Slåtte-namn

Fille-Værn
er ein kjent gangar i Setesdal. Han har namnet etter spelemannen Værn Auverson (f. 1789). Han budde i Fyresdal frå 1820 til 1831. Han vart gift med Kari Gjermundsdotter og dei hadde 7 born. I 1831 flytta han med kone og 4 born til Stavanger. For å livberge seg handla han med filler og vart difor kalla Fille-Værn. Truleg var han frå Bø i Telemark, for der var namnet Værn kjent. Truleg var det Tallak Haslebakken (f 1781) - morbror til den kjente spelemannen Torkjell Aslaksson Austad (f 1802) - som tok med seg slåtten til Setesdal. Tallak var i Fyresdal då Værn budde der, og spela saman med Tallak. (Eivind Ose, Spelemannsbladet 2/65)
 
Sevlien
Hallingen "Sevlien" er frå Numedal, men er godt kjent utanfor dalen. Om slåtten skriv Rolf Myklebust: "Slåtten har ein overmodig, sjølvbyrg musikk som har i seg djervskap, kåtleik og framfus sigersvilje. Den spelemannen som skal spele hallingen på rett vis, må vere litt av ein trollmann med fela; han må nærme seg ekstasen, men likevel ha spelet under kontroll." Slåtten har namn etter meisterdansaren Ola Sevle (1806-1834) frå Nore, til vanleg kalla Sevlien. Det skulle vere to klunkar (klimpring på lausstrengene) i kvar omgang av slåtten, og for kvar klunk gjorde dansaren eit hallingkast. I 1932, då Sevle var 26 år, drap han og røva sølv-Tollef. Det har vore sagt at han nynna på slåtten då han vart ført til rettarstaden, men det er truleg ikkje sant.
 
Fossegrimen eller Sivlefossen
Dette er ein slått av Sjur Helgeland. Om korleis slåtten vart til, fortel Olav Fletre slik (Spelemannsbladet 5/1982), fortalt av Helgeland sjølv: "Me var samla mange spelemenn på Lærdalsøyri og det vart mykje speling i fleire dagar. Mykje vaking vart det og, so eg heldt på heilt å misse svevnen. Då forsto eg at dette bar gale i veg, og so tok eg det eg hadde, reiste på bryggja og tok fyrste båten til Gudvangen. Derifrå gjekk eg. Dette var ein fin vårdag med sol og alt det yrande liv som fylgjer med slike dagar. Då eg var komen midt opp i Stalheimskleivi, kjende eg at no fekk eg sova. Eg gjekk då ut frå vegen inn i den fine bjørkeskogen og der innved Sivlefossen la eg meg ned og sov både lenge og vel. Når eg vakna att og fekk fram fela, so hadde eg slåtten." Helgeland kalla slåtten Fossegrimen. Då Per Sivle døydde døypte Helgeland om slåtten til "Sivlefossen" for å gjere ære på den miskjende og ulykkelege tremenningen sin. I eit radioprogram i 1982 spela Torkjell Haugerud slåtten. Magne Myhren fortalde då at ved hundreårsskiftet var Haugerud hjå Mosafinn og lærde slåttar, og at Haugerud seinare sa at dette var dei gildaste spelemannsdagar han hadde havt.
 
Store-Vetle-Per
Dette er ein av dei mest kjende vestlandsslåttane (springar). Han har namnet sitt etter spelemannen Peder Pedersen Undredal (1802-??) frå Undredal i Sogn. Han vart kalla Store-Vetle-Per. Far hans var skattefut Peder Halsteinsen Undredal og mora dotter til postbonde Svein Jensen. Slåtten er utsett for orkester av kapellmeister Johan Ludvik Movinkel jr. i ein suite med hardingfeleslåttar. Sigbjørn Bernhoft Osa spela denne som solist mange gonger. Han spela også slåtten Store-Vetle-Per på plate.
(Rolf Myklebust:50 år med folkemusikk)
  
Storreguten
Dette er ein kjent vestlandsslått (springar) og ein sers god danseslått. Han har namnet sitt etter den dugande spelemannen Tomas Andreasen Tangen (1825-1909) frå Årdalstangen. Han budde på plassen Storrehaugen, og mannen vart difor kalla Storren eller Storreguten. Slåtte namnet vert ofte forvanska til "Storøyguten", skriv Rolf Myklebust. Storren rodde posten mellom Årdalstangen og Lærdal, var snikkar og gråsteinsmurar.
(Rolf Myklebust:50 år med folkemusikk)
 
Marta Onstad
Dette er ein svært kjend vestlandsslått (springar), og har namn etter ei jente med det namnet frå Aurland. Ho var svært flink å danse.
  
Hildalen
Har namn etter spelemannen Ola Hildal (1755-1826) frå Odda i Hardanger. Dette er ein av dei store og velkjende hallingane både på Vestlandet og i Telemark. Myllarguten spela slåtten.

Siklebekken
Ein av dei best kjende slåttane etter Myllarguten. Han skal ha drøymt denne slåtten ved Vafoss i Haukelid. Slåtten blir også brukt på Vestlandet. Haldor Meland lærde han av Torkjell haugerud og Flatland.
 
Valdreskvelven
I Ådalsboka 2007 står følgjande historie:
"I 1771 skulle det feires et bryllup på gården Hengslet ved Nes i Ådal på Ringerike. under bryllupet dukket brudas gamlekjæreste, spellemannen Garthusgutten, opp. Garthus'n, kanskje både full og sjalu, stilte seg med en fot på hver ripe i båten der bruda satt, da brudefolk og gjester skulle ros til Viker kirke. Derfra fremførte han en slått, mens han krenget båten fra side til side. Tradisjonen forteller at han dro bruda med seg i dypet da båtvelten var et faktum. Kanskje håpet han at kjæresterivalen skulle drukne, og at han selv skulle få sin Kari. Garthusgutten selv og åtte andre druknet, mens det omtalte brudeparet har stor etterslekt etter seg i Ådal. Springdansen, som skal ha vært sentral under hendelsen, har blitt oppkalt etter tragedien og kalles "Valdreskvelven". I folkeminnet heter det at fela til Garthus'n fløt i land og senere spilte en sørgmodig melodi, "Hengslelåtten", da den ble tatt opp.