Bondeungdomslaget Ervingen i Bergen
Mest om folkedansarbeidet

Bondeungdomslaga i dei største norske byane vart viktige for framvoksteren og utviklinga av leikarbeidet og folkedansen. Serleg gjeld det Bondeungdomslaget i Oslo, men i mindre grad også dei tilsvarande ungdomslaga i Bergen, Trondheim og Stavanger.

Bondeungdomslaget Ervingen var skipa i mars 1900 av folk som hadde tilknytning til Vestmannalaget. Stort sett vart det forma over same lesten som Bondeungdomslaget i Oslo, som vart skipa året før. Laget skullle vere  ein hugnadleg samlingsstad for bondeungdom i Bergen og dessutan arbeide for norsk mål, sed og skikk. Laget fekk snøgt mange medlemer, og 200 - 400 medlemer har vore det typiske for laget gjennom alle år. I 1901 melde laget seg inn i Hordalag Ungdomslag som var skipa i 1898, men melde seg nokre år seinare ut att. Hausten 1903 fekk dei første kaffistova (Skytningsstova) og i 1907 fekk dei ei kaffistove til.  Omkring 1920 miste laget begge desse kaffistovene men fekk i staden "Symra". I 1909 vart laget kløyvd, og ei mindre gruppe av medlemene braut ut og skipa i april 1909 Bondeungdomslaget i Bergen. Hovudgrunnen til splittinga var at dei som braut ut, ville at Ervingen i endå større grad skulle støtte målarbeidet økonomisk. Etter nokre år vart det ein del samarbeid mellom dei to bondeungdomslaga. I 1915 fekk Ervingen eige hus "Gimle", og det har vore den faste tilhaldsstaden i alle åra sidan. Det førte også med seg ein auka aktivitet og medlemstalet kom opp i nærpå 400. Aller høgst var medlemstalet i 1921 då det var 625 meldelemer. Fast utferdsstad fekk laget først i 1938 i Mathopen. Idrettslaget vart skipa i 1918 saman med Bondeungdomslaget, frå 1922 med folk frå alle bygdelaga i Bergen, og dette vart seinare til idrettslaget Gular.

Heilt fram til omkring 1960 hadde laget fast møtekveld med foredrag og triveleg samvær. Men i tillegg utvikla det seg ulike sær-aktivitetar som organiserte seg meir eller mindre fast som eigne lag. Det var leikarlaget/leikarringen som dreiv folkedansen, spellaget som dreiv amatørteaterarbeid, songkor, målkontor, saumarlag, kyrkjenemnd, idrettslag og anna. Her skal vi konsentrere oss mest om arbeidet med folkedansen, som nok har vore den mest omfattande aktiviteten i laget gjennom heile lagssoga. Dei fleste opplysningane er henta frå 100-års soga til Ervingen som kom ut i 2000, skriven av Kårmund Myklebust.

I tida kring 1900 var det svært få i Bergensområdet som kunne danse dei tradisjonelle bygdedansane, eller nasjonaldansne som dei kalla det, springarar, vossarull og halling. Den vanlege dansetypen var runddansen, vals, reinlender, polka og liknande. Litt turdansar, mest treturar, var det også restar av, men få som kunne det. Interessa for folkemusikken var også liten. Vestmannalaget hadde i 1896 starta med kappleikar, som ein freistnad på å halde oppe og fornye interessa for nasjonalt spel og nasjonaldansar. Heilt frå starten la Ervingen stor vekt på folkedansen og folkemusikken, og at det var strid om i kor stor grad runddansane skulle vere "lovleg" på tilskipingane i laget. Allereide på første møtet i laget spela Sjur Helgeland hardingfele - den fremste spelemannen på Vestlandet den tid. Det er opplyst at Vestmannalaget hausten 1900 skipa til kurs i nasjonaldans med Einar Bø som lærar og at det på eit "spelstemne" (teaterframsyning) i Ervingen i desember same året vart vist nasjonale dansar - springar, vossarull og halling. I mars 1901 tala Arne Kjøde om bygdedans, og nokre ervingar byrja å øve inn slike dansar. På 17.-mai-programmet i 1902 stod både felespel og framsyning av bygdedans på programmet. Mange ervingar gjorde ein innsats for å leite fram att gamle dansar. Først ute i så måte var Einar Bøe, Marta Vik og Josefine Netteland som i 1903 lærde ein 3-tur i Fjell utafor Bergen, og dansen vart vist på eit stemne i eldorado i mars det året. I 1903 vedtok laget at dei skulle ha ein dansekveld annakvar veke (berre nadsjonale dansar) og dermed kan ein rekne at "leikarringen" er i gang, sjølv om det namnet først vart teke i bruk mange år seinare. Som nemnt var det strid om runddansen skulle ha plass i laget, men i 1907 vedtok dei at runddans skullel vere tillatt, men berre "gamle" runddansformer. I mest alle dei første åra hadde Ervingen kurs i dei gamle bygdedansane, som springar, tretur og rull. Til å byrje med var det så få som kunne dansane at dei nærast hadde status som framsyningsdansar. "Etter kvart fyltest golvet meir og meir når spelemennene strauk dei opp", står det i 100-års soga.

Ervingen kom tidleg i gang med folkeviseleik eller songdans. Som kjent vart folkeviseleik vist for første gong i Bondungdomslaget i Oslo i mars 1902 då  Hulda Garborg og jentene hennar viste det på eit lagsmøte der. Om våren det året var Hulda Garborg på "studietur" til Færøyane for betre å lære dansen der - det ho ville skulle vere grunnlaget for den norske folkeviseleiken. På veg attende frå Færøyane vitja ho Ervingen, og saman med 80 lagsfolk var ho på tur til Valestrand - sumarbustaden til Ole Bull. Grborg hadde lært seg nokre færøy-viser og ikkje uventande vart det "mykje dansa på ferdi". Ervingane vart nok også oppglødde for folkeviseleiken og færøydansen og allereide om hasuten kom Hulda Garborg tilbake til Bergen og deltok i Målmarknaden som dei skipa til. Og ho sette i gang eit kurs i folkeviseleik med 60 deltakarar. Dette kurset - som dei kalla danseskule - heldt fram ut året og dei lærde folkeviseleik og nasjonale dansar med Einar Bø og Arne Hatlestad som lærarar. Etter dette vart folkeviseleiken svært omtykt i Ervingen. I 1906 kom Hulda Garborg tilbake til laget og heldt nytt kurs, og dei gjorde stor stas på henne på ein fest den 1. mai. I alle år frametter, heilt til våre dagar, har det vore årvisse kurs i folkedans i Ervingen. Den viktigaste rettleiaren i mange 10-år var Rasmus Hvidsten (1880 - 1959) som heldt kurs til frampå 1950-talet. I desse åra var det elles ofte nasjonalt spel og folkesong på programmet i Ervingen. Skodespelar Rasmus Rasmussen song folkeviser og Arne Bjørndal vart etter kvart ein trottig gjeest både som spelemann og som foredragshaldar. Bjørndal var den første faste spelemannen i laget. Litt etter 1910 kom den unge spelemannen Jon Rosenlid frå Nordfjord til, og han vart etter kvart sjølvaste spelemannen i Ervingen, og spela i laget i innpå 50 år. Kring 1910 var elles Edvard Os - som seinare vart skrivar i NU i mange år - ein aktiv lagsmedlem, og på 10-årsfesten ein vel omtykt kjøgemeister. I 1910 var elles Spellaget i Ervingen saman med Spellaget på Voss i Kristiania og hadde framsyningar ei vekes tid på Eldorado (Fahlstrøms Theater). Desse gjorde stor lukke og var visseleg ein viktig påskuv til at Hulda Garborg våga sette i gang med "Det norske spellaget" året etter. I 1910 var det stor utstilling i Bergen og Ervingen hadde innslag med folkemusikk, folkedans og bondebryllup som vekte stor oppsikt. Året etter, i 1911 var det stor Målmarknad i Bergen, og Ervingen var aktiv deltakar på mange vis, ikkje minst saumarlaget som gjennom mange år hadde laga husflidsartiklar som vart selde på marknaden. No også var det mange folkloreinnslag med dans og spel og bonderomantikk. Ervingen fekk mange tusen kroner som sin dell av overskotet.

Frå 1914 byrja Klara Semb på heiltid som folkedansinstruktør og dansesamlar, og ho var ofte i Ervingen og heldt kurs. Det første hadde ho i november 1914 og året etter heldt ho to kurs, og i 1916 hadde ho igjen kurs om hausten. I 1918 var den svenske danselæraren Thyra Freeding der og heldt foredrag og kurs i svenske dansar i nær 4 veker, og sidan har svensk dans jamnt vore brukt i Ervingen. Etter Amerika-opphaldet sitt var Klara Semb attende med kurs på nyåret 1922. I 1920 vart danseringen organisert som eit særlag med eige styre - året etter at Leikarringen i BUL Oslo vart skipa. På denne tida starta også danseutvekslinga og stemnedeltakinga både innan- og utanlands. Det var par frå Ervingen med på Nordisk stemne i Stockholm i 1920 og i Kjøpenhavn i 1921 og på stemna i Oslo i 1922 hadde dei ein stor dansarflokk som saman med dansarar frå Bondeungdomslaget hadde framsyning. Det var også dansarar frå Ervingen med på NU-stemna i Trondheim i 1921, i Harstad i 1923 og det nordiske stemnet i Gøteborg i 1923. Hausten 1924 kom det svenske folkedansarar frå "Brage Gille" på vitjing til Ervingen og Bondeungdomslaget. Same hausten hadde dei folkedanskurs for 50 born. I 1926 og i 1928 var Klara Semb igjen i ervingen og heldt kurs i folkedans og foredrag. I 1928 var det landsutstilling i Bergen og Ervingen og Bondeungdomslaget detok med musikk og dans og bunadtog. Litt seinare på sumaren, i august, var det Nordisk bygdeungdomsstemne og årsmøte i Noregs Ungdomslag med deltakarar og så frå Sverike og Finland. På opningsstemnet i Håkonshallen tala tidlegare statsminister Movinkel. Det var utferder til Lysekloster og Lysøen og Klara sem leidde eit stor dansestemne på Møhlenpris, og for første gong var det nynosk gudsteneste i Domkirken. Både i 1925, i 1927 og i 1929 var dansarar på stemne i Sverike, og kvart år deltok nokre på årsstemnet til Noregs Ungdomslag. Hausten 1930 hadde Klara Semb igjen leikkurs. I 1931 vart leikarringen omorganisert. Før var det berre dugande dansarar som kunne vere med, og Leikarringen var ein framsyningsring. No vart det eit Leiklag der alle lagsfolk kunne vere med, og fekk eigne lover og økonomi. Dette førde til mange nye dansarar, ustødig frammøte på øvingane og leiarane vart frustrerte, og leikarbeidet gjekk dårlegare i nokre år. Men frå hausten 1935 gjekk ein tilbake til den gamle ordninga med framsyningsring. Det var dansarar med på nordisk stemne i Kjøpenhavn i 1931 og på ei danseferd som NU og Sigbjørn Bernhoft Osla hadde i London ved nyårleitet 1932/33. Likeeins var det dansarar frå Ervingen på stemne i 1935 både i Halmstad og i London, sumaren 1936 i Hamburg, i London i årsskiftet 1938/39 og på den store folkedansstemnet i Stockholm sumaren 1939.

Våren 1940 stansa alt lagsarbeidet, medrekna øvingane i Leikarringen. Men Dei starta opp att frå hausten og då hadde Klara Semb leikkurs med svært mange nye dansarar. Våren 1942 tok nazistane over både Ervingen og Bondeungdomslaget og slo dei saman til eitt lag. Dei fleste melde seg ut. Ein del "illegal" lagsverksemd var i gang under resten av krigen. Før nazistane overtok vart garden med Matsalen Symra selt.

Etterkrigstida vart ei blomstrande tid for verksemda i Ervingen. Heilt til 1957 var det framleis lagsmøte kvar veke. Arbeidet kom snøgt i gang etter krigen og talet på medlemer auka snøgt og kom i 1946 opp i 400 medlemer. I oktober 1945 heldt Klara Semb leikkurs for rekordmange deltakarar: Det var 180 då kurset starta og 150 fullførde. Rasmus Hvidsten vart fast instruktør på leikkursa i åra framover, til han hadde siste kurset sitt i 1952. Etter krigen vart Borghild og Jostein Berntsen instruktørar for Leikarringen til 1949. Då overtok Martha Mjelde Hess og instruerte til 1960. I 1952 vart ringen delt i ein framsyningsring og ein for vidarekomne. Marta instruerte i Framsyningsringen, medan det var fleire ulike i den andre ringen, mellom andre Herdis Huus og seinare Helge Skage. Den faste spelemannen Jon Rosenlid vart skada under krigen, men kom seg til att og heldt fram som fast spelemann til 1965. I tillegg til han var det fleire andre som kom til mellom andre Halvor Sørsdal, Oddmund Dale, Rolf Knappskog og ikkje minst den unge Finn Vabø. Finn Vabø byrja i 1954 og blei etter kvart den faste spelemannen attåt Jon Rosenlid. I fleire år kom Einar Nordaker frå BUL Stavanger og instruerte dansar. I 1946 drog dansarar frå både Ervingen og Bondeungdomslaget til BUL i Stavanger og viste fram Draumkveldet som dei hadde øvt inn. I 1953 byrja Ervingen i samarbeid med Bondeungdomslaget med Folkedanskveldar, og desse vart på kort tid svær populære, og vart i åra framover ein viktig rekrutteringsstad for nye dansarar. Springarkurset i 1953 hadde heile 85 deltakarar, og springaren vart fast dans på møte og festar. Først frå 1956 vart Leikarringen det offisielle namnet - før heitte ringen eigenleg Leikarlaget. I 1952 hadde Ervingen framsyningsring på Det nordiske folkedansstemnet i Oslo i 1952. I samband med opningsåret for Festspillene i Bergen i 1953 hadde Ervingen par med i ei folkloreforestilling. I 1955 hadde dei ein felles framsyningsring med Bondeungdomslaget på det internasjonale folkedansstemnet i Oslo. Frametter vart det meir vanleg at par frå Ervingen deltok i internasjonale festivalar. Heile 13 par var på Det nordiske folkedansstemnet i Karlstad i 1957. I 1958 var to dansarar frå Ervingen med i folkloreprogrammet "Dans ropte fela"  som Festspillene i Bergen laga i 1958, og som seinare var på turne i USA. I 1959 var ein dansarring i Llangollen i Wales og vann der ein andrepremie. I 1959 tok Framsyningsringen oppatt "Draumkvedet" og om hausten kom Klara Semb  og rettleidde og justerte også dansemåten noko, og 2 oppsett a 12 par deltok i innøvinga, og dei viste dansen ved mange høve, mellom anna på Det nordiske folkedansstemnet i Oslo i 1963. Etter dette har Draumkvedet vore ein spesialitet i Ervingen. I 1960 var det heile 3 folkedansgrupper som vitja Bergen, frå Færøyane, Belgia og Austerrike. Frå 1954 fekk Ervingen ein fast barneleikarring, frå 1956 organisert som eige særlag.

På 1960-talet hadde dansarane i Ervingen svært mykje framsyning, ikkje minst for turistar. Saman med Bondungdomslaget prøvde dei seg med folkloreprogram for turistar frå sumaren 1965, men det gjekk ikkje så bra, så dei slutta med det i 1968. Ei stor og arbeidskrevjande danseoppgåve fekk Leikarringen i 1966 då det første Internasjonale Folkedansgilde i Bergen vart avvikla om sumaren etter opptak av Helge Berntsen, og i samarbeid med Festspillene i Bergen. Det var 3 utanlandske grupper med dette første året og varte i 3 dagar. Det første gildet var sers vellukka, også økonomisk, og det vart skipa til nytt gilde i 1967 over 4 dagar, og no også med 3 utanlandske grupper. Det tredje Gildet vart halde i 1970 og no samarbeidde dei med fleire andre friynde lag i Bergen. I 1971 vart det på nytt Internasjonalt Gilde, og får no av vart det slike Gilde annakvart år i lang tid framover. Frå 1976 vart det ein eigen organisasjon "Folkedansgilda i Bergen" som organiserte tiltaket. Tilskipinga varde i 5 dagar, slik det vart i åra etterpå, og oranisasjonen vart med i den internasjonale arrangørorganisasjonen CIOFF. Den 19. og siste "Gilda" gjekk føre seg i 1997, og då hadde interessa for tiltaket vorte langt mindre både mellom publikum og tilskiparar. Til Det nordiske folkedansstemnet i Odense i 1966 reiste 24 dansarar. I 1968 reiste dei både til skottland og til Dublin. I 1967 hadde dei ei stor utanlandsferd til Belgia med 18 dansarar og Halvor Sørsdal som spelemann. I 1968 reiste dei både til Skottland og til Dublin. Folkedanskveldar for turisar om sumaren var eit nytt tiltak dei starta med i 1968 saman med Bondeungdomslaget. I 1970 var det leikkurs både om hausten og våren, og i tillegg heldt Ivar Skjelvan sitt første kurs i Rørospols. Seinare vart det mange. I 1971 hadde Ervingen og Bondeungdomslaget 4 samdanskveldar og 3 året etter. I 1971 var det elles svært mange dansekurs - 5 i alt: to springarkurs, eit gamaldanskurs, eit leikkurs og eit kurs som Egil Bakka hadde med dansar frå boka "Danse, danse lett på foten". Frå hausten 1972 vart dei to ringane ( Ring I og Ring II) formelt slegne saman til ein, men i praksis var det slik at Ring II øvde annankvar onsdag medan alle øvde kvar måndag. Etter stor tilstrøyming av nye dansarar frå nybyrjarkurset i 1974, vat ringen igjen delt i to. Barnelaget dreiv tungt frå 1960 og framover, men utover på 60-talet vart det mange som ville vere med og på slutten av 60-talet og nokre år var det langt over 100 medlemer. Dei hadde også mange framsyningar og deltok med mange dansarar på dei Barnestemna som kom i gang i NU frå 1967. På midten av 60-talet var Egil Bakka mellom dei som rettleidde i Barnelaget.

I åra frametter til 1984 var det iblant ein ring og iblant to leikarringar. Men frå 1984 og heilt til 1995 var det fast to ringar. Ring I øvde som før om måndagane og var for "alle", medan Ring II øvde om onsdagane og var for dei vidarekomne. Frammøtet på onsdagane i Ring II vart dårlegare. Frå 1995 har onsdagsringen levd vidare som temakveldar. Utetter på 80-talet vart Ervingen meir og meir eit folkedanslag - folkedansen vart den dominerande aktiviteten. Frå 1988 blei Leikarringen omorganisert frå Særlag til Leiknemnd, og det vart slutt med eige årsmøte, eigne medlemspengar og eige budsjett. Men elles gjekk leikarbeidet om lag som før. I 1988 hadde Ervingen saman med Bondeungdomslaget ansvaret for Nordleik-stemnet der 5100 nordiske dansarar var med. Det vart eit sers vellukka stemne som også ga fleire hundre tusen i overskot til tilskiparlaga. Elles var leikarane på utanlandsturar. I 1976 var mange med på ein 16-dagars tur til Bulgaria, i 1980 drog mange på tur til Italia og i 1981 var mange med på ein sers vellukka tur til "det norske Amerika". I 1987 fekk Leikarringen eigne drakter til Francaise. Barnelaget arbeidde jamt og trutt, men med varierande deltaking. Frå 1982 vart tenåringane skilde ut som eiga gruppe, og vart frå 1985 heitande Ungdomsringen. Ervingen var i desse åra mindre direkte engasjert i Folkedansgilda, men deltok under sjølve stemnet med dansarar. Medlemstalet i Ervingen gjekk jamnt nedover og nådde botnen i 1995 og var då nede i 145 medlemer. I åra etter auka det ein del att og var ca 200 i jubileumsårret 2001. Også frammøtet på Folkedanskveldane vart dårlegare, og frå 1999 var det folkedanskveld berre ein gong for månaden. På 1990-talet var det samøvingar med Bondeungdomslaget 2-3 gonger i halvåret. Dei samarbeidde også om deltaking på Framsyningskappleiken på NU-stemna, og oftast med godt resultat. I 2000 hadde Leikarringen og Bondeungdomslaget sams tur til Japan. I 1991 kom ein ny aktivitet i gang. Det var toradergruppa som har hatt god aktivitet i åra etter.