Den norske folkeviseringen
Ei melding i heftet "Folkedansen i 20 aar. 1903-1923" av Johan Austbø

NASJONALDANSEN PÅ EIKER

For 20 år attende var det vel ikkje stort meir enn dei hadde høyrt ordet folkeviseleik her på Eiker. Dei fåe som heldt målblad hadde sjølvsagt lese som um Hulda Garborg sitt arbeid i denne grein av vårt atterreisingsarbeid. På Buskerud folkehøgskole (som ligg her i bygdi) tok dei tidleg upp folkeviseleiken; og vinteren 1912 var Olga Kolstad, læraerinna ved denne skulen, i fråhaldslaget her i Skotelv og lærde oss nokre få songdansar. m.a. "Bendik og Årolilja" og "Inga Litimor" - noko av dei venaste songleikar me eig. Me sleit då ei tid på dei fåe leikane me kunde, til me fekk Kari Semb hit over nyåret 1914. Ho reiste millom Oslo og Skotselv mange kveldar, og mykje lærde ho oss. På avsluttningsfesten, på "Solhaug", hadde me ei fin framsyning, og den fagre dansen vann mange vener.

Men krigstidi kom og dansen døydde av att. Fyrst i 1917 kom det ny kveik i oss. Me vende oss til Klara Semb, og ho kom. Ei heil vika dreiv me og dansa på "Varden" - frå måndagskvelden til laurdagskvelden då me hadde avslutningsfest. Den store festlyden fagna framsyningi på det beste. Det synte rike frukter etter der ihuga åtte dagars slitet til frk. Semb. - Men so tok det atter til og dovna, og døydde av. Ein for hit, ein annan dit. Og her var ikkje skipa nokon "ring", so det var ikkje noko band som knytte saman.

Men den store feststemningi under songdansstemna i Oslo sumaren 1922 sende ogso ei bylgja hit. Me fekk Einar Øygard hit, leid frampå hausten. Og her vart "liv i lægeret". I 10 kveldar dreiv me, 17 par, og leika og dansa på "Varden", so godt me kunde.

Me tok på med a-b-c altså "Per spelemann", og gav oss ikkje fyrr me kunde snurra gjentone våre i hivande springar. Og da me helt avsluttningsfest fram i november, hadde me ein ring som det stod age av. Alt det me hadde lært, vart framsynt og fagningi stod høgt i taket. Der vart halde talar um songdans og folkevisor av larar Alf Røgeberg og meg; der var upplesing av mykje gildt. Det var ein av dei gildaste festar som har vore i Skotselv. Storparten av leikarane gjekk nasjonalklædde. - Fyrr skeidet var slutt, hadde dansarflokken skipa seg saman til "Leikarringen Liv", som no har 40 lagsfolk og innmeld i "Den norske folkeviseringen".

Samstundes vart her ogso halde eit leikarskeid for barn, ogso med Øygard til lærar. "Barneringen" er kalla "Årolilja" og har no 54 innmelde barn. Ein storpart av borni har nasjonalbunad.

Til Mjøndalen, Nedre Eiker, kom Øygard straks etter skeidet i Skotsselv, og heldt eit 8 dagars skeid i Avhaldslokalet. Eg var tilstades på avslutningsfesten og heldt foredrag um Færøyane og Færøy-dansen. Det var ein fin ring, og god sving i dansen. Og fagningi frå tilskodarflokken var stor.

Den 25. januar 1923 skipa "Den norske folkeviseringen" til folkedansframsyning på Drammen teater. Fleste dansarane var fra Oslo. Frå "Leikarringen Liv" ver me 4 par. Det var ein fin og minnerik kveld.

Sundag 27. mai skipa D.N.F. til stemne på Hønefoss, millom "Leikarringen Liv" og leikarringen på Nedre Eiker. Frå jarnvegsstasjonen på Hønefoss gjekk me i festgang gjennom byen, med det gamallnorske flagget og 5 felespelemenner i brodden, til den framifrå fine Schongslunden attmed Adalselvi, der me hadde ei stor og rik framsyning for nokre hundrad åskodarar, i den strålende fagre sumarkvelden.

Johan Austbø