Leikarringen i Moss sitt ball 9. januar 2010

Vellukka stildansball i Moss 9. januar 2010
Det var knapt 60 deltakarar på det vellukka ballet som Leikarringen i Moss hadde denne kalde januarkvelden. Ballet gjekk føre seg i den romslege Samfunnssalen i Moss Rådhus, og det var god plass både til middag/kaffi og til dansen. Haldor og Karin leiaballdansene på ein fin måte. Tonje Barkenæs og Stein Magne Eggen sytte for fin dansemusikk. Vi fekk også morosame talar for damene, herrane og for maten.Og både middagen og kakene smakte utmerka!
Pardansar:
Columbine, Pompadour, Mignon, Signora Aurettis, Schubertvals, Feuerfestpolka, Pariserpolka, Karenski, Rekkedansar: Duke of Kent, Childgrove, Fandango fra Storelvdalen, Sekstur 1, Stora  menuetten, Fransese, Figaro der alle danser, Mølledansen, Sønderborg dobbelt-kvadrilje. Kvadriljer: Kvadrilje, Beethoven menuett, Vindmølledansen, Stjernetur fra Hobøl, Slädfarten, Lancier frå Vardø.
Her er nokre bilete frå ballet.

 

Frå eit av middagsborda
 

Frå eit anna middagsbord
  

Frå eit tredje bord
  
Eit middagsbord til.- Unni og Arild fremst.
  

To blide damer, Maria og Anna.
 

Desse er også i godt humør - Kjell og Inger Frøydis
  

Jon mellom Rannveig og Ragnhild  

Tonje Barkenæs og Stein Magne Eggen sytte for fin dansemusikk  
   

Olav og Unni likar seg på ball!
   

Nora heldt ein fin tale for herrane - på rim!
  

To fine damer og fine kjolar - Masria og Nora.
  

To staselege damer frå Moss
  

Arne med to blide damer - Rannveig og Anna.
  

Her er også godt fornøgde balldeltakarar.