Oddvar
Nygaard (1919-1985) (bilete
av kvartetten)
Gudbrandsdølen Oddvar Nygaard frå Hondorp i Sør-Fron var og er
svært sentral i norsk
gamaldansmusikk. Saman med Ola Opheim frå Vågå revolusjonerte han
norsk runddansmusikk på 2. halvdel av 1900-talet med ein ny og
frisk dansbar gamaldansmusikk med fela og trekkspelet i sentrum.
Oddvar Nygård spela trekkspel og fekk opplæring mellom andre av
Ottar E. Akre. På 40- og 50-talet spela han både gamaldans og meir
moderne rytmer på ulike hotell og tilstellingar. Første plata
spela han inn allereide i 1942. På eit husmorlagsmøte på Hundorp
i 1959 spela han første gong saman med friskusen Ola Opheim, og det
vart ein stor suksess - og eit samarbeid som skulle vare resten av
livet. Over alt der dei spela strøymde folket til i store flokkar. I perioden 1964
-85 spela han inn med orkesteret
sitt 24 LP'ar med omlag 340 melodiar, mest saman med Ola Opheim på
fele, Finn Westbye på gitar og Håkon Nilsen på bass. Det blir
fortalt at ein gong spela dei inn 5 LP'ar på ein dag! Stundom var
andre musikarar med, til dømes Rolf Syvertsen på trekkspel, og
iblant kjendis-vokalistar som Børt Erik Thoresen og Ole Ellefseter.
Nygaard laga sjølv ca 170 komposisjonar. Av dei mest kjente kan nemnast
"Storjutul'n", "Villrosa",
"50-årsdagen", "Så sveitten hølja" og "Vals te'
tusen". Med Oddvar Nygaard kom det ei blømingstid for
gamaldansmusikken i Noreg. Nygaards kvartett spela også svært
mykje i NRK. I 1973 fekk han Spellemannsprisen første gongen han
vart utdelt. I 1995 gav plateselskapet hans Emi i samarbeid med
Rasmus Stauri ut ein samle-CD med eit
tverrsnitt av Nygaard-musikken, minneplata "Spelemannsliv".
|
Per
Mathiassen Bolstad (1833-1910) (bilete)
var frå Stryn men budde det meste av livet i Ålesund. Han var den
første spelemannen i Bolstad-slekta som merka seg ut. Han byrja
tidleg med fela (flatfele), og i 16-18 års alderen var han i Bergen
og fekk opplæring i fiolinspel og notelære. Eldste broren Elias
var ein sers flink hallingdansar og var fleire gonger i desse åra i
Bergen og dansa på "Det Norske Theateret" til Ole Bull.
Per fekk vere med i teateret og vart kjent med Ole Bull. Rolf
Myklebust fortel at Per såg iblant at Elias og Ole Bull tok ryggtak
- dei var begge stor og sterke. P.M. Bolstad, som han normalt skreiv
seg, busette seg i Ålesund, og attåt arbeidet hadde han eige
ensemble for ballmusikken i byen, spela mykje til dans i selskap og
var ofte spelemann i bryllup i bygdene på Sunnmøre og i Romsdal.
Han hadde eit stort repertoar av gamle Nordfjorslåttar, og stundom
kom det spelemenn frå Nordfjord for å lære. Mellom desse var dei
to dugande Stryn-spelemennene og parhestane John Bolstad (sonen til
Elias) og John Øvreeidet.
|
Per Bolstad
(1875-1967) (bilete)
var frå Ålesund, men hadde sterke band til Stryn. Faren Per Mathiasen Bolstad
(1833-1910) var frå Stryn og var ein god spelemann. Han budde det
meste av livet i Ålesund. Per Bolstad lærde både slåttemusikk og
fiolinspel av faren frå han var liten. Han vart fiolinist og først og fremst kjent som komponist av over 600
komposisjonar - mange av desse i hans typiske gamaldansstil. Han
hadde orkester i mange år, og mange av slåttane hans vart svært
folkekjære. Han var også ein framifrå spelemann i tradisjonell
folkemusikk. Bolstad spela ofte i radio. Bolstad vart tidleg blind, men slutta ikkje å
komponere eller spele for det. Av kjende Bolstad-slåttar kan
nemnast "Fagre Stryn", "Det glade Ålesund",
"En aften på Grotli", "Glade
Johan" og "Krunebrura". Mange av komposisjonane til Bolstad er
vanskeleg å spele, og har vore lite nytta i gamaldansmiljøet i
seinare år. Til liks med faren var sonen Per også vidunderbarn på
fiolin og ein svært lovande fiolinist, men han døydde tidleg.
|
Johannes Dahle (1890-1980)
(bilete)
Johannes Dale frå Tinn i Telemark var ein
framifrå spelemann. Far til Johannes var Knut Knutson Dahle som var
sonen til den velkjende spelemannen Knut Johannesson Dahle
(1834-1921), som Johan halvorsen skreiv opp mange slåttar etter. Johannes førte ei lang rad slåttar vidare i ubrigda
form frå farfar
sin til yngre spelemenn, med Olav Øyaland (1922- ) i spissen. Dette var
slåttar i tradisjon etter Håvard Gibøen, Knut Lurås, Hans
Fykerud, Myllarguten og andre. Etter oppmoding av Torkjell
Haugerud laga Johannes også mange
slåttar sjølv - bortimot 60 - lyriske mest. Mange av desse
slåttane har vorte mykje nytta seinare, som til dømes
"Rakstejenta", "Innved omnen" og
"Tuntreet". Johannes gjorde svært mange
innspelingar i NRK - 434 til saman, og 357 i åra 1958 - 1964, av
desse om lag 260 ulike gamle slåttar. Johannes fekk mange
utmerkingar - kongens fortensmedalje i gull, byste, Myllargutens
gullmedalje , heiderlagsmedlem i LfS, Haugerudprisen etc. Han var
ein av dei beste spelemennene i si tid i Telemark, og ein svært viktig
tradisjonsformidlar.
|
Gunnar K. Dahle (1902-1988)
(bilete)
Gunnar Dahle var ein framifrå spelemann frå Tinn i Telemark. Saman
med broren Johannes var han den som bar den rike arven etter
bestefaren Knut J. Dahle (1834-1921) vidare - ei ubroten
tradisjonsline frå tidleg 1700-tal. Mange spelemenn har fått lære
slåttar av Gunnar og Johannes Dahle. Gunnar spela inn over 200
slåttar for NRK. Han byrja spele i 11-årsalderen. Han spela mykje
til leik og dans og var også spelemann då Klara Semb heldt kurs i
Tinn i 1922. Han var med i Tinn Spelemannslag i 1917, og seinare
vart han musikalsk leiar fora Vestfjorddalen spelemannslag i meir
enn 50 år. Han gifta seg i 1926 med Sonnev Grønnskjei, busette seg
på småbruket Grønnes og dei fekk 4 born. I unge åra arbeidde han
som tømmerhoggar og målar, men fekk i 1929 arbeid på Norsk
Hydro der han etter kvart vart formann og fabrikkmeister.
Gunnar deltok ikkje så mykje på kappleikar, men spela meir i
gjestebod og på konsertar og i kyrkjer. Første gongen han deltok
på kappleik var i 1917, og til saman fekk han over 60
førstepremiar frå kappleikar. Som pensjonist fekk han betre tid
til å spele, og byrja frå 1971, så han vart tilsett i
Folkemusikkopplæringa i Telemark og med det byrja eit omfattande
arbeid med å lære opp nye spelemenn. Ein gong
spela han i utlandet - saman med Knut Buen i Berlin i 1980. På sine
eldre dagar fekk han mange heidersutmerkingar. I 1970 fekk han
kongens fortenstmedalje, i 1977 Torkjell Haugerudprisen og i 1980
Tinn kommunes første kulturpris. Han fekk også den første
æresprisen til Tinn Spelemannslag i 1982. Han var med i fleire
TV-program og deltok i fleire fonogramutgjevingar, mellom anna
"Slåtter opus 72" med Knut Buen og Einar
Steen-Nøkleberg. Gunnar spela inn over 200 slåttar for NRK.
|
Magne Manheim
(1928-1997) (bilete)
Manheim vart fødd i Seljord som yngste av 12 søner til den
kjende spelemannen Harald Manheim (1879-1936) og kona Tone. Magne
lærte først hardingfelespel, og vart tidleg ein svært dugande
spelemann. Men frå konfirmasjons-alderen også fiolinspel. Han
flytta til Oslo i 1947, tok artium, gjekk i fiolinlære og fekk fast
tilsetjing i Kringkastingsorkesteret frå 1956.
Manheim var med på mange konsertar, solist med orkester,
spelferder, utanlandsturar, rikskonsertar, skulekonsertar og anna
som hardingfelespelar. Han la ned eit stort arbeid for LfS, der han
var leiar i 2 år frå 1948. Han samarbeidde mykje med kjente
spelemenn som Eivind Groven og Henrik Gjellesvik (svigerfaren),
Kjetil Løndal og Sigbjørn B. Osa. Manheim har spela inn mange
slåttar for NRK og på plate, ikkje minst komposisjonar etter
Torkjell Haugerud. Då han vart pensjonist, flytta han og kona
attende til Seljord i 1989, og var aktivt med i spelemannsmiljøet
der. I 1990 var han med og stifta Seljord spelemannslag.
|
Rolf Myklebust
(1908-1990)
Myklebust var frå Stryn, sonen til spelemannen Jakob Myklebust, og
spelemannen Jens Maurset var gudfar hans. Etter realskule og gymnas på
Sandane vart det Musikkkonservatoriet og profesjonelt musikkliv i
Oslo. Etter kvart fekk han interesse for folkemusikken, og byrja å
skrive opp folkemusikk i Nordfjord i 1941. I 1952 vart han tilsett som programsekretær i NRK heilt til
1978, og vart kalla "folkemusikkhalvtimen personleg". Han
gjorde svært mange opptak frå alle kantar av landet, og bygde opp
NRKs folkemusikkarkiv. Etter at han slutta i NRK skreiv han boka
"50 år med folkemusikk" - ei grundig dokumentasjon av
sitt arbeid med folkemusikken og med mykje informasjon om norsk
folkemusikk og spelemenn. Seinare gav han ut ei fin
kjeldehistorisk samling i 6 hefte "Slåttar i
Nordfjordtradisjon" - både musikken og stoff om spelemennene. Han
har også skreve ei lang rekkje artiklar om folkemusikk i ulike
tidsskrift og blad. I mange år hadde han eige ensemble som mellom
anna spela inn turdansmusikk.
|
Anders Nilson
Reed (1849-1924)
Han var ein av dei viktigaste tradisjonskjeldene og
tradisjonsskaparane i Nordfjord. Han var fødd i Breim, men budde
det meste av livet i Utvik, der han var skreddar. han var ein svært
mykje nytta sspelemann i brullaup og til dans, og hadde ei stor
slåttekunne. Han spela i lag med karar som Loms-Jakup og Magne
Maursæt. Arne Bjørndal skreiv oppslåttar etter Reed i 1918.
|
Kjetil Løndal
(1907-1987) (bilete)
(bilete)
I 10-åra etter krigen var Kjetil Løndal ein av dei fremste
spelemennene i landet. Han var frå Tuddal, sonen til
storspelemannen Svein K. Løndal (1864-1949), og bror til spelemennene Einar
(1914-2006)og
Olav (1904-1986). I ungdomen var han snikkar, men flytta tidleg
(1939) til Oslo der han
var vaktmeister i ei stor boligblokk i Casparis gate. Heimen hans i
Oslo vart ein samlingsstad for spelemenn som var eller kom til byen. I
lang tid var han ein av dei sentrale personane i Laget for
Folkemusikk, og var musikalsk leiar der i mange år (frå 1945 til
1980). Mange fekk lære felespel av Kjetil, mellom dei også Lille-Bjørn
Nilsen. Han var også ein
framifrå dansar og heldt mange kurs i teledans. I Telelaget i Oslo
var han spelemann og instruktør i ei lang rekkje år. Han fekk ei rad
1.-premiar på kappleikar, og var norgesmeister i spel 4 gonger
(1956, 1958, 1959 og 1966) og i dans i 1954. Han
var også formann i Landslaget for spelemenn (1950-52). Han gjorde
meir enn 200 opptak med NRK, første gong han spela der var i 1931.
Løndal var med på ei rad utanlandsturnear, i mange europeiske land og
to gonger i USA. Ein lang turne med "Dans ropte fela" i 1961 og i
1972. Han var svært interssert i feler, og laga også ein del feler
sjølv. Han vart påskjøna
med ei rad utmerkingar. Han fekk Myllargutmedalja i sølv og gull,
Haugerudprisen, heiderlagsmann i LfS og LfF og kongens
fortenstmedalje i gull. I samband med 100-årsdagen for då han vart
fødd i 2007, var det ein stor minnekonsert for han i Oslo, og det kom
ut ein CD med opptak ffrå NRK (Løndalsspel II).
|
Sjur Helgeland
(1858-1924) (bilete)
Ved sida av Ola Mosafinn (1828-1912) er Helgeland rekna som kanskje
beste spelemannen på Vestlandet. Han var frå Myrkedalen ved Voss.
Han lærde først spel av faren Lars Helgeland
("Brita-Lars") (1823-1907), og elles lærde han spel etter
dei viktige kjeldene i Vossebygdene i tidene før: Anders Øyelson
Hyrt ("Gamle-Hagen") (1771-1844), Nils Olavson Rekve
(1777-1846) og Nils Olavson Mørkve ("Bygdatroen")
(1781-1857). Han lærde også mykje "moderne" spel
(valsespel). Sjur utvikla tidleg ein teknikk med bogen som var betre
enn alle andre. Han var også svært flink til å lage slåttar
sjølv, til dømes "Sivlefossen", "Budeiene på
Vikafjell", "Vårlengting" og andre. Sjur var svært
heimekjær og reiste ikkje vidt omkring. Men han spela mykje på
Voss, i Bergen og i bygdene deromkring, og deltok på kappleikar, og
spela mykje i Vestmannalaget. Han spela også ofte for Grieg. I 1911 spela han inn ein
del slåttar for pathefonopptak (saman med Ola Mosafinn og Magnus
Dagestad). Sjur var ikkje så viljug å lære frå seg spel, mest
gjekk vidare til dei to brørne Sigurd Borge (1889-1953) og Nils
Borge (1892-1970). I 1929 vart det avduka ein minnestein på
kyrkjegarden på Vossestrand.
|
Anders
Kjerland (1900-1989) (bilete)
var frå Granvin, sonen til Severin og Ingeleiv Kjerland. Anders
lærde først spel av far sin, som hadde lært slåttar av mange i
Hardanger og Voss som Lars Røynstrond ("Hatle-Lars")
(1822-1899) og Ola Mosafinn. Anders lærde også av
Granvin-spelemannen Nils Nilsen Eide ("Tråen")
(1873-1946), Jacob Svartveit (1850-1942) og Sjur Håstabø
("Nolten") (1872-1945) (brorson til den kjende Ola
Håstadbø). Men mest fekk han likevel lære av
storspelemannen i Hardanger på den tida Halldor Meland
(1884-1972) i Ullensvang. Atten år gamal byrja han på
Landsgymnaset på Voss, og fekk lære av spelemenn der, mellom andre
Per Berge og Magnus Dagestad (1865-1957) og seinare av mellom andre Arne
Bjørndal. Anders deltok på første Landskappleiken i 1923, og vart
best i si klasse. Anders fekk seg snekkarverkstad, gifta seg i 1931
med grannejenta Anna, same året som han fekk seg ei ny god Olaf G.
Helland-fele. Dei fekk tre born, Ingeleiv, Severin og Knut. Anders
fekk etter kvart eit svært stort repertoar - både gamalt og nytt
spel - først og fremst prega av Haldor Meland, men var også sterkt
påverka av Torkjell Haugerud (1876-1954) og Eivind Mo (1904-1995).
Mo laga også ein slått til Anders. I 1948 var han med å skipa
Hardanger Spelemannslag og la ned eit stort arbeid der. Han hadde
også oppgåver i Landslaget for spelemenn og vart æresmedlem der i
1965. Han har deltatt på svært mange kappleikar med jamt godt
resultat. Han har også spela mykje i NRK, der dei har ca 500 opptak
etter han. Mange har lært spel av Anders Kjærland, særleg i
Hardanger, mellom andre dottera Ingeleiv Kjerland Kvammen (1932-) og
Knut Hamre (1951- ), men også andre kjende spelemenn som Kjell
Midttun (1935-198?) og Leif Rygg (1940- ) på Voss og Magne Myhren
1937-) frå Hallingdal.
Då Anders fylte 80 år, vart det gjeve ut eit festskrift, og ved
100-årsminnet ei bok.
|
Lars Fykerud
(1860-1902) (bilete)
frå Sauherad, var ein framifrå spelemann, med svært god teknikk
både med venstrehanda og bogen, men døydde berre 42 år gamal.
Sume har meint at han står heilt fremst i rada av norske spelemenn
gjennom tidene. Han lærde først å spele av faren Gamle Fykerud'n
(1823-1879), sjølv ein framifrå spelemann, og mora Thorbjør
Larsdotter (1828-1920) som var flink å spele sjøfløyte. Seinare lærde han av
mange gode spelemenn mellom andre Myllarguten og Knut Dahle. Hans
byrja tidleg å reise rundt og halde konsertar og var ein typisk
konsertspelemann. Han dikta nye tonestykkje med preg av natur og
folkeliv, til liks med Sjur Helgeland og Ole Bull, og bygde om tradisjonelle
slåttar, og skapte såleis "skule" i Telemarksspelet. Han byrja
også tidleg med runddansspel. Han stod oppreist når han spela,
hadde ein fin bunad og var staseleg å sjå til. Han sette også nye
klingande namn på ein del slåttar han brukte på konsertane. I
1884 gifta han seg med Anne Tveiten frå Tinnegrend, fekk god
medgift, og kjøpte Jettumsalen på Kongsberg der dei dreiv hotell i 3 år
før dei kjøpte hus og flytte til Notodden. På første kappleiken
i Noreg, i Bø i 1888, vart han bestemann. Han var på ei lang
konsertferd i Amerika 1890-98, og gorde det der sers godt (på ein
konsert tente han 1600 dollar), men pengane vart borte, og han kom
heim att fattig og sjuk av tæring. Etter han kom heim, gav han ein
del konsertar, men spelet var ikkje heilt som før. Mellom slåttane han
komponerte kan nemnast "Signe", "Vårlengt",
Budeiorne på Filefjell", "Seterliv i Noreg",
"Gjenta med vogga", "Farvell til Amerika" og
"Sorg". Mange av slåttane til Lars Fykerud har blitt
gløymde, men sume har levd vidare. Ved kyrkja i Bø der han er gravlagd, er det reist
ein minnestein. Halvor Braaten gav i 1929 ut ei bok om Lars Fykerud.
Bror til Lars, Hans, var også ein sers dugande spelemann. Han
reiste tidleg til Amerika, og vart der til han var 60 år.
Sume heldt han for å vere jamgod spelemann med Lars. Det er
sagt at Fykerud-folket var noko for seg
sjølv på mange måtar, både i framferd og givnad, såleis stod
faren Hans steilt mot det petistiske synet. Lars var nokså
sjølvgod ofte, han var ein "showmann", og snakka i blant
mindre pent om andre. Den nye "retninga" han vrei
spelestilen i - mot meir konsertspel - var det ikkje alle som sette
pris på i spelemannsmiljøet.
|
Torkjell Haugerud
(1876-1954) (bilete)
Haugerud var frå Bø i Telemark, og kanskje fremste spelemannen i
første halvdel av 1900-talet. Han var arvtakar etter det typiske
spelet i heimebygdene, i line frå Myllarguten, men lærde seg også
mykje spel frå andre kantar av landet, både frå Vestlandet og
dalar austafjells. Av telespel lærde han mykje av den eldste bror
sin Halvor (1869-1904) før han reiste til Amerika i 1890. Mest lærde
han av
"Flatlandane" i Bø, særleg Halvor Flatland (1853-1929),
som han byrja i lære hjå i 1892. Gamalt Bøherding-spel fekk
Torkjell Haugerud også gjennom Gregar Nordbø i Bø, som var lærar,
organist og folkemusikkjennar, og som hadde skreve opp mange slåttar
og folketonar frå Bø. Haugerud lærde og av Knut Dahle (1834-1921) på Tinn
(første gong i 1900), og noko også av Lars
Fykerud (1860-1902). utanfor Telemark lærde han mykje
av spelemenn som Ola Mosafinn og Sjur Helgeland på Voss, Olav Moe i
Valdres og Wilhelm Sorteberg i Krødsherad. Det spelet han lærde av
Halvor Flatland var direkte vidareføring av Myllarspelet: Halvor
Flatland hadde sitt spel særleg frå far sin Hans Flatland d. e.
(1812-1872), som var god ven med Myllarguten, og den eldre broren Hans Flatland d. y. (Vesle-Hans) (1846-1916) som gjekk
i lære hjå Myllarguten. Meisterspelemannen Vesle-Hans reiste
til Amerika allereide tidleg på 1870-talet og vart verande der. Den eldste av Flatland-brørne,
Olav, reiste til Amerika i 1893. Flatlandspelet vart rekna for den beste
direkte lina etter Myllarguten, og Flatland vart eit senter for
spelet på slutten av 1800-talet, i konkurranse med
Fykerud-tradisjonen.
Haugerud var også glad i
klassisk musikk, han lærde seg
tidleg notar (17 år gamal), spela både fiolin og orgel og var organist i Seljord
i 30 år frå 1917. Han hadde også stor kunnskap om spelemenn og
tradisjonsliner. Han laga også 6-7 slåttar sjølv, mellom dei
beste vi har som god nydikting på gamal grunn, slike som
lyarslåttane
"Tårånn i Troppene", "Glima" og
"Ljose-Signe". Den siste var ikkje ferdig då han døydde,
men Henrik Gjellesvik avslutta arbeidet. (Les
meir om dei her.) Han spela
inn 215 slåttar i NRK og hadde mange program der - det
første i 1934. Han likte ikkje å snakke i radio, ein einaste gong
gjorde han det i 1953 då han fortalde om Knut Dahle (her finn
du utdrag av det han fortalde). Han skal ha hatt ei
slåttekunne på kring 500 slåttar.
Foreldra til Torkjel Haugerud var Mathias H. Sisjord (1845-1879) og
Kjersti T. Haugerud (1843-1885). Dei fekk fem born, av dei var
Torkjell nest yngst. Foreldra til Torkjell døde då borna var små, og
dei tre yngste måtte flytte til pleieforeldre på ein gard ikkje så
langt unna - "bortleigde for eigne pengar". Den eldste broren overtok
garden, men selde då han flytta til Amerika i 1890. Interessa for
felespel fekk ein skuv framover då han i 1883 på nabogarden fekk høyre
storspelemannen Halvor Jørgensson Li (1857-1907), to år før han reiste
til Amerika. Han byrja å spele litt i 8-års alderen, men måtte love
pleieforeldra at han ikkje skulle spele til bryllup og dans, og den
lovnaden heldt han godt. Torkjell var svært lærenem og alt i
konfirmasjonsalderen var han dugande spelemann.
Haugerud var veikhelsa det meste av livet. I 1894 byrja han på
Underoffisersskulen i Kristiansand, men året etter laut han slutte
fordi han fekk tuberkulose som også påverka hjartet. Det var på denne
tida han bestemte seg for å "bli spelemann". I mange sumrar var budde
Haugerud på Rauland pga sjukdomen. Han hadde også sjukdomsopphald på
Tonsåsen i Valdres og i Vestre Slidre (1898), og spela då mykje saman
med kjende valdres-spelemenn. Dette året spela han også med Ola
Mosafinn og Sjur Helgeland. Til Voss reiste han også året etter, og
kom då noko på kant med Sjur Helgeland. Alt som 22-åring tok han ut på første konsertferda
og reiste i åra kring 1900 på fleire konsertreiser rund i landet. Han deltok på mange kappleikar og fekk alltid første premie. Han gifta seg
i 1903 med Bergit Sigurdsdotter Nes (1846-1915) frå Seljord. Bergit
arva to gardar etter som dei fire andre søskena hennar døydde tidleg.
Haugerud
vart no gardbrukar på Nordgarden i Seljord (ved Dyskuplassen) og på
Nes i Ytre Seljord,og han laut reise mykje mellom dei to gardane. I
åra framover vart det difor mindre tid til spel og reiser. Men frå
1909 deltok han igjen på kappleikar og ulike tilstemmingar. Fram til
1919 budde dei fast på Nes, men flytta etter det til Nordgarden (til
kona døydde i 1937, og etter det budde han mest på Nes). Frå 1919 til
1930 hadde han eigen privatbil. Far til Bergit Sigurd Nes var
velhalden og ein høgt respektert mann - ordførar, spelemann litt
diktar og bror til den kjente bygdediktaren Jørund Telnes. Før han
gifta seg måtte Haugerud lova svigerfaren at han ikkje skulle "fara
med fela". Den lovnaden heldt han når det gjeld dansespel. Det var svært mange yngre spelemenn som reiste til Haugerud
og fekk lære spel av han, og vart såleis ein viktig formidlar av
Myllarspelet. Haugerud tok alltid vel imot dei som kom. I tidlege år
var han lite lysten å lære bort dei beste slåttane sine, men denne
haldninga endra seg mykje med åra. Haugerud hadde ein venesæl veremåte,
tala alltid godt om folk, førde seg høvisk, og var høgt respektert av
alle.
I 1922 fekk han meisterskapsmedaljen i gull av Telemark Ungdomslag, og
dette var siste gongen han tevla på kappleik. Men både før og ikkje
minst seinare var han ofte med som domar. I 1920 var han også med som
spelemann i filmer "Kaksen på Øverland" som delvis vart innspela på
Nordgarden. Han var også med saman med fleire andre spelemenn på det
Nordiske stemnet i Gøteborg i 1923. Haugerud fekk berre eit barn,
dottera Anne Haugerud Hoff (1907-), og ho vart god å spele, men
interesserte seg mest for klassisk musikk. Ho tenkte byrje på
Musikkonservatoriet i Leipzig, der ho også kom inn, men slutta etter
kort tid pga helsa. Haugerud tok timar i orgelspel. I staden reiste
foreldra og dottera gjennom Italia og Tyskland og fekk oppleve
mykje klassisk musikk. Også heime i Seljord spela han klassisk musikk
både på fiolin og orgel, også i samspel med andre. Utistova på
Nordgarden var fast musikkrom på garden. Tidleg på 1930-talet tok
Haugerud oppatt konsertreisene sine både i Telemark og rundt om i
landet. I 1935 spela han for første gong inn slåttar på
grammofonplate på selskapet Sonora (16 slåttar i alt, innspela i
Stockholm), men haugerud sjølv var ikkje serleg nøgd med kvaliteten.
Alt i 1828 spela han første gong i Kringkastinga
(Kringkastingsselskapet), og etter kvart vart det gjort svært mange
opptak med Haugerud i NRK, dei siste opptaka er frå 1953.
Som nemnt var mange kjende spelemenn heime hjå Haugerud og lærde spel
og skreiv opp slåttar. Arne Bjørndal skreiv opp slåtter fleire vender,
likeså Eivind Groven og Truls Ørpen. . Anders Kjerland var der, Gunnar
og Johannes Dahle, Henrik Gjellesvik, Gjermund Haugen, Gunnulv Borgen,
Otto Furholt, Signe Flatin, Bjarne Herrefoss, Anund roheim,
Løndalsbrørne, Odd BakkerudSigbjørn B. Osa og mange fleire. Nils
Stubberud frå Sigdal og Leiv Neset var gardgutar og lærde også spel.
I 1936 fekk Haugerud æresmedalja av Telemark Ungdomslag og i 1953 Kongens fortensmedalje i gull. I 1966 vart det
reist eit minnesmeke over Haugerud i Bø, laga av Dyre Vaa.
Overskotet frå innsamlinga gjekk til eit fond - "Torkjell
Haugeruds minnefond". I 1995 gav Asbjørn Storesund ut
den omfattande boka "Høyrer du tårån" om Torkjell Haugerud og musikken
hans. Mange av opplysningane her er henta derifrå.
|
Eivind Groven (1901-1977)
meir her (bilete)
Groven ruvar på fleire måtar i norsk musikkliv, både som
komponist, som slåttesamlar og slåttegranskar, som utøvar på
hardingfele og seljefløyte, som "mannen med det reinstemte
orgelet", som programskapar i radio. Groven var frå Groven i
Lårdal i Telemark, av ei ætt som har fostra mange kunstnarar:
Syskenbarnet hans var Rikard Berge. Broren Olav (1895-1929)
var ein svært gåverik hardingfelespelar, men han døydde tidleg.
Foreldra Aslaug Groven og Olav Gøytil (Groven) var begge av
musikalsk ætt. Mora Aslaug kom frå Berge på Rauland, og oldemora
Signe Jore var også oldemor til Aslaug og Dyre Vaa og Tarjei
Vesaas. Eivind gjekk
lærarskulen på Notodden, men byrja sidan å studere på
Musikkonservatoriet i Oslo i 1925, og seinar m.a. i Berlin. I 1931
vart han ansvarleg for eit fast folkemusikkprogram i det private
selskapet Kringkastingsselskapet, og frå 1932 konsulent for
folkemusikk i NRK, og la ned eit stort arbeid for å bygge opp eit
folkemusikkarkiv i NRK frå 1934 fram til 1942. NRK fekk kopiere han
private notatar om folkemusikksendingane 1931-1942. I
1932 vart han med i den nyskipa
Hardingfeletrioen saman med Sigbjørn B. Osa og Alfred Maurstad, og dei
gjorde stor lukke. Groven var domar på ei rad kappleikar, og vart
æresmeldem i LfS i 1963. Han var også den sentral personen i arbeidet med å
gje ut hardingfeleverket "Norsk Folkemusikk". På
70-årsdagen hans vart det gjeve ut eit heidersskrift. Han fekk
komponistgasje i 1940 og kunstnarløn frå 1945. Komposisjonane hans
er sterkt påverka av norsk folkemusikk. Eivind Groven fekk seg hus
på Ekeberg i Oslo der han i 1971 også bygde "orgelhuset"
for sitt reinstemte orgel. Kona Ragna døydde i 1960, og Groven vart
seinare gift med Signe Taraldlien. Av borna er det kvedaren Dagne
Groven Myhren (gift med spelemannen Magne Myhren) som førde
folkemusikken vidare, og dotter-dottra Øyonn Groven Myhren. Årbok
for Norsk Folkemusikk 2001 var om Eivind Groven i høve
100-årsjubilumet. Her
er utdrag av ein artikkel frå boka.
|
Olav Groven
(1895-1929) (bilete)
frå Groven i
Lårdal i Telemark, vart ein av dei unge, dugande og lovande i
spelemannssoga. Han døydde av tuberkolose berre 33 år gamal. Han
var bror til Eivind Groven (1901-1977), og av musikalske folk både
på mors- og farssida. Han byrja tidleg å spele og lærde av
brørne sine og andre i nærmiljøet, og vart flink. Men svært
flink vart han først då han var langt opp i 20-åra og fekk lære
av storspelemennene i Seljord (Haugerud, Flatin, Smedal-brørne,
Manheim) og Bø (Borgen-brørne, Kristiane og Harald Lund). Olav
omforma og bygde ut fleire slåttar, og hadde ein svær ofse i
spelet sitt iblant. Det fylgde eit slikt liv med Olav, vert det
sagt, overalt der han kom var han eit midtpunkt. Han gjekk på
folkehøgskule, snikkarskule og handelsskule, og byrja som
handelsmann i Vinje. Han gifta seg med Margit Hylland frå Vinje og
dei fekk 3 born. Den yngste, Magne, er kjent som ein svært dugande
knivmakar.
|
Henrik Gjellesvik
(1892-1964) (bilete)
voks opp i Haus i Nordhordland. Han byrja spele fele i 14-års
alderen og lærde først av Nils Borge frå Voss. Han flytta som
16-åring til Bergen og lærde der meir av karar som Arne
Bjørndal og Sjur Helgeland, Sigurd Borge og Nils Brakvatn.
I 1911 flytta han til Oslo, der han budde resten av livet og
var ingeniør på Myhrens verksted. Gjellesvik vart ein av dei
sentrale mennene i norsk folkemuskk i hovudstaden og vidare. Han var
ein svært flink spelemann. I 4 år frå 1918 fekk han førstepris
på Landskappleiken. Han var notekunning og skreiv opp mange
slåttar - ca 200 - som han gav til Universitetet i Bergen. Han
hadde omfattande kunnskap om slåtter og spelemenn og vart svært
mykje nytta som domar på kappleikar. Gjellesvik la ned eit stort
arbeid i Laget for Folkemusikk i Oslo, der han og var musikalsk
leiar i mange år. I Leikarringen i BUL i Oslo var han fast
spelemann i 40 år, heilt frå 1912, og det gjeng mange
fråsegner om kor omtykt han var både som spelemann og som
menneske. Han var også spelemann på ei lang rekkje
spelferder til utlandet og framsyningar og konsertar. Han spela
ikkje
så ofte i NRK, første gong i 1938, og nokre gonger på 50-talet.
Men han laga fleire program for NRK, mange av dei i samarbeid med
svigersonen sin Magne Manheim. Gjellesvik var god ven med
mange spelemenn, ikkje minst Torkjell Haugerud i Seljord. Han skreiv
mellom anna ned dei 3 kjende lyarslåttane til Haugerud,
"Tårånn i Troppene", "Glima" og
"Ljose-Signe". Den siste av desse fekk ikkje Haugerud
ferdig får han døydde, men Gjellesvik fekk gjort det avsluttande
arbeidet etterpå. (Les
meir om desse slåttane her.) Gjellesvik vart æresmeldlem i LfS
i 1957.
|
Hilmar
Alexandersen (1903-1993) (bilete)
frå Steinkjer var kanskje den aller største spelemannen på fele
på 1900-talet. Han var eit naturtalent å rekne, og vart ofte kalla
flatfelas Myllargut. Han levde i stor mon av splet sitt. Han
byrja spele fele som liten smågut og spela framifrå heilt til han
var nesten 90 år. Han lærte utruleg lett og snøgt og fekk etter
kvart eit eineståande stort repertoar av slåttar frå store delar
av Trøndelag særleg Inn-Trøndelag, til dømes Oluf Homnes
(1865-1940) og Olaf Næss (1868-1949) frå Beitstad. Det var både
tradisjonelle slåttar og runddansmelodiar, og han spela også
klassisk fiolin. Han møtte og lærde av mange spelemenn frå
andre kantar av landet, til dømes Alfred Maurstad, Aanung Roheim og
Sigbjørn B. Osa. Dei kom gjerne innom han på vitjing, og han spela
også hardingfele. Hilmar var den yngste av åtte syskjen, og lærde
først mykje av faren Karl P. Alexandersen, som kunne mykje viser og
stev og tralla slåttar. Mora Ingeborg song også. Oldemor til
Hilmar på frassida, Kari Nystuen, var halvsøster til Loms-Jakup -
dei hadde same far. Det blir fortalt at han ikkje var meir enn 5 år
då han laga seg fele av ei sigarkasse. Året etter kjøpte faren
fele til guten, og spelinga starta for alvor. Då han gjekk i
første klasse spela han på ei framsyning som hallingdansaren Olav
Torshaug frå Gol hadde på Innherred. Olav var også spelemann på
hardingfele, og Hilmar lærde nokre slåttar av han. Etterpå fekk
Hilmar som gåve tilsendt ei hardingfele frå Olav. Hilmar deltok
på kappleikar alt som 12-åring. Han har gjennom åra spela på eit
utal tilstellingar - dansefestar, bryllaup, konsertar, leikøvingar,
spelekurs og dansekurs, og spela inn mange plater. Han spela i mange
år i Petter A. Røstads kvartett, og samarbeidde mykje med Geir
Egil Larsen og Sven Nyhus mellom andre, og gjorde svært mange
innspelingar for NRK. Svært mange unge og eldre spelemenn har lært
mykje spel av Hilmar, han var alltid viljug å lære frå seg og
dele av sitt enorme reperoar. Av dei som lærde mykje kan nemnast
Geir Egil Larsen og sønene hans Jan Olav og Einar, og Torill
Aasegg. Han fekk Kongens fortensmedalje i gull i 1973, vart
æresmedlem i LfS i 1978, fekk Haugerud-prisen, kulturprisar frå
fylke og kommune, feleknappen i gull frå NU, Selstreffprisen. Det
er også oppretta ein musikkpris med han namn: Hilmar Alexandersens
Musikkpris. Eit år etter han døydde gav Buen Kulturverkstad
ut minne-CD'en - Hjartespel" - med opptak av Hilmar
gjennom mange år og frå samspel.
Rolf Myklebust skriv slik om sitt første møte med Hilmar
Alexandersen: "Eg vart overlukkeleg då eg første gong høyrde
Hilmar Alexandersen spele fele heime hjå seg sjølv hausten 1954.
Slikt spel på vanleg fele hadde eg ikkje høyrt maken til.
Alexandersen var då nær 51 år gamal. At vi ikkje hadde høyrt
gjete denne spelemannen før? Han handterte fela som ein virtuos,
tekniske vanskar merkast ikkje, fingerteknikk og bogeføring var
fullkomen. Spelet var som ein leik å sjå til, med smygande
eleganse i framføringa. Musikken hadde liv og spenning i seg,
trollskap og trylleri. Og sjølvsagt var instrumentet i god
stand."
Les også her
|
Håvard
Gibøen (1809 - 1873)
var frå Møsstrand i Vest-Telemark og var ein av dei fremste
spelemennene og tradisjonsberarane i landet. Han var 8 år yngre enn
Myllarguten, som var hans gode ven og læremeister. I samtida heldt
dei fleste Myllarguten som meisteren, men Gibøen var ein god nummer
to, og sume heldt han jamgod med Myllarguten. Gibøen hadde ikkje
det ofseleg og nyskapande spelet til Myllarguten, men han hadde eit
meir stillsleg, reint og hugtakande spel. Han hadde ei framifrå god
venstrehand medan bogehanda ikkje var på høgd med Myllarguten si.
Gibøen var ein meister i å forme slåttane på ein fullgod måte,
og reinske dei for utvekster og halde fast ved dei gode formene frå
sine læremeistrar, særleg Knut Lurås. Gibøen hadde ei svært
stor slåttekunne og særleg var han ein meister i gangar og
halling, og særleg på lågt stille.
Både far til Håvard, Knut, og farfaren Håvard Gibøen var
gardbrukarar på garden Gibøen og begge var felespelarar. Mor til
Håvard var Aasne Gjuvland frå Uppigard Rauland. Søster hennar
vart gift til Lurås i Tinn med bror til spelemannen Knut Lurås.
Det var velstand på Gibøen då Håvard voks opp. Mora døydde
noså tidleg i 1822 og faren i 1833. Håvard gifta seg i 1834 med
Mari Kjetilsdotter Eikja frå Bø, endå det ikkje var den han helst
ville ha, og dei overtok garden Gibøen. Ho var av rike folk og fekk
pengar og buskap med seg, men noko godt samliv vart det nok ikkje.
Nokon svær gardbrukar vart han ikkje, og han låg under for mykje
drikking, og økonomien vart dårleg. Dei fekk tre gutar og to
jenter. To av gutane var i periodar innlagt på Gaustad sjukehus.
Han tente ein del pengar på spelet sitt i mange bryllup, men
pengane vart snøgt rota bort. Han vart også gjort umyndig ei tid.
Han laut selje garden til folke til kona i Bø, og han og huslyden
laut flytte frå bygd til bygd i mange år, mellom anna i Hjartdal,
i Tinn, Åmotsdal, Vinje Rauland, Bøherad og andre stader. Dei
siste åra budde dei på Møsstrond att, den lengste tida i eldhuset
på Gibøen.
Håvard Gibøen viste stor givnad for spel frå han var heilt liten,
endå mor han lika dårleg at han spela. Han lærde først av far
sin - bestefaren døydde same året han vart fødd. Knut Lurås kom
på reisene sine innom på Gibøen. Han såg den givnaden Haavard
hadde for spel, og tok seg tid til å lære han mykje spel, og vart
den beste læremeisteren hans. Då Myllarguten var i
konfirmasjonsalderen kom han til Gibøen ein sumar som gjætar, og
vesle Håvard fekk lære mykje spel av Myllarguten, og dei fekk eit
livslangt venskap. Han fekk også lære av meisterspelemennene
Langedragen og Jon Kvammen (Kjos) og andre i Telemark. Då han
var vaksen, kom Myllarguten tilbake til Gibøen som slåttekar, men
som ventandes er vart det mest speling. Håvard sa seinare at det
var Myllarguten og Luråsen han lærde mest av, og Myllarguten på
si side heldt Gibøen for sin beste læresvein. På same måten som
Myllarguten hadde Gibøen eit driv i seg etter stadig å lære nye
slåttar. Han laga også nokre slåttar sjølv. Det blir fortalt at
eit par av dei kjente slåttane hans drøymde han. Til dømes
springaren "Håvards draum" som han skal ha drøymd då
han sov under Oterholt bru i Bøherad etter eit bryllup. Slåtten
"Tusseslåtten" drøymde han ein gong han var på veg til
spelemannen Leiv Sandsdalen. Gibøen var også viljug til å lære
frå seg spel, og fremste læresveinen hans vart Knut Dahle i Tinn,
som bar mykje av Gibøspelet til nye generasjonar, og sytte for at
ein del av det vart oppskreve på notar og oppteke på plater. Den
første som skreiv opp slåttar etter Gibøen var fiolinist
Christian Suschow frå Bergen som reiste eins erend til Gibøen.
Også sonen Kjetil Haavaardsson lærde mykje spel av faren Gibøen
la stor vekt på å lære frå seg slåttane i rett form, og han
vart den viktige slåttekjelda for det gamle spelet i Telemark -
spelet med gamal tonekjensle og naturtoneskala.
På Møsstrond kyrkjegard er det reist ein minnestein over
meisterspelemannen Håvard Gibøen. I 1932 ga Rikard Berge ut ei bok
om livet og musikken til Håvard Gibøen.
|
Myllarguten
(1801-1872) (bilete)
(teikning)
Han heitte eigentleg Torgeir (Tarjei) Augundsson Øygaarden, og fekk
"kunstnarnamnet" sitt fordi faren var møllar. Han er utan
tvil den mest kjente spelemannen i Noreg gjennom tidene, og hadde
ein eineståande posisjon i si samtid. Ikkje berre var han ein sers
dugande spelemann, men han sette eit sterkt preg på heile slåttespelet
Telemark og vidare omkring. Han dikta nye slåttar og omforma
mange eldre slåttar og var ein meister i å improvisere, og hadde
ei makelaus bogeføring. Det vert fortalt at straks han hadde høyrt
ein slått, kunne han spela han etter lytelaust. Han førde vidare det den utviklinga og
omforminga av Telespelet som Knut Lurås hadde sett i gang før. Han
nytta mykje spel på fleire strenger, og ikkje minst bygde han ut og
slo saman slåttar, slik at ein stor del av teleslåttane vart
lengre og meir utkrota enn andre stader. Han vart
godt kjent med Ole Bull, som var svært imponert over spelet til
Myllarguten, og ordna med konsertar for han både i Bergen og
Oslo. Når Myllarguten var i dårleg humør, trøytt og sliten,
var det ofte vanskeleg å få ha til spele sjølv om dei baud han
mykje spelpengar. Andre gonger var han lettbedd, og ofte var det
vanskeleg å få han til å slutte å spele.
Myllarguten var fødd i Nesherad, var oppfostra i Sauherad og
Bøherad, var gjetargut og hadde anna arbeid i mange bygder i 20 år,
mellom anna i Åmotsdal, Seljord og på Rauland. Han budde i 20 år
i Grungedal, kjøpte garden Øygarden i Arabygdi på Raulandsstrand og vart buande der i 20
år. Pengane til gardkjøpet, 700 dalar, fekk han frå konsertn i
Kristiania i 1849. Han var stendig på reis,
var lite tess med gardsdrift, og hadde stendig pengeproblem, og måtte
ofte låne pengar. Garden måtte han selje i 1865 og levde
siste åra som husmann på plassen Kosi. Han gifta seg i 1830 med Ingebjørg
Rikardsdotter Eddands-Haugen. Dei fekk 10 born og den yngste var
spelemannen Torgeir Torgeirson. Myllarguten var dugande på fela alt som smågut. Han lærde spel av mange,
ikkje minst Øystein Langedrag (1785-1848) i Seljord,
forpaktarspelemannen Jon Kvammen (Kjos) (1754-1826) i Åmotsdal og Knut
Lurås (1782-1843) i Tinn, men også mykje av spelemenn i Hardanger og på
Voss som Per Bulko (1795-1876) og Nils Rekve (1777-1846). Han lærde
også av Håvard Gibøen (1809-1873) som var beste venen hans. Han
var også i Setesdal og Ryfylke og lærde slåttar kvar han for. Han
hadde ein umetteleg apetitt på nye slåttar, vart det sagt. Han
var på svært mange marknader, og kappspela med dei beste, mellom
andre med Lurås-brørne i Tinn og
Løytnantdrengjene i Numedal. Same kvar han kom, og kven han spela
saman med, var Myllarguten den beste. Særleg kjent er kappspelinga
hans med Torkjell Austad i Setesdal i 1827. I nærpå ein mannsalder var
Myllarguten årvisst på sumarferd til Vestlandet og spela i
gjestebod og bryllup, og kom saman med dei beste spelemennene der. Han
vart kjent med Ole Bull i 1931 og Bull skreiv opp fleire
slåttar. Bull var svært oppglødd for spelet til Myllarguten.
"Jeg har endnu ikke truffet nogen der har spillet folkemusikk
som jeg har været så fornøiet med" sa han. Då Myllarguten var i Bergen i 1950 og spela ved innviinga
av Den Nationale Scene, skreiv konsertmeister
Carl Schart ned 8 slåttar etter han. I 1949 hadde Myllarguten og Ole Bull sin
kjende konsert i Den gamle Losjen i Oslo, og spelet fekk stor
fagning. På 50-talet hadde dei saman mange konsertar rundt om, og
Myllarguten tente til dels gode pengar, men
begeistringa minka etter kvart. I 1954 hadde han ei lang
kornsertreis gjennom Gudbrandsdalen heilt til Trondheim, og
sjøvegen sørover til Bergen og Hardanger. I 1958 var han også på
spelferd på Austlandet, denne gongen spela han også i Kristiania.
Mykje folk lydde på, men det vekte ikkje noko oppsikt. Sameleis var
han på spelferd i 1959-60. Våren 1862 reiste Myllarguten og kona
Ingebjørg til Kjøpenhavn og hadde nokre konsertar der, mollom anna
i Tivolis konsertsal, men det gjekk ikkje så bra. Siste
konsertferda til Kristiania var i 1864, og då var yngste sonen
Torgeir Torgeisson med,for å byrje musikkutdanning i
militærmusikken.
Mange lærde spel av Myllarguten og det er ulike tradisjonsliner
etter han. Ei viktig tradisjonsline går gjennom Flatland-karane i
Bø: Hans Flatland (1846-1913), Olav Flatland (1843-1911) (dei reiste
til Amerika) og yngste broren Halvor Flatland (1853-1929). Torkjell
Haugerud (1876-1954) førde dette spelet vidare frå Halvor
Flatland. Men Haugerud hadde også mykje Myllarspel frå Knut Dahle
(1834-1921). Knut lærde delvis direkte frå Myllaren og mykje fekk
han gjennom Håvard Gibøen (1809-1873). Spel frå Myllarguten
gjekk også via sonesønene Olav Midgarden og Targjei Skinand til
mellom andre Rikaard Gøytil og vidare til Hauk Buen og andre. Myllarguten fekk også
sterk innverknad på spelet på Vestlandet og lærde frå seg mange
slåttar der. Slike som lærde var Olav Folkedal/Sekse (1823-1896) og
Olav Håstadbø (1826-1899). Spelet har så gått vidare særleg
gjennom Sjur Håstadbø (1872-1945), Haldor Meland (1884-1972) og
Anders Kjærland (1900-1989).
Myllarguten døydde 21. november 1872, 71 år gamal. I boka som
Rikard Berge ga ut om Myllarguten i 1908, skriv han: "Likferdi
var lite, og uvandt var stelle. Ingin la blomar paa den
heimegjorde, umaala kista, og ein pram var heile likferdi. Fatig
livde han og fatigsleg døydde han; fatigt og faamennt var fylgjet
som førde Noregs beste spelemann til jordi." I 1899 vart det reist ei minnestøtte
over Myllarguten ved grava hans på Rauland. I 2002 var det minneår
for Myllarguten, og mange gilde tilskipingar både i Telemark, i
Oslo, i Kjøpenhavn og andre stader.
|
Svein
Løndal (1864-1949)
frå Tuddal var ein sers dugande spelemann og som bygde opp att det
gamle Tuddal-spelet, og sette sin eigen slåttestil - Løndalspelet.
Han var av Leikandrudætta på Tinn, med gåverike kunstnarar i
fleire slektsledd. Eldste spelemannen i ætta var Hølje Sveinsson
Leikandrud (1759-??), som overtok som forpaktarspelemann etter
Brynjulv Olsson. Svein Løndal sette Lars Fykerud høgt, og er
truleg den som har ført det beste i Fykerud-spelet vidare. Han
lærde også mykje av Knut Dahle som igjen hadde mykje spel etter
Håvard Gibøen. Han lærde også av visetonar, mellom andre etter
mor si Gro, som vart tidleg enkje, og etter Tullar-Margit.
"Framifrå fargerikt spel", skreiv Eivind Groven då Svein
spela i radio i 1934. Om Svein Løndal skriv Rolf Myklebust slik:
"Det er sagt om Svein Løndal at han spelte vent, reint og
mjukt. Typisk var dei silkefine stroka, dei lette og ledige kasta
med bogen, og fingrane som liksom gjorde seg så lite føre, berre
dirra og småtukla seg utetter strengene. Folk som hadde greie på
det sa at Svein Løndal hadde særs gode former på slåttane og
framførde dei stilfullt og vakkert." Det er først og fremst
sønene til Svein, Olav, Kjetil og Einar som har vidareført
tradisjonen etter Svein Løndal, men også andre, som til dømes
Hauk og Knut Buen. Alle dei tre sønene var sers dugande spelemenn,
som var mellom dei fremste på kappleikar, gjorde mange opptak for
NRK, og har lært svært mykje spel vidare til nye generasjonar. På
den måten lever mykje Løndal-spel også i dag.
|
Knut
Lurås (1782-1843)
frå Tinn var meisterspelemannen som forma om og bygde ut felespelet
i Telemark. Han reiste rundt i heile Sør-Noreg, lærde slåttar
overalt og forma dei om til å blir teleslåttar. Rikard Berge
meiner han hadde så stor påverknad på spelet at han kallar den
første fjerdeparten av 1800-talet for Luråstida. Lurås var sonen
til den kjende folkeføraren Øystein Ingusland, som var venen til
Kristian Lofthus. Lurås var ikkje berre spelemann, men også
utifrå god rosemålar og treskjerar. Det same - både spelemann,
treskjerar og rosemålar, var to av brørne til Knut, Øystein
Lurås (1785-1832) og Tomas Lurås. Rikard Berge skriv slik om
dei: "Dei var urolege karar, flogvit, og villheilar, geni og
galningar med ei utøymande kunstnarhått". I heimegrendene lærte
Knut Lurås truleg mest av syskjenbarnet sitt stenderspelemannen
Knut B. Sønstaul (1771-1863), som også Knut Dahle lærde av. På
ferdene sine var Lurås særleg ofte og lenge i Hardanger og på
Voss, og formidla mykje vestlandsspel til Telemark, sæleg spel han
lærde av Nils Rekve (1777-1846) på Voss. Han lærde også spel i
Valdres av Jørn Hilme (1778-1854). Lurås var spesielt fink med
springarspel. På ferdene sine lærde han også frå seg
slåttar og spreidde på den måte telespel til andre kantar, slik
Myllarguten gjorde det seinare i endå større grad. Han lærde
også mykje frå seg til jamaldringen sin Øystein Langedrag
(1786-1848) i Seljord - den andre store spelemannen i Telemark i
Luråstida. Dei to forma også ut nokre slåttar i lag (Langedragen
I, II og III / Luråsen I, II og III). Dei fremste læresveinane til
Lurås var Myllarguten (1801-1872) og Håvard Gibøen (1809-1873),
dei to som skulle dominere telespelet det neste kvart
hundreåret. "Knut er far til alle spelemennar", skal
Myllarguten ha sagt. På Kongsbergmarken den 20. oktober 1843 fann
dei han død om morgonen. Det blir sagt at han var slegen i hel, og
han vart gravlagd på skyttarbanen på Kongsberg.
|
Knut
Dahle (1834-1921) (bilete)
frå Tinn er ein av våre fremste spelemenn og tradisjonsberarar
fram mot 1900-talet. I fyrstninga lærde han spel av morfar sin Knut
Brynjulfson ("Sønstaulen") (1771-1863)sonen til
forpaktarspelemannen Brynjulf Olsson, og ikkje minst av Hans Fykerud
den eldre. Slåtten "Haugebonden" eller "Bjynjulf
Olssson" er i rett line etter oldefaren. Han lærde også
av andre i Tinn som Hølje Leikandrud og Ola Håkanes (1822-1908),
men ikkje minst Hans Fykerud d.e. som var mykje i Tinn som
slåttekar. Etter kvart vart det Håvard Gibøen han
lærde mest av. Han var nøyen med å lære slåttane rett og lære
dei fra seg vidare slik han sjølv hadde lært dei. Dermed vart han
den viktige tradisjonsberaren for Lurås-Gibøen spelet. Han lærde
også av andre, som Myllarguten, Jon Kjos, Leif Sandsdalen og
Løytnantsdrengene i Numedal. Dahle var svært oppteken av at den
rike kulturarven i slåttemusikken ikkje skulle gå tapt for
ettertida. I 1888 skreiv han til Edvard Grieg med bøn om at
slåttane måtte skrivast ned. Først i 1901 reiste Dahle til
Kristiania der kapellmester Johan Halvorsen skreiv ned ein del av
dei beste slåttane etter Gibøen og Myllarguten. Desse nytta Grieg
seinare i sitt verk "Slåtter". Knut Dahle var ein flink
læremeister, og lærde viljug frå seg til mange. Særleg mykje
fekk sønenønene Johannes Dahle og Gunnar Dahle, men også til andre gode
spelemenn som Torkjell Haugerud, Borgen-karane i Bø og Svein
Løndal. Folkeminnegranskaren Rikard Berge og andre skreiv opp mykje
tradisjonsstoff etter Dahle, og fekk spela inn over 100 slåttar på
voksrullar saman med Johannes Dahle i 1912..
|
Truls
Ørpen (1880-1958) (bilete)
frå Krødsherad var ein framifrå spelemann, men viktigaste
arbeidet for folkemusikken fekk han gjort med innsamling og
oppteikning. Han budde heile livet i heimbygda der han var bonde og
lærar i 40 år. Ørpen hadde Krødsherad-spel etter gode spelemenn
frå byrjinga på 1800-talet: Knut Fosslia, seinare Olav Kleven
(Gamle-Kleven ) (1817-1890) og sonen Johan Kleven, og seinare
Wilhelm Sorteberg (1829-1912) og Gudbrand Skjellerud (1818-1901) som var frå Nes i Hallingdal. Særleg dei siste var sterkt
påverka av telespel. Anders Hovden var prost i Krødsherad, og han
fått fatt i "Norske slåttar" av Arne Bjørndal. Desse
fekk Ørpen, og det førte til at han etter kvart lærte seg notar
og byrja skrive opp slåttar. Dette arbeidet fekk han betre tid til
etter han vart pensjonist, men allereide i 1912 og 1913 var han på
Vestlandet og i Telemark og skreiv opp og lærde. Til saman skreiv han opp 550
mummer som han ga til musikksamlinga ved Universitetsbiblioteket i
Oslo, mest slåttar frå Numedal og Hallingdal. Ørpen var også med
i redaksjonsnemnda for hardingfeleverket "Norsk
Folkemusikk". Ørpen hadde eit svært stort
slåttetilfang, og visste mykje om spel og spelemenn. Han lærde
også frå seg spel til yngre spelemenn, til dømes Odd Bakkerud.
Etter 1965 har det vore årleg Ørpen-stemne til minne om Truls
Ørpen, og i 1970 var det avduka eit minnesmerke over han.
|
Odd
Bakkerud (1931-1989) (bilete)
frå Rukkedalen i Nes var beste spelemannen i Hallingdal gjennom
alle tider, og ein av dei beste i landet på 1900-talet. Første taka
på hardingfela lærde han av mora Kari og onkelen Knut. Han lærde slåttar i heimebygdene mellom andre tremenningen Jørgen Husemoen
(1905-1976)
som hadde mange slåttar etter Tor Grimsgard, og av Kristen Eidal
(1877-1965). Han lærde også av
grammofon. På første kappleien , i Ål i 1949, trefte han Kristian
Øvrevollseie (1910-1958) og Truls Ørpen (1880-1958). Han rekna sjølv
Øvrevollseie for fremste læremeisteren sin. Desse to vitja han mange gonger og dei
vart av dei beste kjeldene hans. Første Landskappleiken hans i
Nesbyen i 1950 var han best i yngste klasse. Seinare vann han
Landskappleiken 6 gonger i klasse A frå 1955-68, første gong som
24-åring på Nesbyen. Han deltok på 11 landskappleikar og vann sin
klasse 8 gonger. I alt var han med på over 100 kappleikar, og vann dei
felste av dei. Han flytta til
Oslo og budde der i nærpå 20 år , og vart ei drivande kraft i Laget
for Folkemusikk, der han også lærde mykje særleg av Kjetil
Løndal. Bakkerud la vekt på å lære spel også frå andre
bygdelag, ikkje minst frå Telemark. Han lærde mellom andre av
Kristiane Lund, Gunnulv Borgen, Eivind Mo, Hellik Juvelid, Hauk Buen,
Torleiv Bolstad og Ola Bøe. Det var Truls Ørpen som oppmoda han å lære
andre speltradisjonar. Ørpen skal vere opphavsmannen til dette
sitatet: "Skal du slå telespelemennene på kappleik må du spela deira
slåttar betre enn dei sjølve!". Han spela også mange gonger i radio, og kom på LP-plate
som NRK gav ut. Spelet hans var teknisk briljant, hadde svært god
danserytme, og han omforma og bygde ut hallingspelet til fullt på
bli fullt på høgde med det beste i landet. Spelstilen som han
utvikla er seinare blitt kalla Bakkerudspel. Han stemte fela svært
høgt, og hadde eit kraftig bogestrøk med mykje fleirstrengspel, hadde
ei rik ornamentering særleg i form av prilling, og hadde gullande
reint spel. "Han spelar så reint at det er ei gru!", skal Kristiane
Lund ha sagt. Kappleikscena passa ypperleg for Bakkerud: Han
hadde alltid nervane under kontroll, var godt førebudd, var trygg og
elegant på scena, og han likte konkurransesituasjonen. På 70-talet flytta han heim att til
Nes, og starta der med å bygge opp eit senter for
hardingfelemusikk, mellom anna med ei fin samling framifrå feler,
og var ei viktig inspirasjonskjelde og læremeister for yngre
spelemenn i Hallingdal. Men han døydde før han fekk fullført
planane sine. I 2005 ga Talik ut ein CD i samarbeid med NRK med
mange av dei beste innspelingane til Odd Bakkerud. Bakkerud hadde også
æra for at Fanitullen vart kjenningsmelodi for Norsktoppen. Spelet til
Bakkerud insprerte Øysten Sunde som laga kjenningsmelodien.
|
Pål
Løytnantsdreng (1780-1867) (bilete)
frå Nore Numedal var den beste og mest kjente spelemannen av dei
fire sønene til Knut Øyanhaugen (176?-??). Dei andre Halvor,
Torstein og Gunnar (1798-??) var også framifrå spelemenn. Faren
Knut tente som ung hjå ein løytnant i Tønsberg, og fekk såleis
tilnamnet sitt. Han var også ein storspelemann. Løytnantsdrengene
lærde av faren, og kven han lærde av er meir uklart. I 1807 kom
Pål i krigsteneste, vart teken til fange av engelskmennene og kom
ikkje heim att før i 1814. Så gifta han seg med Ingeborg Pedersd.
Gladheim og budde i Veggli til 1843 då han saman med huslyden reiste til Amerika og kom aldri
tilbake. Dei fekk 4 born. Løytnantsdrengene kappspelte med dei beste på si tid -
slike som Knut Lurås, Myllarguten og Håvard Gibøen, og var mykje
på marknadane og spela, særleg på Kongsbergmarknaden. Slåttane
til Løytnantsdrengene vart såleis kjent og brukt i andre bygdelag.
På skal ha laga den fine slåtten "Vegglijenta". Rolf
Myklebust skriv at Håvard Gibøen sette spelet deira høgt og Knut
Dahle lærde dei fleste Løytnantdreng-slåttane av Gibøen. Det har
vore hevda (Berge og Alver/Bjørndal) at Løytnantsdrengene spela
på flatfele, medan andre stiller seg tvilande til det.
|
| |
Jon
Kjos (Kvammen) (1754-1826)
budde heile livet i Åmotsdal, fødd på Kvammen, men kjøpte Kjos i
1803 og budde der sidan. Han var stenderspelemann, dvs han leigde
seg eineretten til å spela i eit bygdelag. Han spela i over 100
bryllaup og var ein etterspurd og sers dugande spelemann. Kjos
representerer overgangen mellom det eldste og einkle telespelet, og
det som voks fram med Knut Lurås (1782-1843), og som mottok sterke
impulsar frå andre distrikt, særleg frå Hardanger. Slåttane til
Kjos var "fagre, greide og fastbygde" skriv Rikard Berge.
Han var ein av dei første læremeistrane for Myllarguten
(1801-1872), men fekk kanskje endå meir å seie for
Seljordstradisjonen gjennom Øystein Langedrag (1785-1848) og sonen
Leiv Sandsdalen (1825-1896).
|
Leif Sandsdalen
(1825-1896) (bilete)
frå Seljord var sonen til Øystein Langedrag (1785-1848) og
lærde å spele av han, og vart ein framifrå spelemann. Han fekk ei
svært stor slåttekunne både etter faren og andre, mellom dei Ola
Mosafinn på Voss. Mellom slåttane etter faren var den kjende
"Bruremarsj frå Seljord" og etter Mosafinn
"Tussebrureferdi på Vossevangen", som han skulle ha bytt
til seg mot springaren "Sandsdalen". Sandsdalen la stor
vekt på å halde fast på dei gamle gode slåtteformene, slik han
sjølv hadde lært dei, i motsetning til "nyskaparane"
Myllarguten og Lars Fykerud. Sandsdalen skal ha vore uvviljug å
lære frå seg slåttar. Særleg sambygdingen Torkjell Haugerud
lærde likevel mange av slåttane til Sandsdalen, ikkje minst
gjennom Halvor Flatland. Sandsdalen var ikkje berre spelemann,
men også felemakar, treskjerar og byggmeister. I 1880-åra reiste
han på spelferder over heile landet.
|
Øystein
Langedrag (1785-1848)
var frå Seljord, og budde der heile livet. Han var ein av dei
første store spelemenn i Telemark, og ein av grunnleggjarane av
Myllarspelet - han hadde mykje durspel i slåttespelet sitt. Då han
var i militære hadde han fått tak i flatfele og lærde seg også
notespel. Elles lærde han mykje av Jon Kjos (Kvammen) og Knut
Lurås (1782-1843). Saman med Lurås utforma han tre slåttar, kalla
Luråsen I, II og III i Tinn og Langedragen I,II og III i Seljord.
Han spela også mykje saman med sambygdingen sin Olav Soterud
(1782-1828). Langedrag hadd mykje gamalt telespel, mellom anna spela
han Kivlemøyane i form etter Gunnar Grjotnes i Fjågesund (han kunne
7 Kivlemøyslåttar), som igjen hadde dei frå Tov Kristiansen, som
er den eldste spelemannen ein veit om i Seljord. Det er fortalt at
Tov Kristiansen spela "rammeslåttar", og kanskje spela
sekkepipe. Viktigaste læresveinane til Langedrag var Myllarguten og
Petter Veum (1811-1889) i Fyresdal, og sonen Leiv Sandsdalen.
Såleis var Langedrag ein svært viktig tradisjonsberar både
gjennom meir nyskapande Myllarspel og gamalt telespel gjennom Petter
Veum.
|
Halvor Hansson
Flatland (1853-1929)
var ein av dei tre kjente Flatland-brørne i Bø i Telemark.
Dei to andre var Hans Hansson Flatland d.y. (Vesle-Hans) (1846-1916) og
Olav Flatland. Vesle-Hans flytta til Amerika først på 1870-talet,
og Olav flytta til Amerika i 1893. Far deira Hans Flatland d.e.
(1812-1872) og bestefaren Hans Erikson Hellos (1782- )
var dugande spelemenn. Hans Flatland d.e. var ein god ven av
Myllarguten, som ofte var innom på Flatland på dei mange reisene
sine. Hans var kanskje dei fremste av dei tre brørne, og
han lærde mykje spel av Myllarguten og av Sigurd Høgetveit i Vinje,
som spela mykje med Myllarguten. Før Hans reiste til Amerika i
1870, fekk Halvor lære mykje Myllarspel av broren Hans, og dette
vart kanskje viktigaste tradisjonslina etter Myllarguten, ført
vidare frå Halvor Flatland særleg til Torkjell Haugerud. Halvor
kjøpte garden Oppigard Li i Bø (av storspelemannen Halvor
Jørgenson Li då han utvandra til Amerika) og tok namnet Li. Halvor Flatland utforma ei
rad gode slåttar, delvis saman med Gregar O. Nordbø, slike gilde
slåttar som Ligangaren, Siklebekken/Abildhaugen, Myllargutens minne og
Gullfakse. Halvor ville ikkje lære frå seg til kven som helst, men
Haugerud fekk lære alt han ville. Også Halvor Jørgensen Li
(1862-1907) lærde mykje av Flatland, men han reiste til Amerika i
1880-åra. Halvor Flatland var noko nærvøs på kappleikar, og på
den første kappleiken i Bø i 1888 kom han på andre plass etter
Lars Fykerud. På minnesteinen over Flatland-spelemennene i Bø reist i
1933, står dette: "Her har Flatlandane spela, Myllarslått på
Helland-fela. Steintjønndølas tonar linne song i Myllargutens
minne. Flatlandane all si tid trylla folk med fela si." (Olav
Nordbø). Når Myllarguten var i Bø, budde han gjerne hjå Flatland,
og Flatland-ætta vart eit sentrum for Myllarspelet i Bø. I 1898
gifta han seg og overtok garden Brukås på Langkåshaugen i
Bø.
|
Petter Veum
(1811-1889) (bilete)
frå Fyresdal var ein viktig tradisjonsberar for gamalt
telespel, og ein viktig læremeister ikkje minst for felespelarar
frå Setesdal. Han lærde gamalt Fyresdalspel av Knut Trondson
(1784-1876) og Gunnar Spilemann (1794-1826). Veum var fehandlar og
reiste mykje rundt i bygdene, og lærde spel av mange, mellom andre
Myllarguten, Knut Lurås og Øystein Langedrag. Spelet som Veum
lærde frå seg til spelemenn frå Setesdal til dømes Neri Neset og
Knut Hedde, og Hallvard Rysstad (1870-1937) var truleg i stor mun
gangarar med alderdomleg spel.
|
Aasmund Svinndal
(1892-1964) (bilete)
var frå Odalen, men budde det meste av livet sitt i Kolbotn ved
Oslo. Han var gift med Solveig Breien frå Oslo. Han var ein
svært sentral person i Leikarringen i BUL heilt frå starten i 1919
og nærast til han døde. Han var leiar og nestleiar i Leikarringen
i fleire år, var rettleiar, laga rettleiingar og var leiar i ei rad
utval og nemder og leiar for fleire store stemne. Han stod i fremste
rekkja då folkedansarbeidet i NU vart organisert i 1921, var
første leikrågjevaren der, og var sentral person i leikarbeiet til
NU i ei årrekkje. Han var ein sterk pådrivar for nordisk
samarbeid, og stod i fremste rekkja i arbeidet med dei nordiske
stemnene - som seinare vart til Nordleik-samarbeidet. Han skreiv eit
minneskrift om leikarbeidet i BUL i Oslo i dei første 50 åra -
boka Hugmål - som kom ut i 1953. Han var ein ihuga talsmann
for norsk kultur og mål. Han fekk i gang lagsbladet Olivant i
Leikarringen, og var første bladstyraren der. Han vart
heidersmedlem i Leikarringen i BUL i 1945. På 70-årsdagen fekk han
kongens fortensmedalje i gull.
|
Eilev Smedal
(1889-1938) (bilete)
frå Flatdal i Telemark var tidleg ein framifrå spelemann, og vert
rekna som ein av dei aller fremste i Telemark på si tid. Eilev var
av Gibøætt, etter som bestemor hans var søster til Håvard
Gibøen. Smedal hadde såleis mykje spel etter Gibøen, men han
sette også fykerudspelet høgt og hadde spel etter halvor borgen
Uvdal (1879-1923) frå Bø og Svein Løndal (1864-1929) I Tuddal.
Eilev utvandra til Amerika i 1915. Der levde der som kirurg, og var
ein sentral spelemann i det norske Amerika. Før han reiste hadde han spela inn fleire
grammofonplater medan han studerte medisin i Kristiania. Han var to
gonger på vitjing i Noreg, i 1928 og i 1936. Medan han var heime
var det fleire som lærde slåttar av han, mellom dei Eivind Moe
(1904-1995). På siste turen gjorde han opptak for NRK.....
|
Ola Brenno
(1865-1957) (bilete)
frå Bagn i Valdres, er ved sida av Ola Snortheim den som har gjort
mest for langeleikspelet i "vår tid". Sitt første møte
med langeleiken fekk han 20 år gamal ca 1885, då søster hans
Ingebjørg vart gift med Ole Brænd som hadde langeleik og spela. Han var ofte å
høyre i radio i 1930-åra, stundom saman med Eivind Groven på
seljefløyte, første gongen i 1931. Han reiste mykje rundt i landet
og heldt konsertar, og levde i lange periodar av spelet sitt. Han
var ofte å sjå i gatene i Oslo, i bunad, og gjorde ein stor
innsats for å spreie kunnskap om langeleikspel og folkeminne. I 10
sesongar 1925-35 spela han fast på Maihaugen. Dei
siste åra hadd han statsstipend. Dottera Ragna Brenno Frydenberg har
ført tradisjonen etter faren vidare, og spela i mange år på
Folkemuseet på Bygdøy.
Les meir her
|
Barbro
Myhre (1884-1978) (bilete)
var fødd på Myhre i Vang og var ei av dei viktigaste
langeleikspelarane i landet. Foreldra var Guri Andrisdotter Hamre
frå Vennis og Eivind Finnset frå Hemsedal. Dei overtok seinare
garden Klauvstad på Kviesmoen. Ho lærde mykje spel av sambygdingen
Vilhelm Haugen og dottera Kristine. Barbro hadde gode emner og tok
lærarprøva 20 år gamal. Ho var lærar i Valdres nokre år, men
vart i 1918 tilsett ved Kontra skule i Ski, og var der til ho vart
pensjonist. Som pensjonist tok ho opp att langeleikspelet og reiste
rundt og lærde nye slåttar. Ho deltok på ein del kappleikar og
var med i mange folkemusikkprogram i NRK. Både i NRK og i
ffolkemusikkarkivet ved Valdres Folkemuseum er det mange opptak med
henne. Barbro lærde også frå seg til andre. Ho var nøye med å
føre slåttane vidare i samae forma som ho sjølv hadde lært dei.
Les meir
her.
|
Ingrid
Skattebu (1887 - ??)
var fødd på Gjæro i Volbu av foreldra Ola. O. Hegge og Marit L.
Kolstad. Ingrid Skattebu var var dugande på langeleik og ei viktig
kjelde for yngre langeleikspelarar. Ola Hegge var lærar og
kyrkjesongar og spela og laga langeleikar. Han vart første
læremeisteren til dottera. Ingrid gifta seg med Håkon Skattebu i
Brøta, som døydde ung. Ingrid dreiv såleis garden åleine til ho
selde han i 1958. Fremste læremeisteren hennar var Anne
Winddingstad i Volbu og i mindre mon Marit Jonhnsrud. Ingreid
Skattebu hadde lite tid til speling medan ho dreiv garden, men etter
krigen fekk ho sett botn på langeleiken, og det vart oftare spel.
Saman med dottera Ingebjørg bygde dei seg ny heim på Vange.
Det vart eit sentrum for spel i bygda. Ingrid hadde langeleikelevar
og Ingebjørg som var organist og kordirigent hadde også elevar
både på piano og orgel. Ingrid Skattebu var elles aktivt med
på mange område i kulturlivet, i mållag, songlag, husmorloag og i
bunadarbeid.
|
Olav Snortheim
(1911-1988) (bilete)
frå Røn i Vestre Slidre var ein meister på langeleik, og andre eldre
folkemusikkinstrument (munnharpe, lur og bukkehorn). Han lærde av
mora Ragnhild fødd Nordviste og ho igjen hadde spelet frå Kari
Rudi Braute (1845-1916) som var framifrå langeleikspelar og
tradisjonsberar. Faren Ola spela fele. Olav Snortheim fekk seg langeleik med ekstra melodistreng, og
kunne på den måten spele tostemt. Han tok også i bruk halvtonar
og nye stemmingar, og bygde ut mange låttar i sin eigen stil. Han reiste ofte på konsertar i
heile landet, i folkeakademi og rikskonsertar, og vekte oppsikt med
sitt virtuose spel. Han var og på konsertar i utlandet, og reiste
med "Dans ropte fela". Han var mange år med på Festspela
i Bergen og var med på Det Norske Teateret si Peer Gynt oppsetjing
i 1961-62. Han heldt også mange kurs i spel. Han fekk ei rad 1.-permiar på
kappleikar. I 1927 spela han første gong i radio. Første opptak i NRK gjorde han i 1938, og i åra
1953-1973 spela han årelg for opptak i NRK, skriv Rolf Myklebust.
Han var ein av dei svært få i si tid som levde av folkemusikken.
|
Rønnaug Vangen
(1898-1988) (bilete)
frå Bøverdalen er ei av dei rikaste kjeldene for vokal folkemusikk
i Gudbrandsdalsen. Ho hadde songen i arv etter foreldra Barbro f.
Juvland (1874-) og Ola Aukrustbakken (1873-1928). Ho vart
"oppdaga" som songar så seint som i 1958, men frå den
tid gjorde NRK mange opptak med henne. O.M.Sandvik gjorde elles
opptak med foreldra hennar tidleg på 1900-talet.
|
| |
Berit Pynten
(1812-1899) (bilete)
var kanskje den fremste fremste tradisjonsberaren på langeleik på
1800-talet. Ho var frå Nord-Aurdal og gifta seg med den kjende
veidemannen Andris Skjefte i Vang, og dei busette seg på
husmannsplassen Pynten som låg ved hovudvegen mellom Vang og Vestre
Slidre. Berit spelte for betaling, og det var mange som stogga for
å høyre og sjå henne spele. Ho spela ikkje berre med fingrane,
men med heile kroppen, vert det fortalt. Og så var ho uvanleg flink
til å fortelje. Også Edvard Grieg var innom og høyrde på spelet
hennar. Ho drog på spelferder sørover og vestover, og tente bra
med pengar. I 1865 var Ludvig M. Lindeman der og skreiv opp slåttar
etter henne. Før ho døydde ga ho langeleiken sin til målaren Erik
Werenskiold.
Les
meir her.
|
Ola Bøe
(1910-1986) (bilete) (bilete)
var frå Mosgrend'n i Vestre Slidre, men flytta alt i 1935 til Oslo
og budde der til han døydde i Bærum. Han lærde først av faren
Per Person Bøe (1859-1922) som var ein god spelemann, og av mora
Rangdi Jacobsdotter (1867-1934) som var flink til å hulle låttar.
Elles lærde han av broren Jørgen Bøe (1904-1966), og andre i
heimbygda særleg Andris Øde (1875-1938), Alf Moe (1874-1959) og
Olav Moe (1872-1967). I Oslo var han ein sentral spelemann i
fleire lag, Valdreslaget, Solabulaget og i Laget for Folkemusikk, og
var her ein sers omtykt dansespelemann. Frå 1953 spela han ofte i
NRK, og han var kjent for å kunne mange slåttar på ulike
felestille. Han vart førsstemann på landskappleiken i 1969. Han
var æresmedlem i Laget for Folkemusikk. I 1999 vart det utgjeve ein
CD med arkivopptak av Ola Bøe.
|
Jon Rosenlid (1891-1974
) (bilete)
var frå Fjelli i Nordfjord og var ein av dei som for alvor tok
hardingfela til indre Nordfjord. Jon lærde å spele (flatfele) som
smågut av gode spelemenn som Jens og Magne Maurset og kameraten sin
Samuel Bergset (1888-1974), og seinare av mellom andre Ivar
Kjellstad. I 1907 reiste han til Bergen og der fekk han høre
Sjur Helgeland spele på hardingfele i Vestmannalaget. Jon svart
svært oppglødd for den fine klangen i hardingfela, og vart snart
sjølv ein meister på hardingfele. Seinare var Jon to år heime i
Nordfjord, før han busette seg fast i Bergen. Men kvar sumar var
han heime i Nordfjord og tok meg seg nye slåttar som han lærde til
spelemenn i sine heimegrender, ikkje minst i Hornindal. Og etter
kvart var det fleire og fleire av spelemennene der som byrja bruke
hardingfele, ikkje fordi virtuosen Ivar Kjellstad gjekk over
til dette instrumentet omkring hundreårsskiftet. I Bergen vart Jon
Rosenlid ein svært sentral spelemann i eit par mannsaldrar. Han
deltok på amnge kappleikar og var jamt mellom dei fremste. I 1929
skipa han det spelemannslaget som etter krigen vart heitande
Fjellbekken, saman med Halvor Sørsdal (1899-) og Nils Furnes
(1901-). Rosenlid var musikalsk leiar i Fjellbekken i ei lang
årrekkje. Attåt var han spelemann i Bondungdomslaget Ervingen
frå 1910 til 1965, fast hovudspelemann frå 1927. Han vart
æresmedlem i Ervingen i 1965. Mellom dei mange elevane til Rosenlid
var bergensaren Finn Vabø (1931-). Rosenlid laga også slåttar
sjølv, kanskje den mest kjende er "Knepphallingen".
Rosenlid spela i radio så tidleg som i 1934. Rolf Myklebust skriv
at "Rosenlid sin musikk hadde appell med rik klang og
bankande puls, det var livsglad musikk, framand for sentimentalitet
og føleri, men iblanda lyriske stemningar. Velutvikla fingerteknikk
og bogeføring var sjølvsagde hjelpemiddel."
.......... |
Magne
Maurset (1824-1916)
var frå Markane på grensa mellom Stryn og Hornindal. Han var
"storspelemann" på (vanleg) fele, og ein viktig
tradisjonsberar av det gamle Nordfjord-spelet. Han lærde mykje av
den første storspelaren i Hornindal "Kroka-Lars" (Lars
Knudsen Kroken, 1807-1889) og den omreisande spelemannen
Blinde-Rasmus. Magne vart ein viktig læremeister for grannen
sin Jens Maurset (1863-1927) og for storspelemannen Jon Rosenlid
(891-1974) og kameraten hans Samuel Bergset (1888-1974). Jon og
Samuel budde i Fjelli eit par mil unna. Magne var bøkkar av yrke og
laga stampar etc. Han var ungkar og var ofte rundt om i bygdene i
heile Nordfjord på salgsferd og spela i bryllup. Rolf Myklebust
skriv om spelet hans: "Han skulle ha makelaust gode fingrar,
lange tynne og jamne. Når han spelte "var det so uvanleg
ledigt å sjå til". Han preluderte litt før han sett i gang
med å spele, men då hogg han i med god takt. Han ville ikkje vite
av noko saging med bogen, det merker ein og i slåttetradisjonen
etter Magne, tunge og lette taktdelar er ofte samanbundne. Det hende
når han hadde spelt ei lang økt at han tok ei heil strofe i eitt
strøk, men då stussa dansarane og. Det var ein slags måte å
kvile høgre armen på medan han spelte". Rolf fortel
også at når kameratane Jon og Samuel var i 7-års-alderen og
lærde slåttar av Maurset (og betalte per slått), så lærde dei
ikkje same slåttane, men lærde av kvarandre etterpå.
|
Jens
Maurset (1863-1927)
var frå Markane på grensa mellom Stryn og Hornindal og var grannen
til den eldre storspelemannen Magne Maurset. Jens var fotograf og
budde på Tonning i Stryn sentrum. Han hadde og lært slåttar av
P.M. Bolstad. Jens var gudfar til Rolf Myklebust, og spela mykje til
dans saman med far til Rolf. Jens var ein framifrå spelemann både
på fele og hardingfele og ein viktig tradisjonsberar. Mellom dei
som lærde av han var storspelemennene Ivar Kjeldstad og Jon
Rosenlid. Både Arne Bjørndal og Catharinus Elling prøvde å få
skrive opp slåttar etter Maurset, men det ville han ikkje.
|
Sigurd Eggen
(1883-1964) (bilete)
|
Per Brenden
(1886-1963)
(bilete)
|
Gullik Kirkevoll
(1895- ) (bilete)
|
Rikkar
Skjelkvåle (1890- ) (bilete)
|
Sevat Sataøen
(1892-1962) (bilete)
Han var frå Ål i Hallingdal og ein av dei mest sentral i dalen
i si tid. Han kunne mange slåttar og visste mykje om spelemenn og
folkeminne. Han spela fleire gonger i NRK, første gong i 1949. Han
vart heidersmedlem i LfS i 1961.
|
Ola Moløkken
(1871-1957) (bilete)
|
Olav Sataslåtten
(1891-1971) (bilete)
Han var frå Ål i Hallingdal, og var
ein sers god dansespelemann og ein viktig tradisjonsberar. Han var
sjølvlærd på hardingfela og hadd visse uvanar; han brukte berre
tre fingar på venstrehanda og heldt langt oppe på bogen. Han var
god til å improvisere. Han spela fleire gonger i NRK. Då folkemusikkhalvtimen opna i 1933,
valde Eivind Groven Sataslåtten som første spelemann. Eldste
opptaket med han er frå 1939. Eivind Groven
tykte godt om spelet hans og skreiv opp slåttar etter han.
Springaren "Prillar-Guri" nytta han i "Symfoniske
Slåttar nr 1". Sataslåtten vart heidersmedlem i LfS i 1969.
|
Olav Sataslåtten
(1891-1971) (bilete)
Olav var ein av dei fremste spelemennene i Hallingdal. Han var ein
svært god dansespelemann. Då folkemusikkhalvtimen opna i 1933,
valde Eivind Groven Sataslåtten som første spelemann. Han var
kjent for mykje improvisasjon og godt driv i spelet sitt.
|
Torbjørg Aamlid
Paus (1922-1999) (bilete)
Ho var fødd og vaks opp i Valle i Setesdal og lærde dans
(Setesdalsgangar) og song (kveding) i heimegrendene, og har gjennom
heile livet vore mellom våre fremst kvedarar og dansarar. Ho deltok
på Landskappleiken første gongen i 1951 saman med Aslak Austad,
som ho også dansa med ofte seinare, siste gong i 1993. Ho har også
vunne ei rad førstepremia i kveding, der ho deltok på
Landskappleiken første gong i 1958 og siste gong i 1993. Ho vann
Landkappleiken i dans i 1974 og i kveding i 1958 og 1975. Som
kvedar var ho med på dei tidlege plateinnspelingane med Norsk
folkemusikk som NRK gjorde på 50-talet. Ein stor del av livet budde
ho i Kristiansand, men flytta i seinare år attende til Valle.
Gjennom store delar av livet dreiv ho aktivt som instruktør både i
folkedans og i kveding, og som domar. Ho var også ei tid lærar på
fleire kurs ved Valle vidaregåande skule og Valle skule og for
studentar frå musikkhøgskolen. Ho var med på mange utanlandsferder både i
Amerika og Europa både som dansar og kvedar. I Noregs Ungdomslag var ho også
ofte med på program og tilstellingar som kvedar og dansar. Ho la ned eit stort
arbeid innan mange organisasjonar, i LfS der ho var kasserar og
forretningsførar for Spelemannsbladet, i Setesdal spelemannslag, i
Kristiansand spelemannslag og i BUL Kristiansand, og i desse laga
fekk ho også heidersutmerkingar. I begge spelemannslaga var ho
æresmedlem, såvel som i LfS. Ho fekk også Siliusprisen, Valle
kommune sin kulturpris og Kongens fortenstemedalje i gull. Gjennom
heile livet var ho ein framifrå ambassadør for den sermerkte
setesdalskulturen.
|
Peder Nyhus (1905
- 1994) (bilete)
Han var ein av dei mest sentrale tradisjonsberarar og spelemenn i
landet. Han var fødd på Klasvollen ved Aursunden. Faren Sven
Paulson Nyhus (1874-1929) var frå Funäsdalen i Sverike. Han var
også felespelar og tok med seg mange svenske slåttar til
Rørosområdet, og desse førde sonen Peder vidare. Men det
viktigaste slåttetilfanget var det som fanst i distriktet frå
før, særleg den rike tradisjonen etter storspelemannen Ole
Henriksen Sulhus (1811-97), kalla "Sulhusgubben" .
Viktigaste læremeistaren til Peder var Ola Klemetsvold (1871-1948),
men han lærde ogs mykje av andre som Henrik Mølmann, Ola Sulhus,
Anders Sjøvold, og brørne Henning og Johannes Ingebrigtsvold. I
mellomkrigstida og etter krigen var interessa for tradisjonelt
felespel lita i Rørosområdet. Men Peder Nyhus og kona Anna skapte
i heimen sin Trollhaugen ved Glåmos eit senter for felespel. Og
sønene, med Sven Nyhus i spissen, fekk tidleg interesse for
felespelet. Peder Nyhus var sentral då Glåmos Spellmannslag vart
stifta i 1950. Dei vann seg raskt eit godt rykte i distriktet og
vidare om gjennom mange program i NRK, og dette vart starten for ei
rik utvikling for felespelet i Røromdistriktet. Det gledde Peder
Nyhus stort at sonen Sven fekk musikkutdanning og byrja skrive opp
den rike tradisjonen etter faren og andre i området. Johan
Falkberget hjelpte Sven med tusen kroner for at han kunne ta
musikkutdanning i Oslo etter krigen. Peder Nyhus var den drivande
krafta i Glåmos spellemannslag nesten til han døydde. Han var den
rike slåttekjelda, og han lærte viljugt frå seg til yngre
spelemenn, og delte stoffet med oppskrivarar og forskarar. Han var
ein framifrå spelemann ogdå etter han nådde høg alder. Han vart
æresmedlem i Landslaget for spelemenn og fekk Røros kommune sin
kulturpris i 1981.
|
Mali Furunes (1888-1968)
(bilete)
Mali Furunes er fødd i Vestnes i Romsdal og lærde
folkedans som liten mellom anna på prestegarden (!) i bygda og
møtte der også folkehøgskolelæraren Ola Aasmundstad. Mali kom
til Molde som tenestejente og kom med i ungdomslaget. Ho vart med
på den første turneen til Det Norske Teateret i 1913. I 1914 hadde
ho første kurset sitt i folkedans for NU, og ho reiste sidan land
og strand rundt og heldt kurs i folkedans og folkeviseleik - særleg
i Nord-Noreg. Ho var kjent som ein svært dugande
instruktør. I 1919 fekk ho dottera Margrete og vart einsleg mor. I
1928 vart Mali engasjert av det nyoppretta Folkemuseet i Molde -
Romsdalsmuseet - og starta der landets første barneleikarring.
Barneleikarringen var flink og vart godt kjent og ho dreiv han i 40
år - nesten til ho døydde. Mali budde om sumarane på museet og
vintrane reiste ho som danseinstruktør. Ho laga også dansemåte
sjølv til nokre songdansar. Etter krigen vart det slutt på den
omfattande reisinga, og ho arbeidde då ihuga med å rekonstruere
romsdalsbunaden og sydde bunader. Ho la ned eit stort arbeid med
bunader for Romsdalsmuseet. For arbeidet sitt fekk ho kongens
fortensmedalje i 1951.
|
Ragna Øygard () (bilete)
|
Rolf
Warme ( )
(bilete)
|
Liv Midttun
(1931-1998) (bilete)
Ho var frå Eivindvik i Sogn og kom tidleg med i
ungdomslagsarbeidet i heimbygda, og i slekta hennar var det mange
ihuga ungdomslagsfolk og folkedansarar. Ho tok realskulen i
Balestrand og husmorskule på Voss og arbeidde ei tid som
handarbeidslærar i Bergen, og var aktivt med i folkedansarbeidet
både på Voss og i BUL Bergen. I 1955 byrja ho å arbeide på
NU-kontoret og var frå 1956 til 1964 var ho leikleiar i NU og
reiste mykje rundt i laga og heldt kurs. Denne tida samarbeidde ho
også nær med "nestor" i folkedansen Klara Semb. Ho la
osgå ned eit stort arbeid med å halde kurs for leikrettleiarar.
Etter at ho slutta i NU, var ho lærar i forming på fleire
folkehøgskolar både på Nordmøre, Buskerud og Hallingdal
folkehøgskole på Gol. Etter vidareutdanning var ho i mange år
faglærar i forming på Åsane. Også etter at ho slutta i NU hadde
Liv Midttun heldt ho mange kurs i folkedans. Ho utførte mange
oppgåver for folkedansarbeidet i NU, og var ein aktiv deltakar på
mange NU-stemne. Ho la også ned eit stort arbeid i revisjonsnemnda
for "Norske folkedansar" både boka med songdansar og
turdansar.
|
Signe Five
(1877-1953) (bilete)
Var frå Five gard i Stod ved Steinkjer og voks opp i ei familie med
sterke norskdomsrøter. Faren Eilert Five starta eit av dei første
ungdomslaga på bygdene i 1873. Signe gjekk på Mære jordbruksskole
og på Industriskolen i Oslo. Etter at ho såg leikframsyning med
leikarringen til Det norske spellaget i 1912, melde ho seg på
leikkurs og vart snøgt ein dugande dansar. Ho byrja snart sjølv å
halde leikkurs i Trøndelag, og gjorde det i mange år. Likeeins var
ho lærar på mange kurs for leikleiarar i fylkeslaga. Ho la også
ned eit stort arbeid for å gjenskape og ta i bruk att dei gamle
trønderbunadane og dei fine kvitsauma pannelina.
|
Johan Austbø (1879-1945)
Austbø var lærar, dansar, kjøkemeister, folkekulturformidlar og
diktar. Han voks opp i Ikjefjorden i Sogn , vart lærar, gift med
Karolina Bøthun frå Fresvik, budde ei til i Os ved Bergen, men
flytte seinare til Skotselv i Øvre Eiker der han var lærar og
budde resten av livet. Han var ein ihuga norskdomsmann, var aktivt
med i ungdomslag og leikarbeid og i Den norske folkeviseringen i
byrjinga på 1920-talet. I 1939 song han nokre folkeviser i
Folkemusikkhalvtimen, mellom anna visa "Den svalande vind"
som han hadde skreve teksten til sjølv. Denne visa vart seinare
kjent som ei folkevise frå Telemark då Lillebjørn Nilsen song ho
inn på plate på 1970-talet.
|
Ove
Moripen (1924-1998)
Han var frå Froland nær Arendal, og tok apotekareksamen i Oslo i
1951, og arbeide som apotekar i nokre år i Molde og så i Oslo.
sidan arbeidde han mange år i Norges Apotekerforening. I 1971 fekk
han løyvet til Løveapoteket i Hamar, og dreiv det til han vart
pensjonist i 1994. Han gav også ut ei 100års- jubileumsbok for
dette apoteket. Over alt der han budde var han aktiv innan
folkedansen, heilt frå til ungdom til han vart sjuk kort tid før
han døydde. Han var aktiv i BUL Molde, i Leikarringen i BUL i Oslo
og var med å starta Folkedanslaget Sølja i Hamar. I Sølja var han
også leiar i mange år. Han var også der med å rekonstruere
Hedemarksbunaden. I fire år på 60-talet var han leiar i Leikrådet
i NU. I 1963 var han stemnegeneral for den Nordiske folkedansstemna
i Oslo, og han ivra sterkt for nordisk samarbeid innan folkedansen.
Kona hans heitte Liv og dei hadde dottera Siri. Han fekk kongens
fortensmedalje for arbeidet sitt.
|
Åsta
Holth (1904-1999)
Ho voks opp og budde i Grue på Finnskogen.
Ho var aktiv i det frilynde ungdomsarbeidet heile livet, frå ho
gjekk på leikkurs før ho vart komfirmert. Ho var dansar og
leikleiar, aktiv i bunadarbeidet, innan teater og i lokalkulturen og
den finske innvandrarkulturen på Finnskogen. Ho vil likevel særleg
bli hugsa som forfattar av romanar og skodespel. I lokallaget Grue
Finnskog var ho formann og styremedlem, og var aktiv i Fylkeslaget
Varden der ho vart heidra med Varden-prisen. Ho gjorde eit stort
arbeid for både kvinne- og mannsbunaden på Finnskogen. For
teateramatørar skreiv tre skodespel. Politisk var ho overtydd
kommunist. I 1995 vart ho heidra med ei byste utafor
ungdomshuset Skogheim laga av Skule Vaksvik.
|
Victor
Krüger (1905-1995)
Han var frå Fusa, og kom tidleg med i ungdomslagsarbeidet, ikkje
minst med amatørteater. I 1946 kom han til Oslo og vart sekretær i
Oslo Fylkeslag (seinare BLS) og gjorde der eit stort arbeid. I 1947
fekk han også stillinga som landsstudieleiar i NU og i
arbeidsutvalet i Statens folkeopplysningsråd. Han arbeidde også
mykje i samnemnda for studiearbeid, først som sekretær, så
formann frå 1948 til 1953 og frå 1961 til pensjonsalderen. I 1950
gav han ut boka "Kort og klårt om studieringen", ei bok
som vart mykje nytta av ordstyrarar og lagsleiarar. Han var
styremedlem i Det Norske Teateret i 20 år og styreformann i
Riksgalleriet i 15 år. Som pensjonist flytta han attende til
heimbygda Fusa.
|
Halldis
Moren Vesaas (1907-1995)
Ho var frå Mora i Trysil og dotter til den sentrale forfattaren og
NU-leiaren Sven Moren og Gudrid Breie frå Ål i Hallingdal. Ho var
mykje med i ungdomslaget heime i Trysil som ungjente, men også i
vaksen alder var ho oppteken av det som gjekk føre seg innan
ungdomslagsrørsla og målrørsla, sjølv om det var som forfattar
og omsetjar ho gjorde sin store innsats. Som småjente fekk ho
oppleve Hulda Garborg instruere folkeviseleik i ungdomslaget heime,
og i konfirmasjonsalderen gjekk ho sjølv på leikkurs med Klara
Semb. Ho var også i unge år med på amatørteater, og var
redaktør i det handskrevne bladet i ungdomslaget
"Trysil-Knut" i Trysil. Då ho flytta til Oslo,
arbeidde ho ei kort tid på lagskontoret til Oslo Fylkeslag.
På Lillehammer i 1949 var ho første kvinnlege stemnetalaren på
eit NU-stemne. Etter at ho gifta seg med Tarjei Vesaas og flytta til
Vinje, gjorde ho mykje i ungdomslaga der også, mellom anna som
formann i ungdomlaget i Ytre Vinje rett etter krigen. I 1951 skreiv
ho biografien "Sven Moren og heimen hans" og seinare to
minnebøker (1974 og 1976) om samlivet med mannen sin.
|
Anders
Vassbotn (1868-1944)
var frå Volda på Sunnmøre, gjekk Aasvejens folkehøgskole i
Hornindal, og vart ein av dei fremste leiarane for den frilyndte
ungdomsrørsla både på Sunnmøre og i landet. Han var i styret for
Noregs Ungdomslag i 1896-1898 og 1899-1907. I Summnøre frilyndte
ungdomssamlag var han styremedlem 1895-1904 og tre periodar var han
formann. Han var den som tok initiativet til det første
ungdomsstemnet på Sunnmøre i Volda 1894. Desse stemna vart svært
omtykte i åra framover. Vassbotn skreiv mykje i frilynde
ungdomsblad, gav ut fleire skodespel for amatørteater og fleire
diktsamlingar og andre bøker. Han er særleg kjent for den mykje
brukte songen "Å leva det er å elska" (dikta truleg i
1893). Vassbotn var ordførar i Volda 1910-1913, stortingsmann for
Venstre 1913-1930, mykje av tida formann i universitets og
fagskolenemnda. Frå 1939 var han med i Nobelkomiteen.
|
Sven
Moren (1871-1938)
var gjennom mange 10-år ein av dei mest sentrale personane i den
frilynde ungdomsrørsla og i Noregs Ungdomslag. Han var odelsgut til
Mora i Trysil, og var bonde og forfattar. I unge år var han svært
aktiv i ungdomslaga i Østerdalen både som talar, inspirator og
lagsbyggjar. Han var formann i NU 1899-1901 og var så med i styret
heilt til 1919 - dei 4 siste år som formann. Saman med Edv.
Os redigerte han NU sitt 25-års jubileumsskrift. Han ga også
ut "Songbok for skular og ungdomslag" som kom i 7
opplag og vart svært mykje brukt i heile landet. I 1907 gifta han
seg med Gudrid Breie frå Ål, som Klara Semb skal ha presentert han
for på landsstemnet på Lillehammer i 1905. Sven Moren var ein
framifrå talar, og vart svært mykje brukt som talar både i
ungdomslag og andre lag, og han reiste som ferdatalar i NU i svært
mange år til heil innpå 1930-talet. Han hadde ein eigen evne til
å få kontakt med folket når han tala, var elegant og hadde humor.
Han ga ut mange bøker, mellom dei den sjølvbiografiske
"Gardguten og spelemannen" og i "Møte og minne"
frå 1939 fortel han både om seg sjølv og andre han møtte. I 1951
gav dottera Haldis Moren Vesaas ut biografien "sven Moren og
heimen hans".
|
Jens A. Myro
(1921-2002) (bilete)
Jens A. Myro var i mange 10-år den fremste spelemannen i Øvre
Hallingdal og ein av dei aller fremste dansespelemennene i landet.
Då Jens A. Myro tok til å spele som 4-åring, hadde han ein rik
speltradisjon å ause av både i slekta og heimbygda Ål. Denne
første fela var det den kjende spelemannen Bråta-Per eller Peder
Olsen som laga -
han var bror til oldefar til Jens på farssida. Bråta-Per hadde
vore tambur i det militære og var kjent bjørnejeger. I farsslekta hans
finn vi også storspelemannen Ola Dekko (1858-1949) og sønene hans
Knut (1885-1964) og Bottolv (1897-1973). Ola Dekko hadde elles ein
yngre bror som var god spelemann og også heitte Ola Dekko, så den
eldste vart kalla "Store-Dekken" og den yngste
"Vesle-Dekken". Oldefar til Jens på
morssida, Ola Jensen Myro (Myreguten 1817-?), var også ein viktig
tradisjonsberar ikkje minst spel frå heimstaden sin Nes etter
Gudbrand-Østen og Gudbrand Skjellerud. Viktigaste læremeisteren
til Jens var sambygdingeane Sevat Sataøen (1892-1962) og Olav
Sataslåtten (1891-1972). Jens vart yrkesmilitær
og arbeidde ved HV-skulen på Torpomoen til han vart pensjonist i
1981. Han vart gift med Anne Halvorsgard i 1947 og dei fekk to born.
Gjennom heile livet var Jens ein sers aktiv spelemann, i
spelemannslaget der han og var musikalsk leiar i mange år, på dansekurs, på
mange kappleikar, konsertar i inn og utland og i gjestebod, mellom
anna over 90 bryllup. Til saman var han spelemann på langt over
1000 ulike oppdrag. Han var den første som spela i ei kyrkje i
Hallingdal (i gravferda til Hans Nestegard) og vart i 1994
utnemnd til kyrkjespelemann i Ål. Han var i 14 år lærar ved
musikkskulen i Ål. Gjennom åra var han spelemann på ei lang rad
utanlandsturar. Han spela
svært ofte for dansarar på kappleikar. Han var med på over 40
Landskappleikar. På ein Landskappleik spela han for 22 par! Myro var også ein sers
flink fotograf og tok ei mengd bilete frå spelemannsmiljøet. Ein
del av bileta er med i den biletboka han gav ut i samarbeid med LfS.
Jens spela ofte i radioen og spela inn plater. Lp-plata "Me
spelar til dans" frå 1979 med Torleif Stave på torader,
vart nominert til spelemannsprisen. I 1997 kom soloplata
"Hallingspel" der mange av dei beste danseslåttane hans
er med. Som pensjonist arbeidde han på Bygdearkivet i Ål og
bygde opp eit stort arkiv med gamle bilete frå heimbygda og ardre
kommuner i Hallingdal. I 1989 vart han æresmedlem i LfS.
|
Anders
C. Kleven (1855 - 1909) (bilete)
Anders Christensen Kleven var fødd i Krødsherad men budde det
meste av livet i Christiania der han var ein svært kjent felemakar
og spelemann. I ungdomen var han 3 år i USA og lærde
felemakararbeid hjå Peterson i Chicago og Schubert i St. Paul.
Attende i gamlelandet starta han felemakarverkstad i Christiania.
Han hadde verkstad ulike stader, men i 1904 etablerte han seg i
Tollodgt. 28 den han fekk stor musikkforretning og
fiolinmakerverkstad. I 1903 fekk han 400 kr i reisestipend, og var
då innom Hill i London og fleire kjente verkstader i
Tyskland, mellom andre Giuseppe Fiorini. Ein reknar med at Kleven
laga ca 130 hardingfeler og 100 fiolinar. Han fekk gullmedalje på
utstillinga i Bergen i 1898 og bronse på verdsutstillinga i Paris i
1900. Verkstaden til Kleven vart i desse åra eit senter for
felemakarar og spelemenn i Christiania. Mange spelemenn,
fiolinistar, komponistar og andre møttest der og vart svært godt
mottekne. Kleven vart grunnleggaren for felemakartradisjonen på
hardingfele i hovudstaden, ein tradisjon som var svært levande i
mange 10-år frå hudreårsskiftet og framover. Mellom dei
hardingfelemakarane som fekk opplæring hjå Kleven var Gunnar
Røstad, Torleiv Frøysaa, K.Ø. Rudi og Ole G. Skogly. Også eit
par av sønene hans. Kleven produserte sin eigen felelakk og
laga også ein eigen felemodell som han brukte ein del. Han forlenga
hardingfelemensuren til ca 32 cm og sette lange understrenger på
hardingfela. Han var truleg også den første som tok i bruk den
roseornamentikken som vart vanleg for Christiania-tradisjonen i
hardingfelebygginga. Då A.C. Kleven døydde, dreiv sonen harns Erik
Kleven saman med fiolinmakaren Volkmann verkstaden vidare nokre år.
Som nemnt var A.C. Kleven også ein dugande spelemann, og hadde
lært spel av Gudbrand Skjellerud som ung. Han var i mange år fast
spelemann i norskdomslaget "Den Nationale Forening", og
heldt også konsertar. Dei fleste av desse opplysningane er henta
frå boka om Gunnar Røstad som Kjell Chr. Midtgaard ga ut i 1997.
|
Knut
Ø. Rudi (1878 - 1972) (bilete)
Rudi var ein av våre mest kjente felemakarar i første helvta av
1900-talet. Han var også ein framifrå spelemann. Knut Øysteinson
Rudi var frå Heggenes i Øystre Slidre. Han lærde å spele som
ungdom i heimegrendene og byrja også å lage feler. Då han var 19
reiste han til Kleven i Oslo for å bli svenn, og hadde med seg ei
fele han hadde laga. Kleven kjøpte fela for kr 35, men vekeslønna
på kr 6 som Kleven kunne betale, var for lite til å leva av, så
han drog attende til Valdres og arbeidde på ein nekkarverkstad.
Året etter, i 1899, kunne Kleven betale kr 18 per veke, og Rudi
byrja i felemakerlære, og var læregut hjå Kleven i 3 år. Gunnar
Røstad arbeidde på denne tida også hjå Kleven, og Rudi lærde
også av Røstad. Så dreiv Rudi eigen verkstad i Oslo fram til ca
1908 då han reiste attende til heimbygda. Her heldt han fram med
felebygging og reparasjonar. I 1921 hadde han eit opphald på 3
månader i Tyskland og Østerrike for å lære meir om felebygging,
og gjekk i lære mellom andre hjå Johan Stübiger som var felemakar
for den keisarlege operaen i Wien. Rudi vart særleg kjent for
felestrengene sine "Fanitullen", som i mange år var
nesten einerådande i landet. Hjå Kleven lærde han å spinne
strenger, og konstruerte sjølv ei strengemaskin då han flytta
attende til Valdres. I 1926 laga han ei strengeslipemaskin som kunne
slipe 60 strenger samtidig. Til saman skal Rudi ha laga ca 100
hardingfeler og ca 100 vanlege feler. På Jubileumsutstillinga på
Frogner i Oslo i 1914 fekk han sølvmedalje, og på ei utstilling
på Notodden fekk han gullmedalje. Rudi dreiv ikkje serieproduksjon
av feler, men eksperimenterte heile tida. I seinare år freista han
å la hardingfela få ei form som likna mykje på fiolinen. Stolen
han nytta til hardingfelene likna på fiolinstolen, men det var
mindre vellukka. Rudi laga også mange langeleikar og munnharper.
Som nemnt var Rudi ein dugande spelemann og spela særleg mykje
saman med sabygdingen Ola Okshovd. Han deltok på mange kappleikar
og i seinare år var han ofte domar. På kappleiken til "Den
Nationale Forening" i Christiania i 1902 delte han
førsteplassen med Anders Stubberud. Dei fleste av desse
opplysningane er henta frå boka om Gunnar Røstad som Kjell Chr.
Midtgaard ga ut i 1997.
|
Torleiv
Frøysaa (1867 - 1949) (bilete)
var felemakar og spelemann frå Hornnes i Aust-Agder. Han var av
gamal spelemannsætt og både faren, bestefaren og fleire av
brørne hans var spelemenn, med røter frå Frøysaa i Iveland. Som
ung lærde han både Frøysaa-spel og spel frå Frøyrak, særleg av
Pål O. Frøyrak. Han tok utdanning som lærar og busette seg på
Gjøvik der han budde storparten av livet. Han spela orgel nokre
år, men sidan var det interessa for felespel og felebygging som
dominerte. Han reiste rundt om i landet og lærde spel av mange
kjende spelemenn, som Wilhelm Sorteberg, Gunnulf Borgen, Torkjell
Haugerud, Arne Bjørndal, Haldor Meland, Sjur Helgeland, Truls
Ørpen og andre. Han deltok på kappleikar og gorde det godt.
omkring 1900 fekk han interesse for felebygging. Etter å ha dreve
litt for seg sjølv, var han ei tid hjå Kleven i Oslo og ei tid
hjå Gunnar Røstad som han rekna for viktigaste læremeisteren sin.
Han bygde om og reparerte ein god del fiolinar, men av nybygging
vart det berre hardingfeler. Han har truleg bygd ein del over 100
til saman, mange av dei med svært høg kvalitet. Frøysaa slutta
som lærar i 1927 og flytta attende til Hornnes der han omkom i ein
brann 82 år gamal. Dei fleste av desse opplysningane er henta
frå boka om Gunnar Røstad som Kjell Chr. Midtgaard ga ut i 1997.
|
Ole
G. Skogly (1866 - 1939) (bilete)
frå Råengrenda i Krødsherad var ein god spelemann og felebyggjar.
Han lærte spel i Krødsheradstradisjon, men seinare også telespel
mellom andre av Torgeir Torgeirson ("Tarjei By'n"), sonen
til Myllarguten som verka som musikar og pianostemmer i Christiania.
Han byrja å lage feler, og lærde i Christiania ført av
sambygdingen Kleven og seinare av Gunnar Røstad. Han budde på
fleire ulike plassar, og sume av felene hans er signerte Ole Haugen
eller Ole G. Grønlid. Mange av felene han laga hadde sers god
tonekvalitet, og nokre usignerte feler han ein trudd har vore
Røstad-feler. Dei fleste av desse opplysningane er henta frå
boka om Gunnar Røstad som Kjell Chr. Midtgaard ga ut i 1997.
|
Gunnar
Røstad (1874 - 1949) (bilete)
Gunnar Røstad var den fremste hardingfelemakaren på 1900-talet,
kanskje den beste gjennom alle tider. Han var den leiande i det
blomstrande felebyggarmiljøet i Christiania i dei første 10-åra
av 1900-talet. Røstad-felene er av mange spelemenn rekna som dei
beste vi har, og dei er selde til høgre pris enn noko andre
hardingfeler. Mange av dei beste spelemennene i landet har brukt
eller bruker Røstad-feler. Likevel er mennesket Røstad gløymt av
mange, og han har fått lite ære for det framifrå arbeidet sitt.
Kjell Chr. Midtgaard, som i 1997 gav ut ei gild bok om Røstad,
meiner det har samanheng med alkoholismen hans og det tiltakande
sosiale forfallet. Dei fleste opplysningane om Røstad i denne
artikkelen er henta frå denne boka.
Gunnar Martinius Andersen Røstad var fødd i Øvrebø nedst i
Setesdalen. Faren var Anders Gunnarson Homme fødd i 1850 og mora
Tomine Andreasdatter frå Lillesand fødd 1851. Det var 5 gutar og 5
jenter i barneflokken og Gunnar var eldst. Sjølv om mora mislikte
det, byrja Gunnar tidleg å spele fele og lærde av faren og
bygdespelemannen Jon Løyning. Både faren, bestefaren og oldefaren
dreiv med felebygging, og Gunnar bygde tidleg si første fele, og
var den einaste av søskjena som førde tradisjonen vidare. Det var
den vanlege fela som vart nytta der då. Gunnar lærde
felemakararbeid av Fredrik og Olav Øverland og av ein omreisande
felemakar frå Tyrol. Då var Gunnar i 15-års alderen. Som
16-åring fe | |