Instruktørsamling i Trondheim 2001

STIL OG KVALITET I TURDANSEN

INSTRUKTØRSAMLING/FORDJUPINGSKURS I TRONDHEIM 9.-11. NOVEMBER 2001

Korleis gje turdansane særpreg gjennom dansestil og dansesteg ?

Målet med instruktørsamlinga er å gje deltakarane innføring i temaet stil og kvalitet i turdansen og vidareutvikle eigen dansestil på området.

·        Vi tar utgangspunkt i videodokumentert tradisjonsmateriale frå Rff-senteret
·        Vi skal sjå på tradisjonsopptak og arbeide med stil og kvalitet i turdansen.
·        Steg i ril, kontradans og feiar.
·        Kva veit vi om utføring av steg i turdans og kva kan vi tenkje oss ?
·        Kva med ny rekonstruksjon av historiske dansar og dansestil ?
·        Det vil bli lagt vekt på vidareutvikling av deltakarane sin personlege dansestil.
 

Arbeidsform
Vi vekslar mellom førelesingar, arbeide med tradisjonsmateriale, individuell øving og gjennomgang av dansar som vi finn i rettleiingsbøkene våre og som høver i samanheng med steg og dansetype.

Lærarar
EGIL BAKKA
, busett i Trondheim, professor ved Musikkvitskapleg institutt og dagleg leiar ved Rådet for folkemusikk og folkedans. Han har gjeve ut "Danse, danse lett" og fleire andre bøker, skrifter og artiklar om folkedans.

FOLKE FLATELAND, busett i Asker.  Han har brei instruktørerfaring frå regionale og sentrale NU- kurs, inkludert fordjupingskurs for folkedansinstruktørar. Han har dei siste åra arbeidd mykje med kontradansen og har vore leiar for mange større framsyningar og andre folkedanstilskipingar.

Kursstad
Lagssalen til Bondeundomslaget i Nidaros, Søndre gt. 22B, Trondheim.

Tid
Fredag 9. november 2001 kl 1830 til søndag 11. november 2001 kl 1400.

Laurdag kveld blir deltakarane med på Haustleiken som BUL i Nidaros lagar til.

Pris
Kr. 1000,- inkl. mat og leikfest (men ekskl. overnatting og frukost). Påmelding til Bondeungdomslaget i Nidaros, Brattørgt. 7, 7010 Trondheim, som også skal ha kurspengane, konto 8601 06 11492, saman med påmeldinga.

 Frist for påmelding: 19. oktober 2001.

NB! Ver tidleg ute med påmelding, det lettar arbeidet!

Nærare opplysningar om samlinga kan de få hos BUL i Nidaros, tlf. 73 51 42 58,
e-post: bulinidaros@c2i.net

Overnatting ordnar deltakarane sjølve. Tilskipingsnemnda har henta desse tilboda:

 

Stad

Pris dobbelt/enkelt rom inkl. frukost, kr.

Tlf. nr

 

Home Hotel Bakeriet

Brattørgt 2

990/770

73525200

Rabatt med Choice-kort

Gildevangen Hotell

Søndre gt 22B

850/550

73870130

Same bygget som samlinga.

Munken Hotell

Kongens gt 44

750/595

73534540

 

Pensjonat Jarlen

Kongens gt. 40

 

400/500/600/800/1200 med 1/2/3/4/6 pers. pr. rom.

73518718

Kvart rom har bad, WC og kjøken. Ingen frukost inkl.

Trondheim Vandrerhjem Rosenborg, Weidemannsv.41

560/415.

73874450

Dusj på rommet

Trondheim Vandrerhjem Rosenborg, Weidemannsv. 41

500/375.

73874450

Må ta med sengetrekk. Felles dusj og toalett.

Lagshytta til BUL i Nidaros

Lian

100 på firemannsrom

73514258

Må ta med sengetrekk el.lakenpose/soveposeFelles dusj og toalett. Avgrensa plass

Privat innkvartering

Det blir arbeidd med saka

73514258

Interesserte kan ta kontakt.

Vel møtt i Trondheim!

Helsing
BUL i Nidaros
Folkedansrådet