|
Danserettleiingar |
|
|
Terningspelet
Folkevise. Denne
varianten av visa tok Klara Semb inn i rettleiingsboka av 1946. Visa er også
med i "Norske Folkedansar. Songdansar" av 1985. Visa er ei dansk
folkevise som Klara Semb har omsett til norsk. Vi har teke med dei versa som er
mest vanleg å bruke. (Det er 22 vers i NFS).
Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåten er laga av Klara Semb og kom med i NF II i 1948.
Dansemåte: Først 2 attersteg og 4 sviktar av neste. Brigdet byrjar på
"For dei...". Då dansar alle eit krosssteg (høgre bak) og eit
slengsteg til venstre, og så eit krosssteg og slengsteg til høgre. Så tar vi
parvis saman begge i begge og går rundt ca ein gong på staden med sola, og
avslutter med at jenta støyper ljos (ryggen inn i ringen) og guten bøyer seg
framover, medan dei held saman begge i berre som før.
| 1) Prinsessa sat i høgan loft med handi under kinn, då kom ein fager ungersvein gangande dit inn. - For dei leika, for dei leika, dei leika og dei spela gullterning. |
2) "Å høyr du fagre ungersvein leik tavlebord med
meg!" "Eg heve inkje raudan gull å setja opp mot deg" |
| 3) "Du setje inn din gode hatt, - Så set eg opp mi perlesnor freist om du ho kan få!" |
4) Då fyrste gong gullterningen på tavlebordet rann, ungersveinen tapa han og stolte jomfru vann. |
| 5) "Å, høyr du fagre ungersvein, leik tavlebord med
meg!" "Eg heve ikkje raudan gull å setja opp mot deg!" |
6) "Di kappe set du opp mot meg, med raude snorer på, så set eg opp min ring av gull, freist om du han kan få!" |
| 7) Då andre gong gullterningen kring tavlebordet rann, Ungersveinen tapa han og stolte jomfru vann. |
8) "Å høyr du fagre ungersvein leik tavlebord med
meg!" "Eg heve ikkje raudan gull å setja opp mot deg!" |
| 9) "Du setje dine hosor inn, og dine ferdaskor. Så set eg opp alt det eg hev mi ære og mi tru!" |
10) Då tredje gong gullterningen kring tavlebordet rann, stolte jomfru tapa ho og ungersvein han vann. |
| 19) Prinsessa sine hender vreid og gret så mang ei tår. "Gud trøyste meg for fattigsvein som eg til brudgom får!" |
21) "Nei, eg er ingen fattigsvein om enn det tykkjest
så. Eg er den gjævast kongeson som soli skine på." |
| 22) Med krun' av gull han rider no rett fram til
brudlaupsgård. Med raude rosor flettar ho sitt vene gule hår. |
Inga Litimor
Folkevise som kom med i Hulda Garborg si visebok i
1904.
Klara Semb laga dansemåte til 10-års jubileet i BUL i Oslo i 1909. Visa er også
med i "Norske Folkedansar. Songdansar" av 1985, men med eit nylaga brigde som
revisjonsnemnda har laga. Teksten er etter Andreas Lavik i Eksingedalen i
Nordhordland.
Dansemåte: Dans først 2 attersteg og 4 sviktar av neste. Trø V-H på dei
to siste for å kome på rett fot for brigdet. Vi held parvis saman med
færøytaket, og tar også saman med ledig hand, og dansar 1 gong rundt på staden
(guten bakover, jenta framover) på 2 bytomfotsteg frå polkamasurka. (Vi song no :
"(Aldri) nokon kunde kveda som ho".) Så slepper guten taket med venstre handa,
og jenta dansar 1 gong rundt på staden medsols under armen på 2 bytomfotsteg frå
reinlender. Guten har front mot jenta og dansar stega omlag på staden (litt inn
og så litt ut av ringen).
| 1) Inga Litimor på handkvedn i kungsgarden mol, og kveda dei små visone tå ljos og liv og sol. - Aldri nokon kunde kveda som ho Litimor den unga og dan vena. |
2) Og adle kungjens sveina vart kadla fy' sin drott, "Kven va da no som leika so ven ein harpeslått?" |
| 3) Til svara kungjens drengje: "Me harpa ha forgjett; da er ho Inga Litimor som syng so vent og lett." |
4) Då gjekk da bod at Inga må trø fy' kungjens stol og kveda alt som lyse tå liv og ljos og sol. |
| 6) "Fy' kungjen, vetla Inga i dag du kveda skal. Til løn vil han deg klæda som jomfru i si hall." |
9) "Takk, stor er kungjens æra, song fuglen på sin kvist; men betre vera elska, veit mannabadne visst." |
| 12) "So høyr eit ord, mitt sista: Eg byd deg brura lin. Da er dan ungje kungjen som sjøl må verta din." |
17) Og dar vart vigsle veitsla, og songjen auka på. og har kje nyst dei slutta, so vare da endå. |
Bendik og Årolilja
Folkevise. Tonen
er komponert av folkehøgskolemannen Ingvar Bøhn (1838-1924). Teksten er etter
oppskrift ved Landstad 1853. Hulda Garborg tok visa med i viseheftet sitt
første gong i 1904. Dansemåten laga Klara Semb ca 1910. Vi tar med dei mest
brukte versa. Alle 30 versa står i "Norske Folkedansar. Songdansar". Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Først
5 kvilesteg. Brigdet er på omkvedet. På slutten av siste kvilesteget trør
gutane inn i ringen og tar saman. På "Årolilja" lyfter gutane armane
til port og trør bakover i det dei tar sats på høgre foten. Samstundes bøyer
jentene seg djupt framover og trør på venstre inn i ringen under
portane. På "(kvi) søv'e du" løftar jentene armane til port og
trør attover, medan gutane trør inn i ringen under porten. På "(så)
lengje" løftar gutane så armane til port og trør attover medan jentene
trør inn i ringen under portane.
På siste verset er brigdet annleis: Gutane set handflate mot handflate og
løfter armane medan dei står i ro, medan jentene legg hendene i kross over
brystet og bøyer hovudet.
| 1) Bendik rid åt Sølondo, ville han skoa møy; han var ikkje lagje til att'e koma, difyr så laut han døy. Årolilja, kvi søv'e du så lengje? |
2) Bendik rid åt Sølondo, ville han skoda viv; han var inkje lagje til att'e koma, difyr så let han liv. |
| 3) Han var inkje i konungs-garde, meir hell månar tvo; han la seg i med kongjens dotter i så stor elskog. |
5) Kongjen byggjer gullbrautene, både bratte og håge; Den som tore gull brautene trøa han skal livet låte. |
| 8) Om dagjen rid Bendik i skogen ut og veider den ville rå, om notti søve han hjå jomfruva det gjeld'e hass livet på. |
9) Eg tikje så vent om ditt gule hår som epli dei dryp på kviste - sæl er den som deg må få, gud bære den som sko misse! |
| 10) Eg tikje så, når eg sit hjå deg, som eg sat uti solskin bjarte; når eg og du me skyljast åt, då rivnar bå' hug og hjarta. |
13) Det var kongjen av Sølondo, han slær sin neve i bord: "Bendik sko inkje livet njote, om eg vann all verdsens jord!" |
| 25) Sunnan fyre kyrkja der let han Bendik liv, midt opp i høge loftet der sprakk hass vene viv (brast hjarta på vene viv). |
28) Så la dei han Bendik norda kyrkja og Årolilja sunna, det voks opp av deiris grefti tvo fagre lilje runnar. |
| 30) Det voks opp av deiris grefti dei fagre tvo lilje blomar; dei krøktes i hop ivi kyrkjesvoli, der stend dei kongjen til domar. |
Beltet mitt
Folkevise. Tonen er etter Aslaug Gunleiksdotter i
Seljord og nedskriven av Lindemann. Teksten er frå Norsk Folkedikting.
Visa står i I "Danse, danse lett" av Egil Bakka.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 2 attersteg og 2 sviktar av neste + 2 S-trinn.
Omkvedet er brigde. Guten dansar 8 gåsteg sidelengs mot venstre langs ringen.
Jenta svingar seg mot sola under armen til guten 31/2 gong rundt på 8 gåsteg.
Ho dansar heile tida rett innafor guten, og stoppar med ryggen mot sentrum.
Ikkje nokon stopp mellom versa.
| 1) Eg var meg så liten ein gut, og peningane var inkje mange, så kaupte eg meg eit sprotabelte, eg ville med skruvlet skramle. - I Rodelunden der kjenner dei meg, i Rodelunden der kjenner dei meg. |
2) Det var ein heilag sundagsmorgo, eg ville til kyrkjunne ride, så sprette eg på meg beltet mitt, det glima i verdi så vide. |
| 3) Som eg kom år kjyrkjeledet eg studde meg inn åt stette, så mange som mitt belte så dei lyfte på hatt og hette. |
4) Som eg meg i kyrkja kom, eg mune på kne'i falle, så mange som mitt belte såg dei gløymde på Gud å kalle. |
| 5) Presten framfyr altaret sto alt med si lærde tunge, men då han fekk mitt belte å sjå, han gløymde bå' lesa og sjunge. |
6) Så baud dei meg dei hestane tvo, og båe så var dei brune; men eg ville inkje mitt belte selje eg totte det kunna kje muna. |
| 7) Så baud dei meg dei stutane tvo, og båe så var dei kvite; men eg ville ikkje mitt belte selje, eg totte det var for lite. |
8) Så baud dei meg både sylv og gull, ville mæle det til meg i skålir; men eg ville inkje mitt belte selje, eg totte det var for hå'legt. |
| 9) Eg sto meg opp ein måndagsmorgo, eg ha' så mangt i tankar, så bytte eg bort beltet mitt, fekk att eit par gamle hanskar. |
10) Beltet mitt var inkje så mætt, som det var sjåande på: - det var gjort av sildeflus og smøygt med halm og strå. |
Horpa (Illustrert
av Harald Aadnevik)
Folkevise som er kjent frå mange stader i landet og i
andre land. Dansen blir dansa med to ulike tonar. Tone I er nedskriven av
O.M.Sandvik i 1916 etter Svein Tveiten (1814-1924) Hovden i Setesdal. Tone II er
nedskriven av Lindeman etter Marit Larsdotter Leira i Valdres. Liv Greni har
notert om tonane slik at dei høver til dansen. Teksten er særskilt
tilrettelagt av Knut Liestøl til Norske Folkedansar (utgåve 1925). Ole Ekornes
har laga den dansemåten som vert mest brukt i dag. Dansen
står i boka til Klara Semb: "Norske Folkedansar. Songdansar." (1985).
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Til tone I: To heile attersteg og 2 sviktar av neste.
På siste omkvedet: Eit bytomfotsteg frå reinlender rett inn i ringen og så
eit steg tilbake (rygge). Ein liten sving med ledig fot på første
dobbeltsvikten. Til tone II: Tre heile kvilesteg og to sviktar av neste.
Så dansar alle eit steg inn mot sentrum av ringen med eit jamvektsteg, og jenta
snur samtidig ryggen inn i ringen, og tar saman med framand dansar venstre i
venstre. Ho står no mellom eigen og framand gut. No dansar alle tre jamvektsteg:
På første steget frå kvarandre (ryggar), så mot kvarandre, og så frå
kvarandre. Dette vart gjort til teksten "Båra bere så vent eit". På
teksten "viv ifrå landet" dansar alle på ny eit kvilesteg langs
ringen på vanleg måte. Dei to tonane er merka med (I) og (II).
| 1) (I) Syster tala til syster så: - Ved sande - "Me vil okkon til Sjoar-å" - Båra bere så vent eit viv ifrå lande. |
![]() |
| 2) (I) "Hot sko me 'kon til
Sjoar-å? me hava der ingji klede å två" |
|
| 3) (I) "Me vil två 'kon kvite, me er tvo systrar like." |
|
| 4) (I) "Du må två deg nott og dag, du tvær inkje av det Gud deg gav." |
![]() |
| 6) (I) Den yngre gjekk fyre som ei sol, den eldre gjekk etter som orm i jord. |
|
| 7) (I) Då dei kom til Sjoar å, så for dei til å vaske å två. |
![]() |
| 8) (I) Den yngre sette seg på ein stein, den eldre skuva ho ut fyr mein. |
|
| 9) (I) Ho rette opp si kvite hand: "Å, hjarte syster, hjelp i land!" |
![]() |
| 10) (I) "Ligg du der og få du skam, eg vil hava din festarmann." |
|
| 13) (I) "Fyrr du sko få min festar mann, fyrr sko eg reka så langt eg kan." |
|
| 14) (I) Der gjekk tvo pilgrimar ut med å, dei såg det likjet på sanden låg. |
![]() |
| 15 (I) Dei toke hennar kvite kropp, der gjorde dei av ein horpestokk. |
|
| 17) (I) Dei toke hennar gule hår, gjorde dei horpe strengjir små. |
|
| 18) (I) Så reiste dei til bryllaups gård, så for dei til på horpa slå. |
![]() |
| 19) (I) Dei sette seg i duragått: "Lyster de høyre ein horpeslått?" |
|
| 20) (II) Horpa slo det fysste, "Bruri ho var mi syste." |
|
| 21) (II) Horpa slo det are: "Bruri ho var min bane." |
|
| 22) (II) Horpa slo det tre'e: "Brudgomen var min bele." |
|
| 23) (I) Mælte no bruri raud som blod: "Hav ut den horpa ho gjere uljod!" |
|
| 24) (I) Svara det brudgomen bleik som bast: "Slå meir på horpa og slå vel fast!" |
|
| 25) (II) Horpa slo det fjorde: "Bruri ho meg forgjorde." |
|
| 26) (II) Horpa slo det femte: "Bruri på å meg spente." |
|
| 27) (II) Horpa slo det sjette: "Brudgomen meg forgjette." |
|
| 28) (I) Bruri tro på spilemanns fot, så blodet sprang av naglerot. |
|
| 29) (I) Bruri tro på spilemanns tå: "De slå den horpa i stykkje små!" |
|
| 30) (I) Dei toke horpa og slo imot jord, så blei derav ei jomfru god. |
![]() |
| 31) (I) Brudgomen heitar på sveinar två: "De gangje åt skogen og hogge bål." |
|
| 32) (I) Blea or og blea eik blea den veden som brenner heit." |
![]() |
| 33) (II) Det var kje pilgrimar, det var likt, det var tvo englar av Paradis. |
Horpa (dei
mest vanlege versa)
Folkevise som er kjent frå mange stader i landet og i
andre land. Dansen blir dansa med to ulike tonar. Tone I er nedskriven av
O.M.Sandvik i 1916 etter Svein Tveiten (1814-1924) Hovden i Setesdal. Tone II er
nedskriven av Lindeman etter Marit Larsdotter Leira i Valdres. Liv Greni har
notert om tonane slik at dei høver til dansen. Teksten er særskilt
tilrettelagt av Knut Liestøl til Norske Folkedansar (utgåve 1925). Ole Ekornes
har laga den dansemåten som vert mest brukt i dag. Dansen
står i boka til Klara Semb: "Norske Folkedansar. Songdansar." (1985).
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Til tone I: To heile attersteg og 2 sviktar av neste.
På siste omkvedet: Eit bytomfotsteg frå reinlender rett inn i ringen og så
eit steg tilbake (rygge). Ein liten sving med ledig fot på første
dobbeltsvikten. Til tone II: Tre heile kvilesteg og to sviktar av neste.
Så dansar alle eit steg inn mot sentrum av ringen med eit jamvektsteg, og jenta
snur samtidig ryggen inn i ringen, og tar saman med framand dansar venstre i
venstre. Ho står no mellom eigen og framand gut. No dansar alle tre jamvektsteg:
På første steget frå kvarandre (ryggar), så mot kvarandre, og så frå
kvarandre. Dette vart gjort til teksten "Båra bere så vent eit". På
teksten "viv ifrå landet" dansar alle på ny eit kvilesteg langs
ringen på vanleg måte. Dei to tonane er merka med (I) og (II).
| 1) (I) Syster tala til syster så: - Ved sande - "Me vil okkon til Sjoar-å" - Båra bere så vent eit viv ifrå lande. |
2) (I) "Hot sko me 'kon til Sjoar-å? me hava der ingji klede å två" |
| 3) (I) "Me vil två 'kon kvite, me er tvo systrar like." |
7) (I) Då dei kom til Sjoar å, så for dei til å vaske å två. |
| 8) (I) Den yngre sette seg på ein stein, den eldre skuva ho ut fyr mein. |
9) (I) Ho rette opp si kvite hand: "Å, hjarte syster, hjelp i land!" |
| 14) (I) Der gjekk tvo pilgrimar ut med å, dei såg det likjet på sanden låg. |
15 (I) Dei toke hennar kvite kropp, der gjorde dei av ein horpestokk. |
| 17) (I) Dei toke hennar gule hår, gjorde dei horpe strengjir små. |
18) (I) Så reiste dei til bryllaups gård, så for dei til på horpa slå. |
| 19) (I) Dei sette seg i duragått: "Lyster de høyre ein horpeslått?" |
20) (II) Horpa slo det fysste, "Bruri ho var mi syste." |
| 21) (II) Horpa slo det are: "Bruri ho var min bane." |
22) (II) Horpa slo det tre'e: "Brudgomen var min bele." |
| 23) (I) Mælte no bruri raud som blod: "Hav ut den horpa ho gjere uljod!" |
24) (I) Svara det brudgomen bleik som bast: "Slå meir på horpa og slå vel fast!" |
| 25) (II) Horpa slo det fjorde: "Bruri ho meg forgjorde." |
26) (II) Horpa slo det femte: "Bruri på å meg spente." |
| 27) (II) Horpa slo det sjette: "Brudgomen meg forgjette." |
30) (I) Dei toke horpa og slo imot jord, så blei derav ei jomfru god. |
| 32) (I) Blea or og blea eik blea den veden som brenner heit." |
33) (II) Det var kje pilgrimar, det var likt, det var tvo englar av Paradis. |
Elskhugsstemna
(Nyst
munde...)
Teksten er laga av den danske folkeminnegranskaren
Svend Grundtvig (1824-83), og er truleg omsett til norsk av Ingvar Bøhn. Tonen
er ein folkemelodi frå Jylland. Det er ukjent kven som har laga dansemåten.
Visa med dansemåte kom med i NF II i 1925.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 4 folkevisesteg. (Det er vanleg med eit svikt som
opptakt til stega.) Til teksten "(Om det) regnar og snor, om det stormar av
nord" dansar alle 4 gåsteg inn i ringen (byrje på venstre), og 4 gåsteg
utatt (rygge). Så eit folkevisesteg resten av visa. Vi held fram med neste vers
utan stopp. Ein kan syngje vekselsong, men det er ikkje så vanleg.
| 1) Nyst munde det regna så såre, og det dryper av tre og av runn; vind og stein, furugrein hev deg rive, dei hev slite di kåpa isund. Om det regnar og snor, om det stormar av nord, uti hugen så leikar dine ord! |
2) Eg kan sjå det på augo så klåre at du nyss gjekk og tårone gret; regn og vind, sorg i sinn, gråt i auga du som heve den hugen så lett! Kvar den tåra som fall og så fagnaden all heve du då åleine uti vald. |
| 3) Kor du gjeng, på din veg vil eg breia kvar ein blom, kvart eit angande blad. Fugl på grein, kvar og ein vil eg beda - skulo kveda og kvitra deg glad. Lat dei anga for vind, lat dei syngja i lind, vist dei inkje kan svæva mitt sinn. |
4) Men i morgon når soli ho stiger, fyre moder di bøni er ber, og eg bed henne blid som det høver: fær eg vera deg sonen så kjær? Sjå det ljosnar i li, vinden leikar så blid; du skal vera min ven i allan tid. |
Å spøte og spinne
Dette er ei vise frå Sunnfjord. Musikken er frå Catarinus Elling si samling. Vi lærde ho i Symra 13. mars 2002 av Victoria
Carlsen og Bjørn Carlin. (Dansen/visa/tonen finst også på eit stensil, men
det står ikkje kven som har laga rettleiinga). Høyr på songen her
(mp3).
Å spøte og spinne eg ikkje kan,
og ikkje kan eg koka.
Og ikkje held eg mine kle i stand,
og ikkje bøte broka.
Men skam for den so anna tru;
at eg meg gifte lyte,
anten det blæse elde tyte!
Brigde
Først dansar vi 4 kvilesteg ("bøte broka" song vi til slutt). Så
slepper guten framand jente, gut og jente vender mot kvarandre og tar saman til
lett handtak med ledig hand (det andre handtaket beheld vi som i
attersteget). Så dansar vi sidelengs inn mot ringen to sidesteg frå polkamasurka (for guten):
venstre, høgre, svikt på høgre (medan vi tar svikt på høgre løfter vi litt
på venstre fot). Jentene gjer det same, men med høgre i staden for venstre.)
Etter desse to stega, slepper ein taka med eigen. Gutane snur brått 180 grader motsols på høgre fot
(jentene snur samstundes medsols 180 grader på venstre fot), og guten tar saman med
framand jente med same taket som han hadde med eigen. Så dansar para sidelengs
to steg ut av ringen på same måten som dei nyss dansa innover. På siste
verselina går/snur gut og jente på plass med sin nye dansepartnar klar til å
byrje verset på nytt (2 bytomfotsteg frå polkamasurka). Ein byrjar på nytt vers utan noko
stopp imellom.
Spinn, spinn
Dette er ein dans som vi lærde av Turid og Magne Sørøy i Symra hausten 2002. Tekst, melodi og
dansemåte er frå Nord-Noreg.
Høyr på songen her (mp3).
Spinn, spinn dotter mi.
I mårrå så kjæm frieren din.
Jenta ho spainn og tåran de rainn,
men aldri så kom no den friaen fram.
(tonen startar høgt på første "spinn")
Dansemåte (utarbeidd som
Gruppearbeid på eit sangseminar i Tromsø ca 2000)
Kvilesteg fram til siste lina. I brigdet held vi
saman og dansar eit reinlendersteg ut av ringen (bakover) og eit
reinlendersteg fram att. Vi tar appell med høgre på første taktdelen når vi
dansar fram att. Svært frisk dans.
Krist gjeve
Tonen til visa er etter Tone Olsdatter Vistabakken, Mo i
Telemark, og nedskreven av Lindemann i 1861. Teksten er frå Norsk Folkedikting.
Visa står i "Danse danse lett på foten" av Egil Bakka.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 5 heile attersteg og 2 sviktar av neste. Alle slepper
taket, tar saman parvis høgre i høgre og snur seg mot kvarandre på ringen.
Så dansar vi eit bytomfotsteg mot venstre og så eit mot høgre. Så snur også
guten seg langs ringen og paret dansar 4 gåsteg langs etter ringen med sola, og
trør til slutt inn på plass på ringen på to små steg. Vidare utan stogg.
Berre dei mest brukte versa er utheva.
| 1) Krist gjeve eg var der soli renn, og sidan eg var der ho kviler, så sille eg leite min kjæraste opp, om det var tolv tusunde milir. - Om sumaren, om sumaren, når alle småfuglane syngje. |
2) Ho var no ljos den jonsoknatt, ein riddar så sakteleg mun ride; han pikka på dynni, ho slepte han inn, ho la'e han ned ved si side. |
| 3) Så låg dei til saman den notti så lang dei ha'e så mykje å tala - til gaukjen han gol i grønaste lund, små fuglane kvidra i dalar. |
4) Statt opp, statt opp, fagre ungersvenn! No hev du sovi så lengje; - guakjen han gjel'e i grønaste lund, og soli ho skin ivi engje. |
| 5) Du stige så varleg ut or mi seng du late kje sporane ringle, du ride så varleg ut or min gard, du late kje hestskoen singre. |
6) Så steig han så varleg ut or den seng, han let inkje sporane ringle, så rei han så manneleg utor den gard, han let fulla hestskoen singre. |
| 7) Så reid han seg ivi dei nordiske fjøll, og ivi dei villande heiar, der møtte han hennar brøane sjau, og alle var gramme og vreide. |
8) Hor hev du vori, du fagre ungersvenn, med' du kjem'e ri'ande så årle? Eg hev vore i grøne rosenslund å jaga dei dyri så småe. |
| 9) Nei inkje hev du vori i grøne rosenslund å jaga dei dyri så småe, men du heve sovi hjå 'kons syster i nott og inkje spurt oss til råde. |
10) Kvåre vil du røme, hell du vil no fly, hell du vil manneleg stride, hell du vil misse ditt fagre unge liv fyr jomfruvas søtaste kvile? |
| 11) Inkje vil eg røme, inkje vil eg fly, men eg vil vel manneleg stride, inkje vil eg misse mitt fagre unge liv og jomfruvas søtaste kvile. |
12) Dei stridde i daga, dei stridde i tvo, den tre'e dagjen til kvelde; - alle hennar brøar måtte vike ifrå og jomfrua vann han med velde. |
Liti Kjersti og
elvekongen
Tonen til visa er etter Olaf Olavsson Glosimot (1785-1858) frå
Seljord, og nedskreven av Lindemann. Teksten er frå Norsk Folkedikting. Visa
står i "Danse danse lett på foten" av Egil Bakka.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 4 heile attersteg. Med det lette taket med eigen
dansar vi med låg svikt framover langs ringen parvis med sola slik: venstre
fram, høgre inntil, venstre fram, høgre fram, venstre fram, høgre inntil,
venstre fram og høgre fram. På dei to siste stega snur ein inn på ringen.
Vidare utan stogg. Berre dei mest brukte versa er tekne med.
| 1) Moeri tala til dotteri si: - ti lillil hugen min - Kvi renn'e det mjølk utor brjosto di? - Dei leika så lett gjennom lunden. |
2) Det er inkje mjølk om det synest så, det er av den mjøden eg drakk igjår. |
| 4) Det nyttar kje lenger å dylje for deg: elevekongen hev lokka meg. |
8) Han gav meg ei horpe av gull til slå når eg var sutefull. |
| 13) Elvekongjen kom seg ridand i gård, liti Kjersti ute fyr honom står. |
16) Elvekongjen ha' seg ein gangare spak, han lyfte liti Kjersti opp på hass bak. - |
| 22) Elvekongjen tala til dotteri si: Du tappe i ei konne med vin. |
27) Den fysste drykk ho av konna drakk, då gløymde ho bort kven henne ha' skapt. |
| 30) I bergjet er eg fødd, i bergjet vil eg døy, i bergjet vil eg vera elvekongens møy. |
Tora liti
Tonen til visa er etter Marit Larsdotter frå Leira i Valdres, og
nedskriven av Lindemann. Teksten er frå Norsk Folkedikting. Visa står i
"Danse danse lett på foten" av Egil Bakka.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først eit kvilesteg og to sviktar av neste. På "Gud å
råde" snur alle mot sentrum med eit S-trinn med venstre fot og høgre
inntil, og tar armane mjukt ned. Så dansar vi 1 kvilesteg og 2 sviktar av
neste. På "Herre Gud sende oss sin" snur alle mot sentrum, lyfter
armane og dansar 3 sidesteg med låg svikt. På siste ordet "nåde"
trør alle med høgre foten inn og set venstre inntil medan vi løfter armane
høgt. Berre dei mest brukte versa er tekne med.
| 1) Duva sette seg på lindekvist, - Gud å råde, ho syng'e så fagert om Jesum Krist - Herre Gud sende oss sin nåde. |
3) Tora liti sto ute og slo sitt hår: Eg hev alli høyrt venare fuglemål. |
| 6) Å kjære Tora liti, du fylgje med meg, i himmerik sko eg syngje for deg. |
9) Hoss kan eg til himmerik gå? eg kjenner meg ingjen sjukdom på. |
| 10) Tora liti fekk sott fyrr hanen gol, og ho var daud fyrr opp rann sol. |
14) Ho prilla på dynni med fingrane små: Å jomfru Maria, skreid loka ifrå! |
| 15) Maria stod opp frå raude gullstol: Velkomen, Tora liti, så trøytt og mod! |
16) Inkje er eg så trøytt, inkje er eg så mod, ei liti kvilestund var fulla god. |
Jenta som vildø jiftø seg
Tonen og teksten til visa er etter Andris Eivindson Vang
(1795-1877) frå Valdres, og nedskriven av Lindemann i 1948. Visa
står i "Norske folkedansar. Songdansar" av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3). Vi har også teke med teksten slik han
stod i tidlegare utfåver av retteliingsbøkene til Klara Semb.
Dansemåte: Først 2 attersteg og 4 sviktar av neste. Gutane, med armane
i kryss, dansar eit kryssteg til venstre og eit sluttsteg med høgre tåa i
kryss bak til slutt. Så dansar dei eit krysssteg tilbake med sluttsteg.
Jentene, med stakken vidt ut, dansar på same vis som gutane, men motsols i ein
ring innanfor gutane. På siste "(hei) hopsja falelila, ... klapper alle i
hendene og dansar med armkrok ein gong rundt med sola på 4 steg frå halling.
Siste vers utan stogg. Siste verset: I staden for atterstega i byrjinga, dansar
alle 6 sidesteg + sluttsteg først med sola og så tilbake igjen sameleis. Så
dansar dei rundt medsols på 4 steg frå halling, og til slutt det same motsols.
| 1) E vil ingjin spelømann ha, tå eg kan inkji dansø. Men e vil me ein skræddar ha, som sauma fine kransa. Hei hopsja falelila, hei hopsja faleli lalala, hei hopsja falelila, hei hopsja falelila. |
2) Men e vil ingjin skræddar ha, då må eg persø kluta. Men e vil me ein slaktar ha, då får e fine stuta. |
| 3) Nei e vil ingjin slaktar ha, då må e skrapa tarma. Men e vil me ein bryggjar ha, so får e øl i kanna. |
4) Nei e vil ingjin bryggjar ha, då lyt e skylø tynner. Men e vil me ein prestmann ha, so skrifta me frå synder. |
| 5) Nei e vil ingjin prestmann ha, e ha kje manga synde. Men e vil me ein snikkar ha, då får e nya sengje. |
6) Nei e vil ingjin snikkar ha, då må e slipø høvla. Men e vil me ein skomaker ha, då får e nye støvla. |
| 7) Nei e vil ingjin skomaker ha, før han ha bek på finge. Men e vil me ein gullsme ha, før han ha ring på finge. |
8) Om mednadn, ner han står opp, då står han ved mi siø, O krusa upp min gulø lokk: statt upp, mi veslø pikø! |
| 9) E æ so lystygø o gla, no ha e kjærest fønnø, e håpa o e meina dæ, at e ha spelet vønne. |
| 1) E vil ingen spelemann ha, for eg kan ikkje dansa, men eg vil meg ein skreddar ha, som saumar fine kransar. Hei hoppsa falleli la, hei hoppsa falleli lala la, hei hoppsa falleli la, hei hoppsa falleli la. |
2) Nei, eg vil ingen skreddar ha, då må eg persa klutar; Men eg vil meg ein slaktar ha, då fær eg fine stutar. |
| 3) Nei, eg vil ingen slaktar ha, då må eg skrapa tarmar; men eg vil meg ein bryggjar ha, så fær eg øl i kanna. |
4) Nei eg vil ingjen bryggjar ha, då lyt eg skylja tynner; men eg vil meg ein prestemann ha, som skriftar meg frå synder. |
| 5) Nei, eg vil ingen prestemann ha, eg har 'kje mange synder; men eg vil meg ein snikkar ha, då fær eg nye senger. |
6) Nei, eg vil ingen snikkar ha, då må eg slipa høvlar; eg vil meg ein skomakar ha, då fær eg nye støvlar. |
| 7) Nei eg vil ingen skomakar ha, for han har bek på fingrar; men eg vil meg ein gullsmed ha, for han har ring på fingrar. |
8) Om morgonen når han står opp, då står han ved mi side; og krusar opp min gule lokk: statt opp mi vesle pike. |
| 9) Eg er så lystug og så glad, no har eg kjærast funne; eg vonar og eg meiner da, at eg har spelet vunne. |
Pål på haugen
Tonen til visa er etter Johan Jørgen Broch (1791-1860). Teksten
er frå Lindemann. Visa står i "Norske folkedansar. Sondansar" av
Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 5 kvilesteg og to sviktar av neste. Slepper så
taket. Dei tek parvis saman høgre i høgre, dansar 1 sidesteg mot venstre, guten
inn og jenta ut av ringen. Dei trør vidare til venstre, høgre inntil og opp
på tå og nedatt. Byrjar så på høgre fot og dansar likeeins mot høgre
tilbake igjen. Med høgre i høgre dansar dei så rundt kvarandre medsols på 4
bytomfotsteg. Neste vers utan stogg.
| 1) Pål sine høner på haugen utslepte, hønun så lett over haugan sprang; På kunne væl på hønun fornema, ræven va ute med rumpa så lang; :/: klukk, klukk, klukk, sa høna på haugom :/: Pål han sprang og rengde med augom; Nå tor e inkje kåmå heim åt'n mor! |
2) Pål han gjekk se litt lenger på haugjen, fekk han sjå ræven låg på høna og gnog; Pål han tok se ein stein uti neve, dugle han da til reven slog; :/: ræven flaug, så rumpa hass riste, :/: Pål han gret for høna han miste; Nå tor e inkje kåmå heim åt'n mor! |
| 3) Hadd' eg no nebb og hadd' eg no klø og visste e bare kor rævan låg, skull' e døm både rispe og klore framma te nakkjen og bak over lår. :/: skam få alle rævan raue! :/: Gu' gjev at døm alle va daue! Så skull' e kåmå heim åt'n mor! |
4) Inkje kan ho verpe og inkje kan ho gålå, inkje kan ho krupe og inkje kan ho gå! E fæ gå mæ åt kvenne og målå og få att mjølet e miste igår! :/: Men skit! sa'n Pål, e æ inkje bangen; :/: kjeften og motet ha hjelpt nå så mangen, e tor nok væl komå heim åt'n mor! |
| 5) Pål han konnet på kvenne te å sleppe, så at dæ ljoma i kor ein vegg. Så at angan tok te å fljuge, og dei vart lange som geiteragg. :/: Pål han ga seg til læ og te kneggje. :/: Nå fekk e like for høna og for egge, nå tor e trygt komå heim åt'n mor! |
Blåmann, Blåmann
Teksten er av Åsmund Olavsson Vinje. Visa står i "Norske
folkedansar. Songdansar" av Klara Semb. Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Først 4 kvilesteg eller attersteg. Alle dansar så eit
krossteg og eit slengsteg mot venstre og så det same mot høgre.
| 1) Blåmann, Blåmann, bukken mi! tenk på vesle guten din! Bjørnen med sin lodne feld, kan deg taka seint i kveld. |
2) Gamle Lykle, moder di, seint kom heim med bjølla si. so ikring seg ho mun sjå, liksom der var fåre på.. |
| 3) Det såg ut, som der var naud, kanskje no du ligger daud. Tidt du dansa kringom meg, mangt eg rødde då med deg. |
4) Når eg låg som blind og dauv, grov du på meg med di klauv. Ja, du vilde vekkje meg opp til leiken din med deg. |
| 5) Du var sprek og glad og god, all min ros du vel forstod. tidt du veit eg sa til deg: han veit meir enn mata seg. |
6) Blåmann, Blåmann, svar meg no! mekre med ditt kjende ljod! Ikki enno, Blåmann min, må du døy frå guten din. |
Hans og hånån
Teksten er av Pål Kluften (1888-1942) frå Nord-Fron og melodien
av Oddvar Nygaard frå Sør-Fron laga på 1960-talet. Visa står i "Norske
folkedansar. Songdansar." av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 4 kvilesteg. Så dansar alle parvis 2 bytomfotsteg
motsols (guten bakover, jenta framover). Så dansar vi 2 kvelesteg og 4 sviktar
av neste. Så dansar vi parvis (tommelgrepet) "islandsschottis" ein
gong.
| 1) Det var ein kar inni Sorperon (ein liten repp uppi nordre Fron), og denne karen var kåt i dans og lett og lentaug og heitte Hans. |
2) Og Hans var husmann åt garden Lo, og stugu ha'n, men itte do, og ku på setern og kælv og steill, så skull'n ditopp ein laurdagskvell. |
| 3) Men vil du tru at han Hans han ha' ein hånåkjukling som gol så bra. Så tok'n hånån og rusla åt, - på setern skull' dem få høre låt! |
4) Men Hesthaug-råket er stygt og bratt, og vil du meine: 'n Hans han glatt! og kanta gjord'n tull i tull det minna reint om ein åkerrull! |
| 5) Og hånån, stakkar, da spente ti, 'n sleit og baska og kom seg fri! Så fauk'n ut over kvist og grån og skreik og kåvå. Var stusleg sjå'n. |
6) 'n Hans vart liggjand' i brask og kvist, og pene bønne' det bad'n visst! For hånån reiste, og borte va'n. Det var nå heitaste svarte! sa'n. |
| 7) :/: Men stelle der som døm skjølde lag er Hånåhoppet den dag i dag, og derfor si døm nå au på Fron: Det flakse fugle frå Sorperon! :/: |
Fram dansar ein haugkall
Teksten er av Arne Garborg (1851-1924) og tonen av Olav Sande
(1850-1927). Visa står i "Norske folkedansar. Songdansar" (1985) av Klara
Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 5 kvilesteg og 2 sviktar av neste. Vi vender parvis
mot kvarandre og dansar vanleg høgrehands kjede med 4 bytomfotsteg. Neste
verset utan stogg.
| 1) Fram dansar ein haugkall fager og blå, med gullring om håret som fløymer; han giljar for Veslemøy til og frå, og tonar i kring honom strøymer. Å hildrande du! Med meg skal du bu, i Blåhaugen skal du din sylvrokk snu. |
2) Om dagen er eg den brune bjørn, som bykser i skogen vide og laugar mitt ragg i den djupaste tjørn og vassar i straumane stride og leikar i strand og rår over land, så langt som ditt auga det timja kan. |
| 3) Men når det lid til midnettes bel, og dagen i haug er gjengen, då hører du klunk og yndeleg spel som linnaste lokking frå strengen; då kjem du til meg frå villande veg og søv i din arm, til det vekkjer meg. |
4) Men du skal sitja i Blåhaug brur i silke og sylv så det bragar, og aldri kjennast sår eller stur i alle dei levedagar. Å hildrande du! Med meg skal du bu, i Blåhaugen skal du din sylvrokk snu. |
Åslaug Møy
Teksten er av Kristofer Janson (1841-1917) og tonen av Severin
Eskeland. Visa står i "Norske folkedansar. Songdansar." av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Startar i dobbel ring med gutane inst. Ingen held
saman.Guten dansar motsols og jenta medsols 2 sidesteg, forbi neste og til den
tredje dei møter (eigen medrekna). Byter så plass med 4 gåsteg (høgre i
høgre). Så 2 sidesteg tilbake til dei møter eigen, og går rundt med
eigen på 4 gåsteg (høgre i høgre) og er då tilbake slik det var då
dansen starta. No tar jentene saman til vanleg ring og gutane til vendt ring.
Så dansar alle 2 slengsteg, medan armane svinger i takt med stega, og stoggar
med armane høgt løfta. Gutane byrjar slengstega med å trø ned på venstre
fot, jenta på høgre fot.
| 1) Og det var vesle Åslaug, ho var så ven ei møy. Dei gøymd' ho i ei horpa, at ho inkje skulle døy. Men inkje døyr det som er skapt å leva. |
2) Og det var Heimer fosterfar han trutt på horpa let kvar gong den vesle jenta småsutrade og gret. Men inkje døyr det som er skapt å leva. |
| 3) Dei drap den gode fosterfar, dei kraste horpa sund, dei gjorde Åslaug til ein træl med sota hår og munn. Men inkje døyr det som er skapt å leva. |
4) Men Åslaug rein seg tvette, og håret skein som sol, og Ragnar Lodbrok sette ho på sveriks konungstol. For inkje døyr det som er skapt å leva. |
Stigelin
Teksten og tonen er etter Maret Mogstad, nedskriven i 1961 av
Olav Mogstad. Visa står i "Norske folkedansar. Songdansar." av Klara
Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar først 2 attersteg og 4 sviktar av neste (trø dei to
siste sviktane V-H for å kome på rett fot til brigdet). Så dansar gut og jente
runddans frå Nordmørspols (samdanstak 4) to gonger rundt kvarandre (jentene 12
springsteg, gutane venstre, høgre bak, spring, spring). Så dansar ein til slutt
1 attersteg og 2 sviktar av neste. Held så fram med neste vers utan stogg i
atterstega.
| 1) Å Stigelin tente på kongens gård, og jomfrua krusa og kjemma hass hår. Fadde rallalla la, fadde rallalla la, og jomfrua krusa og kjemma hass hår. |
2) Å da vi nå kom te Stigelins port, der spella ei hind og der dainsa æn hjort. |
| 3) Å da vi nå kom te Stigelin inn, fergylt va nå veggjin, ja rointen omkreng. |
4) Å golvet det va nå tå marmorstæn, og loftet det va nå tå kvitekvalsbæn. |
| 5) Å bordet det va nå tå ækjerot, og bordstoln hain va nå tå kvervilved gjord. |
6) Å dukjen hain va nå tå selkjeoill, og tallikain va nå tå pure goill. |
| 7) Å Stigelin inn på bordet sprang, og båe sølvkainnåinn hain hilt i si hainn. |
8) Å Stigelin klappa på dynå blå: Litl dråkja, litl dråkja ska sitta der på. |
Nøringen (Eg ser deg eg ser deg)
Melodien og teksten er eit slåttestev frå Voss til slåtten
Nøringen som går i rudl-takt. Visa står i heftet "Her er me grannar" utgjeve av Bondeungdomslaget i Bergen i 1995.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først dansar vi 2 attersteg og 4 sviktar av neste. Så
dansar vi eit fullt kvilesteg (frå starten) og to sviktar av neste. Så dansar
vi eit fullt attersteg (frå starten) og to sviktar av neste. Så går alle
parvis med livtak (som i rudl) 4 gåsteg langs ringen medsols og 2 bytomfotsteg
inn på plass.
| Eg ser deg, eg ser deg, men eg kan ikkje koma te deg. Eg ser deg, eg ser deg, men eg kan ikkje koma te deg. Å hadde eg aure å baot'n va go og fjorten te styra og saukjan te ro, dao skulde eg komma te deg ja te deg, ja te deg, dao skulde eg koma te deg, eg veit no so vel ka du ve meg. |
Åsmund Frægdegjeva
Tonen til visa er etter Olea Crøger og Olav Glosimot frå
Telemark, og
nedskriven av L.M.Lindemann. Teksten er frå Norsk Folkedikting (61 vers). Visa står i
"Norske Folkedansar. Songdansar" av Klara Semb. Visa vart brukt
tidleg, men noverande dansemåte vart laga seinare av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først vers kvilesteg (6 steg og 4 sviktar av neste). I vers
2 går jentene straks inn til vendt ring, og vender straks ringen og dansar
resten av verset i vanleg ring. Gutane held fram i ytre ringen. I vers 3 snur
jentene igjen ringen og dansar resten av ringen i vendt ring mot sola. I
omkvedet på 3. verset byter jentene og gutane plass. 4. verset byrjar gutane i
vendt ring og så snur gutane ringen og dansar medsols resten av verset. I 5.
verset snur gutane ringen att og dansar vidare i vendt ring. I omkvedet dansar
gutane inn på sin vanlege plass i den ytre ringen. I det 6. verset dansar alle
først vanlege kvilesteg. På "dukane var .." startar alle med
"ormkjede" slik som i "Trolldans". Jenta byrjar først inn i
ringen, medan guten tar to trøsteg først. Heile ormslynga held fram i 7.
verset. I vers 8 dansar alle vanlege kvilesteg (6 steg og 4 sviktar av
neste). I siste verset lagar føredansaren innbrot slik at ringen får
halvmåneform. På siste ordet ("dagen") stoppar alle med sluttsteg
på høgre foten og alle løfter armane høgt opp.
| 1) Det var Olav kongjen, han tala til sine menn: Kven skal nord i Trollebotn og hente mi dotter heim? - Der er ingjen dage. |
2) Høyrer du Åsmund Frægdegjæva, du er den frægast i
londo; du sko nord i Trollebotn og løyse mi dotter or vondo! |
| 3) Vil du gjeva meg dotter di, den vene fru Ermelin, så fer eg nord i den skume heimen som ingjo soli skin. |
4) Så vatt dei opp det silkjeseglet høgast i seglerå, dei sille inkje på bjunken strjuke fyrr Trollebotn dei såg. |
| 5) Åsmund kasta den kufta blå, tok på seg ei fillute
flangje, han totte kufta var hoste god i trollehender å gange. |
6) Som han kom i den fysste halli, der var så underleg
vori, dukane var utor blodet dregne, og ormane spela etter bordet. |
| 7) Hogg han i hel alle bergetrolli som han fyre augo såg; så reiste han utor Trollebotn, der flaut med blod og våg. |
8) Kongjen han stend i høgeloftssvol og ser han seg ut så
vide: No ser eg Åsmund Frægdegjæva og fljotfolen under han ride! - Er det inkje dangen? |
| 9) Kongjen han stend i høgeloftsvol, og leikar med
dronningji si: No ser eg Åsmund Frægdegjæva med fagraste dottri mi: - Er det inkje dagen? |
Nordlandsvise
Tonen og teksten er skriven ned av organisten og komponisten
Fridthjov Andersen (1876-1937) frå Beiaren i 1905-06. Visa står i
"Norske Folkedansar. Songdansar" av Klara Semb. Dansemåte I er laga
av Mali Furunes (1888-1969), og dansemåte II av Brede Bakken (1898-).
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte I (einkel ring): Vi dansar først i ring med sola med
herdataket (byrje på venstre). På "(Kor mange) penga haver han"
dansar jenta forbi guten og rygger inn på hans venstreside (på 2 takter), og
så dansar guten forbi jenta på same måte (på "(du mi) dotter
Dalia"). Desse to forbidansingane blir så repetert ein gong. På siste
verset dansar alle på 6 springsteg inn mot sentrum av ringen og 6 springsteg
tilbake att i staden for den siste omgangen med forbidansing.
Dansemåte II (dobbel ring): På dei 4 første taktene (opptakt på
"Det står ein", og start på venstre fot) dansar gutane motsols i
indre ring og jentene medsols i ytre ring med bytomfotsteg (held saman med lave
handtak). På "hau, hau" tar alle to appellar og kviler på neste
opptakt og dansar likeeins tilbake (start på høgre) med to avsluttande
appellar framfor eigen partnar. No dansar alle parvis rundt på staden med sola
(samdanstak 4) med steg frå springar (jenta springsteg) (startar med venstre
fot)og avsluttar med at guten svingar jenta ein gong rundt medsols uder armen
sin (opptakt på "Kor mange"). Til slutt dansar dei sameleis men no
motsols (byrjar på høgre foten)
| 1) :/: Det står ein friar uti gare, mor lilla, hau, hau! :/: :/: Kor mange penge haver han, du mi dotter Dalia?:/: |
2) :/: Ethundre riksdaler sier han at han har.?:/: :/: Lat'n gå, lat'n gå, du mi dotter Dalia! :/: |
| 3) :/: No står ein friar uti gare, mor lilla, hau, hau! :/: :/: Kor mange penge haver han, du mi dotter Dalia?:/: |
4) :/: Tohundre riksdaler sier han at han har.?:/: :/: Lat'n gå, lat'n gå, du mi dotter Dalia! :/: |
| 5) :/: No står ein friar uti gare, mor lilla, hau, hau :/: :/: Kor mange penge haver han, du mi dotter Dalia?:/: |
6) :/: Femhundre riksdaler sier han at han har.?:/: :/: Femhundre riksdaler sier han at han har.?:/: |
Håvard Hedde
Tonen har Hulda Garborg truleg lært av dansarar frå Telemark.
Teksten er frå Landstad 1853. Klara Semb har laga dansemåte I. Visa står i
"Norske Folkedansar. Songdansar." av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte I (folkevisesteg): Alle dansar 2 folkevisesteg (det lette
taket). På "(Eg) bur oppunder fjell" dansar alle eit steg inn i
ringen og eit steg ut att (venstre fram, høgre tilbake). På steget inn lyfter
vi armane noko og senker dei att på steget tilbake. Så dansar vi folkevisesteg
resten av visa. (Visa kan også dansast med attersteg i staden for
folkevisesteg.)
| 1) Eg heiter Håvard Hedde, og er så ven ein kar, no vil eg bort og gifta med og rydja meg ein gard. Eg bur opp under fjell, og jenta hev eg lova, eg svik'a inkje hell. |
2) :Eg heiter Håvard Hedde og bur oppunder nut, no vil eg bort og gifte meg eg vil 'kje gange gut. |
| 3) Garden den er liten men skogen den er god, der heve eg tvo furur, og dei skal stå i ro. |
4) Og når det lid på tida og borni aukar på, så høgg eg ned den eine, den andre let eg stå. |
| 5) Men når me verte gamle og kvar skal hava sitt, så høgg eg ned den andre og då er skogen kvitt. |
6) Det var no inkje undrands at Håvard totte vont, han reiste i frå Lanjei den myrke haustenott. |
| 7) Han reiste i frå Lanjei og då var jenta fest, men det var med ein annan det hev 'en trega mest. |
Siri-visa
Tonen og teksten er etter læraren Holger Barkved (1897-1963).
Dansemåten er laga av "Veiskrekk". Visa står i "Norske
Folkedansar. Songdansar." av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Alle dansar eit kvelesteg, snur så inn mot ringen og
stoppar på venstre, høgre, utan å endre handtaket. Så dansar vi det same ein
gong til. Så ("Men) då eg kom ..) dansar alle eit kvilesteg. Så slepper
alle taket med framand, og jenta svingar ein gong under armen til guten på eit
bytomfotsteg (guten trør stega på staden). Utan å sleppe handa til guten
støyper jentene ljos, medan guten bøyer seg litt framover. Så slepper dei
taket, gutane tar saman hand i hand og løfter armane medan jeentene reiser seg
opp att.
| 1) Eg fekk i hug å gå te Siri, Siri og fretta om ho ville bli mi, bli mi. Men då eg kom på himlaleite, leite , leite eg sto forsjodla der og sveitta, sveitta. |
2) Eg sette meg på bjørkestubben, stubben, og såg så longleg bort i Sørliklubben. Då kom ho Siri meg i syne, syne, syne ho steig så snøgt og lett som lyne, lyne. |
| 3) Så klår i augo som ei svala, svala. Så ven som solå når ho dala, dala. Så kvit og fin som snø på skogen, skogen, skogen, når greinå henger tung og bogen, bogen. |
Mannen og konen
Tonen og teksten er etter verdalingen Oskar Arntsen (1899-1976),
nedskriven av Geir Egil Larsen. Dansemåten er laga av Geir Egil Larsen. Visa
står i "Norske Folkedansar. Songdansar." av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 6 kvilesteg og slepper framand. Jenta trør
H, V på dei to siste sviktane for å vere klar til brigdet. På "(Å)
hoppfalalao" byrjar alle med "innheradspols" (eller polkamasurka)
parvis langs ringen, guten på venstre og jenta på høgre. Det første steget
til jenta må vere lengre enn det første for guten så ho kjem på plass
innanfor og ved sida av guten. Det neste steget dansar dei så rett framover.
Hendene litt under skulderhøgd.Så dansar jenta under armen til guten mot sola
på to bytomfotsteg, medan guten grør stega nesten på staden (litt framdrift).
| 1) Mannen og konen satte seg ned, talte om nytt og gammelt. Aldri æ visste at du var så vred, førenn vi kom telsammen. Nu kan æ spinna, veva og sy. Nu e æ like god som du er mann. Å hopp falalalo, så siger ho, og den dag forglæmmes aldri. |
2) Gubben han tok eit krokut veatre og knøvla kjærringa om øret: Nu ska du få dett sakramentska fe så fremt du mæ tel høre. Ikke kan du spinna veva eller sy, men du kan gå med skvadder uti by. |
| 3) Gubben han sprang i grønæng og skog og skar sær ein kjepp tå via. Men kjærringa hu sat på gølvi og svor Den ska du sjøl få slita. høgt oppå gølvi valse dæm i ring, kjæppstøbban dansa veggjin ikring. |
Mannen ut gjennom ddøra han sprang og møtte sin granngårds kvinne: I dag hi dæm banka kylryggjen min likeså at tåran rinde. Ja, dett ska du ha av hustruen din, Jeg skal hjem og gjøre ligeså med min. |
Oppi Hallingdal
Tonen er nedskriven av Olea Crøger, og står i Lindemann 1853,
der også teksten står. Dansemåten er laga av Egil Bakka og står i boka hans
"Danse, danse lett". Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 2 attersteg og 4 sviktar av neste. På
"(Oppi) Hallingdal" slepper vi handtaka og snur mot framand og dansar
2 gåsteg langs ringen (med sola). Guten byrjar framover med venstre og jenta
bakover med høgre. Så held vi fram med eit bytomfotsteg. Så dansar vi 2
gåsteg vidare, men på første gåsteget ein halv gong rundt med sola og jenta
ein halv gong rundt mot sola. Så held vi fram med eit bytomfotsteg. Til slutt
snur vi inn i ringen (mot eigen) på 2 gåsteg.
| 1) Å hadde eg meg ei fingerbør malt og dertil eit nataskal humle, så sille eg bryggje det ølet så sterkt at femten mann sille tumle. |
2) Å hadde eg meg eit pannkak-lass og det var klingande føre så sille eg reise til Hallingdal og spenne sju kjerringar fyre. |
| 3) Å ikkje kan det vera vere til enn ein forrasande bonde. Med hovudet opp og beina ned han ber seg verr' enn den vonde. |
Refreng: Oppi Hallingdal oppi Triumslått der bur ein mann som vil gjera godt med surt øl ig ned røykja kjøt om han hev det. |
Nissen
Denne dansen lærde vi av Trine Myrmo på Rettleiarsamlinga i BLS 9. februar
2003. Her kan du høre tekst/melodi (Trine
Myrmo).
Dansemåte: Alle tar saman i ring og går med sola medan vi syng
"Å nissen han var nå så grom en mann, og alle de kunstene kunne
han". Når vi syng om dei kunstene som nissen kan, står vi i ro og gjer
rørslene:
- Neier og bukker (stå i danseretninga)
- Pirk med høgre epikefinger i panna.
- Pirk på nasen med høgre peikefinger.
- Skriv på venstre handflate med høgre peikefinger.
- Slå høgre knytteneve oppå venstre knytteneve.
- Ta fart med armane og snurr rundt til høgre, rundt seg sjølv.
- Skrik ut KYKKELIKYYYY.
| 1) Å nissen han var nå så grom en mann, og alle de kunstene kunne han. - Han kunne neie og bukke. |
2) Å nissen han var nå så grom en mann, og alle de kunstene kunne han. - Han kunne neie og bukke. - Han kunne skurvene plukke. |
| 3) Å nissen han var nå så grom en mann, og alle de kunstene kunne han. - Han kunne neie og bukke. - Han kunne skurvene plukke. - Han kunne pille på sin nese. |
Slik heldt det fram dei neste versa også, og det
blir altså ei ny line i tillegg for kvart nytt vers. Dei neste
tilleggs-linene er slik: |
Søte lille Mette
Denne dansen fekk vi tilsendt av Trine Myrmo etter Rettleiarsamlinga i BLS 9.
februar 2003. Melodien er som "Ti små indianere".
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi stiller opp i to rekkjer, guterekkje og
jenterekkje. Rekkjene er vendt mot kvarandre. (Like mange guter og jenter).
1. vers. Jentene snur seg mot høgre, og spring etter første jenta, bak
rekkja dei sjølv stod i, og opp igjen tilbake på same rekkja. Verset syng vi
om nødvendig opp att til alle er på plass.
2. vers. Gutane snur mot venstre, og spring etter første gut, bak rekkja
dei sjølv stod i, og opp igjen tilbake på same rekkja. Verset syng vi om
nødvendig opp att til alle er på plass. Når vi syng "Come'an
boy's", ser dei bakover på dei andre i rekkja og "vinker" dei
framover ved å gjere ein stor armbevegelse med høgre arm og peikefinger.
3. vers. Jente og gut står rett overfor kvarandre, tar saman med begge
hendene, og set seg ned på huk/og opp att 8 gonger, i takt med sangen. (Ned på
dei orda som er understreka.). Den som ikkje er sprek, må ikkje bøye for
djupt!
| 1) Hvor er vel den søte, lille Mette, hvor er vel den søte, lille Mette, hvor er vel den søte, lille Mette, ut på den store grønne jordbæreng. |
2) Come’an boy’s, henne må vi finne, come’an boy’s, henne må vi finne, come’an boy’s, henne må vi finne, ut på den store grønne jordbæreng. |
| 3) To og to skal vi ut og plukke jordbær, to og to skal vi ut og plukke jordbær, to og to skal vi ut og plukke jordbær, ut på den store grønne jordbæreng. |
En bonde i vår by
Denne dansen fekk vi tilsendt av Trine Myrmo etter Rettleiarsamlinga i BLS 9.
februar 2003. Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Alle saman tar saman i ring og går rundt med sola.
Ein er inne i ringen og er bonde. bonden går mot sola inne i ringen. han tar
seg ei kone med høgre handa når han syng "tok ei kone". (Om han
ikkje har fått seg kone når verset er slutt, syng vi verset ein gong til). I
dei neste versa tar kona seg eit barn, og barnet ein hund osv. slik at det blir
ei lang rekkje inni den store ringen. Når vi syng "osten blei igjen",
tar bonden med seg rekkja og snur rekkja inne i den ytste ringen (som må opne
seg slik at dei innanfrå får plass). Osten blir nå bonde, og ein byrjar frå
starten att utan stans. Når vi vil slutte, kan den som leier avslutte med
".... og ingen blei igjen". Er det svært mange med, kan vi ha fleire
bønder som danner kvar si rekkje.
| 1) En bonde i
vår by, en bonde i vår by, hei, hopp, fallelallala, en bonde i vår by. |
2) Og bonden tok ei kone, og bonden tok ei kone, hei, hopp, fallelallala, og bonden tok ei kone. |
| 3) Og barnet tok en hund, og barnet tok en hund, hei, hopp, fallelallala, og barnet tok en hund. |
4) Og hunden tok en katt, og hunden tok en katt, |
| 5) Og katten tok ei mus, og katten tok ei mus, hei, hopp, fallelallala, og katten tok ei mus. |
6) Og musa tok en ost, og musa tok en ost, hei, hopp, fallelallala, og musa tok en ost. |
| 7) Og osten blei igjen, og osten blei igjen, hei, hopp, fallelallala, og osten blei igjen. |
Tante Monika
Denne dansen fekk vi tilsendt av Trine Myrmo etter Rettleiarsamlinga i BLS 9.
februar 2003. Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Alle saman tar saman i ring og går rundt med sola og
syng dei to innleiande linene. Så står vi på staden og gjer dei rørslene som
teksten fortel om.
| 1) Vi har ei
gammal tante, som heter Monika, og når'a går på torget, vi hermer etter'a. For sånn svaier hatten, og hatten svaier sånn, og sånn svaier hatten, og hatten svaier sånn. |
2) Vi har ei gammal
tante, som heter Monika, og når'a går på torget, vi hermer etter'a. For sånn svaier fjøra, og fjøra svaier sånn, og sånn svaier fjøra, og fjøra svaier sånn. Og sånn svaier hatten, og hatten svaier sånn, og sånn svaier hatten, og hatten svaier sånn. |
| 3) Vi har ei gammal
tante, som heter Monika, og når'a går på torget, vi hermer etter'a. For sånn svaier moffa, og moffa svaier sånn, og sånn svaier moffa, og moffa svaier sånn. For sånn svaier fjøra, og fjøras vaier sånn, og sånn svaier fjøra, og fjøra svaier sånn. Og sånn svaier hatten, og hatten svaier sånn, og sånn svaier hatten, og hatten svaier sånn. |
Slik blir det lagt til to liner for kvart nytt vers: - For sånn svaier veska, og veska svaier sånn .... |
Fjørhaneleken
Denne dansen lærte vi av Ingrid Maurstad på Rettleiarsamlinga i BLS 9.
februar 2003. Denne songleiken er frå Løten. Vi fekk han tilsendt av
Ingrid Maurstad etter samlinga. Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Alle saman tar saman i ring og dansar springsteg
medsols med lavt leietak. Vi dansar springsteg langs ringen heile første
verset. Når andre verset startar tar vi saman parvis med armkrok og dansar
medsols med springsteg. Halvvegs i verset snur vi og dansar sameleis motsols
resten av verset. Tredje og femte verset dansar vi som første verset. Det
fjerde verset dansar vi slik som det andre.
| 1) Vil du vara
med på fjørhanalek, fjørhanalek, fjørhanalek? Vil du vara med på fjørhanalek, fjørhanalek i kveld, du? |
2) Kom skar du få sjå på kjærringa je ha fått, kjærringa je ha fått, kjærringa je ha fått. Kom skar du få sjå på kjærringa je ha fått, kjærringa je ha fått i kveld, du. |
| 3) Denne kjærringa va slettes itte værst, slettes itte værst, slettes itte verst. Dænna kjærringa va slettes itte værst, slettes itte værst i kveld, du. |
4) Kjærringa hu kokte poteter og flæsk, |
| 5) Dalagubben dæinse rætt opp og ned, rætt opp og ned, rætt opp og ned. Dalagubben dæinse rætt opp og ned, rætt opp og ned i kveld, du. |
Sulle, rulle gulldokka
Dette er ein bånsull frå Saltdalen. Ho er nedteikna av Arnt Bakke i 1930 og av
Harald Bakke, og finst i Tromsø Museum sine samlingar.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 5 kvilesteg og 2 sviktar av det neste.
Jenta trør to sviktar på venstre for å ha høgre foten klar når brigdet
startar.
Brigdet startar med "Gjekk ...". Vi tar no parvis saman med
fronten i danseretninga som i reinlender (lett tak med fremste handparet og fast
gripetak med det bakre). Vi dansar 8 reinlendersteg framover. Guten startar på
venstre fot og jenta med høgre. På siste lina ("Hurra ...") snur
guten mot jenta, tar samdanstak nr 5 og dansar ein gong rundt medsols på 4
gåsteg.
| Sulle, rulle gulldokka mi, vel du ha snora på trøya di, vel du ha gule, vel du ha blå å vel du ha lyserø' så ska du få. Gjekk ho åt elva så vaska ho se' (kle) gjekk ho åt skogjen så sanka ho ve' gjekk ho på bakkan' å kamma se' å ropa hurra smågluntane! Hurra småglunta ser dokker me'. |
Kråkevisa frå
Vesterålen
Dette er ei folkevise frå Vesterålen. Det første verset er nedteikna av
Fridtjof Andersen. Arnt Bakke, som var første styraren ved Nord-Norsk
folkemusikksamling ved Tromsø Museum, har laga dei to andre versa. Tonen er
frå Vesterålen og er innsungen på lydband av Arnt Bakke.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 4 kvilesteg. Så startar brigdet med
reinlendersteg (på siste "triolioliola"). Vi slepper framan, og guten
fører jenta opp på sida si på dei første trinna i bytomfotsteget og følgjer
med guten litt i det han byrjar danse ut av ringen medsols, og så slepper dei
kvarandre. Så dansar jenta åleine framover i ringen. Guten dansar rundt med
sola i ein liten ring på utsida av jenteringen og innatt i ringen bak eiga
jente på slutten av det andre bytomfotsteget. God framdrift heile tida. Neste
vers utan stopp.
| Mannen han skulle til skogen gå, trioli, trioli,
triolioliola. Der såg han ei kråke som hakka så, trioli, trioli, triolioliola. Mannen tok børsa og la se' på kne, trioli, trioli, triolioliola. Og skaut så den kråka så ho datt ne', trioli, trioli, triolioliola. Mannen han hauka tel kjerringa og skreik, trioli, trioli, triolioliola. No tura vi jula med kråkesteik, trioli, trioli, triolioliola. |
Hei løsti
Denne folkevisa er nedteikna av Arnt Bakke i 1950 etter Julie Sørensen på
Kvaløya i Troms, og finst i Tromsø Museum sine samlingar.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 3 kvilesteg før brigdet startar på
"Og det ...". Vi snur oss inn mot sentrum av ringen, og lyfter armane
litt utan å endre handtak, og dansar to totrinnssteg (polkamasurkasteg) til
sides mot venstre. Så slepper vi taket (på "han e' .."), tar saman
med eigen med samdanstak nr 5, og dansar rundt medsols på 6 springsteg. Vi
dansar oppatt utan stopp.
| Hei løsti vær no vaken, kle a' serken og dans spillenaken før ho ha' glunten sin i vente. Og det va' glunten i frå nabogården han e' så fæl ette' jente'. |
Gaukelåt
Denne visa lærte vi av Anne Hval Jensen på Songdansøkta under
folkedanskvelden 23. november 2003, og vi fekk tekst og dansemåte tilsendt
etterpå. Teksten er ved Alf Prøysen og tonen er "gamal tone ved Alf
Prøysen". Visa står i ei tidlegare utgåve av Klara Semb
"Norske folkedansar I, 8. utgåve" Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar to heile attersteg + 4 taktdelarav
neste.Vi slepper kvarandre. Guten står stille på staden, og sviktar opp og
ned, og fylgjer med i dansen til jenta. Jenta dansar 8 springsteg: framom eigen
gut, svingar til venstre, rundt neste gut og vidare mot eigen gut (byrjar med
venstre fot). Jenta tar no saman med guten i danseretninga langs ringen (guten
legg høgre arma om livet på jenta og ho legg venstre hand på skuldra til
guten) og dansar 4 lette gåsteg, jenta snur så mot guten (dei legge høgre arm
rundt livet til kvarandre og grip med venstre hand rundt overarmen til
partnaren) og svingar rundt på staden med 4 steg med god svikt. Friskt tempo.
| 1) Og jinta
gikk på vegen ut i sønnavind og sol, hu såg seg ut ei lurvegran der gauken sat og gol. Dit ville jinta liste seg fram så stilt og saktelig, med ønsker om ei lykke som gauken skulle gi. |
2) Hu gikk i nord, hu gikk i sør, mens øra var på vakt. Så fekk hu høre gaukemål: Ho-ho - Ho ho - i takt. Og jinta gikk mot lykka og kom seg under gauketre. Men da var gauken flakse tel grana like ved. |
| 3)Det gikk i mo og måsåmyr, tel slutt vart jinta kje. "Nå kein du gala hen du vil, je følje itte me. Je leve lykka uten og sett meg ned i lyng og bar." Men på den såmma tua der satt en vaksin kar. |
4) Og jinta nevnte lykka si og gauken somvar lei. |
| 5) Så gikk det som det skulle gå med frieri og
"ja". Og nå er jinta gift og har det fredelig og bra. Og om hu hører gauken hu flyg seg æller stiv og støl. Nå har a lykka med seg og kæin å gala sjøl. |
Agnusdei ( Jomfru
Maria gjekk seg)
Tonen er frå ei færøysk folkevise Asmundur Adalsson, prenta i
Hjalmar Thuren: "Dans og Kvaddiktning på Færøerne", Kjøbenhavn
1901. Teksten er nedskriven av M.B. Landstad i Telemark i 1847. Dansemåten er laga av
Klara Semb og står i boka Klara Semb: "Norske Folkedansar.
Songdansar." (1985). Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 2 attersteg og slepper taket. I brigdet går
vi kjede (olbogetak) først rundt med eigen og så rundt med framand
(låste bytomfotsteg, byrjar på venstre fot). Det blir til saman 4 låste
bytomfotsteg. Så vidare på neste vers utan stogg.
| 1) Jomfru Maria gjekk seg ned på sand, fyre, fyre foldo. der såg ho det bånet kom fljotand i land. Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
2) Ho tok det bånet og bar det heim, fyre, fyre foldo. dei kalla det ungan Agnusdei. Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
| 3) Alle Guds englane sloge leik, fyre, fyre foldo. stur'e sat ungan Agnusdei. Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
4) Fram kom Maria plomekinn, fyre, fyre foldo. Kvi site du stur sæle gudson min? Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
| 5) Det er ikkje undrands eg sture må: fyre, fyre foldo. fa'er og mo'er i vondo står Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
6) Løys så di mo'er or vande, fyre, fyre foldo. og lat din faren stande! Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
| 7) Å nei, når eg måtte rå'e, fyre, fyre foldo. då ville eg løyse dei båe. Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
8) Høyrer du sæle gudson min: fyre, fyre foldo. løys så inn att foreldri di'! Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
| 9) Alle Guds englane sloge leik, fyre, fyre foldo. fyre dansar ungan Agnusdei. Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
Falkvor Lommannsson
(Sverddansen)
Tonen er nedskriven av L.M. Lindeman i 1851 i Mo i Telemark etter
Olea Crøger. Teksten er nedskriven etter ulike kvedarar i Telemark, og Hulda
Garborg tok visa med i "Norske Folkevisor" i 1903. Dansemåten er laga av
Hulda Garborg i 1907 og står i boka Klara Semb: "Norske Folkedansar.
Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Kvilesteg og sluttsteg. Dette er eit dansespel. Dansen
høver best for 8 par. Dei stiller på to rekkjer, guterekkje til høgre sett
frå fronten. God avstand mellom rekkjene. Gutane dansar med sverd (faklar) og
jentene med blomsterkransar.
I første biletet (vers 1-2) dansar rekkjene mot kvarandre,
helsar, og tilbake att (rygger) og ny helsing. Så dansar alle framover mot
fronten, møtest par for par tar saman med lett tak og dansar nedover mellom
rekkjene. Nedst deler para seg, det første går mot høgre, det neste mot
venstre etc. Når alle er komne "på plass", front mot front i paret,
står dei i ro og ventar. Alle helsar så til slutt.
I andre biletet (vers 3-7) snur alle mot fronten. Jentene dansar
no i ein motsols ring inne mellom guterekkjene, der første jente dansar først.
Samtidig bøyer gutane av utover, første gut mot venstre og andre mot høgre
etc, og dansar i rekkjer ned langs kvar si side av oppsettet i "lang
rekkje". Når gutane møtest nedst kryssar dei sverd, og dansar opp mellom
rekkjene med kryssa sverd. Dei stoppar når dei har kome "på plass".
Når jentene har dansa ringen sin, bryt første jenta ut av ringen og dansar
nedover langs første guten si rekkje, og dei andre jentene følgjer i
"lang rekkje". Jentene dansar no under sverdborga, og når dei har
nådd "toppen", snur så mot venstre og dansar nedover att på utsida
av guterekkja. Etter kvart som jentene har passert, fell gutane på kne (inste
kneet i golvet). Jentene dansar no i buktningar framover mellom gutane. Når
første jenta har nådd eigen gut, tar dei saman og han reiser seg, og sameleis
med dei andre jentene når ho når fram til sin gut. Til slutt i dette biletet
står så alle parvis vendt mot fronten, to par i breidda, og gutane yst. Dei
held saman med det lette taket, og dei held sverd og krans i ledig hand.
I tredje biletet (vers 8-9) byrjar alle å danse framover, ved
fronten bryt dei av slik at gutane dansar til høgre og jentene til venstre. Dei
bryt av og dansar nedover på utsida av oppsettet etter kvarandre i guterekkje
og jenterekkje. Nedst dansar jenterekkja og guterekkja forbi kvarandre (jentene
inst) og vidare oppover på andre sida av oppsettet. Etter kvart kjem dei inn
på to rekkjer vendt mot fronten. På omkvedet i siste verset vender alle mot
kvarandere samtidig, dansar mot kvarandre og helsar. Helsingane blir utført ved
at guten løfter sverdet høgt framfor seg, og jenta støyper ljos medan ho let
kransen "henga att" framfor seg over hovudet.
| 1) Det var Torstein Davidsson, han ville til bryllaups bjode; og det var Falkvor Lommannsson, han let sine hestar ringskoe. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
2) Det var årle om morgonen, soli ho ryr i dalar, opp stend Falkvor Lommannsson, legg på forgyllte salar. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
| 3) Ut kjem hass sæle mo'er, tårir renn'e på kinn: Hore aktast du av i dag, du Falkvord kjær sonen min? - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
4) Eg vil prøve mine hommenn, Eg vil prøve min hest; eg vil taka att vivet mitt, som Torstein Davidsson hev fest. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
| 5) Det var Falkvord Lommannsson, han seg av garde rei: der grodde kje graset på femten år, der hass grågangaren steig. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
6) Det var Falkvord Lommannsson, han kom seg ri'and i gård, inn så spring'e den lisle smådreng, seie han tidend i frå. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
| 7) Inn så spring'e den lisle smådreng, seie han tidend i frå: Her stend fullt tunet av hærkledde menn, og alle som duvone grå! - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
8) Og det var fruva Vendelin, ho såg seg att yvi herd, då såg ho Falkvord Lommannsson med herskeleg stor'e ferd. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
| 9) De takje av meg mitt hovudgull og setje på meg silkjeluve; kjem han inn Falkvord Lommannsson, han helsar meg fyr ei fruve. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
Mass og Lasse
Tonen er truleg etter Lars K. Liestøl (1839-1912). Teksten er
frå Norsk Folkedikting i Hallingdal-dialekt. Dansemåten er laga av
Hulda Garborg i 1903/04, og liknar på Sandøyardansen på Færøyane. Dansen
står i boka til Klara Semb: "Norske Folkedansar. Songdansar."
(1985). Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Kvilesteg. Alle dansar 4 kvilesteg. Omkveldet byrjar
på "Me sku skjøte'n". Med samdanstak nr II hoppar alle rundt
kvarandre halvannan gong (eller 21/2 gong) slik at det blir bytedans.
| 1) Han Mass og han Lasse dei gingo på råd, tryå haile daga te enda, koslaine dai skulle bjødnen få: Me sku skjøte'n sa 'n Masss. Taka hu'e sa'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
2) Og Mass spende bogjin opp fyr sitt kne, tryå haile daga te enda, så skaut'n bjødnen så han datt ned. E trur 'n datt, sa 'n Mass. Kom tak'n fatt, sa 'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
| 3) Han Mass drog bjødn' te Hosløse by, .tryo haile daga te enda. der sto ai bikkje og gapa i sky. Vil ho bite? sa 'n Mass. D'æ 'kje sæt på! sa 'n Lass Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
4) Og Mass slo klo'ne i bikkje-skinn. tryå haile daga te enda, og rengde det ut så fyrr va inn. Æ ho dau? sa 'n Mass. Så ai sild, sa 'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
| 5) Han Mass slæpte bjødnen te Hosløse hus. tryå haile daga te enda, og der va no mykjy leven og sus. Drikke me! sa 'n Mass. Te me sturte! sa 'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
6) Mass slengde bjødnen på stugugolv, tryå haile daga te enda, så alt kvendfolkjet i stugunn skolv. Dai verte rædde? sa 'n Mass. Lat så bli! sa 'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
| 7) Lass han koka ein rjomegraut, tryå haile daga te enda, så femten kjeringa i smøret flaut. Han æ hait, sa 'n Mass. Han æ fait, sa 'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
8) Han Mass sette øltunna oppå bord, tryå haile daga te enda, så slo 'n i halsen kor einaste tår. Tvi koss du drakk! sa 'n Lass. Eg va tyst, sa 'n Mass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
| 9) Då vart 'n Lasse så rai så ain tysk, tryå haile daga te enda, Han sputta og banna så han vore rysk: Du ska blø! sa 'n Lass. Lat uss slåst sa 'm Mass. Sigji du det? sa'n Mass te'o Lasse. |
10) Og 'n Lasse drog ut sin tolekniv, tryå haile daga te enda, og kjøyrde 'n inn i Masses liv. Au, au! sa 'n Mass. No æ du dau! sa 'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
Oppå fjellet
Visa er dikta av Kristofer Janson (1841-1917) og tonen var ein
vanleg folketone på 1800-talet. Dansemåten er laga av Ragna Gunleivson
Øygard, og teke med i Norske Folkedansar i 1925. Han står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Kvilesteg. alle dansar eit kvelesteg. Så tar gut og
jente krossvendingsstak, og jenta dansar forbi guten i masurkatakt på
"venstre, høgre svikt", og så dansar guten forbi jenta på same
måte (vi kallar det "forbidansing"). Det skjer på " (oppå)
fjellet opp på fjellet! her". Så blir det dansa eit kvilesteg til og
"forbidansing". Så to kvilesteg og forbidansing heilt til
slutt.(Totalt: kvilesteg, forbi, kvilesteg, forbi, to kvilesteg, forbi).
| 1) Hu hei! kor er det vel friskt og lett opp på fjellet!, opp på fjellet! her leikar vinden i kåte sprett opp på fjellet! opp på fjellet! og foten dansar, og auga lær, og hjarta kveikjande hugnad fær opp på fjellet! opp på fjellet! |
2) Kom opp! kom opp frå den tronge dal opp på fjellet! opp på fjellet! her bles ein blåster so frisk og sval opp på fjellet! opp på fjellet! og lii skin utav blomar full, og soli drys alt sitt fagre gull opp på fjellet! opp på fjellet! |
| 3) I dalen starvar du tung og heit, kom på fjellet! kom på fjellet! kor fint her er, inkje nokon veit, her på fjellet! her på fjellet! ditt auga flyg over nut og tind, det er som flyg det i himlen inn opp frå fjellet, opp frå fjellet. |
4) Og når no soli til kvila gjeng attom fjellet, attom fjellet, då reia skuggane opp si seng attmed fjellet, attmed fjellet, då gidrar alt i ein strålesverm, og hjarta sveiper seg inn i draum opp på fjellet, opp på fjellet. |
Gudmund og Signeliti
Tonen byggjer på ei nedteikning av L.M. Lindeman i Tuddal i
Telemark i 1860. Teksten er etter ei nedteikning i Landstad 1853.
Dansemåten er laga av Klara Semb. Visa står i boka Klara Semb: "Norske
Folkedansar. Songdansar." (1985). Her har vi teke med dei mest
brukte versa (i NF er det 25 vers). Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Folkevisesteg og gåsteg med
sluttsteg. Alle stiller opp i dobbel ring, gutane inst. Gutane snur mot
sola og jentene med sola. Alle trør to steg framover og tredje steget inn til
høgre slik at alle står på ein ring. Vi trør inn mellom annakvar vi
møter. Dette gjer vi to gonger til. Dei to som står mot kvarandre etter
tredje gongen tar saman begge i begge og dansar 3/4 gong rundt på 3 gåsteg,
stoppar på eit sluttsteg og støyper ljos. No er vi ferdig med første
verset. No dansar vi på same måten dei andre versa heilt til det siste
verset. I det siste verset dansar vi vanlege folkevisesteg. I starten dansar guten
seg inn i ringen på feil side av jenta si.
| 1) Herr Gudmund han tala til liten småsvein: - fager fell'e sol og blomar alle. Du salar min gangar, og ver inkje sein! - For den som så vel kunne leike. |
3) Og stolte herr Gudmund kom ridand i gård, - fager fell'e sol og blomar alle. ute stod gullsmeden, slo ut sitt hår. - For den som så vel kunne leike. |
| 4) Herr Gudmund han tala til gullsmeden så: - fager fell'e sol og blomar alle. Eg vønst Signeliti, di dotter å få? - For den som så vel kunne leike. |
5) Mi dotter, stolt Gudmund, du alli kan få, - fager fell'e sol og blomar alle. fyrr sko på havsens botn rotne hennar hår. - For den som så vel kunne leike. |
| 23) Og Gudmund han spela framtil med å, - fager fell'e sol og blomar alle. han spela Signeliti or bylgjune blå. - For den som så vel kunne leike. |
24)Og Gudmund han spela så alle strengjer brast, - fager fell'e sol og blomar alle. så hadd han Signeliti i armen sin fast. - For den som så vel kunne leike. |
| 25) Signeliti ho heldt i sin festarmanns hand, - fager fell'e sol og blomar alle. Sæl er den sveinen or bylgjun meg vann! - For den som så vel kunne leike. |
Tordivelen og flua
Tekst og tone er ei folkevise ved Alf Prøysen. Dansemåten er
laga av Egil Bakka. Visa står i boka Egil Bakka: "Danse danse lett utpå
foten" (1979). Høyr
på songen her (mp3).
Dansemåte: Attersteg. Vi dansar to attersteg fram til siste
omkveldet. Vi klappar så på første taktslaget og snur rundt mot venstre 3/4
gong på 3 trinn og foten inntil. Så slår vi saman høgre handa mot høgre
handa til eigen dansar. Så dansar vi sameleis i motsett retning (ein heil
gong rundt). Så klappar vi i eigne og svingar ein gong rundt mot venstre på
tre trinn. Neste vers utan stogg.
| 1) Og tordivelen knytte på seg hosoband, pirion! Så drog han like til fluguland, piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
2) Tordivelen ville til flua fri. pirion! Å vil du vara kjerringa mi? piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
| 3) Nei åssen kan du nå tenke slik? pirion! Du er fattig og je er rik. piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
4) For når du graver i muld og jord, pirion! så spiser jeg ved kongens bord. piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
| 5) Og når du ligger i åker og eng, pirion! så sover jeg i silkeseng. piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
6) Men da slo tordivelen flua på kinn. pirion! Detta ska du ha att for kjæften din! piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
| 7) Flua satte seg på snippen og gret. pirion! Å reis itte frå meg, men ta eg med! piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
8) Når skal så vårt bryllup stå? pirion! Itte i vår, men til neste vår. piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
| 9) Og bryllupet var både gjævt og stort. pirion! Og bryllupet sto på en hestelort. piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
10) Og dansen gikk lystig i brudehus. pirion! Det danse to lopper, det spelte ei lus. piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
Jonsoktid
Tonen er laga av Gerhard Gundersby (1903-1974) som i mange år
var spelemann i Bondeungdomslaget i Oslo og i Oslo Songdanslag. Teksten er
skriven av Åsmund Svinndal (1892-1964). Dansemåten er og laga av Åsmund
Svinndal. Visa står i boka Klara Semb: "Norske Folkedansar.
Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Attersteg, gåsteg, bytomfotsteg frå gangar og
sluttsteg. Alle står i ring vendt inn mot sentrum. Guten startar med å ta
venstre fot i kryss over høgre fot og trør ned med høgre litt attom, og
etterpå eit sluttsteg rett bakover. Samtidig trør jenta to gåsteg (starte på
venstre) inn i ringen og snur utover mot guten, og tar eit sluttsteg. Så trør
både jente og gut mot kvarandre på eit bytomfotsteg og tilbake att (ryggar)
på eit bytomfotsteg. No byter gut og jente plass på to gåsteg (byrje på
venstre, vik til venstre for kvarandre) etterfylgt av eit sluttsteg attover. Så
dansar dei igjen mot kvarandre (starte på venstre) på eit bytomfotsteg og
ifrå kvarandre att (rygger) på eit bytomfotsteg. Deretter dansar alle 3 heile
attersteg (guten dansar seg inn på ringen). Dei to siste sviktane på siste
attersteget trør dei som eit sluttsteg og vender mot kvarandre (slepper
framand), og lyfter handa dei held saman med ut og opp ("- ja danse").
I siste verset trør alle det avsluttande sluttsteget mot høgre, held saman
vendt inn i ringen, og løfter hendene høgt.
| 1) Ja, det er ved jonsoktid lett å leva livet. Natt og dag er like ljos, høge himmel, blide dros. Danse, danse jenta mi, låge sko med spenne i. Gull i hår og rosa band. Syn no at du danse kan. - ja danse. |
2) Opp på koll, ned på voll, lavar det av blomar. Gule, raude, kvite blå, balderblom med krage på. |
| 3) Fuglekor, høyr det gror, bia syg og summar. Gauketid, sol i li, jorda kror seg mett og bli'. |
4) Smil på kinn, glad i sinn, mann og møy dei unar. Inga sorg på denne jord, skiplar von om lukka stor. |
Tjovane
Tonen er nedteikna av Lindemann etter Anders Olsen, Bø i
Telemark. Teksten er frå "Norsk Folkedikting". Dansemåten er laga
av Egil Bakka. Visa står i boka Egil Bakka: "Danse danse lett utpå
foten" (1979). Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Attersteg, gåsteg, bytomfotsteg. Vi dansar to
attersteg fram til andre omkveldet. Vi slepper taket i kvarandre. Jentene
dansar 4 gåsteg medsols langs ringen, medan gutane dansar 4 gåsteg langs
ringen medsols. gutane i inste ring. Så snur alle ein halv gong på fjerde
gåsteget og dansar eit bytomfotsteg tilbake til eigen partnar. På
"lunden her" tar alle pravis saman med samdanstak 4 og svingar rundt
på staden ein halv gong med tre snurresteg, slepper kvarandre og svingar inn
på plass. Vidare på neste vers utan stogg.
| 1) Steinfinn og Ståle - Hei og hå, min gangar grå - dei var tjovane båe. - For enno stend'e gangaren i grøne lunden her og biar meg. |
3) Steinfinn var goe til kveda, men Ståle var be're til stela. |
| 7) Ståle gjekk åt buret stela, Steinfinn gjekk i stoga kveda. |
8) Høyrer du Åse gode: må eg kveda om tjovar? |
| 9) Du må kveda mest'e du vil, når det kjem okkon inkje til. |
10) Stel du lerreft, hell stel du lin, stel så det som er noko fint. |
| 14) Om tala fruva Åse: Er våre dynnar i låse? |
16) Kiss ut, kiss ut, puse no vil hustru tenne ljus. |
| 18) Ståle utor buret sprang, Steinfinn utor stoga rann. |
Mannen tala til
dotter si
Tonen er nedteikna av Lindemann i Skien. Teksten er frå
"Norsk Folkedikting". Dansemåten er laga av Egil Bakka. Visa står
i boka Egil Bakka: "Danse danse lett utpå foten" (1979). Høyr
på songen her (mp3).
Dansemåte: Attersteg, bytomfotsteg, snurresteg. Vi dansar to
attersteg og to sviktar av neste. På "(Å) nei, og nei"
vender vi parvis på ringen og dansar eit stutt bytomfotsteg mot kvarandre,
sli at guten får jenta på høgre sida si. Så tar vi samdanstak 4 og dansar
tre snurresteg rundt med sola ca halvannan gong, og snur vidare på 3 gåsteg.
Vidare på neste vers utan stogg. Berre dei mest brukte versa er tekne med.
| 1) Mannen tala til dotter si i ei skorsteinsstoga: Du sko inkje gifte deg, det sko du meg lova. Å nei, og nei, enno gjer jomfruva som ho vil. |
2) At eg sko inkje gifte meg, det vil eg inkje lova; den vetrenotti er så lang, d'er vondt åleine sova. |
| 5) Skam få deg, kjær dotter mi, du auke meg ingjo kvide! eg sko kaupe deg hest og sal, til kyrkjunne må du ride. |
7) Hav du sjav din sal og hest; eg kan til kyrkjunne gange; men eg vil hava meg mann i år, hor eg sko han fange. |
| 10) Skam få deg, kjær dotter mi! kan det deg ingjen stille, hot tru du fekk så vond ein mann; han slær deg bå' titt og ille. |
11) Å kjeme'e han no drukkjen heim, eg veit meg ingjo sak, så set eg honom i fangjet mitt, eg frir så vel mitt bak. |
| 12) Og er han då så ille lynd at eg veit meg ingjo råd. så legg eg han i den svarte jord og ein store stein oppå. |
Jomfruva Ingebjør
Ingvar Bøhn har komponert tonen til visa. Teksten er
frå "Norsk Folkedikting" og er nedskriven i Telemark. Dansemåten er laga av Klara Semb. Visa står i boka Klara Semb: "Norske
Folkedansar. Songdansar." (1985). Her har vi teke med dei mest
brukte versa (i NF er det 30 vers). Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Attersteg og sviktgongsteg. alle dansar 2 attersteg og 4
sviktar av neste (venstre-svikt og høgre-svikt på dei 4 siste sviktane). I
brigdet går gutane inn i ringen og løfter armane til port på 3
sviktgongsteg, og så ut att (rygger) med 3 sviktgongsteg, medan dei held
hendene høgt. Jentene held i stakken og figurerer først med 3 sviktgongsteg
(startar med venstre fot fram, høgre vidare fram, og så venstre attover) til
høgre langs ringen slik at dei kjem rett bak framand gut, og deretter 3
sviktgongsteg tilbake (framm på høgre, så fram på venstre og så litt
attover på høgre) slik at dei kjem attende til plassane sine. Når
jenta figurerer snur ho seg samtidig litt.
På siste verset er brigdet litt annleis (før brigdet samlar ein ringen):
Gutane rar sviktgongstega attover og framatt (armane som i versa før), medan
jentne figurerer inn i ringen og ut att på same måten som i versa før.
| 1) Eg veit meg ein ædeli skog'e, sunna og vesta fyr fjord: der veks'e så mange dei ædeli tre, dei venast på jordi som gror. - Hore sko sveinen finne jomfruva? (Korleis skal sveinen ...) |
4) Det var stride stjukmori, ris opp om midje natt: forskapte ho fruva Ingebjør, som Herre-Per ha' silt havt. |
| 6) Det var stride stjukmori, auka ho syndi stor; skapt 'a i ei villande hind som spring'e på øyde skog. |
8) Det var fruva Ingebjør, ho opp or sengji stod; tidom trilla tårine, i hindehamen ho for. |
| 11) Det var han rike Herre-Per, vakna og om seg såg: borte var fruva Ingebjør, som på hass armen låg. |
17) Han sette snorur i kvor den kro der hindi vani å gange; men hindi var så var'e om seg, ho ville kje lata seg fange. |
| 20) Det var stride stjukmori, auka ho syndi meir: skape 'a i den ville ørn som flyg'e så hågt ivi hei. |
25) Skar han stykkje utor sin barm, kasta det hågt oppi kviste; ørni skreik så høgt ho gol, ho ville Herre-Per giste. |
| 30) Gud signe deg, gjæve Herre-Per, fyr alle god-rå'ine dine! Stjukmor mi sit i Trollebotn, der gret ho syndine sine. - No heve sveinen funni jomfruva. |
Nykken og Heiemo
Visa er ikkje teken med i den siste utgåva av NF ( Klara Semb: "Norske
Folkedansar. Songdansar." (1985)), men står i tidlegare utgåver av
Klara Semb sine dansebøker. Dansemåten er ved Kari Semb. Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Attersteg (eller kvilesteg) og låste bytomfotsteg. Vi
dansar eit attersteg og 4 sviktar av neste. På dei to siste taktdelane, medan
vi syng ordet "minne", vender vi oss inn i ringen og trør dei to
stega med mjuk apell. Så dansar vi igjen eit attersteg og to sviktar av
neste. Så slepper vi taket og tek saman slik: Jenta tar med si venstre hand i
stakken og guten tar om denne venstre overarmen til jenta si. Med dei to andre
hendene tar dei saman til ein "høg ring". På "(tvo) rosor
søve der inne" dansar dei så rundt på staden (guten bakover, jenta
framover) på to låste bytomfotsteg.
| 1) Heiemo kvad, det song i lid, - med minne - det høyrde nykken, på havet skrid. - Tvo rosor søv'e der inne. |
2) Heiemo kvad, det song i lund, - med minne - det høyrde nykken, den heiinghund. - Tvo rosor søv'e der inne. |
| 3) Nykken tala til styringsmann: Du styre mitt skip på kristne land! |
4) Eg vil meg på kristne land gå, den vene jomfrua vil eg få. |
| 5) Han skapte seg klæde bå' gule og blå, han skapte seg hest og kull-sal på. |
6) So gjeng han seg i stova inn med høge hatt og blomekinn. |
| 7) No er han komen, som dansen kann treda, no skal den fram som venast kann kveda. |
8) Nykken han dansa og Heiemo kvad, det gleddest alt folket i stovunne var. |
| 9) No må kvar ganga heim til seg, heiemo tek eg på skipet med meg. |
10) Heiemo gret, sine hender vreid: Skal eg fylgja nykken den lange leid! |
| 11) Heiemo, Heiemo still di sut! Du skal rå mine fem gullbu. |
12) Heiemo, Heiemo, still din harm! Du skal få sova i Nykkens arm. |
| 13) So tok han Heiemo upp på sitt fang, vil bera henne på skipet fram. |
14) Ho stakk til nykken i holamot, odden ho sette i hjarterot. |
| 15) her ligg du nykken, fenner blod, enno trør eg mine jomfrusko. |
16) her ligg du nykken for hauk og ramn, enno ber eg mitt jomfrunamn. |
Folkevise
Visa står i den siste utgåva av NF ( Klara Semb: "Norske
Folkedansar. Songdansar." (1985). Dansemåten er laga av Leikrådet i NU
1981/82. Visa er skriven av lyrikaren Åse Marie Nesse
("Nomadesongar" 1978) og tonen er av Karl Fjogstad. Visa vart
framført av komponisten på Rogalandskvelden under NU-stemnet i Haugesund i
1981. Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Attersteg og låste bytomfotsteg. Vi
dansar 4 attersteg, og sslepper taket med framand. Så byrjar brigdet