Leikarringen Noreg sitt adventsball 3. desember 2005

Eit fint gjennomført ball
Det var over 100 deltakarar på det trivelege adventsballet til Leikarringen Noreg i Drammen. Ballet gjekk føre seg i dei flotte lokala i Fredfoss Kulturpark i Vestfossen. Eiker Spellemannslag sytte for svært fin dansemusikk, og nokre frå laget spela også før sjølve dansen starta. Kristin Solhaug sytte for svært fin danseleiing under dansen. Middagen var av aller beste merke, og sameleis kakene til kaffien. Ved opninga fekk vi også ei fin adventsstemning med lystenning. Elles var det moro å oppleve litt ny musikk, nokre melodiar som var laga av ein av medlemene i spelemannslaget. Særleg merka vi oss den fine musikken til menuett-polonesen.
Danselista såg lslik ut.
Polonaise, Fransese, Lancier frå Vardø, Kvadrilje, engelsk dans nr 26, Fandango frå Storelvdal, Figaro der alle dansar, Firetur I, Firetur III, Sekstur I, Sekstur II, Mølledansen, Hopser med vals, Firetur frå Romerike, Åttetur frå Asker, Pas d'Espagne, Picking of Sticks, Vals, Hamborgar, Menuett-Polonaise, Tyrolaren, Spielman, Dobbelt kvadrilje fra Sønderborg.
  

Eiker Spellemannslag i aksjon

Tre medlemer i spelemannslaget spela føre middagen
     

Spent forventning før middagen
  

Det var god plass til polonesen i den store fine salen
   

Eit glimt til frå polonesen
  

Nokre flotte dansarar ventar på at dansen skal byrje
  

Godt med kaffipause!
  

Også desse set pris på kaffi og kaker
     

Godt med kaffipause!
  

Det var mange deltakarar frå Moulineten stildansgruppe
  
 
Til slutt var det stor ring, der vi også dansa og song "Nyst munde det regna så såre".
 

Eit avslutningsbilete til
 


Vi vart ynskt velkomen både i troppa og på toppen av troppa og fekk utdelt ballkort
  


Fire glade festdeltakarar
   

Eit stilig par - Bjørg og Erik
 

Endå eit fint par - Anna og Arne
        

Det er mange kjenningar som møtest- Ingrid, Nils og Inger Frøydis
 

 Eit stilig par frå Hamar
  

Her er det danseleiarane som svingar seg
   

Danseleiaren Kristin fekk velfortent takk for vel utført jobb
     

Eit anna glimt frå avslutninga
  

Og her endå eit