Glimt frå Nordlek 2009 i Lahti 30/6 - 4/7-2009

Eit fint stemne i Lahti!
Nordlek 2009 i Lahti vart eit svært vellukka nordisk stemne
Det gode veret og dei fine lokala gjorde sitt til at det vart eit svært vellukka stemne i Lahti i Finland. Rett nok kom det ein del regn under hovudstemnet på laurdag, slik at avslutninga vart flytta inn i Hallen. Men elles var det strålande ver heile tida. Desverre var det også denne gongen ein klar nedgang i deltakartala. I Gøteborg i 2006 var det ca 4000 deltakarar, men denne gongen var det berre 2500. Av desse var over halvparten frå Finland. Frå Noreg var det 300 og frå Danmark berre vistnok berre 200 og frå Sverike heller ikkje så mange. Det var 26 frå Færøyane og 26 frå Island.

Frå Leikarringen Symra var vi vel 30 dansarar, så mange av bileta viser situasjonar der Symra-folk er med. Dei fleste frå Symra reiste med buss, og på bussen var det også ein del andre som ikkje er med i Symra, mellom andre nokre frå Moss Leikarring og nokre av ungdomane som er med i NU-prosjektet Sans for dans. Busssjåføren Svein og reiseleder Marita gjorde ein fin innsats slik at bussturen gjekk trygt og vel organisert både fram og tilbake. Eit fleirtal av av Symragjengen låg på klasserom på den store yrkesskolen like ved Lahti Hallen, som var hovudarena for stemnet. Det var kort avstand til hallen, men vi låg nokså trongt, 26 stk på eit klasserom, mellom dei 4 stk frå Hordaringen. I romma ved sidan av var det folk frå Danmark, Sverike og Island og Færøyane, og det vart ein del svært fin Færøydans saman med dei frå Færøyane. Solvor var Symra si spelkvinne på turen.

Det er Vebjørn Bakken som har teke dei fleste bileta, så det forklarar nok at utvalet av bilete er svært skeivt og ikkje representativt for heile stemnet.
Bileta er stort sett i kronologisk rekkjefølgje.

Dette er del 2.  Tilbake til del 1
   

I Mange frå Symra var med på ballet som vart arrangert 5 mil utafor Lahti. Her går folket ut av dei 5 bussane.
 

Her er det fleire pent kledde folk.
  

Og her endå fleire.
 

Fleire ballgjester.
     

Her er det ekstra fine klede frå Sverike.
  

Oddny og Kari.
    
   

Nokre frå Symra
  

Fleire damer frå Symra
  

Erik og Erna i sine fine drakter.
    

Kari og Helge
     

Pene damer frå Rogaland
 

Her er alle frå Symra samla.
     

Eit pent par til!
  

Og endå eitt!
   

Fredags ettermiddag var det to konsertar i Sibelius-konserthuset. her er frå den første.
        

Fredag kveld var det dans frå ulike land i Gymsalen. Tidlegare samdansar til Nordleik. Her er det litt av Ormen Lange.
 

Her er det også færøydans i gymsalen
      

Og her også er det færøydans i gymsalen. Men det varte berre i 5 minutt.
        

Her er nokre frå Symra som får seg middag.
   

Færøyingane har allsang på gangen sin - her går det i sønnavindsvalsen på færøysk.
   

Her er det også song på færøy-gangen.
  

Her er mange komne til frå roma omkring, og færøydansen går fint  ca 03 om natta. Mellom anna vart alle versa på Ormen Lange dansa.
  

Det er søndags morgon og bussen skal snart gå. Vi pakkar og rydder golvet. Og Gunnhild skal bli pen på håret.
    

Vi er på veg heimover, og første stopp er ved Sibeliusmonomentet i Helsinki.
       

Framfor Sibeliusmonumentet.
  

I Helsinki vent vi eit par timar på ferja - Siljan line. Her ser vi sentrum av byen i bakgrunnen.
  

Det regna og bles ein del i Helsinki, og nokre fann vegen inn på ein gamal kafe med bileteutstilling.
  

Her er også fotografen Vebjørn fått plass ved bordet.
  

Vi er på veg attande til Ferja.
  

Vi er igjen om bord på Siljan og igjen er det god middag.
  

Her er nokre som får seg mat:
  

Og her er nokre
  

Humøret ved bordet var det ingen ting å utsette på.
  

Desserten var svært god , så det galdt å sikre seg eit lite lager.
  

Etter middagen var det nokre som nytta høvet til litt svensk og norsk dans i ein av korridorane.
  

I Karlstad var første avstigning, og her brukte vi høvet til å ta eit gruppebilete av alle.
  

Her passar det også å ta med eit bilete av sjåføren Svein og reiseleder Marita - begge gjorde eit viktig bidrag til at turen vart så vellukka.
  
 
 
 
 

Vi er på veg ned mot "matteltet" - sjelden har det vel gått slikt eit fylgje her.
   

Alle vert ynskt velkomne av det finske vertskapet.
  

Her er vi i full gang med middagen.
    

Her er eit anna bord
  

Og eit tredje
  

Her er dansen i gang i ballsalen.
  

Så er ballet slutt og det vankar takk til orkester og ballleiarar.
  

Her er eit glimt frå romet torsdags kvelden.
 

Her har det blitt stordans på rommet, litt trongt, men det går!
  

Fredag var det kurs i Menuett frå oravais, med mange deltakarar. Dette er jo ein spesialitet for oss i Symra, og mange var med.
 

Dei som har vore kjelde for Menuett frå Oravais var også til stades og viste dansen. Dei heiter Ann.May og Oluf Nystedt frå Oravais, og dei har lært dansen i ubroten tradisjon.
  

Fredag hadde Symra PR-framsyning i gågata ved torget. som einaste norske gruppe. Her er flagga komne på plass.
  

Det var heile 3 spelemenn - Solvor og Benjamin frå Symra, og Bjørn frå Hordaringen.
 

Her er framsyninga i gng - det er Anne Grethe som tar bileta.
 

Her er det visst vals
  

Her er det ril.
  

Og her er det ril
 

Og så er det Sandsværril
  

Det er framleis Sandsværsril
  

Etter framsyninga var det godt å slappe av med is og cola.
  

Laurdag morgong tok sume turen opp i tårnet på det største hoppet. Der var utsikten fin! Til høgre på biletet ser vi stadion der avslutninga gjekk føre seg.
 

Her er det Liv, Anne Lise og Gunnar som får vere framgrunn oppe i tårnet.
  

Og her får fotografen også vere med.
   

Utsikt over byen frå tårnet
  

Oppe i tårnet trefte vi også nokre frå Summnørsringen, og vi ansa mellom bakkar og berg.
  

Laurdag var siste dag, og det byrja med "Vesper" i krosskyrkja.
 

Avslutningstoget starta ved kyrkja og gjekk til stadion gjennom byen. Her ser vi starten på den norske delen av toget
 

Her ser vi eit bilete til frå den norske delen.
  

Toget er på veg inn på stadion.Her er det Liv som fotograferer.
 

Toget er på veg inn.
 

Her er nordmennene på veg inn
  

Og her likeeins.
   

Færøyingane på veg inn.
 

Her er den fremste delen av toget på plass.
  

Fleire har kome på plass på grasmatta
  

Alle ser ut til å vere på pløass.
  

Her er dei nordiske fellesdansane i gang.
 

Her er det også fellesdansar
  

Også her dansar vi fellesdansar.
 

Her er det nasjonale dansar - kan det vere Danmark?
  

Her dansar det svensktalande Finland Menuett frå Oravais.Så var det ikkje fleire bilete frå stadion, og om litt byrja regnet.