Glimt frå Songdansseminaret november 2002 i Oslo

Eit fint songdansseminar
Det var ca 50 som deltok på NU sitt songdansseminar i 2002, i mideten av november i Oslo i lokala til BUL. Leikarringen i BUL i Oslo var tekniske tilskiparar og kom frå oppgåva på ein fin måte. Leikarringen skipa også til Leikfest laurdagskvelden, og den inngjekk som ein del av seminaret. Likeeins hadde Leikarringen i BUL ein songdanskabaret i forkant av Leikfesten, dei dei hadde eit fint og fartsfylt oversyn over korleis songdansen har utvikla seg desse 100 åra. Det var Kjell Klausen og Guro Hernes som hadde ansvaret for opplegget. Guro Hernes er for tida rettleiar i Leikarringen i BUL.

På Kabareen og Leikfesten hadde NU også fått politikarar til å stille. Dei som møtte var ein statssekretær (Berit Gjærløv) og ein sakshandsamar i kulturdepartementet.

Opplegge for sjølve seminaret var det Folkedansrådet i NU som hadde ansvaret for, og leiaren i rådet Vegard Opheim styrde seminaret.

Seminaret starta fredagskvelden med mat og eit foredrag som Vegard Opheim heldt om utviklinga av songdansen. Etterpå var det songdans, der vi var innom både gamle og nye viser.
Laurdag hadde Geir Egil Larsen ansvaret for det meste av tida, der han teoretisk og mest praktisk tok for seg ulike aspekt ved utviklinga av songdansen, slikt som haldning, handtak, fotisett, samanheng med bygdedans og gamaldans, leiaren si rolle og ein del andre ting. Kvedaren Tone Juve gjekk gjennom dei vanlege trekkja ved folkeleg song, og lærde frå seg eit par stubbar. Ho hadde også ei ny økt søndagsmorgonen. Laurdag fekk vi også ei historisk innføring i bakgrunnen for Sinclair-visa, og etterpå fekk vi danse visa. Søndag var også Geir Egil i aksjon med ei vidareføring av tema frå laurdag. Avslutninga på seminaret var ei økt med "nyskaping". Vi fekk lære nokre dansar som er laga dei siste åra ved nokre av deltakarane på seminaret.
    

Tre sentrale aktørar på songdans-kabaren: Kjell Klausen (til venstre), han som batt det heile saman (i midten, (namn ukjent) og spelemannen Gjermund Larsen, som også er spelemann i Leikarringen i BUL  Oslo.
   

Her er eit glimt frå Kabareen.
 

Her er eit anna glimt frå kabareen.
  

Her endå eit glimt, og her er også dei yngste med.
 

Frå kabareen - det er rekkjedans.
  

Her er den første jenteringen til Hulda Garborg i sving, slik som første gongen i mars 1902. Hulda sjølv ser vi i bakgrunnen.
 

Det er ikkje så lett å sjå, men dette er "fremste benken" under songdans-kabareen. Her sit både statssekretæren Berit Gjærløv og sakabehandlaren i Kulturdepartementet, leiaren i NU Johan Einar Bjerkem, medlemene i Folkedansrådet i NU mellom andre.
  

Her mottar aktørane i kabareen velfortent takk frå publikum og frå Folkedansrådet i NU.
  

Eit glimt av seminardeltakarane. Det er Vegard Opheim som føreles.
  
Her er han som ga oss ei fin innføring i den historiske bakgrunnen for Sinclarvisa.
 

Etter eit føredrag om Scinlair-ferda og mytane kring den, fekk deltakarane danse visa.
 
 
 
 
 
 
 

Leiaren i Folkedansrådet Vegard Opheim var ein sentral person på seminaret.
 

Geir Egil Larsen, kjend dansar og musikar, var den som førde ordet på ein stor del av seminaret
 

Kvedaren Tone Juve hadde to økter med "folkeleg song".
 

Her er også Tone Juve.
  

Statssekretæren Berit Gjærløv møtte i fin bunad, og heldt også ein tale under bordsetet på Leikfesten. Ho var også aktivt med i dansen utover kvelden.