Øvingane

Som dei fleste aktiv leikarringar har Oslo Songdanslag fast øving ein gong for veka heile året (bortsett frå midt på sommaren). Øvingane foregår i Halli i BLS-huset  i Nordahl Brunsgt. 22 (ved gamle Rikshospitalet). Øvingstida er frå kl 20.00 til kl 22.00.  Midt i øvinga er det ein liten pause då det iblant er kaffi/te/saft og litt informasjon.
   
Øvingskvelden er slik at det er instruksjon (rettleiing) heile tida. Rettleiaren seier kva som skal dansast. Er det nye dansar, gjennomgår han dansen i detalj. Er det kjende dansar, brukar han litt tid til å minne om gangen i dansen. Så dansar vi gjennom dansen ein gong eller to eller fleire. Dei siste åra har det vore slik at ca tredjekvar kveld er det medlemer i ringen som rettleier, medan det dei andre kveldane er gjesterettleiarar frå andre ringar. 

Vi har alltid hatt levande musikk på øvingane i Oslo Songdanslag. Det er ein svært viktig kvalitet ved øvingane. Instruksjonen går lettare, musikken er meir variert og tonen blir ledigare. Er spelemannen flink, og det har han alltid vore i Oslo Songdanslag, så kan vi danse nær sagt alle dansar. Den faste spelemannen nå heiter Knut Trøen (bilete). Han er svært flink og allsidig og kan spele all slags folkemusikk, medrekna mange ulike bygdedansar. Han er frå Valdres og spelar hardingfele. Knut er kanskje den i landet som mest og lengst har spela for øving og dans. Spelemannen er med halve øvingstida. Det betyr at det er songdans halve tida og musikkdans resten.

To eller tre kveldar for semesteret er det meir fri dans. Desse kveldane kallar vi kaffikveldar. Då startar vi kvelden med bordsete, mat/kaffi og litt underhaldning. Så er det dans resten av kvelden. Leikleiar er gjerne ein av medlemene. 
  
Miljøet på øvingskveldane er avgjerande for trivselen i laget og for rekrutteringa. I Oslo Songdanslag prøver vi å ta godt i mot dei nye medlemene som startar i ringen. For å bli med, er det berre å møte opp på ein øvingskveld, for å "prøve ut" miljøet. Blir du verande, betalar du medlemspengar etter kvart.Det går like fint å kome som einsleg eller som par. Alle er velkomne!
Programmet for dette halvåret finner du her.