Hovudorganisasjonane
tilbake til startsida

BLS og NU
Symra er medlem i fylkeslaget BLS (Bygdelagssamskipnaden i Oslo) som er eit av fylkeslaga i NU (Noregs Ungdomslag). NU er ein del av den frilynde ungdomsrørsla i Noreg. Denne rørsla arbeider for eit rusfritt ungdomsmiljø, norskdom, målsak og aktive bygde- og bysamfunn. NU vart skipa i 1896, og BLS i 1923.

Dei praktiske aktivitetane som NU arbeider mest med i dag er folkedans, amatørteater, bunadarbeid, internasjonalt arbeid og generelt samfunnsengasjement. NU har ein sentral administrasjon som held til i Oslo. Elles har NU  28 fylkeslag og ca 650 einskildlag (ungdomslag). Det er ca 17000 medlemer i NU i dag.

I BLS er det 22 medlemslag med til saman ca 2000 medlemer. Det største av desse er BUL (Bondeungdomslaget i Oslo). 

I 1927 kjøpte BLS ein bygard i Nordahl Brunsgt 22, og sidan har det vore den faste tilhaldsstaden for bygdelaga i Oslo. I BLS-huset er det fleire salar: Storsalen er den største, Halli nest og Blåsalen den minste. BLS har eit kontor som yter tenester for laga, og tar seg av ein del fellesarrangement, mest knytta til drifta av garden. BLS har ein dagleg leiar - Rolf Snekkevåg - og kontormedarbeiar. For å subsidiere drifta av medlemslaga, driv BLS eit konferansesenter og utleige av hyblar. Telefonnr til BLS-kontoret er: 22203820.
til toppen av sida