Spelemannen

Knut Trøen

Musikken har svært mykje å seie for miljøet og dtivnaden i ein leikarring. Difor har det vore ekstra gildt dei siste åra fordi Knut Trøen har vore spelemann. Han meistrar alle slags dansemusikk, turdans, gamaldans og bygdedans like godt. Knut er frå Valdres, han spelar hardigfele, og har gjennom mange 10-år spela for dei fleste lag og ringar i Oslo. I lange bolkar har han også hatt eige gamaldansorkester, og har saman med Åge Grundstad spela inn mange turdansar på band/CD.

Knut Trøen var spelemann fram til sumaren 2006.
 

Solvor Sundsbø

Frå sumaren 2006 har Solvor Sundsbø vore den faste spelkvinna i Oslo Songdanslag. Solvor spelar både fiolin og hardingfele og er "klassisk skolert". Ho spelar difor også etter notar, og spelar alle typer musikk.

Solvor var fast spelemann på øvingane til det vart slutt på faste øvingar etter Årsmøtet i 2007. Men ho er framleis den faste spelkvinna i laget.