"Songdansen kjem"
Ein artikkel av Hulda Garborg i "Den frilynde ungdomsrørsla" som kom til 25-års jubileet til Noregs Ungdomslag i 1921

Den 8. november 1903 skreiv eg i dagboka mi m.a.:   (bilete: Hulda Garborg, postkort)
"I byen i går og dansa med 12 par frå Bondeungdomslaget, som hev fengje til eit laurdagsskeid for springdans. Mikkel Mandt er lærar, og gutane betalar spelemannen. Eg er kry av å vera med som den tolvte gjenta"

"I kvelestundene feista eg ein ny måte å laga ringbrott (1) på, etter Davidssons bok om islandske vikivakir. So vil eg no lære deim det storfelde færøyske "Fuglakvæde". Islendingen Helgi Valtysson er med ... han vil lære songdansane og nasjonaldansane våre og ta dei med til Island, der all gamal dans er gløymd. Han kjenner songdansen frå Færøyane og Færøy-fiskarane på Island, og han tykkjer me her dansa mindre skiftelaust. Og han meiner som eg, at skal songdansen bli liv laga her, som må me freiste byggje nytt på gamal grunn. Allvist den fyrste tidi vil den store kravfulle færøyringen skræme mange, og ein må gjennom lettare leikar føre dei til sjølve stordansen, til dei lange episke kvædi."
(1) "Vrengje-ringen" som no er vorten den faste måten i "Ormen Lange" her, men er ukjend på Færøyane.

Dette er det fyrste eg har i dagboka mi om dansen.

Men alt i 1900 tok eg så smått til å freiste med songdans  i Oslo etter den stutte og lite fullkomne rettleiinga i "Dans og Kvaddikting på Færøyane" av Hjalmar Thuren.

Lammers hadde sungi dei norske folkevisene inn i meg så eg aldri meir kunne gløyme dei, og då eg av Moltke Moe fekk greie på den dansen som høyrde med til visene i gamal tid, fekk eg den tanken at ei atterføding av denne dansen snøggare enn alt anna ville føre visene på folketunga att, der dei høyrde heime. No låg dei i biblioteka som ein gravlaand skatt. Eg fekk så i hop ein liten ring av unge musikalske Oslo-damer, og vi tok til med "Per spelemann", og "Torstein tala til staven sin". Dei var lette, men i røynda slett ikkje rettelege danseviser. Versa gjekk vi til på Færøy-stega, men til steva måtte eg laga "fridans", som det sidan så ofte har vorti gjort i andre viser og. Vi fekk kvar si vise å syngje; berre i steva song alle med. Dette er som vi veit den eldste måten.

Til å vekkje samhug vidare utover og kan hende narre andre til å freiste, fekk eg så Garborg til å tala om dansen i Bondeungdomslaget i Oslo. Og på den vesle trammen i salen i Møllergata 20 synte vi så fram den fyrste vesle freistnaden vår etter foredraget.

Eg hadde rekna ut, at når eg fekk Garborg til å tala om saka, så ville lagsfolket gjeva gaum. Eg skreiv opp for han det eg sjølv hadde lesi hjå Thuren og i Moltke Moe's førelesningar om folkevisene, som eg fekk låne, og folk tykte nok det var forvitneleg. Dansen vår fekk stor fagning, endå så framandt det måtte vera for alle, og så lite vi kunne.

Men då eg fekk sjå dansen på Færøyane i 1902, skjøna eg at Hjalmar Thuren si rettleiing var uheil, med di han ikkje hadde noko om at dansarane måtte stå etter kvarandre i ringen, såleis at han heile tida, sviv mot vinstre og to steg attende. Og såleis hadde vi gjort. Men mange lika dette og, så det vart ståande som ei sers form, bruka til stillfarande dans, slik som romansar og lyriske viser krev.

Då eg kom att frå Færøyane skreiv eg til hr Thuren om koss dei der stod i ringen, og han takka i to lange brev, som synte kor varmt han var interessert i freistnaden vår. Same året reiste han sjølv til Færøyane, og gav sidan ut eit stort vitskapleg verk om folkesongen på Færøyane.

Så tok vi då til å freiste på Færøymåten. Betre grunnlag kan vi ikkje byggje på. Men sjølvsagt vil vi aldri her koma til å danse og syngje plent som færingane. Dei har ein eigen syngjemåte, som minner noko om den måten våre gamle fjellbønder syng salmar og kvad på. Det høver framifrå til den sterke dansen. Men endå om det var råd for oss å lære den måten, ville det aldri bli naturleg for oss å bruke han; song og dans vil skifte lag som alt anna etter folkelyndet og ta meir eller mindre farge av tida. Og dei åra som no er farne ssidan vi tok til med songdansen, har synt at vi måtte gjera dansen norsk, om han skulle bli levande her.

Andre gongen den vesle dameringen i Oslo synte fram kunstene sine var den 22. november same året i Oslo Gilde. Og alle var tekne av dei fine songane som eg trur mest alle høyrde for fyrste gongen.

- Men så tok vi til i Bondeungdomslaget, og sidan er det mest berre der dansen har vore driven i Oslo.
Og derifrå breidde han seg snart utover landet til andre lag.
Men det vart som Valtysson hadde sagt fyrste gongen, at vi måtte ta til å laga lettare måtar enn den store Færøy-ringen.

For her skulle vi ikkje berre lære å danse; vi skulle fyrst og fremst lære å syngje våre gamle gløymde folkeviser att. Og det tok tid. Anten eg kom til bygd eller by, så var visene ukjende, og alle tykte dei var vande å lære. I byane hende det at dei unge "ikkje skjøna" målet i visene. Men det var ikkje ofte.

Etter kvart vart det då så at dei skreiv mest frå alle kantar av landet og ville ha meg til å danse.

Ofte var eg reint opprådd. Eg hadde då minst av alt tenkt å bli dansemeister på mine gamle dagar. Men det er ikkje sjeldan så i livet, at ein gjev seg ut med ting som fører lengre ut på vidda enn ein drøymde om.

Likevel var det rådlaust å slutte, for det var då ikkje noko eg heller ville enn at ungdomen skulle freiste seg på songdansen, som eg av fleire grunnar tykte var fin og god moro. Eg måtte då tøye meg så langt eg kunne, og arbeidet med dansen kom til å ta mukje av tida mi i mange år. Slitsamt var det, og hefte meg sjølvsagt meir enn godt var frå anna arbeid. Men eg vona alltid at eg skulle bli avløyst av yngre krefter, og til då fekk eg halde ut. For eg var glad i songdansen, og eg trudde og han kunne bli til gangn og glede for ungdomen, som er tykte hadde altfor lite god moro.

Men stundom når det gjekk trått, var eg modlaus og tenkte med sorg på tida som gjekk. Alltid reiste eg med eit manuskript i kofferten og freista arbeide på hotellroma om dagane, men var jamt for trøytt. Og kan hende vart det ikkje noko heilt og varugt av dette lell. Kan hende fekk det skjemtebladet i Oslo rett, som under eit bilete av meg, der eg står med eit digert knippe utdansa skor, skreiv: "det eneste resultat av Hulda Garborgs arbeide med folkevisedansen."

For allting i tida drog ungdomen i onnor lei, bort frå alt heimleg, bort frå alt som kravde tankar og arbeid. Film og lette runddansar til dragspel og grammofon var gjævare enn alt. Å snurre sanselause ikring, hengje i armande på einannan i tunnebandkjolar og høghæla skor til simpel bulemusikk vart fint på landet som det var i byen. Arbeidet mot denne ukulturen var som å setja fingeren i ein foss for å stogge han.

Men når eg så kom i eit av dei gode ungdomslaga og fekk sjå ein ring av klårøygd og frisk ungdom som song og leika fint og truverdeig og lyste av moro og glede over kvar ny leik og kvar ny vise, då tenkte eg: nei, det er ikkje vonlaust lell, du får nok hange i.

- Såleis gjekk nokre år, og songdans vart snart fast moro i alle dei frilyndte ungdomslaga. Men få skjøna til fullnads kor langt og hugheilt arbeid det skal til for å få den dramatiske songdansen retteleg god.

- Det gode Bondeungdomslaget i Oslo var alt i den tida populært, og då det fekk ein leikarring, vart det svært på moten å få denne til å danse på alle slag framsyningar. Dei stakkars dansarane sleit ofte hardt og hadde aldri anna enn takk og lovord att, endå dei kosta dei både tid og pengar til klede og skor osb.
Men dei var alltid viljuge, og flinkare og flinkare vart dei.

Også utnfor Oslo måtte leikarringen i Bondeungdomslaget syne fram dansen. 1ste februar 1904 var vi såleis i Fredrikstad og dansa for 800 menneske - og "stemningen var høi" står det i dagboka. Vi som dansa hadde fri reise og opphald; eg for min part hadde på turen 3 kr. underskot. Eg har endå skrivi opp at kr 1,50 gjekk til ein pose wienerbrød "til oss alle". På ein tur til Seljord har eg skrive opp 8 kr. i tap, på ein til Valdris 2 osb.

Eg skreiv 2dre februar i dagboka: "Fleire og fleire uppmodingar kjem frå alle kantar av landet um å koma og dansa; kvar dag fær eg brev. Eg kunde ikkje trudd at den vesle freistnaden min skulle tatt slike dimensjonar. Og då dei ikkje kan få rettleiing, "fuskar dei seg fram etter skildring av folk som har set dansen, men sjølvsagt vert det fælt. Ein stygg åndlaus songdans må ikkje få breida seg."

Ved folkehøgskulen i Valdres hadde eg skeid dette året.
12te januar 1904 skreiv eg m.a. derifrå: "I kveld hev me havt framsyning. Mange gode folk var møtt fram og lika seg godt. Heile flokken hadde laga seg bunader. eg fekk eit gåvebrev på ein utskoren kubbestol. Det gleder eg meg over lag til. Men det er mest skam å ta imot så dyr ei gåve. Dei hev alle lite å fare med, og dei må og betale reise og upphaldet for meg. Hadde eg 1000 kr. å ofre på folkevisune og dansen, skulle eg vera lukkeleg. Det er herleg å høyre dansevisune mine i "kjøkken og lade og lo", ja endå på torget der eg fer. Gledeleg og ovgildt at dei no vert sungne og dansa inn i folket att, i staden for alle dei halvsvenske skillingsvisune som hev rådd grunnen så lenge her i landet."

Den 13.de , Valdres: "Samla for siste gong til fotografering. Men det vart vill dans både inne og ute i snøhaugen. Eg gleder meg i tanken på at etterkomarane våre skal finna eit bilete av desse på eit loft ein gong og segja: der ser me kor harbalne forfedrane våre var: dei dansa i snøen i tunne kvite skjurtur og låge spenneskor - å kor ætti gjeng attende!"

- Om den fyrste Stockholmsferda til leikarringen kunne det og vera mykje å skrive, men her er ikkje rom til stort meir. Berre så mykje kan eg seia, at den åtgaum songdansen fekk der inne, av det beste publikum i byen - kunstfolk, vitskapsmenner ikkje finst - gav oss ny arbeidshug og ny von om at han var liv laga, kor mykje tida var imot.

På turen til Stockholm var ei reint ung gjente med som synte særs givnad for dans og song. Det var Klara Semb, ho som sidan kom til å gjera så mykje godt arbeid for songdansen. Eg minnest ikkje no kva år ho tok til å halde skeid, men ho var med i Det norske spellaget i 1911, og då ho og Arne Hatlestad o.a. tok til å reise, kunne eg draga meg ut or leiken etter kvart.

På dei tre spellagsferdene (1911) slutta vi kvar framsyning med dans. Og det var ikkje for mykje å seia at han vart vel fagna. Endå dei verste riksmålsfolk vann vi med songen og leiken.

I Svolvær, der vi høyrde at det skulle vera 2 målmenn, hadde vi stappfullt hus, og etter dansen steig folk opp på benkene og veifta og ropa bravo. Og slik var det mest allstad, så det var godt å sjå at dei gamle songane gjekk til hjarta. Folk kjendest ved dei, og mange var heilt opp kløkte, og etter desse ferdene var det ikkje ende på "dansebrev".

Eg veit ikkje om noko anna land har hatt så merkeleg samskipnad som dei frilyndte ungdomslaga i Noreg. Meir og meir er desse laga vortne midstaden for alt kulturarbeid i bygdene; dei er ei åndsmakt som byane snart bør gjeva gaum på. Og takka vere desse gode laga veks no songdansen fram alle stader, meir og meir norsk, men alltid på det trauste grunnlaget vi fekk frå frendane våre på Færøyane.

No trur eg han har slegi fast rot att i Noreg, og med tida kan vi vone å få ein god "norsk songdans", som seint vil døy ut att. Det er ikkje ei døgnfluge dette, som dei moderne negerdansane. Songdansen er vaksen fram att av di der var ein naturleg trong til å finne former for moro som høver for ungdom med ideelle hugmål, og av medviten vilje hjå denne ungdomen til å gjera den gamle folkeviseskatten  kjend og kjær att.

Men frå laga vona eg alltid at dansen ville gå inn i heim og skule. Når borna får lære av far og mor liksom Færøy-borna, og leiken vert fast fag i skulen, då har vi nådd målet.

Hulda Garborg