Brev om Isleik 2004

frå Folke Flatland

ISLEIK 2004

Sommaren 2004 er det ISLEIK-stemne på Island att.  Dans og musikk, dansarar og spelemenn frå heile Norden kjem i lag ei veke rundt midtsommar.  Det blir utflukter og fine opplevingar.

Islendingane ber inn til folkedansstemne i Reykjavik på Island i tida 25. juni til 2. juli 2004. 

Du vil finne meir informasjon på heimesida til stemnet utover hausten, www.isdans.is

Det blir førebels påmelding til stemnet i januar og den endelege påmeldinga reknar vi med blir i mars.  All påmelding skal gå gjennom Norges Ungdomslag.

ISLEIK er eit lite og triveleg stemne der alle deltakarane får god kontakt med kvarandre og får høve til å danse andre dansar enn dei som er vanlege her heime.  Deltakartalet er mellom 300 og 400 dansarar og spelemenn, og det har vore mellom 50 og 100 nordmenn med på stemnene.  Det blir lagt opp til interessante utflukter under stemnet, og ein kan legge til dagar både før og etter stemnet om ein vil.

Island er eit spennande og fasinerande land.  Øyane ute i havet mot vest har lokka nordmenn i mange hundre år, og er rik på kulturelle minne der Norge og Island har felles rot.  Naturen er mangslungen og spenner frå heite kjelder til isbrear.  Det er mykje å sjå og oppleve på Island !

ISLEIK er eit ministemne som vert skipa til innanfor Nordleik-samarbeidet.  Det er sjette  gongen det er ISLEIK, siste gongen var i 1998.  I mellomtida har det vore BARNLEK på Island, det var i 2001.  I tillegg til slike stemne, femner Nordleiksamarbeidet også om dei store Nordleikstemnene kvart tredje år, kurs, utvekling mellom folkedans- og musikkgrupper, og eit samarbeid med Baltica-organisasjonen i Estland, Latvia og Litauen.

Har du spørsmål ?  Ta kontakt med NU-kontoret eller Folke Flateland som er ein av Nordleikrepresentantane frå  NU.   Ser vi deg på Island ?

Logo

Folke Flateland  e-post folke@flateland.net,  telefon 905 24344