BLS-huset og BLS

BLS-huset er det huset som bygdelaga i BLS (Bygdelagssamskipnaden) eig saman. Det ligg i Nordahl Brunsgt. 22, tett inntil det gamle Rikshospitalet, og i same gata som Blitz-huset. Her finn du kart dit.

BLS består no ca 20 bygdelag frå alle kantar av landet. Eitt av desse bygdelaga heiter Oslo Songdanslag. Oslo Songdanslag  er ein leikarring og driv mest med folkedans og folkemusikk.

BLS vart skipa i 1923 av 10 bygdelag i Oslo, mellom dei Bondeungdomslaget som var det største. Namnet på fylkeslaget var den gongen Oslo Fylkeslag. I 1927 kjøpte BLS garden, og same året kom Oslo ssongdanslag med i samskipnaden.

BLS-garden, Nordahl Brunsgt 22 og 24, vart kjøpt av Ragna Ringdal for kr 152 000. Garden hadde ei grunnflate på 650 rutemeter. Ragna Nielsen (f. Ullmann 1845-1924) hadde dreve Ragna Nielsens Latin- og Realskole i garden frå han vart grunnlagt i 1885 til ho døydde i 1924. Ragna Nielsen var kjend kvinnesakskvinne, aktiv riksmålskvinne og spiritist. Det synte seg at det eigentleg var forbod mot dans i garden, men heldigvis ordna det seg.

BLS-garden vart nytta til fleire ting. For det første vart det plass for laga å ha sine tilskipingar og møte her. Heim for Landsungdom fekk også tilhald i garden. dette var eit tiltak som laga hadde arbeidd for i mange år, og som Stortinget ved to høve hadde løyvt pengar til (kr 100000 0g kr 150000). Det var berre gutar som fekk bo på hyblane - kring 100 hyblar. Så fekk fylkeslaget sine kontor i garden. Det vart også kafedrift her - Kaffistova -, og i nokre år også Sosialkontor for landsungdom. Garden vart omvølt og oppussa og vart påbygd i høgda både framme og bak.

I BLS-huset er det tre salar: Storsalen (den største, sjå biletet), Halli og Blåsalen. Alle salane er nyleg oppussa og er fine.

I tillegg til arbeidet for eige hus, gjorde Fylkeslaget mykje for å gjere bygdelaga kjent i byen. Dei satsa på to store markeringar: Sommarstemnet og 17. mai. Alt første sumaren 1923 vart det sumarstemne på Hovedøya. Over 1000 møtte fram i det fine sumarveret og høyrde Anders Hovden halde tale - slik berre han kunne det - Leikarringen i BUL hadde leikframsyning og Torkjel Haugerud og Henrik Gjellesvik spela hardingfele. Det vart sendt helsing til frendane på Island og Færøyane og Stortingen vart oppmoda om om ta att Oslo-namnet på byen. Sumaren 1926 vart sumarstemnet lagt til Folkemuseet, og hadde tilhald der nokre år. Tradisjonen glapp, men vart teken opp at i 1949, og etter det har det alltid vore sumarstemne på Folkemuseet. Stemnet vert no kalla Bygdelagsstemnet.

I 1924 skipa Fylkeslaget sitt første 17. mai-tog. Over 3000 innflyttarar, mange i bunad, var med i toget og Olav Midttun tala for 3000 på Tullinløkka.Utover på 30-talet vart det vanskelegare å samle folk til 17. mai-tog. Etter 1952 har det ikkje vore eige 17. mai-tog, men frå 1964 har det vore ein fest i Storsalen om kvelden.

Tilbake til hovudsida