Siste nytt og aktuelle nyhende

Sogn og Fjordaneringen

Tysdagar frå kl 19.30 til kl 22.00
Storsalen, Nordahl Bruns gate 22
 
 Kontakt: Ingeborg Fagnastøl   Tlf. 23369600 / Tlf.22654944     
                 E-post  ingeborg.fagnastol@sun.com

Her kjem nyheiter om ting som skjer og skal skje gjennom året.

Nytt Styre for 2010
På Årsmøtet vart det valt nytt styre for 2010: Anne-Lise Berggren (leiar), Finn Stafsnes (nestleiar), Astrid Gjørven (kasserar), Randi Solheim (skrivar), Anne-Tove M. Rud (styremedlem), Marit Haug Loen (1. vara) og Olav Kvam (2. vara).

Øvingane startar igjen tysdag 5/1-2010 kl 19.30.
Same dag skal det vere konstituerande styremøte kl.17.00. Det blir også tid for parhalling:
tysdag 12.januar kl.18.00 – kl.19.30
tysdag 19.januar kl.18.00 – kl.19.30
Kjell Klausen set på CD'en med god parhallingmusikk.

Knut Trøen fekk Kongens fortenstmedalje i sølv
På Julefesten i Symra 5. desember 2009 fekk Knut Trøen overlevert Kongens fortenstmedalje i sølv for sitt lange og gode arbeid for folkemusikken. Han var fast spelemann i mange ringar, i Sogn og Fjordaneringen frå 1964 til 1975. Knut spelar ikkje så mykje offentleg lenger men på festen i Symra var han med å spela saman med dei to brørne sine Kjell og Jørgen. Knut flytta til Fagernes i 2008. Det er mange av dei eldre medlemene i ringen som kjenner Knut godt som ein trufast spelemann og ein god ven. Vi ynskjer Knut lukke til med heideren. Her er nokre bilete til av Knut i større format: Bilete1   Bilete2   Bilete3

Vellukka seminar på Klækken hotell siste helga i september 2009
Ingeborg melder at ho har fått berre positive tilbakemeldingar frå deltakarar på seminaret. Det var 28 deltakarar medrekna instruktørane Dagfinn, Per, Vebjørn og IngerFrøydis og spelemannen Martin. Det var eit variert innhald på seminaret - turdansar i ulike variantar, mellom anna Trekarspolska, Lancier og valsevariantar.På biletet ser vi instruktørane og spelemannen. Per hadde fått med seg den dugande spelemannen i Hunar, Martin på trekkspel, og det gjorde at instruksjonen gjekk smidigare.Seminaret starta laurdag morgon og varte til kl 18. Så var det middag og dans om kvelden. Søndag var det repetisjon av det som vart gjennomgått laurdag. Her kan du sjå nokre bilete til frå seminaret.
 (03/10-09)

Ringen hadde framsyning på Årvoll gård
Info frå Ingeborg: "Det var Tunkveld på Årvoll Gård  27.august 2009.Sogn og Fjordaneringen hadde  oppvisning, hvor Solvor Sundsbø spilte på fele, og Dagfinn Aa var danseleder.Vi danset 3 musikkdanser og 1 sangdans. Det var også andre kulturelle innslag, indisk dans, musikk av Tonsenhagen Skolekorps og utdeling av priser. Været var ikke det beste, det viste seg på antall publikum.Ringen ble servert kaffe og vafler, og det var en hyggelig kveld. De som danset var: Siri og Werner Tverdal, andi Solheim og Kjell Stensrud,  Anne-Lise Berggren og Svein Aasen, Ingeborg Fagnastøl og Dagfinn Aa." Trykk på biletet så blir det større. Her kan du sjå tre bilete til:  Bilete1  og bilete2  og  bilete3
   (19/09-09)   

Nybyrjarkurset i gamaldans er i gang
Infor frå Ingeborg: "Sogn og Fjordaneringen kjører nybegynnerkurs fra 1/9 og 4 tirsdager fremover.Dagfinn er instruktør og Solvår spiller.Det møtte opp 9 kursdeltagere.Det blir instruert i vals, polka, reinlender og masurka. 22/9 inviterer vi deltagerne til å danse sammen med ringen en stund, og delta i kaffepausen. Dagfinn er villig til å kjøre videregående kurs 2 tirsdager etterpå, og da blir programmet:Mer variasjon i runddansene,Hamborgar og enkle turdanser med runddansrytmer og ril."

 (19/9-09)
Kva skal vi lære i haust?
Her finn du detaljert oversikt over kva som skal skje på øvingskveldane i haust.

Nybyrjarkurs i gamaldans startar 1. september 2009

Nybyrjarkurs i gammaldans startar tysdag 1. september kl 18.00 - 19.30, 4 tysdagar. Dagfinn er instruktør og Solvor spelar.

Vellukka kurs og framsyning for sommerstudentane 2009

I juli hadde ringen kurs for sommarstudentane på Blindern, og i år var det ca 130 studentar frå heile verda. Det var kurs i reinlender, vals, polka, Rugen, tretur og seksmannsril. Vi hadde også ei framsyning for dei i aulaen, og etterpå var det rømmegraut og spekemat saman med studentane.
 (18/08-09)

Avslutningskvelden i juni var fin og cowboyprega
I juni 2009 var det avslutningskveld. Kvelden var lagt opp som cowboykveld, og det var framsyning av squaredance av den klubben der Ingeborg er med. Også programleiaren Oddny og spelemennene Solvor og Karl Petter hadde cowboypreg. Alle som hadde gjort ein god innsats gjennom året fekk velfortent takk og blomar, sjå biletet.. Det var mykje god mat og etterpå var det fin dans. Her kan du finne nokre fleire bilete frå avslutningskvelden.
 (18/08-09)