Program
Detaljert program for dette halvåret finn du her

Øvingskveldar
Vi har øving kvar tysdag frå kl 19.30 til kl 22.00. Vi held til i Storsalen i Bygdelagshuset, Nordahl Brunsgate 22 i Oslo. Dei vanlege øvingane tek til i slutten av august og held på til midt i juni. Rettleiar er Dagfinn Aa og spelkvinne Solvor Sundsbø.

Dei fleste tysdagane har vi gamaldans, turdans, bygdedans og songdans på programmet.
Vi har vore heldige og fått tak i svært gode krefter til å rettleie og til å syte for musikk til dansen.
I løpet av kvelden tar vi oss også tid til ein kopp kaffi eller te og noko å bite i.

Kurs
Nybegynnarar
Vanlegvis har vi kurs for nybegynnarar kvar haust og vår.
Desse kursa går same stad som den vanlege øvinga vår (Storsalen, Nordahl
Brunsgate 22), frå kl 19.30 til 20.00.
Om du vil vil bli med, men ikkje har dansa før er det truleg best å begynne ned eit kurs. Fleire av ringane i BLS har slike kurs.

Vidarekomne
Om du har dansa litt før: Kom på dei vanlege øvingane våre!
Staden er Storsalen, Nordahl Brunsgate 22 kvar tysdag frå kl 19.
30 til 22.00.

Turar
Med ujamne mellomrom har vi reist på turar, litt innalands og mest utanlands.
Vi kan nemne: Canada, Irland, Latvia, Nederland, Tyrkia, USA, Østerrike m.fl.