Lagssoga
tilbake til startsida

Oslo Songdanslag vart skipa i 1922 og er ein av dei eldste leikarringane i landet, og den nest eldste i Ragna ØygardenOslo (Leikarringen i BUL vart skipa i 1919). Laget voks ut av den danseaktiviteten som Ragna og Einar Øygaarden dreiv på austkanten i Oslo kring 1920, og dei var første rettleiarane i laget.  Laget kom med i Noregs Ungdomslag via Oslo fylkeslag i 1927.                     Bilete: Ragna Øygarden
     

Den gamle fanaDei første åra hadde laget øvingane i Sagene skole, seinare i Oslo Arbeidersamfunn og frå 1929 i Bygdelagshuset i Nordahl Brunsgt. 22 (som Oslo Fylkeslag hadde kjøpt i 1923),  og har halde til der i alle åra etter, mest heile tida i Halli. Medlemstalet dei første 10-åra var etter måten lavt: 20 - 40. Frå frampå 60-talet har det vore fleire, jamnast knapt 100. Talet på deltakarar på vanlege øvingar har variert mykje, men har i seinare tid vore 20-25 par, stundom mindre.Bilete: Gustav Petterson - "Pelle"
    

Av sentrale personar i laget må vi nemne Gustav Petterson - eller Pelle som alle kalla han. Han var frå Sverike, budde i Prinsdalen, var med heilt frå byrjinga, og vart første æresmedlemen i laget i 1938. 


Bilete: Rolf ("Børre") og Martha Børresen.
Men den mest sentrale av alle var Rolf Børresen - eller berre Børre. Då  han gjekk av som formann i laget i 1951, hadde han hatt ombodet i 25 år! Han var med frå laget var skipa, og det same var kona hans Martha. Begge vart æresmedlemer i laget. Børre døydde i 199?, medan Martha døde i 2003. Av andre trugne medlemer kan vi nemne Ingeborg Nygaard, Annemor Knudsen, Olav Øraker (døde i 2002), Bodil og Eivind Loftsgarden og mange andre.
                                        Bilete høgre: Bodil Loftsgaarden og Annemor Knutsen
Bilete venstre: Olav Øraker








Rettleiarar

 1924 fekk laget Rolf Warme som rettleiar, og han var det i 17 år. Etter Rolf vart sonen Reidar Warme Rolf Warme rettleiar til han slutta i 1961. Seinare har rettleiarane stått i kortare tid. Mellom dei  mange flinke rettleiarane kan vi nemne Einar Kristiansen, Ole Ekornes, Per Inge Venås, Arild Degrum, Bjørn Åsland, Kirsten Bråthen  (Berg), Brit Håland, Rakel Bjørnstad, Johan Einar Bjerkem, Inger Frøydis Bakken, Per Kristian Elvestad, Anne-Marie Brennaas, Jan Oluf Johansson, Vebjørn Bakken og Jon Låte.                                                                                                                                                         
Bilde (venstre): Reidar Warme                                                                                     Bilde (høgre): Rolf Warme




Ole 
Ekornes

Arild 
Degrum

Brit 
Håland

Johan Einar 
Bjerkem

Inger Frøydis 
Bakken

Per Kristian 
Elvestad

Anne-Marie
Brennaas


Jan Oluf
Johansson


Vebjørn
Bakken

Jon 
Låte



Spelemennene


Jon Tryti
Mellom spelemennene i ringen må vi først nemne Jon Tryti. Han var fast spelemann frå 1965 til 1995 og var ein svært dugande og allsidig spelemann. Før han var det også kjende spelemenn: Søren Nomeland,  Torleiv Bolstad, Magne Manheim, Birger Somdalen, Ludvik Holmen og Gerhard Gundersby (den første). Etter Jon Tryti  spela Einar Westerheim før Knut Trøen overtok. Ein annan spelemann som har sett eit sterkt preg på laget er Kåre Limseth. Limseth spela trekkspel,  budde i Maridalen  og var spelemann på kurs og festar  og øvingar i ringen i same lange perioden som Jon Tryti. Dei to spela svært mykje saman
Kåre Limseth

Torleiv og Kjellaug Bolstad

Søren Nomeland

Einar Westrheim

 Knut Trøen