|
Nyheter
|
Songdansen
100 år også i NRK
Torsdag 14/11 blir det eit innslag om at songdansen er
100 år i Kulturbeitet på P2 frå 8.15 - 9.30. Opptaka
vart gjort på NU-kontoret i dag 13. november. Så her
er det berre å skru på rett kanal!
(13/11-02) |
Gudleiv
Bø og Magne Myhren med ny utgåve av
"Draumkvedet"
I ei nyleg utkomen bok, "Draumkvedet. Diktverket og
teksthistoria", har dei to forfattarane prøvt å
gje ein ny versjon av Draumkveldet bygt på Maren
Ramskeid sin song. Her
skriv Velle Espeland om boka.
(9/11-02) |
Steinar
Ofsdal skriv brev til Stortinget
Han protesterer mot at Norsk Visearkiv ikkje har pengar
til å halde ope for publikum. Det opne brevet hans er
å finne
her på Ballade. Det er også kome støtte fra
mange andre, mellom andre LfS og folkesongar Elin
Grytting. Les
her.
(9/11-02) |
"Oslo
Word Music Festival" er over, men diskusjonen varer
Det har vore retta kritikk mot festivalen fordi han
ikkje har teke med norske verdsmusikarar. Kritikken er
særleg komen frå norske innvandrarar. Les
meir i Ballade.
(9/11-02) |
Hardingfelemusikar
Synnøve S. Bjørset intervjua i Ballade
I samband med prosjektet "Music of the North
lands" er ho intervjua av Ballade. Les
her.
(9/11-02) |
Jon
Ole Morken fekk Holtålen kommunes kulturpris for
2002
Prisen er på kr 5000. Morken er ei drivande kraft i splemeannslaget
Fjellrypa, og er til dagleg musikkstudent ved NTNU. Meir
her.
(6/11-02) |
SAFFA
med kurshelg 23. og 24. november på Sørmarka ved Oslo
Det blir helgekurs i toraderspel og i felespel og i
stildans. Instruktørane er av beste merke. Meir info
hjå Vidar Wien Andresen, tlf. 92 60 05 99 vidarwa@chello.no
(6/11-02) |
Trysil-treffet
2002 er helga 8-10. november
Det blir dans fredag og laurdag og musikk mange stader
og i mange former. Eit lyspunkt i mørketida skriv
arrangøren! Meir
her.
(6/11-02) |
Torgeir
Straand best på Fykerudkappleiken i Bø
Kappleiken gjekk føre seg på det tradisjonrike
forsamlingslokalet Sandvin i Bø, der også den første
kappleiken i landet gjekk føre seg i 1888, og som Lars
Fykerud vann. Straand fekk også napp i den fine
hardingfela som er sett opp som vandrepremie og som
Bjarne Øen har laga. Meir
her. Sjå
også her.
(6/11-02) |
Vellukka
kurs i Hallingspringar i Hallinglaget i Oslo første
helga i november
Hallinglaget i Oslo har regelmessige øvingar i
hallingspringar kvar 14. dag gjennom vinterhalvåret.
Ein gong for året har dei offentleg nybyrjarkurs der
dei iviterer rettleiar og spelemann frå hallingdal. I
år var det Thomas Stensgård frå Gol som var rettleiar
saman med Karin Andresen frå Oslo. Spelemann var Jegeir
Trøim frå Hemsedal. Det var rundt 20 deltakarar
på kurset. Her
finn du ein kort repetisjon av dansen. Nokre bilete finn
du her.
(3/11-02) |
Leikfest
i Oslo laurdag 16. november kl 19.00
Det er ikkje så ofte tradisjonelle leikfestar lenger,
men Leikarringen i BUL i Oslo skipar til ein denne
laurdagen i samband med songdansseminaret i NU som også
er denne helga i Teatersalen, Rosenkrantzgate 8.
Østerdølenes spelemannslag spelar og det vert
Valdresspringar og Telespringar i kjellerstova. Festmat,
kaffi og kaker. Nattdans. Pris kr 250/180 (under 20
år). Påmelding til Leikarringen
i BUL
(3/11-02) |
"Network
North" med konsertar i Noreg
I dette Nord-Europiske orkesteret er mellom andre norske
Synnøve S. Bjørset med. Dei har konsertar i Vinjehuset
i Vinje søndag 3/11 kl 19.30, og på Smuget i Oslo
måndag 4/11 kl 22.
(3/11-02) |
"Folkemusikken
treng impulsar utanfrå"
Det seier doktor i folkemusikk Ove Larsen til Rana Blad.
Laren er til dagleg førsteamanuensis i folkemuikk ved
Høgskolen i Nesna. Les
meir her.
(3/11-02) |
Stipend
til Anne Gravir og Per Anders Buen Garnås frå
NRK-Telemark
I samband med at NRK-Telemark fylte 25 år nyleg, delte
dei ut to stipend til unge utøvarar i Telemark.
Stipenda er på 15000 kr.
(30/10-02) |
Det
blir 2-årig påbyggingskurs ved Ole Bull Akademiet frå
hausten 2003
I eit intervju med Spelemannsbladet (7/2002) fortel den
påtroppande rektoren Gunnar Stubseid at ein vil freiste
å kome igang hausten 2003 med 4 studentar. I dette
båbyggingsstudiet - det byggjer på spelemannsskulen
errer tilsvarande - blir det lagt vekt på samspel og
fleire instrument. Studiet skal leie fram til
bachelor-grad og master-grad i utøvande musikk.
(30/10-02) |
Stemnestader
for 2004, 2005 og 2006 er bestemt
Styret i LfS har bestemt av Landskappleiken i 2004 blir
Eidfjord (Hardanger Spelemannslag), for 2005 Røros
(Brekken, Glåmos og Ålen) og for 2006 Beitostølen
(Valdres Folkemusikklag). Landsfestivalen 2004 blir i
Oppdal. Det var ingen som hadde søkt om å arrangere
Landsfestivalen for 2005 eller 2006, så her er ingen
ting bestemt.
(30/10-02) |
LfS
opprettar ny stilling som arrangørkonsulent
Sidan LfS etter fleire år med søknader om midlar til
stillinga, vil dei no ta pengar av eige budsjett til
stillinga. Konsulenten skal først og fremst hjelp dei
lokale arrangørane av Landskappleiken og
Landsfestivalen, og dessuten drive sponsorarbeid og
PR-arbeid. Ein av grunnane til å opprette stillinga, er
at det er vanskeleg å få lag til å ta på seg store
tilskipingar.
(30/10-02) |
Store
endringar i kappleiksystemet
Styret i LfS har vedteke store endringar i
kappleiksystemet som har bestått sidan LfS vart skipa i
1923. Det skal ikkje lenger vere 1. premie, 2.
premie og 3. premie. Deltakarane skal heller ikkje
lenger få poeng (dei skal ikkje offentleggjerast). Det
er berre rekkjefylgja i dei ulike klassane som skal
offentleggjerast. I tillegg skal domarane bestemme kven
som skal rykke opp frå klasse B til klasse A. Som i dag
må ein kvalifisere seg til opprykk 2 gonger før ein
kjem i klasse A.
(30/10-02) |
Norsk
Visearkiv i pengenaud
Norsk Vvisearkiv har så lite pengar at dei må stenge
dørene for publikum. NFD oppfordrar folk å seie
meininga si om dette til kulturpolitiakar på
Stortinget. Les
meir her.
(30/10-02) |
Ragnar
Heyerdal fornyer folkemusikken med CD'en
"Is-slått"
Han er til dagleg musikar i Oslo-Filarmonien, og har
komponert 18 slåttar for fiolin, bratsj og hardingfele
med røter i nordisk tradisjonsmusikk. Meir
her.
(30/10-02) |
Hardanger
Trekkspillklubb fyller 25 år 9. november
I Hardanger Folkeblad står det ein lang artikkel om det
jubilerande laget. Les
meir her.
(30/10-02) |
Stor
kappleik og Fykerud-konsert i Bø første helsa i
November
Det er Bø juniorspelemannslag, Bø dansarring,
Spelemannslaget Bøheringen og Bø ungdomslag som
inviterer. Og mange gode krefter er i sving, mellom
andre Knut Buen med ei heilt ny forestilling om
Fykerud'n, Per Anders Buen Garnås, Torgei Straand og
mange andre. Les
meir her.
(30/10-02) |
Sturla
Eide Sundli tildelt Medåsprisen for 2003
Sturla er storebror til Gunnhild og Sveinung i bandet
Gåte. Sturla er lærar i kulturskolen i Orkdal, og er
elles aktiv i gruppa Flukt og vart Aklasse-spelemann i
1999 på fele. Han får prisen for sinn langvarige
innsats for å formidle norsk folkemusikk, endå han
ikkje er meir enn 27 år. Prisen er på 10000 kr. Han
fortel til avisa Sør-Trøndelag at den siste plata til
flukt har passert 1000 selde eksemplar. Les
meir her. Heimeside
for Sturla her.
(30/10-02) |
Folkedansarar
frå Finnmark på utveksling i Nikkel i Russland
40 norske folkedansarar frå 12 til 18 år vitja ein
skule i Nikkel som del av eit kurs i folkedans ved
Svanøy Folkehøgskole. Les
meir om vitjinga her.
(30/10-02) |
Line
for folkemusikk i Møre og Romsdal?
Folk i Vestnes i Møre og Romsdal vil ta initiativ til
at det kan opprettast ei line for folkemusikk vi den
vidaregåande skulen knytta til skulen på
Gjermundnes. Dette er eit rikt distrikt for folkemusikk
og det området som Dåm og Drag kjem frå. Les
meir her.
(29/10-02) |
Harald
Aadnevik gir ut ei bok med illustrerte danseviser
Teiknaren og folkedansaren Harald Aadnevik gjev i
samarbeid med Oslo Songdanslag ut ei bok der han har
illustrert mange av våre store vanlege danseviser, til
dømes "Herr Scinklar", "Liti
Kjersti" og "Falkvor Lommannsson". Her
kan du lese meir om boka og korleis du bestiller ho.
(26/10-02) |
Mykje
folk på Gamaldansfestival i Naustdal
Vi høyrer at det var 300 til stades i Naustdal 26.
oktober, der mellom andre Dalakopa spele. I pausen var
ungdomsprosjektet "Fjordapuls" frampå og
viste kva dei arbeider med. Dette danseprosjektet med
statleg og fylkeskommunal støtte hadde samling i
Jølster same helga. Arne sølvberg er prosjektleiar for
Fjordapuls.
(29/10-02) |
Folkedansen
i krise, skriv Nationen
I Nationen 22. oktober ffortel Georg Arnstad at i løpet
av 90-åra gjekk talet på registrerte folkedansarar ned
frå 25000 til 9000. Dei har også intervjua Kari
Margrethe Okstad som var leiar for seminaret på Voss
nyleg om "Folkedansen i krise?". Magnar Sundt
i LfS seier at det einaste som nyttar er å få
folkedansen inn i skulen. Meir
her.
(26/10-02) |
Oslokappleiken
med mange deltakarar og bra med publikum
Laurdag 26/10 var det Oslokappleik. Det byrja i 12-tida
og varde til "langt på kveld". Mange
deltakarar, både frå Oslo og andre stader. Frå
Valdres var det mange deltakarar og ein del også frå
Gudbrandsdal, Østerdal, Numedal og andre stader. Laudag
kveld er det kappleikfest på "Slurpen". Det
er Laget for Folkemusikk som står bak kappleiken. Meir
her. Resultata frå kappleiken er
her. Mange bilete frå kappleiken finn
du her..
(26/10-02) |
Norsk
folkemusikk til Sør-Afrika
Folkemusikkgruppa Korlunden i Fredrikstad reiser midt i
november til Cape Town der dei skal samarbeide med to
sør-Afrikanske grupper. Utanriksdapartementet støttr
prosjektet. Korlunden er ein oktett som syng både
religøs og verdsleg musikk. Dei har også med seg Jens
Nyplass som er leiar i Glåmos spelemannslag. Meir
her.
(26/10-02) |
Snart
nytt show for "Fjøgl"-jentene
Gruppa "Fjøgl" - Terese Moldestad, Liv Merete
Kroken og Unni Løvlid - alle frå Nordfjord har
premiere på sitt nye show i Bergen 3. november på
Logen Bar. Namnet på framsyninga er denne gongen
"Fjøgl til fjells". Dei skal så ut på
turne. Her
står meir om jentene og om turneruta deira.
(26/10-02) |
Representantskapsmøtet
i Rff vil ha meir pengar over statsbudsjettet
Heile 25 organisasjonar ber om i alt 17,5 mill kroner
over budsjettet for 2003, som ei oppfølgjing av
Arnestad-rapporten. I fråsegna krev dei at staten tar
sitt kulturelle ansvar for folkemusikken og folkedansen,
og gjev pengar til profesjonell formidling og
profilering av organisasjonar og utøvarar. Les
meir i Nationen:
(26/10-02) |
"Polsdans
og Plagiata" - konserten med musikk etter Hilmar
Alexandersen
vart svært godt motteken av publikum skriv
Trønder-Avisa etter konserten i Namsos. Det er far og
søner Larsen og P.A. Røstad jr som spelar og
Martin Myhr som dansar. Dette var ein av dei siste
konsertane i Rikskonsert-turneen.
(26/10-02) |
Rff-prisen
for 2002 til Hallvard Kvåle
Spelemannen Hallvard Kvåle frå Voss fekk årets
Rff-pris for sitt store arbeid med å formidle norsk
folkemusikk på plate. Fram til han selde selskapet sitt
Heilo i 1996 ga han ut 150 produksjonar. Storparten av
desse var folkemusikk og gamaldans. Utgjevingane var
alle prega av kvalitet. For nokre år sidan var Kvåle
sjuk, og kunne ikkje halde fram med plateproduksjonen.
Men han er framleis aktiv i Bærum spelemannslag.
Prisen, som er på 10000 kr er svært vel fortent.
(26/10-02) |
Joik
ved opninga av det nye biblioteket i Alexandria
Då biblioteket som det norske Snøhetta har teikna,
vart opna, var Lawra
Somby med i programmet. Saman med Anneli Drecker var
ho med på opningssermonien
Meir her.
(18/10.02) |
Berit
Opheim med urframføring under Ultima-festivalen i Oslo
Laurdag 4. oktober framførde Berit Opheim i
Universitetsaulaen Lasse Thoresens nye verk "Løp,
lokk & linjar" . I Ballade kan du lese meir om
både Opheim og verket.
(13/10-02) |
Norsk
Folkemusikklag med skrift nr 15 for 2001
I desse dagar har vi motteke Årsskriftet for Norsk
Folkemusikklag med tema "Tonalitet i
folkemusikken". Her finn vi mellom anna opptrykk av
Eivind Grovens artikkel om naturoneskalaen basert på
seljefløyta, og mange andre interssante artiklar om
temaet, mellom andre av Ingar Ranheim, Carl Petter
Opsahl, Herdis Lien, David Løberg Code, Ånond Egeland,
Johan Westman og Hans-Hinrich Thedens.
(13/10-02) |
Etnisk
Musikklubb med katalog nr 30 for oktober
Månadens album i Nordisk profil består av to CD'ar:
" Han rider den mørke natt" - Landstadplata
til Agnes Buen Garnås og "Bingsjø" med
den svenske spelemannen Anders Bjernulf. Han var ein av
artistane i Førde i sumar og salet av CD'en går godt,
fortel katalogen.
(13/10-02) |
Forestilling
om "Presten Landstad og jomfru Crøger"
Den 7. oktober var det 200-årsdagen for M.B.
Landstad sin fødsel, og då starta også prøvene
på ei ny forestilling som skal framførast i Jacob
kirke i Oslo 26. og 27. oktober. Sigvald Tveit er
musikalsk ansvarleg, Edvard Hoem har skreve teksten og
Stein Winge har regien. Marit Andreassen spelar Olea
Crøger og Bjørn Sundquist er Landstad. Øyonn Groven
Myhren syng stev og spelar lyre. Det er Aftenposten som
skriv dette.
(13/10-02) |
Meir
Folkemusikk i NRK TV?
Ei noko kryptisk melding frå NRK kan tyde på at dei
planlegg meir folkemusikk og dans ut til folket? Eller
korleis skal vi forstå det NRK skriv? Les
her sjølv.
(12/10-02) |
Den
Norske Folkemusikkveka i Ål 2002 er godt nøgd med seg
sjølv
Styreleiar Bjarne Lien fortel til DT at 2002 vart eit
godt år for festivalen. Les
meir her.
(12/10-02) |
Eiker
Spelemannslag gjev ut CD med tradisjonsmusikk frå Eiker
og Modum
Laget feirer 30 år, og musikalsk leiar Bente Solbakken
fortel til Drammens Tidende at CD'en inneheld 30
musikkstykkje som ikkje har vore innspela før - typisk
bruksmusikk. Dei feirar 30 år med jubileumskonsert
søandag 13. oktober. Les
meir her.
(12/10-02) |
Kurs
i fleire ulike dansar i Nord-Aurdal laurdag 12. oktober
I Skrautvå Grendehus blir det kurs i Bonde,
Valdresspringar med to fylgje, og konsert om kvelden. Les
meir her.
(11/10-02) |
FolkemusikkSCENA
- Oslo presenterer programmet for OsloFOLK hausten 2002
Det er 3 ulike tilskipingar, oktober 24 og oktober 25 og
november 9. I november blir eit bestillingsverk "Lille
Alhambra på Bislett bad". Vidare er det
"Blåmann, Blåmann" og Jon Balke - BATAGRAF. Sjå
her.
(9/10-02) |
Åse
Teigland norsk medlem i European Youth Folk Orchestra
(EYFO)
Orkesteret består av 11 unge folkemusikarar frå 9
ulike land, og dei skal spele på Osafestivalen i
år. Orkesteret hadde verdspremiere i Vercelli i Italia
i juni 200, og har nyleg gjeve ut CD. Les
meir her.
(8/10-02) |
Gamaldansfesten
i Porsgrunn i september ein suksess
Tilskiparlaget
"Danselaget" medler om 93 betalande
deltakarar i Folkets hus og det er dei godt nøgde med.
Neste gamaldansfest er bestemt til 25. januar 2003.
(9/10-02) |
Ballett
på Vestlandskappleiken
Bergenspuls skriv om Vestlandskappleiken at det også
blir ballett.
Les her.
(5/10-02) |
Telemark
Fylkesmusikklag fyller 50 år med storstilt konsert i
Seljord
I dag er det 17 lag og rundt 500 medlemer tilslutta
laget, fortel leiaren Hans Frømyr til Varden. Fredag
kveld er det jubileumskonsert mad ei rad av dei fremste
folkemusikarane i Telemark. I helga er det også
Fylkeskappleik på Granvin i Seljord. Meir
her.
(3/10-02) |
Lars
Underdal solist på hardigfele i internasjonalt verk
Lars Underdal er ein av
solistane i det nye verket
"Violintripelkonzert" av den tyske komponisten
Karsten Gundermann. Urframføringa av verket vil
finne stad 6. oktober i Dreikönigskirche, som ein del
av samtidsmusikkfestivalen Dresdner Tage der zeitgenössischen
Musik. Les
meir her.
(3/10-02) |
To
nye CD'ar frå plateselskapet Ta:lik i Valdres
Dei to CD'ane inneheld arkiv-opptak: TA3: er opptak med
Harald Fylken (1910-1963) frå Vestre Slidre, og opptaka
er frå 1950-talet. Han var ein drivande god
dansespelemann. TA4: er opptak med Sigurd Eldegard
(1893-1962) frå Årdal. Bestefar hans var den
kjende spelemannen Sjur Eldegard som har vore ei viktig
kjelde for spelemenn som Håkon Høgemo og Svein
Skjerdal. Meir info om dei
to CD'ane her.
(1/10-02) |
Ingunn
Linge Valldal vart fylkesmeister i Møre og Romsdal
På Fylkeskappleiken i Valldal i helga vart ho meister i
spel for 4. gong på rad, og fekk høgste poengsum
totalt på kappleiken. Nærpå 150 deltakarar i spel og
dans var med på kappleiken. Anne Britt Hjortdal og
Svein A. Vatnehol frå Ålesund spelemannslag vart
meister i dans. Meir
her.
(1/10-02) |
Folkekulturfestivalen
(NU-stemnet) på Beitostølen også i 2003
I 2003 vert festivalen 8-10.august for å unngå
kollisjon med Førde-festivalen og Quart.
Festivalnemnda er Oddrun Sandal (leiar), Eli M.
Ulvestad, Gro Vetås og Sølvi Kaupang Paulsen. To
nemndplassar står framleis opne.
(1/10-02) |
Kjersti
Prestkvern fekk Vardenprisen 2002 for bunadarbeid
Kjersti Prestkvern frå Hamar fekk tidlegare i år
tildelt prisen for sitt mangeårige arbeid for
draktradisjonar. Ho var mellom anna med og rekonstruerte
Hedemarksdrakta som var ferdig i 1994. Kjersti dansar i
Folkedanslaget Sølja og Moulineten stildansgruppe på
Hamar.
(1/10-02) |
Gunnar
Rødal slutta i NU i oktober 2001
Vi har ikkje fått det med oss før, men tar det med no.
Reisande danseinstruktør i NU frå midt på 60-talet
Gunnar Rødal har slutta i NU. Han hadde då halde kurs
for 212 834 elevar i folkedans. Det er langt fleire enn
det Klara Semb i si tid rakk over. Biletet viser Gunnar
då han vart utnemd til æresmedlem i NU i 2001. Som ein
av dei få gjennom tidene.
(30/9-02) |
"Havleikur"
på Færøyane i juli eit vellukka stemne
I alt deltok det 300 utsendingar frå dei nordiske landa
og shetland. Av dei var 42 frå Noreg. På
avslutningsfesten var det heile 480 deltakarar. I eit
kort referat i Ungdom (2/2002) fortel Morgan Olsen at
Færøydansen i 1998 vart eit obligatorisk emne på alle
klassesteg i grunnskulen på Færøyane.
(30/9-02) |
Utskiftingar
på NU-kontoret
Kulturkonsulent Audun Moen har slutta og flytta til
Hallingdal. Kulturkonsulent Ida Marie Holmin har
permisjon i eit år. Frå 1. oktober er Tina Vilencia
tilsett som ny Informasjonskonsulent. Dessutan har Vidar
Skrede byrja som sivilarbeidar. Han er dessutan
felespelar.
(30/9-02) |
NU-leiar
Bjerkem er stolt over mykje, men også sint for ein del
I siste nr av Ungdom (2/2002) er han mellom anna stolt
over at NU-stemnet har blitt til Folkekulturfestival, at
NU sentralt no går i balanse, at NU har fleire aktive
ungdomslag enn det er kommunar i landet. Sint er han
mellom anna for at NU har 27 fylke medan resten av
landet synest 19 er nok, og særleg for at NU får langt
mindre i offentleg stønad enn det han synest NU bør
få.
(30/9-02) |
Usikker
framtid for "Rättvikdansen"?
Det skal vere usikkert korleis festivalen vil sjå ut i
framtida og om det i det heile blir festival.
Les her kva avgåande leiar skriv.
(30/9-02) |
Folkemusikkseminaret
i Valle 18-20 oktober har tema vokal
Programmet for seminaret ligg no føre. Det vert mellom
anna "masterclass" med kjende kvedarar som
Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Hallvor
Håkanes. Les
meir her.
830/9-02) |
"Hemsing-systadn"
i Valdres har stadig nye spennande oppdrag
Dei to systrene Ragnhild (14) og Eldbjørg (12) frå
Aurdal, som både spelar hardingfele og fiolin, har
mange planar. Dei skal mellom anna delta på
Osa-festivalen, og spele rundt om i mange land. Les
kva avisa Valdres skriv.
(30/9-02) |
Landstad-CD'en
til Agnes Buen Garnås svært godt motteken
CD'en som kjen ut i samband med at det er 200 år sidan
Landstad vart fødd, har blitt positivt omtalt i mange
av dei største avisene. "...selv om samarbeidet
med Garbarek på "Rosensfole" var spennende
nok, har Agnes' stemme sjeldent kommet så godt til sin
rett som her." skriv Carl Petter Opsahl i VG. I
Aftenposten har dei også eit intervju med Agnes (30/9).
(30/9-02) |
Folkedansen
i krise?
Dette er spørsmålet for seminaret på Voss i samband
med 10-års jubileet for Osa-festivalen. Egil Bakka,
Martin Myhr, Leif Sinnerbom og Ellen Persvoll er mellom
innleiarane på seminaret.
(25/9-02) |
Mange
gode kvedarar og musnnharpespelarar på
Setesdalskappleiken 2002
I munnharpe senior vart Sigurd Brokke best føre Svein
Westad. I kveding klasse B vart Liv Helga Brokke best.
Hardigfele klasse A vann Torgeir Straand.
(25/9-02) |
Folkemusikkdagane
i Porsgrunn: Knut Buen fekk Fykerud-medaljen
Folkemusikkdagane i Porsgrunn markerte 100år etter Lars
Fykerud sin død. I A-klasen i hardingfele vart Torgeir
Straand (pokal til beste spelemann)best med Per Anders
Buen på andreplass (pokal for beste slått). Hæge
Manheim vart best i dans klasse A jenter og Arvid
Sperrud i dans klasse A gutar.
(25/9-02) |
Torill
G. Faleide ny ved Førdefestivalen.
Ho er tilsett som informasjons- og marknadsmedarbeidar
ved Festivalen. Ho overtek etter Laila Hjellvoll, og
kjem frå Avisa Firda.
(25/9-02) |
Framifrå
musikarar frå Kviterussland og Krigistan gjester Noreg
Dei skal mellom anna til Kongsberg, der dei også skal
på folkemusikkpøbb. Meir
her.
(25/9-02) |
Fjøgl
sin nye folkemusikk-kabaret får premiere 3. november
Det
skjer i Logen i Bergen. Fjøgl, og etterpå blir det
turne. Den førre kabareen deira vart svært godt
motteken med ein kombinasjon av framifrå slåttespel og
stev med laussluppen humor og sjølvironi. Med i Fjøgl
er som kjent tre jenter frå Nordfjord: Liv Merete
Kroken, Unni Løvlid og Sigrid Moldestad. alle tre er i
A-klassen.
(22/9-02) |
Sven
Nyhus fekk Sankt Olavs Orden på Røros i
Falkbergesalen
I helga midt i september fekk Nyhus overrekt Sangt
Olav Orden på eit tilstemming i samband med
100-årsmarkeringa for Johan Falkberget sitt
forfatterskap.
Les meir i Fjell-ljom.
(20/9-02) |
Korleis
kan folkemusikken fornye seg?
Slik spør felespelaren Olav Sæta i siste nr av
Spelemannsbladet (6/2002) i ein lang artikkel. Han slår
fast at folkemusikken må fornye seg, men etterlyser ein
debatt om korleis det skal foregå. Han drøfter også
ulike sider ved kappleiksystemet, og korleis det
påverkar utviklinga. Han hevdar at nytenking også kan
skje ved at ein går attende til kjeldene, granskar dei
og utforskar dei.
(20/9-02) |
Rff:
Støndsmidlar for 2. halvår 2002
Rådet for Folkemusikk og folkedans har fordelt
tiltaksmidlane (kr 276 000) og formidlingsstønaden (kr
26000) for 2. halvår 2002. Mykje av stønaden går til
CD-produksjon og turnear, men også ein del andre ting.
Søknadssummane var over 3 gonger utdelte midlar. I alt
var det 47 ulike tiltak som fekk støtte. Sjå
heile lista over stønader her.
(20/9-02) |
Synnøve
S. Bjørset norsk "utsending" i England
I alutten av august var folkemusikarar frå
Nordsjølanda samla til øving og konsert i Oxfordshire
i England. Bjørset var der frå Noreg. Les
meir i Ballade.
(20/9-02) |
Anette
Skullestad spela på Madsebakken skole
Anette Skullestad vart best på torader senior på
Titanofestivalen i år, og spela på skolen i staden for
i Trondheim der Ungdommens kulturmønstring skulle vore,
men den vart avlyst. Les
meir her.
(19/9-02) |
Felespelaren
Nils Økland lagar ny slått til 10-års jubileet til
Ole Bull Festivalen
Økland er intervjua av Haugesunds avis, og fortel
mellom anna at han skal lage slått til jubileet. Les
intervjuet her.
(19/9-02) |
Den
nye CD'en til Gåte blir stort sett svært godt motteken
For nokre dagar sidan kom gruppa "Gåte" frå
Trondheim med CD'en "Jygri". Her får vi
folkemusikkstoff i rock-form. CD'en har blitt omtala i
mange aviser og radio, og over alt der det gode omtalar.
Tirsdag 17. august gjev til dømes Dagsavisen CD'en 5
poeng. Det er særleg den unge vokalisten Gunnhild
Sundli som blir framheva. Plata inneheld mellom anna
middelalderballader som "Bendik og
Årolilja". Men Bergens Tidende gjev berre
terningkast 2. Les
her kva NRK skriv. Les BT-intervju
med Gåte her.
(19/9-02) |
Embrikt
Bergaplass spelar inn ny torader-CD
Den kjende spelemannen har vore i studio og gjort opptak
til ein ny CD. Det er 22 år sidan Embrik Bergaplass gav
ut lp'en «Ha du kji hoppa...», ei plate med blanding
av runddansmusikk, springar og laus. Den nye plate kjem
til jul eller til Folkemusikkdagane i Ål 2003. CD'en
vil innehalde både gamaldans, springar og laus. Meir
her.
(19/9-02) |
Distriktskappleiken
i Tretten: Mange frå Lom som vann
Det var kring 1000 tilreisande på kappleiken midt i
september. Knut Kjøk og Astrid Sulheim frå Lom spel og
dansarlag tok første og andreprisen i seniorklassen.
Lom vann også lagspel senior. Les
meir her. Og
her er komplett resultatliste.
(17/9-02) |
Sinnika
Langeland med ny CD med runesongar
Det er "runesongar" som skogfinnane tok med
seg til Hedemark på 1600-talet Langeland har teke for
seg. CD'en heiter "Runoja". Songen er sterkt
prega av improvisasjon. På plata har ho med seg kjente
musikarar: Arve Henriksen (trompet), Bjørn Kjellemyr
(bass) og Pål Thowsen (trommer).
(15/9-02) |
Gruppa
"Gåte" skal på turne i oktober
Den populære folk-rock gruppa skal på turne med
Riksonsertane. sogndal, Ørsta, Ås, Bø, Kongsberg,
Trondheim får besøk. Med i gruppa er Magnus Børmark
– gitarer, Gjermund Landrø – bass, saksofon, synth,
Gunnhild Eide Sundli – vokal, Sveinung Eide Sundli –
groovebox, synth, fele, Martin Viktor Langlie -
slagverk. Sjå
meir her. Og
her hos NRK.
(13/9-02) |
Draumkvedet-plata til Aslak Høgetveit på CD
LP-plata som kom i 60-åra, etter innspeling i NRK i
1966, er no å få på CD. Aslak Høgetveit fyller 90
år i år, så det høver godt å få denne fine plata
ut på nytt. LP'en har vore utselt lenge.
(12/9-02) |
Etnisk
Musikkklubb med ny katalog og heimeside
"Månadens album2 i Nordisk profil er ein ny CD med
opptak av Torleiv H. Bjørgum og CD'en Nivelkinn med
Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga. Etter mykje om og
men har klubben også fått seg heimeside der ein kan
bestille plater. det er www.etniskmusikklubb.no.
Av nye CD'ar under Nordisk Profil ser vi elles plata til
Knut Kjøk og Dag Gården, plata til Vågå
Spelemannslag, nyutgjeving av Draumkvedet med Aslak
Høgetveit og den nye til Karl Seglem og
"Sommarkveld i Jølster" med Anders Viken.
(12/9-02) |
Osa-festivalen
feirer i år 10 år med bestillingsverk av Nils Økland
Festivalen er helga 11 - 13 oktober og ei rekkje
framifrå utøvarar vil delta, mellom dei Kirsten
Bråten Berg, Knut Hamre, Gunnlaug Lien Myhr, Martin
Myhr, Geir Egil Larsen, Susanne Lundeng og mange andre. Les
meir i Bergens Tidende.
(10/9-02) |
Oppland
Fylkeskommune gjev 700000 til fem musikarar i fylket
Dei fem er Pianoduoen Kristin Fyrand Mikkelsen og Gunnar
Flagstad frå Gjøvik, duoen Knut Kjøk og Dag Gården,
alias gruppa «frå folk te' folk», og
"nykommaren" felespelaren Vegar Vårdal som no
bur i Vågå. Frå før har fylkeskommunen e
samarbeid med Lillehammer blåsekvintett og Valdres
folkemusikkgruppe, og dett vil halde fram. Les
meir her.
(10/11-02) |
Elevar
er med og registrerer musikk på Østre Toten
Kjell Stokke og Stein Villa fra Tradisjonsmusikkarkivet
i Vestoppland har hovudansvaret for undersøkelsen der
dei registrerer gamle og nyare instrument og musikk som
har vore i bruk i distriktet. Meir
her.
(10/9-01) |
Internasjonal
Munnharpefestival på Rauland 11 -14 september
Det er den fjerde festivalen i rekkja, og opnar med
ikkje noko mindre enn eit bestillingsverk for 4
munnharper av Arne Nordheim. Dei tidlegare festivalane,
som vert haldne kvart 3. år, var i USA, Yakutia (Sibir)
og i Austerike. Det kjem grupper av sspelemenn, songarar
og dansarar frå mange stader i verda, mellom anna sibir
og Japan. Les
meir her. Det blir 120 deltakarar frå 25 land
fortel
avisa Varden
(9/9-02) (11/9-02) |
Spennande
CD med opptak av Sigurd Eldegard (1893-1962) frå Årdal
Det er Plateselskapet Ta:lik i Valdres med Synnøve S.
Bjørset frå Jølster som prosjektleiar. Opptaka er
frå NRK og er 40 år gamle. Plata er den fjerde som
Ta:lik gjev ut. Ho skal sleppast på Vestlandskappleiken
i Bergen 4 - 6 oktober. Mellom aktørane på sleppet
finn vi Håkon Høgemo,
Synnøve S. Bjørset, Sogn Spel og Dansarlag, og Svein
Nesje. Les
meir her.
(9/9-02) |
Forestillinga
”Skal
– skal ikkje” ut på turne i september
Forestillinga er dramatisk folkedans/musikk-teater og
vart uroppført på Førde-festivalen. Det er gruppa
"Kvarts" som har laga musikken. Mellom
dei som er med er Berit Opheim og Øyonn Groven
Myhren, Solveig Hårdnes og Martin Myhr. Les
meir i pressemeldinga her.
(7/9-02) |
Agnes
Buen Garnås med ny CD med stoff som M.B. Landstad
skreiv opp
Den 7. oktober er det 200 år sidan Landstad vart fødd.
CD'en heiter "han rider den mørke natt" og
har med seg musikarane Sigbjørn Apeland, Per Anders
Buen Garnås, Marilyn Mazur og Ruth Wilhelmine Meyer. Meir
her. Les
også om plata og jubileet her.
(7/9-02) (13/9) |
Neste
år: Telemarkfestivalen kolliderer med Notodden Blues
Festival
For å unngå andre kollisjonar, har Blues-festivalen
flytta si helg til den første i august, og det
kolliderer med Telemarkfestivalen. Til dette seier
festivalleiar Kjell Bitustøyl til Telen at det er
"ekstremt dårlig og usolidarisk gjort".
(7/9-02) |
Rikskonsertane:
Turne med Hilmar Alexandersens musikk i oktober
I oktober får mange Trøndelagsbygder eit framifrå
konserttilbod. Dei som står bak er Geir Egil, Gjermund
og Einar Olav Larsen, Petter Andreas Røstad jr. og
Martin Myhr.
Les meir her.
(7/9-02) |
Kulturytringar
som gamaldans og danseband må også få støtte
Det hevdar historie-professor Knut Kjeldstadli i si nye
bok "Innvandringens historie". Han hevdar at
vi støtter folkelege etniske musikkformer til dømes
frå Afrika, medan folkelege norske musikkformer blir
neglisjert og sett ned på. Meir
her.
(1/9-02) |
Annbjørg
Lien & Co bergtok publikum ved opninga på
Nordsjøfestivalen
Farsunds avis gjev rosande omtale av opningskonserten
på festivalen. Les
meir her.
(31/8-02) |
FolkemusikkPøbben
Columbi Egg i Bergen har programmet klart for hausten
Dette skal vere landets mest aktive folkemusikk-klubb,
og held til i Cafe Colomba i Øvregaten 17. Musikalsk
vert er Gabriel Fliflet, og han garanterer "knivskarp
ubalanse mellom det sømmelige og det usømmelige, det
lyriske og det himmelstormende, det vakre og det råe".
Sjå elles "Alt
som skjer" og heimesida til Columbi
egg. Konsertane er måndagar, og konsertstart er
20.30 eller 21.
(29/8-02) |
Første
Folkemusikkpøbb i Oslo 2. september på Cordial Scene
Det er FolkemusikkSCENA Oslo som samarbeider med
Cordial Scene og Laget for Folkemusikk om FolkemusikkPØBB
på Cordial scene (Storgata 45). Denne første kvelden
er det Majorstua Spelemannslag som opnar sesongen. Dei
har vunne fleire kappleikar, mellom anna klassen for
spelemannslag på Landskappleiken i Rauland i 2001 og
Åpen klasse på Landskappleiken i Vågå no i år. Med
i spelemannslaget er Andreas Skeie Ljones, Jorunn Marie
Rypdal Kvernberg, Tove Hagen, Ragnhild Furebotten, Synnøve
S. Bjørset og Gjermund Larsen. Les om dei på heimesida
http://www.spelemannslag.no.
(27/8-02) |
Vellukka
Gammeldansfestival i Sørfjorden i Rana
Trekkspel, dans, campingliv og kaffekarsk. Dette er noko
av det sentrale for Sørfjorden Nye
Gammeldansfestival. Les
meir i Rana Blad.
(27/8-02) |
Gunnar
Stubseid ny leiar ved Ole Bull Akademiet
Stubseid (54 år) er tilsett som ny rektor etter
Jostein Mæland, som har vore rektor heilt frå starten.
Stubseid har dei 4 siste åra vore undervisningsleiar
ved Akademiet. Stubseid er frå Bygland i Setesdal, er
ein av våre beste spelemenn på hardingfele, vore med
på mange plater og vore redaktør i Spelemannsbladet i
mange år, og skreve mange artiklar om folkemusikk. Ny
kunstnarleg og pedagogisk leiar for Spelemannsskulen og
Kvedarskulen er også tilsett. Det vart Håkon Asheim
(40 år) frå Oslo, men med slektsrøter i Valdres. Han
er cand. philol. med hovudfag i musikk frå
Universitetet i Oslo. Les
meir i Ballade.
(26/8-02) |
Klart
for Nordsjøfestivalen i Farsund
Siste helga i august går Nordsjøfestivalen av
stabelen. Mellom aktørane er Annbjørg Lien og Bjørn
Ole Rasch og gruppa "Blåmann, blåmann". Meir
her.
(26/8-02) |
Framifrå
kurs i folkemusikk i Suldal i september
Ruth Anne Moen ved Folkemusikkarkivet for Rogaland på
Sand. står bak spel- og dansehelga i Suldal, saman med
Ryfylkemuseet og Vibå spelemannslag. Det er svært mang
dugande lærarar, mellom dei Unni Løvlid, Anders Røine
og Øyvind Vabø. I fjor var det 60 deltakar på det 3
dagar lange kurset. Meir
her.
(26/8-02) |
Haustprogrammet
til Columbi Egg i Bergen er no klart
Det er Gabriel Fliflet som minner oss om dette i ein
e-post. Dei held framleis til på Cafe Colomba i
Øvregaten 17. På heimesida si fortel dei at dette er
landets mest aktive folkemusikk-klubb. Konsertane er
måndagar og startar normal kl 20.30, med billettsal
frå kl 19.45. Første tilskipinga i haust er måndag 2.
september med Catriona Macdonald, Berit Opheim, Gabriel
Fliflet, Olav Tveitane. Programmet ser elles svært
spennande ut. Programmet står i "Alt som
skjer" og på heimesida
deira.
(25/8-02) |
Naustdal
Musikkproduksjon på Internett
Det er Einar Eimhjellen som står bak tiltaket og
presenterer tre bøker og plater med musikk frå
Naustedalen i Sunnfjord og frå Flora. Her
kan du sjå detaljane.
(25/8-02) |
Verdsmusikk-legende
Hariprasad Chaurasia til Noreg
Han er rekna som ein av verdas aller freste innan
verdsmusikk. Han er frå India og spelar på den indiske
fløyta bansuri. "Samspill" arrangerer
workshop og det blir to konsertar med Karvan og Mari
Boine 22. og 24. august i Drammen Teater og på
Musikkhøgskolen. Meir
her.
(17/8-02) |
Tradisjonstreff
på Heddal Bygdetun laurdag 17. august
Det er eit samarbeid mellom Fjellrosa Spel- og danslag,
Vidar Ungdomslag og Heddal og Notodden Museumslag, og
som i fjor blir det forteljarkunst, felespel, dans og
anna. Meir
her.
(16/8-02) |
Kolden
& Co frå Skjåk beste gruppe på Landsfestivalen i
gamaldansmusikk i Førde
Dei første dagane i august vart Landsfestivalen avvikla
i Førde på ein fin måte. Totalt var det om lag 10 000
personar innom på dans, spel og konsertar. Av desse var
725 gjennomgangs- billettar til heile festivalen og 600
var deltakarar. Festivalsjef Sigmund Eikås fortel
til Firda at festivalen truleg får eit lite
overskot. Best i lagspel vart Sør-Fron Spelemannslag
som i fjor. Alle
resultata frå festivalen her.
(16/8-02) |
Olav
Sem til Telen: Godt nøgd med innsatsen på
Landskappleiken
Han fortel at han er godt nøgd med det han presterte
både i dans og kveding. Men har synest rekrutteringa
til dans er dårleg i Telemark. Les
meir her.
(12/8-02) |
Pål
Kluften avduka på nytt etter 59 år!
Musikaren, diktaren og felespelaren Pål Kluften,
Nord-Sel, fekk avduka statue av seg for 59 år sidan,
eitt år etter han døydde. No er statua avduka på
nytt, fortel Gudbrandsdølen/Dagningen.
(11/8-02) |
Publikumsrekord
på Telemarksfestivalen 2002
Med til saman 5500 besøkande vart det ny rekord i år -
det er litt meir enn på Jørn Hilme stemnet. I alt var
det 3200 selde billettar, 8 av 24 tilskipingar var heilt
fullsette. Det var 160 artistar som deltok og 160
deltakarar på dei 14 ulike kursa. Det var fleir
nyskrevne verk og urframføringar. Seglem sitt
FolkJazzEnsemble urframførte "Blå Morene" og
Carlos Jeldes' "La historia de Carlos",
"Flomål" med Ola Bremnes sitt band og
"Gåtesong" med Ingvill Marit Garnås og Jon
Anders Halvorsen. Alle vart vel mottekne av publikum. Meir
her.
(11/8-02) |
Kristin
Gravaune (15 år) frå Oppdal fekk Eckbo sin
folkemusikkpris 2002
Prisen vart utdlet på Telemarkfestivalen og er på kr
15 000 med diplom. Han går til unge formidlarar av
norsk folkemusikk. Ho har vunne Titanofestivalen på
durspel/torader 3 gonger og fått fine plasseringar på
Landsfestivalen i gamaldansmusikk. I 2001 gav ho ut
eigen CD - "Det blå rommet" med mange
eigenkomponerte melodiar. Ho har komponert i alt 70
melodiar. Ho har også tidlegare motteke fleire
heidersprisar.
Meir her.
(11/8-02) |
Tidlegare
NU-leiar Arne Kløvjan er død
Arne Kløvjan vert gravlagd fredag 2. august. På
slutten av 60-talet og på byrjinga av 70-talet var han
formann i Noregs Ungdomslag i 4 år. Dette var ei tid
med høg aktivitet og omstilling i ungdomslagsrørsla.
Kløvjan var frå Trøndelag og budde i Romsdal.
(1/8-02) |
Prinsesse
Märtha opna Telemarksfestivalen i Bø i strålande ver
Torsdag 1. august såg vi på dagsrevyen at prinsessa
opna festivalen i fint ver, med mykje folk til stades,
og fekk høyre eventyr fortalt av ein habil konkurrent -
Olav Sem.
(1/8-02) |
Statsministeren
skal lære folkedans på NU-kurset
Fredag
2. august frå 13.00 til 15.000 får sommarkurset i
Noregs Ungdomslag besøk av Statsminister Kjell Magne
Bondevik. Her
vil han møte over 60 ungdommar som arbeider i 9 dagar
med folkedans, folkemusikk, bunadsarbeid, teater og
organisjonsarbeid. Bondevik
har bede om å få eit dansekurs og han kjem i høve at
songdansen, og dermed den organiserte folkedansrørsla i
år er 100 år. I og med at det eine kurset er eit kurs
for danseinstruktørar, skulle det ikkje mangle på
kompetente lærarar for statsministeren.
(1/8-02) |
Heilsider
med folkemusikk i Aftenposten 30. juli (kveldsutgåva)
Begge midtsidene og mykje av framsida er via norsk
folkemusikk - og det skjer ikkje kvar dag (!).
Hovudoppslaget er at Øyonn Groven Myhren og Odd
Nordstoga dagen etter lanserer den nye CD'en
"Nivelkinn", og at også prinsesse Märtha
skal vere til stades. Dei to blir intervjua om CD'en og
om norsk folkemusikk meir allment. Vi får også eit
noko kortare intervju med Annbjørg Lien, som spår
aukande interesse for folkemusikken vår. Flott av
Aftenposten!
(30/7-02) |
NU-veteranen
Knut Lauvrud er død 81 år gamal 15. juli 2002
Knut Lauvrud døydde brått og uventa: Berre ei veke
før han døydde heldt han stemnetalen på NU-stemnet
på Beitostølen. Nærpå heile livet arbeidde han
innanfor den frilynde ungdomsrørsla. Frå 1946 til
frampå 80-talet var han tilsett i ulike stillingar
innan ungdomslagsrørsla, det meste av tida som
reiseskrivar i NU og som kontormedarbeidar. Dei siste
åra fram til han vart pensjonist i 1988, var han
kultursekretær og kultursjef i heimekommunen Øystre
Slidre. Han var redaktør av "Jul i Valdres"
heilt frå 1978.
(30/7-02) |
Hallgrim
Berg med kronikk i Aftenposten: "Norsk folkemusikk - med
lua i handa?"
Berg (29/7) argumenterer mot at organisasjonane innan
feltet skal slå seg saman. Han krev elles at det
offentlege må ta større ansvar for folkemusikken og
dansen. Av konkrete tiltak nemner han to: Vi bør få
eit eige hus i Oslo for folkemusikk og dans, og vi må
få eit fast og frittståande folkemusikkensemble på
profesjonelt nivå.
(29/7-02) |
Geir-Helge
Espeseth/Gunnlaug Lien Myhr beste dansarar på
Jørn Hilme stemnet
Dei vann i hardingfele klasse A med 100 poeng føre
Vidar Underseth/Leikny Aasen (95 p) og Erik Onstad/Ellen
Persvold (94). I B-klassen dans hardingfele vart Erik
Onstad/Ellen Persvold/Tone Vvoldhaug best (98 p)
føre årets norgesmeistrar på landskappleiken Ami
Pettersson/Håkon Dregeli som kom både på 2. plass
(rudl 96 p) og 3. plass (springar 93 p). I
C-klassen vart Torkjell Lunde Børsheim/Eli Børsheim
best (springar 86 p) og nestbest (rudl 81p) langt føre
dei neste. I dans B-klassen fele vann Anne Eidsand
m/fylgje (80 p). I lausdans klasse A vart Martin Myhr
best (99 p) føre Rolf Bjørgan (92 p). I lausdans
imponerte likevel Torkjell Lunde Børsheim mest -
som C-klassing fekk han heile 92 poeng! Alle
resultata her.
(11/8-02) |
Per
Anders Buen Garnås beste spelemann under Jørn Hilme
stemnet
Han vann hardingfele klasse A med 137 poeng føre Jan
Beitohaugen Granli (134), Gro Marie Svidal (133) og
Erland Joplassen (131). I spel fele klasse A vann Torill
Aasegg (131 p), føre Andreas Ljones (129) og Tore
Rødølen (126). Spel hardingfele klasse B vann Britt
Pernille Frøholm (121 p) føre Johanna Lone Rognved
(117) og Ingvild Kleiveland Vevle (111), og spel
fele klasse B vann Kari Grøsland (116 p) føre Mari
Skeie Ljones (110) og Anne Eidsann (93). I spel
langeleik solo senior vann Ole Aastad Bråten med heile
138 poeng føre Ingvild Lie. Beste kvedar i A-klassen
vart Camilla Granlien (125 p) med Olav Semb på neste
plass (123 p). Heile
resultatlista her.
(11/8-02) |
Bestillingsverk
til Jørn Hilmestemnet gjorde stor lukke
Avisa Valdres fortel at det vart ei stor oppleving å
høyre bestillingsverket "Mellom himmel og
hav" som vart framført under stemnet. Dei
somlaga verket, og også framførte det, er Vegar
Vårdal (Bærum), Kjersti Vindal (Trondheim) og Henning
Andersen (Valdres). Vårdal og Andersen spela fele medan
Vindal, som er klassisk skolert og spelar i
symfoniorkester i Trondheim og Helsinki, spela harpe.
(11/8-02) |
Jørn
Hilme stemnet avvikla på ein finfin måte også i år
Hilmestemnet i slutten av juli har gjennom dei siste
åra funne si form, som ein av våre mest spennande
festivalar. Det vakre området på Valdres Folkemuseum
er ei fin råme for intimkonsertar og kveldsdans på
mange golv, og Kulturhuset høver godt til tevlingane og
dei større konsertane. Til saman var det om lag 5000
besøkande, det same som rekordåret 2001. Biletet viser
litt av lagdansen på utescena på Museet. Meir
info frå festivalen her. Heile
resultatlista her.
(29/7-02) |
Ingar
Ranheim fekk Haldor Røynes ærespris under Jørn Hilme
stemnet 2002
Under Jørn Hilme stemnet på Fagernes siste helga i
juli, fekk Ingar Ranheim tildelt Røines ærespris for
sitt omfattande arbeid for folkemusikk og dans. Han er
no styrar på Valdres Folkemuseum og kjent som ein av
våre beste dansarar og langeleikspelarar.
(29/7-02) |
Gruppa
"Krøklun" frå Sør-Fron på konsertferd
heilt til India
I oktober skal gruppa i regi av Rikskonsertane heilt til
Østen. Dei tre jentene i "Krøklun" er Jorunn
Alme, Ragnhild Stensrud og Ingunn Bø, som alle er 21
år. Meir
her.
(26/7-02) |
Folkemusikkens
dag på Hadeland Folkemuseum søndag 28. juli
Det blir spel og dans, og mellom artistane finn vi
Hadeland Spelemannslag, Furuleiken Spel- og danselag,
Rasardor’n og Toves. Publikum kan også vere med på
dansen. Meir
her.
(24/7-02) |
Spennande
"Gå gardimellom" på Rudi Gard
I denne veka, 19 - 28 juli, er det mykje som skjer på
Rudi Gard i Gudbrandsdalen. Måndag var det fullt hus -
350 personar, i "Fjostrevet". Onsdag er det
Ingunn Linge Valldal og Knut Ivar Bøe, torsdag mellom
andre Reidar Svare, Amund Bjørgen og Bjørn Odde og
fredag P.A. Røstad’s jr. orkester med Einar Olav og
Gjermund Larsen og Sør-Fron spelemannslag. På dagtid
er det kurstilbod med artistane. Meir
her. Sjå
også her.
(24/7-02) |
Førdefestivalen
tilset ny informasjonsmedarbeider i full stilling
Stillinga er nyoppretta og utlyst i siste nummeret av
Spelemannsbladet (5/2002) og frist for å søkje er 10.
august. Sjå
her
(23/7-02) |
Distriktskappleiken
på Tretten 13 - 15 september
Laget som skipar til kappleiken er Vardkampen spell og
danselag, som vart starta så seint som i 1986.
Tevlingane blir mest i Trettenhallen. Fredag blir det
lagspel og lagdans, laurdag dei andre klassane, og
søndag er det Meisterkonsert.
(23/7-02) |
Randi
Torgersen sluttar i Den norske Folkemusikkscena
Randi Torgersen sluttar og byrjar i ny jobb på
Rikshospitalet 1. oktober, 3 månader før
3-årsprosjektet er slutt. Den norske Folkemusikkscena
har elles mange tiltak for året som kjem.
(22/7-02) |
Polsen
får sin eigen festival: I Melhus 20-21 september
Fjordårets arrangør av Landsfestivalen , Søndre
Trondhjem spellmannslag, skipar til nordisk polsfestival
med mottoet "pols uten ende", fortel Arild
Hoksnes til Spelemannsbladet. Tre sterke namn frå
Røros er alt klart: "Småviltlaget",
"Dalakopa" og Sven Nyhus. Det skal også
kårast "Drømmespellemann", den beste
dansespelemannen. Meir
på Internett.
(22/7-02) |
Tida
for gammaldans i Førde nærmar seg
I tida 1 - 4 august skipar Indre sunnfjord Spelemannslag
til Landsfestivalen
i gamaldansmusikk. Dei ventar 5000 besøkande til
festivalen, og dei aller fleste kjende orkester og
grupper er å finne mellom deltakarane. Til saman blir
det ca 1000 deltakarar innan gruppene solo, gruppe og
lagspel.Stemneleiar Sigmund Eikås fortel til BT at han
er mest ottesam for økonomien. Meir
her.
(22/7-02) |
Leikarringen
Symra i Oslo har vore på vellukka sumartur til Irland
Mange lag og ringar reiser utanlands i ferien. I år
vart sumarturen i Symra lagt til Irland - eit land der
interessa for folkedans og folkemusikk har auka kraftig
i seinare år. Til saman 30 deltakarar lærde seg irsk
setdans og stepdans, og fekk også synt norsk
folkedans både på vestkysten og i Dublin. Meir
her.
(22/7-02) |
Noregs
Ungdomslag: To stillingar er ledige
NU lyser ut to stillingar, som Informasjonsmedarbeiar og
som Sekretær. Meir
info her.
(21/7-02) |
"Nivelkinn"
kjem på CD 1. august 2002
Der er Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga som har
gitt Aslaug Vaa sin diktsyklus ei musikalsk drakt.
Produksjonen vart framført på Telemarkfestivalen for
eit år sidan i 2001, og kjem no som CD på
Heilo/Grappa. Dei to har seinare framført stykket på
mange ulike plassar rundt om i landet. Meir
her.
(21/7-02) |
Middelaldermusikkfestival
i Oslo i Olsokhelga 26-29 juli
I Oslo er det fleire arrangement med musikk frå
middelalderen, gjestespel og dans. Meir
her.
(20/7-02) |
Rekorddeltaking
på Strunkeveko i Valdres
Over 100 er påmeldt til Strunkeveko som startar søndag
21. juli. Det er ny rekord. Mange har delteke på alle
dei 5 "vekene", og stadig nye kjem til.
Viktigaste grunnen til den store interessa ligg i dei
mange dugande instruktørane: Til dømes Gjermund Larsen
, Knut og Ole Aastad Bråten, Martin Myhr, Ami
Petersson, Leif Inge Schjølberg og Håkon
Høgemo.
Meir
her.
(20/7-02) |
Helga
19-21 juli 2002: Dansefestivalen
i Nord-Sel
Det er mange gode orkester samla på festivalen. Uhlens
kvintett kjem med samle-CD "Gjensynsgldede".
Ny CD kjem også Jan Borset med. Tylden & Co kjem
også og andre gode orkester. Meir
her.
(20/7-02) |
Leikarringen
i BUL Kongsberg dansar for turistane kvar onsdag
Kvar onsdag i ferietida dansar dei på Lågdalsmuseet
på danserampa utafor Glitre kafé ved Lågdalsmuseet.
Lyngdalsguten Bård Vegard Bjørhusdal spelar. Meir
her.
(20/7-02) |
Geir
Egil Larsen foreslår Storebekkens minnepris
I eit brev til ordføraren i Tolga kommune oppfordrar
Larsen kommunen å opprette ein minnepris for at vi skal
minnast det store arbeidet Storebekken la med for eldre
norske folkemusikkinstrument og for folkemusikken i det
heile. Meir
her.
(20/7-02) |
Titanofestivalen
2002: Småviltlaget tok kongepokalen
NM i gamldansmusikk var avvikla under Titanofestivalen
på Vinstra. I skarp komkurranse med 36 andre
orkester vann Småviltlaget frå Røros. Med i
Småviltlaget er Magne Eggen Haugom,
Tron Steffen Westberg, Jan Frostvold, Rolf J. Feragen,
Oddmar Kjerrengvoll, Ola Kjerrengvoll og Helge Mølmann.
Småviltlaget vann også Landsfestivalen i 1999 og
2001. Jutullaget frå Vågå tok sølv og Fiin
Gammel Årgang fraå Lom tok bronse i orkesterklassen.
"3 små vestlendinger" kom på
fjerdeplass og «Øyvinds» frå Oppland kom på femte.
Hovuddomar i juryen var Jon Faukstad.
Øivind Sandum frå Lalm vann solistklassen i durspel
senior. Best i juniorklassen vart 16 år gamle Trude
Lien Saatvedt frå Efteløt.
Meir om Titanofestivalen her: Arbeidets
Rett, Gudbrandsdølen/Dagningen,
Laagendalposten.
(18/7-02) |
Svært
mange festivalar - Norsk Kulturråd vil granske det
Talet på festivalar har auka kraftig dei siste åra, og
det fører til ei desentralisering av kulturlivet i
landet. Det er forskingsleiar Svein Bjørkås som seier
dette til Nationen. Meir
her.
(18/7-02) |
Johan
Einar Bjerkem attvald som leiar i NU
Noregs Ungdomslag har hatt årsmøte og landsstemne på
Beitostølen. Som kjent har stemnet fått ei anna form
enn før, og også eit anna namn -
Folkekulturfestivalen. Johan Einar (biletet)
er stort sett
nøgd med festivalen, fortel
han til Nationen. Det var 130-140 utsendingar som
deltok på årsmøtet og så var det ca 70 ungdomar som
var med i "Noregs Ungdomsring". Her
er glimt frå festivalen i avisa Valdres.
Yttriprisen for 2002 gjekk til avisa "Dag og
Tid".
På framsyningskappleiken deltok Bul
Bergen og BUL Ervingen, Haugtussa Leikarring og BUL
Nidaros. BUL Nidaros vann og Haugtussa Leikarring fekk
publikumsprisen
(18/7-02) |
Detakarlistene
til Landsfestivalen i Førde er klare
Deltakarlistene
til Landsfestivalen 1 - 4- august er no klare. Her
kan du finne meir informasjon om festivalen.
(18/7-02) |
Førdefestivalen
2003 blir EBU-festival
Dagleg leiar Bjørkum fortel at neste år har EBU har
valgt ut Førde Internasjonale folkemusikkfestival som
vert for "Contemporary folk music festival",
eller samtids-folkemusikk. Det betyr at alle EBU-landa
sender ei gruppe kvar til festivalen. Den europeiske
festivalen har vore i Norge berre ein gong før. Meir
om det her.
(18/7-02) |
Førdefestivalen
2002 med 31000 besøkande - 2000 fleire enn i fjor
Dagleg leiar Bjørkum fortel at dei har hatt fleire
utselde forestillingar enn før 11 konsertar gjekk for
fulle hus. Her finn du litt om det som er skreve om
festivalen. Ballade,
Avisa
Firda, Bergens
Tidende, NRK,
og Førdefestivalen
sine eigne sider.
(18/7-02) |
Førdefestivalen
er i gang med fengande dans og musikk
I år er fokus på musikk og dans frå Spania og
Portugal, så det blir mykje fengande rytmer.
Kulturministeren Valgerd Svarstad Haugland opna
festivalen torsdag 4. juli. Også fylkesordførar Nils
R. Sandal, ordførar i Førde, Aud Viken, styreleiar
Sigmund Eikås og dagleg leiar Hilde Bjørkum deltok
under opninga. Les
meir her.
(5/7-02) |
Norild
musikk vi distribuere gamaldans og folkemusikk sjølv
Norild musikk på Sjøholt, som brørne Reidar og
Kjell Opsal står bak, har lenge gjeve ut
tradisjonsmusikk. No vil dei også få folkemusikken ut
i butikkane så folk kan få kjøpe musikken. Dei hadde
også stand på Landskappleiken i Vågå. Les
meir om dette hjå NRK.
(5/7-02) |
Juli-artisten
i Norsk Folkemusikkatalog:
Ante Mikkel Gaup
Gaup er også første joikaren som er med i Norsk
Folkemusikkatalog. Han gav våren 2002 ut CD'en
"Joikar i rimskogen". Gaup er aktiv både som
utøvar og som kurslærar på fleire festivalar, mellom
andre Fjellfestivalen
på Åndalsnes 11-14 juli og Riddu
Riddu Festivala i Kåfjord i Troms 17-21 juli. Han
fekk også nyleg Kautokeino sin kulturpris.
(5/7-02) |
Fire
norske ungdomar til EUROFOLK i august
Dei fire som er uttekne til å representere Noreg er:
Ottar Kåsa (hardingfele), Vigdis Liahagen (kveding),
Irene Tillung (accordeon) og Åshild Vetrhus (kveding).
I midten av august samlast dei i Parthenay,
Frankrike, med 70 andre ungdomar frå 15 europeiske
land. Meir
info her.
(4/7-02) |
Familien
Larsen frå Verdal mestvinnande på Landskappleiken
Familiefaren Geir Egil Larsen har gjennom åra teke
mange 1.-premiar på eldre folkemusikkinstrument. Også
i år vart han best, denne gongen på bukkehorn, og nr 2
på fløyte senior. Men no er det sønene Gjermund og
Einar Olav som særleg tar for seg av dei beste
premiane. Gjermund vart best i kl A fele og dei to
brørne vart saman best i gruppespel fele senior.
Gjermund vart også nr 4 i spel hardingfele klasse B.
Han er også med i Majorstuen spelemannslag som vart
best i open klasse og nr 3 i lagspel fele senior. Vi
gratulerer! Biletet
viser Einar Olav (til venstre) og Gjermund (høgre) då
dei fekk feleknappen i gull under NU-stemnet 2001
(Vegard Vårdal i midten fekk også knappen)
(4/7-02) |
Fine
reportajer frå Landskappleiken på NRK sine
Internettsider
NRK har i år lagt ut fine reportasjar og mange bilete
frå Landskappleiken 2000 i Vågå. Det er Gunn Gausemel
som har ansvaret for dette. Her
kjem du til ei "samleside" for stoffet.
(3/7-02) |
Norsk
Folkemusikkfond sin pris for 2002 til Tor Stallvik
Under Landskappleiken i Vågå fekk Tor Stallvik prisen
for 2002 for sin store innsats of norsk folkedans og
folkemusikk. Les
meir om det på NRK.
(3/7-02) |
Magne
Kvamme fekk Gullmedalje for si hardingfele på
Landskappleiken
Det vart i år delt ut ei gullmedalje i feleutstillinga,
og det hender ikkje ofte! Det var vår kjente felemakar
Magne Kvamme som hadde laga denne hardingfela. I
hardingfeleklassen var det tre sølvmedaljer og i vanleg
fele var det 2 sølvmedaljer. Les
meir her på NRK.
(2/7-02) |
Kulturskribent
Ida Lou Larsen i Nationen heidra på Landskappleiken
Som kulturjournalist i Nationen har Ida Lou Larsen i
mange år skrive mykje om folkemusikk. Ho har teke
folkemusikken på alvor, vart det sagt då ho under
Landskappleiken i Vågå vart heidra av LfS for sin
innsats med eit dansebilete av Bjørgum. Ho har no
slutta i Nationen. |