Pressemelding Førdefestivalen 2007
Sendt til oss 3/7-07 frå Synnøve Bjørseth

Pressemelding  

Norske toppartistar til Førdefestivalen

Tapt kjærleik og bitre tårer, leik med tyngdekrafta og halsbrekkande stunt, 150 år gamle coverlåtar frå dei sju hav – dette er stikkorda for nokre av konsertane som norske artistar står for på årets Førdefestival.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival kjem til å koke av franske kjensler i sommar, men festivalen kan også dette året presentere nokre av dei aller fremste norske folkemusikarane på programmet. Festivaldirektør Hilde Bjørkum seier festivalen har eit ansvar for å formidle den norske folkemusikken til eit stort publikum, og gler seg over eit norsk program med stort mangfald.  

Profilerte artistar
Storm Weather Shanty Choir
frå Stord kjem til Førde med ramsalte sjantiar og 150 år gamle coverlåtar frå dei sju hav! - Desse staute karane syng med slik kraft og energi at du garantert vil få bakoversveis! Dei har ei fantastisk evne til å inkludere publikummet i konsertane sine, fortel ei entusiastisk Bjørkum.

 Den allsidige folkesongaren Unni Løvlid frå Hornindal vitjar denne gongen festivalen saman med den kritikarroste pianisten Liv Glaser. Som ein del av minnemarkeringa etter Edvard Grieg, vil dei presentere eit konsertprogram med utgangspunkt i Griegs "Norske Folkeviser opus 66", "Haugtussa" og "Lyriske stykker".

- Grieg var ein av dei første i Norge som tok folkemusikken inn i kunstmusikken, og for mange har Grieg sine komposisjonar vore deira første møte med den norske folkemusikken. 

Tett på
- Gjennom konsertserien "Tett på" får publikum ein heilt unik sjanse til å møte nokre av dei fremste norske artistane i ei lite og intimt format, seier Bjørkum.  

Valdresduoen Mattisgard & Røine byr på pasjonerte og grovkorna tolkingar av balladar, skillingsviser og slåttestev, og vil gje publikum eit heilt uforgløymeleg møte med forferdeleg triste songar, tapt kjærleik og bitre tårer. – Inspirasjon frå både amerikansk old time music og den norske folkemusikken ligg til grunn for det musikalske uttrykket til denne spennande duoen.  

Anne Hytta frå Telemark er ein av dagens fremste unge hardingfelespelarar, og vann Folkelarmprisen 2006 for debutplata "dag, kveld, natt". - Ho har funne sitt personlege uttrykk når ho tolkar og formidlar slåttar frå Telemark. Kreativitet og teft for detaljar gjer at ho skaper ein rik stemningsvariasjon.  

Premiere på tre forestillingar
Dansekompaniet FRIKAR kjem til Førde med ei forrykande forestilling der seks av Norges sprekaste lausdansarar leikar med tyngdekrafta og ikkje kvir seg for å utføre halsbrekkande stunt.
'KRUK!' er Dansekompaniet si andre oppsetjing, og forestillinga har Norgespremiere på festivalen.

- Under denne forestillinga må eg nok halde meg fast i stolen, ler Bjørkum. - For dei akrobatiske sprella desse dansarane utfører er ikkje kvardagskost, og absolutt ikkje noko du bør prøve heime! 

Sigrid Moldestad har nypremiere på si sjølvskrivne "TAUS". Forestilinga tek utgangspunkt i historia om ei rekkje kvinnelege spelemenn frå Nordfjord og Sunnmøre heilt tilbake til 1700-talet. Suksessforestillinga hadde premiere i Bergen denne våren, og forestillinga på festivalen er den første i fylket.

– Frie kvinner som drog på speleferd med ungane på slep, ja dette er sterke historier. Og likefullt dagsaktuelle historier. For det fins enno stader og kulturar i verda der kvinner ikkje får sjansen til å uttrykkje seg.

Oppsetjinga av teaterstykket "Rekneprinsen" av forfattaren Erna Osland frå Høyanger, er eit nytt samarbeid mellom festivalen, Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane fylkeskommune. - Å bruke folkedans og -musikk som ein integrert del av teater skapar eit nytt og annleis scenisk uttrykk. Festivalen har dei siste åra hatt fleire slike produksjonar, og det er alltid like spennande å sjå resultatet, fortel Bjørkum.   

Musikk for den danseglade
Festivalen har også nokre av landets fremste dansespelemenn på programmet, og det er eit rikt og variert tilbod til dei danseglade. Søndre Trondhjems Spellemannslag er ein livleg gjeng som spelar svingande dansemusikk frå Trøndelag. Sigmund Eikås og Joar Skorpen vil spele fengande danseslåttar frå Sunnfjord, og trioen Hått vil på sin særeigne måte spele hardingfelerunddans frå Telemark, Numedal og Valdres. – Danseskoa må på, for til slik musikk går det ikkje å sitje stille, smiler Bjørkum. Og ønskjer velkomen til årets festival!

 

For meir informasjon, kontakt:
Direktør Hilde Bjørkum, mobil 909 19 933
Marknads- og informasjonssjef Torill Faleide, mobil 907 38 527

Førdefestivalen 5.-8. juli 2007:
Émotions Françaises – franske kjensler
Førdefestivalen er den største festivalen i Skandinavia for folk/world/trad musikk. Kvart år presenterer festivalen rundt 250 artistar frå heile verda gjennom 80 store og små konsertar og arrangement på fire dagar.
Årets festival er den 18. i rekkja.

www.fordefestival.no 
www.myspace.com/fordefestival