Øvingskveldar
Vi har øving kvar tysdag frå kl 19.30
til kl 22.00.
Vi held til i Storsalen i Bygdelagshuset, Nordahl Brunsgate
22 i Oslo. Dei vanlege øvingane tek til i slutten av august
og held på til midt i juni. Rettleiar er Dagfinn Aa
og spelkvinne Solvor Sundsbø.
Dei fleste tysdagane har vi gamaldans,
turdans, bygdedans og songdans på programmet.
Vi har vore heldige og fått tak i svært gode krefter til å
rettleie og til å syte for musikk til dansen.
I løpet av kvelden tar vi oss også tid til ein kopp kaffi
eller te og noko å bite i.
Kurs
Nybegynnarar
Vanlegvis har vi kurs for nybegynnarar kvar haust og
vår.
Desse kursa går same stad som den vanlege øvinga vår
(Storsalen, Nordahl
Brunsgate 22), frå kl 19.30 til 20.00.
Om du vil vil bli med, men ikkje har dansa før er det truleg
best å begynne ned eit kurs. Fleire av ringane i BLS har
slike kurs.
Vidarekomne
Om du har dansa litt før: Kom
på dei vanlege øvingane våre!
Staden er Storsalen, Nordahl Brunsgate 22 kvar tysdag frå kl
19.30.
Turar
Med ujamne mellomrom har vi reist
på turar, litt innalands og mest utanlands.
Vi kan nemne: Canada, Irland, Latvia, Nederland, Tyrkia,
USA, Østerrike m.fl.
Dei siste åra har det vore svært vellukka turar til Sogn og
Fjordane i pinsehelga.
Dans 17. mai
Kvar 17. mai dansar ringen på ulike institusjonar i Bærum.
Bygdelagsstemnet på
Folkemuseet
Kvart år deltar ringen på dette stemnet med dans i eit av
tuna.
|