Danserettleiingar
Stildans

Her finst det omtale av dei fleste dansane som er vanleg å bruke i dei gruppene som driv med stildans.  Rettleiingane er stutte og meint som hjelp for dei som har lært dansen før. Dersom dansane er omtala i rettleiingsbøker eller andre stader, er det vist til desse. Mange av dansane er slik vi har lært dei av Per Kristian Elvestad i Leikarringen Symra. Frå hausten 2005 av Marita Ramstad.

Tilbake til danseoversynet

Argeers  (Playford) rekkjedans, gåsteg, det lette taket
Rekkjedans. Gutane i ei rekkje A, jentene i rekkje B. Inndeling: 1, 2, 1, 2, ....

1. Gå-tur. Gut 1 går rundt med jente 2 (høgre i høgre) og rygger tilbake på plass. Han går så direkte vidare rundt med eiga jente (venste i venstre) på same måte.
Så gjer gut 2 tilsvarande: Rundt med jente 1 (høgre i høgre) og rygger tilbake, og så rundt med eigen (venstre i venstre).

2. Klapping. Alle står på vanleg plass i ro og klappar med eigen: Klapp eigne, klapp begge med partner, klapp eigne, klapp høgre med partner, klapp eigne, klapp venstre med partner, klapp eigne og hendene ned (uten klapp).

3. Gå i ring. Par 1 og 2 tar saman til liten ring med lette taket og går medsols ring  ein gong rundt.
 
4. Klapping. Same som i del 2).

5. Kaste av. Par 1 "kastar av": Dei går ut og snur nedover og tar ny plass nedanfor par 2 (guten snur ut mot venstre og jenta mot høgre). Alle 2-par flytter seg samtidig litt oppover mot musikken.

tilbake til toppen av dokumentet

Anglo Dane  parvis i ring mot sola, flat polka, samdanstak I
Alle stiller parvis på ring, dans mot sola. Flate polkasteg. 

1. Strekk og bøy og polka. Gut og jente mot kvarandre, guten ryggen inn i ringen. 
Strekk og bøy, to gonger. (fot i danseretning blir strekt fram i danseretninga, og så dratt inn til andre foten samtidig som vi bøyer i begge knea). Så polka rundt medsols 1 gong på to takter.
Dette blir repetert ein gong.
Så vidare rundt medsols langs ringen med polkasteg - 8 gonger rundt på 16 takter.
Strekk og bøy to gonger + polka rundt blir så dansa to gonger.

2. Sjasé og rundt. Tre små, sakte gåsteg bakover (guten ryggen inn i ringen, jenta ryggen ut av ringen, dei held saman med lette taket). Så byter jenta hand til venstre i venstre.
Så sjasé (bytomfotsteg) + peik over mot høgre. Skifte til høgre i høgre og tilsvarande sjasé + peike over mot venstre. Så tar dei saman med herdatak med høgre arm (som i "Sjå det lyser av singlande syljor") og dansar rundt kvarandre medsols på 4 polkasteg.

3. Korsvendingstak framover. Dei tar no korsvendingstak og snur lang ringen i danseretninga. Først eit sjase + peike over fram og ut mot høgre, så eit tilsvarande steg fram og inn mot venstre, og eit tredje steg fram og ut mot høgre. Men på siste steget byter dei raskt fot til slutt, slik at dei får tyngda på venstre. Så 4 gåsteg framover i danseretninga, byrje på høgre. Til slutt snur dei mot kvarandre att (guten rygg inn i ringen).

4.
Sjasé og rundt. No dansar dei slik som i del 2): Sjasé + peike mot høgre, så sjasé mot venstre og rundt kvarandre med herdatak.

No startar del 1) att osb så lenge musikken varer. 
Heilt til slutt: I staden for dei 3 sakte gåstega framover, helsar gut/jente på kvarandre med djupt kompliment.

tilbake til toppen av dokumentet

Beethovens Menuett  4 par i firkant gåsteg vaggevals.
Oppstilling 4 par i firkant som i kvadrilje, med det lette taket. A-para har front/rygg mot/frå musikken. B-para dei to andre.

1. Mot og frå. A-para går mot kvarandre på 4 gåsteg, så opp på tå/ned, så kompliment mot framandt par og så mot eigen. Så rygge bakover på 4 gåsteg og same type kompliment. Så gjer B-para det same.

2. Byte plass. A-para startar og går parvis langs ringen medssols, B-para sluttar seg til og går 1/4 runde, medan A-para held fram i  (totalt) 3/4 runde. Så går A-para mot kvarandre, opp på tå/ned (uten kompliment) og tilbake, opp på tå/ned. Så gjer B-para det same. 

3. Vaggevalsen. Vals rundt ringen tilbake til eigen plass, alle samtidig. Først to valsesteg "rett imot og frå på staden", så to valsesteg slik at paret snur seg 90° med sola. Det same skjer 3 gonger til, slik at alle kjem tilbake på plass.

4. Mølle. Først jentemølle med sola med guten yst, halvvegs vender guten ryggen i danseretninga og venstre handa inn til "dobbel-mølne". Så gute-mølla tilbake igjen med gutane inst og jentene yst, og halvvegs svingar jentene inn med ryggen i danseretninga til dobbelmølle.

5. Mot og frå. Same tur som 1), bortsett frå at på aller siste kompliment helser alle på eigen.

tilbake til toppen av dokumentet

Bruu nr 4 - (frå Johannes Bruu si dansebok)
Rekkjedans.  Vanleg rekkjedansprogresjon. Gåsteg.
Gutane stiller på eine rekkja (til høgre sett frå musikken) og jentene på andre. Inndeling: 1, 2, 3, .... 

1. Stort 8-tal. Par 1 går "det store 8-talet". Dei kryssar først over til andre sida (guten nærast musikken), går inn mellom 2. og 3. par og kryssar over og går inn nedanfor 3. par slik at dei vert ståande innanfor rekkjene. Utan å ta saman dansar dei så ballanse på staden (først til venstre og så til høgre). Så tar dei saman (gutens høgre i jentas venstre). Så løfter dei hendene og jenta går rundt guten ein gong motsols. Så kastar dei av  (dvs vender rundt 3. par) og går inn på plassen mellom andre og tredje par.
2.
"Vanleg 8-tal".  Dei to kryssar (jenta framfor guten) og går rundt 2. par (guten medsols rundt andre jenta og jenta motsols rundt andre guten, og deretter går guten motsols halvvegs rundt andre gut og jenta halvvegs medsols rundt jenta ), og inn på plass mellom 2. og 3. par.
3. Kjede. Par 1 og par 2 dansar nå kjede og tilbake på plass mellom 2. og 3. par.

tilbake til toppen av dokumentet

Mignon   pardans  Finsk
Kort valse-dans, parvis i stor ring, ringen sviv motsols.
Dette er ein stildans. Kan  bruke vanleg vals som musikk, men særskilt melodi høyrer til (Spinn, spinn). Hendene langs  sida når dei ikkje er i bruk. Valsesteg og sidesteg. Det skal vere framdrift i alle deler av dansen.

1a. Vals fram og rundt. Hald saman med det lette taket. To valsesteg framover. Guten startar med venstre og peiker over med høgre tå i golvet. Så høgre i golvet, og peike over med venstre tå. Jenta gjer det same med motsett fot.
1b. Så begge rundt seg sjølv med to valsesteg (guten motsols, jenta medsols) - framdrift i ringen også her.
Dette (1a og 1b) blir dansa oppatt.

2. Sidesteg. Så tar begge saman til vanleg samdanstak (samdanstak 1), guten med ryggen inn i ringen, jenta med ryggen ut av ringen, og tar to sidesteg i danseretninga, og så to sidesteg tilbake. Sidestega skal vere litt "dragande/slepande" (som i Pas d'Espagne).

3. Vals rundt. Så er det vals rundt to gonger med sola på 4 valsesteg. Så byrjar dansen på nytt.

tilbake til toppen av dokumentet

Carakteristiske Engelske Danse nr 1   rekkjedans  gåsteg
Dansen finst i boka til Reidar Warme med gamle engelske dansar. Det er  gåsteg i heile dansen.
Oppstilling: Jenter og gutar på kvar si side (gutane til høgre sida sett frå spelemannen). Vi tel opp 1, 2, stå Ikkje oppbyding. Kvar tur tar 16 steg.

1. Gå rundt turen 1. par. Gut 1 tar saman med si jente (høgre i høgre) og går (mot venstre) og nedover og inn mellom par 2 og 3. Inne i ringen roterer dei rundt seg sjølve ein (eller to) gong og stiller inn på plass. (Par 2 rykker samtidig oppover ein plass). 16 steg.
2. Gå rundt turen 2. par. Par 2 gjer no nøyaktig det same som par 1 gjorde i første tur.
3. Lite 8-tal par 1. Par 1 kastar no av, og dansar halve 8-tal rundt par 2, og inn på plass på "feil" rekkje. (Guten går mot venstre halvt rundt gut 2, og tar av mot høgre rundt jente 2. Jenta tilsvarande.) 16 steg.
4. Lite 8-tal par 2. Par 2 dansar så nøyaktig på same måten som par 1 i tur 3. 
5. Halvkjede. Gut 1 og 2 (og jente 1 og 2) tar no saman med næraste hand og dansar to steg mot kvarandre, set foten  inntil og helsar. Så dansar dei to steg bakover att på plass, set foten inntil og helsar. Så dansar dei to para halvkjede over til motsett side ????Par 1 og 2 skulle no også ha bytt plass. ???16 steg.
6. I ringar. Par 1 og par 2 tar saman i små ringar og dansar 4 "pas Marques"-steg på staden. (Trø på venstre, høgre i kryss over og ta vekt, så trø til høgre med høgre og ta venstre i kryss over og ta vekt. Det var to steg). Så dansar dei 3 steg i ring med sola og helsar, og 4 steg tilbake mot sola. Dette tok 16 steg.
Dette dansar dei no ein gong til.
Einar- og toar-par har bytt plass. Så byrjar dansen på nytt med ståparet som toarpar.
tilbake til toppen av dokumentet


Karakteristisk engelsk dans nr 4 - "Den Charmante" (frå Reidar Warme si bok)
Rekkjedans.  Vanleg rekkjedansprogresjon. Gåsteg og sidesteg (polka).
Gutane stiller på eine rekkja (til høgre sett frå musikken) og jentene på andre. Inndeling: 1, 2, 3, .... 


1. Første gut går. Gut 1 går rundt jente 2 medsols (høgre i høgre) og vidare rundt motsols med eiga jente (venstre i venstre) og tilbake på plass.
2.
Første jente går.  Så dansar jente 1 heilt tilsvarande det gut 1 gjorde i tur 1. Ho tar venstre i venstre med gut 2 og høgre i høgre med eigen.
3. Kaste av. Par 1 vender no ut av oppsettet (kastar av) og går inn mellom par 2 og 3, tar så vidt saman mellom par 3, og svingar ut (guten til høgre og jenta til venstre) og rundt par 3 og innatt i oppsettet.
4. Sidesteg to gonger rundt. Par 1 tar no saman med par 2 (lette taket) til ring og dansar sidesteg to gonger heilt rundt.
(Det er også brukleg å nytte gåsteg i staden for sidesteg her.)

tilbake til toppen av dokumentet

Karakteristisk engelsk dans nr 6   (frå Reidar Warme si bok)
Rekkjedans.  Vanleg rekkjedansprogresjon. Gåsteg og sidesteg (polka).
Gutane stiller på eine rekkja (til høgre sett frå musikken) og jentene på andre. Inndeling: 1, 2, 3, .... 
Dansen er nokså lang og litt komplisert. Første gong gjennomgått på stildansseminaret på Sanderstølen mars 2004.

1. Første mølle. Par 1 helsar på par 2 (2 takter) og vidare inn i medsols mølle med par 2 (4 takter) ein gong rundt. Para tar saman begge i begge, men snur seg i danseretninga slik at det blir eit litt skjeivt handtak. På dei to siste taktene i veket kastar par 1 av (vender ut av ringen og kjen inn att mot par 3).
2.
Andre mølle.  Par 1 helsar no på par 3 (2 takter) og dansar motsols mølle med par 3 (4 takter) ein gong rundt med same handtak som i tur 1. På dei to siste taktene i veket kastar par 1 av rundt par 3.
3. Marsj i hjarteform. Par 1 møtest no innanfor par 3 og tar saman med krossvendingstak på veg oppover (mot musikken). Når dei nærmar seg par 2 slepper dei taket i kvarandre, og går rundt par 2 (guten mot venstre og jenta mot høgre), når dei møtest mellom par 2 snur dei frå kvarande og tar saman med par to slik at par 1 og 2 no står på linje med lette taket vendt framover mot musikken. 
4. Stor open marsj. Par 1 og 2 dansar no to korte bytomfotsteg framover (lette taket), og så så eit ballansesteg (sidesteg) mot venstre og eit mot høgre. Så slepper dei taket, og marsjerer slik: Gut 1 og jente 1 går fram/ut av oppsettet (guten vik mot venstre jenta mot høgre) og kastar av slik at par 1 møter par 3. Når par 1 marsjerer, følgjer par 2 etter (gut etter gut, jente etter jente), men snur straks inn att på eigen plass.
5. "Pas de Basque" og rundt. Par 1 og 3 snur no mot kvarandre og dansar 4 "Pas de Basque"-steg ("små bytomfotsteg") på staden (mot høgre først). Så tar gutane og jentene saman (begge i begge) og går ein gong rundt motsols, og gut og jente i  par 1 møter gut og jente i par 3.
6. "Pas de Basque" og rundt. No dansar par 1 og 2 så same måte som i tur 5, og par 1 tar plass mellom par 2 og 3.
7. Første "hjørnekjede". No dansar gut 1 rett over mot jente 3, tar høgre i høgre og dansar rundt med henne, krysser diagonalt over og dansar rundt (venstre i venstre) med gut 2 og kryssar tilbake mot jente 1 sin plass. Samtidig med dettte dansar jente 1 tilsvarande: Først dansar ho rundt med gut 1 (venstre i venstre), krysser diagonalt over (passerer eigen gut) og dansar rundt med jente 3 og kryssar tilbake mot gut 1 sin plass.
8. Andre "hjørnekjede". Når jente 1 og gut 1 har passert kvarandre vik dei av rundt kvarandre og byrjar på ny hjørnekjede. Gut 1 dansar først rundt med 3. gut (venstre i venstre), så over og rundt med jente 2 (høgre i høgre) og heim til eigen plass mellom gut 2 og 3. Samtidig dansar jente 1 først rundt med jente 2 (venstre i venstre), så over og rundt med gut 3 (høgre i høgre) og heim til eigen plass mellom jente 2 og 3.

tilbake til toppen av dokumentet

Engelsk dans nr 17.  Rekkjedans. Gåsteg. Balansesteg. Lette taket.
Gutane stiller på eine rekkja og jentene på andre. Inndeling: 1, 2, 3, 1, 2, 3 .... 

1. Alle balanse. Alle gjer balanse på ringen (først mot høgre) 2 gonger. Så roterer alle rundt seg sjølv motsols 1 gong, og helsar så mot eigen på andre rekkja.

2. Lite 8-tal1.  1. par går lite 8-tal: Kryssar først over  (guten til venstre for jenta), og inn mellom 2. og 3. par og snur rundt inn på plass.

3. Ring med 3 jenter/gutar. 1. gut tar no saman med alle 3 jentene i ring med lette taket og går medsols ein gong rundt. Så tar 1. jente saman med dei 3 gutane og går rundt motsols i ring ein gong.

4. Balanse. 1. par og 2. par gjer no balanse på ringen 2 gonger som i starten av dansen (først mot venstre).

5. Kjede. 1. og 2. par dansar no engelsk kjede. Gutane (jentene) startar med å ta saman høgre i høgre. Når gutane (jentene) møtest 2. gongen (på motsett side) "snur dei ein halv omgang rundt", byter hand og dansar kjede "tilbake" til dei er på den plassen der dei starta kjeda.

6. "Kaste av".  Til snur 1. par ut og inn på same plassen att.

tilbake til toppen av dokumentet


Engelsk dans nr 26.  Rekkjedans. Gåsteg.  Lette taket.
Gutane stiller på eine rekkja og jentene på andre. Inndeling: 1, 2, 3, 1, 2, 3 .... 

1. Gut 1 og 3 byter plass, så jente 1 og 3. Gut 1 og gut 3 går mot kvarandre på 2 steg, snur rundt kvarandre motsols, og rygger inn på plass på 4 gåsteg. Så går dei to gutane ein gong rundt med den jenta som står midt imot, høgre i høgre (4 steg). Deretter dansar 1. og 3. jente på same måte.

2. Par 3 på lang 8-tals-vandring. Gut 3 og jente 3 krysser over (gut til venstre for jenta), inn mellom 2. og 1. par, rundt 1. par og inn på plass "nedafor" 1. par (8 steg).

3. Par 1 og 2 kjede. Par 1og par 2 går nå engelsk kjede, starte med eigen, og ender opp på same staden som der dei var då denne turen starta. (8 steg).

4. Lang "mølle". Par 1 dansar no mølle, og dei andre "hektar seg på" under vegs (litt komplisert), 16 steg i alt. Par 1 gir høgre i høgre og dansar ein halv omgang medsols på 4 steg. Så snur dei brått og tar venstre i venstre, og nett då hektar 3. jente og 2. gut seg på mølla og dansar 1 gong rundt motsols slik at dei som hekta seg på kjem inn att på sin plass. Så dansar 1. par vidare åleine i "mølle" ein halv omgang, skifter så brått hand og danseretning, og dei to "andre" (2. jente og 3. gut) hektar seg på mølla og dansar ein gong rundt medsols til alle kjem inn på plass. Til slutt dansar 1. par ein gong rundt med kvarandre (høgre i høgre) og inn på plass. No har par 1 og par 2 bytt plass, og dansen byrjar på nytt.

tilbake til toppen av dokumentet


Gammal polka  4 par i "firkant". Rolege polkasteg (trø, trø, trø svikt) Svensk
Fire par stiller parvis i to rekkjer mot kvarandre, to par på kvar side. Det lette taket. Enden av kvar rekkje dannar hjørna i ein firkant, og i store deler av dansen dansar para rundt på denne firkanten. Etter ei heil gjennomdansing kjem kvart par til "neste" hjørne (neste = det første når du går i ring mot sola).


1. Polka rundt firkanten.  Rett før dansen startar roterer dansarane litt slik at dei snur parvis mot kvarandre og har "danseretning" (gutens venstre side) mot sitt "neste" hjørne i firkanten.
Dei dansar 4 x 4 polkasteg, 3 steg på kvar side og 1 steg til å "snu" 90° i hjørnet.  Det blir omtrent som "feiarsteg", trø, trø, trø og svikt. Roleg. Snuinga på 90° skjer ved at guten i siste del av steget trør bakover. På den måten får vi eit "skarp" hjørne. Så er dei tilbake i "eige" hjørne og har front diagonalt innover i firkanten, og tar til slutt eit handtak der guten tar saman med si høgre hand i jenta si høgre hand bak på ryggen til jenta.

2. "Armen bak". I starten står gut og jente tett inntil kvarandre, med høgre i høgre bak jentas rygg. Dei held saman høgre i høgre gjennom heile turen. Først trør dei frå kvarandre sidelengs: trø, trø, trø, peik over. Så sidelengs med guten bak jenta, jenta under armen og helsing mot kvarandre (gut har venstre fot fram og bøyer i venstre). Så tredje steg som blir lik første (guten bak). Og til sist guten framom, så guten under armen og snu litt mot høgre, og til slutt også jenta under armen, slik at dei blir ståande med armane over hodet med front "i danseretninga" mot sola i firkanten. 

3. "Rundt firkanten med jenta under armen og polka". No dansar jenta under armen med sola og så dansar paret saman rundt med sola. Dette pågår til dei har kome heilt rundt firkanten tilbake på eigen plass. 

4. "Hæl og tå , små firkantar rundt seg sjølv". Først tar begge byt-om-fot mot høgre (byrje med høgre først) og så høgre hæl og høgre tå inntil andre foten. Så byt-om-fot idet dei svingar rundt seg sjølv mot høgre og hæl og tå (vender no mot kvarandre). Så blir dei to elementa gjenteke: Byt-om-fot mot høgre og hæl og tå. Og tilslutt byt-om-fot og rundt og hæl og tå. (Guten byter tyngda til høgre fot heilt til slutt.) Dansarane har no dansa parvis i små firkantar rundt seg sjølv.

5. "Rundt firkanten og over til neste hjørne". No dansar først para seg over til neste hjørne på fire steg slik: Jenta framfor guten med byt-om-fot og hæl og tå.  Så halvvegs tilbake igjen med same steg. Og så dei to stega ein gong til. (Jenta "pendlar" altså framfor guten frå side til side). No er para komne over i neste hjørne. No dansar dei firkanten ein heil gong rundt herifrå: Først varangsnu 4 polkasteg til neste hjørne. Så rettsnudd polka til neste hjørne att. Og slik vidare to gonger til. No har dansarane avansert "eitt hjørne" i forhold til opprinneleg plass.

tilbake til toppen av dokumentet

Jamaica  rekkjedans.  Hoppesteg og sidesteg.
Gutane stiller på eine rekkja og jentene på andre. Inndeling: 1, 2, 1, 2, .... 

1. Handslag. Ein'ar-para startar med handslag med eigen, først høgre i høgre, og så venstre i venstre, slik at det vert eit krysstak i høgd med skuldrane. Så dansar dei 4 sidesteg med sola så dei byter plass. Så gjer gut 1 handslag med jente 2, og samtidig gjer jente 1 handslag med gut 2. Deretter sidesteg att så dei byter plass. No har par 1 og par 2 bytt plass, men slik at par 1 står på "feil" side.

2. Hoppetur. No hoppar gut 1 i 8-tal, med si eiga jente på slep. Gut 1 dansar først til høgre for og rundt gut 2, så til venstre for og rundt jente 2 og så til "sin" plass på guterekkja og snu inn på plass. Jenta som kjem på slep stoppar på sin plass på jenterekkja.

3. "Rundt med dei nedanfor". No dansar gut 1 over til og rundt med den jenta som står nedanfor hans eigen, dobbelhandtak, og rygger tilbake på plass - hoppesteg. Etterpå dansar jente 1 sameleis rundt med guten "nedanfor".

4. "Rundt med same kjønn - byte plass". No dansar  gut 1 rundt med guten nedanfor seg ein og halvannan gong med same handtak og steg som i 3). Jente 1 gjer samtidig det same med jenta nedanfor seg. No har par 1 flytta seg 2 plassar nedover i forhold til der dei starta.

5. "Rudt med eigen". Til slutt dansar par 1 direkte rundt med kvarandre på same måten som i 3)  og 4). Så er ein klar til neste omgang.

tilbake til toppen av dokumentet

Feuerfest polka  parvis i ring mot sola, "gamaldagse" polkasteg. Dansen følgjer musikken nøye.

1. 16 polkasteg. Lette taket (gut høgre, jente venstre). Først helsing mot kvarandre. Så 16 polkasteg  i motsols ring (stega har feiarpreg, gamaldags polka, samdanstak 1). 

2. Jente under arm og rundt. Dei byter tak: venstre for gut i høgre for jente over hovudet. Jenta går under armen medsols på to steg, og så dansar dei saman rundt polka på to steg (vanleg samdanstak 1). Det blir dansa til saman 3 gonger.

3. "Jenta over". Samdanstak nr 1, som i slutten av 2. tur. Jenta dansar over på gutens venstre side (kryssar framfor guten) på eit bytomfotsteg, så tar begge yste foten ut med tåa i golvet og så inn mot andre foten med tåa i golvet. Så dansar jenta over på gutens høgre side på tilsvarande måte. Dette blir så dansa ein gong til.

4. Vanleg polka rundt. Para dansar polka rundt 4 steg motsols, så 4 steg medsols (treng ikkje kome 2 gonger rundt, dei kjem gjerne halvannan gong rundt.).

5. Framover med reinlendertak. Para tar vanleg ope reinlendertak. Dei dansar så 1 bytomfotsteg framover, så krysser jenta over på gutens venstreside på eit bytomfotste, så dansar dei to bytomfotsteg framover. Dette dansar  dei til saman 4 gonger.

6. Vanleg polka rundt. Dansar nå slik som i 4. tur. 4 gonger.

7. Avslutte. Til avslutning dansar jenta 1 gong rundt seg sjølv under arma, og etterpå avsluttande helsing slik som i starten av dansen. 

Vidare. Musikken er ikkje slutt, så no startar det på igjen:

8.  Polkasteg framover som i 1. tur.

9. "Vanleg polka" som i 4. tur, og avslutning som i tur 7.
tilbake til toppen av dokumentet


Lang Menuet (Væggerløse) Dansk 
Parvis på 2 rekkjer. Menuettsteg. Dansen har 4 turar, og kvar tur har 4 menuettsteg.
Menuettstega vert dansa slik: Høgre fot fram. Venstre inntil (hælane svakt saman) med ein liten svikt. Venstre fram eit lite steg. Høgre fram eit lite steg (forbi venstre). Venstre fot eit lite steg fram. Høgre inntil (hælane svakt saman) med liten svikt. Det er liten svikt i desse menuettstega, bevegelsen er jamn og glidande. (Kortform: høgre, svikt, gå, gå, venstre, svikt).

1. Rekkjene mot og frå. Utan å halde saman dansar alle eit menuettsteg mot andre rekkja, og eit steg tilbake (rygge) igjen. Dette gjer vi ein gong til.

2. Rundt med eigen. Vi tar saman med høgre i høgre, lett tak, og dansar rundt med eigen på 4 menuettsteg. Litt avstand, elles blir stega for puslete. Det går ganske sakte rundt!

3. Byte plass. Vi tar høgre i høgre med den som står rett over og dansar halvkjede over og guten møter eiga jente (med venstre i vanstre) og fører henne inn på plass. Dette tar to meunettsteg. Så gjer vi tilsvarande tilbake igjen til eigen plass.

4. Små ringar. Eit par og paret rett overfor i andre rekkja tar saman med lavt handtak til ein liten ring, og dansar rundt ein gong på 4 menuettsteg. Armane skal pendle lett fram og tilbake (fram først).

Så startar dansen på nytt. Den siste gongen vi dansar dansen (f.eks. 3. gongen), er 4. turen litt annleis. Då tar alle i oppsette saman til ein stor avlang ring, men dansar elles på same måte som vanleg.

tilbake til toppen av dokumentet

Pompadour   Pardans. Finsk
Alle stiller parvis i stor ring i danseretninga, danseretning mot sola. Aksletak: Parvis ved sida av kvarandre. Høgre i høgre over jentas høgre skulder, og venstre i venstre ut til venstre og fram.

1. "Framover med aksletak". Para dansar eit steg fram og til venstre slik: venstre til side, høgre bak, venstre til side og høgre peik over. Så eit tilsvarande steg framover mot høgre. Så 4 fire steg framover med "gå og peik over". (I detalj: trø fram med venstre og peik høgre over, så trø fram med høgre og peik venstre over, ..). Gut og jente "svingar litt på seg" medan dei går framover.
Dette blir no dansa ein gong til.

2. "Mot kvarandre, guten inst". No snur dansarane parvis mot kvarandre, gut har rygg inn i ringen og jenta rygg ut av ringen. Så dansar dei sidelengs, begge mot høgre: høgre til side, venstre bak, høgre til side og venstre peike over. Deretter tilsvarande steg mot venstre att. Så tar dei saman venstre i venstre, 1 gåsteg mot kvarandre på høgre fot og opp på tå, og deretter eit gåsteg bak. Så byter dei plass på 4 gåsteg (høgrekøyring).

3. "Mot kvarandre, jenta inst". No dansar dei sameleis som i 2) (også no mot høgre først). Til slutt byter dei så plass at på 4 gåsteg slik at dei er klar til ny omgang.

tilbake til toppen av dokumentet

Picking of Sticks  dans frå 1700-talet (Playford)  Gåsteg. Hoppesteg. Sidesteg. 
Tre par stiller etter kvarandre (slik som i Gillerosen frå Nordmøre). 

1. Framover og attover. Alle tar fire gåsteg fram, og 4 gåsteg (rygge) tilbake. (På 4. steget skal det vere eit liten husk opp og ned.) Dette skjer to gonger.

2. Siksak-turen. På gåsteg byter fremste gut 1 plass med jente 2,  (guten går på "utsida" av jenta) og vidare direkte byter han plass med gut 3. Så går alle ein gong fram og tilbake som i del 1). Så startar 2. siksak. No byter fremste jenta på jenterekkja plass først med 2. gut og så med 3. jente. Deretter fram/tilbake. På denne måten held det fram med 4 siksak'ar til, og då har alle kome tilbake på den opprinnelege plassen sin (ikkje fram/tilbake etter siste zikzak).

3. "Siding". Alle byter no parvis plass med sin partner på 4 gåsteg over, rask snu og gåsteg tilbake igjen. Dei går her til høgre for kvarandre. Så dansar dei dette ein gong til, men no til venstre for kvarandre. 

4. Vevinga. (Midtparet opnar først i begge vevingane). Par 1 og par 2 utfører "veving" - dvs sidesteg "gjennom kvarandre", to gonger i kvar retning, midtparet opnar først. Samtidig dansar 3. paret rundt dei to "veve-para" med "hoppesteg", jenta dansar medsols og guten motsols, "jenta inst på toppen". Så skjer det same ein gong til og no er det par 2 og par 3 som vever medan par 1 dansar rundt dei.

5. Armkrok. Alle para dansar no armkrok med eigen, 8 rolege steg kvar veg, snur halvvegs. Dei byrjar med høgre i høgre.

6. "Hoppe-ti-hopp" = åttetal og rundt. Alle snur framover som i starten. Guterekkja startar hoppinga i ei rekkje, gut 1 i front. Han dansar rundt jente 1, og så mellom jente 1 og jente 2, så mellom jente 2 og jente 3, så rundt jente 3. osb i "8-tal". Når siste person i rekkja nettopp har passert midtjenta, snur han brått andre vegen vidare rundt midtjenta og i 8-tal andre retninga. Han blir dermed førstemann i rekkja og dei andre hektar seg på han. Slik held det fram til alle dei tre gutane har snudd ein gong. Når dei så kjem øvst dansar dei vidare (med gut 1 i spissen) ein heil gong rundt jenteoppsettet (utan 8-tal), og kjem inn på plass.
Etterpå dansar jentene på same måten. Då er dansen slutt.

tilbake til toppen av dokumentet

Rufty Tufty  (Playford) pardans, bytedans (para dansar med nye par). Gåsteg. Lette taket.
Parvis mot kvarandre to og to par i stor ring. I heile dansen er det gåsteg, med det lette taket.


1. Para går mot kvarandre 4 små gåsteg, tilbake igjen (rygge) 4 små gåsteg. Dette er "ekstra" og blir berre dansa heilt i starten av dansen.

"Gåturen". Så startar ein vanleg tur 1: Para går parvis mot kvarandre med 4 små gåsteg. Tar så saman med den jenta/guten dei møter og bryt av 90 grader: så 4 gåsteg inn mot sentrum av ringen (4 gåsteg ut av ringen for dei andre), snur så 180 grader rundt lettaste veg og går 4 gåsteg tilbake igjen, tar så saman med eigen og rygger 4 steg tilbake på opprinneleg plass. 

2. "Byte plass". Gutane startar no og går diagonalt over til høgre for kvarandre og vender mot venstre (og har så bytt plass). Litt etter at gutane har starta, startar jentene og byter plass på same måten (jentene krysser dermed bak gutane). Gut og jente møter no eigen partnar og dansar "dos-a-dos" med eigen (rundt kvarandre med ryggen imot kvarandre, slik som i Ril frå Dønna). Til dette brukte dei 12 gåsteg. No har para bytt plass og halve turen er ferdig. Så dansar dei på heilt tilsvarande måte ein tilbake til eigen plass.

3. "Gjennom porten". No dansar para 4 steg mot kvarandre og 4 steg frå kvarandre  (som i del 1). Så dansar dei 4 steg mot kvarandre att, dei som går motsols løfter armane til port og para går "gjennom" kvarandre på 4 gåsteg.

No byrjar dansen på neste omgang med at para går 4 gåsteg mot nytt par, bryt av 90 grader etc.

tilbake til toppen av dokumentet

Tyske Major  Rekkjedans. Gåsteg. Balansesteg. Lette taket.
Gutane stiller på eine rekkja og jentene på andre. Inndeling: 1, 2, 3, 1, 2, 3,  .... 

1. Balansetur. 1. gut og 2. gut (og 1. jente og 2. jente) snur mot kvarandre, tar "helsepå"-tak og gjer eit balansesteg (mot venstre først). Så gjer dei komplimang. Deretter byter jentene og gutane plass, gåsteg, jentene går inst. Jentene "snur rundt seg sjølv inn på plass", gutane snur kortaste vegen. Så gjer dei det same ein gong til, men no går gutane inst og snur "lengste vegen".

2. Kaste av tur. Par 1 kastar av (gut ut til venstre, jente ut til høgre), og går inn mellom 2. og 3. par og stiller seg mot kvarandre innanfor rekkjene. Her gjer dei balanse to gonger (først til venstre). Så kastar dei av tilbake til eigen plass, men held fram opp mellom rekkjene, rundt seg sjølv og inn på plass mellom 2. og 3. par.

3. Mølle. Par 1 dansar no mølle med par 3, først 8 steg med sola, snu, og 8 steg tilbake.

4. Kjede. 1. par og 2. par dansar til slutt engelsk kjede, startar med eigen i kjeda.
tilbake til toppen av dokumentet


Slädfarten  oppstilling 4 par i firkant. Det lette taket.
Fire par stiller i firkant som i kvadrilje. Par 1 med ryggen  mot musikken, par 2, rett mot par 1, par 3 til høgre for par 1, og par 4 til venstre for par 1. Det lette taket gjennom heile dansen.

1. I ring med og mot sola. Alle tar saman til ring og går 16 gåsteg langs ringen medsols. Snu på hælen bakover og 16 gåsteg tilbake på plass.

2. "Siksak over".  Gut 1 (og gut 2) gjer 4 siksak-steg (bytomfot på skrå framover) over til motståande jente, og byrjar mot høgre. Går så rundt på 4 gåsteg med jente 2 (jente 1) med dobbelt handtak, og rygger så tilbake på plass med 4 gåsteg. Så dansar par 3 og par 4 på same måten. 

3. "Gå igjennom". Par 1 og par 2 går mot kvarandre på 4 gåsteg. Gut 1 og jente 2  (og gut 2 og jente 1) tar saman med lette taket , "går gjennom" par 4 som lagar opning, og jente 1 kryssar mot venstre framfor guten, og guten tar av til høgre.  Dei møter så sine eigne partanarar, tar venstre i venstre og rundt inn på plass på motsett side av der dei stod opprinneleg.
Så gjer par 3 og par 4 det same.
Når eit par lagar opning i denne turen skjer det slik: Dei går fram og ut på : gå, kryss bak, gå og peik over. Så rygger dei tilbake på plass med 4 gåsteg.

4. Promenade heim. Så går alle para langs ringen medsols tilbake på plass arm i arm, og der snur dei så inn på plass ved å rotere rundt seg sjølv (guten rygger) (8 gåsteg). Så går alle 8-tal med framand (høgre i høgre, eller høgre armkrok) og med eigen (venstre i venstre). Då er ein omgang ferdig.

tilbake til toppen av dokumentet
Signora Aurettis dans    Svensk
Parvis på stor motsols ring. Menuettmusikk. Deler av dansen "over-skulder-taket" (venstre i venstre ut og fram,  høgre i høgre over jentas skulder, utan å kvile på skuldra).

1. "Menuettsteg framover". Først eit lite forspel. Parvis i danseretninga med "over-skulder-taket". Tre gåsteg framover (start på ytre) med tå-peik (ledig fot i kryss framom utan å ta vekt). Så dansar vi to slike menuettsteg til framover (andre steg byrjar på inste fot, og tredje på yste fot). Så snur ein mot kvarandre på to gåsteg og gjer komplimang.

2. "Skifte plass". Begge tar høgre i høgre lett tak. Begge tar eit steg mot kvarandre med høgre fot, venstre inntil og så opp på tå. Så tar begge eit steg tilbake med venstre fot, og tåstøtte ut til sida med høgre fot. Så byter dei to plass med 3 gåsteg og tåstøtte på venstre fot (byrje på høgre). Så skifter dei til venstre i venste og begge tar eit steg mot kvarandre med venstre fot, høgre inntil og så opp på tå. Så tar begge eit steg tilbake med høgre fot, og tåstøtte ut til sida med venstre fot. Så byter dei to plass att med 3 gåsteg og tåstøtte på høgre fot (byrje på venstre).

3. "Bakover-steg". Begge utfører no 4 "bakover-steg" mot danseretninga, lette taket. Dei byrjar på yste foten: Tar yste fot litt i kryss bak og fører tyngda over på han samtiddig som ein bøyer i kneet med den foten, medan den andre foten får eit strekk. Litt vridning mot kvarandre og frå kvarandre for kvart steg. Ved avslutninga av turen tar dei "over-skulder taket" og står ved sida av kvarandre i danseretninga.

4. "Menuettsteg på staden". Guten går no tre korte gåsteg (byrje på høgre) bak og opp på høgre sida av jenta og tar tåstøtte med venstre ( Jenta gjer samtidig det same mot venstre, med motsett fot). (Det er same slags steg som i tur 1 - menuettsteg). Dette steget utfører dei tre gonger til (først guten bak mot venstre, så mot høgre og til slutt bak mot venstre att).

5. "I sirkel inn og ut av ringen kvar for seg". Dei slepper handtaket. Guten går no i liten ring inn mot sentrum av ringen med eit menuettsteg (gå, gå gå og tåstøtte), og jenta tilsvarande ut av ringen. Guten byrjar på høgre og jenta på venstre. Så går dei vidare eit steg til og snur vidare rundt slik at dei vender mot kvarandre og dei gjer så komplimang mot kvarandre.  Så går dei begge med 2 menuettsteg mot kvarandre og gjer komplimang.

6. "Til side med knekk". Dei står mot kvarandre når neste tur startar. Begge dansar no til høgre slik: gå (på høgre), ta venstre raskt i kryss bak og svikt samtidig i høgre, trø så ned på venstre, trø til høgre med høgre og "peik over" med venstre. (når vi dansar dette kan vi telje: Ein, og to, tre, fire. Knekken blir då på "og"). Dans så tilsvarande eit steg mot venstre. Og så eit steg mot høgre og eit tilbake mot venstre att.

7. "Som første tur". No dansar ein som første tur, vrir på siste memuettsteget mot kvarandre, slepper handtaket og gjer komplimang.
tilbake til toppen av dokumentet

Schubertvals   Svensk
Parvis på stor motsols ring. Vanleg samdanstak - samdanstak 1. Para startar slik at guten har ryggen inn mot sentrum av ringen. Valsemusikk av Franz Schubert. Koreografi: Valborg Franchi.

1. "Vals og under armen". a) Først framover langs ringen 8 valsesteg - 4 gonger rundt, samdanstak I. 
b) Dei slepper så høgre-hendene og dansar framover med jenta føre, og ho dansar 4 gonger rundt under gutens venstre arm på 8 korte valsesteg. Guten dansar små valsesteg framover. 

2. "Framover og rygge". Med det lette taket dansar dei no framover i danseretninga to valsesteg, så snur dei brått motkvarandre (guten medsols, jenta motsols), begge byter hender (til venstre for gut  i høgre for jenta), og dansar 2 valsesteg bakover i danseretninga. Til slutt 4 valsesteg rundt saman med samdanstak I.

3. "Byte plass rygg mot rygg".  Gut og jente byter plass på 2 valsesteg, dei dansar til høgre for kvarandre snur under vegs rygg mot rygg. Guten byrjar på høgre fot, jenta på venstre. Så dansar dei eit valsesteg rett mot kvarandre og eit kort valsesteg frå kvarandre (bakover). Til slutt dansar dei vals rundt med 4 valsesteg (guten byrjar på høgre fot og jenta på venstre). Dei stoggar slik at jenta har ryggen inn i ringen. Dette var halve turen. No dansar dei det same ein gong til nesten likt: Først forbi kvarandre mot høgre rygg mot rygg på to valsesteg (guten byrjar på venstre og jenta på høgre) og så mot kvarandre og litt frå kvarandre på 2 valsesteg. Så dansar dei vals rundt til slutt, og no byrjar guten med venstre og jenta med høgre (som normalt i vals). Ved avslutning av turen står dei ved sida av kvarandre i danseretninga. Dei tar også nytt handtak: Guten held si venstre i jentas høgre som før, men guten tar med høgre arm rundt midja på jenta innanfor hennar høgre arm som held i skjørtet.

4. "Framover og måne rundt kvarandre". Dei dansar no i danseretninga 3 valsesteg slik: gå på ytre, gå på indre, gå på ytre og tå peik. Så dansar guten nesten på staden 4 valsesteg medan jenta dansar rundt guten slik at ho heile tida har fronten i danseretninga (guten held si venstre i jenta si høgre hand). Alt dette dansar dei no ein gong til.

5. "Rundt, fram og bak". Dei slepper handtaket og dansar framover og rundt seg sjølv på to valsesteg (guten mot sola og jenta med sola). Så dansar dei eit valsesteg i danseretninga og eit valsesteg tilbake igjen (rygger) mot danseretninga. Så dansar dei 4 dansesteg rundt saman på vanleg måte. Alt dette blir så dansa ein gong til.

6. "Som første tur, men motsett rekkjefylgje". Dei dansar no det same som første tur, men dei to delene i motsett rekkjefylgje. Først jenta under armen, og så saman i vanleg vals til slutt. Som avslutning får jenta eit lett kyss på hennar høgre handbak.
tilbake til toppen av dokumentet

Pas de quatre
  
Finsk
Parvis på stor motsols ring. Det lette taket. Alle 4 turane blir dansa 2 gonger. Polkamusikk. Første tur blir dansa oppatt til slutt. Samdanstak 1 i polkaen rundt.

1. "Fram og tilbake". Parvis i danseretninga. Trø fram på ytre, og tilbake på indre. Gå fram på ytre fot, og "tap" med ledig/indre tå (i golvet ut å ta tyngde). Gå så på indre, gå på ytre og deretter bytomfot. Til slutt to gonger rundt saman medsols på 4 polkasteg.   Turen blir så dansa ein gong til.

2. "Slep indre, slep ytre". Parvis i danseretninga. Vi går først to gåsteg framover (venstre , høgre) og når vi trør ned på venstre slepar vi høgre foten i ein boge framover. Så går vi igjen to steg framover (høgre, venstre) og på det tredje (høgre) fører vi venstre fot i ein boge framover. Til slutt to gonger rundt saman medsols på 4 polkasteg.  Turen blir så dansa ein gong til.

3. "Til side og tilbake". Para står mot kvarandre, guten ryggen inn i ringen. Begge går  til sides i danseretninga (mot venstre for gut, høgre for jente). For guten:  Trø på venste, trø høgre kryss bak, trø på venstre og trø med høgre kryss framom og ta vekt. Så tilbake i andre retninga: For guten: Trø med venstre bak, trø med høgre til høgre, trø med venstre i kryss framom, og trø med høgre inntil (samle). Til slutt to gonger rundt saman medsols på 4 polkasteg.   Turen blir så dansa ein gong til.

4. "Start med bytomfot". Parvis i danseretninga. Start på yste med bytomfotsteg framover, trø så ned med ledig (høgre for gut/ venstre for jente) samtidig med at ein snur mot kvarandre (og held litt hardt saman med lette taket og hjelper til med snuinga), og så inntil med ledig fot, slik at det blir tyngd på begge. Så tilsvarande tilbake: Begge startar med "yste" fot (venstre for gut/høgre for jenta), vrir litt og tar bytomfotsteg bakover, så trø på "indre" fot (ledig fot), og inntil med "ytre" fot slik at begge blir ståande mot kvarande med tyngd på begge føtene. Til slutt to gonger rundt saman medsols på 4 polkasteg.  (I staden for å snu motkvarandre, kan ein også berre vere vendt i danseretninga og bøye litt i knea.) Turen blir så dansa ein gong til.

Musikken er no slik at 1. tur blir dansa ein gong til.
tilbake til toppen av dokumentet

Prinsesse Alexandrine Kvadrille.   Dansk. 
Koreografert av Georg Berthelsen og musikk av Louis Forgeron. Dansen finst i eit dansk hefte frå 1998 av Annette Thomsen og Ole Skov.

Oppstilling 4 par i firkant som til norsk kvadrilje. Par 1 er nærast musikken, par 2 rett overfor par 1, par 3 til høgre for par 1 og par 4 til venstre for par 1. Bytomfotsteg, "croise"-steg og gåsteg.

Introduksjon. Til 16 takter med musikk går dansarane rundt og finn seg dansepartnar, og stiller på plass klar til første tur. 

1. 1.-turen. Dei første 4. taktene står ein i ro, og helser så på eigen dansar på dei neste 4 taktene. (Turen vert dansa to gonger først av par 1+2, så av 3+4). 
Par 1 og 2 mot kvarandre på 1 bytomfot (byrje på høgre) og 2 gåsteg, og på same steg rygge tilbake på plass. Med krossvendingstak går par 1 og 2 forbi kvarandre (høgrekøyring) og over på motsett plass. Her dansar dei no eit bytomfotsteg + croise til høgre (byrje med høgre fot) og tilsvarande mot venstre. Så dansar dei parvis motsols rundt på staden på 3 bytomfot og 2 gåsteg. Dei to para dansar så mot kvarandre på 1 bytomfot og 2 gåsteg (starte med yste fot), så byter jente og gut plass sidelengs på same stega (jenta fremst), så rygger dei tilbake på plass på same stega, og til slutt byter dei plass sidelengs (jenta fremst) på same stega. Dei dansar seg no tilbake til eigen plass (jentene først, deretter gutane) slik: Jentene tar saman venstre i venstre, dansar 1 bytomfot (start med høgre) og 2 gåsteg og dreier rundt motsols, og rygger inn på plass med same stega. Gutane tar så saman høgre i høgre, dansar 1 bytomfot (start med venstre) og 2 gåsteg og dreier rundt medsols, og rygger inn på plass med same stega.
No snur alle mot framand og dansar 1 bytomfot + croise til høgre og så 1 bytomfot + croise til venstre. Så rundt med framand (høgre i høgre) på 3 bytomfot (byrje med høgre) og 2 gåsteg.
Alt Dette blir no dansa ein gong til med 3. og 4. par (utan innleiande helsing).

2. 2.-turen. Dei første 8 taktene står alle i ro. 
Par 1 og 2 tar saman til ring og dansar medsols over til motsett plass på 3 bytomfot (byrje på høgre) og 2 gåsteg. Så dansar dei halvkjede tilbake på plass på same stega. Alle jentene (lett tak) dansar no inn og endar med front mot eigen gut på 2 bytomfot (byrje med høgre) og 2 gåsteg. Utan å halde saman dansar alle balanse  (høgre, venstre). Så tar alle venstre i venstre, og jenta dansar rundt guten motsols til sin vanlege plass på 3 bytomfot og 2 gåsteg. No dansar 1. og 2. par mot kvarandre, 1. par gjennom 2. par og omkring motstånde dansar, med front mot han, på 3 bytomfotsteg ("dås-a-dås"). Guten rygger så tilbake på plass, medan jenta danser framlengs og ender med ryggen mot midten, det siste på 2 gåsteg. Så dansar 3. og 4. par tilsvarande "rundt" kvarandre. Alle tar no saman til ring (jentene vender utover) og alle dansar balanse (høgre, venstre), slepper så framand og dansar rundt medsols til vanleg plass på 2 bytomfotsteg. Så tar alle venstre i venstre med framand og dansar ein gong motsols rundt på 3 bytomfot og 2 gåsteg.
Så dansar ein alt dette oppatt med par 3. og 4. som "oppførande".

3. I ring. Alle står i ro i 4 takter og tar saman til ring på dei neste 4 taktene. Så dansar alle eit steg inn og eit tilbake (jenta byrjar med venstre, guten høgre). Utan å halde saman byter no gut og jente plass på 6 gåsteg, guten går bak jenta (alle har front inn). Her tar alle saman til ring att, dansar eit steg inn og eit steg tilbake, og byter så plass tilbake på tilsvarande måte, og ender med front mot framand. Alle tar venstre i venstre med framand og tar eit steg mot høgre, gjev så høgre i høgre og tar eit steg mot venstre, og dei går så ein halv omgang rundt på 6 gåsteg (byter plass med framand). Så tar alle venstre i venstre, tar eit sidesteg mot høgre, byter til høgre i høgre og tar eit sidesteg til venstre, og så går alle medsols tilbake til eigen plass på 6 gåsteg og har front mot eigen. Så dansar alle eit steg fram mot eigen (høgre fot) og tilbake (venstre fot), og alle tar så eit steg til høgre og gjer komplimang mot eigen. Så tar para høgre i høgre og dansar medsols rundt på 4 "polenesesteg" (valsebytomfot).
Så dansar ein alt dette ein gong til.

4. Finale (stort tempo!). Alle står stille i 4 taktar, gjer så komplimang med eigen, og snur seg og tar begge i begge med framand. Gut 1 og jente 4. og gut 2 og jente 3 "traverserer" - dansar sidelengs gjennom kvarandre (1. gut i midten), og på plassen diagonalt snur alle seg rundt seg sjølv (jentene motsols, gutane medsols), det heile på 3 bytomfot og 2 gåsteg. Så dansar dei tilsvarande tilbake (2. gut i midten), og ved snuinga til slutt snur jentene medsols og gutane motsols. Alle gutane dansar no mot høgre og stoggar framfor jenta der på 2 bytomfot (starte på høgre). Dei tar balanse (høgre, venstre). Dei tar høgre i høgre og dansar medsols rundt ein halv gong og stoggar ved sida av kvarandre på 3 bytomfot og 2 gåsteg.Gutane dansar så over til eiga jente og har ryggen mot midten på 2 bytomfot (byrje på høgre).Så dansar alle balanse (høgre, venstre). Alle tar høgre i høgre med eigen og dansar medsols ein gong rundt på 3 bytomfot og 2 gåsteg. Til slutt står 1. par vendt mot 3. par og 2. par mot 4. par og tar krossvendingstak. Dei to motståande para byter no plass (høgrekøyring) med ei motsols snuing til slutt, på bytomfot og gå to gonger, og snur dermed mot det paret dei bytte plass med. Så dansar dei to para halvkjede attende på plass på 3 bytomfot og 2 gåsteg, og ender slik at 1. par har front mot 4. par (og 2. par front mot 3. par). Så dansar ein oppatt "det same" (dvs høgre forbi, og halvkjede tilbake) med dei nye para ein no står imot.
Jentene dansar no mot sentrum på 2 bytomfot (byrje på høgre) og tar saman til ring, og tar balanse (høgre, venstre). I ringen dansar så jentene motsols ein halv omgang rundt på 1 bytomfot og 2 gåsteg to gonger. Så danser 1. og 2. jente seg heim med "jentekjede" (høgre i høgre med motståande jente) på 1 bytomfot og 2 gåsteg to gonger. Etterpå dansar  3. og 4. jente seg heim på same måte. Dei 4 jentene tar så saman til høgrehands mølle, og gutane snur seg motsols på ringen. Jentene og gutane dansar no i kvar si retning og møtest på andre sida av ringen på 3 bytomfot og 2 gåsteg, der dei tar saman parvis venstre i venstre og dansar rundt på plass på 3 bytomfot og 2 gåsteg. Så tar jentene igjen høgre hands mølle og dansar vidare medsols tilbake til vanleg plass der jenta møter sin gut (som har dansa motsols vidare langs ringen) på 3 bytomfot og 2 gåsteg. Dei tar her parvis venstre i venstre og guten fører jenta rundt og inn på plass.
Heilt til slutt er det komplimang for eigen dansar.
tilbake til toppen av dokumentet


Caledonians kvadrilje    
Oppstilling 4 par i firkant som til norsk kvadrilje. Par 1 er nærast musikken, par 2 rett overfor par 1, par 3 til høgre for par 1 og par 4 til venstre for par 1. Alle kjedene i dansen byrjer med venstre i venstre. Polka vert dansa med samdanstak 1. Normalt handtak er venstre i venstre. Første turen vert dansa 2 gonger, dei andre turane fire gonger (med nytt oppførande par). Polkamusikk. Bytomfotsteg, gåsteg og polkasteg.

1. Mølle. Dei første 4. taktene står ein i ro, og helser så på eigen dansar på dei neste 4 taktene. 
Par 1 og 2 dansar tre bytomfotsteg i høgrehands mølle, byter så hand og snur på neste takt, og dansar mølle tilbake på plass (som i Mølledansen). Så byter jente 1 og 2 plass med høgrehands kjede (og rundt på plass med guten),  og deretter sameleis tilbake til eigen plass. Så dansar alle para venstrehands kjede (sakte, store bogar) til dei møter eigen på motsett side av oppsettet. Utan å helse tar dei så saman og dansar medsols polka vidare rundt ringen tilbake til eigen plass. 
Dette blir no dansa ein gong til med 3. og 4. par som oppførande (utan innleiande helsing).

2. Guten fram. Først helsing. 
Gut 1 går fram mot jente 2 på 2 bytomfotsteg (utan å helse) og rygger tilbake att. Så tar han eit bytomfotsteg fram att og gjer komplimang mot jente 2, og rygger tilbake på plass. Alle snur mot framand og gjer komplimang. Så gjer alle "ballanse" (trø, peik over, trø ned) først mot venstre så mot høgre. Alle tar så saman med framand med begge hendene og går sakte ein halv gong rundt medsols (starte på venstre) med kort komplimang. Så direkte vidare med polka rundt ringen motsols med framand (vanleg medsols rotasjon). Polkaen har godt "sig" på første taktslaget. Ikkje for stor ring!
Dette blir no dansa 3 gonger til med ny gut som oppførande (utan innleiande helsing). Til slutt er alle jenter hos sin vanlege dansepartner.

3. Dos-a-dos. Først helsing
Par 1 og par 2 dansar to bytomsteg mot kvarandre, dansar så dos-a-dos rundt motståande jente/gut på 3 bytomfotsteg (par 1 i midten ?), tar så saman dobbelt handtak med eigen og dansar medsols rundt og inn på plass. Par 1 og 2 byter så plass (par 2 opnar opp), og tilbake egjen (par 1 opnar), som i Lancier (men snøggare). Alle gjer så komplimang mot framand. Så gjer alle "ballanse" først mot venstre så mot høgre. Alle tar så saman med framand med begge hendene og går ein (heil) gong rundt medsols (starte på venstre) med kort komplimang. Så tar alle raskt saman (lette taket) til stor ring, dansar 2 bytomfotsteg inn mot sentrum (lyfter hendene), og to steg bakover att. Så dansar (gåsteg?) alle ein gong rundt med eigen, dobbelt handtak, med avsluttande kort komplimang.
Dette blir no dansa 3 gonger til med nytt par som oppførande (utan innleiande helsing). 

4. Byte plass. Først helsing
Jente 1 og gut 2 dansar mot kvarandre på 2 bytomfotsteg, og så gjer gut 1 og jente 2 det same. Så tar dei dobbelt handtak med eigen og går ein gong rundt medsols inn på eigen plass. Alle jenter dansar no med bytomfotsteg  forbi guten til høgre for seg (på innsida) og inn på plass i ringen, kort komplimang. Så gjer gutane tilsvarande, men mot venstre. Jentene, og så gutane, gjentar dette ein gong. Då har alle møtt eigen dansar på motsett side av ringen. Så dansar alle polka i motsols ring tilbake til eigen plass.
Dette blir no dansa 3 gonger til med nytt par som oppførande (utan innleiande helsing). 

5. Polka rundt. Først helsing
Par 1 dansar vanleg medsols polka i motsols ring innanfor dei tre andre para (dei andre klapper). Alle jentene dansar så inn i mot sentrum av ringen på  bytomfotsteg og sluttsteg, og ut att. Så gjer alle gutane det same (gutan har liten appell inst). No dansar alle venstrehands kjede motsols til dei kjem på motsett side av ringen og dansar polka med eigen tilbake på plass (dette er heilt som i 1. tur). Så dansar alle 8-tal med framand (høgre i høgre, start venstre fot) og så med eigen (venstre i venstre).
Dette blir no dansa 3 gonger til med nytt par som oppførande (utan innleiande helsing). 
Til avslutning dansar alle polka rundt i motsols ring.
tilbake til toppen av dokumentet


Grev Løvenhjel Svensk. 
Oppstilling 4 par i firkant som til norsk kvadrilje. Par 1 er nærast musikken, par 2 rett overfor par 1, par 3 til høgre for par 1 og par 4 til venstre for par 1. Gåsteg. Det lette taket og dobbelt handtak.

1. I ring med og mot sola. Aller tar saman i ring og går 16 steg med sola, snur "bakover på hælen" og går 16 steg tilbake på plass.

2. Ringar.  To og to par (1 og 3,  2 og 4) tar saman (lette taket) til små ringar og  går 4 steg med sola, samtidig med at ringen beveger seg 1/4 omgang motsols på den store ringen. Så tar dei to små ringane saman ein kort øyeblikk til ein stor ring (2 steg), som overgang til ein ny liten ring. Dette skjer så 3 gonger til, og då er alle tilbake på plass. Alt skjer i ein samanhengande bevegelse.

3. Parvis rundt ringen motsols. Kvart par tar saman med vanleg dobbelt handtak. På 8 gåsteg beveger kvart par seg 1/4 omgang rundt på den store ringen, samtidig med at paret roterer rundt seg sjølv medssols. Det skjer slik: Jenta beveger seg først litt på skrå bakover og guten mest framover, og motsett på dei siste 4 stega. 
tilbake til toppen av dokumentet


Fransese  -  kortversjon
Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar. Oppstilling parvis på to rekkjer. 8 par eller meir (i siste turen må musikken tilpassast talet på par). Sett frå musikken er venstre rekkje A-rekkja, høgre rekkje B-rekkja. Vi tel inn par 1 (øvst på A-rekkja), så 2 neste par på A-rekkja, neste 1 osb. Det er viktig å merkje seg at i 4. og 5. tur er det viktig om du er par 1 eller 2, i dei andre turane er det om du er på A- eller B-rekkja som spelar rolle. Venstre hand i venstre. I halvkjedene går jenta alltid i midten.

0. Innleiande kompliment. Helse mot 2. rekkja, så helse mot eigen - 8 takter til saman.

1. Jentekjede. Sjasé (bytomfot og sluttsteg) mot og frå. Halvkjede over. Sjase og halvkjede tilbake. Jentene over og rundt med guten (begge i begge), og direkte tilbake og rundt med guten. Krossvendingstak over (høgrekøyring), og halvkjede tilbake.

2. Figurering. Helsing mot eigen, og stå. A-gut og B-jente byrjar så figureringa langs eiga rekkje. Start med å krysse venstre for over: Bytom-fot og gå-snu og bak. Figurere tilbake. (Guten har djupt hoftefeste med arma som vender mot andre rekkja.) Så bytomfot mot kvarandre, halvsnuing rundt kvarandre og rygge inn til motsett rekkje. Så figrere langs framand rekkje. Så direkte tilbake til partnar, tar saman med begge hendene og rundt.
Dette var halvvegs. Alt skjer så ein gong til med dei som "ikkje dansa" første gong.

3. Jamvektskjede. Helsing mot eigen, og stå. Sjasé mot og tilbake. A-gut og B-jente mot kvarandre, høgre i høgre, snu og tilbake og hekte saman med eigen. Jamvektssteg, først mot A. Så krossvendingstak over til motsett rekkje, og halvkjede tilbake. Dette var halvvegs. Alt skjer ein gong til med dei som ikkje dansa. Jamvektsstega først mot B.

4. Vitjinga. Helsing mot eigen, og stå. Sjasé mot og tilbake. Så mot kvarandre og 1-ar jente fylgjer "mot-paret" tilbake til deira plass. Tre-gruppa fram og tilbake (to bytomfotsteg kvar veg), begge mot kvarandre og tilbake slik at 1-gut står framfor 2-gut på B-rekkja, og 2-jente står framfor 1-jente på A-rekkja. No figurerer 1-gut og 2-jente ned og opp langs rekkja dei no stå ved, og så direkte heim att til eigen på "vanleg" måte. Dette var halvvegs. Alt skjer ein gong til, og denne gongen går 2-jenta over først.

5. Kalesja. Helsing mot eigen, og stå. Sjasé mot og tilbake. Så mot kvarandre og 1-ar gut fylgjer "mot-paret" tilbake til deira plass. Tregruppa fram og tilbake (to bytomfotsteg kvar veg), så berre jenta fram og tilbake, så alle mot kvarandre, tar saman i små ringar, 180 grader rundt med sola, og rygge tilbake på "feil" rekkje. Til slutt halvkjede tilbake på plass. Dette var halvvegs. Alt skjer så ein gong til, og denne gongen går 2-guten over først.

6. Storkjeda. ("Tre delar: kjede, marsj og kjede, og figurering imellom."). Helsing mot eigen berre 4. takter. Så storkjede høgre i høgre, gutane mot sola, til vi møter eigen og snur rundt 180 grader. Så helser vi på 4 takter (start på vek eller midt i vek). Så storkjede "tilbake" den vegen vi no snur. Så "full" figurering (A-gut og B-jente) slik som i 1. del av 2. tur. Helsing mot eigen på 4. takter. Marsj - gutane på utsida mot sola, til vi møter eigen. Helse på eigen (ho har ryggen inn i "ringen") på 4 takter. Så marsj vidare "arm i arm" til eigen plass. Så "full" figurering (A-gut og B-jente) slik som i 1. del av 2. tur. Utan helsing føst, blir storkjeda dansa ein gong til. 

S. Avslutning. Arm i arm går para sakte mot kvarandre litt "urytmisk", helse mot andre rekkja og til slutt mot eigen.
tilbake til toppen av dokumentet


Lancier frå Vardø  -  kortversjon
Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar. Oppstilling 4 par i fikant.  Par 1 er nærast musikken, par 2 rett overfor par 1, par 3 til høgre for par 1 og par 4 til venstre for par 1.  Venstre hand i venstre. I det meste av dansen bytomfotsteg, sume stader sidesteg, gåsteg og sluttsteg. Sluttsteg = "gå og inntil". Alle turane blir dansa 4 gonger der "oppføringa" går på omgang.

1. Hjørnetur. 1 gut og 2 jente inn mot miden, snu mot kvarandre og rygge tilbake. Så dansar dei inn og rundt kvarandre (høgre i høgre), tilbake til eigen og rundt. 1. par og 2. par byter plass med halvkjede (par1 i midten først). Så halvkjede tilbake. Nå går alle gutane med sidesteg til hjørnet til venstre for seg, medan alle jentene dansar (bytomfotsteg) inn i ringen mot guten til høgre for paret. Gut og jente byter plass - høgrekøyring utan å ta saman. Så byter gut og jente på ny plass - høgrekøyring og venstre hand i venstre, og vidare "rundt" og tilbake på plass med eigen partnar. Alt dette skjer så 3 gonger til med ny gut (2., 3. 4.) som oppførande.

2. To rekkjer. (Det meste av denne turen er gåsteg. Nokså rask musikk.) 1. par fram og attende (gåsteg + komplim.). Par 1 går så inn mot midten, snur mot kvarandre og tar eit steg mot venstre og komplimang. Paret figurerer så først mot høgre og så mot venstre (sidesteg og sluttsteg). Nå fører guten i par 1 og par 2 kvar si jente over til par 3 og par 4 (krysstak og bytomfotsteg), og gutane rygger tilbake, slik at det blir to rader. Radene (lette taket) fram og tilbake (4 gåsteg + kompl.), og fram att (4 gåsteg). Så tar para saman med eigen med begge hendene og brukar bytomfotsteg tilbake på plass. Dette skjer så 3 gonger til med nytt par (2., 3. og 4.) som oppførande.

3. Jentemølle. 1. jente går på skrå innover mot midten (2 bytomfotsteg + sluttsteg) - ryggen mot hjørnet - mellom 1. og 4. par. Så går gut 2 på tilsvarande måte på skrå inn mellom 2. og 3. par (2 sidesteg + komplimang). Jente 1 og gut 2 bakover mot hjørnet (1 bytomfot +2 gå +kompl.). Jentene dannar no høgre hands mølle inne i ringen, venster i venstre med gutane, medan gutane går til sitt høgre hjørne. (par 1 svingar rundt 1 gong mot sola før jenta dannar mølle). Jentemølle - først eit steg bakover, så framover og rundt med "motståande" gut. Så jentemølle ein gong til, og inn på plass med eigen. Alt dette skjer så 3 gonger til med  ny jente/gut  (2., 3.og 4.) som oppførande.

4. Ring og kjede. 1. par går over til 4. par og helsar kort (2 bytomfot + sluttsteg), og snur så mot venstre og over mot par 3 og helsar kort. Par 1 og par 3 figurerer så, jentene mot venstre framfor guten (2 sidesteg + sluttsteg), og på same måten figurerer dei tilbake. Så dansar 1. og 3. par rundt i små ringar med 4 raske valse-bytomfotsteg, og tilbake. No skal 1. par danse høgre hands kjede med 2. par (først venstre i venstre med eigen og jenta forbi,  før dei startar kjeda med framand). Lang kjede på 12 steg. På "høg tone" tar dei saman og går heim på plass.) Alt dette skjer så 3 gonger til med nytt par (2., 3. og 4.) som oppførande.

5. Kjede og marsj. Førespel på 8 takter, guten snur mot jenta si. Kjede rundt oppsettet, og helse på annankvar, 2 gonger rundt. (Høgre i høgre med første, venste i venstre med andre og ikkje ta saman med tredje). Så snur 1. par ut av oppsett på eigen plass, så 3. par inn bak 1. par, så 4. par og til slutt 2. par så alle står etter kvarandre i ei rekkje. Så figurerer alle sidelengs, gutane mot høgre, jentene mot venstre (2 sidesteg + 2 jamvektssteg). Så figurering tilbake att. No "marsjerer" gutane og jentene på kvar sine rekkjer med bytomfotsteg - gutane bryt mot venstre og jentene mot høgre, og tar saman v i v. når dei møtest att i midten. Ved slutten av "gåsegangen" snur dei inn på ei guterad og ei jenterad og held saman med lette taket. Nå går radene bakover (4 gåsteg), og så framover (4 gåsteg). Så tar alle parvis saman med begge hendene, og går heim på plass (6 gåsteg + kompl.). Alt dette skjer så 3 gonger til (utan nytt førespel).

S. Avslutning. 1. + 2. par mot kvarandre og helsar og tilbake, så 3. og 4. par.
tilbake til toppen av dokumentet


Kvadrilje  - kortversjon
Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar. Oppstilling 4 par i fikant.  Par 1 er nærast musikken, par 2 rett overfor par 1, par 3 til høgre for par 1 og par 4 til venstre for par 1.  Par 1 og 2 blir kalla A-par, 3 og 4 B-par. Venstre hand i venstre. I det meste av dansen bytomfotsteg og sluttsteg, men også figurersteg og jamvektssteg. Sluttsteg = "gå og inntil". Tur 1 og 4 blir dansa to gonger, tur 2, 3 og 5 blir dansa 4 gonger med nye oppførande par.

1. Mot høgre og ring. Førespel med helsing (4 takter i ro, 2 takter komplimang og 2 takter i ro). A-para går mot paret til høgre. Komplimang. Dei tar saman til små ringar mot sola. 1 gut (og 2 gut) tar med seg jentene ut til rad på 2-paret (1-paret) sin plass, og guten står att. Radene mot kvarandre og frå kvarandre. Så har dei to oppførande para halvkjede tilbake på plass (1-par i midten), medan den tredje jenta går til sin partnar. Alt dette skjer så 1 gong til med B-para.

2. Port og figurere. Førespel med helsing. 1 gut og 2 jente mot kvarandre, vender 90 grader og lagar port. Ledig jente (jente 1) går under porten til ledig gut (gut 2), og port-paret snur seg mot dei. Mot kvarandre og frå kvarndre til vanleg plass. Så "sender" gutane dei framande jentene over til eigen. På slutten av dette elementet tar alle gutane ryggen inn i ringen og høgre hand i høgre. Alle fugurerer no mot det hjørnet dei har til høgre, ved å ta "venstre i kryss" og utan å halde saman (bytomfot, gå-snu, gå-bak). Så parvis mot kvarandre, venstre i venstre, og jenta med ryggen inn i ringen. Så figurere ut til det same hjørnet att, og tilbake på vanleg plass. 

3. Jamvekttur. Førespel med helsing. Medan ho held saman med guten snur 1. jente ryggen inn i ringen og helser på eigen gut. Så gjer dei andre det etter tur (nest paret rett overfor, så paret til høgre og til sist paret til venstre for startparet). Nå tar jentene saman til vendt ring og går 4 bytomfotsteg med sola og så 4 steg tilbake. Dei tar så saman høgre i høgre med eigen og tar 4 jamvektssteg - mot høgre først. Til slutt går dei parvis rundt med bytomfot og inn på plass. Alt dette skjer så 3 gonger til med nye start-par.

4. 3'ar-rekkjer. Førespel med helsing. A-para mot kvarandre og tilbake att. A-para mot kvarandre, og så skal det dannast to 3'ar-rekkjer: 1 gut og 2 jente rygger tilbake på sin vanlege plass, medan 1 jente går mot høgre til 3 gut og 2 gut går mot høgre til 4 jente. 3-radene går no mot kvarande og tilbake att to gonger. Så går dei to som står åleine (1gut og 2 jente) mot kvarandre og tilbake att. Så mot kvarandre, 1/2 gong arundt med høgre i høgre og komplimang. Så går dei to rett over til "si" 3'ar-rad og dei to para tar saman med lett tak til små ringar og rundt mot sola 1/2 gong. Så halvkjede tilbake til eigen plass med gutane i midten. Alt dette skjer så ein gong til der B-para startar.

5. Kvervel og figurering. Førespel med helsing. Så snur alle mot næraste framand, og nytt førespel med helsing. No vert det kvervel (rundt på staden med bytomfotsteg, guten i ro på sin plass heile tida, nye jenter kjem til han og dei gjer kvervel), til alle har fått igjen sin eigen partner. Nå går 1 gut og 2 jente mot kvarandre og tilbake. Så går dei igjen mot kvarandre, rung med høgre i høgre og tilbake til eigen og tar høgre i høgre. A-para figurerer no medan dei held saman to figurersteg (små steg). Så bytomfotsteg medsols rundt med eigen og på plass. Så startar vi rett på neste omgang med kvervel. Alt dette vert dansa 3 gonger til med nye oppførande (neste: 1 jente og 2 gut). 

S. Avslutning. 1. + 2. par mot kvarandre og helsar og tilbake, så 3. og 4. par.
tilbake til toppen av dokumentet

Honnfeiv  - kortversjon
Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar. Gutane stiller på eine rekkja og jentene på andre (gutane til høgre sett frå musikken). Inndeling: 1, 2, 3, stå. Rilsteg og hamborgar. Set lette taket og samdanstak 1. Vanleg rekkjedansprogresjon. Nokså rask ril-musikk/dans.

1. Ring med og mot sola. Dei tre para tar saman til ring og dansar 6 rilsteg + 3 appellar med sola, og det same tilbake mot sola.

2. Stjerne med krossvendingstak motsols. Dei tre para tar krossvendingstak (venstre arm øvst) slik at venstre alboge til gutane møtest inne i stjerna. Så dansar dei 14 rilsteg + 3 appellar motsols. (Når dei dannar stjerna, gjer dei slik: Gut to går raskt over til si jente og lagar krossvendingstak der. Par 1 snur seg litt, medan par 3 står nesten i ro når dei lagar krossvendingstak.)

3. Hamborgar medsols og motsols. Dei tre para dansar no hamborgar motsols rundt i dei små ringane, først 4 steg i medsols rotasjon og så 4 steg motsols. Til slutt har par 1 og par 2 bytt plass, medan par 3 er tilbake på sin opprinnelege plass. Par 1 stoppar litt innanfor rekkjene, medan par 2 og 3 stoppar på rekkjene.

Når par 2 kjem øvst i rekkja, står det over 3 gonger før det blir einarpar. Når par 1 kjem til nest nederste plassen, dansar dei ein omgang med paret nedanfor seg og byter plass.
tilbake til toppen av dokumentet


Firetur frå Stange  - kortversjon
Dansen er rekonstruert av Folke Flatland etter oppskrifta til Christen N. Ringnæs i boka "Kulturhistorie fra Stange" (1909). Oppskrifta finst på stensil frå 1993.
Gutane stiller på eine rekkja og jentene på andre (gutane til høgre sett frå musikken). Inndeling: 1, 2, stå. Engelsksteg (= steg frå Åttetur), vals. Samdanstak 1 i valsen. Vanleg rekkjedansprogresjon. Opprinneleg var det berre aller øvste par som byrja dansen.

0. Oppbyding og førespel. Gut 1 byr opp utan musikk. Guten øvst klappar etterpå i hendene og musikken spelar førespel medan dansarane står i ro. (Det går også godt å by opp til musikk på vanleg måte?)

1. Kjede. Par 1 og 2 dansar vanleg høgre hands kjede (startar med venstre fot) med 16 engelsksteg, og stoppar med ryggen til rekkjene litt innafor (kan gjere komplimang til eigen til slutt).

2. Vals. Par 1 og par 2 dansar vals (samdanstak 1) tett rundt kvarandre (kan avslutte valsen med komplimang). Til slutt har dei to para bytt plass.  Par 2 sluttar på rekkja medan par 1 står innanfor.

Når par 2 kjem øvst, må det stå over to omgangar. Når par 1 kjem nedst, står det over ein omgang.
tilbake til toppen av dokumentet


The Geud Man of Ballingigh
Rekkjedans. Gåsteg (+ balansesteg). Lette taket. Vanleg rekkjedansprogresjon.
Gutane stiller på eine rekkja og jentene på andre. Inndeling: 1, 2, 1, 2, .... 

1. Gåtur. Par 1 tar saman går nedover mellom par 2, bryt så av utover og tilbake til eigen plass. Så tar gut 1 og gut 2 straks saman og går mellom jente 1 og jente 2 , bryt av frå kvarandre rundt kvar si jente og tilbake på plass. Så gjer par 2 tilsvarande: Dei tar saman og går oppover mellom par 1, bryt av frå kvarandre og går tilbake på plass. Så går til slutt jentene gjennom gutane, bryt av frå kvarandre rundt gutane og inn på plass.

2. Byte plass. Gut 1 og jente 2 tar no eit steg sidelengs mot kvarandre og tilbake (trø venstre og høgre inntil, og tilbake på trø høgre og venstre inntil). Så byter dei plass på 4 gåsteg (venstrekøyring).

3. Liten ring. Par 1 og par 2 tar saman til små ringar og går rundt ein heil gong med sola. Til slutt byter jente og gut plass på 4 gåsteg (venstrekøyring).

tilbake til toppen av dokumentet

Promenadekvadrilje / Åttetur 
Oppstilling 4 par i firkant som til norsk kvadrilje. Par 1 er nærast musikken, par 2 rett overfor par 1, par 3 til høgre for par 1 og par 4 til venstre for par 1.  Par 1 og 2 er premiærpar, og 3 og 4 sekundærpar. Rolege gåsteg gjennom heile dansen. Stort sett det lette taket, men eit par plassar dobbelt handtak. Startar overalt på høgre fot, bortsett frå i tur 3.

1. Stor ring. Dansen startar med stor motsols ring der alle held saman (nokså lavt handtak og stor ring): Går 4 steg langs ringen (byrje med høgre fot), slepper så framand og jenta går medsols under armen ein gong, medan guten trør stega nesten på staden. Då er alle komne 1/4 rundt ringen. Så blir det same dansa 3 gonger til (tar saman til ring att når ein går vidare), og dermed er alle tilbake på plass.

2. Ulike motiv for premiær og sekundær. Premiær- og sekundær-para dansar i denne turen ulike motiv samstundes.
1. del:
Premiærpara dansar motiv a): 1. par går med 2 gåsteg over til 2. premiærpar, slepper kvarandre, går rundt med framand (høgre i høgre) og rygger tilbake på plass. Samtidig dansar sekundærpara motiv b): Dei vender parvis mot kvarandreog tar balanse, først mog høgre (venstre i venstre, trø og inntil), og så mot venstre (høgre i høgre), og så går dei rundt kvarandre og inn på plass. Deretter dansar premiærpara motiv b) og sekundærpara motiv a). 
2. del:
Premiærpara dansar først motiv c): Para går mot kvarandre på 4 gåsteg og tar saman i midten til små ringar som roterer 1/2 gong mot sola og så rygger para inn på motsett plass. Så dansar dei tilbake på plass med vanleg halvkjede og rundt inn på vanleg plass. Samtidig dansar sekundærpara motiv d): Dei tar saman parvis høgre i høgre og går sakte medsols rundt ein gong på 8 gåsteg, skifter så hand og går tilbake att på 8 gåsteg. Deretter dansar premiærpara motiv d) og sekundærparar motiv c).

3. Byte plass med eigen. Guten og jenta byter plass  på 4 steg (byrje på venstre), guten bak jenta.Så tar alle saman att til ring og dansar to balansesteg  (først mot eigen). Så byter guten og jenta plass att på same måten, og tar så 2 balansesteg (først mot eigen).

4. Guten "hentar" framand jente. Guten går mot framand jente på 2 små steg (byrje på venstre) og tar høgre i høgre lett tak, rygger så tilbake på plass med 2 steg og lar så taket gå over til armkrok. Så går dei parvis rundt medsols på 4 gåsteg. Alle gutane har no fått ny jente. Dette dansar dei no 3 gonger til, og til slutt har alle fått sin vanlege partnar igjen. (Guten har stort sett stått i ro på sin plass medan jentene har rotert rundt ringen motsols.) Til slutt i turen går dei parvis rundt kvarandre medsols (høgre i høgre) ein gong på 8 steg, og så rundt med framand (venstre i venstre) på 8 steg.

5. Over til nytt par med klapp. Premiærpara går (lett tak) på 4 steg over til paret til høgre for seg og møter dei front mot front. Alle klappar på 4. steget. Premiær-guten tar så med seg den framande jenta han møtte (dobbelt handtak) og rygger inn på plassen til 2. premiærpar, samtidig med at premiærjenta snur seg inn på plass med sekundær-guten. Så er det sekundærguten (med premiærjenta) som dansar på same måten over til paret til høgre for seg, klapp, og vidare inn på plass. I alt skjer dette fire gonger og då er alle tilbake på vanleg plass.

No vert dei fire turane dansa ein gong til utan stopp mellom.

Avslutning. Heilt til slutt dansar dei slik: Vanleg sakte høgrehands kjede rundt ringen, og når dei møter eigen på vanleg plass dansar dei parvis ein gong medsols rundt (høgre i høgre). Heile avslutninga tar 32 steg.

tilbake til toppen av dokumentet

Retour de spa   svensk
Oppstilling 4 par i firkant som til norsk kvadrilje. Par 1 er nærast musikken, par 2 rett overfor par 1, par 3 til høgre for par 1 og par 4 til venstre for par 1.  Par 1 og 2 er premiærpar, og 3 og 4 sekundærpar. Stort sett det lette taket, men eit par plassar i andre tur dobbelt handtak. Gåsteg gjennom heile dansen. To gonger blir det dansa figurersteg: Hopp to gonger på venstre fot medan du fører høgre fot bakover og så fram, og ein gong til med hopp på høgre og venstre bak og fram. 

1. Ring med og mot sola. Alle tar saman til ring og går 16 gåsteg langs ringen medsols. Snu på hælen bakover og 16 gåsteg tilbake på plass.

2. Figurersteg i hjørna. Alle tar parvis saman med dobbelt handtak, og guten skuvar jenta si bakover til "jentehjørnet". Med same handtak utfører alle to firurersteg (først hoppe på venstre og så hoppe på høgre). Para slepper kvarandre og går mot høgre. Guten går i ein liten boge og kjem inn på same plass som der han starta, med front mot jentehjørnet. Jenta går ein liten boge inn mot sentrum og flytter seg ein plass (1/4 omgang) mot sola, stiller seg ansikt til ansikt med guten der med dobbelt handtak. No skuvar jenta sin gut bakover til "gutehjørnet" og utfører der same figurersteg som i førre hjørnet. Para slepper kvarandre og alle går mot venstre. Gutane går ein liten boge inn i ringen og flyttar seg ein plass (1/4 omgang) med sola. Jenta går tilbake til den plassen ho nyss kom frå. Gut og jente tar saman med lett tak vendt inn i ringen.

3. Tilbake til eigen plass. Alle gutane går no samtidig inn mot sentrum av ringen, svingar mot venstre rundt den næraste jenta og går så tvers over firkanten til sin eigen plass. Så gjer jentene tilsvarande, men dei svingar av mot høgre rundt nærast guten og går tvers over firkanten og tar samen med eigen (med lett tak vendt inn mot sentrum).

4. Dos a dos. Premiærpara går mot kvarandre og utfører "dos-a-dos"  (går rundt kvarandre rygg mot rygg, guten vik til venstre for jenta). Når dei er komne rundt, snur dei litt og tar saman til lett tak  med framand jente vendt mot det sekundærparet som dei står nærast. Sekundærpara lagar no portstolpar (opnar for premiærpara slik: gå, bak, gå, tå i golvet, rygge tilbake), og premiærpara går gjennom, deler seg og går kortaste vegen tilbake til eigen plass. Så dansar sekundærpara på same måte.

tilbake til toppen av dokumentet


Menuett - den store  (svensk)
Rekkjedans. Oppstilling: Parvis på to rekkjer. Rekkja til venstre sett frå musikken er jenterekkja (jenta står øvst). Den andre rekkja er guterekkja. I deler av dansen dansar 4 par saman. Inndelinga er slik: Par 1 = øvste på jenterekkja. Par 2 = neste på jenterekkja. Par 3 = øvste på guterekkja. Par 4 = neste på guterekkja. Oppdelinga går så vidare nedover rekkja på same måte. Det lette taket blir brukt mest, men stundom tar ein saman med dobbelt handtak. 
Den gjennomgåande stegtypen er små raske gåsteg. I tillegg er det fire ulike steg:
Steg 1 (menuettsteg): Mot høgre: Trø med høgre fot til sides, så ein mjuk svikt på høgre fot før vi trør med venste på kryss bak høgre, så trør vi med høgre til sides att og til slutt venstre tå i golvet i kryss framom høgre (utan å ta vekt). Mot venstre: Trø med venstre fot til sides, så ein mjuk svikt på venstre fot før vi trør med høgre på kryss bak venstre, så trør vi med venstre til sides att og til slutt høgrere tå i golvet i kryss framom venstrere (utan å ta vekt).
Steg 2 (fram-og-tilbake): Vi trør fram med venstre (høgre) fot, set høgre (venstre) foten med tåa inntil og tar ein liten "opp/ned". Så trør vi tilbake igjen på høgre (venstre), set venstre (høgre) inntil med ein liten "opp/ned".
Steg 3 (på-staden-steg): Her vil gut og jente halde saman med lette taket halvt vendt mot kvarandre. Trø fram og litt til sides med ytre foten, set så tåa på indre fot i golvet framfor foten du står på. Trø så tilbake på indre fot og sett den ytre med tåa inntil  (utan å ta vekt på tåa).
Steg 4. Steget blir brukt til å føre jenta på plass ved sida av guten. Guten står i ro medan jenta går med små gåsteg. Dei tar saman venstre i venstre og jenta krysser framom guten frå høgre mot venstre (4 gåsteg), der vender jenta halvt om mot guten, dei tar saman med begge hender (i kryss) og jenta går på plass ved sida av guten.
Steg 1 og 2 blir fleire gonger brukt i kombinasjon slik: steg 1 (mot høgre) + steg 2 + steg 1 (mot venstre) + steg 2.

Komplimang blir alltid utført på same måten over alt i dansen (i takt med musikken!) og tar nokså lang tid (dei held ikkje saman): Jenta trør først  bak på venstre foten, set så høgre bak og neier nokså djupt, og trør fram att på begge jamsides. Guten trør først bak på høgre foten, set så venstre bak og bøyer overkroppen noko framover og lyfter høgre handa framfor kroppen, og trør fram att på begge føtene.

0. Innleiing. Parvis på rekkje med lette taket og fronten mot andre rekkja (dette er normal oppstilling gjennom heile dansen). På innleiande musikk helsar ein parvis på kvarandre med ei lett helsing medan ein held saman med lette taket. Para går/snur så med små gåsteg slik at dei vender framover mot musikken. Komplimang. Så går jenta på plass att med steg 4. Så går guten inn og framfor jenta si,  utfører kompliment, og går på små steg tilbake på plass.

1. Menuettsteg og jentedans. Alle dansar steg 1 mot høgre, steg 2, steg 1 mot venstre og steg 2. Det same ein gong til. Så går jentene (i para som står rett imot) mot kvarandre så dei står litt på skrå framfor kvarandre, gjer komplimang, tar venstre i venstre og går rundt motsols ein halv gong, utfører komplimang, tar høgre i høgre og går rundt halvannan gong, og gjer så igjen komplimang. Tar så saman til lette taket og vender mot fronten og dansar steg 3 tre gonger, og går inn på plass (idet dei snur halvt rundt).

2. Jente og gut dansar. Først kompliment med eigen (på skrå innover). Gut på gutesida og jente på jentesida går mot kvarandre så dei står litt på skrå framfor kvarandre, gjer komplimang. Så dansar dei steg 1 mot høgre, steg 2, steg 1 mot venstre og steg 2. Så vrir dei seg litt medsols og dansar rygg mot rygg med sin dansepartnar: steg 1 mot høgre, steg 2, steg 1 mot venstre og steg 2. Så tar dei saman med begge hender og dansar rundt medsols og motsols. Så vender dei mot fronten med det lette taket og dansar steg 3 tre gonger og går baklengs tilbake på plass. Så kompliment med eigen.  Dette var halve turen.
No dansar gut på jentesida og jente på guteesida det same (utan avsluttande komplimang).

3. Jentene medsols rundt oppsettet. Jentene går medsols over til neste gut, som fører jenta rundt, så til neste gut, så til neste gut og til slutt til eigen. Når ho møter eigen, dansar ho inn på plass med steg 4

4. Jentemølle. Jentene går rett inn til  høgrehandsmølle medsols (opne hender kviler berre oppå kvarandre), snur og venstrehandsmølle tilbake. Idet jentene starta mølla, tok gutane eit steg til "sitt" hjørne og vender på skrå inn mot oppsettet. Når jentene er ferdig med mølla, står dei framfor sin gut. Så dansar alle steg 1 mot høgre og så steg 1 mot venstre, i alt to gonger (dei dansar på skrå som i tur 2).

5. Vendt jentering. Jentene tar no straks saman med lavt handtak til vendt ring og går (halvt i danseretninga) først medsols og så motsols tilbake. Så tar gutane saman med eiga jente i si høgre hand og med framand jente i si venstre hand og dansar steg 2 tre gonger. Så rygger para parvis tilbake til eigen plass.

Avslutning. Jentene stiller seg no framfor sin gut (blir "ført" med det lette taket) etter tur i denne rekkjefølgja: jente 4, jente 1, jente 2, og jente 3. Så utfører alle komplimang med eigen og jentene går tilbake på eigen plass med steg 4. Jente 2 og jente 4 tar no saman med lette taket og går mot fronten og tar med seg jente 1 og 3 på ei linje (alle held saman med det lette taket). På same måten (men utan å halde saman) lagar gutane ei line bak jentelina. Så gjer alle komplimang mot fronten. Etter at musikken er ferdig,  snur jenta seg mot sin gut og tar stutt helsing. 
tilbake til toppen av dokumentet


Molevitt fra Ærø (Danmark)
Rekkjedans. Molevittsteg ("høgre, svikt, gå, gå, venstre, svikt"). Lette taket.
I starten står alle parvis på ei rekkje med det lette taket. Snart deler rekkja seg slik at det blir gutar på eine rekkja og jenter på andre rekkja.
Molevittstega har 6 sviktar: (1) Trø litt fram med høgre fot, (2) svikt og sett venstre litt på skrå inntil høgre (hælen lett i golvet inntil den andre hælen), (3) trø så fram med venstre, (4) trø så fram med høgre, (5) trø så fram med venstre, (6) svikt og sett høgre litt på skrå inntil venstre (hælen lett i golvet) (samtidig med at kroppen får litt dreiing mot høgre). Vi dansar med liten svikt, men slik at kroppen "gynger" med musikken.

Dansen har fem delar: Først ei Innleiing (dansing til to rekkjer). Så eit ubestemt antal "vanlege omgangar". Etter at føredansaren har klappa: Midtpartiet (svarar til Middagen i Menuett frå Oravais). Så eit ubestemt antal "vanlege omgangar". Til slutt "Avslutninga".

1. Innleiinga (danse inn til to rekkjer) Alle står først parvis på ei lang rekkje med lette taket. Det er litt lang introduksjonsmusikk: Alle står i ro på første delen (6 takter), og helsar så på eigen på andre delen (6 takter). På  første molevittsteget dansar alle rett bakover. Så dansar vi framover, og jenta svingar inn framfor guten på siste svikten i steget (og første del av neste steg), slik at vi står parvis front mot front. Så dansar vi eit molevittsteg på staden (front mot front). Til slutt slepper vi taket og dansar eit molevittsteg rett bakover. Vi står dermed på to rekkjer, ei guterekkje og ei jenterekkje.
2. "Vanlege omgangar" (normalt 2-3 gonger)
2a. Dans på skrå mot venstre. Alle dansar eit molevittsteg på skrå over mot venstre, slik at vi kjem tilnærma front mot front (venstre side fram) på slutten av molevittsteget. Så eit molevittsteg (rygge) tilbake igjen.
2b. Byte plass med eigen. Alle dansar no forbi eigen partner (venstrekøyring) og skifter side på eit molevittsteg. På siste svikten av steget snur vi raskt mot venstre. Vi avsluttar snuingar på første delen av neste molevittsteget og dansar så mot kvarandre (på skrå front mot front) på resten av steget. Så dansar alle igjen eit molevittsteg på staden (front mot front). Så dansar vi eit molevittsteg rett bakover.
2c. Dans på skrå mot venstre. Sameleis som i 2a. 
2d. Byte plass med eigen. Sameleis som i 2b (men motsett retning).
3. Midtpartiet. Nesten likt ein vanleg omgang (men vi tar saman  med eigen). Startar etter at danseleiaren har klappa (dansarane er på "vanleg side").
Vi dansar først ein vanleg "på skrå mot venstre"-tur. Under denne turen klappar leiaren.
Vi dansar så over til andre sida (og tar saman høgre i høgre) og ender med "front mot front". Så dansar vi eit steg til på staden (front mot front) (vi held framleis saman). Så dansar vi eit steg bakover. Så dansar vi "på skrå mot venstre og tilbake att". Så dansar vi over til andre sida (høgrekøyring), og tar saman venstre i venstre og inn i front mot front. Så eit steg til på staden. Og til slutt eit steg rett bakover.
4. "Vanlege omgangar" (dansast normalt 2-3 gonger)
Sameleis som del 2.
5. Avslutninga. Vi dansar parvis rundt kvarandre (begge i begge) ein heil omgang på to molevittsteg. Startar etter at danseleiaren har klappa (dansarane er då på vanleg side).
Vi  tar saman begge i begge, og dansar halvt rundt kvarandre på første steget. Held så fram å danse rundt kvarandre på andre steget slik at vi kjem ein heil gong rundt, og helsar mot kvarandre (kompliment) til slutt.

tilbake til toppen av dokumentet


Hundson house
Oppstilling 4 par i firkant som til norsk kvadrilje. Par 1 er nærast musikken, par 2 rett overfor par 1, par 3 til høgre for par 1 og par 4 til venstre for par 1.  Par 1 og 2 er premiærpar, og 3 og 4 sekundærpar. Gåsteg gjennom heile dansen. Sume stader 3 gåsteg og så opp/ned på fjerde taktslaget. Det lette taket. Dansen består av 4 turar og avslutning. Før kvar del er det "stor firkant" (grand square). Dansen byrjar med "stor firkant".
I store delar av dansen blir følgjande 4-takt-steg brukt: 
(byrje på venstre)  gå, gå, gå, inntil med ein liten løft opp/ned på 4, og samtidig med opp/ned snur ein 90 grader, slik at ein er klar til å gå rett fram på neste gåsteg.

 Stor firkant. Alle fire para dansar samtidig. Dei to perimiærpara dansar likt, men ulikt dei to sekundærpara. På  16 taktslag dansar alle dansarane ein firkant, og kjem tilbake til eigen plass (kvar side går på gå, gå, gå opp/ned/snu).  Par 1 og par 2 dansar slik: Først parvis rett fram mot sentrum av ringen, så ut frå sentrum (guten mot høgre) til plassen til par3/par4 (gut med "motståande jente"), så deler dei seg og dansar ut til kvar sitt hjørne (guten mot høgre), og til sist tilbake til eigen plass der dei møter eigen partnar.  Par 3 og 4 dansar samtidig slik: Først kvar for seg ut mot sitt næraste hjørne, så inn på plassen til par1/par2 der gut møter motsett jente, så dansar dei parvis inn mot sentrum, og til sist ryggar dei med eigen partner tilbake til eigen plass.

I alle "turane" er danse-sekvensen slik: Først dansar premiærpara over til motsett side (byter plass), så sekundærpara til motsett side, så dansar premiærpara tilbake til sin plass, og så dansar sekundærpara tilbake til sin plass.

1. tur.
Para dansar mot kvarandre(1,2,3,opp/ned), snur så rundt på staden 360 grader kvar for seg, så byter gutane (høgre skulder mot andre guten) og jentene plass (? skulder mot andre jenta) (jentene startar litt etter gutane), så dansar para inn på plass. (Så dansar altså sekundærpara tilsvarande, så premiærpara tilbake og så sekundærpara tilbake.) Deretter "stor firkant".

2. tur. Para dansar mot kvarandre, så snur dei rundt på staden 180 grader kvar for seg og tar saman til vendt ring, så dansar dei i vendt ring medsols ein halv runde, så dansar para inn på plass. (Så dansar altså sekunderpara tilsvarande, så premiærpara tilbake og så sekundærpara tilbake.) Deretter "stor firkant".

3. tur. Para dansar mot kvarandre, så helsar dei djupt på motståande dansar, så dansar dei halvkjede forbi kvarandre, og så dansar para inn på plass. (Så dansar altså sekundærpara tilsvarande, så premiærpara tilbake og så sekundærpara tilbake.) Deretter "stor firkant".

4. tur. Para dansar mot kvarandre, så helsar dei djupt på eigen partnar, så byter gutane (høgre skulder mot andre guten) og jentene plass (venstre skulder mot andre jenta) (jentene startar litt etter gutane), og så dansar para inn på plass. (Så dansar altså sekundærpara tilsvarande, så premiærpara tilbake og så sekundærpara tilbake.) Deretter "stor firkant".

Avslutning. Alle tar saman til stor ring med det lette taket. Så dansar dei 8 gåsteg medsols i stor ring, snur rundt på foten og dansar 4 gåsteg tilbake, og til slutt 3 små gåsteg inn sentrum med opp/ned til slutt. Då er dansen slutt.

Angläs
Rekkjedans. Svensk. Rolege gåsteg. Vanleg rekkjedansprogresjon.
Gutane stiller på eine rekkja og jentene på andre. Inndeling: 1, 2, 1, 2, .... 
(Ein av dei svenske dansane på ballet under Nordlek 2003)

1. Mølle. Par 1 og par 2 går mølle saman, 8 steg medsols, snur på høgre og 8 steg tilbake. I Mølla held ein saman ved å legge henden flatt over kvarandre.

2. Gåtur. Gut 1 tar saman med jente 2 med lette taket og går roleg nedover "mellom rekkjene", og straks dei er komne i gang tar gut 2 og jente 1 saman og fylgjer på likeeins. Etter 8 gåsteg snur dei og går tilbake på same måten. Når dei kjem tilbake, set gutane frå seg jentene "sine" slik at par 1 og par 2 har skifta plass: Jente 2 går ein plass lenger "opp" enn der gut 1 stoppar, medan gut 2 går ein plass lengre opp enn der han set frå seg "si jente" (jente 1. 

tilbake til toppen av dokumentet

Belle Louise
Kvadriljeoppstilling. Svensk. Gåsteg og bytomfotsteg. 
Oppstilling 4 par i firkant som til norsk kvadrilje. Par 1 er nærast musikken, par 2 rett overfor par 1, par 3 til høgre for par 1 og par 4 til venstre for par 1.  Par 1 og 2 er premiærpar, og 3 og 4 sekundærpar. 
(Ein av dei svenske dansane på ballet i Nordlek 2003.)

1. Ring. Alle tar saman med det lette taket og går motsols ring 16 gåsteg, snur og går 16 steg tilbake. Dei snur ved å samle føtene. 

2. Tre på rekkjer.
Ved avslutninga av 1. tur går sekundærjentene over til sin næraste premiær gut slik at premiær-gutane får ei jente i kvar hand (lette taket). Dei to rekkjene går no 8 små gåsteg mot kvarandre (Sekundær-gutane står i ro åleine). På slutten løfter guten hendene og alle snur 180 grader rundt slik at guten  har hendene i kryss. Så går dei tilbake igjen og nesten framme snur dei så tilbake igjen til vanleg "lette taket", og jentene går over til næraste sekundærgutane. Så er det sekundærgutane som går med sine jenter på same måten (medan primærgutane står i ro).

3. Gutane over og jentene i mølle tilbake. Medan jentene står i ro går gutane mot kvarandre på 4 små bytomfotsteg, og rygger så tilbake på 4 bytomfotsteg. Så går gutane igjen mot kvarandre på 2 bytomfotsteg og vidare "tvers gjennom kvarandre" på 4 gåsteg over til motsett jente og inn på plass. Så går jentene over til eigen partnar i form av medsols mølle.

4. Vals tilbake til eigen plass. Para dansar no "trøvals" tilbake til eigen plass. Dei avanserer ein kvart omgang på 8 steg, å så heilt fram på dei neste 8 stega.

5. Små ringar. Premiærpara tar no saman med sekundærparet til høgre for seg med lette taket til små ringar, og går roleg to gonger rundt og tilbake på plass.

tilbake til toppen av dokumentet

Firetur I (rekkjedans)
Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar. Gutane stiller på eine rekkja og jentene på andre (gutane til høgre sett frå musikken). Inndeling: 1, 2, 3, stå. Stoppesteg og vals. Samdanstak 1. Vanleg rekkjedansprogresjon. 

0. Oppbyding.
Gut 1 byr opp.

1. Kjede til diagonalen. Dei tre para dansar høgrehands kjede 16 stoppesteg. Par 1 startar med eigen partnar. Gut 2 og 3 startar saman. Jente 2 og 3 startar saman. Dei ender opp på "diagonalen" slik: Gut 1 (jente 1) endar på jente 3 (gut 3) sin plass. Gut 3 (jente 3) endar på jente 1 (gut 1) sin plass. I par 2 har gut og jente bytt plass. Alle gutane står no altså på jenterekkja og jentene på guterekkja.

2. Lett helsing og vals. Først tar alle lett helsing på rekkjene (stoppesteg, venstre fot fram og høgre tilbake). Så dansar gutane over til jentene sine på 2 stoppesteg, tar saman med samdanstak 1 og alle dansar vals i medssols ring i deler av ein sirkel til sin plass. Dei ender opp slik (i forhold til opprinneleg plassering): Par 1 og 2 har bytt plass og par 3 har same plassen som før.

Ståparet blir no par 3, par 3 blir par 2, einarparet er einarpar heile tida og par 3 blir nytt ståarpar. Det er viktig at ståarparet følgjer godt med når dei kjem med som 3ar-par.
Når par 2 kjem øvst, må det stå over 3 omgangar. Når par 1 kjem til nest siste plass, dansar dei to nedste para eit tilpassa oppsett, slik at dei får bytt plass.
tilbake til toppen av dokumentet


Firetur II (rekkjedans)
Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar. Gutane stiller på eine rekkja og jentene på andre (gutane til høgre sett frå musikken). Inndeling: 1, 2, 3, stå. Stoppesteg og vals. Samdanstak 1. Vanleg rekkjedansprogresjon. 

0. Oppbyding.
Gut 1 byr opp.

1. Kjede  Par 1 og par 2 dansar høgrehands kjede på 4 stoppesteg (startar på venstre fot, par 1 startar med å svinge 1/2 gong rundt).

2. Ring med/mot med 3.-par. Einarparet tar saman til ring med par 3 og dansar 2 steg med sola og så 2 steg mot sola. Samtidig tar par 2 høgre i høgre svingar 1/2 gong rundt med sola og stiller seg inn på plass på totalt 4 stoppesteg.

3. Kjede med 3.-par. Einarparet og trearparet dansar no kjede på 4 stoppesteg (einarparet svingar først 1/2 gong rund). Ved slutten av kjeda vender einarparet mot musikken (og toarparet) mellom dei to i trearparet. På slutten av 4. stoppesteget snur treargut og trearjente ut frå oppsettet (guten medsols mot høgre, og jenta motsols mot venstre), og er klar til å danse nedover langs rekkja (frå musikken).

4. Ring med/mot med 2.-par. Einarparet tar saman til ring med par 2 og dansar 2 steg med sola og så 2 steg mot sola. Samtidig dansar treargut og trearjente litt nedover, tar saman høgre i høgre og snur 1/2 gong rundt med sola, og dansar inn på den plassen dei hadde då omgangen tok til, på 4 stoppesteg.

4. Djup helsing og vals. par 1 og par 2 slepper handtaka og gjer djup helsing med kvarandre. Så tar dei parvis saman (samdanstak 1) og dansar vals rundt kvarandre mellom rekkjene. Til sist stiller dei på plass slik at par 1 og par 2 har bytt plass. Einarparet endar opp midt mellom rekkjene medan toarparet tar plassen på rekkjene der einarparet var.

Ståparet blir no par 3, par 3 blir par 2, einarparet er einarpar heile tida og par 3 blir nytt ståarpar.
Når par 2 kjem øvst, må det stå over 3 omgangar. Når par 1 kjem til nest siste plass, dansar dei to nedste para eit tilpassa oppsett, slik at dei får bytt plass (kjede, ringmed/mot sola, kjede, djup helsing og vals).

tilbake til toppen av dokumentet

  • Firetur III(rekkjedans)
    Dansen står i "Danse danse lett ut på foten" av Egil Bakka (1970). Gutane stiller på eine rekkja og jentene på andre (gutane til høgre sett frå musikken). Inndeling: 1, 2, 3. Engelsksteg og vals. Samdanstak 1. Vanleg rekkjedansprogresjon. 

    0. Oppbyding. Utan musikk byr
    einarguten opp jente 1, 2 og 3, og gut 3 og 2. Så klappar han i hendene som teikn på at musikken kan byrje..

    1. Ring med/mot sola.  Dei 3 para tar saman med det lette taket og dansar 4 engelsksteg med sola, snur, og dansar 4 steg tilbake (startar på venstre fot)

    2. Kjede. Einarparet og toarparet dansar vanleg høgre hands kjede med 8 engelsksteg. Einarparet svingar først ein 1/2 gong rundt for å koma i rett posisjon. Samtidig dansar par 3 seg bakover på plass på rekkja med 2 engelsksteg

    3. Vals. Par 1 og 2 dansar vals rundt kvarandre på 16 taktar. Samdanstak 1. På siste taktene stiller dei seg ut på rekkjene.

    tilbake til toppen av dokumentet


    Hopser med vals (frå Namdalen)
    Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar. Gutane stiller på eine rekkja og jentene på andre (gutane til høgre sett frå musikken). Inndeling: 1, 2, stå.Bytomfotsteg med hopp frå feiar (eller gåsteg) og vals. Samdanstak 1. Vanleg rekkjedansprogresjon. 

    0. Oppbyding.
    Gut 1 byr opp.

    1. Nedover og oppover med åttetalstak.  Par 1 og par 2 dansar 1 bytomfotsteg med appell mot kvarandre (startar på venstre fot) og tar åttetalstak (einargut og toarjente høgre i høgre over). Så dansar dei med dette taket 3 bytomfotsteg nedover mellom rekkjene (frå musikken).På siste trinnet i siste bytomfotsteget (der det er eit lite hopp) snur dei rundt utan å sleppe taka (einarguten løfter høgre handa høgt og fører jenta si og seg sjølv under) slik at dei vert ståande på rekkje mot musikken. Så dansar dei 4 bytomfotsteg mot musikken.

    2. Kjede og rundt. Gut og jente gjev no høgrehanda til kvarandre og dansar 6 bytomfotsteg (startar på venstre fot). Etter det 6. steget har einarparet og toarparet bytt plass. På dei 2 siste taktene tar dei saman parvis høgre i høgre og dansar rundt på staden: einarparet ein heil gong og toarparet 1/2 gong og blir ståande innafor rekkjene.

    3. Under armen og vals. Guten slepper no taket med venstre handa og svingar jenta medsols under si høgt løfte høgrearm på dei to første taktene i valsen. Så tar dei saman (samdanstak 1) og dansar vals om kvarandre (14 steg) slik at dei byter plass. Dei stoppar midt mellom rekkjene, klar til å ta 8-talstaket med nytt par.

    Ståparet blir no par 3, par 3 blir par 2, einarparet er einarpar heile tida og par 3 blir nytt ståarpar.
    Når par 2 kjem øvst, må det stå over 2 omgangar. Når par 1 kjem til siste plass, vert det ståande over ein gong før det kjem med att i dansen.

    tilbake til toppen av dokumentet
  • Figaro frå Namdalen
    Dansen står i "Danse danse lett ut på foten" av Egil Bakka (1970). Vi stiller parvis på 2 rekkjer. Oppsett med 4 par.  Rekkja til venstre sett frå fronten er A-rekkja. Engelsksteg og vals. Samdanstak 1. Vanleg rekkjedansprogresjon. 

    0. Oppbyding. utan musikk engasjerer
    oppførande gut  par 1 og par 2 på B-sida og toarparet og eiga jente på A-sida. Han klappar så i hendene som teikn på at musikken skal starte. Musikken spelar no 8 taktar førespel.

    1. A- og B-sida byter plass.  Para på A-sida byter plass med para på B-sida på 7 engelsksteg (byrje på venstre fot, høgrekøyring, jenta føre inn på plass) og gut og jente snur mot kvarandre på 8. takten og gjer komplimang.

    2. Tilbake til eigen plass. Alle para dansar tilbake til eigen plass på same måten som i del 1.

    3. Ring med/mot sola. A-sidepara og B-sidepara dansar no i små ringar kvar for seg på kvar si side. Med det lette taket tar dei saman til ring, og dansar 4 engelsksteg med sola og 4 steg mot sola.

    3. Kjede. Så dansar dei kjede i desse små ringane med 8 engelsksteg.

    3. Vals. Med samdanstak 1 dansar dei same para vals rundt kvarandre slik at par 1 og par 2 byter plass.
    tilbake til toppen av dokumentet


    Fandango frå Namdalen
    Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar. Vi stiller parvis på to rekkjer med det lette taket. Inndeling: 1, 2, stå, 1, 2, stå  .... (ein kan godt froppe ståpara).  Bytomfotsteg frå Turdans (eller gåsteg) og vals. Samdanstak I i valsen. Vanleg rekkjedansprogresjon. Vi byrjar med venstre fot "over alt" bortsett frå ved starten av kvar tur, der vi byrjar på høgre fot. Jenta held i stakken og guten har lavt hoftefeste. Den djupe helsinga er litt mindre djup enn vanleg. Dansen liknar på Fandango frå Austlandet, men der er nokre skilnader.

    1. Mot kvarandre, djup helsing, frå kvarandre, djup helsing.
     Alle dansar to bytomfotsteg mot kvarandre (byrje med høgre fot), og gjer djup helsing. Så dansar alle bakover (starte med høgre) 2 bytomfotsteg , og gjer igjen djup helsing.

    2. Einarpara og toarpara ring med og mot sola
     Alle dansar to bytomfotsteg mot kvarandre (startar på venstre), einar- og toarpara tar saman til ring og dansar 2 bytomfotsteg med sola. Så snur dei raskt på høgre fotbladet og dansar 2 bytomfotsteg i ring mot sola.

    3. Einarpara ut på rad, ned og oppatt mellom rekkjene
    På 2 bytomfotsteg dansar einarpara seg så ut på ei rad der alle har ryggen mot musikken, medan toarpara dansar bakover på 2 bytomfotsteg og inn på plass i rekkjene. Einarjentene skal vere i midten, og einargutane på sidene. Paret der jenta står nærast musikken, kan berre snu seg inn på plass. Den andre guten fører jenta si framfor seg over mot venstre, og alle tar saman med det lette taket. Einarpara dansar no 4 bytomfotsteg (starte på venstre) nedover mellom rekkjene frå musikken. Så slepper dei kvarandre, snur brått mot venstre og dansar oppover mot musikken att. På dei 2 første taktene dansar dei bytomfotsteg. Så slepper para kvarandre, dei tar parvis "arm i arm-tak" og går på 3 steg slik at dei kjem front mot front med par 2 og helsar lett på toarpara "sine" (som helsar lett tilbake).

    4. Kjede
    Einarpar og toarpar dansar no høgrehands kjede på 8 bytomfotsteg (starte på venstre).  Paret der jenta stod nærast musikken, må svinge 1/2 gong rundt i starten for å kome rett i kjeda.

    5. Djup helsing og vals
    Gut og jente gjer no djup helsing (2 takter) og så dansar dei 12 takter vals rundt kvarandre på staden (samdanstak 1), og stiller inn på plass på dei to siste taktene, og para har også bytt plass.
    tilbake til toppen av dokumentet



    Les Lanciers   - Den vanlege danske Lancier (Dansen med notar står i eige dansk hefte.)
    Oppstilling 4 par i firkant som til norsk kvadrilje. Par 1 er nærast musikken, par 2 rett overfor par 1, par 3 til høgre for par 1 og par 4 til venstre for par 1.  Par 1 og 2 er premiærpar, og 3 og 4 sekundærpar. Bytomfotsteg det meste av dansen. Men også gåsteg, "Croise" og "Pas de bas". Stort sett det lette taket, men eit par plassar dobbelt handtak, og ein stad "venstre i venstre". Dansefigurane startar nesten overalt på høgre fot. Kvar tur vert avslutta med eit klapp på siste taktdel. Alle turane blir dansa 4 gonger med nye oppførande. Alle turane startar med forspel og kompliment til eigen på andre delen av forspelet.

    1. La Dorset Forspel/kompliment. Gut 1 og jente 2 mot kvarandre (1 bytomfotsteg og to gåsteg) og likeeins tilbake (rygge). Gut 1 og jente 2 mot kvarandre, rundt (høgre i høgre) og rygge tilbake på plass (3 bytomfot og to gåsteg). Par 1 og 2 byter så plass (venstre i venstre, par 2 opnar først) (3 bytomfot og 2 gåsteg). Sameleis tilbake (par 1 opnar). Så snur alle mot framand, tar eit steg til venstre og gjer kompliment, så eit steg til høgre med kompliment. Til slutt rundt med framand (venstre i venstre). 
    Turen blir så dansa 3 gonger til med nye oppførande (først jente 1 + gut 2, etc)
    .

    2. La Victoria. Forspel/kompliment. Par 1 og par 2 dansar mot kvarande og rygger tilbake på plass (1 bytomfotsteg + 2 gåsteg). Så fører gut 1 og gut 2 sine jenter inn i ringen slik at jenten får ryggen inn. Så trør dei eit lite steg til venstre med påfølgjande kompliment (held saman under komplimentet). Så dansar dei fire dansarane "figurering" sidelengs mot høgre og sidelengs tilbake. Figureringa er slik: Først eit bytomfotsteg mot høgre (h.v.h.), set venstre fot framom høgre og gjer eit lite hællyft (croise). Tilsvarande tilbake. Så tar dei to para parvis saman (høgre i høgre) og dansar rundt kvarandre (3 bytomfotsteg), og så slepper dei kvarandre og går baklengs til kvar si side på to gåsteg slik at dei dannar ei rekkje saman med par 3 og par 4. Så dansar rekkjene mot kvarandre og frå kvarandre att (1 bytomfotste og 2 gåsteg i kvar retning). Så dansar alle parvis (dobbelt handtak) tilbake på plass (3 bytomfotsteg og 2 gåsteg).
    Turen blir så dan