutene skinnet som klareste dag,
med små gardiner og blomster bag,
i det lille rødmalte hus.
 
43. Ved Fjære kirke jeg så en grav,
den lå på en værhård plett;
den var ikke skjøttet, var sunken og lav,
men bar dog sitt store brett.
Der sto ”Thærie Wiighen” med hvitmalt skrift,
samt året, han hvile fant. –
Han lagdes for solbrann og vindes vift,
og derfor ble gresset så stridt og stivt,
men med ville blomster iblant.

Du ska’ få min gamle sykkel
(Tone: Den gamle gode som alle kan.)

1) Du ska’ få min gamle sykkel når jeg dør.
Du ska’ få min gamle sykkel når jeg dør.
For de siste kilometer, får jeg hike med St. Peter.
Du ska’ få min gamle sykkel når jeg dør.

Omkvede: Singing ai, ai, jippi, jippi, jei
Singing ai, ai, jippi, jippi, jei.
For de siste kilometer får jeg hike med St. Peter.
Du ska’ få min gamle sykkel når jeg dør.

2) Du ska’ få min gamle traktor når jeg dør.
Du ska’ få min gamle traktor når jeg dør.
For der oppe i det høye er det ikke lov å pløye.
Du sk’ få min gamle traktor når jeg dør.

Omkvede. (tilpassa verset)

3) Du ska’ få min gamle gitar når jeg dør.
Du ska’ få min gamle gitar når jeg dør.
For vår herre og vår mester har sitt eget husorkester.
Du ska’ få min gamle gitar når jeg dør.

Omkvede. (tilpassa verset)

Dansemåte:
Versa dansar vi med attersteg. På første lina i omkvedet dansar vi rett inn i ringen (opptakt på ”Singing”) på 3 gåsteg og eit slengsteg rett fram, og tre gåsteg tilbake (rygge). Vi har appell på første gåsteget innover. På dei to siste linene i omkvedet dansar vi igjen attersteg.
Vi byrjar på nytt vers utan stopp i dansen.

Ska’ du sjekke ei jente
(Tone: Den gode gamle som alle kan. Tradisjon etter IFB)

1) Ska’ du sjekke ei jente fra Ullernåsen,
- hei la li la li lå
må du stille med barskap i soveposen.
- hei la li la li lå.
Omkvede:
Hei la li la li la li, hei la li la li lå.
Hei la li la li la li, hei la li la li lå.

2) Ska’ du sjekke ei jente fra Lamber’seter,
må du stille i Porsje med liggeseter.

3) Ska’ du sjekke en kar i frå Vålerenga,
må du lokke med spenning i ektesenga.

4) Ska’ du sjekke en kar i frå leikarringen,
må du vite at songdans (polsdans/springar) er rette tingen.

Dansemåte:
Vi dansar attersteg (opptakt på ”Ska’ du”). På omkvede dansar vi brigde slik: På første lina: Tre sidesteg til venstre og sleng med høgre til venstre. Så tilsvarande mot høgre. Og så det same oppatt ein gong til, mot venstre og mot høgre. På andre lina: Vi dansar på same måten som til første lina, men no dansar vi rett inn mot sentrum av ringen og slenger høgre foten rett innover, og så tilbake (rygge). Dette dansar vi også to gonger.

Se der danser Bestefar
(Songen vart lansert i Noreg i 1932 av Einar Rose)

Omkvedet i ”Bestefarsvalsen” er godt kjent, både tone og ord, og det er ein fengande vals, som vi kunne gjere oss nytte av i folkedansen. Eg foreslår at vi brukar han både som turdans med musikk og som songdans (i nesten lik utforming). Sjølvsagt syng vi også til turdansen! For at dansen skal tilfredstille alle krav til likestilling, har eg lagt til eit ekstra ”vers” (!). Eg har lagt til eit ”Ja” i starten av verset, det er opptakt. Dansen er lett å lære J

1) Ja, se der danser Bestefar, se for en stil han har.
Han kan nok kunsten Bestefar, fra sine unge da’r.
Han fører sin dame så yndig og lett, nesten kokett, blir aldri trett.
Sønnen i huset han danser nok godt, og pappa ganske flott.
Men se der danser Bestefar, se for en stil han har!

2) Ja, se der danser Bestemor, se for en stil hun har.
Hun kan nok kunsten Bestemor, fra sine unge da’r.
Hun følger sin herre så yndig og lett, nesten kokett, blir aldri trett.
Datter’n i huset hun danser nok godt, og mamma ganske flott.
Men se der danser Bestemor, se for en stil hun har!

Dansen: Første og andre vers er nesten like, men med ein liten forskjell heilt til slutt.
Som turdans: Pardans på stor ring. Kan også dansast som bytedans.
Vi dansar parvis framover 4 valsesteg (byrje på ytre fot), og så rundt saman to gonger på 4 valsesteg (valfritt samdanstak). Dette dansar vi ein gong til (vi er no ferdig med dei to første linene i sangen). Så dansar jenta medsols rundt under gutens venstre arm roleg på 4 valsesteg (guten trør stega på staden, og vender seg inn mot jenta på siste steget), og så dansar vi rundt saman to gonger på 4 valsesteg. Så dansar guten motsols rundt under si venstre arm på 4 valsesteg (jenta trør stega på staden), og så rundt saman to gonger på 4 valsesteg. På siste lina skal guten (bestefar) vise seg fram: Han dansar åleine innover mot sentrum av ringen på 3 små valsesteg (og ”viser seg fram”), snur rundt 180 grader på 4. valsesteget, og dansar seg inn på plass på dei neste 4 valsestega. Ho dansar samtidig 4 små valsesteg på staden medan ho klapper 4 gonger i hendene, og avsluttar med å danse rundt seg sjølv medsols på dei 4 siste valsestega. I andre vers/omgang byter jente og gut rolle i siste line.
Vil vi bruke dansen som bytedans, dansar guten (jenta) seg inn på ”feil” side av partneren sin heilt til slutt i dansen.
Som songdans. Dei to første linene dansar vi 5 attersteg og trør V+H så vi er klar med venstre fot når jenta danser rundt under armen. Resten er som i turdansen.  

Junikveld
Tekst: Hans Børli

Vi sitter i slørblå junikveld og svaler oss ute på trammen.
Og alt vi ser på har dobbelt liv, fordi vi sanser det sammen.

Se Skogsjøen ligger og skinner rødt av sunkne solefallsriker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv er skriket som lommen skriker.

Og heggen ved grinda brenner så stilt av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind – det er som om noe haster.

Å, flytt deg nærmere inn til meg her på kjøkkentrammen!
Den er så svinnende kort den stund vi mennesker er sammen.

Dansemåte:
Vi dansar attersteg dei 3 første versa (opptakt på ”Vi”). På fjerde verset dansar vi brigdet slik:
Til første line dansar vi sidesteg i valsetakt, først to steg mot venstre, så to steg mot høgre, så to steg mot venstre og så to steg mot høgre att. Vi har same handtak som i attersteget. Vi kan gjerne snu oss litt mot ”framand” når vi trør mot venstre, og mot ”eigen” når vi trør mot høgre. (Det skal illustrere at vi ”flytter oss nærmere inn til”
J)
Til siste lina dansar vi rundt medsols med ”eigen” på låste bytomfotsteg (startar på venstre fot som no er ledig): Vi slepper taket med ”framand”, men beheld taket med ”eigen”, og dansar rundt medsols på 3 låste bytomfotsteg. På to gåsteg til slutt stiller vi inn på ringen og helser lett mot eigen.

Tonen er ny, laga av Vebjørn. Han går i valsetakt. Det ligg ein video på You Tube der Vebjørn og Inger Frøydis syng versa (omtrent korrekt). Det er ein grei måte å lære tonen på! Her er adressa:https://www.youtube.com/watch?v=qNcyxE8YoTY

Blådansen
Vidar Sandbekk, tekst og melodi.

1) I det fjerne, som et minne, blåner natta i mitt sinn.
Det var godt, du, at vi møttes som to lengsler små i vårlig spinn.
Omkvede:    Hør, som livselva går
                   og strømmer frå deg ut i rommet.
                   Det er Blådansen vår.

2) Gi meg handa, slik du gjorde, første gongen ør og øm.
Tanka mine svermer om deg som en sønnavind omkring en drøm.
Omkvede.

3) Ta imot et flyktig hjerte i e ærlig stemningsstund.
Du kan få det, ha det nær deg, ha det hos deg når du fell i blund.
Omkvede.

4) Åffer luter du med nakken, du som ennå er så ung?
Denni skjøre vemodsnatta får vi leve blott en enda gong.
Omkvede.

5) En ska sitta att i undring, kanskje du og kanskje je.
En ska lytte etter fottrinn mens det suser ødt i tun og tre.
Omkvede.

Dansemåte:
Til sjølve verset dansar vi kvilesteg (utan opptakt). Til dei to første linene i omkvedet dansar vi attersteg. Så slepper vi taket med ”framand” og dansar på 6 gåsteg rundt med eigen. Gåstega har litt tyngde for å understreke teksten. Vi byrjar på nytt vers utan stopp i dansen.