Nokre bilete frå Stenudden helga 14.-16. juni 2013

Tilbake til hovudsida

Her er nokre bilete frå Oslo songdanslag sin tur til Stenudden ved Karlstad helga 14. - 16. juni 2013. Opphaldet var eit gåve til OSL frå Hembygdsgillet i Karlstad på 90-årsfesten i oktober 2012. Det var 7 frå laget som kom fredag kl 18, og to til kom laurdag føremiddag. Veret var det aller beste på dagtid, men det regna om nettene. Opphaldet vart svært vellukka for gjestene frå Oslo, og vonleg også for vertane frå Karlstad. Eit flott sumarminne, og mange hyggjelege folk!


Vi er komne i hus fredags kvelden og det varmar med eld på peisen. F.v. Georg, Kickan, Inger Frøydis, Liv, Gro, Anne Marie (skjult) og Toril.
  

Det er kveldsmat rundt langbordet i peisestova/gilleshallen.
 

Det er laurdag morgon. F.v. Anne-Marie, Liv, Gro, Toril og Inger Frøydis.
 

Vi leita i gamle gjestebøker og fann at Oslo Songdanslag hadde vore på vitjing i juni 1993. Her ser vi dei to sidene frå den vitjinga.
 

Oslo songdanslag var på Stenudden også i juni 1999. Her har Harald teikna dei som var til stades.
    

Det er laurdag morgon og frukost, f.v. Gro, Anne-Marie og Liv.
.

Fleire som får seg frukost: f.v. Inger Frøydis og Turid.
 

Og her er f.v. Liv og Toril.
 

Frå frukostbordet laurdag morgon: f.v. Toril, Inger Frøydis (skjult), Turid, Vebjørn, Gro og Anne-Marie..
  

Nesten det same ein gong til.
 

På veggane i Gilleshallen hadde ein tidlegare medlem, ein kunstnar, måla fleire flotte bilete; her er det midtsommar.
 

I det fine veret laurdag laut folk ut på tur i området som heiter Rud, f.v. Anne-Marie, Inger Frøydis, Liv og Toril.
 

Vi var bedne til formiddagskaffi i det nesten nye huset til Kickan og Andy. F.v. Toril, Anne-Marie, Liv, Kickan og Andy. Huset vart bygt for 5 år sidan.

 

Vi fekk lov å sjå oss omkring i det fine huset, I bakgrunnen ser vi danseveggen, der det mellom anna var fleire bileta som Ole Ekornes hadde måla. F.v. Toril, Inger Frøydis og Kickan. Foreldra til Kickan hadde gode vener både i Oslo Songdanslag og i BUL Oslo.
 

Så var det kaffi og kaker på verandaen; f.v. Kickan, Liv, Inger Frøydis, Andy, Anne-Marie og Toril.


 

Liv meinte at fotografen også måtte få vere med: f.v. Kickan, Vebjørn, Inger Frøydis, Andy, Anne-Marie og Toril.
 

Etter kvart kom også Turid og Gro; f.v. Liv, Turid og Anne-Marie.


 

Tilbake på Stenudden: Murane under hytta var så fine.
 

Eit bilete av den staselege hytta som vart bygt kring 1920, og som Hembygdsgillet kjøpte i 1937 for 7000 kr (?).

Dei hadde nyleg felt ei svært stor fure på tomta, og den vart til nokre solide benkar. Her sit Inger Frøydis på ein av dei.
 

Den same benken, men med hytta i bakgrunnen.
 

Liv kom også og ville vere med ...
 

Turid slappar av i sola.
 

Medan Gro nytta tida til å få seg mat og strikke
 

Bilete av den flotte frontveggen i peisestova.
 

Etter lunsj laurdag var det turtid igjen. Her er f.v. Inger Frøydis og Liv på vegen langs sivstranda.
 

Det var mange fine stiar å gå langs. Her går Inger Frøydis og Liv på ein av dei.
 

Klokka 18 vart grillen tendt og her er sume i gang med grillinga. F.v. ?, Toril, Kickan, Georg og Liv.

Ein del av medlemene i Hembygdsgillet kom, og vi vart ein flokk på 22 som fekk plass ved langbordet på dansebanan.
 

Her ser vi folk ved bordet på litt nærare hald; nærast er Anne-Marie (t.v.) og Gussan.
 

Her er langbordet frå den andre enden, fremst t.v. er Anne.
 

Her er fleire ved langbordet, nærast er Bibbe-Lott.
 

Fleire ved bordet.
 

Etter eit langt bordsete vart det kjøleg, og vi trekte inn i hytta. Her ser nokre i ei av bøkene.
 

Etter kvart vart det dans, først fleire stordansar, og nokre songdansar og så litt gamaldans. Ein av svenskane spela torader. Kickan og Aandy dansar nærast.
 

Her ser vi trekkspelaren i aksjon. Namnet fekk vi ikkje med oss.
 

Vi skulle få med oss morgongstemninga på Stenudden. Her er klokka ca 7 søndagsmorgonen.

Og her eit bilete til.
 

Inger Frøydis var ei av dei som måtte ta ein morgondukkert sjølv om det var litt kaldt (ca 13 grader)
 

Det er ei fin badestrand i bukta
 

Det er frukost søndagsmorgon kl 9. Rundt bordet f.v. Tor, Toril, Gro, Anne-Marie, Liv, Inger Frøydis, Anne og Turid.
 

Eit frukostbilete til frå andre bordenden.
 

Så er det snart tid for å seie farvel og takk for oss. Det var fleire svenskar som kom for å seie farvel.
 

Nesten same biletet?

Eit par nye er komne til, og fotografen er også på plass.
 

På veg mot Oslo stoppa to av bilane ved Jernsjøen, for å spise "matpakke".
Det var trugande til regn.

Klar til å dra vidare, f.v. Liv, Inger Frøydis og Gro.