-
Faste
øvingar i leikarringen kvar onsdag heile årer (bortsett frå
midt på sumaren). Øvingane er i Storsalen i BLS-huset i Nordahl
Brunsgt. 22 (nær det gamle Rikshospitalet og Blitshuset). Øvingane
er frå kl 20.00 til kl 22.15. Det er ein halv time kaffipause frå
21.00 - 21.30 (kaffi og kaker og hyggjeleg samvær). På øvingane er
det alltid levande musikk, og dugande instruktører som gjennomgår
dansane. To-tre gonger for semesteret er øvingane litt annleis enn
normalt. Då startar vi med kaffi/kaker, litt program, og meir fri
dans utan instruksjon.
-
Offentlege
kurs. Ringen tilbyr normalt 2 offentlege kurs per semester. Dei
går kvar onsdag kl 18.00 til 19.45 over 5-6 veker. Det første
startar normalt ca 1. september, og det andre i oktober. Det første
kurset er som oftast eit nybyrjarkurs for dei som ikkje kan noko
folkedans/gamaldans frå før, og der vi lærer dei vanlege
gamaldansane val, reinlender, polka, springpols og masurka. Det andre
kurset er som oftast eit vidaregåande kurs der det også er ein del
turdans og kanskje litt songdans.
-
Temakurs.
Nokre onsdagar før vanleg øving (kl 18.15 - 19.45) er det
kurs/øving i spesielle dansar eller spesielle tema. Det er som oftast
bygdedansar eller stildansar. Sjå det aktuelle programmet for nærare
detaljar.
-
Stildans-øvingar.
Ca to gonger per månad er det spesielle øvingar i stildans. Det er
som oftast på fredagar
i Storsalen frå kl 19.00 til kl 22.00. Her er det anledning for alle -
også dei som ikkje er medlemer i Symra - å danse stildans og lære nye
stildansar. Marita Ramstad er instruktør på stildansøvingane.
-
Helgekurs,
heildagskurs, seminar. Iblant har Symra kurs i spesielle dansar.
Det kan vere kurs i Vestlandssspringar, pols, stildans, bygdedansar
frå Møre og Romsdal etc. Også dei som ikkje er medlemer i ringen er
velkomne på kursa.
-
Framsyningar.
Symra legg vekt på å kunne vise fram norsk folkedans og folkemusikk
for andre. Slike framsyningar kan vere for turistar, på kongressar
etc, og då tar ringen betalt for oppdraget. Men har også
framsyningar på sjukeheimar, aldersheimar, på 17. mai, på turar i
inn og utland etc. Ringen har i blant ekstra øvingar der vi øver
spesielt med tanke på slik framsyningar.
-
Turar.
Symra reiser kvart år på fleire turar. Kvar haust, ca 1. september,
er det helgetur til fjells. Til ei fjellstove eller hotell, der vi
kombinerer turar i fjellet med dans om kvelden og kulturaktivitetar.
Dei fleste år reiser også Symra på danseturar til utlandet, til ein
felstival eller annan spennande turmål.
-
Vennskapsring.
Symra har heilt frå 1965 hatt vennskapslag i Stockholm.
Laget heiter
Viljan. Annakvart år reiser Symra til Stockholm og annakvart år kjem
dei til Oslo. Dette foregår i pinsa. Også til andre tider er det
nær kontakt mellom dei to danseringane.
-
Festar.
Julefesten i byrjinga av desember er årviss. Elles blir det av og til
elles arrangert dansefestar, særleg når vi har besøk av andre
danseringar frå utlandet.
-
Ulike
kulturelle tiltak. Iblant blir det arrangert ulike kulturtiltak.
Dei siste åra har det vore mest teaterbesøk.