Bilete frå Bygdelagsstemnet på Bygdøy 9. juni 2002

Det var strålande ver då Bygdelagssamskipnaden i Oslo hadde sitt tradisjonsrike sumarstemne på Folkemuseet på Bygdøy. Det var dans og musikk "over alt". Nedanfor finn du nokre få glimt frå stemnet.
 

Det er stemnetoget om innleier festivitetane - hest og kariol med spelemennene Rolf Bjørn Iversen (til venstre)og Knut Trøen.
 

Her er fronten på toget på veg gjennom Setesdalstunet.
 

Og her kjem resten av toget, saman med ein del av publikum. Vi ser fana til Symra. 
 

Stemnetoget gjekk til friluftsteateret der tre ulike aldersgrupper i Barnelaget i BUL og Barnelaget i BLS laga til ei underhaldande framsyning i lag. Det varde ein heil time og det var mange som såg på. Her er den minste gruppa i aksjon.
 

Her er det Oslo Songdanslag som dansar Åttetur med mylne i Teletunet. Knut Trøen spelar. 
 

Anne og Tor Skomedal dansar Setesdalsgangar i Teletunet. Knut Trøen spelar.
 

Her ser vi Anne og Tor Skomedal frå ein annan kant.
 

Her er det den yngste gruppa i dei to Barnelaga som dansar.
 

Det er ikkje så lett å få alle til å konsentrere seg om dansen. Heidi Grymyr prøver å hjelpe til.
 

Her er det visst Tretur frå Fana som dei yngste viser.
 

Tretur frå Fana er det visst dei strevar med her også.
 

Her er dei elste i full sving.
 

Her er det hunden som får godord av Knut Trøen fordi han er så levande oppteken av hardingfelemusikken.
  

Leikarringen i BUL dansa i gata i "bydelen" av Folkemuseet. Her er dei i gang med ein frisk songdans.