|
Nytt
om folkemusikk, folkedans og bunad
|
|
Fleire
(eldre) nyheter: Trykk her!
(Vi flytter eldre ting dit, så startsida ikkje
blir for stor.) |
Martin Myhr får Rff-prisen for 2011
Dansaren
Martin Myhr (1960) frå Trysil får Rff-prisen for sitt
allsidige arbeid for folkedansen, som dansar, formidlar og
inspirator. Han har vunne landskappleiken 7 gonger. Sidan
1991 har han arbeidd som frilans dansar, med halling som
spesiale. Sidan 1980 har han gjennomført meir enn 2000
skulekonsertar, og vore med i over 20 teateroppsettingar.
Han er kanskje mest kjent frå dansekompaniet Frikar og frå
familieforestillinga Putti Plutti Pott. Han har gjert ei
svært stor innsats som instruktør på alle plan. Han bur no
i Torpo og er gift med Gunnlaug Lien Myhr.Prisen skal
delast ut 3. november. (Bilete: Lillian Grimsgård)
(12/09-11) |
U tgreiing
om norsk folkedans blir leia av Johan Einar Bjerkem
Rådet for folkemusikk og folkedan, NU og Folkorg har sett
igang ei utgreiing om norsk folkedans, og har tilsett
Johan Einar Bjerkem til å lage utgreiinga. Til å hjelpe
Bjerkem med utgreiinga har dei nedsett ei ressursgruppe:
Gro Marie Svida (leiar) (Rådet), Egil Bakka (Rff-sentret),
Synnøve Jørgensen (NU), Marianne Dahl (NU), Sigurd Johan
Heide (FolkOrg), Frode Rolandsgard (FolkOrg). Bjerkem har
brei røynsle som folkedansar, pedagog, organisator og
utgreiar, og er tidlegare leiar i NU. Han er no dagleg
leiar for Hilmarfestivalen.
Meir her.
(03/05-11) |
Jubileumsbok: Symra 50 år
Folkedanslaget
Symra i Oslo har i fleire 10-år vore ein av våre mest
aktive leikarringar. I 2010 feira laget 50-års jubileum,
og no ligg jubileumsboka deira også føre. Det er ei stor
flott bok på over 300 sider, A4-format og over 830 bilete,
dei flleste i fargar. Boka gjev ei grundig dokumentasjon
av korleis laget har utvikla seg, og fortel også meir
generelt om folkedansen i Noreg, slikt som NU-stemne,
BLS-stemne, Nordleik og Isleik. Det er Vebjørn bakken som
er redaktør og han har også gjort det meste av
skrivearbeidet og tilrettelegginga for trykking. Boka er
trykt i Latvia. I tilleg til boka gjev dei også ut ein DVD
med ei mengd bilete frå livet i laget. Boka kostar kr 300
og DVD-en kr 100. Boka kan bestillast hjå Symra:
vebbak@online.no
(03/05-11) |
Spellemannsprisen for folkemusikk til
Unni Boksasp
Spelemannsprisen er nyleg utdelt og i klassen for
folkemusikk/gamaldans gjekk prisen til Unni Boksasp
Ensemble med plata Keramello. Dei vann ogs Folkelarms
platepris for same CDen. Dei tre andre nominerte var
Gjermund Larsen trio med "Aurum", Ingvill Marit Buen og
Per Anders Buen med "Salme, segn og solbøn", Sondre
Bratland/Annbjørg Lien med "Alle vegne". Unni Boksasp er
frå Nordmøre, men bur no i Tinn. I tillegg til Unni er
desse med i ensemblet: Jorun Marie Kvernberg, Trygve
Bøksle, Olav Mjelva, Magne vestrum og Petter Berndale.
(08/03-11) |
God jul og godt nytt år!
Vi ynskjer alle lesarar og informantar ei god jul og
eit godt nytt år!
Helsing
Vebjørn Bakken
Karin Brennesvik får Buskerud
fylkeskommunes kulturpris
Prisen
vert delt ut i Drammen teater 8. februar 2011. Karin
Brennesvik (67) er frå Bærum/Oslo men har budd i Jondalen
det meste av livet. Ho har gjennom mange 10-år vore ein av
våre fremste folkedansarar, spesielt innan tradisjonane
frå Telemark, Buskerud og Valdres. Ho har gjennom heile
livet drive eit omfattande opplæringsarbeid, både i vårt
land og utanlands, særleg i USA, og er velkjent som
dansepedagog. Ho har delteke på ei lang rekkje kappleikar,
og alltid med svært gode resultat. Ho er æresmedlem i
FolkORG. Ho fekk si opplæring i bygdedans tidleg på
60-talet av solide tradisjonsbærarar som Gullik Kirkevoll,
Kjetil Løndal og Ola Guroplass. Før ho vart 20 år vart ho
danseinstruktør i NU. I 1972 starta ho Småjondølene, og
har i dette laget lagt ned eit stort arbeid, som har bore
rike frukter.
(15/12-10) |
Knut og Jørgen Trøen æresmedlemer i
Vestre Slidre folkemusikk og danselag
Brørne Knut og Jørgen Trøen vart under ein konsert i
spelemannslaget utnemnt til æresmedlemer. Knut har gjort
ein stor innsats som spelemann og Jørgen mest som dansar.
(10/12-10) |
Frikar får 700 000 av Kulturrådet
Norsk Kulturråd har
delt ut pengar til ulike prosjekt som frie grupper har
søkt om innan dans og teater. Mellom anna har dansegruppa
Frikar fått 700 000 kr til eit prosjekt der dei skal
utforske fysiske kommunikasjonsmetoder i møte med
kinesiske Wushu-dansarar.
(13/12-10)
NU lyser ut 2 prosjektstillingar
NU melder at dei vil lyse ut to prosjektstillingar til
våren. Den eine gjeld Nordic Dance 2012 og den andre
Kulturskoleprosjektet i Skogn.
(10/12-10)
Ein halv million kroner ekstra til Folkedansen i NU
I eit forlik mellom regjeringspartia og KRF har
Stortinget løyvt ein halv million ekstra til folkedansen.
Dette vil NU bruke mellom anna til å utdanne fleire
instruktørar og gjennomføre nasjonale prosjekt.
(10/12-10)
Arne M. Sølvberg har fått Kongens fortenstmedalje i sølv
For nokre dagar sidan fylte spelemannen og dansaren
Arne M. Sølvberg 60 år, og på ein konsert i regi av
spelemannslaget hans Fjelljom vart han tildelt kongens
fortenstmedalje i sølv. I tilegg til å vere spelemann og
dansar, har Arne også gjort ein stor innsats som
administrator på mange plan, både i Ladslaget for
Spelemenn og i Rådet for Folkemusikk og folkedans, og
ikkje minst i Fjelljom der han har vore musikalsk leiar
sidan 1979. Arne har vore med på eit utal kappleikar, både
på fele og hardingfele, og fått gode plasseringar. Han har
halde ei rad konsertar i inn- og utland, har gjeve ut
fleire plater, og vore domar på ei lang rad kappleikar.
Han er også kjent som den som komponerte Kongeslåtten som
vart spela utafor slåttet i høve kongens 80 års dag. Ein
svært velfortent heider!
Les meir her.
(08/12-10)
Nytt om "Bygda dansar" - prosjektet
Bygda dansar er det store danseprosjektet som tar sikt
på å rekruttere ungdom til å bli dugande dansarar og
sceniske utøvarar. Rff står bak og dei får bra støtte frå
staten. Prosjektet tar for seg eit nytt fylke annakvart
år. Det siste fylke som nyleg er kome i gang er
Nord-Trøndelag. Dei som har vore med så langt før er :
Fjordapuls, Sogn og Fjordane (Pilotprosjekt
haust 2001 til vår 2004), Snu nordvest, Møre og Romsdal
(haust 2004 til vår 2007), Lea de, Oppland (høst 2007 til
vår 2010), Danseru’ Buskerud (haust 2009 til vår 2012),
Trø te, Nord-Trøndelag (haust 2010 til vår 2013). I
ei pressemelding fortel Sigurd Johan Heide at i Buskerud
er Gro Marie Svidal frå Jølster tilsett som ny lokal
prosjektleiar etter Marte Frihetsli, ved sida av Martin
Myhr.
(25/11-10)
Folkemusikkorganisasjonen har fått namnet FolkOrg
I ei pressemelding fortel dei at det første årdinære
årsmøtet i Bergen har vedteke at organisasjonen skal ha
namnet FolkOrg. Alle som sat i det gamle styret vart
attvalde, dvs at Maria Høgetveit Berg held fram som leiar
i organisasjonen.
Det var heile 100 utsendingar på årsmøtet og stor
interesse og engasjement. Neste årsmøte i organisasjonen
blir allereide i april.
(25/11-10)
Hilmar-prisen til Kirsten Bråten Berg
Hilmar Alexandersens minnepris går i 2010 til
folkesongaren Kirsten Bråten Berg. For første gong har ein
songar fått prisen på kr 10000 og diplom. Berg har gjeve
ut ei lang rekkje plater, både solo og saman med andre.
Nyleg ga ho ut CDen Songen med songar som blir brukt i
leikarringane i songdansen. Berg har også halde ei lang
rekkje konsertar, som oftast saman med andre, til dømes
Arild Andersen. Berg har tidlegare blitt ridder av 1.
klasse av St Olavs Orden.
(4/11-10) |
Rff-prisen 2010 til Leif Rygg
Rff-prisen for 2010 vil bli tildelt spelemannen Leif Rygg
frå Voss. Leif Rygg har i ei lang rekkje år vore mellom
våre fremste spelemenn. Han har vunne Lands-kappleiken i
spel på hardingfele 5 gonger - 1977,1980, 1994, 1996 og
1999. Han har gjeve ut fleire plater. Han starta
musikkforlaget "Spelarhaugen Folkemusikk" og har vore med
i fleire folkemusikkgrupper. Han har vore med i styret i
Ole Bull Akademiet i mange år, og har hatt mange
tillitsverv både i Voss, på fylkesnivå og i Landslaget for
Spelemenn. Prisen vert delt ut på Riksscenen 4. november.
(09/10-10) |
Helge Skansen ny dagleg leiar for
Riksscenen
Frå 15. september overtok Helge Skansen som ny dagleg
leiar for Riksscenen i Schoukvartalet i Oslo. Han overtok
etter Jan Lothe Eriksen. Det er fem andre tilsette ved
Riksscenen. Sjå her:
http://www.riksscenen.no
(09/10-2010) |
Nytt
dansehefte med mange nye songdansar
I august 2010 kom eit nytt dansehefte med 24 nye
songdansar og 2 musikkdansar. Dansane har vore laga og
utprøvd over mange år i Symra og Oslo Songdanslag. Det er
Vebjørn Bakken som gjev ut heftet i samarbeid med kona
Inger Frøydis, Marianne Dahl og Anders Saxhaug, Symra og
Oslo Songdanslag. Vebjørn har også laga dei fleste
dansemåtane. Kunstnaren Harald Aadnevik har
illustrert heftet med over 20 flotte fargeteikningar. Her
finn vi mange viser som til dømes Menuett i mai, Mellom
bakkar og berg, Jentelokken. Heftet kostar kr 150, og kan
bestillast hjå Vebjørn:
vebbak@online.no eller 90194897. Det blir også utgitt
ein DVD med video av dansane.
(01/09-2010) |
Isleik 2010 var eit flott oppleving
Folkedansstemnet Isleik 2010 vart ei rik oppleving for
alle som var med frå 6 til 17. juli 2010. Det var totalt
ca 370 deltakarar på stemnet som folkedanslaget i Reykjavik
står som arrangør for. Det var 145 frå Noreg, men også
gode flokkar frå Færøyande og Grønland i tilleg til frå
Danmark, Finland og Sverike. På dagtid var det mange
dagsturar til ulike spennande stader, til dømes
Vestmannaeyar. Om kveldane var det nordisk folkedans. Det
vesle laget i Reykjavik la ned eit svært stort arbeid både
med førebuing og gjennomføring av stemnet. Difor er det
svært fortent at alt lukkast så vel.
Her kan du
finne ei lang biletreportasje frå stemnet.
(20/07-10) |
Linda Dyrnes ny dagleg leiar i
Folkemusikkorganisasjonen FolkOrg
Dyrnes (41) skal byrje i jobben 1. august. Ho er no leiar
for kultur i Eidsberg kommune, og er utdanna m edievitar
frå Universitetet i Bergen. Ho har jobba i Eidsberg sidan
2001. Ho kjem opprinneleg frå Kristiansund, men har dei
siste 14 åra vore busett i Mysen. Dyrnes har ikkje vore
aktiv innan folkemusikk og folkedans, men er i full gang
med å lytte til folkemusikk og les gamle Spelemannsblad.
Ho skal pendle frå Mysen til kontoret i Oslo.
Foto: Eivind Kaasin
(19/04-10) |
Nytt kappleiksreglement
Folkemusikk og folkedansorganisasjonen har utarbeidd eit
nytt reglement som skal gjelde for tevlingar i
organisasjonen. reglementet blir likt både for
Landskappleiken og for Landsfestivalen i gamaldansmusikk.
Mellom dei nye tinga finn vi at alle deltakarane må vere
medlemer av organisasjonen. Ingen kan stille som er synleg
berusa. Alle betaler same startavgift enten dei er i lag,
i gruppe eller solo. Juniorar kan få lov å stille i
seniorklassen.
Du kan lese heile reglementet her.
(30/03-10) |
Programmet til Førdefestivalen er no
klart
I årets program vil dei sette fokus på menneskerettane.
Det er ei lang rekkje kjente og ukjente namn frå utlandet
og mange kjente norske gruppe, lag og solistar som er med.
Det blir også to urpremierer.
Les heile programmet her.
(30/03-10) |
Stor feleinteresse i Ålesund -
rekordsatsing på dei unge!
Ungdomslaget Ivar
Åsen i Ålesund satsar på dei unge og felespel. Dei har
kjøpt inn heile 21 feler og hardingfeler og 20 munnharper
og har kurs kvar tysdag framover til påske. Annakvar veke
er det hallingdans. Etter første kurset fekk dei 65
påmeldte. Dei satsar over 130 000 kr på prosjektet! Ny
rekord for eit lokallag på eit slikt tiltak?
(02/03-10) |
Spelemannsbladet: Nytt namn men same
innhald og redaktør
Spelemannsbladet heiter no Folkemusikk, og byggjer på det
gamle spelemannsbladet og Kvinten (medlemsbladet til
NFD). Knut Aastad Braaten held fram som redaktør. Han
lovar at innhaldet framleis skal dekke alle sider av
folkemusikk og folkedans. Han hevdar også at omgrepet
folkemusikk ikkje berre dekkjer musikk men også dansen.
Vel, det kan nok diskuterast. Han skriv i leiaren i 5/2010
at bladet også vil presentere, meir enn før,
folkekulturelle uttrykk med rot i andre land og i våre
eigen minoritetskulturar. Elles har bladet fått delvis ny
layout, med mange store bilete slik vi er blitt vant med
frå mange andre magasin. Elles finn vi som vanleg mange
interessante reportasjar og debattinnlegg. Til dømes
"Tankar rundt tradisjon" av Knut Hamre og "Folkemusikken
og scenen" av Mats Johansson, eit langt portrett av
komponisten Lasse Thoresen og ei reportasje om "Bygda
dansar"-prosjektet.
(02/03-10) |
Heidi Elise Kvale ny styreleiar for
Telemarkfestivalen
Hilde Pedersen har slutta etter tre år som styreleiar. Ho
er 30 år og dagleg leiar for Kroa i Bø.Dagleg leiar
Annette Winkelmann går ut i fødselspermisjon 1. februar og
Ingebjørg Nordbø vil fungere som i staden hennar i 2010.
Telemarkfestivalen gjekk i 2009 med eit overskot på 65000
kr, og dei fekk også auka tilskot frå Norsk Kulturråd for
2010 frå 850 000 kr til 900 000 kr. Budsjettet deira er no
på 2,1 mill kr.
(16/02-10) |
Jan Lothe Eriksen ved Riksscenen sluttar
Eriksen har sagt opp stillinga som dagleg leiar for
Riksscenen for folkemusikk og dans. Han har vore leiar der
frå 2007. Han seier til Ballade at han er sliten etter for
mange motbakkar og få unnabakkar. Han er kritisk til at
departementet ikkje følgjer opp dei lovnadane som
Stortinget har gjeve. I år fekk Riksscenen 18 mill kr
medan dei søkte om 25,9 mill. Dette gjer at aktiviteten
blir langt lavare enn ein hadde trudd. Opninga av
Riksscenen blir også utsett frå i vår til hausten.Lothe
Eriksen gjorde ein viktig jobb for Norsk folkemusikk og
danselag før han vart dagleg leiar for Riksscenen.
Les meir om dette her.
(06/02-10) |
Dagleg leiar i LfS Magnar Sundt
(1955-2010) er død
Den mangeårige leiaren i Landslaget for Spelemenn, no
dagleg leiar i den nye folkemusikk og
folkedansorganisasjonen, døydde brått og uventa i heimen
sin i Feragen 27. januar 2010. Magnar Sundt var spelemann
og dansar, mellom anna i Østerdølenes spelemannslag. Med
unntak av 4 år i Krødsherad, var han dagleg leiar i
Landslaget for Spelemenn heilt frå 1984, og var i full
aktivitet til han døydde. I hans tid vaks sekretariatet i
LfS frå 1 stilling til i dag 9 stillingar i den nye
organisasjonen. Magnar Sundt la ned eit stort og
samvitsfullt arbeid i LfS. Han var ein stillfarande men
effektiv og høgt respektert leiar.
Les minneord om han her.
(06/02-10) |
Sterkt norsk innslag på festivalen
Celtic Connections
Det var heile 6 norske grupper med på denne viktige
festivalen i Glasgow: Valkyrien Allstars, Gjermund Larsen
trio, Synnøve S. Bjørset, Skaidi, Unni Boksasp ensemble,
og Majorstuen. Det var liveopptak på BBC Radio 3,
seminar, plateslepp, mottaking og jam-sessions på festivalklubben.
Les meir her.
(06/02-10) |
Susanne Lundeng solo på Riksscenen i
Oslo
Susanne Lundeng er neste ut på den nye scena, etter at
Buen og Bjørgum opna scena. Ho er sjeldan å høyre solo, så
det blir ei fin anledning for dei som er i Oslo 28.
januar. Konserten startar kl 20.30.
Les meir her.
(28/01-10) |
Nominasjonar til Spelemannsprisen 2009
Nominasjonane er klare.
I folkemusikk/gamaldans er desse nominert:
Daniel Sanden-Warg/Sigurd Brokke –Rammeslag
2 (Etnisk Musikklubb)
Olav Luksengård Mjelva –
Fele/Hardingfele, Røros/Hallingdal (Etnisk Musikklubb)
Synnøve S. Bjørset –
Slåttar (ta:lik)
I klassen barneplater:
Gjermund Larsen og Bom Basker –
Går I Fjøs (Øra Fonogram)
I klassen viser:
Aasmund Nordstoga – Ein Visefugg (Warner Music Norway)
Helene Bøksle – Morild (Polydor/Universal Music)
Utdelinga skjer laurdag 6. mars i Oslo spektrum.
(28/01-10) |
Hardingfelesenter både i Bø og
Hardanger?
I Bø har dei nå etablert ein
organisasjon for eit hardingfelesenter, men i
Hardanger har dei også planar om dette. Kan det bli tale
om eit smarbeid?
Sjå Bitustøyl sin artikkel.
(28/01-10) |
Stilling som folkemusikkrådgjevar
I Den nye folkemusikkorganisasjonen er det lyst ledig ei
stilling som Rådgjevar i folkemusikkformidling.
Rådgjevaren skal særleg arbeide mot utlandet, og dei store
prosjekta.
Sjå utlysinga her.
(28/01-10) |
Fin konsert opna Folkemusikkscena
Torsdag
21. januar var det opningskonsert i den minste salen på
den nye Folkemusikkscena i Oslo i Schau-kvartalet. Det var
ingen ringare enn Knut Buen og Hallvard T. Bjørgum som
heldt opningskonserten og det var stappfullt med folk. På
biletet ser vi dei to i aksjon. Det var ein intim og
uformell konsert som var krydra av morosame historier og
dikt. Salen hadde fin akustikk, og det er sonen til Knut
Buen som har vore med som konsulent. Det er
Folkemusikkscena og OsloFOLK som står bak konsertserien i
vår. Neste torsdag held det fram i same fine stil - då er
det Susanne Lundeng som står på scena.
(22/01-09) |
Folkemusikk og folkedans-side for på
engelsk
Sida www.folkmusic.no
er under utvikling for å gje informasjon om norsk
folkemusikk og norske folkemusikarar på engelsk. Sida
vil legge stor vekt på informasjon om det som skjer innan
norsk folkemusikk i utlandet, men også gje informasjon om
norsk folkemusikk og dans meir generelt. Sida er retta mot
eit internasjonalt publikum. Det er ei vidareutvikling av
det som var Norsk folkemusikkformidling. Det er
folkemusikkonsulent Silje Førland Erdal som har
hovudansvaret for sida.
(11/01-10) |
Kirsten Bråten Berg fyller 60 år
K irsten
er frå Arendal men har det meste av livet budd i Setesdal
der ho arbeider som sylvsmed/gullsmed og kulturarbeidar.
Ho produserer mellom anna sølv til Åmli-bunaden. Ho er ein
av våre fremste folkemusikarar og har vore utøvande
folkesongar i 40 år. Kirsten har vunne ei rad kappleikar,
mellom dei fleire landskappleikar, har vore solist på
svært mange konsertar i inn og utland og på mange plater,
og har samarbeidd med mange av våre fremste musikarar
innan folkemusikk og jazz. Ho har også vore lærar og
føredøme for svært mange yngre kvedarar og vore lærar i
folkedans. Ho har motteke ei lang rekkje prisar og
utmerkingar. Vi siterer frå Aftenposten: "Hun har mottatt
en rekke priser, bl.a. A.Agder Fylkes Kulturpris,
Polarstjerneordenen og tre Spelemannspriser. Hun er
ttildelt Radka Toneff Minnepris, Gammeleng-prisen, og
Saga-prisen. Jubilanten er æresmedlem i Landslaget for
Spelemenn og Setesdal spelemannslag, har mottatt Valle
kommunes kulturpris, og RFF-prisen og er tildelt
kongepokalen i vokal Folkemusikk. Kirsten Bråten Berg ble
i 2005 utnevnt til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige
Norske St. Olavs Orden for sin innsats som kunstner og
kulturformidler, og har siden 2008 vært medlem av Agder
Vitenskapsakademi." Vi gratulerer!
(07/01-10) |
Godt nytt år!
Vi ynskjer alle lesarar godt nytt år 2010.
Helsing
Vebjørn Bakken
(03/01-10) |
Tilskot til festivalar og
musikk/danse-grupper
Tilskota frå Norsk Kulturråd til festivalar og
musikkgrupper ligg nå føre. Mest i festivalstøtte får
Telemarkfestivalen med 90 000, så Jørn Hilme stemnet med
80 000 og Folkemusikkveka i Ål med 70 000. Mellom gruppene
toppar Majorstuen med 300 000 kr, deretter Kvarts og
Tindra med 200 000 kr både i 2010 og i 2011, og Gjertruds
sigøynerorkester med 200 000 kr, og det same får Unni
Løvlis orkester. Deretter Flukt og Slagr med 150 000 kr
kvar.
Les heile lista her.
(21/12-09) |
Nytt namn på Spelemannsbladet?
I samband med opprettinga av den nye folkemusikk og
folkedansorganisasjonen er det aktuelt å gje
Spelemannsbladet nytt namn. Du kan vere med å avgjere
namnet på bladet. Fire namn er lansert: Folk, Folkemusikk,
Spelemannsbladet og Spelemann.
Her kan du gi di stemme.
(20/12-09) |
Gramo registrerer kven som vert mest
spela
I år er musikkbruken i radiokanalane P4, RadioNorge,
NRK-kanalene P1, P2, P3, distriktskontorene, Sami Radio,
Alltid Klassisk, Folkemusikk, Jazz og mP3 registrert. Nytt
dette året er registreringa av dei to musikkanalane NRK
Folkemusikk og Jazz. Knut Buen er den mest spelte
norske artisten når ein ser på speleminutt.
Les meir her.
(20/12-09) |
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen:
Dagleg leiar ledig
Stillinga som dagleg leiar i den nye Folkemusikk- og
folkedansorganisasjonen som vart skipa i november er lyst
ut. Dagleg leiar er ansvarleg ovanfor styret og vil ha det
administrative ansvaret for drifta av Folkemusikk- og
folkedansorganisasjonen. Arbeidet omfattar mellom anna
kulturpolitisk arbeid, oppfølging av planar og budsjett,
og ansvar for dei tilsette. Søknadsfristen er 20. januar
2010.
Les meir her.
(20/12-09) |
Kongens fortenstmedalje til Kåre og
Åslaug Herdlevær
Folkedansinstruktørane Kåre og Åslaug Herdlevær frå Os
ved Bergen har fått kongens fortenstmedalje i sølv for
sitt langvarige og gode arbeid for folkedansen. Dei er
framleis aktive instruktørar. Kåre var mellom anna med i
revisjonsnemnda for folkedansbøkene til Klara Semb. Vi
gratulerer!
(08/12-09) |
Austnorsk folkemusikksenter har starta
arbeidet
Austnorsk folkemusikksenter skal arbeide med
kompetansehevingstiltak, særleg knytt til virkeområda
arrangement, kurs, festivalarbeid, produksjon og
produsentoppgåver. Det vart stifta 30. oktober 2009 og med
i styret er Ole Aastad Bråten, styreleiar, Randi Skeie,
nestleiar, Eirik Høyme Rogn, styremedlem, Frode
Rolandsgard, styremedlem og Camilla Granlien, styremedlem.
Varamedlemmer er Ellen Persvold, Erling Lae og Arne
Moslåtten. Bente Hemsing frå Aurdal er tilsett som dagleg
leiar. Kontorplassen er ved Valdres folkemuseum. Austnorsk
folkemusikksenter bygger på kompetansemiljøa ved Valdres
Natur- og Kulturpark, Jørn Hilme-stemnet, Valdres
Sommersymfoni og Vinjerock. Dei samarbeider med to andre
kompetansesenter på austlandet: Østnorsk jazzsenter i Oslo
og Delta Øst, eit pop- og rocksenter på Lillestrøm.
Les meir her.
(08/12-09) |
Styret i den nye
Folkemusikkorganisasjonen
Her kan du finne bilete og opplysningar om dei som kom
med i styret for den nye folkemusikk og
folkedansorganisasjonen.
(08/12-09) |
Den nye leiaren intervjua av
Hallingdølen
Maria Høgetveit Berg (68) er den nye leiaren i den nyskipa
folkemusikkorganisasjonen. Berg har nyleg slutta som
kultursjef i Ål, og har tidlegare vore aktivt med i begge
dei gamle organisasjonane Landslaget for spelemenn og
Norsk folkemusikk og danselag. Ho er nyleg intervjua av
Hallingdølen, og fortel der om kva som er viktig å få
gjort i tida som kjem. Berg fortel at det er 7,5 årsverk
med tilsette, og at det snart skal lysast ut stilling som
dagleg leiar i organisasjonen. Ho strekar under dei store
endringane som har skjedd på folkemusikkområdet i seinare
tid, med utdanning på høgt nivå, mange festivalar, mange
profesjonelle folkemusikarar. Men ho strekar også under
kor viktig det er med amatørane, og at dei og dei
profesjonelle kan arbeide i same organsisasjon.
Les heile intervjuet her.
(08/12-09) |
Kongens sølv til spelemannen Knut Trøen
Spelemannen Knut Trøen frå Valdres har fått tildelt
Kongens fortenstmedalje i sølv for sin store innsats som
spelemann. Tildelinga
skjedde på julefesten til Leikarringen Symra i Oslo den 5.
desember 2009. Den største innsatsen har Knut gjort som
spelemann for mange leikarringar og lag i Oslo gjennom
mange år. Med trioen sin har han sytt for god dansemusikk
på eit utal dansefestar og leikfestar. Han var tidleg ute
med å spele inn turdans og gamaldans på band og seinare på
CD, og det har vore til stor hjelp for leikarringar og
gamaldansklubbar i heile landet. Knut har også ofte spela
i radio og har spela inn ei lang rekkje slåttar for
Folkemusikkarkivet i Valdres. Knut har vore spelemann på
ei rekkje turar i utlandet. Han er A-klasse-spelemann, men
har ikkje vore nokon trottig kappleikspelemann. Han har
vore domar på kappleikar og ofte spela for
kappleikdansarar. Knut er æresmedlem i fleire lag, mellom
dei leikarringen Symra. For nokre år sidan fekk han Haldor
Røines ærespris. Knut er fødd i Slidre i 1932, men flytta
alt som 18-åring til Oslo der han har budd det meste av
livet. Han flytta attende til Valdres i 2008. På grunn av
sjukdom har det blitt mindre offentleg speling dei siste
åra. Vi gratulerer Knut Trøen med heideren!
(06/12-09) |
Ny folkemusikk og folkedansorganisasjon
er danna
Det er i helga starta ein ny organisasjon for folkemusikk
og folkedans i Noreg. Maria Høgetveit Berg er valt til
leiar i den nye organsisasjonen. Ho er tidlegare
kultursjef i Ål og tidlegare leiar i Noregs Mållag. Dei to
leiarane i Landslaget for Spelemenn og Norsk folkemusikk
og danselag er valt til
nestleiarar.-
Nils Øyvind Bergset og Åshild Vetrhus. Solbjørg Tveiten og
Sigurd Johan Eide er også valt inn i styret (for eit år).
Dessutan er Aslak O. Brimi og Tor Stallvik valt for 2 år.
Varafolk er torunn Raftevold Rue, Marte Frihetsli og Dag
Hovde Sture (alle for eit år). Foto: Frode Rolandsgard.
(22/11-09) |
Leikarringen
i BUL feira 90 år
Den eldste leiarringen i Oslo, og ein av dei eldste i
landet, feira 90 år. Det har dei gjort heile helga 20-22
november. Heile laurdag og deler av søndag var det ein
heil serie med ulike kurs både for vaksne og born. Alt frå
svenske polskor til Capoeira, frå danske slåttar til
Gæliske og skotske folkesongar, og mykje meir. Det har
også vore framsyningar, med Fant og fente og forestillinga
"Ril rundt Nordsjøen", med deltakarar frå Noreg, Danmark,
Sverike, Irland og Skottland. Om kvelden var det leikfest
med ca 130 deltakarar. På tradisjonelt vis var det
turdans, songdans, gamaldans og bygdedans. Dei fleste
stilte i sin finaste bunadstas. Som døme på det ser vi
Marianne og Toril, to av fentene i Fant og fente.
Her er eit
bilete frå polska. Og
her frå
"Ril rundt Norsjøen".
(22/11-09)
Flott barokkdans i Oslo på Riksarkivet
Riksarkivet
er vel ikkje den staden ein ventar å oppleve fin
barokkdans frå 1700-talet - fransk hoffdans. Men under
arkivdagane i november fekk vi sjå framifå dans og musikk.
Dansen var ved Elizabeth Svarstad, Kari Anne Bjerkestrand
og Torkel Bråthen, og musikken ved Vegard Lund på lutt og
Maren Elle på fiolin. Ikkje minst fine var kostymene som
var laga av Anne B. Solli. Det er ikkje ofte ein kan
oppleve så fin dansing her i landet, og aktørane fekk
velfortent bifall. Her kan du sjå fleire bilete frå
framsyninga:
Bilete1
Bilete2
(15/11-09) |
Martin Myhr får Hilmarprisen 2009
Folkedansaren
og hallingdansaren Martin Myhr frå Torpo/Trysil får årets
pris for sin store innsats for norsk folkedans. Myhr har
gjennom svært mange år vore mellom dei fremste
hallingdansarane i landet. Han har delteke på ei lang
rekkje kappleikar med beste resultat, og han er no medlem
av dansegruppa frikar. Han har vunne Landskappleiken i
halling heile 7 gonger. Han har vore svært mykje brukt i
ulike teateroppsettingar med folkemusikkinnslag, og vore
instruktør i mange samanhengar, både i reine hallingkurs
og i folkedansteater. Frå 1980 fram til i dag har han
gjennomført ca 2200 skulekonsert, ein del også i utlandet.
Frå 1987 har han gjennomført ca 1050 forestillingar med
Putti Plutti Pott. No er han tilsett i halv stilling som
lokal prosjektleiar for "Bygda dansar" i Buskerud. I
1995/96 hadde han som første folkedansar statens
arbeidsstipend, og frå 2008 har han statens garantiinntekt
for kunstnarar. Han har også fått stipendet
"Fylkeskunstnar i Buskerud". Han er 48 år og like
sprek som før. Prisen blir delt ut under Hilmarstemnet i
Steinkjer 23. november.
(23/10-09) |
Ny folkemusikk- og folkedansorganisasjon
i haust?
I ei sams pressemelding frå styret i landslaget for
Spelemenn og Norsk folkemusikk og folkedanslag serer dei
frå om at dei tilrår årsmøta i dei to laga å vedta at det
blir ein ny organisasjon. Dette skal avgjerast av Årsmøta
i dei to organisasjonane. Begge møta skal vere i Drammen
20-22 november. LfS har ordinært årsmøte, medan NFD kallar
inn til ekstraordinært årsmøte.
Styra sette
tidlegare i år
ned ein organisasjonskomite samansett av Nils Øyvind
Bergset – styreleiar i LfS, Åshild Vetrhus – styreleiar i
NFD, Solbjørg Tveiten – nestleiar i LfS og Arnfinn
Bjerkestrand – styremedlem i NFD. Denne gruppa presenterer
no vedtekter, budsjett, prinsipp- og arbeidsprogram for
den nye organisasjonen.
Dokumentet kan lesast her.
(19/10-09) |
Statsbudsjettet: Folkemusikk og dans ein
budsjettvinnar?
Kulturdepartementet hevdar at folkemusikkfeltet er mellom
dei prioriterte områda. Men dagleg leiar for Rikssecnen
Jan Lothe Eriksen er ikkje nøgd. Riksscenen har fått ein
auke på 13,4 millionar til 18 mill kroner, men det er
langt mindre enn dei 27 minn som vart søkt om
seier han til Ballade. Her er nokre tal frå
budsjettet:
Tilskotet til Riksscenen for nasjonal og internasjonal
folkemusikk, joik og folkedans aukar med 13,4 millionar
kroner til 18 millionar kroner.
Rådet for folkemusikk og folkedans får auka sitt tilskot
med 1 million til 10,3 millioner kroner.
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Ole Bull
Akademiet får i 2010 auka sine tilskot med 100 000 kroner
kvar til 4,1 millionar kroner og 3,2 millionar kroner. I
tillegg tilskotsauker under Norsk Kulturråd:
Kompetansesentra for rytmisk musikk: 2 mill. kr
Tilskotsordning for musikkfestivalar: 1 mill. kr
Tilskotsordning for musikkensemble: 4 mill. kr
Arrangørstøtte: 2 mill. kr
Musikarstøtte: 2 mill. kr
Innkjøpsordning for musikk: 2,5 mill. kr
Tilskotet til landsomfattande musikkorganisasjonar blir
auka med om lag 3 millionar til 26,8 millionar kroner.
(17/10-09) |
Gunnar Rødal fekk også Kongens
fortenstmedalje i sølv
I samband med at Gunnar rødal fylte 75 år 14. oktober fekk
han også kongens fortenstmedalje i sølv for sin innsats
for norsk folkedans. Han har vore tilsett som
reiseinstruktør i Noregs Ungdomslag i 35 år og både før og
etter det har han halde kurs i folkedans, og i munnharpe
og lur. Det blir i alt nær 50 år. Til saman har han
undervist meir enn 218000 elevar. Prisen vart utdelt på
bygdahuset i Malmefjorden.
Les meir her.
(17/10-09) |
Gunnar Rødal fyller 75 år
I
meldinga frå BUL Molde ser eg at Gunnar Rødal fyller 75 år
onsdag 14. oktober, og at det skal vere ope hus på Vonheim
i Malmefjorden frå kl 15 for dei som vil gratulere han med
dagen. Det er vel ingen som har lært så mange å danse
folkedans som han, og lært folk å bli glad i dansen. Og
han er framleis aktiv, til dømes på Folkekulturfestivalen
på Hamar sist sumar. Så det er sikkert mange som
gratulerer, redaktøren i denne spalta inkludert.
(12/10-09) |
Lien og Rasch med ny CD: Gode kritikkar
Annbjørg
Lien og Bjørn Ole Rasch si nye plate "Come home" kom i
førre veka og i Aftenposten i dag får plate terningkast 6
av Svein andersen. På denne CD'en som dei to ahr planlagt
i lang tid, er det mest sjølvkomponete låtar, men også
nokre tradisjonelle. Svein Andersen skriv til slutt: "Come
Home er nyskapende, med en melodiøs tilgjengelighet som
bør nå langt utover folkemusikk-miljøet".
(12/10-09) |
Folkekulturfestivalen skiftar namn til
Folkedansfestivalen
Det årlege sumarstemnet i Noregs Ungdomslag har i nesten
alle år heitt NU-stemnet. Dei siste åra har namnet vore
Folkekulturfestivalen. Frå 2010 skal namnet vere
Folkedansfestivalen. Han skal også delvis skifte innhald.
Nå skal det bli ein rein folkedansfestival. I 2010 skal
han vere i Bergen 1-4 juli. Det har alltid vore slik at
Årsmøtet i NU har vore samtidig med stemnet. Dette skal
også endrast. Landsmøtet som det nå skal heite, skal vere
på våren. I 2010 vert det 23-25 april.
(03/10-09) |
Debatt om Folkelarmprisane 2009
Arne Sigurd Haugen er i eit
innnlegg i Hallingdølen svært kritisk til årets
Folkelarmprisar, særleg er det klasseinndelingane han er
kritisk til, og kallar det for demokratisk teater. På
Folkemusikk.no kjem Kjell Bitustøyl
med eit langt tilsvar der han forsvarar juryen og
folkelarmprisane.
(03/10-09) |
Ny CD med Sjur Hesjevoll
Under Vestlandskappleiken denne helga var det plateslepp
med Sjur Hesjevoll: "Hardingfelespel frå Jostedal". Og ein
fin konsert der kjente namn som Erna og Svein Skjerdal,
Leif Rygg, Synnøve Bjørset, Helene Bolstad og Håkon
Høgemo. Les
meir her.
(03/10-09) |
Hardingfeler på nett:
www.hardingfeler.no
Hardingfeler på nett presenterer eit utvalg feler henta
frå hardingfeleprosjektet si samling av registrerte
instrument. Nettpresentasjonen skal vere eit supplement
til boka "Hardingfela - felemakerne og instrumentets
utvikling" skrevet av førsteamanuensis Bjørn Aksdal og
utgitt i 2009 (Tapir).Professor emeritus Jan Petter Blom
har det redaksjonelle ansvaret for internettprosjektet.
Den grafiske presentasjonen av bilder og anna informasjon
om instrumenta er utarbeidd av Ragnar Bøe. Aksdal og Blom
var begge med i prosjektgruppen som sto for
registreringsarbeidet under hardingfeleprosjektet saman
med felemakerane Sigvald Rørlien og Olav Vindal.
(26/09-09) |
"Fant og fente" med ny forestilling 10.
oktober i Oslo
Den
nyskapande spel- og dansegruppa "Fant og fente" har fått
pengar av Norsk Kulturråd til å utvikle ei ny
forestilling. Forestillinga heiter "Rand" og får premiære
i Teatersalen, BUL, Rosenkrantsgt. 8, laurdag 10. oktober
kl 19.00. Etterforestillinga blir det dans til fantane.
"Fant og fente" hara arbeidd med eit scenisk
folkedansuttrykk sidan 2002, og har hatt fleire
forestillingar i inn- og utland. Gruppa består av fire av
våre fremste unge folkemusikarar og 4 dugande dansane
jenter som varierer danseuttrykket på mange ulike måtar.
Men alt er bygt på folkemusikk og folkedans.
Trykk på biletet så blir det stort.
Foto: Fant og fente.
(24/9-09) |
Årets folkemusikar 2009: Kouame Gerard
Sereba
Under
Folkelarm i Oslo vart Kouame Gerard Sereba.
Sereba er fødd i Elfenbeinskysten i Vest-Afrika . Her var
han aktivt med i flere ulike kulturgrupper og reiste over
store deler av Afrika før han kom til Norge i 1984. Her
har han dreve med musikk / dans/ drama i ulike
sammenhengar. Fra 1987 var han tilsett som
musikkaktivitetsleiar ved det Internasjonale
barnekunstmuseet i Oslo i 4-5 år. Han turnerer nå over
heile landet med konsertar og musikk-workshop og spelar
saman med bror sin i gruppa ZILAKO. Sereba har gitt ut
fleire plater og har sidan 1991 vore med i
musikkprosjektet " Frå Senegal til Setesdal " med Kirsten
Bråten Berg, Bjørgulv Straume, og Solo Cissokho. I fjor
var Valkyrien Allstars årets folkemusikar for første gong,
og det var dei som stod for utnemninga i år. Biletet er
frå prisutdelinga på Folkelarm.
(20/09-09) |
Folkelarm 2009: Fint å samle alt i eit
hus!
Frå torsdag 17. til søndag 20. september har Folkelarm
vore det sentrale folkemusikkarrangementet i landet. Det
er ikkje slik at det har sett sitt prog på Oslo, men det
har innteke "Soria Moria" kulturhus fullstendig og også
hatt eit par tilskipingar andre stader. Mange fine
artistar og grupper har fått
vise
seg fram, og mange fine konsertar. Det var fornuftig å
samle "alt" på ein stad. Vi fekk mellom anna vere med på
konserten til Frigg, den finsk-norske gruppa med brørne
Larsen. Det var full trøkk, og dei vart svært godt
mottekne av publikum. På eit par av "låtane" var det også
eit "prosjekt-kor".
Laurdag var det utdeling av Folkelarmprisane. Carl Petter
Opsahl var programleiar, han var også med i juryen. Det
var endra ein del på klasseinndelingane. Eg vil tru at ein
del av vinnarane kom overraskande på mange. I klassen
"Solo" vann Daniel Sanden-Warg og Sigurd Brokke med
"Rammeslag II" (plateselskapet Etnisk). Dei andre
nominerte her var Åse Teigland ("Stille"/NorCD), Olav
Luksengård Mjelva "Fele/hardingfele", Etnisk) og Gro Marie
Svidal ("Hardingfele", Etnisk).
I klassen "Gruppe" fekk Eli Storbekken prisen
for "Maros" (Heilo). Dei andre nominerte her var Fotefar
og Håvaard Lund ("Fest", Kirkelig), Hått ("B-Burger,
Talik) og Glima ("Tårånn" NORCD). I klassen Dokkumentasjon
fekk Lasse Ovlla - Ole Larsen Gaino prisen for
"Ludiin muitalan" (DAT). Dei andre nominerte var Karl-Fant
med "Spelemannsarven" (Talik), Gudmund og Magne Manheim
med "Manheimspel (Talik) og Serien "Norsk Folkemusikk"
(Talik). I klassen Gammaldans/Tradisjonalist fekk
Aslak O. Brimi og Erlend Viken prisen med "Duo"
(Talik). Dei andre nominerte var Berit Opheim Versto/Karl
Seglem med "Draumkvedet" (NORCD), Marit Gaup Eira og
Risten Sara Gaup med "Ipmelachi halddus" (DAT) og Rannveig
Djønne "Spelferd heim" (Djønno). I "Crossover" fekk
Becaye Aw med "Sibi" (Etnisk) prisen. Andre nominerte
var Tassili med "Latebkish" (Talik), Elisabeth Vatn "Piper
on the roof" (Heilo), Terje Isungset "Hibernation" (All
Ice) og Svein Westad/Durga Khatiwada "Meeting in the
Mountain" (Etnisk). Årests produsent var ny for året og
der var det ikkje nominasjonar. Det var Johan Sara Jr. som
fekk prisen. Truleg var dei vonbrotne både i "Etnisk" og
"Talik" som hadde mange av dei nominerte platene.
På biletet ser vi Erlend Viken
(t.v.) og Aslak O. Brimi.
(20/09-09) |
Ingar Ranheim får Rff-prisen for 2009
I ei pressemelding heiter det:
"Rådet
for folkemusikk og folkedans har tildelt Ingar Ranheim frå
Valdres Rff-prisen for 2009. Prisen går dermed til en
person som har utmerket seg på svært mange områder innen
folkemusikk- og folkedansfeltet, både som utøver, pedagog,
fagperson, forsker og organisasjonsmenneske.
Ingar Ranheim er av mange først
og fremst blitt sett på som stordanseren, både i springar
og laus (halling). På 1970- og 80-tallet var han alltid i
toppen på resultatlistene fra kappleikene, og han var med
på utallige turneer og forestillinger/konserter både i
inn- og utland, bl.a. gjennom Rikskonsertene. Ranheim er
også kjent som en svært dyktig spelmann på langeleik. Her
er han blant de fremste i landet – stø i tradisjonen og
kjennetegnet med et følsomt, lekende og dristig spill.
Platen På langeleik, der han spilte sammen med
bl.a. Elisabeth Kværne, fikk Spelemannsprisen i 1985. I
1994 kom platen på CD, og da med et tillegg med Ingar
Ranheims solospill på langeleik
Tilknytingen til Valdres folkemuseum har vært sterk i
store deler av livet til prisvinneren. Det var der han
startet som danser, og der har han i mange år hatt sin
faste arbeidsplass.
Ingar Ranheim er en nasjonal kapasitet innenfor danse- og
tradisjonsformidling. Han er åpen, han er analytikeren,
og han har blitt brukt som foreleser og instruktør
innenfor den høyere utdanningen i folkemusikk og folkedans
ved flere av utdanningsinstitusjonene våre. Ranheim har
selv tatt initiativet til og utført faglig arbeid innenfor
folkemusikkfeltet, både som arkivar, konservator og
direktør for Valdres folkemuseum.
Som organisasjonsmann har han hatt en rekke verv og
arbeidsoppgaver, bl.a.: leder i Valdres folkemusikklag,
styreverv i Norsk folkemusikklag, sekretær for Landslaget
for Spelemenn og styreleder i Landslaget for Spelemenn.
Rff-prisen blir tildelt av Rådet for folkemusikk og
folkedans til personer som har gjort
en ekstraordinær innsats på områdene folkemusikk og/eller
folkedans. Prisen ble innstiftet i 1993 og har
siden blitt utdelt hvert år. Prisen er på kr. 15 000 samt
et steinmotiv og blir utdelt under Representantskapsmøtet
i Rådet for folkemusikk og folkedans i Trondheim 15.
oktober." Bilete: Rff.
08/09-09 |
Valkyrien Allstars med ny CD: "To måner"
Denne polulære gruppa har no kome med sin andre CD: "To
måner", på Grappa. Det er no to år sidan den første plata.
Plateselskapet Grappa skriv: "Snart har det gått 2 år
siden musikkritikerne slapp løs massive lovord for
Valkyrien Allstars første selvtitulerte album. Tuva
Livsdatter Syvertsen, Erik Sollid og Ola Hilmen har sammen
med bandmedlemmene Martin Langlie og Magnus Larsen nå
videreført sitt særpregete lydbilde/sound og gått opp nye
spor i både folkemusikalsk og eksperimentell retning." og
vidare: "I løpet av høsten og vinteren vil det bli både
Norges- og Japanturné, foruten en rekke store og små
offentlige og private opptredener. Utlandet har venta
lenge på Valkyrien Allstars. Etter nyttår braker det løs."
(02/09-09) |
Dansegolvet på Riksscenen blir bra!
I desse dagar driv dei og legg golv i sal og scene på
Riksscenen i Oslo, og Hallgrim Hansegård, Sigurd Johan
Heide og Martin Myhr har testa golvet, og dei meiner det
blir bra. Elles er bygginga av det nye huset i rute. Huset
skal overleverast i november, og då startar montering av
diverse utstyr.
Les meir her.
(01/09-09) |
Kim Andre Rysstad vart vinnar av
INTRO-folk 2009
På
Nordsjøfestivalen i Farsund var det finale i INTRO-folk
2009, og det var kvedaren frå Setesdal Kim Andre Rysstad
som vart utropt til vinnar og Årets unge folkemusikar
2009. Dei to andre finalistane var Nordafjells og Eplemøya
songlag. Det var leiar for Rikskonsertane Åse Kleveland
som stod for utnemninga. Ho var leiar i juryen som i
tillegg hadde desse medlemene: Steinar Ofsdal, Unni
Løvlid, Gunhild Tømmerås. Om vinnaren uttaler juryen: "Kim
André Rysstad er tro mot tradisjonen samtidig som vi
opplever en tydelig ambisjon om å utvikle og utvide denne.
Vi er overbevist om at denne unge kvederen bærer i seg
muligheten til å utvikle et særegent uttrykk preget av sin
personlige fortellerevne, tilstedeværelse og musikalitet.
Han har et uttrykk som både vil berøre og begeistre mange
i årene som kommer." Vinnaren av INTRO-folk eit
skreddarsydd lanseringsprogram som Rikskonsertane står
for. Programmet inneheld konsertar på
lanseringsfestivalane i INTRO-folk, turné i Norge, samt
ulike profilerings og promoteringstiltak. Rysstad er
tredje vinnaren i INTRO-folk. Første var Majorstuen og
andre var Benedicte Maurseth.
Les meir om utnemninga her. Biletet er frå semifinalen
på Fagernes.
(01/09-09) |
Den ellevte Nordsjøfestivalen vel
gjennomført
Det var ikkje det beste veret i Farsund då
Nordsjøfestivalen gjekk av stabelen. Men det blir
meldt at publikum ikkje let seg stoppe av litt regn, og
nokre arrangement måtte flyttast innandørs. Les meir om
opninga av festivalen her. Mange gode solistar ag
grupper var med, mellom dei Vegar Vårdal, Unni
Boksasp og Annbjørg Lien til svenske Ranarim, skotske
Maeve Mackinnon, engelske Jackie Oates, finske Tsuumi
Sound System og finalekonsertar i INTRO-folk 2009.
(01/09-09) |
Utøvarstudiet i folkedans er no i gang
I ei pressemelding får vi vite at det er oppretta 6
studieplassar er oppretta ved den nye studieretninga i
dansevitskap, Utøvarstudium i Tradisjonsdans ved NTNU. Det
første kullet med studentar har no vore i gang i ei veke.
Studietilbodet er ein del av BA-studiet i dansevitskap med
den nyoppretta studieretninga Utøvarstudium i
tradisjonsdans. Studiet er eit samarbeid mellom Institutt
for musikk ved NTNU, Norsk senter for folkemusikk og
folkedans (Rff-sentret) og Ole Bull Akademiet (OBA).
Håvard Engell, tidligare profesjonell dansar og tidligare
tilknytt Olympiatoppen har i fleire dagar inspirert,
motivert og vist vegen for studentane til å nå målet for
studiet: Studiet skal utdanne tradisjonsdansarar på eit
høgt kunstnarleg nivå som skal kunne arbeide som solistar
eller i ulike kunstnarlege eller pedagogiske samanhengar.
Martin
Myhr (dansar/FRIKAR), Ami Petersson Dregelid
(Folkedanspedagog/dansar), Sigurd Johan Heide
(prosjektleiar Bygda Dansar), Kari Margrete Okstad (OBA)
og Siri Mæland (Rff) dannar grunnstamma i lærarstaben.
Professor i dansevitskap Egil Bakka er fagleg ansvarleg,
og har saman med Gunnar Stubseid (rektor ved OBA) vore
drivkrafta bak opprettinga av studiet. I tillegg til
Håvard Engell, vil studentane læra av FRIKAR dance
company, Hallgrim Hansegård, Leif Stinnerbom, og
gjestelærarar frå samtidsdans/teaterdansfeltet i Noreg.
Ein viktig del av studiet vil vera meisterlære, slik
tradisjonsmusikkstudiet ved OBA har praktisert det.
Studentane vil få møta og gå i lære hos ulike
tradisjonsdansarar og tradisjonsdansmiljø, i tillegg til å
få studera eldre tradisjonsdansarar på film ved
Rff-sentret.
Studentane som er tekne opp ved studiet er:
Mathilde Folke-Olsen (Molde), Anna Liv Skjelten Gjendem
(Molde), Bjørnar Blaavarp Heimdal (Numedal), Inga Myhr
(Trysil), Torill Pedersen(Grytøya, Troms) og Magni Rosvold
(Fusa, Hordaland). Meir infowww.rff-sentret.no
og
www.ntnu.no/studier/dansevitenskap/bdans .
Fotoet viser elevar og lærarar ved studiet (Foto:Rff)
(31/08-09) |
Seks norske artistar på "Showcase
Scotland" i januar 2010
Bransjetreffet Showcase Scotland er ein del av den skotske
festivalen Celtic connections. Dei norske artistane som
skal vere med er Gjermund Larsen Trio, Unni Boksasp
Ensemble, Synnøve S. Bjørset, Majorstuen, Valkyrien
Allstars og Skaidi. I 2010 vil fokuset vere på Noreg, og
dei seks artistane vil spele minst ein konsert kvar.
Spotlight Norway 2010 er eit samarbeid mellom Norsk
folkemusikkformidling, Den norske ambassaden i London og
Music Export Norway, og går føre seg i Glasgow 28.- 31.
januar 2010.
Les meir her.
(19/08-09) |
Spennande program på "Gamle Hvam" 23.
august 2009
På museet "Gamle Hvam" i Akershus er det kvart år ait
arrangement som blir kalla "Gamle Hvamdagen". Det startar
kl 11.00 og varer til kl 17.00. Dagen startar med
friluftsgudsteneste kl 11-12. Seinare på dagen er det
ulike innslag med dans og musikk vedleikarringen
Springar'n og Ullensaker spellemanslag, Nitelva
spellemannslag og De Frilyndte spelar opp til dans.
"Vanitas juveler" vil vise eksotisk magedans. Senere på
dagen vil det vere dans med barna, samt dans ved
Moulineten stildansgruppe, spelemenn frå Norsk Folkemuseum
og innslag frå leikarringen Per Gynt.
Du kan lese
meir om de ulike aktørene som skal danse og spele på
SAFFAs hjemmesider.
(19/08-09) |
Norsk Kvedarforum med seminar om dei
reisande sin song
Det blir fokus på den vokale folkemusikken til
romanifolket. Seminaret vil foregå 4. – 6. september i
Folketeateret i Halden Teateret, og er eit samarbeid
mellom Norsk Kvedarforum, Norsk Folkemusikklag, Østfold
Musikkråd og Halden historiske samlinger. De reisendes
organisasjoner er representert gjennom utøvarearog
foredragsholdarar. Nærare 20 songarar, musikarar,
foredragsholdararog fagfolk frå heile Norden er invitert.
Les meir her.
(19/08-09) |
Vellukka forestilling TidarÅ med Frikar
i Gudbrandsdalen
Forestillinga TidarÅ som Frikar har hatt i ein foss i elva
Frya har fått svært god mottaking. Forestillinga byggjer
på karakterane Solveig og Peer i Peer Gynt. Både dansen,
musikken og lyssettinga og sjølve dansescena gjorde stort
inntrykk på publikum. Mellom dei fremste dansarane var
Sigbjørn Rua, Anders Aasberg, Silje Onstad Hålien og
Hallgrim Hansegård. Og mellom musikarane Andreas Ljones,
Gunhild Sundli og Terje Isungset. Ljones har stått for
musikken og Hallgrim Hansegård for koreografien.
Les meir her Les også omtale i
Oppland Arbeiderblad og i
NRK.
(15/08-09) |
Nordafjells vidare til finalen i
INTROfolk
Under Kalottspel møttest Nordafjells og Einar Olav Larsen
Trio i den tredje semifinalen i INTRO-folk. Og det var
gamaldansgruppa Nordafjells som gjekk av med sigeren. Dei
to andre som har kome til finalen er Kim Andre Rysstad og
Eplemøya songlag. Finalen er laurdag 29. august på
Nordsjøfestivalen i Farsund.
(15/08-09) |
Seminar om folkedans som scenisk uttrykk
Riksscenen arrangerer laurdag 19. september og søndag 20.
september eit seminar om folkedans som scenisk uttrykk:
"Ein annan dans ..". Målgruppe for seminaret er alle med
bakgrunn frå folkedans/ tradisjonell dans og har erfaring
med - eller ønskjer - å skape noko for scenen.
Seminaret skal gje inspirasjon og stimulere til å utvikle
folkedans som scenisk uttrykksform.
Folkedansarar,
koreografar, folk frå ulike folkedans- og ulike etniske
dansemiljø er velkomne.
Leiarar på seminaret er kunstnarleg leiar Indra Lorentzen
og foledanskonsulent Ami Dregelid. Søknadsfrist for å bli
med er 17. august. Seminaret er i
TRAFO - Oslo
teatersenter.
Meir informasjon her:
www.riksscenen.no
(14/08-09)
|
Eit nasjonalt senter for haradingfela i
Hardanger?
Det blir arbeidd med å få til eit nasjonalt senter for
hardingfela i Hardanger. Frå før veit vi at det er
etablert eit senter i Bø i Telemark med vekt på
hardingfelebyggartradisjonane der. Og det kan bli tale om
eit samarbeid.
Les meir om dette her.
(01/08-09) |
Forslag til låtar på presentasjons-CD?
Under Womex i Kjøpenhavn i oktober skal det lanserast ein
presentasjons-CD med tradisjonsmusikk frå Noreg. Dei som
har forslag til låtar som skal vere med, kan sende dei
inn.
Sjå meir her.
(01/08-09) |
Telemarkfestivalen 2009: Svært vellukka
og i økonomisk balanse
Den 20. Telemarksfestivalen i Bø vart vel motteken av
publikum. Det var eit breitt program, ei blanding av
norske og utanlandske artistar som vanleg og variert i
innhald og form. Odd Nordstoga opna festivalen, og
Annbjørg Lien avslutt med ein fin Borgja-konsert.
Festovalen rapporterer om mang fulle hus, til dømes trakk
Vamp/Eliza Carthy om lag 800 på Skogen fredag kveld – og
fleire konsertar var fulle – t.d. 150 på Internasjonalt
folkemusikkmøte og 450 på Frikar. Elles fortel festivalen
at konsertane vart vel mottekne av publikum:
"Folkemusikkasylet med Jon Fosse, Knut Hamre og Skaìdi –
via intimkonsertane på Bø Museum – til Vamp, Eilza Carthy
og Valkyrien Allstars på Skogen Gård. Midnattskonserten
ved Oterholtfossen med bandet Valravn og låvekonserten med
skotske Julie Fowlis Band overraska og rørte mange.
Fjorårets bestillingskomponist Kossa Diomande trollbatt
ungane i Galleri Stadskleiv, medan Øyonn Groven Myhren
imponerte og bergtok publikum med årets bestillingsverk
Runartromma." Telemarkfestivalen har eit budsjett på ca 2
mill i 2009. Årets festival har 20 arrangement og
engasjerer om lag 100 artistar, profesjonelt lyd- og
lysteam og om lag 150 frivillige som kvart år legg ned
stor innsats.
Les meir her.
(01/08-09) |
Kristian Fjellanger valt til ny leiar i Noregs
Ungdomslag
Kristian Fjellanger (31 år) frå Lindås i Hordaland vart
under Årsmøtet til Noregs Ungdomslag på Hamar valt til ny
leiar i NU. Han har lang fartstid i organisasjonen både
som medlem, tillitsvald og tilsett. Han har særleg
arbeidd med teater. Noregs Ungdomslag har ca 17000
medlemer og 400 lokallag. Organisasjonen eig 350
ungdomshus. Hovudaktivitetane er folkedans, teater,
bunadsarbeid og barne- og ungdomsarbeid.
Les meir her.
(01/08-09) |
Fin midnattskonsert i Domkirkeruinane på Hamar
Under
Folkekulturfestivalen på Hamar i månadsskiftet juli/august
var det natt til laurdag ein gild konsert i
Domkirkeruinane på Domkirkeodden. Artistane var Sinikka
Langeland, Toril Nybrott, Tone Hulbærmo og Hans Fredrik
Jacobsen. På biletet kan vi sjå dei fire artistane motta
velfortent applaus etter den gilde konserten. Klikk på
biletet så blir det større.
Fleire bilete
frå konserten finn du her.
(01/08-09) |
Fint tradisjonsball under Kulturfestivalen 2009
Kulturfestivalen til Noreges Ungdomslag er i år på Hamar i
månadsskiftet jul/august. Fredag var det mellom anna eit
ball i tradisjon slik det var vanleg før på Hedemarken.
Det var eit fint gjennomført ball med 90 deltakarar i sine
finast ballklede frå 1800-talet. Salen, maten danseleiinga
og musikken var heilt på topp. Musikken var det gruppa
Over stok og steen som sytte for.
Her kan du sjå
ein del bilete frå ballet.
(01/08-09) |
Nokre resultat frå Hilme-festivalen på
Fagernes
I spel hardingfele klasse A var det berre to deltakarar,
og det var Jan Beitohaugen Granli som kom to poeng føre
eleven sin Ragnhild Hemsing. I spel på vanleg fele klasse
A var Astrid Sulheim best (einaste deltakar). I dans
hardingfele klasse A var det 12 par som deltok, og best
vart
Sissel Rudningen og Håkon Tveito / Hallingspringar føre
Kjersti Aasen og Svein Aasen / Numedalsspringar. I dans
fele klasse A var det berre eit par og det var Anne Elise
Bøhle og Thor Herman Bøhle / Pols fra Østerdalen. I spel
hardingfele klasse C vart Andris Hemsing best (14 år). I
lagdans senior vart Østerdølenes venner best. Og i
langeleik senior vart Ingvild Lie best. Og i durspel
senior vart Inge Gjevre best.
Her kan du finne alle
resultata.
(29/07-09) |
"Norsk langeleikforum" vart skipa under
Hilme-stemnet på Fagernes
Laurdag 25. juli var Norsk Langeleikforum stifta som ein
sjølvstendig organisasjon. Eit interimstyret hadde jobba
ei tid med å førebu skipinga. Det blir ein organisasjon på
line med Norsk kvedarforum og Norsk bukkehornlag. Som
leiar for forumet vart vald turid Berge frå Valdres. Som
styremedlemer vart vald Marit Steinsrud, Sigurd Braathen,
Gunnvor Hegge og Ingar Ranheim.
(29/07-09) |
Vellukka Jørn Hilmefestival på Fagernes
Det
var rekordmange deltakarar på årets Jørn Hilme-stemne. Det
har vore ca 9000 besøk på dei ulike arrangementa. Det var
rekordmange deltakarar på kursa og på Strunkeveko i
forkant av stemnet. Elles var det svært god oppslutning om
dei mange fine konsertane. Tingingsverket med Kvarts og
Hemsing-systrene vart spela for tre fulle kyrkjehus.
Danseforestillinga ”The Snuff Grinders” med Frikar var det
også stor interesse for og sameleis for dei mange
intimkonsertane i dei små stovene på folkemuseet.
Utandørskonserten på Jaslangen med Kirsten Bråten
Berg, Arild Andersen, Bendik Hofset og fleire trekte ca
500 tilskodarar langt oppe i den mektige Valdres-naturen,
sjølv om det var i kaldaste laget både for artistane og
for publikum. På sjølve kappleikane var det til dels lita
deltaking. I A-klassen var det til dømes berre to
deltakarar på hardingfele, berre ei på vanleg fele og
ingen i vokal folkemusikk. Men på langeleik var det mange.
Det var som vanleg ein stor dugnadsinnsats, og ca 250 var
i sving. Les meir om kappleiken på
heimesida deira.
Her kan su sjå mange
bilete frå festivalen.
(29/07-09) |
Laura
Ellestad frå Canada fekk Torleiv Bolstads minnestipend
Under Jørn Hilmestemnet på Fagernes fekk Laura Ellestad
(26 år) Torleiv Bolstads minnepris. Ho er frå Canada, men
har slektsrøter i Valdres og busette seg i Røn for 5 år
sidan. Ho går no på Ole Bull akademiet på Voss. Det meste
av spel har ho lært av Tore Bolstad. Ho skal ha lært seg
150 slåttar frå Valdres.
(29/07-09) |
IntroFOLK 2009: Kim Andre Rysstad vart
andre semifinalist.
Under
Jørn Hilmestemnet på Fagernes vart Kim Andre Rysstad dømt
føre Filibuster. Begge hadde to fine forestillingar, men
Rysstad vart altså dømt først. Siste semifinale er
den 6. august under Kalottspel i Målselv. Der er det
gruppa Nordafjells frå Oppdal som møter Einar Olav Larsen
Trio frå Verdal. De tre finalistene møtes så den 29.
august under Nordsjøfestivalen i Farsund i slutten av
august. På biletet ser vi Kim Andre under semifinalen. Det
var første gongen han sjølv brukte gitar som akkompngement
på ei scene.
(29/07-09) |
Første finalist i INTRO-folk: "Eplemøya
songlag"
Under Førdefestivalen var det Eplemøya songlag som vann
over felespelaren Marie Forr Klåpbakken frå Vinstra. "En
usedvanlig sterk vokaltrio som har funnet et originalt
uttrykk som det blir spennende å følge i årene framover",
skriv juryen, som består av Steinar Ofsdal, Johan Sara
Jr., Unni Løvlid og Anne Moberg. Eplemøya Songlag består
av Liv Ulvik, Wenche Losnegård og Anja Eline Skybakmoen.
Neste semifinale er under Jørn Hilme-stemnet på Fagernes
den 25.juli. Der møtes gruppa Filibuster og kvedaren Kim
André Rysstad frå Setesdal. Siste semifinale er den 6.
august under Kalottspel i Målselv. Der er det gruppa
Nordafjells frå Oppdal som møter Einar Olav Larsen Trio
frå Verdal. De tre finalistene møtes så den 29.
august under Nordsjøfestivalen i Farsund i slutten av
august.
(14/07-09) |
"Sans for dans 2009" si forestilling
!Grymt har blitt godt motteken
NU sitt prosjekt Sans for dans har resultert i ei
forestilling som heiter !GRYMT. Forestillinga hadde
premiære under Nordleik i Lahti og vart godt motteken.
Sans for dans er eit talentutviklingsprosjekt for unge
folkedansarar. Åtte dansarar blir plukka ut på grunnlag av
søknader og prøvedansing. I løpet av 4 samlingar lagar dei
ei forestilling i samarbeid med profesjonelle
dansepedagogar og musikarar. Sans for dans 2009 er det
tredje i rekkja, og Martin Myhr og Bente Hjellum Syvertsen
har vore danseleiarar og Einar Olav Larsen og Vegar Vårdal
har hatt ansvaret for musikken. Forestillinga skal også
visast under
Folkekulturfestivalen i Hamar 30.juli-2. august.,
Nordsjøfestivalen i Farsund 27.-29.august
og Hilmarfestivalen i Steinkjer 6.-9. november.
Les elles meir på
Heimesida til Noregs Ungdomslag.
(14/07-09) |
Ingvill Marit Buen Garnås kritiserer
domarane på NM i vokal folkemusikk
I eit innlegg kritiserer kvedaren Buen Garnås domarene på
NM i vokal folkemusikk fordi dei ikkje har lagt vekt på
dei tradisjonelle kvalitetane i vokal folkemusikk.
Domarane denne gongen var Elin Grytting, Ole Arnfinn Hagen
og Jarnfrid Kjøk. Buen Garnås meiner at Ingebjørg Harmann
Bratland som kom på topp, fekk for god utteljing. Buen
Garnås skriv også i ein kommentar at Jarnfrid Kjøk meinte
det var usemje mellom domarane om døminga. Kari Malmager
støttar i eit tilsvar Buen Garnås fordi ho vågar å ta
denne diskusjonen.
Les meir her. Også Landslaget for Spelemenn ved leiar
og nestleiar har svara på Buen Garnås sitt innlegg.
Les meir her.
(09/07-09) |
Tildeling av stønadsmidlar frå RFF
Andre omgang med stønadsmidler til formidling og tiltak
ligg no føre. Totalt vart det delt ut 150 000 til 13 av 28
søknader for formidlingsstøtte og 342 000 på 23 søknader
til tiltaksmidlar.
Anne Kleivset: LUSSI LANGNATT, kr. 10000 Osafestivalen:
Konsertar, kr. 15000.
Formidlingsstøtte:
Kvedarseminaret 2009: "En gang var vi som vinden", kr.
10000
Tone Hulbækmo: Huldrenatt, kr. 10000
"Hjem jeg lenges" v/ Solbjørg Tveiten: PREMIERE "Hjem jeg
lenges" , kr. 10000
Stiftinga Seljordspelet: Seljordspelet 2009, kr. 10000
Nordsjøfestivalen i Farsund: Norske konserter, kr. 15000
Jørn Hilme-stemnet v/ Valdres folkemusikkarrangement AS:
Folkemusikkscena i Valdres, kr. 10000
Torgeir Straand: Konsetrar i stavkyrkjene, kr. 10000
Hilmarfestivalen: Frikar til 900 barn og ungdommar, kr.
15000
Irene Tillung: Lanseringsturné, Frøholm/Tillung, kr. 15000
Jørn Hilme-stemnet, Valdres folkemusikkarrangement AS: Den
so lea se ette gølvé, kr. 10000
Seljordkappleiken 2009: Konsert, kr. 10000
Tiltaksmidlar:
NORDAFJELLS: CD-prosjekt med Nordafjells, kr. 10000
Ståle Paulsen: Plateutgjeving., kr. 5000
Sinnsykt bra alternativ: SBA helgesamling høst 09, kr.
10000
Synnøve S. Bjørset: CD, Synnøves Skrangleorkester, kr.
10000
Norsk Munnharpeforum: kurs / festivalstønad, kr. 5000
Rigmor Tollan: "Lur- og lokkestevne 60 år", kr. 16000
Etnisk Musikklubb: Sturla Eide CD Medal i Orkladal, kr.
10000
Etnisk Musikklubb: 2CD dokumenterer kvensk trad., kr.
10000
Etnisk Musikklubb: Gamle toner – nye klanger, kr. 10000
Osafestivalen: Seminar Osafestivalen 2009, kr. 20000
Folkemusikkarkivet for Rogaland: Folkemusikkhelga 2009,
kr. 20000
Geitungen: CD-innspilling med Geitungen, kr. 10000
Telemark Folkemusikklag: UngFolk sommarkurs i folkemusikk,
kr. 20000
Gjermund Kolltveit og Mary Barthelemy: Romani
musikkforskning, Norge, kr. 6000
Knut Egil Kristiansen: Veva Vedmål - Opplæring trad.mus,
kr. 20000
Nordsjøfestivalen i Farsund: Temadager, konserter og
parade, kr. 20000
Noregs Ungdomslag: NUR-folkedans, kr. 20000
Noregs Ungdomslag: NUR-spel, kr. 20000
IRIS film: Dokumentarfilmproduksjon , kr. 25000
Hilmarfestivalen: Vising tradisjonsdans på kino, kr. 10000
tilTelemark, Torgeir Straand: Digitalisering av
privatarkiv, kr. 25000
Arbeidsstipend:
Øyonn Groven Myhren: Runartromma, kr. 20000
Torunn Raftevold Rue: Slåttar frå Vest-Telemark, kr. 20000
(09/07-09) |
Vellukka Nordleik 09 i Lahti første veka
i juli 2009
Eit
strålande ver gjorde sitt til at Nordleik i Finland vart
eit gilt stemne for edei 2500 deltakarane frå heile
Norden. Talet på deltakarar var likevel skuffande, i
Gøteborg for 3 år sidan var det 4000, og for eit par 10-år
sidan var det 9000 deltakarar. Men finnane hadde arrangert
stemnet på beste måte, med fine lokalitetar og korte
avstandar. På Nordleik er det det sosiale samværet som
står i fokus, ved vekt på aktivitetar innan dans og
folkemusikk. Men det er også mykje anna, kurs i både,
dans, spel og handverk, utflukter, konsertar av ulike slag
og PR-oppvisningar og bunadtog gjennom byen. Neste
Nordleik skal vere i Noreg - i Steinkjer, som er den
minste byen som nokon gong har hatt dette arrangementet.
Det var 300 deltakarar frå Noreg, og frå Danmark og
Sverike var det færre enn det brukar vere.
Her kan du sjå ei
lang rekkje bilete frå stemnet.
( 08/07-09) |
|
Noko nytt? e-post til Vebjørn Bakken
|
|
Eigenreklame for folkedans.com
|
|
-
Alt
som skjer! "All"
folkmusic and folkdance events in Scandinavia !!
- Hendingar i folkemusikk/dans
- Bruk
stikkordsregisteret for å finne fram
- Biografiar om eldre spelemenn
og andre
- Rettleiingar i dansar
- Stildanssida
-
Songdanssida - songdansen 100 år
|
|
Ting
som skjer
|
|
Alt
som skjer /"All folk events"!
(i heile landet og delvis i utlandet)
|
| |
|
Festivalar / "Folk
Festivals" |
|
Årvisse store festivalar /
" Yearly big Festivals"
Landskappleiken
(2012: Sel/Otta (27 juni - 01 juli)
Landsfestivalen
(2012: Vågåmo (01-05 august)
Folkedansfestivalen
Førde
Intern. F.m.festival (2012: 05 -08 juli )
Telemarkfestivalen, Bø (2012:
19.-22. juli)
Folkemusikkveka
i
Ål (2012: 20-27 mai)
Folkelarm, Oslo
(2012: Ingen festival)
Jørn
Hilmestemnet, Fagernes (2012:
22 -29 juli)
Dansefestivalen,
Nord-Sel (2012: 10-15 juli)
Låvende
saker, Rudi Gard
Nordisk
Polsfestival (Melhus)
Nordsjøfestivalen,
Farsund (2012: 30 aug-02 sept)
Osa-festivalen, Voss (2012: 25-28 okt)
Riddu Riddu Festivalen Kåfjord (2012: 11-15 juli)
Haukeliseterfestivalen, Haukeliseter (2012: 14-17 juni)
Kalottspel, Målselv 2011: 10-14 august
Vinterfestivalen, Rauland (2012: 15-19
februar)
Hilmarfestivalen, Steinkjer (2012: 08-11 november)
Vestlandskappleiken 2011: Dale i Sunnfjord 07-09
okt.
Nordleik 2012 Steinkjer
10 - 15 juli
|
|
|
|
Viktige
lekkjer
|
|
NRK
Alltid Folkemusikk
|
NRK Kulturkanalen
P2
·
Folkemusikktimen: Søndag 18.03-19.00
· Reprise Folkemusikkt.: Tirsdag kl. 20.30
· Jungeltelegrafen: Laurdag 14.03-15.00
|
|
Organisasjonar
|
| Noregs
Ungdomslag |
|
Folkemusikk og folkedans organisasjonen FolkOrg |
|
Rådet
for folkemusikk og folkedans
|
| Bunad
og Folkedraktrådet |
| LfS
- medlemsinfo - www.folkemusikk.net |
| NRK-folkemusikk |
| Norges
Husflidslag |
|
Den norske Folkemusikkscena |
|
Riksscena
for folkemusikk og folkedans |
|
Norsk
Folkemusikkformidling |
| Norsk
folkemusikklag |
|
Nordleik/Nordlek |
| NTNU
- folkedans |
| Musikkens
hus- oversikt |
| Nordisk
Folkemusikkatalog |
| Feleverka
- Norsk folkemusikksamling |
| Norsk
Folkemusikksamling |
|
Norsk
visearkiv |
|
Norsk
musikkinformasjon |
| Folkekulturforbundet |
|
Norsk
kvedarforum |
|
Norsk
munnharpeforum |
| Norske
trekkspilleres Landsforbund (NTL) |
|
BLS,
Oslo |
|
SAFFA, Akershus |
|
By- og
Bygdelagsforbundet |
| Ole
Bull Akademiet, Voss |
|
Norsk
Folkedraktforum |
| Norsk
kulturråd |
| Landslaget
for folkemusikk i barnehage og skole |
| CIOFF,
folkedansutveksling |
|
Gode
Linkar
|
|
Folkemusikk.no |
| Ballade,
nettavis-musikk |
|
www.folkmusic.no engelskspråkleg |
| Folkemusikkscena |
| Folkemusikktimen |
| Folkenett
- plater/musikk (eng) |
| NRK-folkemusikk |
|
Lytte til musikk - kjøpe musikk Musikkonline |
|
Etnisk Musikklubb |
| Spelemenn
i Cyberspace |
| Lfs
sine medlemslag |
|
Magasinet BUNAD |
| Folkemusikkarkivet |
| Husfliden
- utsal |
| Kulturnett.no |
| Carl
Petters Blå sider |
| Gammeldans
Oversikt |
|
Hordaringen
- Kva skjer? Oversikt |
| Norske
Festivaler
Oversikt |
| Norilds
Musikk |
| www.trekkspill.no |
| Etnisk
Musikklubb |
| Trekkspillarkivet |
| Norsk
KulturhusNettverk
|
| Gaida - Tidsskrift for
Internasjonal dans
|
|
MODUS - senter for
middelaldermusikk
|
| Startsiden/Folkemusikk |
| Ole
Bull Akademiet, Voss |
| Aktiv
i Oslo - folkemusikk - oversikt |
| Aktiv
i Oslo - folkedans - oversikt |
| Samspill
- International Music Network |
| Nordisk
folkemusikk og dans (engelsk) |
|
Folkemusikk i Akershus |
|
Folkemusikksenteret i Buskerud |
| Musikksamlingar
i Norge |
|
Valdres
folkemusikklag |
www.kaleidofon.no
|
|
Nordiske
linkar
|
| Folkedans
på nettet |
|
Svenska Folkdansringen |
|
Landsforeningen Danske folkedansere |
|
RFoD
- Riksforeningen för folkmusik och dans |
|
Folkdansaren
Sverike |
| Dansbeskrivningar
(svensk) |
|
Kultisdans (svensk, video, danserettleiing) |
| Dansglädje
(gamaldans..) |
| Folkmusikboken
(svensk) |
| Svenska
folkmusiklänkar |
|
TVfolk.net - musikk/video på nett (svensk) |
|
Tøkum
lett (Færøyane) |
|
Skjaldesang (Danmark) |
|
Slaid
Ring - dansesamskipnad Færøyane |
|
Fótatraðk
i København |
| Folkemusikhuset
i Stockholm |
|
Utanlandske
linkar
|
|
Hardanger
fiddle association |
| Internasjonal
folkedans |
| Folk
Allicance (USA) |
| AmerikKappleik
2003 |
|
Glimt frå tidlegare
festivalar |
Barnlek
2008
Porsgrunn (02-06 juli)
2011: Skive Danmark
(13-17 juli)
Nordleik
Nordlek 2009 Lahti (30/6-5/7)
Landskappleiken:
2001 Rauland (referat
her)
2002: Vågå (referat
her)
2003: Gjøvik 25-29 juni
2008: Oppdal
(25-29 juni)
2009: Geilo/Ål
(23-28 juni)
2010: Voss
(23-27 juni)
2011: Seljord
Landsfestivalen:
2006: Melhus (19-23 juli)
2008: Skjåk
(16-20 juli)
2009: Geilo/Ål
(23-28 juni)
NU-stemnet/Folkekulturfestivalen:
2001 Asker (5-8
juli) (referat her)
2004
Beitostølen (29 juli-1 aug)
2005 Kirkenes (21-24 juli)
2006
Trondheim (06-09 juli)
2007 Oslo (22-24 juni)
2009:
Hamar
(30/7-2/8)
|
|
Bilete |

Tone Hulbækmo stiller harpa si under
Midnattskonserten i Domkirkeruinane på Hamar under
Kulturfestivalen til NU 31. juli 2009.
Her er fleire bilete
frå konserten.
|
|

Eit bilete frå den store bunadsparaden på Norsk
Folkemuseum i samband med lanseringa av Norsk Bunadleksikon -
det første leksikonet over norske bunader - over 400 til saman.
På biletet ser vi bunader frå Hedemark.
Her kan du sjå mange
fleire bilete frå presentasjonen.

Andreas Bjørkås og Gjermund
Larsen i drivande samspel på Norges Musikkhøgskoles
julekonsert 5. desember 2004. Dei spelar ein "Limerock av
Marc O'Connor". Dette var berre eit av mange høgdepunkt
under konserten. Her
kan du sjå bilete av alle dei andre som var med på den fine
konserten.

Eit bilete frå førpremieren på "Meistermøy" i Oslo
20. mars 2004. Meistermøy er slutt-forestillinga til
danseprosjektet "Fjordapuls" i Sogn og Fjordane.

Frå opninga av Nordlek 2003 i Næstved i Danmark i juli 2003.
Dei store maskotane er godt synlege.
Her finn du mange bilete frå stemnet.

Eit bilete frå Landskappleiken på Gjøvik 2003. Det er
romsdalsparet Kjerstin og Palmer Løkseth som sit i solveggen
saman med Erling Flem. Her
dinn du fleire bilete frå Landskappleiken 2003.

Erling Aaning er ein aktiv felebyggjar. Han bur i Bærum og
byrja som felemakar i godt vaksen alder. Han har laga knapt 100
feler dei fleste hardingfeler. Her ser vi han med den fela som
Knut Trøen har kjøpt. Her
kan du lese meir om felebyggjarar, både i notid og fortid.

Dette kjente motivet frå Røros tok vi under Rørosmarkna'n i
februar 2002. Her
kan du finne fleire bilete frå den spennande marknaden, med
dans og pols i lange banar.

Hauk Buen i full konsentrasjon under konserten i lag med Olav
Øyaland på Folkemusikkveka på Ål i mai 2001. Her
kan du sjå mange bilete frå stemnet i Ål.
|
|
|
|
Tidlegare
bilete: Trykk her!
|
|
Fleire
(fleire eldre nyheter): Trykk her!
|
|
|
| |
|