|
Nyheter
|
NFD
er skuffa over det endelege Statsbudsjettet
Det erdelege Statsbudsjettet vart slik som instillingane
gjekk ut frå for folkemusikk og dans. Det vart ikkje
løyvingar til folkemusikk-scene, men det vart uttrykt
støtte til tanken om ei slik scene. Elles ser
NFD/Kvinten det som eit positivt teikn at
Arbeiderpartiet/SV/Senterpartiet gjekk inn for monaleg
større løyvingar til nokre formål som ikkje fekk
støtte: kr 700000 til riksscene, eit tilsvarande beløp
til Noregs Ungdomslag sitt folkedansarbeid, LFS ei
styrking på 200 000 og "Bygda dansar" ville
fått ein sum på ca 2 millionar kroner.
(30/12-04) |
"Kvinten"
summerer opp folkemusikk/dans-året 2004
Kvinten kom med nytt nr i dag (nr 5/6) - det er som
kjent lagsavisa til Norsk folkemusikk og danselag. På
leiarplass skriv leiarar Halvard Kaasa og dagleg leiar
Jan Lothe Eriksen at 2004 er eit merkeår, og at 2005
kanskje kan bli eit jubelår. Dei meirner at i 2004 har
det vore nokre viktige gjennombrot for sektoren: -
Stortinget slo fast at nasjonalstaten har ei særleg
plikt å ta vare på folkemusikk og dansetradisjonane i
landet vårt. - Kulturkommiten i Stortinget vedtok
samrøystes å støtte initiativet om å få ei nasjonal
scene for folkemusikk og folkedans. -
Lanseringsprogrammet IntroFOLK vart etablert. -
Kulturministeren kravde minst 35 % norsk musikk i NRK. -
NFD vart godkjend som rettshavarorganisasjon i Gramo. -
NFD fekk pengar til ein ny festival i Agder. -
Organsisasjonane innan feltet samarbeider betre for å
oppnå betre resultat overfor myndigheitene. Men dei ser
også teikn på minkande samarbeidsvilje i einkelte
organisasjonar.
(30/12-04) |
Dansedronning
på Otta Aldersheim fyller 100 år
Gudbrandsdølen/Dagningen har vore hjå dansedronninga
på 100 Mathilde Bergum. Ho spelar munnspel og torader
til dans. Les
meir her.
(30/12-04) |
Kjell
Bitustøyl kritisk til NRK Østafjells si satsing
TV-kanalen hadde føre jul ei halvannan times sending
frå Folkekulturstudiet på Rauland, og Kjell Bitustøyl
har kommentert sendinga i avisa Hallingdølen. Les
her kva han skriv.
(30/12-04) |
"Kjerringa
med Staven" fekk Nittedal kommunes kulturpris for
2004
Avisa Vardingen har eit lengre intervju med leiaren i
laget Anne Hval Jensen, som også er med og instruerer i
laget. Den offisielle prisutdelingen skal finne stad
måndag 31. januar. I leikarringen er det i dag 43
medlemer. Les
meir her.
(30/12-04) |
Hemsingane
i Valdres med plate «Solé sprett»
To foreldre og tre born Hemsing i Valdres gjev ut plate.
Mor Bente Hemsing har vore distriktsmusikar ein tiårsperiode
frå 1988 og ho har i lang tid drøymt om å gje
ut ei plate med folkemusikk frå Valdres. Stordelen av
dei 20 låtane har ho arrangert sjølv. Det vart ei
samling tradisjonsmusikk i spenstig innpakking, seier ho
til Avisa Valdres. Les
meir om den nye plata her.
(30/12-04) |
Folkemusikkarkivet
i Telemark driv omfattande innsamling av folkemusikk
Dette arkivet er ikkje gamalt, innsamlinga starta i
1988, og er knytta til arkiva i Bø og i Rauland. Det
var Kjell Bitustøyl som starta innsamlinga. Opptaka
omfattar over 12.000 lydkutt frå meir enn 1400 utøvarar.
Mesteparten er lagra på DAT-kassettar som gir god
lydkvalitet. Leiar for Folkemusikkarkivet Kari
Lønnestad seier til Vest-Telemark Blad at det ikkje er
leveringsplikt til arkivet. Noko lydmaterial kjem frå
private, og frå Norsk folkemusikksamling i Oslo har ein
fått einskilde ting i kopi. Vona er at det skal bli økonomi
til å lagre alle kutta med folkemusikk på harddisk.
Det vil betre tryggleiken, og gjere lagringa meir
haldbar. Les
meir her.
(30/12-04) |
God
jul til alle!
Vi ynskjer aller lesarar og bidragsytarar ei god
jul!
Helsing Vebjørn Bakken
(23/12-04) |
Folkemusikkfestivalane
får litt meir i stønad frå Kulturrådet
Stønaden til festivalane innan folkemusikk går litt
opp frå 2004 til 2005. Sidan Førdefestivalen er
overført til Statsbudsjettet (og får monaleg meir
pengar), gjer vel det sitt til at det blir litt auke. Sailor's Wake får i 2005 støtte for første gong.
Tilskota for 2005 er slik (tala for 2004 i parentes):
Den norske folkkemusikkveka Ål kr 500 000 (450 000),
Jørn Hilme, Fagernes 250 000 (200 000), Kalottspel 100
000 (50 000), Nordsjøfestivalen Sailor's Wake 100 000
(0), Osa-festivalen Voss 150 000 (125 000),
Telemarkfestivalen Bø 750 000 (700 000).
Les meir her.
(20/12-04) |
Folkemusikklina
i Valle er nedlagt
På siste møte i Aust-Agder fylkesting vedtok dei å
leggje ned folkemusikklina i Valle. Grunnkurset og VKI
blir ikkje sett i gang neste år, men dei som no går
på VKI får halde fram på VK II neste år, og dermed
blir det heilt slutt. Det betyr at 20 elevar forsvinn
frå bygda og over 10 lærarar blir overflødige.
Grunnen til at lina blir lagt ned, er den dårlege
søkinga til skulen dei to siste åra. I staden blir det
oppretta eit nytt tilbod ved skulen: eit VK II kurs i
gull og sølvarbeid med plass til 15 elevar. Les
meir her.
(17/12-04) |
Norsk
Trekkspillarkiv er ein realitet
Norsk Trekkspillarkiv er ei stifting med ideelt formål
og vart oppretta 24. august 2004 av interessegruppa
"Norsk Trekkspillhistories venner". Formålet
er å samle mest mogleg om norsk trekkspelhistorie -
komposisjonar, litteratur, plater/CD, trekkspel etc, og
gjere dette kjent for publikum. Dei er også i ferd med
å lage eiga heimeside
på Internett.
(17/12-04) |
Åsne
Bergset frå Veggli fekk kulturprisen i Rollag
Tildelinga gjekk føre seg på Lågen Gospel sin
julekonsert på Veggli samfunnshus. Ho fekk prisen for
langvarig innsats for folkemusikken og den eldre
songtradisjonen i Numedal. Ho har i mange år dreve med
opplæring av yngre, mellom anna i Numedal spel- og
dansarlag. Både Åsne Bergset og elevane hennar har
vore med på mange kappleikar og oppnådd gode
resultat. Prisen er på 15000 kr og diplom. Bergset er
også med i gruppa "Mot normalt". Meir
her.
(17/12-04) |
Mange
nye festivalar for populærmusikk får støtte frå
Norsk Kulturråd
Kulturrådet gjev tilskot til 15 nye festivalar for
2005, dei felste innan populærmusikk. Noko av auken
kjem at at Førdefestivalen er blitt knutepunktfestival
og er dermed overført til Statsbudsjettet, og det
frigjer kr 1,65 mill kroner. Les
meir her.
(17/12-04) |
Norsk
Kulturråd har delt ut stønad til 74 ensemble for 2005
Til saman er støtten på 9,5 millionar kroner. Mellom
dei som har fått er Majorstuen.
Les meir her.
(17/12-04) |
Odd
Nordstoga og Gåte aktuelle artistar på NRK-nett
På nettsida til NRK under Musikk har dei ei liste på
ca 30 artistar som dei kallar "aktuelle
artistar", der dei skriv ein biografi om artisten
eller gruppa. Av slike som driv med
folkemusikk-relaterte ting, er det Nordstoga
og Gåte
som har kome med.
(15/12-04) |
Ikkje
noko folkemusikk i utanlandssatsinga til UD
I jubileumsåret 2005 har UD
satsa 30 mill kroner på å presentere norsk kultur
utanlands. Det omfattar mellom anna Leif Ove
Andsnes, norske jazzmusikarar og Den norske opera. Men
ingen folkemusikk. Ola K. Berge i Norsk
Folkemusikkformidling er svært skuffa over at
folkemusikarar ikkje er med. Han skriv om dette i
Ballade. Les
artikkelen hans her.
(15/12-04) |
Odd
Nordstoga fekk Prøysenprisen for 2004
Odd
Nordstoga fekk prisen for eigne tekstar og melodiar
av høg kvalitet. I tekstane nyttar han
telemarksdialekta si på ein suveren måte og viser stor
musikalitet og originalitet. Gudny Hagen fekk
teskjekjerringprisen.
(15/12-04) |
UD's
reisestønad til konsertar i utlandet er fordelt
UD deler kvart år ut ein del midlar til støtte for dei
som har konsertar i utlandet. Stønaden for hausten er
no fordelt, til saman 505 000 kroner til 37 søkjarar.
Samla for 2004 er det fordelt 1,04 mill kroner til 77 av
søkjarane. Fem av prosjekta i haust var innan
folkemusikk, mellom dei Kirsten Bråten Berg, Unni
Løvlid og Majorstuen. Les
heile lista her.
(13/12-04) |
LfS
vil ha "særlag" med i organisasjonen
På siste Årsmøtet foreslo styret endringar i
føresegnene for å leggje til rette for å få særlag
inn i organsisasjonen. Styret hadde foreslått at
særlag skulle ha høgre representasjon på Årsmøtet
enn vanlege lokallag. Styret trekte framlegget, og det
vart vedteke at representasjonen skulle vere lik.
(12/12-04) |
Same
deltakaravgift for spelemannslag og dansarlag på
Landskappleiken?
På Årsmøtet til LfS i Molde kom det fram kritikk mot
den store auken det har vore i deltakaravgifta i lagspel
på Landskappleiken. Det var ulike meiningar om dette.
Tidlegare har spelemannslag betalt mindre fordi det vart
forventa at dei skulle spele på kappleiken. Saka vart
oversendt styret, med føringar om redusert og gradert
deltakaravgift.
(12/12-04) |
Vanskeleg
Strategiprosess i Landslaget for Spelemenn?
Landslaget for Spelemenn hadde nyleg årsmøte på
Molde, og der skulle styret i LfS leggje fram
strategiplanen for framtida. Av referatet i
Spelemannsbladet (8/2004) ser det ut til at
strategiprosessen har vore vanskeleg for landslaget.
Leiaren Randi Skeide sa rett ut at det var uklokt å la
ein av dei som sjølv var meldlem i LfS (Klaas von
Ommeren), stå for arbeidet. Det burde ein ekstern
konsulent ha gjort. Ho beskreiv prosessen slik: "Vi
har blitt analysert og provosert og spela opp mot
kvarandre, og resultatet av samlingane har ofte vore
vanskeleg å kjenne att for oss som har vore med i
prosessen." Det fekk også konsekvensar for val av
nytt styre. Klaas von Ommeren var foreslått som 2.
varamann, men trekte seg før valet vart gjennomført,
og grunngav det mellom anna med at strategiplanen vart
"vingeklippa" dagen før. Han var skuffa over
endringane og mangel på mål i styret sitt framlegg til
arbeidsprogram sett i relasjon til den opphavlege
strategiplanen. Torbjørn Lyngestad frå Telemark vart
valt til 2. varamedlem.
(12/12-04) |
Felespelaren
Sturla Eide kritisk til folkemusikkmiljøet
Stural Eide er folkemusikar på heiltid, og heldt
foredrag om det på representantskapsmøtet i Rådet for
folkedans og folkemusikk i haust. Han har danna Flukt
Kulturformidling saman med trekkspelaren Øyvind Farmen.
I eit intervju i Spelemannsbladet (8/2004) fortel han at
det er ein travel jobb å skulle leva av å vere
folkemusikar. Han rettar også kritikk til
folkemusikk-miljøet fordi dei ikkje stiller opp på
konsertar og tilstellingar. Han seier at
folkemusikkmiljøet verkar å vere for misunnelege.
Felespelaren Sturla Eide har tidlegare spela i Sturla
Eides kvintett, Strengfolket, Åsmund & Sturla,
Sturla/Andreas og Flukt.
(12/12-04) |
Fristen
for "Unge folkemusikarar" går snart ut
Det nye lanseringsprogrammet for unge folkemusikarar
"INTROfolk" har kort påmeldingsfrist. Frisen
er 7. januar 2005. Både solistar og grupper kan delta.
Solister må vere i alderen 19 - 30 år, og for brupper
må gjennomsnittsalderen ikkje ver over 27 år. Det skal
plukkast ut ein finalist på kvar av dei 4 store
festivalane (Førde, Bø, Ål og Kåfjord) og vinnaren
skal kårast på Hilmefestivalen. Med i juryen er
leiaren Helge Skansen (Rikskonsertane) og dessutan
Annbjørg Lien, Øyonn Groven Myhren, Asgaut Bakken og
Ola K. Berge.
(12/12-04) |
Vellukka
Internasjonal kulturkveld ved Lågendalsmuseet
Det var heilt fullt i salen då den internasjonale
kulturkvelden vart halden nyleg. Her var det musikarar
frå alle verdens kantar i aksjon. Les
meir her.
(11/12-04) |
Folkemusikklina
ved Vinstra vidaregåande er redda
Det har vore stor usikkerheit om lina kunne halde fram
som før etter at tilskotet var sløyfa i
statsbudsjettet. Skulen har fått bekrefta frå Nasjonalt samordningsutvalg at
lina no vert redda. Rektor Åge Lesjø sier at det har vore
omfattande kontakt med Utdanningskomiteen på Stortinget
for å redde folkemusikklina. Les
meir her.
(11/12-04) |
Eit
steg nærare målet for Førde-Festivalen
I framlegget til statsbudsjett for 2005 vart det
foreslått at Førde-festivalen
skulle bli Knutepunkt-festival. Kulturkomiteen har i si
innstilling gått inn for dette, og då er det svært
truleg at det blir vedteke, og det er 14. februar i
2005. Kunstnerisk konsulent for festivalen Hilde
Bjørkum er godt nøgd med dette, som betyr langt meir
pengar frå det offentleg til drifta.
Les meir her.
(11/12-04) |
Spelemannsbladet
nr 8/2004 delvis på Internett
Også denne gongen legg Spelemannsbladet ein del av
innhaldet ut på Internett. Vi finn desse sakene:
Leiarartikkel
, Valle
videregåande med nødrop,
Årsmøtet
i LfS,
Fargerikt
talent med ”ljøsblått” i botnen, Ser
fram til to nye år på akademiet, Gåte
på Rockefeller. Spelemannsbladet her denne
lekkja.
(11/12-04) |
"Spindel"
med konsert i Oslo onsdag 8/12 kl 21
Konserten er den iste på "Fabrikken" i år.
"Spindel" har vakse frå å vere to
hardingfeler - Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad -
til fem personar: I tillegg til felene har dei fått
Olav Tveitane (kontrabass/gitar/cisster), Dagfinn
Andersen ( trøorgel, piano) og Ivar Kolve (percusjon).
Om plata "Spindel" skriv Knut Utler i
Aftenposten slik: ”Spiller
med en slik råhet at man bare blir sittende å
gape!”.
(08/12-04) |
"NRK
Alltid Folkemusikk" opna i dag
Klokka 20 i dag starta den nye kanalen, og første
innslag var ei vise om Guro Heddeli med den gilde
kvedaren Bjarne Øverbø. I timen før hadde det vore
opning av kanalen, og det kunne vi sjå på Nett-TV. Her
fekk vi presentert eit flott nyskreve verk til opninga.
Verket er laga av Jorun Marie Rypdal Kvernberg og ho
hadde med seg gruppa Tindra og spelemannen Bjørn Odde.
Elles var kringkastingssjefen i aksjon og sjølvsagt
Leiv Solberg. For å lytte på kanalen på Internet går
ein til adressa nettradio.nrk.no
og veljer mellom kanalane der "Alltid
folkemusikk". Eller går inn på www.nrk.no
og veljer nettradio.
(07/12-04) |
Religiøse
folketonar ein viktig del av folkemusikken på Sunnmøre
Avisa "Dagen" har intervjua Jostein Fet som er
80 år og har fått Fylkeskulturprisen og Kongens
fortenstmedalje i gull. Han har gjort eit stort arbeid
med å samle inn og utgje folkemusikk frå Sunnmøre og
han er framleis aktiv. Les
meir her.
(07/12-04) |
Oppfølgjingsseminar
om "dans og musikk med kort 3'ar"
28-29
januar blir det seminar om bygdedans og spell i områda
med "kort 3'ar". Finnskogspols står her som
ein typisk representant, men omfattar musikk og dansar
frå Rendalen til Aust-Agder, og både i Norge og
Sverike. Ånon Egeand blir lærar i spel og Bjørn
Sverre Hol Haugen i dans, og mange andre vil bidra
med sine tradisjonar. Påmelding til Tone
Eidsvold tlf: 99531605. Sjå og "Alt som
skjer".
(07/12-04) |
Stort
og breitt SAFFA-kurs på Sørmarka 15-16 januar 2005
SAFFA står for "Samarbeidsorganet for folkemusikk
og folkedans i Akershus" og i mange år har dei
arrangert kurs i folkemusikk og dans. Det
vert danse- og samspelskurs (instruktør
Vegar Vårdal),
toraderkurs (instruktør
Inge
Gjevre
),
Elverums-/Finnskogpols (instruktørar: Veslemøy
Nordset Bjerke og Bjørn Sverre Hol Haugen / musikk: Mats
Berglund),
Rørospols (instruktørar:
Alix
Cordray
og Stein Vidar Tellebon / musikk: Jørgen Skancke Langen
og Olav Luksengård Mjelva),
dans á la carte (Hadelandsspringar,
B-salskvadrilje, enkle byttedansar og engelske smådanser),
lynkurs
i songdansteknikk/fleirstemt song (Carl
Høgset)
og fest laurdagskvelden.
Påmeldingsfrist
onsdag 15. desember 2004. Info:
saffa@online.no
(07/12-04) |
Vi
du bli "Årets unge folkemusikar"?
I
"reklamen" heiter det:
Er
du ung og lovande folkemusikar som syng/spelar norsk
eller samisk folkemusikk? Då er dette noko for deg! I
N T R O – f o l k - kårar ”Årets unge
folkemusikar” i juli 2005. Premien er lansering av
vinnaren i 2005 og 2006.
Søknad og
demo sendast: Norsk folkemusikkformidling v/Ola K.
Berge, Postboks 440 Sentrum, 0103 Oslo.
Søknadsfrist
er 7. januar 2005. For meir informasjon:
www.rikskonsertene.no
Dei
som står bak tiltaket er:
Norsk
folkemusikkformidling – Folkemusikkscena –
Rikskonsertene - i samarbeid med: Den norske
folkemusikkveka på Ål, Førde Internasjonale
Folkemusikkfestival, Telemarkfestivalen, Riddu Riððu,
Jørn Hilme stemnet, Osafestivalen, Norsjøfestivalen
”Sailor’s Wake” og Kalottspel.
(07/12-04)
|
Laget
for Folkemusikk i Oslo: Hanne Kjersti Yndestad skal
underhalde
Laurdag 11. desember kl 19.00 er det Julefest i Laget
for Folkemusikk, i Sagene festiviteshus, Holstsgt 3.
Kvedaren Hanne Kjersti Yndestad vil halde konsert, og
etterpå vert det Vossakorv og dans. Påmelding innan 8.
des til Inger
Frøydis Bakken, Ifbakken@online.no,
22620103/91830447.
(06/12-04) |
Tysdag
6. desember 2004: Ein merkedag for norsk folkemusikk
Denne dagen startar NRK radio sin nye DAB-kanal
"NRK Alltid folkemusikk". Det blir den første
kanalen på NRK som sender berre på DAB-radio og på
Internett. For å få inn sendingane treng ein altså
den "nye" typen radio, som ein no til dømes
kan kjøpe på Elkjøp, eller ein treng Internett og
lytte på Nett-radio. I motsetning til Alltid Klassisk
og Alltid Nyheter, blir Alltid Folkemusikk ein rein
digitalkanal. Førebels går berre nattsendingane over
det riksdekkande dab-nettet. Sendingane på dagtid
blir distribuert over det digitale nettet i
Oslofjordregionen. Ca 70% av folket i landet vil kunne
få inn desse sendingane.Den offisielle opninga går
føre seg i studio 19 på Marienlyst med eit
direkteshow, leia av Leiv Solberg. Opninga kan følgjast
på NRK Nettradio, DAB digitalradio og det kan sjåast i
NRK Nett-TV. I
folkemusikktimen sist søndag vart Solberg intervjua om
den nye kanalen, som vil få ulike
"programprofilar" som varierer gjennom dagen
og gjennom veka.
Les meir her. I ei pressemelding frå Noregs
Ungdomslag seier folkedansleiar Marianne Dahl: "Vi
vonar at kanalen vil vise breidda i norsk folkemusikk og
samstundes ta pulsen på folkemusikk- og folkedansmiljøet
ved å spreie både gamal og ny folkemusikk". Også
NFD har sendt ut ei pressemelding der dei understrekar
kor viktig det er at NRK no gjer sitt store materiale
tilgjengeleg for eit stort publikum. Sjå
her.
(06/12-04) |
Svært
vellukka julekonsert ved Musikkhøgskolen i Oslo
Musikkhøgskolen tok i år sin største sal i bruk til
årets julekonsert med studentar og lærarar ved
Norges Musikkhøgskole, og i salen var det mykje folk om
enn ikkje fullsett. Tilhøyrarane fekk vere med på ein
variert og morosam konsert med høg kvalitet. Studentar
frå Ole
Bull Akademiet og Rauland-Akademiet var også med. Det
var mange høgdepunkt ein kunne peike på, men
timelærarane Håkon Høgemo og Jan Beitohaugen Granli
gjorde som vanleg fin innsats. Gjermund Larsen og
Andreas Bjørkås hadde eit spennande samspel i ein
"Limerock av Marc O'Connor" (sjå biletet), og Larsen hadde
også eit spennande jazz-prega samspel med jazz-pianist
Helge Lien. Det var mange andre fine innslag som vi
kunne nemnt. Etter konserten var det dans i Levin-salen.
Fin dansemusikk og eit godt dansegolv!
Her
kan du sjå bilete av alle dei andre som deltok på
konserten.
(05/12-04) |
Geir
Egil Larsen frå Verdal 60 år
I
dag 5/12 fyller folkemusikaren og dansaren Geir Egil
Larsen frå Verdal 60 år. Han har i 30-40 år vore
sentral i norsk folkemusikk og folkedans. I denne
perioden har han stått sentralt i utviklinga av norsk
songdans og ofte hatt kurs for folkedansarar både
sentralt og lokalt, mellom anna i lokale
polstradisjonar. I folkemusikken har han særleg vore
dugande på eldre folkemusikkinstrument, og vunne
Landskappleiken på 4 ulke instrumenttyper, mellom anna
tussefløyte og bukkehorn. Gjennom mange år har han
hatt ca 1200 skulekonsertar - i Norge mest, men også i
Sverike. I mange år reiste han mykje saman med Hans W.
Brimi. Han har også vore med å gjeve ut fleire plater,
mellom anna i samarbeid med Hilmar Alexandersen. Heilt
frå 1972 har han vore dirigent for Verdal mannskor. For
sitt omfattande arbeid for folkemusikk og folkedans har
han fått mange prisar, mellom anna Verdal kommunes
kulturpris, Hilmar Alexandersens musikkpris og
Rff-prisen.
(05/12-04) |
"Fond
for lyd og bilde" sine løyvingar for 2004
Dette fondet deler ut pengar til fonogram, turnear,
konsertar, komponering, film og videoproduksjon og til
marknadsføring. Det vart i haust delt ut 13,5 mill kr
og i alt var det 321 søkjarar. I alt i 2004 har 615
søkjarar fått tilskot, og 3000 har søkt. Nokre har
også gått til folkemusikk. Vi ser til dømes Bente
Ingholm Hemsing med Hemsing CD, og ein CD med Tone Juve,
og ein CD med Jon Faukstad og Per Sæmund Bjørkum.
Likeeins Laila Yrvum med tatervise-CD. Norsk kvedarforum
har også fått stønad til ein konsertserie med
folkemusikk. Og Etnisk Musikklubb til ein CD med Helge
Mykheim. Les
meir her.
(03/12-04) |
Kven
skal styre Folkemusikkarkivet for Telemark?
Folkemusikkarkivet i Telemark har til no vore dreve av
Telemark Fylkeskommune i samarbeid med kommunane.
Arkivet har to avdelingar , ei i Bø og ei i Rauland.
Det er Telemark Musikkråd som har driftsansvaret.
Spørsmålet er om Telemark museum kan overta. Les
meir her.
(03/12-04) |
Notane
til Askerladdens "Tettbygde strøk" er no å
få
Heftet er eit funn for dei som spelar torader, ettersom
heile 17 av låtane kan spelast på torader. Plata til
Askerladden har også blitt spela mykje i NRK TV
sporten, i sendingane frå Beitostølen. Sjå heimesida
til Askerladden: www.askerladden.no
(03/12-04) |
Spennande
folkemusikkkveld på Norges Musikkhøgskole laurdag 4.
desember
På høgskolen i Oslo er det først konsert frå kl
18.00, og etterpå er det dans heilt fram til kl 24. Det
er lærarar og elevar ved folkemusikkstudiet som deltar.
Og her er mange kjente namn: Jan Beitohaugen Granli,
Steinar Ofstad, Håkon Høgemo, Camilla Granlien,
Helge Lien. Desse er timelærarar. Dessutan mange
flinke studentar, også frå Ole Bull Akademiet. NRK P2
gjer opptak av konserten.
(03/12-04) |
Oslo
Songdanslag avslutta hausthalvåret med Sivle-kveld
Siste måndagen i november var det avslutningskveld i
laget føre jul. Og kvelden var via Per Sivle - det er i
år 100 år sidan han døydde. Karl-Anders Hovden heldt
eit svært interessant kåseri om diktaren og mennesket
Per Sivle - eit svært tragisk og dramatisk liv på
mange måtar. Hovden er sonesonen til presten og
diktaren Anders Hovden, som var beste venen til Per
Sivle. Elles
vart
fleire av songane til Per Sivle nytta - både ved
bordsetet og på dansegolvet. Den faste spelemannen Knut
Trøen sytte som vanleg for framifrå musikk. I laget
har dei den praksisen at alle får merke når dei har
vore med eit antal år som er deleleg med 5.
"Eldst" av dei som fekk merket denne gongen
var Kolbjørn Røste, som har vore med i laget i 50 år!
På biletet ser vi Magne Østerhagen (til venstre)
overrekkjer merket til Kolbjørn Røste (til høgre),
medan leiaren i laget Johs Kolltveit ser på.
(02/12-04) |
Framleis uklart om Husfliden i Oslo
Det kom som eit stort sjokk for mange at Husfliden i
Oslo gjekk konkurs tidlegare i haust, ikkje så lenge etter
at dei hadde flytta til nye lokale tett inntil Karl Johans
gate. Husfliden har dreve i meir enn hundre år i Oslo. Men
no er det to ulike grupper som gjerne vil starte opp att
med Husfliden-butikk. Den eine gruppa har si forankring i
Oslo Husflidslag medan den andre gruppa ugfår frå
Husfliden-utsala på Lillehammer, i Trondheim og i Mandal.
Begge partane har lagt fram planar for kva eit
Husfliden-utsal i Oslo må innehalde for å kunne overleve.
Stikkord her er bunader og garn og gåver, innpakka i
tidsrett design. I siste nummer av Norsk Husflid søkjer
Husfliden Oslo AS etter "kreative, utadvendte og spreke
butikkmedarbeidarar". Så får tida vise om det blir eit
eller to nye Husflidsutsal i tillegg til Heimen.
(29/11-04) |
Prøysen med folkemusikalsk vri
May Britt Andersen har kome med ny Prøysen-plate, som vi
fekk høyre eit par kut av i folkemusikktimen for ei veke
sidan. Sume av visene der ville ho skulle ha "folkemusikk-preg",
og difor var det ein folkemusikarar som var med å laga
lydbiletet på fiolin - Gjermund Larsen. Kanskje det kan
vere opptakten til at folkemusikarar kan bli brukt i
større grad som studiomusikarar på "vanlege" plater?
(28/11-04) |
Viktig folkemusikktradisjon også frå Vestfold
Sandefjordsdamene Ellen Lohne og Tone Krohn har gjeve ut
CD'en "Barneball", med folkemusikkstoff for barn - stoff
henta frå eige fylke. CD'en består av songar, songleikar
og regler, og er fine å bruke når dei reiser rundt til
skolane med "Den kulturelle skolesekken".
Les meir her.
(27/11-04) |
CD'en "Søttenplassingen" med brørne Larsen slept i Oslo
Det er det første plata som dei to gjev ut i lag og med
solo og samspel. Dei har tidlegare vore med på fleire
andre plater. Det er plateselskapet Ta:lik frå Valdres som
står bak utgjevinga, og det er deira 14. CD. Musikken på
plate er frå Trøndelag, og mykje er etter spelemannen
Hilmar Alexandersen.
Les meir her.
(27/11-04) |
Rekordoverskot for Landsfestivalen i Gamaldansmusikk
Oppdal spell og dansarlag sit att med 350000 i overskot
etter sumarens festival. Og det er arrangementsleiar Knut
Erik Godtland svært godt nøgd med. Det vart selt nesten
1000 dagsbillettar i tillegg til 863 gjennomgangsbillettar
. Meir enn 6.500 personer var innom portane i løpet av 4
hektiske festivaldagar. På opningskonserten onsdag var det
650 besøkande, på kulturkvelden heile 795 og på
meisterkonserten var det 200 som måtte følje konserten på
monitor utanfor lokalet. Samla omsetning på festivalen var
på kr 2.222.930.
Meir her.
(27/11-04) |
Vellukka Prøysenkveld i leikarringen Haugtussa
Leikarringen hadde invitert andre lag til ein
Prøysenkveld med dans og song og forteljing. Og det vart
svært vellukka, fortel leiaren i Haugtussa Anne Mona
Sjølyst til Østlandets blad.
Les meir her.
(27/11-04) |
Musikklina på Vinstra vgs med fin kyrkjekonsert
I alt 60 ungdomar frå musikklina på Vinstra vidaregåande
skole var med då dei heldt sin tradisjonelle kyrkjekonsert
i Sør-Fron kyrkje. Folkemusikkensemblet spela som vanleg
feiande flott skriv gudbrandsdølen/Dagningen.
Meir her.
(27/11-04) |
Jostein Fet har fått Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal
for 2004
Jostein Fet (80)er spelemann og har lagt ned eit stort
arbeid med å samle tradisjonsstoff om spel og spelemenn i
heimefylket sitt. Fet er frå Sykkylven, men har budd store
deler av livet sitt i Volda. I 11 år av si pensjonnisttid
har han vore sentral i arbeidet med å etablere
folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, og for ei tid
sidan gav han ut det ruvande verket Folkemusikk i Møre og
Romsdal.
Les meir her.
(23/11-04) |
Annette Skullestad (19) frå Kongsberg har gitt ut
torader-CD
Plata heiter "Vorspiel" og inneheld 16 ulike låter - ei
blanding av gamaldans og irsk musikk. Ho går i år på
Tonheim folkehøgskole, og har fått ein del speleoppdrag i
Hamar-distriktet.
Les om det her.
(23/11-04) |
Sjokoladekappleik i Bø i Telemark
Det var mange unge spelarar og dansarar som var med på
den nye kappleiktypen: "Sjokoladekappleik". Deltakarane
får visstnok sjokolade i ulike former som premiar.
Les meir om kappleiken her.
(23/11-04) |
Kristian Gården (80) frå Vågå er framleis spelekåt
Ja, slik står det i avisa Gudbrandsdølen/Dagningen om
den dugande og lettliva spelemannen. I eit lengre intervju
i avisa fortel han laust og fast om eit langt
spelemannsliv.
Les her.
(23/11-04) |
35 barn frå Follo ved Oslo lærte om folkedans og
folkemusikk
Spelemannslaget De Frilynde stod bak dagsseminaret på
Dyrløkkeåsen skole for unge som har dreve med fiolin . Det
var eit samarbeid med kulturskolane, og med stønad frå
Musikkverkstedordninga. Vedgard Vårdal var kursleiar, og
Marianne Tomasgård i Ski skal følgje opp kurset fram til
neste hovudkurs om eit år. Talet på deltakarar var mykje
høgre enn i fjor då det berre var ei handfull.
Meir her.
(20/11-04) |
Miniseminar om organisasjonane og særlaga innan
folkemusikken
I siste nr av Kvedarforum (3/04) skriv Jarnfrid Kjøk eit
referat frå eit miniseminar som var ein del av
Munnharpefestivalen 2004 på Fagernes i slutten av
september. Av dei store organisasjonane var LfS og NFD
representert, og av særoganisasjonane var Norsk Lur og
Bukkehorn lag til stades, saman med Norsk Kvedarforum og
Norsk Munnharpeforum. Noregs Ungdomslag og Norsk
Folkemusikklag var ikkje til stades. Spørsmålet var om dei
små særorganisasjonane var til skade for
folkemusikkarbeidet i landet. Både LfS og NFD meinte at
svaret på det var nei, men at det vart oppfordra til
samarbeid. LfS syntest likevel at det ideelt sett burde
vore ein organisasjon med parallelle strukturar, ein
forbundsstruktur, slik som innan idretten.
(20/11-04) |
Olea Crøger (1801-1855) sine folkemusikkoppteikningar i
bokform
Norsk Folkeminnelag står bak boka som vert presentert på
ein festkveld på Sandvin i Bør 26. november kl 19.30. Her
vil Brynjulf Alver, Reimund Kvideland og Astrid Nora
Ressem snakke om arbeidet med boka. Med boka følgjer også
ein CD der Agnes Buen Garnås (kveding) og Gøril Ramo Håve
(langeleik) syng og spelar frå samlinga. Boka kostar kr
398. Olea Crøger prøvde å få utgittt samlingane sine i
1842, men det lukkast ikkje. Resultatet var at dei vart
tekne inn i andre samlingar, ofte utan skikkelege
kjeldetilvisingar, og det har difor vore vanskeleg å få
eit rett inntrykk av det store og viktige
innsamlingsarbeidet ho gjorde. Den nye boka vert difor å
rekne som ei bot for ein historisk urett som er gjort mot
Olea Crøger.
(20/11-04) |
NFD kommenterer forslaget om å stryke ordninga "Unge
musikere" frå statsbudsjettet
I Ballade skriv Jan Lothe Eriksen at det er merkeleg at
ein no foreslår å legge ned ordninga. Tvert i mot hadde
han vona at ordninga no skulle utvidast til å omfatte unge
folkemusikarar. Han skriv vidare: "På denne bakgrunn
har Norsk Folkemusikk- og Danselag i samarbeid med bl.a.
Ole Bull Akademiet, Valle vidaregåande skule og Musikernes
fellesorganisasjon inne en søknad i
Utdanningsdepartementet om en utbygging av talenttilbudet
til også å omfatte forsøksordning med talentskoletilbud i
folkemusikk."
Les meir her.
(19/11-04) |
Elias Akselsens bok "Deilig er jorden"
I haust har det kome ein biografi om folkesongaren og
tateren Elias Akselsen skriven av musikkjournalist i VG
Stein Østbø. Boka har fått noko blanda kritikk. I
Ballade er det eit lengre intervju med forfattaren. "Egentlig
er Elias' liv en skillingsvise, og skillingsvisene er ikke
akkurat ukjente for føleri og sentimentalitet" seier Østbø.
Ballade har også gjeve att eit kapittel frå boka, og
det kan du lese her.
(19/11-04) |
"Majorstuen" jaktar på ny spelemannspris, spår avisa
Nordland
Dei skriv om den nye CD'en til Majorstua, og vil ikkje
bli forundra om dei på ny får spelemannspris.
Les meir her.
(19/11-04) |
Det ser mørkt ut for folkemusikklina i Valle
Fylkeskommunen har sendt ut melding om at det ser ut til
at lina må leggjast ned. Det kjem av at staten foreslår å
redusere stønaden til landslinene, mellom dei våre to
folkemusikkliner, men også søknaden til folkemusikklina er
dårleg.
Les meir her.
(19/11-04) |
Tre generasjonar Sandland i Brunkebekk har laga 1000 feler
Endre E. Sandland (75) er felemarkar og Varden har
intervjua han. Både farn og særleg farfaren Endre E.
Sandland (1877-1926) var spelemenn og felemakarar, og til
saman har dei bygt innpå 1000 feler.
Les meir her.
(18/11-04) |
Spelemannen Ottar Kåsa (20) intervjua i Varden
Ottar Kåsa frå Arabygdi i Telemark, og ein av våre
lovande unge på hardingfele. Tipp-tipp-tipp-oldefar hans
var Myllarguten. Han budde på slutten i Myllarheimen, der
Ottar Kåsa har vore turistguide i nokre år. Han har vunne
både C- og B-klassa på Landskappleiken, og læraren hans
Per Anders Buen Garnås trur han snart vil kome opp i
A-klassen.
Les meir her.
(18/11-04) |
Toraderspelemann Arild Berge (32) tapte kampen mot kreften
Han og søstra, som også har fått magekreft, stod fram i
Bergens Arbeiderblad for ei tid sidan. Arild har to sigrar
på Titanofestivalen på torader.
Les meir her.
(18/11-04) |
Oddrun Klemmetvold og Anders Sødahl i Brekken har fått
kulturpris
Røros kommunes kulturpris for 2004 har gått til dette
samboerparet for deira innsats for å bevare rørospolsen.
Dei har gjennom mange år dreve polsopplæring i skulen.
Les meir her.
(18/11-04) |
Mange
ville lære pols i ei snøggvending i Oslo
På folkedanskvelden sist søndag var det såkalla
"Minikurs" frå kl 18 til kl 19.30. Denne gongen var det
Oslo Songdanslag som baud inn til kurs i pols med Anne
Grethe og Rolf Bjørgan som instruktørar (biletet). Det var
nesten 60 deltakarar på minikurset og kurset måtte
flyttast frå Halli til Storsalen. Også på folkedanskvelden
etterpå var det mykje folk, 101 betalande, og det er meir
enn vanleg. Her var det Østerdølenes spellmannslag som
sytte for musikken, og det vart mange polsar!
(17/11-04) |
Invitasjon til Nyttårsmoro på versefot på Øystre
Slidre-mål
I Øystre Slidre satar dei stort på nyttårsmoro, både 6.
dag og nyårskvelden. Det har kome invitasjon på vers.
Les
berre her!
(15/11-04) |
Einar Olav og Gjermund Larsen med plateslepp på Fabrikken
i Oslo 24 november
Den nye CD'en heiter Søttenpassingen og blir slept med
konsert og overraskingar på Fabrikken. Plata inneheld både
gamle slåttar i Verdalstradisjon og visetonar etter Hilmar
Alexandersen. Dei to brørne er mellom dei fremste av våre
unge folkemusikarar og har allereide fått mange prisar og
lovord for spelet sitt - og ikkje minst for samspelet
sitt. Fabrikken ligg i Nedre gate 7 og konserten startar
kl 21.
(16/11-04) |
Fleire CD'ar innkjøpt av Kulturrådet i 2004 enn i 2003
Norsk Kulturråd har gjennomført 2. runde av
Innkjøpsordninga for norske fonogram. Det vahttp://www.robin.no/~kulander/vibaa/index.html
rt innkjøp i alt 72 CD'ar av totalt 252 vurderte. I alt
i år er det innkjøpt 147 CD'ar mot 81 i 2003. Nokre CD'ar
innan folkemusikk kom også med i 2. omgang: Embrikt
Bergaplass, Knut Buen, Dvergemål, Halvorsen/Bruvoll,
Gunnlaug Lien Myhr, Hans Haugen, Flukt, Odd Nordstoga,
Karl Seglem, Sturm und Drang, Nico Valkeapää. Det blir
innkjøpt 460 eller 580 eksemplar av kvar CD. I
utvalsnemnda i år sit Berit Opheim for folkemusikk (Rff).
Les meir her.
(14/11-04) |
Gautefallfestivalen den beste nokon gong
Gamaldansfestivalen vart nyleg arrangert for 13. gong,
og med stor suksess. Primus motor Svein Bjørnsen er alt i
gang med å planlegge ny festival. I alt var mellom 1000 og
1200 menneske innom.
Les meir her.
(13/11-04) |
Juniorspelemannslaget i Sandefjord har vore i aksjon for
dei eldre.
Dei har spela for dei eldre på Nygård sykehjem.
Les meir her.
(13/11-04) |
Gåte og Knut Buen skal ha utekonsert i mars på Notodden
Konserten skal vere på utescena Myrens Dam. Gåte har som
kjent nyleg gjeve ut ny CD "Iselilja", og den har fått
svært god mottaking slik som første CD'en "Jygri".
Det er Varden som fortel dette.
(13/11-04) |
Vågåtreffen arrangert for 28. gong
Treffsjef Jan Visdal er godt nøgd med treffen. Magne Bø
(80) fekk Vågåfatet for sin omfattande innsats som
spelemann, komponist og arrangør. Det var i alt 35 grupper
og lag som deltok under treffen og ca 1000 publikumarar.
Les meir her.
(13/11-04) |
NRK snart klar med folkemusikk-kanalen
Som meldt tidlegare arbeider NRK med å lage ein kanal
som sender folkemusikk heile tida. Det er ein såkalla
digital radiokanal (DAB-kanal), og han vil starte 7.
desember. Men du treng ein digital radio for å få han inn
(eller på Internett). Elkjøp har no i sal 4 ulike
radio-variantar som kostar mellom 1200 og 2000 kr. I løpet
av året vil NRK dekke ca 70% av landet med DAB.
Les meir her, og
meir her.
(13/11-04) |
LfS-styret snur: Poengsummar tilbake på kappleikane
Styret i Landslaget for Spelemenn har vedteke at det frå
2005 igjen skal bli poeng under døming på kappleikar. I
ein prøveperiode på 2 år har dei vore borte. Men ei
spørjeundersøking viste at medlemene ville har poenga
tilbake, og no har styret lagt vekt på det.
Les meir her.
(13/11-04) |
Bra norsk deltaking på folkemusikkmessa VOMEX 2004
Mellom dei som var på messa i år finn vi Karl Seglem med
si nye plate, Lene Furuli frå Førde-festivalen, Stine
farstad frå Musikkoperatørane, og Ola K. berge frå Norsk
Folkemusikkformidling.
Les meir her.
(12/11-04) |
Randi Skeide attvald som leiar i Landslaget for Spelemenn
for tredje året
Saman med seg i styret har ho Jan H Lislien, Frode
Rolandsgard, Jorun Marie R Kvernberg og Solbjørg Tveiten.
Årsmøtet vedtok eit omfattande arbeidsprogram med store og
ambisiøse prosjekt i fokus. Nokre stikkord:
Folkemusikkscena, Folke:larm, Folkemusikkpris,
Sjokoladekappleik, Landskappleik / Landsfestival.
Les meir om dei ulike tiltaka her.
(12/11-04) |
Barnegruppa i leikarringen "Kjerringa med staven" har fått
kulturpris
Gruppa har fått Nitedal kommunes kulturpris for 2004.
Varingen har vore på innstig hjå gruppa som har Kjersti
Gullvåg Halse som leiar.
Meir her.
(11/11-04) |
Folkemusikk break for dei unge i Vinje
Tidlegare i år har alle elevane i Vinje i 1. - 7. klasse
fått undervisning i gangar, springar, kveding, hardingfele
og folkemusikk break. På eit danseseminar i helga var det
folkemusikk break som samla størst interesse.
Les meir her.
(11/11-04) |
Studentavisa i Tromsø skriv pent om norsk folkemusikk
Ei rik skattekiste, skriv dei mellom anna.
Meir her.
(11/11-04) |
Gla'dansen i Asker med dans ein onsdag i månaden på Asker
Museum
Askerladden spelar til dans og Odd og Genec lar det
svinge. Datoane er slik: 10. november, 8. desember, 12.
januar, 9. februar og 9. mars.
(11/11-04) |
Folkemusikksenter "Bø i Felemark" ved Bø museum
I Bø i Telemark skal det opprettast eit
folkemusikksenter ved Bø museum. Bø kommune har sagt ja
til å bidra med 150 000 kr over 3 år til ei
prosjektstilling, og vonar at Telemark Fylkeskommune,
telemark museum og Norsk Kulturråd vil vere med på
speliselaget. Kostnadene trur ein blir ca 1,5 mill kroner.
Les meir her.
(11/11-04) |
Majorstuen over heil side i Aftenposten aften
Gruppa Majorstuen spelar i kveld i Oslo, og lanserer ny
CD. Dei får brei omtale i Aftenposten der dei vert
intervjua over ei heil side.
Les meir her.
(10/11-04) |
BUL i Nidaros si oppsetting av av "Peer Gynt" får
strålande kritikk
Sist laurdag var det premiære på stykket som BUL set opp
i samband med at laget er 100 år.
Amund Grimstad i Klassekampen skriv at dette er ”eit
halsbrekkande prosjekt, men BUL er ikkje mørkredd, og har
aksla vanskelege prosjekt før”. Frida Holsten Gullestad
skriv i kritikken i Adresseavisen mellom anna at ”Mange
modige grep er tatt for å få «Peer Gynt» til å føles nytt
og friskt, samtidig som BULs historiske ånd bevares” og
vidare at ”I noen av scenene virkelig gnistrer
forestillingen av originalitet og kreativt overskudd”. Om
musikken til Larsen-brørne skriv Klassekampen: ”Det er eit
verkeleg imponerande stykke arbeid. Musikken passar som
hand i hanske til oppsettinga og bør så absolutt få eit
liv etter dette”. Stykket blir spela kvar dag fram til
laurdag 13. november.
Meir her. Biletet syner
Peer Gynt (Magnus Lie Hetland) og Solveig (Ingvild Kvale
Sørenssen). Fotograf: Arne Kristian Gansmo, BUL i Nidaros.
(09/11-04)
|
INTRO-folk blir presentert på "Fabrikken" i Oslo onsdag
10. november
Rikskonsertane, Norsk fokemusikkformidling og
Folkemusikkscena presenterer INTRO-folk på Fabrikken (Nedregt
7) i Oslo kl 13.30.
Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland og
Rikskonsertenes konsertsjef Helge Skansen skal vere med.
Dessutan spelar plateaktuelle Majorstuen.
INTRO-folk
er eit heilt nytt lanseringsprogram for unge lovande
folkemusikarar der det overordna målet er å styrke norsk
og samisk folkemusikk. INTRO-folk
kårer ”Årets unge folkemusikere” i juli 2005.
Les om lanseringa her.
Og her.
(09/11-04)
(12/11-04)
|
Gratis CD til alle med joggesko og joggedress
Majorstuen slepper på onsdag 10. november sin nye CD "Jorun
Jogga" på "Fabrikken" i Oslo. Konserten er i egi av
OsloFOLK.
(09/11-04) |
Bø-kappleiken samla mange deltakarar - mange av dei unge
Bø-kappleiken har røter heilt tilbake til vår aller
første kappleik i 1888. Og både deltakarlista og
publikumstalet var denne gongen svært høgt.Det var både
lokalkappleik og fylkeskappleik for Telemark på ein gong.
Les meir her.
(04/11-04) |
Osa-festivalen får rosande omtale i mange aviser
Festivalen vart opna av Vargjerd Svarstad Haugland, og
tidlegare direktør for festspela i Bergen Bergliot
Jonsdottir heldt tale. Tingingsverket som den nye
kunstnariske leiaren Steinar Ofsdal hadde ansvaret for,
fekk noko blanda mottaking. . Her er referansar til nokre
omtalar:
Bergens Tidende,
Bergens tidende,
BT, og
BT.
(04/11-04) |
Deler av siste Spelemannsbladet på Internett
Spelemannsbladet nr 7/2004 er kome ut, og nokre av
artiklane derifrå er også tilgjengeleg på Internett, slik
det har vore vanleg i seinare tid. Vi finn desse artiklane
der:
Leiarartikkel
-
Folkemusikkens hus
-
LfS – framtida og verdiane
-
Solid opptur for
Distriktskappleiken
-
Nordisk Polsfestival på Melhus
(04/11-04) |
Einar Olav og Gjermund Larsen tildelt "Osa-prisen" for
2004
Prisen vart utdelt i samband med Osl-festivalen for eit
par dagar sidan. Prisen har berre blitt delt ut tre gonger
før, etter at Sigbjørn B. Osa oppretta prisen i 1988. Det
var dotter hans Liv Bernhoft Osa som delte ut prisen.
Meir her.
(04/11-04) |
Norsk Folkemusikkformidling med ny presentasjons-CD
Den nye CD'en der det i alt er26 kutt, er den tredje i
rekkja. Katalogen til Norsk folkemusikkformidling tel no
over hundre namn og det er soloartistar og grupper herifrå
som vi finn på CD'en. Han skal presenterast på messa VOMEX
i Essen denne veka.
Meir her.
(04/11-04) |
Mange
gode orkester spelar på Folkedanskveldane i Oslo
Folkedanskveldane i BLS-garden i Oslo har no eksistert i
40 år, og sjølv om frammøtet er dårlegare enn i "gamle
dagar", er det oftast knapt 100 dansarar som finn vegen
dit om søndagskveldane. Også i haust er det mange gode
orkester som spelar:
søndag 7. november –
Husk gammeldansorkester
søndag 14. november –
Østerdølenes Spellmannslag
søndag 21. november –
Husk gammeldansorkester
ssøndag
28. november –
Veggpryden
søndag 5. desember -
AskerLadden
Les elles om
folkedanskveldane her.
(04/11-04)
|
Nils Øklands nye CD "Bris" godt motteken
Aftenposten (4/11) skriv fint om den nye CD'en, som er
den andre CD'en til Nils Økland på avantgarde-selskapet
Rune Grammofon, som også presenterer platene hans ute i
den store verda. Dette er typisk "crossover" musikk, der
Økland på hardingfele har med seg dugande (jazz)-musikarar.
Den førre plata til Økland "Straum" har selt 3500
eksemplar og fekk til dels svært god kritikk i utanlandske
blad. Han er elles månadens artist på Norsk
Folkemusikkatalog. Lanseringskonsert 8. november.
Les meir om han her. Totalt er dett tredje plata til
Økland.
(04/11-04) |
"Låvende
saker" fekk årets bygdeturismepris for 2004
I august 2000 starta Nina og Øystein Rudi med programmet
"Låvende saker" på garden sin i Gudbrandsdalen. Her skulle
det bli folkemusikk, blues, pøbb og folkefest. Nyleg fekk
garden bygdeturismeprisen for 2004.
Les meir her.
(31/10-04) |
For unge lovande folkemusikarar: INTRO-folk
Rikskonsertene, Norsk folkemusikkformidling og
Folk emusikkscena inviterer til
mottaking med presentasjon av INTRO-folk på Fabrikken
(Nedre gate 7, Oslo), onsdag 10. november 2004 kl 13.30.
Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland og
Rikskonsertenes konsertsjef
Helge Skansen er med i
lanseringen. I tillegg spelar plateaktuelle Majorstuen.
(31/10-04) Endra 04/11-04 |
Fin minnekonsert for Ola Opheim 16. oktober
Vågå Spell og dansarlag arangerte ein fin minnekonsert
for denne allsidige musikaren som hadde slikt godt
dansespel. Les
meir her.
(31/10-04) |
Situasjonen for landslinene (mellom anna i folkemusikk) i
"Utdanning"
I siste nr av fagbladet for lærarar "Utdanning" blir
situsajonen til landslinene teken opp etter at
Statsbudsjettet er lagt fram. Både i Valle og på Vinstra
er dei bekymra for situasjonen. Hovudlærar i Valle Monika
Antun og rektor Per Kristiansen trur begge at det blir
vanskeleg å overleve dersom fylkeskommunane overtar
ansvaret for landslinene. I Valle er 2 av 3
folkemusikkstudentar frå andre fylke. Det ser ut til å by
på problem å rekruttere elevar nok til ei heil klasse. Tom
Willy Rustad, som no er leiar for folkemusikkstudiet ved
Norges Musikkhøgskole, seier at dei to landslinene er
viktige for rekrutteringa både til Høgskolen,
Rauland, Ole-Bull Akademiet og Universitetet i Oslo. I år
var det 11 søkjarar til høgskolen innan folkemusikk, og av
dei kom 3 inn. På Vinstra er det 9 folkemusikkelevar på
kvart årstrinn, og dei går saman med dei andre elevane på
studieretninga "Musikk, dans og drama". Dersom
fylkeskommunen må ta over heile ansvaret for lina på
Vinstra, vil det koste 2 millionar kroner. For begge
landslinene vil det bety 6 millionar. Både i Valle og på
Vinstra ventar dei i spenning på handsaminga av
statsbudsjettet.
(28/10-04) |
NU
med "guide" for etablering av kulturarbeidsplassar i
distrikta
Aaste Kveseth, som vi også kjenne r frå
folkemusikktimen, har vore engasjert av NU i eit prosjekt
for å kunne etablere kulturabeidsplassar i
distrikts-Norge. Det har resultert i
"Kulturetablererpakka" som skal hjelpe dei som vil i gang,
og som vil prøve å leve av kulturarbeid. Heftet gjev ei
innføring i ulike tema som ein etablerer lurer på, som å
søke om stønad, utvikle ein ide, marknadsføre tenestene
sine og mangt anna. I "Ungdom" (3/2004) er Live Karin
Liaskar frå Volda intervjua, og fortel at ho gjerne vil ta
i bruk etablererpakka frå NU.
(25/10-04) |
Guro
Hernes tilsett som folkedanskonsulent i Noregs Ungdomslag
Guro Hernes (28) frå Oslo har lang røynsle som dansar og
instruktør. Si "grunnopplæring" har ho frå BUL i Oslo. Ho
har også vore sentral i Noregs Ungdomsring og er "nøkkelindstruktør
i NU. Ei sentral oppgåve for den nye konsulenten blir å
synleggjere folkedansen i samfunnet, og i samarbeid med
Leikarringen i BUL i Oslo å arbeide for å få folkedansen
inn i skuleverket i Austlands-området. Ho skal også
arbeide med å bygge opp ein database over spelemenn og
instruktørar i NU. Dette les vi i siste nummer av "Ungdom"
(3/2004).
(25/10-04) |
Mange
deltakarar på Oslo-kappleiken
Det var deltakarar frå mange stader i Sør-Noreg på
kappleiken som Langet for Folkemusikk skipa til laurdag
23. oktober. Per Anders Buen Garnås (Bøheringen) vart best
i hardingfele klasse A med Jan Beitohaugen Granli (Øystre
Slidre) på neste plass og Torgeir Straand (Bøherdingen) på
tredje. I spel hardingfele klasse B kom Ottar Kaasa (Falkeriset)
på første og Øystein Velure (Ål) på andre. I vokal klasse
A kom Unni Løvlid først, så Camilla Granlien, med Gro
arneng på tredje og Jon Anders Halvorsen på fjerde. I spel
fele klasse A var det berre ein deltakar: Hans sandum
(Flatlusa). I spel fele klasse B kom erlend Viken (Opdal)
på første plass. I open klasse vart Hans Sandum og Terje
Rusten (Heidal) best. Dans fele klasse A var vunnen av
Anne Grete og Rolf Bjørgan og i klasse B vann Eli Skyberg
og Tore Kinn. Liv bergset og Nils Øyvind Bergset vann dans
hardingfele klasse A, og Kjerst Aasen og Svein Aasen
klasse B. Østerdølenes Spellmannslag vann lagdans senior.
Les meir her.
(24/10-04) (12/11-04) |
Folkemusikklina i Valle er trua med det nye
statsbudsjettet
I budsjettet blir det foreslått at Landslinene skal få
støtte per elev. I år er berre halvparten av elevplassane
i Valle
oppfylt, så det kan bety mindre tilskot.
Les meir her.
(24/10-04) |
Kvinten nr 4 er å finne på nettet (deler av bladet)
Meldingsbladet til NFD, Kvinten, er ute med nr 4, og
legg 4 av artiklane ut på nettet. Mellom anna skriv dei at
Oslo er det naturlege valet for ei riksscene for
folkemusikk og folkedans. Les artiklane her:
Hovudstaden eit naturleg val,
-
Seminar om Folkemusikkens hus, -
Festivalutviklar tilsett, -
Ny bok om draumkvedet,
-
Kva er norsk musikk?
(24/10-04)
|
Folkedansarar frå Torpo skal danse laus og springar for
heile Europa
Dette foregår under Junior Grand Prix på Lillehammer 20.
november. Det er i alt 10 dansarar som skal vere med, og
Martin Myhr er leiar for gruppa.
Les meir her.
(24/10-43) |
Einar
Olav og Gjermund Larsen (Verdal) lagar ny musikk til Peer
Gynt
Folkemusikk, folkedans og bunadar blir meir enn berre
krydder når BUL i Nidaros set opp sjølvaste Peer Gynt i
sirkustelt på torget i Trondheim 6.-13. november.
Larsen-brørne Einar Olav og Gjermund komponerer ny musikk
til heile stykket og spelmannslaget i BUL spelar i lag med
Einar Olav. Dansarar frå folkedanslaget, songarar frå
songlaget og skodespelarar frå teaterlaget går i blanding
og levandegjer både folketradisjon og Ibsens dramatiske
verk på ein gong. Storsatsinga skal markere BUL sine 100
år som kulturinstitusjon i Trondheim. Les meir
hjå BUL og i
Adressavisa. På biletet ser vi tre av dei sentrale
personane (frå venstre): Einar Olav Larsen, Inga E.
Bruteig (regi-ass.)og Karstein Solli (regi)
(23/10-04) |
Ny plate frå "Gåte" blir svært godt motteken
Den kjente folke-rock gruppa har nettopp kome med ny
plate: Iseliljaiselilja. "Mektig tiltalende" skriv
Aftenposten i dag, og gir plata terningkast 5. Vi siterer
frå avisa: "De har skapt sitt eget moderne og magiske
univers basert på en stolt folkemusikalsk arv. Gåte er
grensesprengende i sin omgang med folkemusikken". På plata
er det 10 låter. I tillegg til folkeviser, nyttar dei
denne gongen også tekster av Astrid Krogh Halse. Dei har
også med ei vise som Knut Buen har laga,
les her.
(19/10-04) |
Trekkspeljenter med hund blir TV-kjendisar
Det er fire spelande jenter med hund som skal delta i
Tore Strømøy sitt program "Noen bedre". Programmet blir
sendt laurdag 23. oktober.
Les meir her.
(19/10-04) |
Ny CD med NRK-innspelingar med jubilanten Eivind Moe
Plateselskapet Ta:lik har plukka ut 17 av dei beste
slåttane som eivind Moe spela inn i NRK i åra 1948, 1952
og 1956, altså i ein periode da ein kan rekne med at han
var på topp både teknisk og kunstnarleg. (Han vann
landskappleikane i 1939 og 1948, begge gongene i Oslo.)
Den 20. november ville den tidlegare banksjefen fylt 100
år. Stein Versto har skreve ein fin artikkel om Eivind Moe
og spelet hans.
Les meir her.
(19/10-04) |
Øvingar til neste års skodespel på dyrskuen i Seljord i
gang
Det blir eit tidsbilete frå garden Sandsdalen der den
kjente spelemannen bur. Mellom dei som øver er Knut Buen.
Les meir i Varden.
(19/10-04) |
Sandar barneleikarring drar til Uvdal på stemne.
I alt er det om lag 25 medlemer i barneleikarringen,
fordelt på to aldersgrupper.
Les meir her.
(19/10-04) |
|
Folkemusikkfe |