Den norske folkeviseringen
Den første artikkelen i heftet "Folkedansen i 20 aar. 1903-1923" av Einar Øygard

DEN NORSKE FOLKEVISERINGEN

Når ein no er attende på det som i desse tjuge åra har vore arbeidt med folkedansen so må ein reint undra seg over koleis vi er komen so langt som vi no er. Vi må hugse at Den Norske Folkeviseringen er ein ny samskipnad og at arbeidet frå fyrst av var sverande tungt. Grunnen var ikkje berre dei vanlege barnesjukdomar som alle nye samskipnader har, men allermest at vi fekk ein sterk motbør å arbeide mot frå den leid som ein då ikkje kunde tenkje seg, frå den leid som ein skulde vente mest stønad. No er den verste motbøren knekt og attåt er vi no blitt so mange og sterke at den motbøren er ikkje lenger fårleg for arbeidet med folkedansen.

Då Hulda Garborg tok til med folkedansen var det mest naturleg å ta til i ungdomslaga og mållaga og det var difor der det fyrst kom i sving. Soleis kan ein nemne at i 1903 fekk Bondeungdomslaget i Oslo den fyrste framsyningsringen, truleg den allerfyrste som våga seg til å skipa ei framsyning i folkevisedans på ope tile. Det var på Folkemuseet, Bygdøy. Same året var denne ringen i Stockholm og dans på skansen ved ei tilstelling som Nordiska Museet skipa. Fru Garborg reiste so rundt land og strand og helt skeid, nokre stader stutte, andre stader lenger, og det såg ut til, som ho sjølv sseier, at det var god grobotn for folkevisedansen hjå den norske ungdomen. Seinare vart Det Norske Spellaget skipa med formål m.a. å drive upplysningsarbeid um folkevisedansen, og då Det Norske Teateret vart skipa fekk folkedansen der eit breidt rom. På Jubilæumsutstillingen 1914 var det ein bolk med framsyning av folkevisedans. Alt dette gjorde at folkevisedansen vart åtgådd av alle, og lika av alle. Fleire og fleire tok folkevisedansen i bruk. Men so kom jobbetida, og det såg ut ei tid som at alt det rydjingsarbeid som vart gjort skulde vera burtøydd. Klara Semb som i mange år hadde stått Hulda Garborg nær i arbeidet med å uppatnye visedansen, reiste ut or landet, og hennar arbeid med å finna framatt dei mange stilfulle turdansane våre, vart slutt for ei tid, men det tok ho uppat med ny kraft då ho i 1920 kom heimatt. Då var det at Den Norske Folkeviseringen vart skipa til å ta uppatt arbeidet og prøve å føre det vidare, ut til heile folket.

I samhøve med dette er det her rette plassen til å gje eit stutt oversyn over korleis eg kom til å gjera alvor av å tillysa skipingsmøte for Den Norske Folkeviseringen.

Til Olsokstemna 1917 som Bondeungdomslaget i Sarpsborg skipa, bad formannen herr Arnt Bergby, Leikarringen i Bondeungdomslaget, Oslo, som kona og eg den gongen stelte med, til å vera med på ei framsyning i folkedans samen med Leikarringen åt Bondeungdomslaget, Sarpsborg. Den gongen sa Bondeungdomslaget i Oslo ja, noko dei den tida alltid sa når det gjalt å fremja folkedansen. Vi reiste nokre faa par og vart vel mottekn, noko ein altid blir i Bondeungdomslaget i Sarpsborg. Men so kom det store spursmaalet: Kunde vi som ikkje hadde set kvarandre før, dansa samen? Det fekk stå si prøve. Vi var komne for å dansa saman.

Bergby er ikkje berre folkedansar men og songar og dirigent for fleire songlag i Sarpsborg og var den gongen svert uppglødd for "sangerforbund". Noko slikt skulde høve svert godt for Leikarringane og, meinte han. Eg veit ikkje kven som flaug i meg, men eg var med ein gong samd med han. Eg fekk sjølvsagt ikkje sova den natta, fordi denne tanken var god og måtte prøvast. Eg tala og eg skreiv, og eg tenkte meg framover i tida når vi kunde møtast alle folkedansarar frå heile landet og slå ring. Bergby nemnde og noko um at avholdslag og burde vera med å sende ringar til eit slikt "forbund". Det skyna eg ikkje med ein gong men eg vart samd med han før eg reiste fra Sarpsborg. Og eg gjekk endaa vidare: Alle må bli med i arbeidet for folkedansen.

Eg vil nytta høve å takka Bergby for at du gav ideen til D.N.F.
Men Rom vart ikkje bygd på ein dag.


Året etter hadde Noregs Ungdomslag årsmøte på Mysen, og eg hadde høve til å vera tilstades. Eg råka der fleire kjend kvinner og menn på dette umkverve, og til nokre nemnde eg dette med samling av leikarringane. Det var slett ikkje min ide, men kunde eg vera ein tenar for denne so vilde eg og vera med å gjera det vesle eg kunde.

Som kom hausten 1919. Det var nokre få spurnader etter lærarar i folkedans, det var ikkje mange, og det gjaldt å nytta ut alle dei krefter ein kunde få tak i skulde det ikkje døy reint burt. Torsdag 17. november, ein kald vinterkveld samlast so utsendingar frå seks leikarringar i eit klasserom på Vaterlands skule, til skiping av Den Norske Folkeviseringen. Det var ikkje mange, men dei somvar, brende etter å få lov å arbeide.

Det som på dette møtet vart vedteke har sidan vore det sentrale i alt arbeid med folkedansen. Her er verdt å nemna:
1. At det vart lovfest at alle lærarar i folkedans skulde vera godkjende av styret i D.N.F. Andre enn dei godkjende lærarane hadde ikkje høve til å halda skeid i folkedans. Lærarane fekk rett til i kvar ring å ta ut ein eller eit par som kunde bli godkjend til å leida dei øvingar ringane trong. På den måten fekk kvart lag nokre til å greide med leiken etter den utsende læraren var reist, og ein skulde tru at med det vart det eit godt arbeid for folkedansen i mest alle byar og bygder. Styret i D.N.F. skulde alltid vera folkedansarar.
2. Økonomisk hjelp kunde og dei einskilde lag få når det trong det. Umlag det halve av innkomene det fyrste året skulde nyttast til dette. No er det meir enn den gongen, og på budsjettet 1922-23 var det ført upp ialt kr. 3000.00 til hjelp for lag som vilde halda skeid i folkedans.
3.  Det vart sett upp plan for korleis dei einskilde ringane skulde styrast, slik at dei kunde vera til gagn og glede for arbeidet med folkedansen.
4.  Samskipnaden la band på lærarane, lagsfolka og laga at dei skulde stå i nøye samband med samskipnaden sin for at den kunde få eit greit oversyn over arbeidet til ei kvar tid.

Dette var hovudvedtaka på skipingsmøte og dei har sidan vore halde med vyrdnad. Andre samskipnader har prøvd å leggja inn arbeidet med folkedansen som lek i sit arbeidsprogram. Likevel er det vedtaka på skipingsmøte åt Den Norske Folkeviseringen som er lagt til grunn.

Frå ymse leider har sjølvsagt måten åt D.N.F. å arbeide på vre kritisert. Denne kritikken er komen frå ein einsidig synsstad utanum folkedansarane. Likevel har det synt seg at dette kritiken har skapt stor framgang for samskipnaden. Voksteren har vore so stor at den unge samskipnaden ikkje har makta den til fullnads. Difor har det voreeit kav og slit for dei som har stått i brodden. Det må nemnast at det styre som no står har ofra meir enn ein kunde venta. Vonleg vil dei få glede i framtida for den sjølvoffring dei no måtte gjera.

Eg vil her ta med ei grafisk framstelling av framgangen i desse få åra.


Når ein no ser på framgangen og tenkjer seg attende til 90-åra då Thorvald Lammers tok til å syngje folkevisene og folketonane i konsertsalane må ein segja med Hulda Garborg i "Songdansen i Nordland"  --- detr var ei ny verd som opna seg  ---. No har denne nye verda opna seg for mange - fleire tusend - og kunde det la seg gjera å samle alle folkedansarane i ein gong vilde det vera ein gild flokk som kunde kveda våre gamle viser og stev. Henrik Wergeland spådde eingong, då han fortalde um dei verdlause danske visene som berre livde i månadsskrift   "at en bedre Periode for Folkesangen maa komme av sig selv. Og jeg tror på Mennesskehedens evige Selvforyngelse, og at Norge naar det faar bygget og ryddet fra sig og blir gammelt i det Nye, vil igjen blive besøgt av blaakledte Huldre med Langeleiken i Hænderne".

Det må difor vera folkedansarane sit mål å bygge upp det nasjonale og rydde vekk alt unasjonalt for at folkedansen og folkedangen kan få "en bedre Periode".
Einar Øygard.