Eit
vellukka kurs
Det var 25 par med på kurset som Kvadriljetten heldt i sitt vanlege
danselokale i Drammen laurdag 20/1-02. Kurset var meint som eit
internt kurs, men ryktet om kurset gjekk, og dermed kom mange også
frå andre lag: Symra, Leikarringen Noreg, Hønefoss dansering,
Bærum balselskap og Hamar. Meste av tida gjekk til den store
menuetten - ein svensk dans som sume i Grenland hadde lært i
Sverike, og som hadde lært han vidare på eit kurs hausten 2001.
Dansen vart gjennomgått roleg og grundig, med mange repetisjonar og
fin progresjon. I tillegg fekk vi også lære kvadriljen Retour de
Spa og pardansen Pas de Quatre. Magne - den faste rettleiaren i
Kvadriljetten - var ein dugande og munter rettleiar og gjorde mykje
til at kurset vart ei feststund. Bileta viser nokre glimt frå
kurset - mest frå matøkta.
|

Nesten alle kursdeltakarane samla etter matøkta
|

Dette var visst nesten det same?
|

Frå eit av borda
|

Eit anna bord. |

Og eit tredje bilete frå matpausen |

Maten var god! |

Her er det berre folk frå Symra |

Rettleiaren fremst til høgre. |

Desse var vel frå Hønefoss? |

Her smakar også maten godt! |