Litt om Spelemannsbladet

Kort historikk
Landslaget for Spelemenn vart skipa i 1923, som eit særlag i Noregs Ungdomslag.
Heilt frå starten ville laget gje ut eit eige lagsblad, men det vart berre med ei fast spalte i bladet til NU Norsk Ungdom.
Då laget kom i fastare former etter nokre vanskelege år i 1939, vart det fart i arbeidet med å planleggje eit blad. Det var særleg medlemer i Laget for Folkemusikk i Oslo som var sentrale i dette arbeidet. Det første nummeret kom i juni 1941. Det var skreve på maskin og stensilert i 250 eksemplar. Det var leiaren i LfS Leif Sem frå  Heddal og Kåre Solheim frå Gjerstad i Aust-Agder som stod i brodden. Neste nummeret kom ved juletider same året, men så sette tyskarane ein stopp for verksemda også i LfS.

Etter krigen kom arbeidet med LfS og Spelemannsbladet relativt raskt i gang att, og hausten 46 var Oslo-guten Leif Løchen i gang med bladet, og hausten 46 kom eit fyldig nummer. Året etter kom to fyldige nummer.
I 1948 kom Spelemannsbladet med profesjonell trykk-kvalitet frå Telnes Trykkeri på Notodden med 2 nummer og i 1949 5 nummer. I 1950 tok Henrik Gjellesvik over som bladstyrar
I 1951 flytta Spelemannsbladet ut av hovudstaden, idet lærar Torleiv Tveito tok over som bladstyrar, og saman med kona Olaug prega dei bladet med korte avbrot i 20 år framover.
Frå 1948 til 1953 var John Tjønn på Notodden forretningsførar, då Knut Trydal i Oslo overtok.

Bladet passerte 1000 i opplag i 1954 og frå 1953 kosta det kr 10 i året og jamt var det 6 nummer per år. I 1972 var opplaget kome opp i 1700.
 
Bladstyrarar
1941      Leif Sem
1946-49 Leif Løchen
1950      Henrik Gjellesvik
1951-54 Torleiv Tveito
1955-56 Leif Sem
1957-60 Torleiv Tveito
1961-62 Johan Krogsæter
1963-66 Torleiv Tveito
1966-72 Olaug Tveito
1973-75 Ola Grøsland
1976-77 Birgit Døvre
1978-87 Gunnar Stubseid
1988-94 Trond -Ole Haug
1994-96 Arild Hogsnes
1997-     Kjell Bitustøyl