Nokre nye songdansar brukt i Symra (vb)

Nokre nye songdansar 
I Leikarringen Symra dansar vi nokre songdanar som Vebjørn Bakken har sett dansemåte til. Sjølvsagt vil vi gjerne at også andre tar desse dansane i bruk. Difor tar vi med ein kort omtale av dansemåten her.

Briskehauga
Dette slåttestevet har tekst og tone i tradisjon frå Valdres. Tekst og tone er etter eit program i barnetimen i NRK med Anna Fuglesteg frå Austre Slidre. Tonen er attgjeven i illustrasjonen til høgre, og liknar mykje på ein gamaldans som er mykje nytta. Teksten er slik:

1. Briskehauga, briskehauga, dansa lett etter far sin.
    Briskehauga, briskehauga, dansa lett etter far sin.
    Klukke ni'e - gjekk til ti'e - kom ho Sigrid te' støle'
    Klukke ni'e - ho gjekk til ti'e - kom ho Sigrid te' støle'.

2. Briskehauga, briskehauga, dansa lett ette' ure'.
    Briskehauga, briskehauga, dansa lett ette' ure'.
    Klukke ni'e - gjekk til ti'e - kom ho atte' tå ture'.
    Klukke ni'e - ho gjekk til ti'e - kom ho atte' tå ture'.

Dansemåte (Vebjørn Bakken, 1984)
Det blir ein frisk masurkatakt. Kvilesteg dei to første linene. I tredje line er det brigde. Vi slepper framand og dansar to "trø-svikt-svikt-steg" (polkamasurkasteg) langs ringen medan vi vender inn mot ringen. "Klukke ni'e -gjekk til ti'e" song vi no. Så tar vi saman med eigen med begge hendene og går ein gong rundt på ringen. Så går vi utan stogg over til kvilesteg att i siste lina. Dansen må dansast friskt.

Nordmannen (Mellom bakkar og berg ...)
Songen er av Ivar Aasen. Vi brukar den folketonen som kanskje Ivar Aasen laga sjølv (den same som til Dei vil alltid klaga og kyta). Vi nyttar dei "vanlege" 5 versa. (Den andre tonen, som kanskje er meir brukt, er laga av Ludvig M. Lindemann.)

1.  Mellom bakkar og berg utmed havet
    Heve nordmannen fenge sin heim,
    der han sjølv heve tuftene grave
    og sett sjølv sine hus uppå deim.
4. Fram på vetteren stundom han tenkte,
    gjev eg var i eit varmare land.
    Men når vårsol i bakkane blenkte,
    fekk han hug til si heimlege strand.
2. Han såg ut på dei steinute strender
    det var ingen som der hadde bygt.
    Lat oss rydja og byggja oss grender
    og så eiga me rudningen trygt.
5. Og når liene grønkar som hagar,
    når det laver av blomar på strå.
    Og når netter er ljose som dagar
    kan ein ingen stad venare sjå.
3. Han såg ut på det bårute havet,
    det var ruskut å leggja utpå.
    Men der leikade fisk ned i kavet
    og den leiken den ville han sjå
Dansemåte (Vebjørn Bakken, 1996)
Kvart vers har fire liner. Vi dansar kvilesteg dei tre første linene. På siste lina slepper vi framand, og dansar parvis rundt på ringen med to låste bytomfotsteg. Guten dansar bakover og jenta framover. Frisk dans!

Her er det land som hugar meg best
Songen er av Ivar Aasen. Tonen er ein folketone og den same som vert brukt til "Hurra for deg som fyller ditt år".

1. Her er det land som hugar meg best, og hit hev eg lengta lenge.
    Her er det mest som hugen var fest, og gjekk i sitt gamle gjenge.
    Vide hev eg flutt og fare i kring
    aldri såg eg slike hyggjelege ting.
    Ja, mykje hev eg sett
    og meir hev eg frett,
    men her hev eg sett det beste.

2. Her kan eg kjenne bygder og bol og berg på så ymse rader;
    fjøre og fjell og himmel og sol er kjendar' enn andre stader.
    Sårt hev eg sakna heimen ei tid,
    difor er han no så kjær og så blid.
    Lat koma kva som kan; eg møter som ein mann,
    og aldri fer eg ut or landet.

Dansemåte (Vebjørn Bakken, 1996)
Vi dansar i ein slags springartakt/masurkatakt. Den første lina dansar vi "grunnstega" i springdans frå nordre Sunnmøre parvis langs ringen (vi held saman om lag som i attersteg, jenta innanfor guten). Begge byrjar med yste foten (v for gut og h for jente). På ordet lenge dansar vi "svikt, svikt", og gjer oss klar til å snu, og skifter hand i handtaket. Det blir på v for guten og h for jenta. I andre lina i songen dansar vi sameleis tilbake, og no blir det "svikt, svikt" på gjenge. Her skiftar vi også hand slik at vi får vanleg "atterstegtak". På tredje lina i songen dansar vi no sidelengs mot venstre med to "trø, svikt, svikt-steg". Så tar vi saman med begge hendene og går rundt parvis ein gong på ringen i fjerde vers. Så dansar vi kvilesteg dei tre siste linene. Dansen må dansast friskt.
til toppen av sida
Bringebærslåtten - "Bringebær e' gøtt san"
Då Symra vart på dansetur til Praha og Tyskland sumaren 1995, var Liv Fridtun frå Stryn og Liv Merete Kroken frå Hornindal med som speljenter saman med Knut Trøen. I det musikkprogrammet som spelemennene brukte på festivalen i Neu Brandenburg var denne slåtten med. Dei kunne han heimanfrå. Midt i slåtten song dei teksten slik jentene hadde lært han heime i Nordfjord. Denne slåtten/songen vart svært godt omtykt blant dansarane i Symra, og vi har sunge han einkvan gongen på kaffikveldar i Symra seinare. Slik også på avslutningskvelden 10. juni 1998. Då fann Vebjørn Bakken på at vi skulle danse songdans til denne, og det gjekk fint. Seinare har vi brukt dansen i blant.

Bringebærslåtten
Bringebær e' gøtt, san.
Surt og søtt og rødt, san.
Kom ska' vi danse ein bærplukkarslått!
Plukke, plukke bær, san.
Lage god dessær, san.
Skrap' ut or skåla med sleikjepott.
Tralla la la la la la, tralla la la la la, tralla la la la la la la la.
Tralla la la la la la, tralla la la la la, tralla la la la la la la la.

Dansemåte (Vebjørn Bakken, 1998)
Vi dansar kvilesteg fram til der vi byrjar med "Tralla la...". Så dansar vi Islands-skottis ein gong på nest siste lina, og ein gong til på siste lina. Dansen må dansast friskt. Heile dansen kan gjerne dansast 2-3 gonger i samanheng.
til toppen av sida

Blåveispiken (Jeg går og rusler på Ringerike)
Dette er ein ny dans som vi tok i bruk 1. øvingskvelden i Symra år 2000. 

Blåveispiken
1. Jeg går og rusler på Ringerike,
    på stille stier jeg sjelden går.
    Da kommer mot meg en liten pike
    - en lubben unge på fem, seks år.
4. Så god en gave har ingen gitt meg
    som denne dunbløte barnehånd -
    hun får no'n penger så hun kan kjøpe
    til sine lokker et silkebånd.
2. Hun bærer blåveis i sine hender,
    den første hilsen fra jordens muld
    - hun møter meg som en venn hun kjenner
    og står og smiler så tillitsfull.
5. Hun løper fra meg med takk i blikke',
    hun danser lykkelig på vårens vei. 
    Hun løper fra meg - og aner ikke
    at det var hun som var god mot meg!
3. Hun spør meg barnlig om jeg vil ha dem
    for hun har plukket dem nettopp nå,
    så hvis jeg vil , kan jeg bare ta dem
    si'r hennes øyne, de store blå.

Dansemåte (Vebjørn Bakken, jan 2000)
I dei fire første versa dansar vi kvilesteg på vanleg måte dei tre første linene. I den fjerde lina dansar vi kvilesteget rett inn i ringen (og tilbake) på to fulle kvilesteg, medan vi held saman. På siste verset dansar vi attersteg dei tre første linene med meir liv enn i resten av dansen. På siste lina samlar vi føtene,  senker hendene og hovudet (at det var hun som var), slepper så framand og løfter hovudet og snur litt mot eigen (god mot meg). Det siste syng vi saktare, og ser på eigen i det vi sluttar. 

Menuett i mai
Dette er ein ny dans som vi tok i bruk første øvingskvelden i Symra år 2000. 

Menuett i mai
(Vidar Sandbeck)
1. Vil du bli med i menuetten
    i de grogrønne mainetten'
    når det våres, når det våres
    utmed gangsti og vegg.
    Vil du leke og gle' deg
    tar du kjæresten med deg
    uti skogen når det lever
    milla bjørker og hegg.
4) Det er morro å vara frøken,
    det er artig å høre gjøken
    når det våres, når det våres
    over enger og drag.
    Men gu'bære så ille
    om du itte fær stille,
    der du tripper over tunet 
    når det lysner tå dag.
2. Du kan høre e fløyte trille,
    du kan ane ho Tirilille,
    der ho danser, der ho danser,
    sine sirlige trinn
    over gråbleke stener,
    under løvrike grener.
    Og det kvisker og det nynner
    og det risler og rinn.
5. Og det synger i menuetten
    i de grogrønne mainetten' -
    ingen spådom, ingen spådom
    kan formørke ditt sinn.
    Det er fast under sola,
    det er gamalt på jorda:
    Je vil leve, je vil finna
    en å kalle for min.
3. Det er ongdom og det er drømmer,
    det er lengsel i alle gjømmer,
    sjå det gjynger, sjå det gjynger 
    i en fin menuett.
    Det er sammar i vente,
    det er lykke å hente.
    Det er livet som forærer
    deg en blomebukett.

Dansemåte (Vebjørn Bakken, januar 2000)
Dei fire første linene dansar vi eit slags menuettsteg, frå den finske dansen Menuett frå Oravais, utan at vi held saman. Dei fire siste linene dansar vi attersteg med vanleg samdanstak. Vi går direkte over på neste vers. 
Dei fire første linene blir slik: "Vil du" er opptakt. Venstre svikt på skrå inn i ringen ("bli med i"), så høgre svikt litt attover att ("menuett-"), så venstre trø og høgre trø med snuing ut av ringen ("-en  i den"), så venstre svikt ut av ringen ("grogrønne"), så høgre svikt litt attover att og snu inn mot sentrum av ringen ("mainett-"),  så trø på venstre litt inn mot sentrum og trø høgre ("-en når det"). Så kjem same sekvens ein gong til: Venstre svikt på skrå inn i ringen ("vår-es"), så høgre svikt litt attover att ("når det vår-"), så venstre trø og høgre trø med snuing ut av ringen ("es ut med"), så venstre svikt ut av ringen ("gangsti"), så høgre svikt litt attover att og snu inn mot sentrum av ringen("og vegg"),  så trø på venstre litt inn mot sentrum og trø på høgre  ("Vil du"). Så byrjar det vanlege attersteget på venstre med: "leke og ...", samtidig med at ein tar saman til vanleg samdanstak.

På "opptakta" på neste vers trør ein venstre og høgre omtrent på staden før ein tar venstre svikt på skrå inn  i ringen. Ein slepper taket i det ein byrjar på nytt vers.

Jentelokken
Dette er ein ny dans som vi tok i bruk første øvingskvelden i Symra år 2000. 

Jentelokken
(Geir Lystrup)
1. Lideli galen, lidelig god, kom til meg skal du få drikke av min sko.
    Lideli galen, lidelig god, kom til meg skal du få danse.
    Danse opp og danse ned i raude lyngen under himla høge tre.
    Danse vill og danse varm. Å kjære gje meg ein mazurka. 
2. Lideli galen, lideli god, kom til meg skal du få drikke av min sko.
    Lideli galen, lideli god, kom til meg skal du få ta meg.
    Ta meg opp og ta meg ned ned i raude lyngen under himla høge tre.
    Ta meg vill og ta meg  varm. Å kjære gje meg ein mazurka. 

Dansemåte (Vebjørn Bakken, januar 2000)
På første line dansar vi 4 masurkasteg mot venstre (utan bytomfot, som i "Er du skreddar"). Vanleg atterstegtak. På neste line dansar vi sameleis mot høgre. Så tar vi saman til vanleg masurka-samtak og dansar eit polkamasurkasteg inn i ringen - mot sola ("Danse opp og"),  og så eit polkamasurkasteg tilbake - med sola ("danse ned i"), og vidare rundt med vanleg masurkarundsnu til verset er slutt (med sola). Ikkje stopp før verset er slutt. Så tar vi saman att og byrjar rett på neste vers.
 

Danse min munk
Ein ny songdans som vi første gongen dansa i Symra 18. oktober 2000.
Tekst og tone er frå kasetten ”Hei så dansa jenta mi”. Valdreskvelven 1995.
Tradisjonssong etter Andris Eivindson Vang (1795-1877), Valdres

1.   Danse min munk, danse min munk,
      danse min nydeli’ herre.
      E’ ska’ gjeva de’ ei høns.
      Munken svara ganske spønsk:
      E’ dansa inkje so gjedne.

2.   Danse min munk, danse min munk,
      danse min nydeli’ herre.
      E’ ska’ gjeva de’ ei gås.
      Munken svara: Det e’ berre fjås.
      E’ dansa inkje so gjedne.

 3.   Danse min munk, danse min munk,
       danse min nydeli’ herre.
       E’ ska’ gjeva de’ ei geit.
       Munken svara: Ho e’ inkje feit.
       E’ dansa inkje so gjedne.

4.   Danse min munk, danse min munk,
      danse min nydeli’ herre.
      E’ ska’ gjeva de’ ein sau.
      Munken svara: Han ligge’ snart dau.
      E’ dansa inkje so gjedne.

5.   Danse min munk, danse min munk,
      danse min nydeli’ herre.
      E’ ska’ gjeva de’ ei kyr.
      Munken svara: Ho ligg ni’ ei myr.
      E’ dansa inkje so gjedne.

6.   Danse min munk, danse min munk,
      danse min nydeli’ herre.
      E’ ska’ gjeva de’ ein hest.
      Nei, han e’ halte, han tena de’ best.
      E’ dansa inkje so gjedne.

7.   Danse min munk, danse min munk,
      danse min nydeli’ herre.
      E’ ska’ gjeva de’ ein gard.
      M
unken takka: No va’ du kar!
      No skal e’ danse so gjedne!

 

Dansemåte (Vebjørn Bakken, oktober 2000) :
Begge startar med venstre foten, høgre i høgre. Olbogetak På dei to første linene dansar vi bytomfotsteg rundt med eigen, først to små steg med sola (snur så raskt og byter tak til venstre i venstre) og så to små bytomfotsteg tilbake mot sola. God svikt i bytomfotstega. Så dansar vi attersteg resten av dansen. Heile dansen i frisk hallingtakt. Ikkje pause mellom versa – rett på neste vers etter to sviktar på "høgre".