Om spelemenn og slåttar

I  boka "Femti år med folkemusikk" av Rolf Myklebust fortel han om Torkjell Haugeruds kjente lydarslåttar.

Henrik Gjellesvik (-) og Torkjell Haugerud ( -1954) var vener, og kvar sommar dei siste åra Haugerud levde, var Gjellesvik fast gjest heime hjå han i Seljord. Vi kan takke Gjellesvik for at nokre av Haugerud sine finaste komposisjonar er sette på notar og komne ut på prent. Det er lydarslåttane "Tårånn i Troppene", "Glima" og "Ljose-Signe". Komposisjonane bygde Haugerud på det store diktet "Draum" av Sigurd Nes. Dikt og musikk skildrar brytningstida mellom heidendom og kristendom, mellom gammal og ny kultur. Tårånn, Glima og Ljose-Signe er tre gygrer i Seljordfjella. Tårånn står byrg på det gamle kulturgrunnlage, og vil ikkje vite av noko nytt. Glima slår seg til tols med den nye tid, men utan glede. Men Ljose-Signe tek imot det nye, samstundes som ho tek med seg ein lut av det gamle grunnlaget.
Den første lydarslåtten, "Tårånn i Troppene", høyrde Gjellesvik første gongen i 1931, og slåtten har vunne heidersplass i repertoaret til våre beste spelemenn. Med denne musikken har hardingfela fått innpass i fleire kyrkjer.
"Glima", den andre slåtten i rekkja, hadde Haugerud ferdig i 1953, året før han døydde. Henrik Gjellesvik lærde slåtten og skreiv han på notar. I minneprogrammet for Haugerud i radio 1954 æra Gjellesvik venen sin med å spele "Glima" for første gong offentleg.
"Ljose-Signe" fekk ikkje Torkjell Haugerud levedagar til å fullføre. Henrik Gjellesvik sette saman komposisjonen på grunnlag av det som Haugerud spelte av første bolken, etter ymse noteskissar Haugerud let etter seg, og endeleg etter det komponisten fortalde om planane for slåtten etter han kom på sjukehuset.
   
Eilev Smedal frå Flatdal
var ein svært flink spelemann alt frå han var ungdomen. Han var den yngste av mange brør som var dugande på fela, og som alle utvandra til Amerika. Først reiste Olav og Harald i 1890-åra, seinare Gregor, Gunleik og Aslak. Eillev studerte til lege i Kristiania og i åra 1914 til 1920 spela han inn ei rekkje grammofonplater. Ein gong sat han og ein kjenning pengelaus på ein restaurant i Oslo. Men Eilev visste råd. Vent, sa Eilev, tok fela og gjekk opp i  plateselskapet, spela inn ei plate og kom att med pengar til restaurantrekninga (!).
  
Gottfred Hans Fabian von Eppingen (1830-1888)
Han var frå Sunndal og var fremste spelemannen på Nordmøre og den viktigaste tradisjonsberaren på 1800-talet. Denne soga står i "Todalen bygdebok":
  
"Våren 1868 var Gottrefed og Gråvinn (Ola Kvande) spelemenn i bryllaupet hans Steinar Husby, og fjorten dagar seinare møttest dei på nytt i bryllaupet hans Anders Todalshaug. Der prøva Gråvinn å gjera honom ei prette. Han hadde fått tak i brennevin og baud Gottfred ein dram. Gottfred var huga på brennevin og tok både ein og to drammar. Det bar innåt elva med dem, og Gråvinn narra Gottfred inn i eit kvennhus. Så stengde han døra og sette på vatnet på kvenna. Sjølv gjekk han tilbake til bryllaupsgarden og sette seg til å spela. Snart vart det spørsmål etter Gottfred. Dei spurde Gråvinn, men han hadde ikkje sett noko til sønndalingen. Men nokre gutungar hadde sett to-karane, og dei kunne fortelje at kvenna gjekk så det dura. Folk strauk aust til elva og sleppte Gottfred ut, og da han kom ut tu kvennhuset, var han så kvit som ein melder-mann. Dei tok han med seg til gards, og da dei kom inn i dansarstua, hauka Gråvinn: "Nei, sjå der kjem Myllarguten!" Gottred fann fram fela si, og da spela han slik at spelet hans Ola Gråven kom heilt bort. Han såg seg nøydd til å slutte, men da var han så galen at han spenna til fela hans Gottfred så ho dreiv tu handom hans og bort på dansargolvet, og der vart ho sundtrappa.
Gråvinn strauk sin veg og meinte han skulle gjera bryllupsfolket opprådde. Men det var bot attmed holet den gongen: Oppi bygda var det ei fele dei kalla Håkkå-fela, og ho var uvanleg god. Den fela vart henta, og Gottfred spela bryllaupet til endes."

 
 
 
 
 
 
 
 
 
Eivind Groven ()   meir her
Sjur Helgeland og slåtten Sivlefossen eller Fossegrimen
I Spelemannsbladet (5/1982) fortel Olav Fletre om Sjur Helgeland og slåtten "Fossegrimen" eller "Sivlefossen". Vi saksar litt frå stykket hans:

"Det er Sjur Helgeland som har laga "Fossegrimen", og det er han som gav slåtten namnet "Fossegrimen", og slåtten hadde dette namnet heilt til Per Sivle døydde. Då var det Sjur Helgeland sjølv som bytte namnet om til "Sivlefossen" for å gjera æra på den so mykje miskjende og ulukkelege trimenningen sin, Per Sivle."
"Det er vel kjent at når Helgeland hadde laga noko nytt av slåttar eller tonestykkje, so var det Ola Mosafinn han fyrst gjekk til og spela det for, og godkjende han det, so var Helgelandtrygg på at det var gode ting han hadde laga. Det er fortalt dette om Helgeland og Mosafinn. Då Helgeland var på veg ned og vilde høra kva Mosafinn tykte om "Sivlefossen", so møtte han Mosafinn på Lilandbrui, og Mosafinn var då på veg oppover og vilde til Vangen. Der vart sjølvsagt speling med ein gong, og då Mosafinn hadde fenge høyrt slåtten treiv han hatten av seg og smelte han i bakken, då det var hans vis å gjera det  når det var noko framifrå han fekk høyra. Korleis det bar til då Sjur Helgeland laga "Sivlefossen" høyrde eg av hans eigen munn, og eg skal no gjeva det att her."
"Det var samla mange spelemenn på Lærdalsøyri og det vart mykje speling  i fleire dagar. Mykje vaking var det og, so eg heldt på å misse svevnen. Då forstod eg at dette bar gale i veg, og so tok eg det eg hadde, reiste på bryggja og tok fyrste båt til Gudvangen. Derifrå gjekk eg. Dette var ein fin vårdag med sol og alt det yrande liv som fylgjer med slike dagar. Då eg var komen mitt opp i Stalheimskleivi kjende eg at no fekk eg sova. Eg gjekk då ut frå vegen inn i den fine bjørkeskogen og der innved Sivlefossen la eg meg ned og sov både lenge og vel. Når eg då vakna att og fekk fram fela, so hadde eg slåtten".