Leikarringen Symra sitt oktoberball 2001

Eit fint gjennomført ball
Planen var at ballet skulle vere i Høyres hus, men det vart færre påmeldte enn planlagt, og ballet måtte i all hast flyttast. Heldigvis var det plass i 2. etasje på restauranten Engebret i Oslo sentrum. Salen er ikkje svært stor, men fin og med atmosfære, og det var akkurat plass nok til dei drygt 60 dansarane som deltok. Christiania tour og runddansorkester sytte for fin musikk, og Per Kristian Elvestad var dansemeister, og hadde hovudansvaret for planlegginga av ballet. Det heile starta med middag kl 18.00 og det var ikkje slutt før kl 01. Mange daltakar var frå Symra, nokså mange også frå Bærum ballseskap, og så var det deltakarar frå ein del av dei andre stildansgruppene rundt Oslo og vidare vekk, heit frå Hamar og frå Grenland. På  bileta ser vi ein del glimt frå middagen, frå kaffipausen, frå dansen og frå avslutninga av ballet. Frå bileta får ein også eit intrykk av den staselege ballsalen.
 

Utafor Cafe Engebret då ballet var slutt kl 01.

Frå Kaffipausen, der det var svært trongt om plassen, men på veggane var det mange interessante bilete.

Frå kaffipausen 

Frå kaffipausen

Frå kaffipausen

Frå kaffipausen

Dansen er i full gang!
Også her svingar alle seg i dansen. 

To flotte par!

Også her nokre stilige par! 

Fotografen Vebjørn og Inger Frøydis vart også avbilda!



Frå middagen
 



 Frå middagen


 Frå middagen


 Frå middagen


 Frå middagen


 Frå middagen


 Frå middagen

Her er også eit stilig par - Erna og Erik Skogen.

Her er kveldens dansemeister Per Kristian i sin fine stas.

Vi er komne til avslutninga av kvelden, og dei som fortener det får takk - her takkar vi for god musikk - vi ser orkesteret heilt i bakgrunnen.
Her får dansemeisteren fortent takk. Dette er den andre enden av salen med det store speilet.