Diverse frå Landsfestivalen i gamaldans, Eid, 2000

Eit svært vellukka stemne på Eid 20-23 juli 2000 Fem festivaldagar med gamaldans. Heile 700 deltakarar og ca 6000 tilreisande var meir enn forventa. Veret var framifrå, og truleg nær 350000 kr i overskot. Om lag 300 frivillige jobba på skift desse dagane for å dra tilskipinga i land. Jørgen Erviksæter var leiar i hovudkomiteen.
  
Overskotet på 350000 skal delast 
med 40 % på Landslaget for Spelemenn og resten på dei tre arrangørlaga Eid spelemannslag, Nordbygda Spel og dansarlag og Vindfylla splelmannslag. Det vert litt betaling  for all dugnadsinnsatsen!
  
Ein spennande meisterkonsert på søndag.
Konserten vart dominert av lag austanfrå - Gudbrandsdal Oppdal og Toten stod i sentrum.
 
Klassen for Gamaldansgrupper - kansskje den gjevaste klassen vart vunnen av "Over Stokk og Steen" frå Løten. Vågåkvintetten kom på andre og Ljom frå Oppdal på tredjeplass.
 
Lagspel - også ein stor klasse - vart vunnen av Sør-Fron spelemannslag frå Otta. Oppdal spel og dansarlag kom på andreplass og Vågå spelemannslag kom på tredje.
 
Solo gamaldans durspel vart vunne av Inge Gjevre, Vågå, med Hanne-Kari Bakke på andreplass medan Bjarne Odde frå Garmo tok tredje.
 
Mange flinke ungdomar
Øyvind Sandum frå Lalm tok sigeren i solo gamaldans durspel i juniorklassen. Even Røhjell tok sølv og Kristin Gravaune bronse. I solo andre instrument vann Torill Aasegg frå Spongdal på fele, Tomas Nilsen på trekkspel frå¨Løten og Roger Slåstuen på fele.
Øyvind Sandum tok også sigeren i andre instrument, Ola Kjorstad frå Sør-Fron tok sølv og Kamilla Kvamsdal frå Hogsvær bronse.

 
Open klasse vart vunnen av "Fiin gammel årgang" frå Lom, "Nordaffjells" frå Oppdal tok sølv og Marit og Terje Rusten frå Heidal bronse.
 
Ikkje berre tevlingar!
Sjølvsagt er tevlingane viktige, men konsertane og buskspelet er også viktig, og mange gode krefter var i sving. Og ikkje minst dansen. Fredag kveld var det til dømes Bolstad-konsert i Eid kyrkjetun der Bolstad-ensembelet under leiing av Arne M. Sølvberg spela. Laurdag kveld var det Nordfjordkveld med mellom andre Honndalstausene, diktlesing, mannskor og anna. Det var også langvegsfarande musikarar frå Russland

 
Meir frå festivalen i Eid 2000  her.