Hytter

Sogn og Fjordanelaget, som Ringen er ein del av, eig to hytter i marka rundt Oslo.

Medlemer kan bruke hyttene, både på dagsturar og til overnatting. Ein sjeldan gong er hyttene utleigde, så det er lurt å kontakte hyttestyret før du legg ut på ein overnattingstur. Til vanleg er hyttene opne for alle medlemer, du kan derfor også treffe andre medlemer der!

"Pustut" (Sunnfjordhytta) ligg i Lillomarka ved Sinober i Nittedal kommune. Ho ligg i skogen like sør for Ormtjern. Det er fint skiterreng om vinteren og godt med bær og sopp sommar og haust. Det er skogsbilveg frå Skøyen i Nittedal til Sinober. Derfrå er det omlag 500 m langs stien til hytta. Det er litt motbakke, men likevel tar ikkje spaserturen frå Skøyen meir enn omlag 3 kvarter. Du kan også gå stien frå Snippen i Maridalen. Denne spaserturen er litt lengre, men mindre bratt og tar vanlegvis ca ein time. Om vinteren er det også fint å gå på ski frå Snippen eller frå Kjelsås.

Nordfjordhytta ligg i Bærum rett ovanfor Rykkinn, like i nærleiken av der Solfjellstua låg før. Hytta ligg høgt og fritt med fantastisk utsikt over store deler av Bærum og Oslofjorden. Her er det flott å nyte sola ein fin sommardag. Bakom ligg marka og innbyr til turar både sommar og vinter. Turen til fots opp frå vegen er ikkje lang, men litt bratt. Også her kan det vere greitt å rekne med at det tar tre kvarter. Sjølvsagt vil det vere store individuelle variasjonar. Om vinteren er det fint å gå på ski frå Lommedalen.