Godt
nytt år!
Folkedans.com vil ynskje alle lesarar og bidragsytarar eit
godt nytt år 2006!
Helsing Vebjørn Bakken
(31/12-05) |
Det blir Seljordspel også neste år
I fjor var det Seljordspel "Presten Landstad og Olea
Crøger", og no har dei fått pengar til å vidareføre spelet
også neste år. Det er Hæge Manheim som er primus motor for
tiltaket.
Les meir her.
(29/12-05) |
Sigmund Sæther - blid trekkspelar i
Hemne
Les
intervjuet med den blide og dugande trekkspelaren.
(29/12-05) |
Sveinung Sundli får ST-prisen for 2005
Sveinung Sundli er kjent som skaparen av Storåsfestivalen
- festivalen i Meldal som er blitt landets fjerde største.
Les meir her.
(29/12-05) |
Dag og Tid tilrår svensk juleplate: Jul
i folkton
Roald Helgheim i Dag og Tid skriv svært pent om ein ny
svensk "juleplate" - ei plate som vi godt kan høyre på
også resten av året. Artistane på plata er kjente namn som
Louise Hoffsten, Sofia Karlsson, Lena Willemark, Sara
Isaksson, Sofia Karlsson, Rebecka Törnqvist.
Les
meir her
(29/12-05) |
Ismusikkfestival på Geilo i januar
Perkusjonisten Terje Isungset skipar til musikkfestival på
isen i Geilo 13-15 januar 2006. Namnet er IceFestival.
Det blir ulike typer musikk, også folkemusikk. Mellom dei
som deltar er Unni Løvlid.
Les meir her.
(29/12-05) |
Kvarts er godt nøgd med god offentleg
støtte
Kvarts får i 2006 125 000 kr frå Kulturrådet, og har i
2005 fått 30 000 kr i støtte frå Fond for utøvande
kunstnarar. Jo Asgeir Lie i Kvarts har også fått kr 20 000
frå same fondet til eit personleg prosjekt.
Les meir her.
(29/12-05) |
Faukstad og Bjørkum får terningkast 6
for CD'en sin
Jon Faukstad og Per Sæmund Bjørkum får terningkast 6 for
den nye plata si "Konsert på Kleppe" som dei gjev ut på
eige plateselskap jps records. Kjetil Sandviken i
Gudbrandsdølen/Dagningen skriv svært rosande om plata, som
inneheld variert og tradisjonell folkemusikk. Her er
musikk etter Hans W. Brimi, storgardsmusikk,
gamaldansmusikk og musikk av Anders Viken frå Jølster.
Les meir her.
(29/12-05) |
Dansesatsing på TV
TV Norge skal på nyåret satse stort på eit
danseprogram dei kallar Dansefeber. Dette er ein norsk
versjon av ein amerikansk programserie som dei har sendt i
haust. Før jul har det vore omfattande audition i
Stavanger, i Trondheim og tre dagar i Oslo. Dei vonar å få
med seg dei aller beste dansarane i landet, også
profesjonelle. Mellom dei som har vore på audition er
hallingdansaren Hallgrim Hansegaard.
Her kan du sjå eit TV-innslag mellom andre med han.
Over 6000 dansarar i heile landet skal ha meldt seg på.
Les reportasje frå Trondheim. Og
frå Stavanger. Kor mykje folkedans det blir gjenstår å
sjå. Også TV 2 satsar på sin eigen dansefeber til neste
år, etter modell av BBCs "Strictly Come Dancing".
(29/12-05) |
Sigrun og Lars M. Vigdal fekk Luster
kommunes kulturpris 2005
Dei to har lagt ned eit stort arbeid med å helde i hevd
Jostedalsspringaren som er einaste springaren som framleis
vert dansa i Luster.
Meir her.
(29/12-05) |
Annlaug Børsheim frå Ulvik,
Benedicthe Maurseth frå Eidfjord, Kari Malmanger frå
Rosendal og Monika Kolskår frå Granvin. Dei tre
førstnemnde er alle studentar ved Ole Bull Akademiet,
medan Kolskår for tida studerer medisin i Bergen. 3.
januar har gruppa konsert i Vangskyrkja på Voss.
Les meir her.
(29/12-05) |
|
|
|
|
|
|
|
|
Synnøve
Sletten med ny CD frå Finnskogen
Torader-musikaren Synnøve Sletten har nyleg kome med ny CD
- Nattfiol - som inneheld tradisjonelle låtar både frå
Noreg og Sverike, i tillegg til eigne komposisjonar. Ho
har med seg Vidar Skrede og Vegar Vårdal på ein del av
spora.
Les meir her.
(26/12-05) |
"OnkelFolke" med ny CD: "Kasta beinet"
Folkemusikkgruppa
OnkelFolke har kome med sin første CD: Kasta
beinet. Dei 5 musikarane i gruppa er
Gro Kjelleberg Solli (vokal og fløyte),
Tove Solheim (fele og hardingfele), Audun Eken,
(trerader), Øystein Sandbukt (gitar), Knut Egil
Kristiansen (perkusjon og vokal). Dei kjem frå
Agder/Rogaland og Nordmøre. Gruppa starta i 1995 ved at 4
studentar ved Rauland-Akademiet gjekk saman og spela i
lag, og i 2003 fekk dei med seg Øystein Sandbukt. Dei har
fleire gonger vore med på Nordsjøfestivalen i Farsund, og
hatt ulike konsert i Sør-Noreg og i Danmark.
Les meir her.
(26/12-05) |
Fredrik Drevon tar
for seg emnet dans, og meiner at landet kan bli eit endå
betre land å bu i om fleire kunne eller ville danse.
Han skriv også noko om folkedansen:
"Frp er vel på linje med folk flest i det at de må være
sørpe fulle for å danse. Unntaket er folkedans, fordi den
regnes som et genuint og nasjonsbyggende kulturuttrykk.
Til gjengjeld ser vi folkedans kun når Norge arrangerer OL
eller lanserer et nytt lakseprodukt i Japan.
Nå vil sikkert noen innvende at folkedans er
kjempepopulært i Norge. Javel, hvor mange kjenner du som
på stående fot kan demonstrere folkedansens fire
hovedkategorier: Songdans, bygdedans, gamaldans og
turdans? Nettopp.
Hva skjedde med folkedansen egentlig? Hvorfor ble den ikke
et hovedtema i Verdikommisjonens rapport? En mulig
forklaring er den gledesløse pietismens historiske røtter:
Helt siden Salome danset for Herodes har presteskapet sett
på dans som et vertikalt uttrykk for horisontalt begjær,
og derfor syndig. Faktisk var det vanlig å danse i
begravelser i Norge frem til 1870-tallet, da prestene fikk
bukt med umoralen. Imidlertid er det mange passasjer i
Bibelen som bejubler dans: «Når dere ser Silos døtre gå ut
til dans, da skal dere springe frem fra vingårdene …» står
det skrevet i Dommernes bok 21.21. "
Meir her.
(26/12-05) |
|
|
Even Tråen fekk Rollag kommune sin
kulturpris
Even Tråen |
Elisabeth Kværne og Ingar Ranheim har
fått kulturpris
Dei to har fått Nord-Aurdal kommune sin kulturpris for
2005. Kulturprisen
blir delt ut 5. dag jul på Frydenlund i Aurdal. Elisabeth
Kværne har særleg lagt ned eit viktig arbeid med å blåse
liv i langeleikspelet. Ingar Ranheim har vore sentral som
dansar, lærar, organisasjonsmann og historikar.
Les meir om dei to her.
(21/12-05) |
Fond for utøvande kunstnerar: Utdelingar
i haust
Dette fondet deler ut pengar også til ein del
folkemusikarar. Mellom dei prosjekta som får er det også
danseprosjekt og folkedansteater.
Sjå oversikta her.
(21/12-05) |
Ensemblestøtta for 2006 er på 500 000 kr og
fleire nye grupper får
Dessutan er det mange nye grupper som får støtte i 2006:
Spindel, Susanne Lundeng Band, verdsmusikkbandet Urban
Tunélls Klezmerband, Mattisgard/ Røine, Niko Valkeapää,
Sturla | Andreas og Trispann. Dei som får mest er
Majorstuen og Susanne Lundeng Band (kr 150 000 kvar) følgd
av Kvarts (kr 125 000). Minste sum er 50 000 kr.
Full oversikt over stønaden her.
(21/12-05) |
Auka støtte til folkemusikk-festivalane
for 2006
Norsk Kulturråd har gjort kjent kva støtte dei ulike festivalane får i
2006. Kulturrådet fekk 3,5 mill ekstra til slikk støtte,
og av det gjekk 425 000 kr til folkemusikkfestivalane. Det
er 2 nye festivalar som får stønad: Årinn kr 100 000 og
Latinfestivalen kr 100 000. Dei andre festivalane får: Den
norske Folkemusikkveka kr 550 000 (i 2005 kr 500 000),
Jørn Hilmestemnet kr 300 000 (250 000), Kalottspel kr 150
000 (100 000), Nordsjøfestivalen kr 100 000 (100 000),
Osafestivalen kr 175 000 (150 000) og Telemarkfestivalen
kr 850 000 (800 000).
Les meir her. Landslaget for spelemenn skriv at dei er
glad for den auka stønaden til festivalane.
(21/12-05) |
"Sagaen om Isfolket" blir
folkedansteater på Fagernes?
Valdres Folkemuseum arbeid med planar om å lage ei stor
dramatisering av bokserien "Sagaen om Isfolket" av Margit
Sandemo.
Gyda Grøndalen Hoffmann har i haust vore engasjert som
leiar i eit forprosjekt rundt teateroppsettinga. Regissør
Leif Stinnerbom og
hallingen og forfattar
Elgrim Springgard er kontakta og kjem til det første
formelle møte på Fagernes om nokre dagar.
Les meir her.
(10/12-05) |
"Folketonar fra Helgeland" ut på CD
Det er Helgeland Kammerkor med diverse musikarar og
solistar som gjev ut plata som inneheld tradisjonsmusikk
frå heile Helgeland. Ole Rabliås og Sverre Mogård-Larsen
er mellom dei som har samla stoff til plata.
Les meir her.
(10/12-05) |
Folkemusikkversjon av "Den vesle
prinsen" på Førdefestivalen til sumaren
Førdefestivalen har lyst ut ei idetevling om eit
"folkemusikkteaterstykkje" for born, og mellom dei 18
forslaga dei fekk inn valde dei "Den vesle prinsen" som
Sigurd Aae Klausen har foreslått. Klausen har røynsle frå
oppsettingar med folkedansteater, og arbeider no md
oppsettinga "Jul i Blåfjell".
Les meir her.
(10/12-05) |
Randi Skeide i LfS svarar på kritikk om
Riksscena for folkemusikk
I siste spelemannsbladet er redaktøren koko skeptisk til
måten riksscena blir etablert på. Leiaren i Landslaget for
Spelemenn svarar mellom anna på denne kritikken i eit
intervju med folkedans.no. Arbeidet med scena går raskt
framover. Stiftingsmøtet skal vera i slutten av februar og
kulturkomitéen på Stortinget har også nett kome med ei
tilråding om at ein bør vurdere å stille med
husleigegaranti for prosjektet. Det er Norsk folkemusikk
og danselag som har hatt hovudansvaret for dette
prosjektet, men ha hatt støtte av LfS og NU.
Les meir her.
(10/12-05) |
Ung spelemann (14) fekk utdelt stipend
på kr 10 000
Den unge torader-spelemannen er Vegard Storbråten Øye fra
Råholt. Og stipendet får han av Eidsvoll kommune som deler
ut kulturstipend for ungdom. No skal han i studio og spele
inn CD, fortel han til Eidsvoll Blad.
Les her.
(10/12-05) |
Løyvingane frå Fond for lyd for hausten
2005 er klare
Det er nokså mange folkemusikkprosjekt som har fått
stønad. Dei fleste av tilskota går til CD-produksjonar,
men også ein konsert. Desse folkemusikkprosjekta er med på
lista:
CD med Ragnhild Furebotten, CD med Slagr ( Anne Hytta), CD
med Rusk (Unni Løvlid), Konsert med Transjoik (Frode
Fjellheim), CD med Vintermåne (Kirkelig kulturverksted),
CD med Berit Opheim (Lindberg lyd). CD med Traditronica
(NorCD), CD med Jorun Marie Kvernberg (ta:lik), CD med
Adjagas (Trust Me Records) CD med Helene Bøksle
(Universal) og CD med Oddbjørn Ramstad.
(10/12-05) |
Agnes Buen Garnås får Kulturrådest
ærespris måndag 12. desember
Utdelinga skjer i Oslo Konserthus, Lille sal, kl 20, og
leiar i Kulturrådet Vigdis Moe Skarstein deler ut prisen
som er på 300 000 kr og eit kunstverk. Agnes Buen Garnås
har vore ein av våre leiande folkemusikarar i fleire
10-år, har vunne Landskappleiken 6 gonger i vokal
folkemusikk, har halde ei rad kurs og konsertar, gjeve ut
mange plater og vore lærar på Ole Bul Akademiet i 15 år.
Under utdelinga medverkar også skodespelaren Anne Marit
Jacobsen, Ingvill Marit Buen Garnås og Per Anders Buen
Garnås.
Les meir her.
(10/12-05) |
"Francaiser og Quadriller fra norske
dansbøker"
Denne boka om norske balldansar, som også inneheld to
CD'ar med musikk, vart lansert for 14 dagar sidan på eit
seminar på Sørmarka, og no har vi fått boka i hende. Det
er Dag Vårdal som står bak prosjektet og han har
samarbeidd om dansane med Folke Flatland, Erik Hestnes og
Kjell Klausen, og musikken har Vegard Vårdal og Hilde
Sørnes hovudansvaret for. Boka gjev eit godt oversyn over
kontradansen i Noreg, og gjev ein grundig og detaljert
gjennomgang av desse dansane: Francaise
(kvadriljeoppsett), Lancier, Lancier dublert,
Julekvadrilje, Menuetpolonaise, Caledonian Kvadrilje,
Nasjonalkvadrilje og Purpose, og det følgjer notar med.
Nokre av desse dansane er nye i ballmiljøet, og har vore
utprøvt i Bærum Balselskab, som Julekvadrilje,
Nasjonalkvadrilje og Purpose. Lancier er ein omarbeidd
versjon av "Lancier frå Austlandet" som Folke Flatland
arbeidde med for nokre år sidan. Dansane er henta frå
gamle norske dansebøker, men det lgg eit stor arbeid bak
med å tolke og tilpasse dansane. Vi er sikker på at denne
boka og musikken blir til stor glede og nytte for dei som
driv med balldans i norden. I vårt land er det få stader
der ein finn gode gjennomgangar av dansane, bortsett frå
dei kontradansane som finst i dei vanlege
rettleiingsbøkene som leikarringane brukar.
(10/12-05) |
Musikk av Håvard Svendsrud ulovleg
utgjeven på CD
Det er selskapet Åmot Studio Buskerud som har gjeve ut
musikk av trekkspelaren Håvard Svendsrud utan å spørje han
om løyve. No granskar Tono om selskapet kan ha gjeve ut
anna ulovleg musikk.
Les meir her.
(08/12-05) |
Intervju med felebyggarlærling Ottar
Kåsa (21)
Spelemannen Ottar Kåsa frå Rauland er den einaste i landet
som er lærling i å byggje hardingfeler. Han går i lære hjå
Sigvald Rørlien ved Ole Bull Akademiet på Voss.
Les
intervjuet her.
(08/12-05) |
LfS skipar til dommarkurs i spel, song
og dans 20-22 januar 2006
Landslaget for Spelemenn skipar til domarkurs på
Lillehammer. Det blir mange av våre mest dugande domarar
som innleier: Vidar Lande, Bjørn Aksdal, Arne Sigurd
Haugen, Trond Ole Haug og Egil Bakka.
Les meir her.
(08/12-05) |
Spelemannsbladet nr 8/2005 delvis ute på
Internett
I dette nummeret blir det mellom anna sett fokus på
Riksscena for folkemusikk og Folkedans som no synest å
kunne bli realisert etter som Stortinget løyver 1,5
millionar til prosjektet i Schou-kvartalet i Oslo. Dette
tar redaktør Kjell Bitustøyl opp i leiarartikkelen. Vi
finn også eit intervju med Hilde Bjørkum og Magnar Sundt
om riksscena. Hilde Bjørkum har vore kritisk til ei
Riksscene plassert i Oslo.
Les meir her. Intervju med
Hilde Bjørkum også her.
(08/12-05) |
Ballsesongen er i gang
Stildans er ein stadig veksande grein av folkedansen,
medan det vanlege arbeidet i leikarringane slit med
rekrutteringa. Høgsesongen for stildans-ball er før og
etter jul, og på førsumaren. Vi var heldige og fekk vere
med på adventsballet til Leikarringen Noreg i Drammen, som
dei heldt i dei fine loka til Fredfoss Kulturpark i
Vestfossen. Det var over 100 dansarar og Eiker
Spellemannslag sytte for flott ballmusikk. På slike ball
er det gjerne fin middag, flotte ballkjolar og herrar i
finaste stas. Her
kan du sjå nokre bilete frå ballet.
(04/10-05) |
Engelsk-svensk trio i Fredrikstad
Burgess, Ådin & Wingård heiter ein engelsk-svensk trio med
base i Fredrikstad. Dei spelar musikk frå heile
Norsjø-området. Patrik Wingård bor framleis i
Fjellbacka-traktene. Anders Ådin frå Grebbestad har
derimot kjøpt seg hus på Apenesfjellet. Og Richard Burgess
frå Kent i England har nå bodd i Fredrikstad i 17 år.
Les meir om desse og musikken deira her.
(25/11-05) |
Riksscena for Folkemusikk og folkedans:
Viktig med garantiar for drifta
Kulturkommiteen på Stortinget har i desse dagar snakka med
dei sentrale organisasjonane om kulturbudsjettet, mellom
dei LfS, NU, NFD og Rff. NFD tok også opp spørsmålet om
driftsgarantiar for den nye scena frå 2008.
Les meir her.
(25/11-05) |
Musikkforskar Ola Graff: Nordnorsk
folkemusikk oversett!
Ola Graff har skreve opp folkemusikk frå alle kantar av
landsdelen. Men i standardverket "Fanitullen" står det til
dømes at ein ikkje har funne slåttar i Finnmark.
Les meir her.
(25/11-05) |
Kalottspel har fått nytt styre og
styreleiar
Folkemusikk- og folkedans-festivalen i Målselv har fått
nytt styre: Kjetil Jensberg (leiar) - produsent for
Festspillene i Nord-Norge, Elisabeth Müller (ny) som
til dagleg er leiar i Troms Reiseliv. Tre personar er med
videre frå det forrige styret: Marte Frihetsli, Harry
Hillestad og Terje Foshaug.
Meir her.
(25/11-05) |
Arild Hoksnes får Fylkeskulturprisen i
Møre og Romsdal
Arild Hoksnes er frå Aukra og bur i Melhus. Han har mellom
anna vore redaktør for Spelemannsbladet og har halde mange
kåseri i NRK. I grunngjevinga for at han får kulturprisen
heider det mellom anna: "Av utdanning er Arild Hoksnes
cand. mag. med faga musikk, fransk og historie. Arild har
m.a. hatt fleire jobbar innan NRK – Radio og TV, både som
journalist og produsent, som fast tilsett og som
frilansar. Sidan 1991 har han drive eige firma innan
journalistikk, reklame, informasjon og mykje anna. Arild
Hoksnes har gjennom mange år ytt stor innsats innan
folkemusikkområdet, både lokalt i Aukra, i Møre og Romsdal
og nasjonalt. I 1981 fekk han t.d. Spelemannsprisen som
medlem i gruppa ”Hørkelgaddan”. På nasjonalt nivå er han
no engasjert som konsulent for landets største
folkemusikkorganisasjon, LfS (Landslaget for spelemenn),
når det gjeld Landskappleiken og Landsfestivalen."
Les meir her.
(25/11-05) |
Arnt Haugen med ny CD: "Leve
gammeldansen"
Den nye CD'en inneheld 30 gamaldansmelodiar som vart
innspela første gong i 1976-77, akkompangert av Sven Nyhus
sin kvartett.
Les meir her.
(25/11-05) |
Middelalderbballader i original på CD
for første gong
CD'en heiter "Hugen leikar så vide - Middelalderballader i
Norge", og består av opptak frå 1912 til 1992. Det er
Norsk Visearkiv (Astrid Nora Ressem og Velle Espeland) som
står bak utvalet av balladar, og dei er henta frå opptak
frå Norsk Folkemusikksamling. Materialet består av består
av 60 feltopptak med uakkompagnert balladesong. Materiale
er frå voksrullar og spoleband. Utgåva har
konsentrert seg om korte utdrag, og gjengir ofte fleire
døme av same balladen (m.a. Kråkevisa, Reven og Gullmund,
Storebror og Lillebror, Margit Hjukse, Villemann og
Magnhild) for å vise den store variasjonen i framføring
frå person til person i tolkning av tekst og melodi.
Les meir her.
(25/11-05) |
Fedrelandsvennen skriv om Tryllefløyta
Emil Otto Syversen skriv at det er uvandt og ikkje
uproblematisk det som som blir gjort med Mozarts opera.
Han avsluttar artikkelen slik: "Jeg er ikke på noen
måte Mozart-purist, men det hendte underveis at jeg fikk
samme følelse av ubehag som under en fremførelse av Young
Messiah, pop-versjonen av Händels Messias, for noen år
siden. Spørsmålet er hvor langt en skal gå, og hvorfor en
skal gjøre det. Er det for å tekkes publikum, eller er det
i pur skaperglede? Det er to forskjellige ting, det."
Les meir.
(24/11-05) |
Live
Karin Liaskar fra Volda og Sigurd J. Heide, som er
prosjektleiar, var instruktørar og Britt Elisa Skram er
den faste spelemannen. Prosjektet skal ende opp i ei
forestilling som skal ha premiere i Juli 2006.
Les meir her.
(24/11-05) |
Jamsession med folkemusikk i Sandefjord
I Sandefjord prøver |
Folkemusikkgruppa
Onkelfolke med ny
CD: "Kastet beinet"
Dei fem medlemene i bandet kjem frå mange kantar av
landet. Dei traff kvarande i studietida og spela saman i
bandet Folk.
Les meir her.
(24/11-05) |
Elevane i Møre og Romsdal positive til
folkedans
Då Møre og
Romsdal Folkemusikklag sendte ut invitasjonar om gratis
folkedanskurs til barneskolene i Ålesund, Molde og
Tingvoll, var det mange som var interesserte. Berre i
Ålesund meldte det seg nærare 100 jenter og gutar. Det
vart så mange at dei måtte fordelast på ei
formiddags- og ei ettermiddagsøkt. Og endå var det 25 som
ikke kom inn. Instruktør var Live Liaskar og spelemann
Svein Vatnehol.
Les meir her.
(24/11-05) |
Ekteparet Romtveit /Vågen med ny
verkstad i Vinje
Dei to musikarane driv ikkje berre med folkemusikk.
Hillborg Romtveit driv sin eigen verkstad der ho syr nye
drakter med folkedraktopphav.
Les meir om dette her.
(14/11-05) |
Leikarringen Rakne, elever frå
Ullensaker Kulturskole, Ullensaker Janitsjar – og
visesongar/spelemann Geirr Lystrup.
Les meir her.
(14/11-05) |
Telemark Tidend jubilerte med mykje
folkemusikk
Kulturorganet Telemark Tidend jubilerer - 60 år - og det
har blitt markert med ei flott jubileumsfest i Ibsenhuset
i Skien. |
Dagsavisen har intervjua Sven Nyhus
Nyhus er aktuell i Opera-samanheng - han spelar
Røros-musikk i den nye Operaen «Den fjerde nattevakt» av
Gisle Kverndokk og Ivar Tindberg, etter Johan Falkbergets
roman.
Les intervjuet her.
(14/11-05) |
Nok eit vellukka Vågå-treff vart
avvikla nyss
Det var det 29. treffet i gammaldans. Fredag deltok 15
grupper og laurdag 25 grupper. Den som i år stakk av med
året "Vågåfat" var den kjente trekkspelaren Ottar Johansen
(60) frå Årnes.
Les meir her.
(14/11-05) |
Gjennomslag for reiksscene for
folkemusikk og folkedans
Dei midlane som vert foreslått på Statsbudsjettet er
mellom anna desse: 1,5 mill kroner til styrking av
arbeidet med å etablere ein nasjonal scene for folkemusikk
og folkedans i Oslo. Innkjøpsordninga for fonogram:
1 mill. kroner. Tilskot til fri scenekunst: 5 mill.
kroner, inkludert 2 mill. kroner til ei tilskotsordning
for dans. Festivalstøtte: 3,5 mill. kroner, Støtte til
musikkensembler: 2 mill. kroner. Musikkverkstadordninga: 2
mill. kroner.
Les meir om dette her.
(14/11-05) |
Landslina for Folkemusikk på Vinstra
igjen i fare?
Som kjent er lina på Vinstra den einaste i landet. I
samband med Kunnskapsløftet i den vidare skulen er det i
gang eit arbeid med å utarbeide nye læreplanar i dei ulike
faga, også på line for Musikk, dans og drama, som
Landslina i folkemusikk fell inn under. Rektor ved Vinstra
vg skole er bekymra for dei planane som er utarbeidde så
langt ikkje tar omsyn til dei spesielle behova for
fordjuping i folkemusikk som Landslina krev.
Les meir om dette her.
(14/11-05) |
Distriktsmusikarane i Målselv er spente
på framtida
Distriktsmusikarane i Målselv er usikre på kva framtida
deira blir. Det er mellom anna avhengig av Statsbudsjettet
og av haldninga til Fylkespolitikarane. Dei tre musikarane
er Ragnhild Furebotten, Lena P
Jinnegren og Bendik Lund Haanshus.
Les meir her.
(14/11-05) |
Hedemark Fylkesting vi ha
Folkemusikkarkiv i Hedemark
Fylkestinget vedtok at dei vil sate sterkt på å få
etablert eit Folkemusikkarkiv også i Hedemark.
Les meir her.
(10/11-05) |
Gunnar Stubseid i Aftenposten:
Kunstmusikken kan få folkemusikk-drakt
I ein kronikk i Aftenposten skriv Gunnar Stubseid om
tilhøvet mellom kunstmusikken og vår tradisjonelle
folkemusikk. Han peikar på at i "alle år" har
kunstmusikken teke råstoff frå folkemusikken og laga
folkloristiske forestillingar. I Tryllefløyta er det
omsnudd for første gong. Og han meiner dette vellukka
eksperimentet bør gjerast oftare.
Les kronikken her.
(10/11-05) |
Landskappleiken 2007 til Geilo?
Det er ingen som har søkt enno om å få arrangere
Landskappleiken for 2007. Men no tenker Spelemannslaget på
geilo å sende inn søknad.
Les meir her.
(10/11-05) |
Kurs i Hallingspringar for vidarekomne i
Oslo
I Hallinglaget er det kurs i Hallingspringar laurdag 12.
og søndag 13. november i Storsalen i Nordahl Brunsgt 22.
Knut Skrindo og Hilde Kirkebøen er instruktørar. Ola R.
Imset er spelemann.
Meir her.
(10/11-05) |
Vegard Storbråten Øye (13) har fått
kulturstipend
Den unge lovande toraderspelaren har fått kulturstipend av
Eidsvoll kommune. Stipendet er på 10 000 kr.
(10/11-05) |
Norsk folkemusikk og danselag har fått
nytt domene på Internett
Det nye domenet er www.nfd.no
, og det gamle namnet deira har gått til Norsk
Folkemusikkformidling.
(10/11-05) |
Norsk Folkemusikkformidling har fått ny
heimeside på Internett
Norsk folkemusikkformidling har overteke domenet
www.folkogdans.no
og samtidig har dei fornya utsjånad og innhald på sidene
sine.
(10/11-05) |
"Gamaltnymalt" er novemberartisen på
Norsk Folkemusikkformidling
Denne gruppa frå vestlandet har nyleg kome med ny CD, og
er altså novemberartist. Dei som er med i gruppa er Sigrid
Moldestad, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes. Dei har på eit
vis teke opp arven etter Hardingfeletrioen frå 1930-talet,
og fornya denne tradisjonen. Alle tre spelar på femstrengs
hardingfele.
Les meir her.
(10/11-05) |
Kap. 323 Musikkformål
Post 78 Ymse faste tiltak
En nasjonal scene for folkemusikk og folkedans vil være et
viktig element i realiseringen av Schous-kvartalet som
kulturkvartal. Regjeringen foreslår en bevilgning på 1,5
mill. kroner til tiltaket.(..)
- styrking av arbeidet med å etablere en nasjonal scene
for folkemusikk og folkedans i Oslo: 1,5 mill. kroner.
I ein kommentar frå leiaren i nemnda (Maria Høgetveit
Berg) som arbeider med å få etablert ei slik scene i
Schou-kvartalet i Oslo, blir det uttrykt glede over
forslaget. Det uttrykkjer også leiaren i Norsk Folkemusikk
og danselag Hallvard Kaasa.
Les meir her.
(10/11-05) |
|
|
|
|
Nok ein vellukka kappleik i Bø 117 år
etter den aller første i landet
På kappleiken for 117 år sidan vart Lars Fykerud beste
spelemann i landets første kappleik. I Bø i Telemark har
det igjen vore kappleik, og festkveld på fredagskvelden.
Mellom dei gode spelemennene denne gongen finn vi
|
Gautefall-festivalen vel avvikla for 14.
gong
Det var rundt 1000 deltakarar på denne festivalen som
foregår innandørs, og allereide no er 70% av plassane
tinga til neste år.
Les meir om dette populære stemnet.
(08/11-05) |
Nytt nummer av Spelemannbladet er på veg
ut
Som vanleg i det siste kjem ein del av artiklane i
Spelemannsbladet også på Internett, i tillegg til eit
oversyn over innhaldet i bladet. Denne gongen er det
mellom anna stoff frå Tryllefløyta, Barfotjenta,
Folkelarm, Rff-pris til Leif Stinnerbom, ny
heiderslagsmedlem Anbjørg Lien, og mykje meir.
Les meir her.
(08/11-05) |
Randi Skeide frå Fåberg attvald som
leiar i Landslaget for Spelemenn
Landslaget har hatt årsmøte på Beitostølen eit halvt år
før det blir Landskappleik der neste sumar. Det nye styret
er samansett slik: Leiar Randi Skeie
Jan H. Lislien, Solbjørg Tveiten, Mari Eggen, Knut Aastad
Bråten,
1. vara: Jorun Marie Rypdal Kvernberg, 2. vara: Torbjørn
Lyngstad og 3. vara: Terje Foshaug. Det kom fram at trass
i stor aktivitet i året , ser landslaget ut til å gå i
balanse. Det kjem mellom anna av auke i medlemsmassen og
god økonomistyring. Under årsmøtet vart det drøfta om ein
kunne få til eit einklare kappleiksreglement.
Les meir her.
(08/11-05) |
Arild Plassen manglar pengar til å sikre
folkemusikken i Folldal
Arild Plassen har arbeidd i 8 år med å sikre
folkemusikken i Folldal for ettertida. Dei har samla inn
150 slåttar som ennå står i kladd i ein ringperm. Målet er
at dei skal gjeve ut bok med 200 slåttar og
tradisjonsstoff. Men det har ikkje blitt bevilga pengar
dei siste åra, og arbeidet står i stampe.
Les meir her.
(08/11-05) |
"Den fjerde nattevakt" har hatt premiere
som opera
Dei velkjende bøkene til Johan Falkberget har blitt til
opera! I 5 år har Gisle Kverndokk arbeidd med operaen, der
musikk har rot i folkemusikk frå Bergstaden. Og ingen
ringare enn Sven Nyhus står på scenen og spelar skikkeleg
pols i røros-tradisjon. Hege Høiseter og Frode Olsen har
fått hovudrollene skrivne spesielt for seg. Ivar Tindberg
har hatt ansvaret for librettoen.
Les meir i Aftenposten.
(06/11-05) |
CD-lansering med Jon Faukstad og Per
Sæmund Bjørkum
Dei to framifrå folkemusikarane, som begge arbeider ved
Norges Musikkhøgskole, kjem med ny CD - "Konsert på
Kleppe". Den blir lansert torsdag 17. november på Oslo
Ladegård kl 19.30, St. Halvards plass Oslo gt 13. Gratis
inngang.
(01/11-05) |
I Lindemans fotefar - konsertserien blir
avslutta 3. desember i Oslo
I samband med utgjevinga av Lindemans samla oppskrifter
”Ludvig Mathias Lindemans
samling av norske folkeviser og religiøse folketoner”
er det i haust ein konsertserie der 7 av våre fremste
kvedarar syng viser samla av Lindeman i kvar sine
tradisjonsområde.
Dei 7 er
Ragnhild Furholt, Gunnlaug Lien Myhr, Marit Mattisgard,
Camilla Granlien, Sinikka Langeland, Øyonn Groven Myhren
og Ingvill Marit Buen Garnås. Det er Norsk
kvedarforum og Den norske folkemusikkscena som står bak
serien. Den 3. desember held dei
felles konsert på Oslo Ladegård. Konsertserien er støtta
av Norsk Kulturråd, Fond for utøvende kunstnere, Fond for
lyd og bilde, Lindemans Legat og Rådet for folkemusikk og
dans. Konserten startar kl 19. Billettar kan
tingast her:
dnfs@folkemusikk.no .
(31/10-05) |
Hellik Dokka (75) overrekt kongens gull
Den kjente dansaren Hellik Dokka fekk overrekt medaljen av
fylkesmann Kirsti Kolle Grøndal. Ca 100 var samla då dei
feira 75 årsdagen til den gode tradisjonsbæraren.
Les meir her.
(27/10-05) |
Riksscene for folkemusikk - god eller
dårleg ide?
Ja det spørsmålet stiller Anna Hamre i Spelemannsbladet.
Her kan du lese kva ho meiner. Ho er ikkje udelt
begeistra.
Les her.
(27/10-05) |
Oppsetninga "Harpa" vart godt motteken
på Osafestivalen
Dette er ei musikals dramatisering av den kjente folkevisa
"Horpa" om dei to søstrene som begge ville ha same gut til
ektemann. Her har vi både folkemusikk og dans kombinert
med moderne dans og video. Det er Ingvild Buen Garnås som
er kedar og dansar og forteljar. Dei som dansar moderne
dans er Mia
Haugland Habib og Ingeleiv Berstad, to spelar kontrabass,
det er Mats Eilertsen og Robert Horn, og Ole Henrik Moe og
Nils Økland spelar fele. Olav Gorset i Bergens Tidende
synest det var ei interessant forestilling.
(27/10-05) |
Endå ein vellukka Osafestival
gjennomført sist helg
Osafestivalen på Voss i slutten av oktober har blitt ein
viktig møteplass for folkemusikk og kunstmusikk.
Arrangørane kan melde at dei er godt fornøgd med årets
festival, som hadde forteljinga i sentrum. Festivalen er
ikkje mellom dei største, I år var det i overkant av 1000
som deltok på tilskipingane. Mellom aktørane var kjende
namn som Åge Kvalbein, Henning Sommero, Knut Buen, Jostein
Mæland, Hallgrim Berg, Steinar Ofsdal og Ingvild Buen
Garnås.
Les også i Bergens Tidend.
(27/10-05) |
LfS svært godt fornøgd med Folkelarm
Landslaget for Spelemenn melder at dei er svært godt nøgd
med Folkelarm, og det er allereide klart at det blir
Folkelarm også til neste år. Artistar, arrangørar og eit
også elles stort publikum på ca 750 personar fredag og 850
personar laurdag kveld fylte begge salane på "Fabrikken".
I alt var det bortimot 50 oppkjøparar på festivalen, av
dei 15 frå miljø utanfor folkemusikken. Det har også vore
bra respons i media. Dagsavisen, Nationen, mange region-
og lokalaviser, samt i NRK Midt i musikken,
Østlandssendinga og i NRK1-fjernsynet si distriktssending.
Eit innslag i Rikets Røst på TV2 kjem også førstkomande
torsdag, og det har samanheng med to innvandrar-deltakarar
på kappleiken.
Les meir her.
(23/10-05) |
Kirsten Bråten Berg utnemt til Riddar av
1. klasse av St. Olavs orden
H.M.
Kongen har utnemnt sølvsmed og folkemusikar Kirsten Marie
Bråten Berg, Rysstad, til Riddar 1. klasse av Den
Kongelege Norske St Olavs Orden for innsatsen hennar som
kunstnar og kulturformidlar. Kirsten Bråten Berg får
overrekt dekorasjonen torsdag 22. november 2005 kl 14.00
på Setesdalsmuseet på Rysstad av Fylkesmannen i
Aust-Agder, Hjalmar I Sunde. Kirsten har i mange år vore
ein av våre aller fremste folkemusikarar. Kirsten har
gjeve ut ei rad plater, halde eit utal konsertar, vore
aktiv som instruktør. Ho har vunne Landskappleiken fleire
gonger og vart i sumar utnemt til heiderslagsmedlem i
Landslaget for Spelemenn. Vi gratulerer!
(23/10-05) |
Mange deltakarar
på Oslokappleiken 2005 under FolkeLARM
Lag et
for Folkemusikk valte å samarbeide med FolkeLARM, på den
måten at Oslokappleiken vart flytta frå Storsalen i
Nordahl Brunsgt 22 til Fabrikken der FolkeLarm også gjekk
føre seg. Denne samlokaliseringa hadde sikkert positive
verknader for begge arrangementa. Kappleiken varte frå 10
til 18 og mange gode prestasjonar vart vist. Også mange
unge deltok. Best i hardingfele vart Jan Beitohaugen
Granli (sjå biletet), medan Erlend Viken vart best i
vanleg fele. Som året før vart Rolf og Anne Grete Bjørgan
best i dans vanleg fele. I vokalklassen vart Kim Rysstad
frå Setesdal best.
Her kan du
finne mange bilete frå kappleiken. Her finn du
heile reslultatlista.
(23/10-05) |
Også Tradisjonsscene under Folkelarm
Nokre grupper valde å presentere seg under Tradisjonsscena
i staden for som Showcase. Det føregjekk i ein pause under
Kappleiken.Dei som var med var Sør-Fron Spelemannslag,
Sigbjørn Rua, Småjondølene, Østerdølenes spellmannslag og
Jan Beitohaugen Granli/Hallgrim Hansegård.
Her kan
du sjå bilete frå Tradisjonsscena.
(23/10-05) |
Overraskande
innslag i Oslokappleiken frå innvandrarkulturen
Det var mange som sperra opp augo då to det dukka opp to
framandkulturelle deltakarar i halling på Oslokappleiken
under Folkelarm. Men då også TV2 gjorde opptak samtidig
var det nok mange som såg ein samanheng her. Det skal
vistnok kome innslag på TV2 på torsdag. På biletet ser vi
ein av dei to deltakarane. Han her ein flott sunnmørsbunad
som han vistnok har lånt på Heimen. Dei to fekk ikkje så
mange poeng for hallingen sin, men publikum syntest det
var eit morosamt innslag.
(23/10-05) |
Annbjørg Lien
utnemt til heiderslagsmedlem i Landslaget for Spelemenn
Under
prisutdelinga av plateprisar under FolkeLARM i Oslo vart
Annbjørg Lien utnemnt til æresmedlem i Landslaget for
Spelemenn. Lien har gjennom mange år stått i fremste
rekkja mellom våre unge folkemusikarar. Ho vann
Landskappleiken fleire gonger i C-klassen, har gjeve ut ei
rad plater, halde ei rekkje konsertar i inn- og utland,
vore sentral i gruppa "Bukkene Bruse", har komponert ein
god del folkemusikkbasert musikk, og vore ein banebrytar
for den såkalla verdsmusikken i landet vårt. På biletet
spelar ho Fanitullen etter prisutdelinga.
(23/10-05) |
Svært vellukka
folkemusikkpris-fest under FolkeLARM i Oslo
Laurdag
22. oktober gjekk den aller første plateprisutdelinga
innan folkemusikk av stabelen på FolkeLARM i Oslo. Det var
fullt med folk i den ikkje alt for store salen på
Fabrikken på Grünerløkka. Det var konsert og prisutdeling
på same tid, slik vi er vant med det frå
Spellemannsprisen. Svært dugande artistar var i sving:
Majorstuen, Flukt, søskjena Sundli, Hansegård/Granli,
Sondre Bratland og Annbjørg Lien. Annbjørg Lien vart også
utnemnt til Heiderslagsmedlem i Landslaget for Spelemenn,
og ho kvitterte med framifrå spel. Prisvinnerane i dei
ulike klassane var: Årets Dokumentasjon: "Odd Bakkerud" på
Talik, Open klasse /eksperimentell: Geitungen med "Bra
kast", Årets samspelplate - tradisjonell: Nordafjells med
"General", Årets soloplate: Bodil Haug med "Snart lyset
seg mon svinge", Årets nykommar: Einar Olav og Gjermund
Larsen med "Støttenpassingen". Største overraskinga var
kanskje at Geitungen vann Open klasse framfor mellom andre
Majorstuen. Biletet syner alle prisvinnarane saman med
leiaren i LfS Randi Skeide. Dei som sat i juryen var
Kjell Bitustøyl, Jarnfrid Kjøk,
Sigbørn Apeland, Bjørn Aksdal og Ante Mikkel Gaup.
Sjå
bilete frå utdelinga her.
(23/10-05) |
FolkeLARM er i
gang på Fabrikken i Oslo
Den nye "festiven" til Landslaget for spelemenn starta i
går laurdag 21. oktober i to salar på Fabrikken. I alt var
det 24 grupper som presenterte seg frå 19.30 til langt
over midnatt. Det var svært mange spennande innslag, dei
fleste med arrangert folkemusikk i ulike samansetningar,
men også tradisjonelt samspel, og vanleg gamaldans, til
dømes Sven Nyhus kvartett. Mellom dei som imponerte mest
var "Gamalt nymalt" som er ei ny Vestlands-basert
hardingfeletrio: Håkon Høgemo, Sigrid Moldestad og Einar
Mjølsnes. Elles var trønderduoen Sturla /Andreas gode,
sameleis den nye gruppa "Herr Ole" med brørne Aastad
Bråten, Hege Nylund og Gunnlaug Lien Myhr.
Her kan du sjå
bilete frå ein del av dei gruppene som var med.
(22/10-45) |
Stort stipend til nordnorsk
folkemusikkgruppe "Hekla stålstrenga"
Det er Festspillene i Nord-Norge som deler ut
Ungkunststipend, og eit av dei to stipenda på 130 000
kroner går til ei ny folkemusikkgruppe "Hekla stålstrenga"
som har alliert seg med 3 profesjonelle folkedansarar:
Magne Kleiveland,
Sigurd Johan Heide
og Hallgrim Hansegård. I musikkgruppa er desse med: Tore
Bruvoll på gitar, Sigrid Rander-Pehrson på vokal, Inge
Dulin på perkusjon, Andreas Amundsen på kontrabass og
Ragnhild Furebotten på fele. Desse musikarane er kvar for
seg velkjende, men dei har berre ein kritikarrost konsert
bak seg som gruppe.
Les meir om stipendet her.
(18/10-05) |
Statsminister og statsrådar invitert til
opninga av folkemusikkscene i 2008
På slottsplassen vart nyutnemt statsminister Stoltenberg
og kulturminister Giske og andre invitert til opninga av
riksscena laurdag 7. juni 2008 i kulturkvartalet Schaus i
Oslo. Men då må det altså snarleg løyvast statlege pengar
til tiltaket.
Invitasjonane vart overlevert av Maria Høgetveit Berg
(leiar i utvalet som no utgreier Riksscena), Marit
Jacobsen (dagleg leiar i Noregs Ungdomslag), Magnar Sundt
(dagleg leiar i Landslaget for Spelemenn) og Halvard Kaasa
(leiar i Norsk Folkemusikk- og Danselag).
(17/10-05) |
Representantskapsmøtet i Rff sender
skarpt brev til Storting og departement
Representantskapsmøtet i Rådet for Folkemusikk og
folkedans som nyleg var i Oslo har sendt ein skarp
resolusjon til Familie og kulturkomiteen på Stortinget og
Kultur og kyrkjedepartementet, der dei spør om dei
politiske miljøa held dei for narr. Bakgrunnen er at det
tidlegare har blitt lova auka støtte til folkedans og
folkemusikkarbeidet i landet vårt. Her fylgjer utdrag frå
pressemeldinga:
"Alle politiske signal dei siste åra
har vore at det no er folkemusikk- og folkedanssektoren
sin tur til å få eit monaleg løft i løyvingar, det galdt
berre om å stå samla og ha felles prioriteringar. Det har
sektoren hatt sidan 2002, men heller ikkje i framlegg til
statsbudsjett i år kom det noko løft. Held dei politiske
miljøa oss for narr?
Eit samla representantskapsmøte i Rådet for folkemusikk og
folkedans 15. oktober 2005 meiner folkemusikken og dansen
nå må få det løftet som er lova, og ber konkret om
ressursar til:
-
Styrking av folkedansen gjennom
-
Auke som gjer at Bygda dansar kan
drivast i to fylke i 2006
-
Auke i prosjektmidlar til ei breidd av
ulike undervisningsprosjekt for å tilby
folkedanspedagogar til ulike former for undervisning
-
Styrking av arkiv og fagmiljø for
sikring og tilgjengeleggjering av arkivmateriale
-
Kunstnarleg aktivitet og formidling
-
midlar til å realisera Riksscene for
folkemusikk og folkedans i hovudstaden
-
prosjektmiddel for produksjon av
konsertar, framsyningar og turnear (formidlingsstøtta
og tiltaksmidlar i Rådet for folkemusikk og folkedans
og ei ny ad hoc støtteordning)
-
styrking av Den norske folkemusikkscena
og arrangørnett
For å hindre ei rasering av opplæringa lokalt og
regionalt, ber møtet om at støtta til vaksenopplæring
gjennom studieforbunda blir auka, ikkje redusert slik det
no er foreslått.
Det er også viktig å sikre fagkompetase og arbeidsplassar
innan folkemusikk gjennom distriktsmusikarordningane som
no kan stå i fare som ei følgje av vedtak tilknytt St.
prp. Nr 60 2004/2005"
(17/10-05) |
Norsk visearkiv - eit kompetansesenter
Norsk visearkiv vart etablert i 1983, og får løyvingane
sine over statsbudsjettet.
Her skriv dagleg leiar Velle Espeland om kva arkivet er og
driv med.
(16/10-05) |
Nokså positive meldingar av Tryllefløyta
i aviser/radio
I Aftenposten søndag 16. oktober skriv Mona Levin
ein relativt kort omtale av folkeoperaen. Ho er stort sett
positiv, men synest også at delar av oppsettinga er
sidrumpa og stilleståande.
NRK er også positiv i sin omtale av operaen. Av
sangarane blir Berit Opheim og Aasmund Nordstoga framheva,
og Odd Nordstoga er forfriskande, men ikkje så bra songar.
Musikarane fekk for liten oppmerksomheit ved teppefall
fordi vi fekk ei malplassert premieutdeling.
Les meir her.
Telemark Arbeiderblad.
Varden.
Landslaget for spelemenn.
(16/10-05) |
Strålande folkemusikkversjon av
Tryllefløyta på Den norske Opera
Det aller siste statsminister Kjell Magne Bondevik og
kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland gjorde "i embets
medfør" var å oppleve premieren på Tryllefløyta
fredagskvelden 16. oktober. Og saman med ein fullsett sal
fekk dei oppleve ei framifrå forestilling. Nordisk
folklore og nordisk folkemusikk smelta fint saman med
Mozarts over 200 år gamle opera. Den svenske gruppa Harv
sytte for ein variert og kraftfull musikk der
folkemusikken fekk sterk gjennomslagskraft. Dei norske
songarane og dansarane leverte som venta framifrå
prestasjonar. Øyonn Groven Myhren, Jon Anders Halvorsen,
Odd Nordstoga, Aasmund Nordstoga, Berit Opheim og
Annar Nore By hadde dei solistiske rollene og gorde det
svært fint. Spesielt merka vi oss innsatsen til Berit
Opheim og Aasmund Nordstoga. Dei tre ternene Kirsten
Bråten Berg, Gro Kjelleberg Solli og Marit Mattisgard
leverte framifrå fleirstemt song. Dansarane Martin Myhr og
Jon Ellingsen gjorde også som venta sine ting godt. Den
gode regien var ved Leif Stinnerbom, som er den i norden
som har framstått som skaparen av folkedansteateret.
Koreografien var ved Indra Lorentzen, dei fantasifulle
bunadinspirerte kostymene ved Inger Hallstrøm Stimmerbom,
og den fine gjendiktinga var ved Stein Versto. Etter tre
førestillingar i Oslo, skal ensemblet på ein månads turne
kringom i landet (sjå
her) og til neste år også i Sverike. Alle som er
glade i norsk folkemusikk bør unne seg gleda ved å oppleve
denne forestillinga som vi trur blir ståande som
gjennombrotet for folkedans/folkemusikk-teater i landet
vårt. Det Rikskonsertane i Noreg, Riksteatern i Stockholm
og Västanå Teater som står bak oppsettinga som er ein del
av 1905-markeringa.
Les omtale før premieren:
Bergens Tidende
Värmlands Folkblad,
Aftenposten (med lydkutt),
Avisa Valdres
(15/10-05) |
Østlandets Trekkspillfestival avvikla på
Kongsberg.
Det gjekk føre seg i Lågdalsmuseet.
Her kan du sjå bilete og reportasje frå tilskipinga.
(15/10-05) |
Bø kommune utnemnt til årets
kulturkommune
Bø i
Telemark vart tildelt prisen Norges kulturkommune 2005.
Kommunen fekk prisen for si breie satsing på folkemusikk
og for sine mange gode kulturarenaer.
Av eit budsjett på 150 millioner,
bruker Bø 9 millioner på kultur kvart år.
Les meir her.
(15/10-05) |
Nominasjonane til den nye
Folkemusikkprisen er klar.
Den 22. oktober i Oslo blir folkemusikkprisen delt ut
under FolkeLarm. Det blir ein stor konsert i samband med
utdelinga, der mange av våre mest dugande folkemusikarar
deltar:
Andreas Ljones band,
Annbjørg Lien, Jan
Beitohaugen Granli, Flukt,
Gunnhild og Sveinung Sundli,
Majorstuen og Sondre Bratland.Progamleiarar
vert Ola E. Bø og Silje Hegg.
Sjå dei nominerte platene her.
(15/10-05) |
Folkemusikk i frukost-TV laurdag 15.
oktober
I frukost-TV var Øyonn Groven Myhren og Marit Mattisgard
tilstades i samband med premieren på Tryllefløyta. Øyonn
Groven Myhren song og Marit Mattisgard spela langeleik
til. Regisøren Leif Stinnerbom vart også intervjua om
Tryllefløyte-prosjektet.
(15/10-05) |
Leif Stinnerbom mottok Rff-prisen for
2005 av Valgjerd Svarstad Haugland
Det skjedde i Den Norske Opera rett etter
premiereforestillinga på Tryllefløyta. Kulturministeren
las opp grunngjevinga, og leif Stinnerbom fekk velfortent
applaus frå ei stor forsamling.
(15/10-05) |
60 aktørar markerte Folkemusikkhelga
sitt 15 års jubileum
Det var ungdomar frå heile Rogaland som var med på
kurshelga og den avsluttande konserten i Kulturhuset. I
alt var det 80 kursdeltarar med.
Les meir her.
(11/10-05) |
Også i Sverike (Linkøping) er det
folkemusikkinteresse
Over 800 tilhøyrarar var det i Folkets Park i Linkøping då
Foreningen Folkmusik i Linkøping skipa til sin tredje
festival.
Les meir her.
(11/10-05) |
Viktig rekrutteringstiltak for barn og
unge i Sigdal
Barne- og ungdomssamlinga 2005går av stabelen på
Folkemusikksenteret i Prestfoss i Sigdal 29. - 30.
oktober. Her prøver dei å skape eit godt sosial miljø med
mange ulike aktivitetar: I tillegg til kursa blir det
konsert med instruktørar og deltakarar, dansefest og
sjokoladekappleik.
Les meir her.
(11/10-05) |
Både debut og avskjed for "Gåte" i USA
Gruppa som har sagt at dei vil ta ein pause, hadde konsert
på "Nordic Roots" i USA. Dei vart mottekne med stor
entusiasme. Også Annbjørg Lien og Knut Hamre var med på
"Nordic Roots" og fekk mykje applaus frå eit stort
publikum.
Les her.
(11/10-05) |
Mange ville høyre og sjå Knut Buen på
Prestfoss
Knut Buen helst kurs i hardingfelespel og heldt konsert på
Folkemusikksenteret på Prestfoss.
Les meir her.
(11/10-05) |
Musikkverkstad-ordninga skal dele ut 10
millionar kroner
Søknadsfristen for desse pengane er 10. november. Desse
pengane skal gå til aktivitetar innan rock, jazz,
folkemusikk og verdensmusikk.
Les meir her.
(11/10-05) |
Eit steg nærare riksscene for
folkemusikk og folkedans i Oslo?
Det ser ut til at Schou-kvartalet i Oslo kan bli
tilhaldsstad for ei riksscene for folkemusikk og
folkedans.
Musikernes Fellesorganisasjon støttar no ei slik scene.
Men Hilde Bjørkum har i eit innlegg i Bergens Tidene igjen
teke til orde for ei landsdekkjande scene.
Dette reagerer leiaren i Norsk folkemusikk og danselag
Hallvard Kaasa på. I Schou-kvartalet er det også
planar for andre kulturaktivitetar.
(11/10-05) |
Tre dugande folkemusikkgrupper med CD i
2006
Dei tre kjente gruppene er
Kvarts,
Askerladden og
Søndre Trondhjem spellmannslag. Dei går i studio nå i
haust, og platene kjem på førsumaren.
(11/10-05) |
Vellukka Fylkeskappleik i Telemark
Fylkeskappleiken var i år i Seljord, og det var mange
dugande tevlarar i sving. Per Anders Buen Garnås vart best
i hardingfele klasse A, med Ottar Kaasa og Torgeir Straand
som dei neste og også 1. premie. I kveding klasse A fekk
|
Agnes Buen Garnås er tildelt Norsk
Kulturråds ærespris for 2005
Den høgthengande prisen er på 300 000 kroner.
"Garnås
har gjennom fleire tiår stått i fremste rekkje som
utøvar av norske kvedartradisjonar. Gjennom konsertar,
kurs- og seminarverksemd har ho gjort ein eineståande
innsats for norsk vokaltradisjon i folkemusikken.” heter
det i
grunngjevinga. Som ung
vann ho Landskappleiken 6 gonger og har gjeve ut 22
plater. Ho har halde mange kurs og mange konsertar og har
i det heile vore ein sentral person i norsk folkemusikk.
Ho skal få prisen på eit tilstelling i Oslo Konserthus 12.
desember. Tidlegare har ei lang rekkje framståande
kunstnarar fått prisen, mellom dei:
Alf
Prøysen, Sigbjørn Bernhoft-Osa, Harald Sæverud, Arne
Skouen, Arne Nordheim, Synnøve Anker-Aurdal, Anne-Cath
Vestly, Arve Tellefsen, Erik Bye, Liv Ullmann, Sverre
Fehn, Finn Carling, Kjartan Slettemark, Edith Roger og Jon
Fosse. Æresprisen i 2004 gjekk til Jan Garbarek.
Les meir her. Ho er glad for å ha fått prisen,
som ho på eit vis reknar går til heile folkemusikk-Noreg,
seier
ho til TA.
(29/09-05) |
Griegakademiet feirar 100 års utdanning
i musikk denne månaden
Griegakademiet i Bergen omfattar fleire "avdelingar":
Institutt for musikk ved Universitetet i Bergen, Seksjon
for lærerutdanning ved Høgskolen i Bergen og Ole Bull
akademiet på Voss med Spelemannsskulen og Kvedarskulen.
Les meir her.
(29/09-05) |
Folkemusikkscena skipar til seminar på
Øyer
Ein av innleiarane på seminaret er gründeren bak
musikkscena Blå i Oslo, Martin Revheim, som skal fortelje
korleis ein kan bygge opp ei "scene" for ein liten sjanger
som jazz.
Les meir her.
(29/09-05) |
Spelemannsbladet nr 5/6 2005 er kome, og
i ny grafisk drakt
Bladet har fått ny og moderne design, og ein del av
innhaldet i bladet kan vi også finne på Internett.
Les det her.
(29/09-05) |
Nye plater med folkemusikk innkjøpt
hausten 2005
Innkjøpskommiteen i Norsk Kulturråd har hatt sitt
"haustmøte" og bestemt kva plater som skal kjøpast inn i
haust. I alt er 10 folkemusikk/folkesong-plate innkjøpt.
Liste over platene finn du her.
(29/09-05) |
Stor interesse for dans, spel og song i
Bø
Heile 40 får to til 70 år deltok på kurset i bygdedans,
song og spel i Bø i Telemark i helga. Lærerkreftene var
dei aller beste både i dans, song og spel. Varden har
snakka med Agnes Buen Garnås som var den som underviste i
song.
Les meir der.
(29/09-05) |
Japaner (jente 27) går på Rauland og
lærer hardingfelespel
Det er ikkje så mange frå Japan som har lært å spele
hardingfele og også lært seg norsk. Men det har Satoko
Katagihara gjort, begge deler heime i Japan. Og no er ho
ei av 18 utanlandske studentar på Rauland, ca 10% av alle
studentane. Det var interessa for griegs musikk som gjorde
henne interessert i norsk folkemusikk, og seinare spelet
til annbjørg Lien.
Les intervju med den japanske jenta her.
(29/09-05) |
Stor interesse for den nye
"spellemannsprisen" FOLKELARM-prisen
No er fristen for å melde på plater gått ut, og det er
påmeldt ikkje mindre enn 42 plater. Platene fordeler seg
bra mellom dei 5 klassane som er oppretta, men det er mest
på tradisjonelt og eksperimentelt samspel.
Les meir her. her finn du også ei liste over alle
platene som er påmeldt.
(29/09-05) |
Tre turnear med Den Norske
Folkemusikkscena i haust
Det er tre gode grupper som Scena sender ut på turne:
Gruppa Rusk har allereide gjort unna sin turne som også
skal resultere i ei live-plate. Så skal den svenske gruppa
Triakel på turne i midten av oktober, og gruppa Onkel
Folke (som før heitte Folk) skal på turne i slutten av
november i samband med at dei gir ut debutplata si.
Les meir
her.
(24/09-05) |
Odd Nordstoga fekk Medaas-prisen 2005
Det var dotter til Ivar Medaas, Ingvill Medaas Skogen, som
delte ut prisen i Logen i Bergen. Det er femte gong prisen
på kr 25000 vert delt ut.
Les meir her.
(24/09-05) |
Lære gamaldans på 4 timar - går det an?
Oslo Songdanslag arrangerer søndag 25. september eit
gamaldanskurs frå kl 11.00 - 15.30 i Halli i Nordahl
Brunsgt. 22. God spelemann og god rettleiar står det i
annonsa i Aftenposten. Men kan ein lære gamaldans på
ei ettermiddagsøkt? Vel, det går an å prøve?
(24/09-05) |
Gamaldansforeninga "Åsdansen" slutta og
ga bort lagskassa
"Ås gamaldansforening" skifta for nokre år sidan namn til
"Åsdansen", men det har vore dårleg rekruttering til
laget, og nå har dei lagt ned laget og gjeve pengane som
var att til Åslunds Venner.
Les her.
(24/09-05) |
Folkemusikkpøbben i Tromsø starta fredag
23 september
Då var det Tore Bruvoll med gjester som spela på
pøbben. Seinare i haust kjem andre kjente folk: til dømes
Triakel (21. oktober) og OnkelFolke (25. november).
Les meir her.
(24/09-05) |
'Folkemusikk og lokalhistorie fengar
elevane på Nordmøre
Som ein del av Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival har
det også vore forestillingar i skulen. Unni Boksasp,
Martin Myhr og Torgeir Leivdal (fele) gjorde stor lykke
med borna.
(24/09-05) |
Folkemusikalen Barfotgjenta oppført også
i Ås og Askim
Barfotjenta er ein folkemusikal basert på ei barfotjente,
dvs ei fattig svensk jente som kom vandrande over grensa
frå Sverike for å få seg arbeid på norsk side. Det er
kulturkrefter i Oppegård som står bak, og mange dyktige
folkemusikarar i Østfold/Akershus og sverike er med.
Les
meir om Barfotjenta her.
Og her.
(24/09-05) |
Harald Blø og
Gunvor Holtlien som er filarmonikarar i Bergen.
Les meir her.
(24/10-05) |
Union nye kulturscene i Drammen:
Munnharpe på sitt beste
I samband med opninga av ny kulturscene i Drammen blir det
i dag larurdag |
Mykje stildans i Oslo-området i haust
Stildans har blitt ein populær aktivitet både i mange
leikarringar og i spesielle stildansgrupper. Her er eit
knippe av kurs og øvingar i haust: 8/10: Laurdagskurs på
Hamar (Moulineten), 14/10: Stildansøving i Symra, 15/10:
Laurdagskurs i Kvadriljetten, 21/10: Øving på Hamar
(Moulineten), 26/10: Stildans temakveld i Symra, 28/10:
Stildansøving i Symra, 12/11: Stildans på Mortens kro på
Gjelleråsen, 25/11: Øving på Hamar (Moulineten), 26/10
Stildansavslutning i Symra, 3/12: Adventsball på
Vestfossen (Noreg), 4/12: Minikurs i Stildans (Symra),
9/12: Adventsdans på Hamar (Moulineten).
(20/09-05) |
Dag Vårdal gir ut bok om norske
balltradisjonar
Dag Vårdal har vore ei drivande kraft i arbeidet med
balldansar i Oslo-området. Han har vore leiar for
Christiania Tour og runddansorkester og spelemann og
rettleiar i Bærum Balselskab. No kjem han med ei bok som
inneheld rettleiing av ein del "ukjente" balldansar som
han har funne i eldre norske dansebøker. Boka heiter
"Fransaiser og Kvadriller i eldre norske dansebøker", og
det høyrer også med to CD'ar med musikken som høyrer til.
Boka inneheld i alt 7 ulike dansar. Ho vert lansert på eit
seminar som Bærum Balselskab skal ha på Sørmarka 19-20
november 2005. Boka kan også tingast (kr 350) på førehand.
Denne boka/CD'ane vil sikkert bli motteken med glede
i dei miljøa som arbeider med norsk stildans.
Informasjon hjå Dag
Vårdal.
(20/09-05) |
Vellukka trekkspelsart med 70 spelemenn
i Vennesund i Nordland
Nordstrømmen og velfjord tekkspelklubbar har stått for
trekkspeltreff 4. år på rad. Heile 70 aktørar deltok. Dei
to laga fekk også ein kommunal sjekk på 10000 kr.
Les meir her.
(20/09-05) |
Nes Kirke med 275 års jubileum: Annbjørg
Lien og Sondre Bratland
Det var fullsett kyrkje då dei to kunstnarane avrunda
jubileet for kyrkja. Publikum fekk ein fin konsert,
fortel Hadeland.
(20/09-05) |
Gamaldansgruppa Nordafjells får svært
fin omtale i OPP på Oppdal
Den dugande gruppa har nyleg gjeve ut CD, og etter ein
konsert i Oppdal får dei svært rosande omtale i avisa OPP.
< |