Pressemelding frå NU, 18. juni 2001

Garborgstemne i Noregs Ungdomslag
Landsstemnet i Noregs Ungdomslag er i år lagt til Asker 5.-8. juli for å feire Arne og Hulda Garborg i jubileumsåret deira. Det er over 50 opne tilskipingar denne helga, og her kjem ein presentasjon frå nokre av desse.

8-potte
Held konsert torsdagskvelden. Desse 8 var studentane frå Ole Bull-akademiet som gjekk ut i fjor. Trass i ung alder har dei alle ei imponerande kariere bak seg, og speleglede, formidlingsevne, tradisjonsforståing og teknikk ligg på eit svært høgt plan hos desse aktørane. Eg har vore på mange folkemusikkkonsertar i mitt liv, men om eg skulle setje opp ei ti på topp liste, ville nok konserten med 8-potte under Nordleik i Stavanger i fjor, toppe denne lista.
Med i 8-potte er Brit Pernille Frøholm, Per Anders Buen Garnås, Camille Granlien, John-Anders Halvorsen, Tone Juve, Einar Olav Larsen, Øyonn Groven Myhren og Åse Teigland.

Nattkonsert
blir det i Asker kirke klokka 24.00 natt til sundag med Per Sæmund Bjørkum, Tone Hulbækmo og Kåre Nordstoga i samspel.

Nattdebatten
startar 24.00 natt til laurdag, og temaet er språket i Noreg. Debattleiar er tidlegare liear i Landslaget fro språlig samling Arne Torp og debattantar er tidlegare leiar i Riksmålsforbundet Tor Guttu og noverande leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel.

Stemnegudstenesta
sundag blir overført i radio, prega av folkemusikk og biskop Gunnar Stålsett som forrettar.

Frå Hulda til Heimen
er ei bunadsutstilling som står på Asker museum. Denne utstillinga har allereie opna og vil stå til over sommaren. Ustillinga viser bunadstankane og arbeidet til Hulda Garborg, som starta den norske bunadrørsla.

Barne- og familieaktivitetar
blir arrangert på Asker museum heile torsdag og fredag. Her vil det vere folkedans, teater, sminking, teikning, folkemusikk, eventyr, sagn og balladar, bunad og husflid.

Framsyningskappleiken
Er ei tevling for leikarringar, der ringane får ti minutt kvar til å syne fram ei folkedansframsyning. Framsyningane har vorte meir og meir prega av lokalt stoff dei siste åra. I Stavanger i fjor deltok over 300 personar. Det ser ut til å bli mellom 6 og 8 deltakande lag i år.

Kappspel
Etter dei store dansefestane blir det under nattdansen fredag og laurdag uformelt kappspel for spelemenn og spelemannslag. Den som speler den beste dansemusikken vinn. Dommarar, folkejury og premiar.


Nattdansen

varer til 04.00 kvar natt.

Kurs
På stemneprogrammet står mellom anna også 4 dansekurs, 3 teaterkurs og 3 spelemannskurs.

Ungdomsringsamling
Dei siste åra har vi sett ein eksplosiv vekst av ”ungdomsringar” rundt omkring i dei fleste fylka. Etterkvart som avstandane blir stadig mindre i landet veks det fram folkedansmiljø for ungdom under 20 år distriktsvis. Dette er ei ny bølgje på sterk frammarsj.

No samlar vi dansarar frå dei ulike fylkesmiljøa til ei landssamling under namnet ”Noregs Ungdomsring”. Det faglege ansvaret har Mads Bøhle og Guro Hernes, og dei skal mellom anna leie ei fire timars lang kursøkt med tittelen ”Frå halling til hiphop” under samlinga. Noregs Ungdomsring skal også delta under Framsyningskappleiken på Landsstemnet til Noregs Ungdomslag 7. juli.

Dei nordlegaste deltakarane i Noregs Ungdomsring kjem frå Ungdomsringen i Salten, og dei lengst sør i landet  kjem frå Aust-Agder. Vestlandet er også tungt representert. I alt har representantar frå 10 ungdomsringar meldt seg på. Spelemennene blir Gjermund (19) og Ingebjørg (18) Larsen frå Verdalen i Nord-Trøndelag. Det har allereie meldt seg over 80 deltakarar på denne samlinga, og vi ventar enda fleire påmeldingar i tida fram mot samlinga.

For fleire opplysningar om Garborgstemnet i Noregs Ungdomslag, sjå www.NU-stemne.com

Johan Einar Bjerkem