Pressemelding om Marylands
Sendt til oss 23/6-01 frå Synnøve Bjørseth

Marylands - verdas råaste hardingfele"bænd" slepper no den første plata si. Den blir å få kjøpt på Landskappleiken. Elles blir Marylands å finne på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Telemarkfestivalen.


Pressemelding

MARYLANDS MED PLATE

I desse dagar kjem folkemusikkgrupp Marylands med si første plate. Det er nokre av dei aller beste spelemennene i landet som no har gått i studio og spelt inn god, gamal runddansmusikk frå Bergen. Under leiing av den legendariske bergensspelemannen Finn Vabø har dette stjernelaget gripe fatt i eit nokså spesielt repertoar som har blitt forma i den musikalske smeltedigelen Bergen.

Bergensk musikk.
Opp gjennom historia har det flytta mange spelemenn frå heile Vestlandet til Bergen. Desse spelemennene har sjølvsagt også teke med seg slåttane sine. I Bergen har desse slåttane levd sitt eige liv, og framstår i dag som typisk "bergenske". Finn Vabø var ein av dei som fekk gleda av å spele saman med og lære slåttar av spelemenn som kom til Bergen på 50- og 60-talet. Blant dei må ein særleg nemne Jon Rosenlid frå Norfjord og Arne Bjørndal frå Nordhordaland. Repertoaret til Marylands er altså ei vidareføring av dei slåtttan blant anna desse to hadde med seg då dei herja som verst i spelemannslaget Fjellbekken. Også i dag er det mange spelemenn som flyttar til Bergen, og Marylands er eit døme på korleis ei slik samansetjing av ulike uttrykk og tradisjonar vil låte.

Topp spelemenn.
Medlemmene i Marylands kjem frå Bergen, Sunnfjord, Sogn, Nordhordaland, Osterøy og Sunnhordaland. Mange kjende namn er å finne i gruppa: Finn Vabø, Øivind Vabø, Steinar Rygg, Håkon Høgemo, Hallgrim Skjerdal, Synnøve S. Bjørset, Elisabet Eikås, Elna Selle, Synnøve Øvrebø, Monika Antun, Sigbjørn Apeland, Olav Tveitane, Axel Heienberg.
Fleire av medlemmene er etablerte musikarar og har allereie mange plateutgjevingar bak seg. Og ikkje minst må ein nemne at Håkon Høgemo er vinnar av årets spelemannspris i klassen for folkemusikk. Altså er det ikkje tvil om at Marylands står for kvalitet.

Festivalar.
I sommar blir Marylands å finne på fleire av dei store festivalane i Norge. I starten av juli kjem dei til Førde for å spele på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, og i starten av august spelar dei opp på Telemarksfestivalen i Bø.

Utradisjonell samansetting.
Marylands har ein nokså spesiell sound. 11 hardingfeler, eit trøorgel og ein gitar vil garantert gje deg ei danse-/ musikalsk oppleving du seint vil gløyme. Alt i frå dei små enkle slåttane til dei store og meir virtuose blir framført med ein særeigen groove og trøkk du ikkje finn maken til!

Runddansslåttar.
At 11 hardingfelespelemenn av ypperste klassse utelukkande har fokusert på runddansslåttar, er ikkje kvardagskost. Fokus blant hardingfelespelemenn har den siste tida vore på bygdedansslåttar, ikkje på runddansslåttar. Det er all grunn til å rope hurra for at denne gjengen no fører dette litt anonyme repertoaret fram att i lyset, slik at det kan glede andre.

Marylands- kva namn er det?
Namnet Marylands er det mange som har stussa på. Eit problem som mange sikkert har møtt på, er nettopp å finne eit godt namnt på prosjetet dei er i gang med. Om Marylands har lukkast i å finne eit godt namn, skal vere usagt. Historia er følgjande: Det har blitt ein tradisjon at Marylands drikk kaffi og et Maryland Cookies på kvar spelekveld. På eit tidleg tidspunkt hadde ikkje gruppa fått noko namn, og ein spelejobb som kom frå det blå krevde fortgang i sakene. Ingen var då i stand til å kome opp med noko betre enn "Marylands", og sidan har gruppa blitt heitande det!

For meir info kan de ta kontakt med:

Synnøve S. Bjørset
Synnoevebjoerset@hotmail.com
908 52 334