Eit fint gjennomført ball
Det var nesten100 påmeldte til Søljas 20.-dagsball på Tingvold på Stange
den 12. januar 2008. Det var fin mat, god underhaldning, framifrå orkester,
god dansesal og fin danseleiing. I det heile, eit triveleg ball
der det også var innslag av runddans.
Danseliste:Polonese, Fransese, Kvadrilje, Lanciers,
Fandango frå Austlandet, Mølledans, Menuettpolonese,
Hopser med vals, Promenadekvadrilje, Stjernetur, Trondheimar,
Firetur frå Stange, Engelsk dans nr 4, vals, reinlender
galopp mm.
|

Over Stok og Steen sytte for framifrå dansemusikk, både til
stildanse, og ikkje minst til runddansen
|

Her blir ny ballnemnd utpeika
|

Folke Flatland takkar for maten, og fortel korleis det var på ball
på Hedemarken for vel 100 år sidan
|

Polonesen er i gang!
|

Første dansen etter middagen var vals, og her er valsen nettopp
over. |

Eit lite utsnitt frå dansegolvet
|

Her er ei kvadrilje gjennomført på ein fin måte
|

Her blir vanleg norsk kvadrilje fint utført.
|

Nokre som ventar på at middagen skal ta til
|

Her er nokre til som ventar på middagen
I |

Her er det kaffipause
|

Nokre som får seg kaffi og kaker. Marita til høgre fylte
fødselsdag og fekk rose.
|

Det ser ut til at kaffien og kakene smakar godt
|

Her er det avslutningsring. Mange fekk takk for vel utført ball.
her inviterer Tore Laudal til ball på "hi sida Mjøsa" den 14 april
(?).
|
|
|