IntroFOLK

Vinnarar                                   

2005
Fyrst ut er Den norske folkemusikkveka på Ål, laurdag 28. mai, der torader/trøorgelduoen Gammel-likt se møter Majorstuen. Her vart Majorstuen best.
Laurdagen etter, den 16. juli, møtast to trioar under Riddu Riððu festivalen i Kåfjord. Tindra har besetningen fele, trekkspel og song, medan Geitungen består av fele, torader og gitar. Her vart Tindra best.
Under Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, laurdag 9. juli, møter hardingfelespelar Synnøve S. Bjørset felekollega frå Majorstuen Gjermund Larsen. Her vart Gjermund Larsen best.
Sist ut i semifinalerunden er Telemarkfestivalen i Bø, fredag 22. juli, der den samiske gruppa Adjagas møter hardingfelespelemannen Per Anders Buen Garnås, som dermed stiller på heimebane. Her vart Adjagas best.

Den store finalen, med fire finalistar, går av stabelen under Jørn Hilmestemnet laurdag 30. juli, i form av to konsertar der kvar gruppe/solist speler 45 minutt. Her vart Majorstuen vinnar.
Les meir om IntroFOLK her.

Juryen under årets INTRO-folk er sett saman av Helge Skansen (juryleiar), Asgaut Bakken, Ola K. Berge, Annbjørg Lien, Øyonn Groven Myhren og Inga Juuso.

Om prisen

IntroFOLK  er ein pris som vart oppretta i 2005 for å støtte unge folkemusikarar. Det er finansiert av Rikskonsertane og er eit samarbeid med dei største Festivalane, Folkemusikkscena og Norsk Folkemusikkformidling. Den som blir Årets unge folkemusikar får mellom anna eit omfattande  lanseringsprogram.
Det blir av ein jury plukka ut 8 semifinalistar som "kjemper" mot kvarandre på ulike Festivalar, og så er det finale på ein av festivalane på ettersumaren.