Den norske folkeviseringen
Eit lite stykkje om Hulda Garborg i heftet "Folkedansen i 20 aar. 1903-1923" av Johan Austbø

HULDA GARBORG

Me som her levd med i ungdoms- og folkedansrørsla i dei siste tjuge år her i landet, kann snaudt nemna ordi songdans og folkedans utan at Hulda Garborg sitt namn renn i tanken. Me kann segja so stort eit ord ast ho er mor for den norske songdansen som no er levande i landet.

Den gamle norske songdansen døydde ut for lange tider attende. Vår rike, herlege folkeviseskatt var mykje komen på skraploftet. Ei og onnor folkevisa rak nok på folketunga her og der uppi bygdene. Storparten låg gøymt i store bøker, som ingen las; og mykje gjekk vel diverre heilt i gløymsla.

Hulda Garborg hadde vorte glad i folkevisone våre, serleg etter ho hadde høyrt ein slik som Thorvald Larmmers syngja mange av dei, og det vart eit levande ynskje hjå henne å få dei uppatt i folket vårt, so dei ånyo kunde verta folkevisor i ånd og sanning. Men den beste måten å få dette til, måtte vera å dansa dei. Og ingen dansa lenger til folkevisor i Noreg! Her var broten ein sterk lekk i sogesamanhengen. Her var noko stort å atterreisa i folket; her var ein levande straum å føra inn i ungdomslivet i Noreg.

Med glødande hug og sterk vilje tok ho arbeidet upp. Ho leita etter i sogebøker korleis dansen vart driven i gamall tid; med det vart lite rettleiding. Skulde det verta noko greida på det, måtte ho sjå den gamle songdansen sjølv.Og sovoren dans kunde ein då i alle nordanland sjå berre ein einsaste stad ): på Færøyane. Der hadde songdansen levd i ubroten samanheng. Ho for dit ut. Og ho fann gullgruvor å taka av. Og ho førde gullet heim til Noreg. Og støypte det um  til norsk mynt. Ho støypte norske folkevisor inn i færøysk dansemåte. Og gjekk derifrå vidar til å arbeide upp ein serskild norsk dansemåte. Ho tok til å byggja på gamalt, traust grunnlag.

Ho fekk ein leikarring. Dei øvde og streid. Tungt gjekk det. Men ringen vaks og mannast. Men her heime  var det ikkje mange som brydde som um eller skyna seg på dette . storparten drog vel på fliren; dei erkna det vel for halvskrullut romantikk. Fru Garborg for i 1903 til Stockholm med 10 dansarpar; og det underlege hende, at svenskane storfagna henne. same året synte ho fram songdans med ringen sin på Folkemusset, Bygdøy; det var fyrste gongen her i Noreg at songdans vart synt foram for ei stor folkesamling: og det gav ein god framsteøy for arbeidet.

Den som sjølv har streva som lærar i songdans, vil skyna litt av Hulda garborg sitt tunge arbeid i denne nybrotsstidi. ho var ikkje berre instruktøren, ho var grunnleggjaren, skaparaen. Med sitt rike hugsyn og sin fine kunstsans fekk ho komponera leiken so fint i samsvar med åndi i visa, at det tok alle som hadde hug for det norske og sans for det som er fagert. Det fengdea i vidare og vidare ringar. Det vart ei norsk renæssanse.

og når me idag ser ut over landet på dei mange hundrad leikarringar med dei mange tusund dansarar - då veit med kvar takki skal vendast. Visst har mange halsar sunge seg håse, fyr me nådde so langt - det er so. Men hugsa må me at det er hulda Garborg som har vore den berande, den upphavlege kraft i arbeidet. Difor var det rett at der under den nordanlandske songdansstemna i Oslo sumaren 1922 vart halde fest for henne, og at ho fekk sin laurbærkrans til takk for dette sitt store atterreisingsarbeid. Berre med dette arbeidet - umframt det ho har gjort i norsk bokheim og for norsk skodespelkunst - har Hulda Garborg vunne eit stort og fint rom i det norske ungdomshjarta, og dette romet vil ho hava so lenge songdans er levande i landet.

Johan Austbø