Nokre bilete frå færøydansen i Halli 4. november 2007

Den 4. november 2007 var det ein fin kveld med færøydans i Halli. Ei gruppe på 6 dansepar frå Nolsøy på Færøyane var på nordisk rundreise. Først i Oslo, Så til Helsinki, så Stockholm og heim att via Kjøpenhavn. I Oslo var dei laurdag gjester hjå Norsk Færøysk lag på årsfesten, og denne søndagskvelden ("minikurs") var det Oslo Songdanslag som var vertskap for ein dansekveld med færøydans. Det var bra med folk som ville vere med på dansen, nokre dansarar kom heilt frå Hamar, to frå Elverum og ei heilt frå Stockholm! . Dei færøyske dansarane innleidde med ei fin framsyning, der dei viste vanleg dans, men også nokre av dei variasjonane som dei brukar. Seinare vart det felles dans for alle, ei økt med mat med færøysk sauerull. Så vart det igjen mykje og gild dans. Til slutt vart det songdans i Storsalen, med innslag av norsk songdans, norsk stordans og færøydans. Og mange av færøyingane vart også med på turdansane etterpå.
Ein svært vellukka kveld for oss som fekk vere med!
   

Dansarane frå Færøyande viser dansen sin
  

Endå eit bilete frå framsyninga
     

Eit bilete til frå framsyninga
  
Og endå eitt.
  

Her er det dans med variasjonar
 

Her er ringen ferdig med si vine framsyning
  
Dansarane i aksjon
 

Engasjerte dansarar 
 

Her er Gunnar - leiaren i Norsk-Færøysk lag saman med Nanna hermansson frå Stockholm
  

Også ein dans med variasjonar - Fram dansar ...
  

Også her er det Fram dansar ...
  

Her er det bandadans
  

Utsnitt frå danseringen
 

To av dansarane i aksjon
  

Eit bilete til frå danseringen
  

Og endå eitt
   

Frå matøkta
  

Som takk for ein triveleg kveld fekk leiaren i Oslo Songdanslag ei gåve frå gjestene - ei bok om færøydansen og ein CD.

Tore- leiaren i Oslo Songdanslag (til venstre) og Gunnar - leiaren i Norsk-færøysk lag drøfter eitkvart.