Spelemannslag

Østerdølenes Spelemannslag
Laget vart stifta i 1975, og har i dag - 2000 - ca 25 aktive, mest fele, men og trekkspel og kontrabass. Spelar mest tradisjonsmusikk frå Østerdalen. Musikals leiar er Marit Larsen frå Hamar. Laget har vore med på ei rad kappleikar og stemner, og har sigra i lagspel på Landskappleiken 4 gonger. Har også hatt mange offentlege oppdrag, både i Noreg og i utlandet. Har vore med i radio og TV og ga i 1992 ut ein CD som vart nominert til Spelemannsprisen.
 
Bærum Spellemannslag
Laget vart stifta i 1993, i hovudsak av innflyttarar frå Vestlandet. Seinare har det kome til mange unge frå Asker og Bærum. I dag (2000) er det ca 20 som spelar hardingfele, sume under opplæring. Dessutan trekkspel og bass.  Laget har spela på mange leikfestar, kulturtilskipingar etc i Oslo-området. Sume av dei yngre spelar også for dansarar ved Norsk Folkemuseum.