Den norske folkeviseringen
Ei melding i heftet "Folkedansen i 20 aar. 1903-1923" av Einar Øygard

I SIGDAL OG EGGEDAL

Vinteren 1922 fekk eg høve til å gjera ei ferd gjennom sigdal og helt upp til Kyrkjebygda i Eggedal. På slike ferder som eg har hat anten samen med kona eller åleine har eg samla ei mengd med gode minne um gilde folk, og både i Sigdal og Eggedal finn ein rett mange som ein må minnast. Nedre Sigdal grenser til Modum og grunnen til at ungdomslaget er ettermåten mindre enn lenger upp i dalen er vel at det ligg for nære jernbana, men likevel var det ein ring på 20 par. Her budde eg på skudsstasjonen, ein retteleg gild gamal gard med vertsfolk av det gode gamle slaget som tok mot alle med same venlege "versogod gå inn".

Lenger upp i dalen vart laga større og i Prestfossen hadde eg det største skeid eg nokongong har hat, med 150 deltakarar og millom dei kolkkaren i bygda, ein mann på vel dei 50 som sang for heile bunten. Her hadde dei ialt 4 spellemenn på avslutningsfesten.

Lenger uppe i daslen kjøyrde vi forbi ein underleg gard med bygningsstil heilt onnorleis enn dei andre gardane vi for framum. Der var målaren Th. Kittilsen som hadde bygt der. No var det ein rik bymann som eigde garden. Heruppe kallara dei krinsane noko som eg aldrig har høyrt før t.d. Eddalsroa (Eidalgrenda) Engarsroa (Engers grenda) o.s.br. Der var ei stund før eg fekk meg til å segja det fordi eg trudde det var "skjældsord" dei brukte mot einannan. Seinare fekk eg vissa for at "skjældsord" var noko dei ikkje bruka mot einannan. Grannar seg imillom kom meir overeins her uppe enn mange andre stader der eg har fare.

I Engarsroa råka eg ein kamerat frå Bondeungdomslaget i Oslo - ein av dei glupe idrotsmennene.

Endå lenger uppe dreiv dei perlefiske i elva. Eg nemnde sudhavsøyane då eg høyrde det. Her måtte eg bu lit hjå kvar. alle vilde ha folkeviselæraren ei stund og såleis kom eg til ein huslyd der mannen var frå Hadeland, der eg har slite ut brneskorne mine. Vi var liksom kjende frå før vi, endå vi aldrig hadde set kvarandre. Der er so rart når ein høyrer same nemna og vendingane i talen so er det liksom ein kjem meir  til å hugse at ein er av same folket endå eg skulde liksom vera sogning eg. Kona hans var frå Numedal og hadde i mange år samala ei mengd av gamalt fint sylv, bondesylv av bygda sine eigne smedar.

I kyrkjebygda i Eggedal var det liv. Ungdomshuset ligg høgt uppe på eit fjell med vid utsyn. Bratt - ja so bratt at ein mest måtte klive uppover. Her var  det nokre jenter som gjekk eller kjøyrde ei mil til og ei mil frå leikøvinga kvar kveld. Her fekk eg ivd inn H. Garborg: Liti Kristi (Tredje akt). Vi måla kulisser, laga skjegg og klæde og kongekruna, alle kunde bruke fingrane, og arbeidde med liv og lyst. Målaren og bokmannen Chr. Skredsvig bur her uppe og var burte på ungdomshuset på slutningsfesten og såg på, fyrst dei unge då dei dansa sine viser og turdansar og seinare gjekk dei eldre frampå og dansa springar. Den elste var 71 år og heiter Ellefsrud, og kona var 69 år og snudde springar so ei 20 års gjente kunde misunne henne.

På denne ferda fekk eg tak i ein turdans dei kalla seksrill. Den skal koma med det fyrste i Norske folkeviseskrift.

Einar Øygard