Diverse frå Telemarksfestival i BØ  2000

Jubileumsstemnet for Telemarksfestivalen  3-6 august (10 år) vart vellukka på alle måtar - fine konsertar, godt ver, om lag like stort publikum som året før og mange kurs. Som før om åra vart det satsa på både norsk og utanlandsk - halvparten på kvar. Til saman var det ca 20 konsertar, mange kurs og dans på mange golv i ulike variantar og rytmer. Etter oppstyret med at Knut Buen trekte seg frå festivalen i protest om nedprioriteringa av norsk folkemusikk og kommersialiseringa, og kollisjonen med Bluesfestivalen på Notodden, var det ekstra spenning om korleis det skulle slå ut på publikumstilstrøyminga. Talet på deltakarar - medrekna gratiskonsertane - vart på drygt 4000, og det er rekord. Budsjettet er på ca 1,6 millionar kr og av det er 650000 frå kultudepartementet. Leiar for festivalen er Kjell Bitustøyl.
  
Flott konsert med Annbjørg Lien Band
Det blir meldt om ein flott konsert - det meste henta frå den siste plata "Baba Yaga", men også anna lokalt folkemusikk.  I tillegg til Annbjørg spelar Bjørn Ole Rasch (keyboards), Roger Tallroth (gitar), Hans Fredrik Jacobsen (fløyter) og Rune Andersen (perkusjon). Dette var eit av trekkplastra til festivalen, men det var ikkje heilt fullt i storstova i Gullbring kultuanlegg.
  
Fullsett hotellsal med vokal folkemusikk
Kvedarane Gunnhild Tømmerås og Marit Vågen Lilleland laga ein fin konsert. Tatersongaren Elias Akselsen frå Skarnes hadde forfall. Tømmerås er i dag ei av dei beste folkesongarane i landet, og har vunne landskappleiken fire gonger, og gjeve ut CD. Ho er frå Birkenes i Aust-Agder og har lært mest av Torbjørg Åmlid Paus og Ingebjørg Liestaul. Marit er frå Rauland og har lært mest av mora Anna Vågen og andre storheiter i Vest-Telemark.
 
Fairport Convention - kjent engelsk folke- rockgruppe - var det dyraste bandet nokon gong ved festivalen. Det var 400-500 som høyrde på konserten - noko mindre enn vona. Billettane kosta kr 250, også det ny rekord.
 
Åpningskonserten "Steg & Steps"med Ellen Horn
Kulturminister Ellen Horn opna opningskonserten, som var ein stor bestillingskonsert med vekt på dans. Flinke dansarar og musikarar frå USA, Shetland og Noreg ga ei forrykand forestilling.  Programleiar var Ola E. Bø. Her var shetlandsk ril, stilfull telespringar, amerikansk squaredans, vossarull, halling og breakdans.
 
Fin konsert i Bø-kyrkja
Det var Stein Villa (harpe, lyre, sekkepipe), Harald Foss (lutt, munnharpe, vokal) og Lasse Stang (fløyter, sekkepipe) som laga fin middelalderstemning i den 800 år gamle Bø-kyrkja.
 
På kroa laurdagskvelden var det to nokså ulike konsertar. Først Knut Reiersrud med kvartett, og etterpå var det Helbillies. Men begge hadde sikkert sine tilhengarar i salen. På Helbillies sin konsert var det ca 600, og det var årets rekord.
 
Gratiskonsert i parken
Det er ein tradisjon med gratis konsert i parken laurdag føremiddag, og ca 300 såg på. Todd Wright Nashville Trio, Shetland Folk Dance, Blåmann Blåmann frå Telemark og Tombaito frå Cuba deltok.
 
 

 
Meir om Telemarkfestivalen  her.
 
Same tid neste år!
Fetivalsjef Kjell Bitistøyl fortel til avisene at festivalen blir same tid neste år, sjølv om det vil kollidere med Blues- festivalen på Notodden.
 
Fin avslutningskonsert
Som året før var avslutningskonserten på Kvennøya, og ikkje på garden Borgja i Bø som før var regelen. Det var to framifå spelemenn på hardingfele som var i aksjon: Øyvind Brabant frå Hallingdal og Johannes Sundsvalen frå Sauherad. Det var drygt 300 til stades.