
Jørn simenstad bles konserten i gang på lur.
|

Erland Joplassen spela hardingfele-læte frå Valdres.
|

Tre valdres-par viste Valdresspringar.
|

Reidar Skjelkvåle stod for fiolin-tradisjonen
|

Reidar Skjelkvåle på fele og Sverre Gjevre på torader i samspel.
|

Sissel Skjeggedal gjekk også i barnelaget i BUL i alle sine
barneår, og teikna i ord eit fint portrett av spelemannen og
mennesket Arne Røine.
|

Dagne Groven Myhren song stev og vise frå Telemark.
|
|
Det var
Laget for Folkemusikk og Valdreslaget som stod bak konserten
"Ei vandring gjennom århundret". I Sjømannsforeninga i
Arbiensgt 1 i Oslo var det nærpå fullt, og dei frammøtte fekk
oppleve eit variert program på høgt nivå. I begge desse laga
gjorde Arne Røine ein stor innsats, og var æresmedlem i begge
laga. Det var han også i Landslaget for Spelemenn. Sin største
innsats gjorde han vel likevel i BUL, der han var spelemann for
Barnelaget i ein mannsalder. Han vart svært mykje nytta som
spelemann på eldre folkemusikkinstrument på festar og framsyningar
både i BUL og i andre lag. Han hadde også gamaldanstrio i mange
år og spela mykje til dans i bygdelaga i Oslo. Røine var dugande
på mange instrument, han var utdanna fiolinist, spela hardingfele,
langeleik, seljefløyte, munnharpe, lur og bukkehorn.
Leiaren i LfF Kristin Alvsåker hadde hatt ansvaret for å sette
saman programmet. |

Magne Myhren var programleiar, denne gongen med ferdigskreve manus -
uvandt for han. Han for talde også om Arne Røine og batt
programmet fint saman. Han spela også til dansen etterpå.
|

Elisabeth Kverne spela på langeleik - eit av Arne Røine sine mest
brukte instrument.
|

Knut Aastad Bråten spela på langeleik.
|

Odd Sylvarnes Lund, var i mange år med i barneleikarringen i BUL,
der Arne Røine spela i "alle" år. her spelar han på
seljefløyte - eit av Arne sine kjære instrument.
|

Røine familie-munnharpe-trio (frå venstre) Erik Røine, Anders og
Niels Røine.
|

Røines familieorkester (frå venstre) Anne Røine, Camilla
Granlien, Anders og Niels Røine. Dei framførte mellom anna
"Gjev meg handa di ven".
|

Spelgruppa i laget for Folkemusikk spela både på konserten, og til
dansen etterpå. Her er glimt frå ein av dei i laget.
|
|