Ein del bilete frå Jørn Hilmestemnet 2009


Jørn Hilmestemnet 2009 vart svært vellukka, mykje folk, mange fine konsertar og gode tevlingar. Her er nokre bilete frå nokre av tilstellingane. Det var vistnok ny publikumsrekord med ca 9000 publikumarar.




   


Bilete frå Jaslangen der det var friluftskonsert med Kirsten Bråten Berg, Arild Andersen og fleire.
 

Bestillingsverket med Kvarts og Hemsing-systrene gjekk for tre fulle kyrkjehus. Her ser vi dei i aksjon i Tingnes kyrkje.
  

Artistane på scena hadde pakka seg godt inn i tjukke ytterklede.
  

Kim Andre Rysstad gjekk vidare til finalen i IntroFOLK. Her ser vi han med gitar - for første gong på ei scene.
  

Her ser vi scena midt i den storslegne naturen.
  
  

Den andre deltakaren i IntroFOLK var Filibuster. Dei gav også til beste ein svært fin konsert, men denne gongen var det Rysstad som vann.
  

Ein del av publikum
   

Her er det berre jenter som dansar halling på utescena på Fokemuseet. Det var berre lagdans som gjekk føre seg der.

Slik var det på Jaslangen då konserten var slutt.
 

Og her er det jenter som dansar Valdresspringar.
  

I teltet på Folkemuseet var det dans, både gamaldans og bygdedans. Her er det dei tre syskena Hemsing som spelar saman med læraren sin Jan Beitohaugen Granli.
  

Her ser vi Gol spel og dansarlag  i Hallingspringar. Dei vart nest beste lag.
 

Nyhus kvartett sytte for fin gamaldansmusikk, som mange gonger før.
  

Østerdølenes venner dansar pols. Det vart førsteplass i lagdansen.
  

Knut Hamre hadde intimkonsert i skulestova på museet, og spelet var framifrå som vanleg.
  

Her er Hallinglaget i Oslo i sving. Dei kom på delt niandeplass.
  

Her ser vi eit glimt av publikum i skulestova der Knut Hamre spela.
  

Her ser vi Øystre Slidre spel- og dansarlag. Dei fekk delt sjuandeplass.
  

Så skal det bli ein del bilete frå Kappleiken på søndag, då var det A-klassen som tevla.
Her ser vi Johanna Fuglesteg og Ole Aastad Bråten i aksjon som programleiarar.
  

Her er tingelstadringen i aksjon med Springdans frå Land. Dei fekk delt sjuande plass.
  

Her er eit glimt av domarane i dans: Ola Grøsland, Knut Aastad Bråten og Tone Eidsvåg.
 

Så er det Valdreslaget i Oslo. Dei kom på delt andreplass.
  

Ami og Håkon Dregelid dansa både vossarull og Springar frå Voss. Dei kom på tredje og sjuande plass i tevlinga.
 

Dette er Vestre Slidre spel og dansarlag. Dei fekk fjerdeplass.
 

Geir Ove Hippe og Inger Marit Viken  dansa Valdresspringar, og kom på delt åttandeplass.
  

Her er Vårflaumen. Dei fekk femteplass i tevlinga.
  

Ingunn Stræte Lie og Bjørn Lien dansar Hallingspringar. Dei fekk delt 10. plass.
  

Jan Beitohaugen Granli vart best i hardingfele A-klassen litt føre Ragnhild Hemsing. Det var dei to einaste i klassen.
  

Ellen Persvold og Frode Rolandsgard i ein frisk Valdresspringar. Dei kom på delt 10. plass.
  

Ragnhild Hemsing kom på andreplass i spel hardingfele  klasse A.

Brit Sørland og Per Øyvind Tveiten dansa både springar og gangar  frå Kvam. Det vart delt fjerde og delt åttande plass.
 

Tellef Kvifte spela sekkepipe og var einaste i sin klasse.
  

Kjersti Aasen og Svein Aasen dansa Numedalsspringar og fekk andre plass.
  

Elisabeth Kværne spela langeleik senior og kom på andre plass.

Sissel Rudningen og Håkon Tveito dansa Hallingspringar, og dei vart best av alle i A-klassen dans hardingfele.
  

Gunnvor Hegge spela langeleik senior og vart på fjerde plass.

Britt Totland og Dag Hamre dansa Valdresspringar, og dei fekk delt fjerdeplass.
  

Turid Berge spela langeleik senior og kom på sjette plass.
  

Anne Elise Bøhle og Thor Herman Bøhle dansaPols fra Østerdalen i A-klassen fele, og dei var einaste paret.
  

Synnøve Hegge Sæta spelar langeleik i seniorklassen. Ho vart nr 8.

Torkjell Lunde Børsheim var einaste som dansa laus i A-klassen.
  

Ingvild Lie var best i langeleik senior.
  

Sven Erik Hilmen er leiaren for den nye tilskiparorganisasjonen i Valdres, og til slutt i kappleiken takk han "alle" for flott innsats.
  

Sigurd Braathen frå Sarpsborg vart nr 7 i langeleik senior.
   

Ei særskilt takk ga Hilmen til dagleg leiar for Hilme-stemnet Solveig Hårdnes.
   

Astrid Sulheim var einaste deltakar på fele klasse A.