Den norske folkeviseringen
Ei melding i heftet "Folkedansen i 20 aar. 1903-1923" av Sigmund Espeland

EIT LITE ATTERSYN

Dei gjorde meg den æra å be meg skriva noko um leikarbeidet mitt fram gjennom åri. Eg takkar så mykje for denne æra og eg skal frista leita fram eit og anna fordi det attåt ære også er meg ei sann gleda!

Ja -- eg minnest vel fyrste gongen eg såg songdans!
No 17de mai ver det nett 20 år sidan. Eg var ikkje gamal då, berre 16 år.  Og just fordi me var so unge både songdansen og eg, hadde eg nær sagt, vart dette meg ei uppliving, eit eventyr eg aldri sidan hev kunna gløymt. Det var heime i Fana i ungdomslaget der, dette. Det var ungt og nytt laget med, berre 4 år gamalt. Og nede i Bjørgvin budde den 3 års gamle "Ervingen". So munde fru Garborg alt ha vore der med dansen sin, for til Fana kom han med tvo ungdomar, som hadde "set han" i "Ervingen". Og dette var i 1903.

Det var "Per spelmann" som var mest i velten den gongen. Og so "Haugebonden" og "Reven og bjørnen". Fyrste gongen eg "trødde" songdans sjølv var tvo år etter. "Ormen lange" var vorte kjærbarnet då. Ja, det gjekk vel med tramp i golv! Det var gildaste det og vare augo det rettaste med å ta berre fire taktor i færøysteget og so få høgre fot mest mogeleg på tvert inn i ringen med dugeleg appell attåt. Det vart ein ikkje liten lut av arbeidet seinare å slipa burt den takten og den appellen.

So gjekk då åri. Javisst leika me no og då. Og Arne Hatlestad for kring vestlandsbygderne og heldt skeid. Likevel var der ei tid det ikkje gikk retteleg godt. Men so kom ho til Bjørgvin ho Klara Semb. Og med henne nytt liv og ny fart i leikarbeidet! Eventyret vart livande, vart verkeleg att. Ja, so gjekk eg då eit av skeidi hennar i 1916. Og året etter eit stutt eit hjå fru Garborg. Men med mitt arbeid med songdansen vart det ikkje noko vidare fyrr i 1920-21. Sidan hev eg arbeidt litt med leik, attåt anna, kvar vinter.

ROGALAND

Hev vore i fleire lag der, serleg på Sandnestraktane. Rogalands-ungdommen hev si nøringskjelda i Bondeungdomslaget i Stavaanger, som leikar sers vakkert. Og fleire gjæve ungdomar hev kome heimatt til bygderne derifrå og halde leiken frisk i laget der heime. Og so hev Ingebjørg Fedje fare der mykje. Dette gjer at Rogalandsungdomen på jamnan leikar fint. Det hev ein annan grunn og. Rogalands ungdomslag forbyd vanleg runddans på møte og festar, ja i det heile. Sagte hev der vore mykje strid um dette. Men det hev då gjort mykje til å fremja songdansen. For noko må ungdomen ha. So hev dei høgskolen på Klepp - ein av vestlandet sine alra gjævaste kultur- og åndsheimar; der og hev leiken stade høgt. Det hev mange gonger vore gildt for meg å minnast den gleda dei la ikring leikarbeidet i Rogaland!

TELEMARK

Her hev eg havt ei ykt. Ei ykt rik på minne sovel som på røynslor, røynslor av både det eine og andre slaget. Leiken var mindre kjend og nytta her enn eg hadde trutt. Difor gjekk det mange gonger trått. Og so er telen bunden av eit serlynne som ikkje alltid gjer det godt å få den rette dåm yver taktføringi. Det er dialekt i slikt måvita. Men di gildare vart det, når det fyrst tok til å sviva. Og sveiv gjorde det so det reint var ein hugnad.

HARDANGER

Ingen stader hev eg arbeidt med større utbyte enn i Hardanger. Kipnaste og gildaste ungdomen råka eg der. Og når ein tek umsyn til dei lange veger og ofte uførne og, so lyt ein segja interessa var både stor og god. Det som elles gjorde leikarbeidet so sers gildt for meg der burte var det, at dei let alltid leiken kvila på slik ein traust og medviten ideel bakgrunn. Me kom so heilt inn til sjæli i leiken, soleis.

I det heile hev eg havt mykje meir gleda av mitt arbeid med songdansen og leiken, enn eg hev havt leida. Ein kunde jo mange gonger verta freista å gjeva upp. Og der var sagte kveldar ein kunde ynskja seg i sofakråi med pipa og avisa, som skikkelegt folk, istadenfor å gå på leik. Men alt låkt vart gløymt, når eg hadde ringane uppstelt siste kveldane. Lagi heldt då alltid fest tilslutt. Og fest - etter mine krav - vart der mest alltid og, det var det gildaste. For meg hev det alltid vore um å gjera å få ungdomen til å skyna, at leiken ikkje berre skal vera eit tidartrøyt på eit lagsmøte, men ein helgardåp i gråe kvardagen. Og alle dei blanke augo i dei mange leikarringane mine hev gjeve meg tru på, at det ikkje alltid hev vanlukkast.

Sigmund Espeland